INNSYN for print

Download Report

Transcript INNSYN for print

Internt meldingsblad for alle ansatte i Kleven Maritime
Desember 2010
Året 2010
KMA har i 2010 levert 9 farty og rekneskapstala er betre enn nokon gong.
KMA har i 2010 inngått 7 nye kontraktar med norske reiarar.
I første halvdel av 2010 vart det levert 7 farty frå Kleven Maritime.
I andre halvdel av 2010 har Kleven Verft levert Siem Diamond til Siem Offshore og Siem Garnet til
Singa Star. Begge fartya av velkjent design, VS491 CD.
Stolte karar ved
kaffibordet i messa
på Siem Garnet på
dåpsdagen:
Rudy Amundsen,
Arnfinn Godø,
Knut Hasund,
Tore Roppen,
Rune Gamlem og
Terje Høydal
Prosjektleiar Thore
Veddegjerde og Tom
Sekse.
Tom har vore ein
sentral person i Siem
under byggetida på
alle dei til no leverte
farya. No mønstrar
han på som kaptein
på Siem Garnet.
Til venstre: Ståle
Rasmussen og
gudmor Maneesha
Khanna Eriksrud
saman med kaptein
Tom Sekse. Til høgre:
Olav Høydalsvik, tek
på vegne av tilsette
ved KVE, imot gåve
frå Singa Star.
Til venstre:
”Wraps” frå KVE si
kantine vart servert
om bord i Siem
Garnet etter dåpen.
Til høgre:
Ein ekte orkidé som
er belagt med gull.
Ei gåve frå Singa Star
til Kleven Verft.
Året 2011
I første halvdel av 2011 skal dei to siste i serien på i alt 10 stk VS491 CDar leverast.
Siem Opal skal leverast til Singa Star i januar medan Siem Amethyst skal leverast til Siem Offshore i
mars 2011. Begge desse ligg ved kai i Ulsteinvik for ferdigutrusting, klargjering og uttesting.
I tillegg til desse to skal 4 andre farty leverast, til 3 forskjellige reiarar. Dette er Siddis Mariner til O.H.
Meling, Rem Commander til Rem Offshore og Prestfjord til reiarlaget av same namn.
Vi går eit innhaldsrikt og spanande 2011 i møte!
Det er mykje godt arbeid i dette ordrekartet og verdiane av kontraktane er på nær 4mrd.
Utfordrande blir det likevel å fylle tomrommet på Myklebust slik at ein i størst mogleg grad kan unngå
permitteringar. Heldigvis så ser det ut til at ettermarknaden, der Myklebust har gode tradisjonar, har
livna til og vil gje ein god del arbeid.
Myklebust skal levere Siddis Mariner til O. H. Meling i februar og Prestfjord i oktober.
Strategiplan 2011 – 2014
Det har denne hausten vore gjort eit stort arbeid for å utarbeide strategiplan for Kleven Maritime og i
slutten av oktober vart dokumentet godkjent i styret.
Strategiplanen omhandlar dei store linene om mål vi har sett oss og korleis vi skal arbeide for å nå
desse måla. Planen omhandlar finansielle mål vi har og korleis vi skal utvikle medarbeidarar,
organisasjon, produksjonsteknologi og kompetanse for å nå desse måla. Visjonen er at vi skal levere
lønsame og effektive løysingar til verdas mest krevjande offshorereiarar og vi skal levere løysingar som
dekkjer reiarane sine behov for skip og skipsfunksjonar.
Ei av sidene i strategiplanen inneheld desse gode orda frå vår grunnleggar Marius Kleven:
Smeden Marius Kleven si utsegn frå
stiftinga av selskapet gjeld framleis:
”Vi skal gjere godt arbeid og
vere til å stole på”
Vi
= medarbeidarar i samarbeid
Godt arbeid = kvalitet
Til å stole på = tillit og positivt omdøme
Kven er Kathrine – vår nye personaldirektør?
Når vi spør henne kven ho er og kvar ho er i frå, så svarar
ho at ho er ei ”holetaus” frå Hareid som etter å ha vore ute
i verda i over 10 år no er busett i Ulsteinvik med familie.
Fakta:
Kathrine Holstad 37 år.
Sambuar med Tommy Walaunet og mor til Hermann,
Elias og Ludvik.
Kathrine har hovudfag i organisasjonspsykologi frå
NTNU og har arbeidt som arbeidslivsforskar ved
Arbeidsforskningsinstituttet i Oslo og fagsjef ved
Nordvest Forum. Ho har erfaring frå ei rekke
omstillingsprosessar i prosessindustrien, samt har fått
godt kjennskap til næringslivet på Sunnmøre etter å ha
møtt leiarar på leiarutvikling i Nordvest Forum.
