Les meir om betre kalvar her!

Download Report

Transcript Les meir om betre kalvar her!

Frisk luft og mykje mjølk gav friske
kalvar og 30% betre tilvekst
Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått
og avkastning med mjølkeproduksjon på beite.
Figur 1: Bilde viser Hedvig og Henning inne i
kalvehuset saman med kalvane. Foto Aslak Botten.
Aktiv bruk av gode beiter, mykje mjølk til
småkalven , frisk luft, god fôrkvalitet, og eit
aktivt vekstskifte er løyndomen bak høg
mjølkeavdrått på kyrne og svært god tilvekst
på både kalvane og ungdyra. Tidlegare stod
kalvane inne i fjøset saman med mjølkekyrne
og det var mykje sjukdom. «Me hadde låg
tilvekst og mykje sjukdom, spesielt ved 4
vekers stadiet». Seier tidlegare kursdeltakar ar på NUG Hedvig Lien og Henning Bergersen.
Gardbrukar paret overtok garden etter foreldra til Hedvig og har drive garden Lien i Engene i Gol dei
siste 2 åra. «Me måtte gjere noko med kalveoppstallinga» seier Henning. Dei hadde lest at det kunne
gje betre dyrehelse å flytte kalvane ut slik at dei fekk meir frisk luft og lågare smittepress. Kyra på
Lien har kalving i juni/juli for å nytte beita godt. Tidspunktet er også gunstig med tanke på at kalvane
kan vere ute. «Det er utruleg kor gode resultat me har oppnådd. Etter at me flytta dei ut har me ikkje
hatt ein einaste sjuk kalv, og tilveksten har flydd til himmels i høve til når kalvane stod inne i fjøset.
Seier Hedvig. «Eg var inne å såg på tilvekstkurvene i høve til at kvigene etter nye normer bør vere
minst 560 kg ved kalving. Ungdyra fødd i 2011 er mykje tyngre enn det som er vist på standard
kurvene» legg Hedvig ivrig til. Det vert vektlagt god oppfølging av kalvane. Kalvane får mjølk ved hjelp
av kalvefôringsautomat, tidlegare var det bøttefôring. Faktisk har dei tilgang på intill 10 liter mjølk dei
fyrste 14 dagane etter fødsel. Dei fleste kalvane drikk faktisk så mykje også. Etter 14 dagar er det
gradvis nedtrapping fram til avvenning ved 8 veker. «Ny forsking viser at kalvane ikkje et mindre
kraftfôr og silo sjølv om ein gjev så store mengder mjølk etter kalving. Men det er viktig å starte
nedtrappinga tidleg» seier Hedvig. «Eg likar at kalvane er litt runde.» avsluttar ho.
Ungdyr tilvekst og økonomi
Figur 2: viser tilvekstkurvene på livkvigene på Lien. Dei svarte prikkane på grafen viser tilveksten på dyra i høve til kravet
til 560 kg ved 24 mnd alder på dyra Foto: Hedvig Lien
Livkvigene på Lien har siste året(2011 generasjon,svart prikk, under 12 mnd) hatt svært god tilvekst i
høve til tidlegare(2010 generasjon, svart prikk 14-19 mnd). Alle kalvane frå 2011 har konsekvent vore
tyngre enn «kravet» til å oppnå store nok kviger. Dyra har som sagt ikkje vore sjuke. Dei svarte
prikkane frå 14-19 mnd viser dyra før ny oppstalling vart teke i bruk. Desse dyra var mykje sjuke, men
fekk same fôring som 2011 generasjon. 20 10 generasjon ligg under kravet til 260 kg ved 24 mnd
alder.
Same tendensen ser me på oksekalvane som vart slakta som «kalv spesial». I 2011 var tilvekst pr dag
564 gram. Snitt vekta ved slakting 7,5 månads alder 127 kg, og feitt 2-. Kalv spesial som vart slakta i
2012 med ny og betre oppstalling hadde tilvekst pr dag på 734 gram. snittvekta ved slakting 6,5
månads alder på 143,2 kg og feittklasse 2. Altså 13% kortare framfôringstid og 12,7 % tyngre
slaktevekt. Tilveksten var 170 gram, dvs 30% betre tilvekst pr dag på same fôrrasjon.
Økonomisk sett er slakteresultatet 817 kr betre pr kalv. Korrigerer me for spart kraftfôr(3 Fem
kraftfôr â 3,30 kr/fem i 30 dagar) vert resultatet med ny oppstalling 1.114 kr betre pr kalv frå 2011 til
2012 pga oppstalling.
Hedvig og Henning har starta å ta brystmål på kalvane, ved fødsel, før og etter beiteslepp og før
kalving. Målet er brystmål 1 gong pr månad. Dei er litt usikre med omsyn på sikkerheita ved bruk av
brystmål. Det er eit ønskje om å vege dyra på skikkeleg vekt. Men fram til i no er det brystmål som er
nytta.
Forskjellane på oppfølging av dyra frå 2010 og 2011 er at dyra har hatt eiget kalvefjøs frå 2011, og
truleg derfor vore mykje friskare. Mjølkefôringa er endra frå bøttefôring til kalvefôringsautomat, og
