Byen Arbeidarpartiet bygde

Download Report

Transcript Byen Arbeidarpartiet bygde

hus og hjem
e i e n d o m s m a g a s i n e t
bilag til
bergens tidende,
NR. 186
fredag
13. juli 2012
Årdal – ein
sosialdemokratisk
mønsterby
Selge bolig? Vi har kjøperne!
I 2011 var 40 % av våre budgivere personer som
allerede stod i vårt BoligsøkerRegister, dette kan
bety flere budgivere og bedre pris for din bolig!
Krogsveen gir deg tilgang på flest kjøpere
- sjekk hvor mange som drømmer om din bolig på
www.krogsveen.no
Krogsveen avd. Bergen, Tlf. 55 61 00 00
Krogsveen avd. Åsane, Tlf. 55 61 01 00
2
hus og hjem |
Bergens Tidende fredag 13. juli 2012
Årdal
Bergen
Leikanger
Gaupne
Øvre Årdal
Årdalstangen
Kaupanger
Lærdalsøyri
Fabrikkbyane
Industristadene er urbane
holmar i det vestlandske
bygdehavet. På kort tid vaks
dei fram, planlagde etter si
tids byplanideal, med eit bygningsmiljø som er annleis enn
i bygdene omkring. Bli med på
vår reise til åtte vestlandske
fabrikkbyar, frå Svelgen i nord,
til Odda i sør.
STONGFJORDEN 22. juni
HØYANGER 29. juni
SVELGEN 6. juli
ÅRDAL 13. juli
TYSSEDAL 20.juli
ODDA 27. juli
ÅLVIK 3. august
DALE 10. august
YTRE ARNA 17. august
Byen
Arbeidarpartiet
bygde
Det er den same historia som
går att på desse stadene som vaks
fram i tida etter år 1900: Industrireisarar finn ein foss inst i ein fjord.
Bønder sel fallrettar, gard og grunn.
Kraftstasjonen vert bygd for å forsyna
ein fabrikk som skal produsera varer
verda har bruk for ved inngangen til ei
ny og industrialisert tidsalder. Og industribyggjarane forstår, at skal dei
klara å byggja opp ein stabil arbeidsstokk på desse avsidesliggjande stadene, må dei lokka med meir enn løn i
lomma. Dei innser at det må byggjast
attraktive samfunn med gode familiehusvære for arbeidarar, funksjonærar
og direktørar. Og alt må leggjast til
rette for at dei alle får dekka sine ulike
praktiske og sosiale behov.
Arkitektane som får i oppgåve
å planleggja dei nye tettstadene, er
velutdanna og oppdaterte og inspirerte av rådande europeiske trendar
innan arkitektur og byutvikling. Dei
lagar byplanar med britiske hagebyar
som ideal, dei planlegg grøne byar
med parkar og allear og
bustadhus med hage.
Industrilandskapet i fabrikkbyane har endra seg. Industrieigarar
har kome og gått. Fabrikkbyane har
etter tur opplevd dramatiske omveltingar. Produksjonen har tilpassa seg
nye tider. Rasjonalisering og effektivisering har redusert arbeidsstokk og
folketal.
Nokre bygningar og bygningsmiljø som var sentrale i dei nye fabrikkbyane, er borte. Men i hovudsak
er det bymiljøet som arkitektane
planla tidleg på 1900-talet, intakt.
Byane fabrikkherrane bygde, eigde og
styrde er i dag på private hender. Og
mange av dei nye eigarane tar vel
vare på industriarven.
Leikehytta til
«« FRAMSIDA:
Wilken (9) og Albert (11)
Karlsen Hæreid har adresse
Årdalstangen.
EIT GODT LIV: Årdølene står seg godt, industrien har vore gjennom omstillingar, men fabrikkbyen lever i beste velgåande. Det seiest at årdølene har mykje pengar, at dei
reiser mykje. Når dei reiser til byen, så reiser dei helst til Oslo. Dei har eit tettare tilhøve til hovudstaden enn vestlendingar flest. Her ser vi Øvre Årdal med litt av fabrikkanlegget til høgre.
| Bergens Tidende fredag 13. juli 2012
Årdal blei skapt av
Arbeidarpartiet. Målet var å
byggja ein sosialdemokratisk
mønsterby inst i Sogn.