Kva tankar har du gjort deg om å vere personaldirektør i Kleven Maritime, Kathrine?
Eg er veldig glad for at eg tok denne utfordringa! Etter fleire år som rådgjevar, så var det no på tide for meg
å gå inn i industrien og få vere med å utvikle innanfrå.
Eg tar ikkje mål av meg å bli båtbyggjar, men eg tar mål av meg å få så god innsikt i skipsbygging og
produksjonsmetodane både ved Kleven og Myklebust at arbeidet ved personalkontoret kan gi god støtte til
kjerneverksemda. Vi skal bidra til å gjere Kleven Maritime til ein attraktiv arbeidsplass, der opplæring og
kompetanseutvikling på alle nivå står sentralt.
Verftsindustrien er ein industri i brytning– vi står med eitt bein i tradisjon og historie og eitt bein i
høgteknologi og kompetansekrevjande oppgåver. Dette er ei spanande utvikling og ingen veit korleis vi
bygger skip om 5-10 år. Eg er heilt trygg på at det aldri blir ein kjedeleg dag på jobben! Eg vil nytte høvet til
å ynskje alle medarbeidarane ved Kleven Maritime ei fredelig jul. Eg ser fram til eit nytt år og å bli enda
betre kjent med folka her.
Personalarbeid er viktig og det er meir enn lønsutbetaling som skal handterast
INGUNN: Har ansvar for
lønn for månadslønte i
Ulsteinvik. Ho held dialogen
med NAV og følgjer opp
sjukefråvær i hht IA-avtalen.
Ho førar statistikkar og gjer
Martepersonalarbeid .
anna
Magne
Ingunn
MARTE: Har ansvar for lønn
for timelønte i Ulsteinvik. Ho
behandlar reiserekningar,
ajourheld lister og
personalkartotek, oppdaterer
KMA si heimeside og er
støttefunksjon på mykje anna.
MAGNE: Er dagleg leiar i
KMC. I tillegg er han
personalsjef ved Kleven Verft
med eit definert ansvar innan
AFP, pensjon og forsikring,
arbeidstidavtaler, lønnspolicy
og lokale lønnsforhandlingar.
LENA: Har ansvar for
lønnsarbeidet ved Myklebust.
I tillegg involverast ho i andre
oppgåver som er relatert til
personalavdelinga. Ho gjer
også oppgåver innan
Gunnarrekneskap.
Lena
GUNNAR: Er personalsjef
ved Myklebust og har ansvar
for personalarbeidet ved
verftet. I tillegg bidreg han i
andre administrative
oppgåver. Frå hausten 2010
tek han ut 40% AFP.
INGRID: Gir administrativ
støtte i personalarbeidet ved
Myklebust Verft.
Mellom anna bidreg ho i det
systematiske oppfylgingsarbeidet ved sjukefråvær i hht
IA -avtalen.
Endringar i personellrekkene
Nytilsett på Rovde:
Frå venstre: Tim Butler, Geir Jonny Nakken
Ikkje tilstade når bildet vart tatt:
Jørn Inge Torvik og Henrik Roppen
Nytilsette i Ulsteinvik
Frå venstre: Ørjan E. Grimstad, Svein Ol
Ole Løken,
Richard Verting, Martin Breivik, Børge Ask, Stig
Vattøy, Daniel Dzigieleski,
zigieleski, Ann Camilla Holvik.
Ikkje tilstade når bilete blei tatt:
Bjørnar Nerland, Roy D. Andersen, Remi R.
Ådland (lærling), Ørjan E. Johansen (lærling),
Anders Moldskred (TAF), Elizabeth Møller (TAF),
Øyvind Ask, Asbjørn Vattøy, Peter Husøy.
Nytilsette på Myklebust:
Desse to glade karane til venstre her har no
har sitt arbeid på Myklebust
Frå venstre:
Kevin Myklebust, maskinavd
Sondre Furø, TAF-elev på maskinavd.
Vellukka personalfest for MVE tilsette
Siste helga i november møttest om lag 130 tilsette med følgje til triveleg personalfest. I år var tilstellinga
lagt til Vonheim i Haugsbygda, der styret i Vonheim og ein dugnadsgje
dugnadsgjeng
ng stod for gjennomføringa av
arrangementet.
