Transcript FORORD

FORORD
I 2011 lyste Universitetet i Bergen ut ei stilling om å skriva ein biografi om Wilhelm Frimann Koren Christie. Biografien skulle vera eit
av universitetet sine bidrag til grunnlovsjubileet i 2014 og samtidig
ha vekt på Christie som grunnleggar og drivande kraft bak Bergens
Museum, i dag Universitetsmuseet i Bergen. Inntil då hadde eg hatt
eit ganske umedvite forhold til denne mannen. Eg hadde passert statuen av han på Muséplass nesten dagleg sidan slutten av 1990-talet,
og var vagt klar over at han hadde spelt ei viktig rolle i 1814. Men som
for så mange andre var eg vel så merksam på granittskulpturen ved
foten av sokkelen; monumentet på Muséplass går for mange berre
under namnet «Løven». Men eg fekk oppdraget, og tok fatt på det i
november 2011. Tilhaldsstaden min har vore Institutt for arkeologi,
historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), og eg har vore knytt
til Prosjekt Vitskapshistorie.
Spora etter Christie er mange og kjeldematerialet rikt. Karrieren hans var ikkje avgrensa til eit smalt felt, men til mange. Han
var jurist, politikar, antikvar, naturforskar og museumsmann – for
berre å nemna noko. Prosjektet har dermed stilt store krav til meg
som forfattar. Det har kravd både omfattande og arbeidskrevjande
kjeldestudiar og litteraturstudiar. Det har ført meg ut på reiser til
Oslo, Kristiansund, Trondheim, Surnadal, Stockholm, København,
Karlsbad, Dresden og Berlin. Og det har sett meg i kontakt med
mange inspirerande og hjelpsame personar.
Eg vil byrja med å takka to personar som meir enn nokon andre
har følgd prosjektet frå start til slutt. Astri Andresen har frå starten av vore ein støttespelar gjennom diskusjonar, kommentering
5
104670 GRMAT Wilhelm FK Christie 140101.indd 5
24/09/14 16:37
FORORD
av tekstar og har leia prosjektet. Ho har alltid vore tilgjengeleg og
hatt ein imponerande evne til raskt å lesa manus og komma med
tilbakemeldingar.
Den andre personen eg vil særskilt framheva, er Kenneth Bratland, som har vore ein interessert og kompetent støttespelar. Ikkje
berre har han gjennom ei rekke kortare engasjement vore ein ypparleg vitskapleg assistent, som har hjelpt til både med transkripsjon
av handskrift, gode råd og tips og løysing av genealogiske gåter; han
har også vist interesse for prosjektet og gjort ein innsats på fritida.
Mot slutten har han gjort ein iherdig innsats med å lesa gjennom
manus og gi verdifulle og kyndige innspel.
Utan desse to ville ikkje boka vore mogleg.
Eg vil òg nemna den innsatsen Kari Tove Elvbakken har gjort i
innspurten med å lesa gjennom kapittelutkast og komma med nyttige kommentarar.
Kjeldene til dette prosjektet har vore å finna ved ei rekke arkivog bibliotekinstitusjonar, men Universitetsbiblioteket i Bergen har
utan tvil vore den viktigaste. Ved manuskript- og librarsamlinga har
eg fått god hjelp til både å finna fram materiale og skanning. Eg vil
særleg nemna universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge samt Bjørn
Abusdal, Nils-Erik Moe-Nilssen og Einar Fridtjof Thomassen. Bibliotek for humaniora- og samfunnsvitskap har dessutan spelt ei
nøkkelrolle. Ein tar det gjerne som noko sjølvsagt, men dei flinke
og engasjerte bibliotekarane her er ein avgjerande føresetnad for at
bøker og forskingsprosjekt som dette kjem i mål. Eg har gjennom
dei bestilt bøker i massevis både frå biblioteket sine eigne magasin,
frå andre norske forskingsbibliotek og frå utlandet.
Universitetsmuseet i Bergen har mykje av det relevante kjeldematerialet som gjeld Christie og museet. Eg har her hatt god hjelp av
Henrik von Achen, Sonja Marie Innselset og Svein Skare. I Bergen
har eg òg brukt andre arkiv og bibliotek. Særleg gjeld dette Statsarkivet i Bergen. Statsarkivar Yngve Nedrebø må særleg nemnast,
og også i denne samanhengen vil eg nemna Kenneth Bratland som
i kraft av si stilling som rådgjevar ved Statsarkivet har gitt meg god
hjelp. Ved Bergen byarkiv har eg fått ypparleg service og vil særleg
trekka fram Dan André Fiskum Velle, Anders Nilsen og Tore Skaug.