dei har starta å baycoks behandle kalvane. Viktigheita av god tilvekst og store kviger ved innkalving
syns Hedvig at ho ser godt når ho samanliknar 2 tvilling kyr. Den eine åt mykje mat alt frå den var
kalv. Denne vart stor og kraftig og mjølkar 48 kg på siste veging den andre som alltid har vore
småeten var noko mindre og mjølkar 32 kg. Dei kalva med 1 vekes mellomrom.
Kalvehuset
Kalvehuset er bygd opp av reisverk med bølgjeblikk plater i veggane og på tak. Legg merke til den
luftige midtløysing med moglegheit for mykje luft ved inn/utgang til beite. Veggane på sidene er tette
slik at det ikkje vert trekk inne på liggearealet. Det er gjennomsiktige takplater i midtseksjon.
Figur 3: Bilde viser kalvehuset sett frå utsida. Foto Aslak Botten
Sjølve kalvehuset er mobilt og kan flyttast med traktor. Dette gjer at kalvvane ikkje vert ståande på
same staden år etter år, men kan flyttast rundt til nye områder rundt fjøset med lågare smittepress.
Huset er konstruert slik at ein kan bruke lasteapparatet på traktoren til å løfte opp dei ulike
seksjonane slik at det kan flyttast.
«Målet var at kalvehuset skulle kunne flyttast enkelt. Løysinga vart ei talleløysing med høvelflis. Me
legg om lag 20-25 cm med høvelflis i botn. På denne måten held det seg ganske tørt på liggeområdet.
Det vert litt blautt akkurat rundt fôringsplassen der kalvane har tilgang på vatn, silo og mjølk» seier
Henning. Og han held fram: « For å kunne bytte ut sagflisa er det ei open løysing slik at me kan kjøre
traktorskuffa inn for å bytte sagflis. Det er spesielt når kalvane vert litt større og et meir kraftfôr og
gras at problemet rundt fôringsplassen er størst. Når kalvane er små heldt det seg tørt». Heilt frå
kalvane vert født har dei tilgang på 2 separate luftegardar. Desse luftegardane gjev tilgang på mykje
plass og aktivitet for kalvane. I tillegg får dei tidleg tilgang på friskt beitegras som dei raskt får smaken
på. Luftegardane kan byttast på gjennom
sesongen slik at det vert nokre
kvileperioder for graset. Dei nyttar
straumgjerde for å gjerde inne kalvane.
Dette gjer at arealet enkelt kan tilpassast
kalvane sine behov for bla beitegras og
plass. Kalvane har sjølsagt også tilgang på
kalvehytta når dei er ute på luftetur. På
sida av kalvehuset er det inngang til
«teknisk rom» med mjølkeautomat,
kraftfôr, ol.
Figur 4: Bilde viser Hedvig Lien ved inngangsdøra til "teknisk rom" i
kalvehuset. Her står bla Fôringsautomaten. Foto Aslak Botten
Mjølk på beite
På Lien er det stort fokus på at dyra skal vere mest mogeleg ute, og ta opp mest mogeleg mat på
beite. Henning fortel at dyra er ute
frå siste halvdel av april til fyrste
halvdel av November. Dvs Om lag 6
mnd ute. På våren går dyra på
innmarksbeite. Dei vekselbeitar
mellom fleire skifter. Det tidlege
beitesleppet fører til gradvise
fôrskifter der dyra i starten får mest
rundball og gradvis går over på
ferskt gras om våren. Om hausten
er det motsett, gradvis overgang til
rundballefôring. Mjølkinga foregår
inne i fjøset heime på garden. Det
er ingen støling. Dyra står inne om
natta. Og har då alltid tilgang på
Figur 5: Bilde viser innmarksbeite, mjølkekyr har vekselbeita/ skiftebeita
her heile sommaren. Legg merke til kor lite sølvbunke/engemann det er 20. fersk rundball. Med kraftfôrtak på
august. Foto Aslak Botten.
12kg på kyra og 10 kg på kvigene
kan beitet ute bli for kraftig. I Periodar nyttar dei derfor noko seinare slått gras for å stabilisere
magen. For å halde beitekvaliteten oppe utover hausten går dyra over på fulldyrka mark etter kvart.
Dei nyttar då raigras som vert stripebeita. På denne måten sikrar dei at den varige enga overvintrar
godt.
Kvar dag utover hausten får dyra tilgang på ei ny stripe med ferskt godt gjødsla raigras. Graset er 2025 cm høgt ved
avbeiting. Når det er
slutt på raigraset vert
det satt ut rundball i
rundballehekk
Beiteopplegget på
Lien har gjeve ei
avkastning på mellom
8200-8500 liter mjølk
pr årsku med 27-29%
kraftfôr pr 100 kg
mjølk.
Figur 6: Bilde viser stripebeiting av raigras. graset er 20-25 cm høgt. Dette sikrar godt
fôropptak, gode munnfullar og høgt beiteopptak for dyra. Foto Aslak Botten