Hans Kristian Opsal ønskte alle velkomne og nytta høvet til å takke for innsatsen i 2010. Under
middagen blei det elles delt ut utmerkingar og i år var det to tilsette som fekk merksemd for 15
15-års
teneste: Magnee Breiteig og Endre Strand. Tradisjon tru stilte også i år nokre tilsette opp med musikalsk
innslag.
Heile 8 tilsette gjekk av med pensjon i 2010. Desse fekk kvar sin blomsterbukett.
Frå venstre: Personalsjef Gunnar Flåskjer,
Magne
Breiteig, plassjef Hans Kristian
.
Opsal og Endre Strand
Frå venstre:: Personalsjef Gunnar Flåskjer, Terje Sætre, Svein
Kåre Bøstrand,
strand, Jostein Gurskevik, Per Rødset og plassjef Hans
Kristian Opsal.
Ny leverandør av bedriftshelsetenester
Medi3 er vår nye samarbeidspartnar
Frå 1.januar 2011 har Kleven Maritime kontrakt med Medi3 som ny
leverandør av bedriftshelseteneste for alle tilsette.
I løpet av 2011 vil alle tilsette ved Kleven Verft, Myklebust Verft og
Kleven Maritime Contracting få tilbod om helsekontroll og
arbeidsmiljøsamtale hjå bedriftslege.
Arbeidsmedisinsk klinikk ved Medi3 har brei fagkompetanse og har
lækjar, HMS-rådgjevar, psykolog, ergoterapeut, sjukepleier,
fysioterapeut og kiropraktor tilgjengelig.
Som medlem i bedriftshelsetenesta er alle tilsette også medlem i Medi3
og har prioritert tilgong og rabattert pris på alle tenester som ikkje er
regulert av avtale med Helse Midt-Norge.
Meir informasjon om tenestetilbodet vert sendt ut til alle tilsette.
I tillegg vil vår kontaktperson ved Medi3, Marianne Vinje, informere
om samarbeidsavtalen for 2011 på allmøte både ved Kleven Verft og
Myklebust Verft på nyåret.
Fornya kontrakt med Personalomsorg AS
Kleven Maritime har fornya kontrakten med Personalomsorg AS.
I praksis betyr dette at Thorvald Grønli vil halde fram arbeidet ved Kleven og
på Myklebust .
Thorvald vil vere tilstades annakvar tysdag og i tillegg til å vere disponibel
for ulike type samtaler for alle tilette, vil hans viktigaste funksjon vere å gi
støtte til alle leiarar med personalansvar.
HMS arbeidet ved
Kleven Maritime
Kristina skal vere meir i
Ulsteinvik
HMS leiar Kristina Skogstad vil vere meir
tilstades ved Kleven Verft.
I praksis betyr dette tysdag, onsdag og
torsdag ved Kleven Verft og måndag og
fredag ved Myklebust Verft.
Ho vil i auka grad rette fokus mot
strategisk HMS-arbeid i konsernet.
Kristina har på Kleven fått kontor i 2. etg.,
ved sida av Billy, og blir å finne der for
dei som vil ha tak i henne.
Endringa skjer frå nyttår og Kristina gler
seg til å få sette sterkare fokus på det
viktige HMS -arbeidet i konsernet og til å
bli betre kjend med kollegane sine i
Ulsteinvik.
HMS-leiar Kristina Skogstad på det nye kontoret sitt i Ulsteinvik
Ståle helsar
Vi er alt langt inne i desember, den mest spesielle
månaden i heile året. For meg har ikkje berre desember
vore spesiell, men heile 2010 har vore eit spesielt år. Eit
spesielt travelt og spesielt kjekt år, men også eit år med
store utfordringar.
Nedbemanninga på Myklebust vore ei stor utfordring det er ikkje kjekt å seie til gode medarbeidarar at vi ikkje
lengre har bruk for deira tenester. På same tid må vi
tilpasse oss marknaden vi skal arbeide i, syte for lønsam
drift og trygge arbeidsplassar samla sett.
Vi har i 2010 skrive 7 kontraktar på nybygg til norske
reiarar. Dette er reiarar som vi tidlegare har levert farty
til og som kjem attende til oss fordi dei er trygge på at vi
kan levere gode produkt til rett tid og til rett kvalitet. Vi
har også skrive kontrakt med reiarar som vi ikkje har
samarbeidd med tidlegare. Desse reiarane kjem til oss
fordi vi har eit godt omdøme i marknaden og fordi dei
har tru på at vi kan gjere eit godt arbeid for dei.