6
104670 GRMAT Wilhelm FK Christie 140101.indd 6
24/09/14 16:37
FORORD
Ved Bergen offentlige bibliotek har Siren Steen ved musikkavdelinga
gjort ein god innsats med å finna informasjon om Edvard Griegs
Christie-kantate. Eg vil òg takka sjefkonservator Knut Ormhaug ved
KODE Kunstmuseene i Bergen. Christopher John Harris skal ha
takk for hjelp med opplysningar om bygningshistorie. Audun Lem
skal ha takk for bidrag med informasjon om slektshistoria.
Mykje Christie-materiale er å finna ved handskriftsamlinga ved
Nasjonalbiblioteket (Oslo) og Riksarkivet. Takk for god hjelp frå
begge institusjonar. Etter førespurnad frå meg skanna og tilgjengeleggjorde Riksarkivet store delar av Christie sitt privatarkiv. Eg
vil i den samanhengen takka Kristian Hunskaar.
Sommaren 2013 sytte regionkonservator Odd W. Williamsen ved
Nordmøre Museum for ei eksepsjonelt god mottaking i Kristiansund. Det inkluderte både ei grundig omvising i byen i fotefara til
Christie og rettleiing til relevant litteratur og arkivmateriale mellom
anna ved Kristiansund bibliotek. Neste stopp på reisa var Statsarkivet i Trondheim der Elin Jacobsen var ein god rettleiar.
Også ved Rigsarkivet i København fekk eg god hjelp, særleg må
arkivar og seniorforskar Karl Peder Pedersen nemnast.
Det har også vore nokre reiser ut i «felten» på sporet av Christie. På Fjelltveit i Fana har Johannes Milde, Margrethe Fjelltveit og
Harald Fjelltveit bidratt med opplysningar. Når det gjeld garden
Straume, som Christie eigde, har Ove Strømme bidratt med opplysningar og Bjørn Randers-Pehrsson viste meg sin heim, våningshuset på Straume som blei reist i Christie si tid. Anders Bank Lodahl
ved Rudersdal Museer tok imot meg då eg besøkte Søllerød på jakt
etter Christie sine sommarutflukter utanfor København. Han har
også bidratt med informasjon, bilete og litteraturtips. Bjørn Kristian
Berge i Christieparkens venner har dessutan vore ein engasjert og
kunnskapsrik guide til Christieparken og Fridalens historie samt
til Christie-monumentet.
Mange personar har hjelpt meg med å få på plass detaljar, gjort
meg merksam på opplysningar som eg elles ville gått glipp av, eller på anna vis vore til hjelp. Tor Eigil Røssaak har bidratt med sin
kunnskap om Bergens Museum og lånt meg materiale frå sitt arkiv.
Av Christie sine etterkommarar har eg vore i kontakt med Per Wolff,
7
104670 GRMAT Wilhelm FK Christie 140101.indd 7
24/09/14 16:37
FORORD
Helga Landmark, Olav Hans Jürgen Christie og Nicolai Wilhelm
Christie. Dei har alle vore velvillige og interesserte og kome med
nyttige opplysningar. Per Wolff har delt generøst av sine kunnskapar
om Christie-slekta og kome med mange opplysningar og tips som
har vore viktige for bokprosjektet. Helga Landmark har dessutan
bidratt med bilete og materiale til boka.
I tilfelle der min eigen kompetanse ikkje har strekt til, har eg
hatt nokre gode hjelparar. Gina Dahl ved Statsarkivet i Bergen har
hjelpt meg med å tyda brev skrivne på fransk. Per Pippin Aspaas
bidrog med å omsetja Christie si legeerklæring frå 1823 frå latin.
I dei tilfella eg har stått fast i tydinga av gotisk handskrift, har både
Kenneth Bratland og andre ved Statsarkivet i Bergen, særleg Cecilie
Skauge Knoph, vore til hjelp.
Eg har lagt fram fleire kapittelutkast i to av forskingsgruppene
ved AHKR: Helse-, velferd- og vitskapshistorie samt Demokrati,
styring, rett og arbeidsliv. Eg vil takka deltakarane her for gode og
konstruktive kommentarar!
Til slutt må eg nemna mine grundige og gode konsulentar,
Marthe Hommerstad og Bård Frydenlund. Dei har lese nøye og
kome med omfattande kommentarar. Hans Jacob Ågotnes har lese
og kome med gode innspel til kapitla om museet.
Arbeidet med prosjektet har vore intenst og omfattande, og det
har vore ein føresetnad at boka skulle ut i jubileumsåret. Alle dei
nemnde gode hjelparane, og fleire med dei, har letta arbeidet. Vener
og familie har vore gode støttespelarar i denne prosessen.
Hjelparane er delaktige i at boka har blitt slik ho er blitt ved å
bidra med opplysningar og forslag til forbetringar. Boka er like fullt
mitt eige produkt og ansvar, og dei nemnde personane og institusjonane er sjølvsagt heilt frie for skuld når det gjeld feil og manglar.
Runar Jordåen
Bergen, 14. september 2014
8
104670 GRMAT Wilhelm FK Christie 140101.indd 8
24/09/14 16:37