Fabrikkbyane frå første halvdel av 1900-talet blei bygde av
bedrifta som slo seg ned der.
Det var annleis i Årdal. Og det
er ikkje nokon fabrikkdirektør som har gjeve namn til
hovudgata på Årdalstangen,
men handelsminister Lars
Evensen. Takka vera han, vedtok både regjering og storting
i 1946 at staten skulle byggja
eit moderne aluminiumsverk
i Årdal. Regjeringa Gerhardsen bestemte seg for å gjera
Årdal til ein av grunnsteinane
i det nye norske industrisamfunnet. Det skulle byggjast
ein sosialdemokratisk mønsterby inst i Sogn. Det seiest
at det sidan alltid har vore
open line mellom rådhuset i
Årdal og Youngstorget.
Mønsterbyen blei bygd, og
årdølene takkar partiet ved
kvart einaste val. Ingen stad i
landet er oppslutninga om det
Det Norske Arbeiderparti så
høg som her. Åtte av ti stemmer på Ap. Eigentleg burde
dei også senda nokre takksame tankar til den tyske okkupasjonsmarka. Hadde ikkje
tyskarane etterlete seg eit nesten ferdig fabrikkanlegg her
inne i 1945, hadde det neppe
blitt aluminiumsproduksjon
i Årdal.
Årdal hadde vore anleggsbygd sidan i 1910. Då starta
ei gigantisk kraftutbygging
i Tyinområdet. I 1940 var
kraftstasjonen nesten ferdig.
Tyskarane let ikkje sjansen gå
frå seg. Dei sende 5000 krigsfangar innover fjorden for å
byggja aluminiumsverk og
veg mellom Årdalstangen og
Øvre Årdal.
Dette er to små byar som
ligg i kvar sin ende av det tolv
kilometer lange Årdalsvatnet.
Årdalstangen har utskipingshamn, rådhus og hotell. I
Øvre Årdal blei fabrikken
plassert. Kring dei to sentrumsområda vart alle ledige
bøar tekne i bruk til bustadbygging. Folketalet vart dobla
til 7500 frå 1950 til 1970.
Årdal er den mest einsidige av
industrikommunane her i landet. Verket og kommunen har
i alle år vore gjensidig avhengig av kvarandre. Kommunen
hadde korkje fagfolka eller
utstyret som skulle til for å
driva byplanlegging og få på
plass veg, vatn og kloakk.
Verket, som hadde hastverk,
hjelpte til. Fram til 1959 byg-
FEMTITALET: Årdøler flest bur i einebustader
eller rekkehus. Dei fleste av bustadane frå dei
første industriåra er på- og ombygde, men
denne tomannsbustaden er lite endra.
3
TENKTE STORT: Rådhuset frå 1956 ligg ved Statsråd Evensens gate, den breide hovudgata
på Årdalstangen. Sentrumsområdet her er prega av store, stramme bygningar frå 50- og
60-talet. Årdal blei planlagt for 10.000 menneske. På det meste, i 1972, budde det 7500 her, i
dag har kommunen 5600 innbyggjarar.
BLEI VERANDE: Til Årdal kom folk flyttande frå heile landet, men spesielt mange kom frå nabokommunen Luster. Olav Nes kom frå Veitastrond
som ung mann for å jobba på Verket. Han fortel at sju av tolv sysken flytta til Årdal, og at alle er her framleis. Lustringen bur i eit rekkjehusområde frå 1972 i Øvre Årdal, og han er ikkje åleine om å ha fin, grøn hekk. I Sogn blir hekkar som dette kalla Årdalshekk, fortel han.
REDDA GAMLESKULEN: Gamleskulen i Øvre Årdal
hadde representantskapen i Årdal Arbeiderparti
bestemt seg for å riva. Men Steinar Lægreid fekk
med seg tusen årdøler som slo ring rundt skulen
ein laurdag i 1992. Ap ombestemte seg. Det
skal vera einaste gongen den mektige representantskapen i Årdal Ap har omgjort eit vedtak. Til
venstre ser vi det nye samfunnshuset som blei
mønster for Førdehuset og mange seinare norske
samfunnshus.