Vi skal leve opp til Marius Kleven sitt utsegn, som no også står i vår strategiplan.: ”Vi skal gjere godt
arbeid og vere til å stole på”. Dette kan eg som øvste leiar gå god for, fordi eg veit at eg har flinke og
pålitelege medarbeidarar i alle ledd. Og alle ledd er viktige. Vi er ca 450 tilsette i Kleven Maritime sine
verksemder og alle er viktige, kvar på sin plass. Vi er ikkje sterkare enn det svakaste ledd, så det gjeld å
halde fokus framover og gjere ein innsats slik at vi styrkar oss sjølve ved å gjere andre sterke og gode.
Vi vert stadig meir internasjonale, noko som fører til at mange i selskapet reiser meir enn før.
Infrastrukturen, i alle fall i Noreg, har betra seg mykje dei siste åra; at vi no kan ta fly til Hovden og så
sette oss rett i bilen og køyre heim har korta reisetida og ikkje minst reisestresset vesentleg. Men vi
kjem også til land der infrastrukturen har stort forbetringspotensiale. I Brasil er det inga sjølvfylje at
gater som er 3 meter breie og 200 meter lange er einvegskøyrde, sjølv om dei ligg midt i Rio, ein av
verdast mest trafikkerte byar. Det er vanskeleg å flytte seg frå ein stad til ein anna og ikkje minst er det
vanskeleg å berekne den tida ein treng til det. I Romania og Ukraina, der det tidvis er betre
køyreforhald for bil utanfor køyrebana enn på den stripa som er skilta for bilkøyring, er det og lett å
tenkje at mykje er betre der vi høyrer heime.
Skipsbygging gjev ikkje høve til å lene seg tilbake og tenkje at no er vi ”ferdigutvikla”. Nytenking,
innovasjon og gode planar er viktig. Vi må heile tida forbetre oss og gjere arbeidet på ein meir rasjonell
måte, få betre avtalar og skaffe oss samarbeidspartnarar som kan halde leveringstider og andre
lovnadar. Skal reiarane kunne stole på oss, så må vi kunne stole på våre leverandørar og ikkje minst så
må vi kunne stole på kvar andre.
Vi kjem til å legge fram gode rekneskap tal for 2010. Det gir oss større fridom til å drive på ein rasjonell
måte og til å investere i utstyr og tenester som vil gjere oss betre rusta til å handtere tidene og
utfordringane som ligg framføre oss.
Men før vi tek fatt på årsoppgjer og nye strategiar skal vi feire jul og eg vonar at dei aller, aller fleste vil
få høve til å ta ein velfortent ferie. Eg skal ete god og tradisjonell julemat, ha nokre gode dagar saman
med familie og vener. Eg vonar også å få høve til å stå litt på ski og trimme litt.
Eg ynskjer alle ei fredeleg jul og ser fram til eit godt og utfordrande samarbeid med kvar og ein av
dykk i eit innhaldsrikt nytt år!
Beste helsing frå Ståle
Ein ny sjanse
”Måndag 23 november kl 1425 oppstod det ei
alvorleg arbeidsulykke i samand med varmtarbeid
i tank 518 om bord i B49 – KV Bergen.
Maskinarbeidaren Jerzy Podlaski fekk alvorlege
brannskadar, og ved brannskadeavdelinga på
Haukeland sjukehus blei det konstatert 2. og 3.
grads forbrenning over 1/3 av kroppen” (Innsyn
desember 2009).
Over eit år har gått sidan den dramatiske ulykka ved
Myklebust Verft. Det går mot jul igjen og eit nytt Innsyn
skal lagast. Utfordringa er å sette av tid til å lage litt stoff og kva skal ein skrive om? Eg sender ut ein e-post og ber
om tips. Motivasjonen og trua er sånn passe. Så kjem tipset
om å skrive om maskinarbeidaren Podlaski. Tipset vert
følgt opp og etter nokre timars samtale må skrivaren
innrømme ”luksusen” det faktisk er å få høve til å lage stoff
til Innsyn. Det blir eit sterkt møte og ei sterk historie skal
formidlast.
Inn på kontoret kjem ein mann i sin beste alder. Blid, hyggeleg og helsar. Han set frå seg sekken med
fotoapparatet som han alltid ber med seg. Går litt att og fram og det vert prata om laust og fast. Eg tek meg i
å studere han og finn ingen ytre teikn på at denne mannen har vore hardt skada og ei stund sveva mellom
liv og død.
Ein heilt vanleg dag
Maskinarbeidar Jerzy Podlaski (58) fortel om jobben han heldt på med nede på ein av tankane om bord i
kystvaktfartøyet som var under utrustning. – Eg skulle montere ein sensor på tankpeilesystemet, fortel han.