FØRSTE BLOKKENE: Desse blokkene som bustadbyggelaget reiste ved Årdalsvatnet
tidleg på 50-talet, utgjorde det einaste reine arbeidarstrøket i Årdal. Bustadblokker var
noko nytt i Indre Sogn på denne tida, og det kom fleire i Øvre Årdal på 60-talet.
de bedrifta kring 300 husvære,
ein tredel av alle nye bustader.
Årdal Bustadbyggjelag bygde
både småhus, blokker og seinare rekkjehus. Men halvparten
av alle nye bustadhus i Årdal
dei første femten åra, vart reist
av sjølvbyggjarar som bygde
einebustader med bustadstøtte
frå Verket.
KULTURSJEFEN: Steinar Lægreid har vore
oppteken av å skapa gode byrom i Årdal.
hus og hjem
På 1950-talet gjorde gode skatteinntekter det mogeleg for
kommunen å flotta seg med
nye skular, samfunnshus,
idrettsanlegg, rådhus og to utadørs symjebasseng. Den gamle
sjukestova til fabrikken vart
fødestove. Verket var heile tida
medspelar, og gav store tilskot
til mange nye tiltak. Som på
eldre industristader, gav bedrif-
ta også verdfull driftsstøtte til
kultur- og idrettsliv.
«Årdal var ein eksotisk stad
å veksa opp etter krigen. Det
var sensasjonar kvar dag. Noko
å glana på støtt.(..) Frå dag
til dag endra verda seg framfor augo våre.», skriv Erling
Lægreid, NRK-journalisten som
nyleg døydde, i boka «Verket
og bygda 1947-1997». Teksten
ber tittelen «Eg burde ha hata
Verket». Erling Lægreid er bondeguten som hugsa og sakna
det gamle Årdal. Samstundes
hadde han hjarte for fabrikkane som har skapt arbeid, brød,
solidaritet og den mentaliteten
han sjølv var prega av.
vaks opp på Årdalstangen i
dei første industriåra, i eit
bustadfelt der ingeniøren
på Verket måtte finna seg i
å dela hagegjerde med han
som jobba skift i omnshallen. Slik var det i den sosialdemokratiske byen, fortel
Lægreid.
– Dei fine fekk ikkje rotta
seg saman i villabyar som
på andre industristader. Og
husa deira skilde seg ikkje
nemnande frå husa til folk
flest. Unntaket var ei klynge
med bungalowar for høgare
funksjonærar i Naustbukta
i Øvre Årdal frå sist på
40-talet, og fire 50-tals-blokker for arbeidarar på Tangen.
– Alle hus vart bygde på
dugnad, støypesanden var
det Verket som bidrog med,
fortel Steinar Lægreid. Sidan
bygde Årdølene utebasseng
på dugnad, både på Tangen
og i Øvre.
– Årdølene ville ha dei
same tilboda som dei hadde
i Oslo. Bassenget i Øvre er
like stort som Frognerbadet,
fortel han.
Den sosialdemokratiske
tankegangen låg også til
grunn for at Folkets Hus vart
avløyst av samfunnshuset,
som var eit hus for alle.
Erling Lægreid skriv at han
saknar den gamle tyskarbrakka som blei Folkets Hus.
Det var der hans generasjon
grodde opp og vart vaksne.
Det nye samfunnshuset
omtalar han som « sjølve
symbolet på den nye tid:
avpolitisert, snusfornuftg,
stillaust, hygienisk, kostbart
og kommunalt.»
I 2004 fekk Årdal ein byformingspris og blei berømma
for å vera tidleg ute med
moderne tankar om korleis
utforminga av uteområda
kan vera med på å skapa trivelege byar. Steinar Lægreid,
som stod i bresjen for dette
arbeidet ilag med landskapsarkitekt Siri Benjaminsen,
seier at Årdal ikkje er heilt
ferdig med uteområda sine,
mellom anna fordi dei, når
dei byggjer, må byggja to av
alt. Dei i Øvre vil alltid ha
det same som dei på Tangen,
seier han.
Eva Røyrane Jan Lillebø (foto)
[email protected]
Steinar Lægreid var kultursjef i kommunen i 33 år. Han