Eg måtte lage eit lite feste og montere eit rør som leidningane skulle gå gjennom. Den røynde
maskinarbeidaren har jobba så og seie over heile verda på ulike verft og boreplatformer. Han har god
kunnskap om farane med arbeid på tankar. Etter middagspausen går han tilbake til tanken for å halde fram
med monteringsarbeidet. Årstida krev fleire lag med klede og utanpå har han ei tjukk jakke. – Eg riggar
meg til og stikk elektroden bort i stålet for å feste fundamentet for sensoren. Det kjem ein kraftig smell og eg
ser masse lys. Eg vippar opp sveisemaska og oppdagar at eg brenn kraftig over heile kroppen.
Heldt seg for ansiktet
For å verne seg mot flammane held han seg for ansiktet. Han forstår der og då ikkje heilt kva som har
skjedd og har problem med å puste. – Det går nokre sekund – kanskje meir – eg veit ikkje heilt, fortel
Podlaski. Han klarer ikkje å sjå kvar mannholet som leier ut frå tanken er. Han tek etterkvart til å søkje
rundt seg med eine handa og finn etterkvart leideren. – Eg prøvde å slekkje brannen med hendene men det
var umuleg. Varmen blei sterkare og sterkare. Einaste mulegheit var å kome seg ut. I ettertid veit eg at det er
slik med oksygen, fortel Podlaski. Mest truleg var det oksygen som hadde leke ut i tanken. Dersom oksygen
tek fyr så er det svært vanskeleg å sløkkje.
Sat fast
Første hinder var mannholet ut frå tanken som har ei opning på ca 40 x 60 cm. Med masse klede og
flammane som slo oppover mot ansiktet så var det krevjane å kome seg gjennom. For å kome seg vidare
måtte ha gjennom eit nytt mannhol som låg lavt mot dørken forbi nokre rør. Eg måtte bøye meg ned. Det
var vanskeleg med flammane som eg ikkje klarte å sløkkje. I tumultane sette eine foten seg fast mellom røra.
Det såg mørkt ut, seier Podlaski. Blei han sitjande fast kunne det vere slutten. – Eg prøvde å få laus foten. Eg
måtte få han laus og til slutt kom han seg gjennom siste mannholet og ut på dekk.
”Gå og sjekk brannen”
Der kom ein malar og eg bad han om å gå og sjekke brannen. Det er fort gjort for ein brann å spreie seg,
fortel Podlaski. Endå hadde han ikkje forstått omfanget av ulukka kom til å få. – Mannen kom tilbake og sa
at det ikkje var problem med brannen – men korleis er det med deg? I haudet mitt der og då tenkte eg på å
kome meg på land, skifte klede og gå heim i leiligheita.
Industrivernet
Eg gjekk til dusjen i garderoba saman med to frå industivernet. Han huska at dei snakka roleg med meg
heile tida, kjølte med vatn og klipte av meg restane av klede frå kroppen. Eg blei godt teken hand om, seier
Podlaski. Etter kvart kom lækjar og ambulanse. Lækjaren spurte om eg kunne gå til ambulansen. Eg forstod
ikkje heilt det med ambulansen. Eg ville sjølv gå heim. – Etter mi meining var eg ikkje skada. Då
ambulansen etterkvart stoppa ved skuleplassen som ligg om lag 100 meter frå leiligheita lurte han på kvifor
vi stoppa. – Vi skal med helikopter til Haukeland, fortalte lækjaren. Han fekk sprøyter av lækjaren men var
framleis klar i hovudet. I helikopteret spurte han om kvifor vi svinga nordover. – Det var dårleg ver i
Bergen og det blei derfor bestemt at han skulle fraktast til Ålesund. – Når eg kom ut av heisa på sjukehuset i
Ålesund veit eg ikkje meir før eg vakna etter halvannan månad på Haukeland sjukehus i Bergen. Eller det
vil seie ein gong i løpet av perioda hadde han eit lite glimt. – Vi skal tranplantere hud, var svaret han fekk
når han spurte kva som foregjekk.
Meinte det var noko kjent
Når eg vakna såg eg ei kvinne som sat ved senga. Eg meinte det var noko kjent. Først etter eit par dagar
forstod han at det var si eiga kone. Sist eg var på Haukeland fekk eg sjå bileta som var tekna av meg. Eg har
vanskeleg for å tru at det var meg. 70% av musklane var skade og det var lite håp om at han skulle kunne gå
igjen. Smertene var enorme. Det var mykje tåke og mykje morfin. Eg skreik mykje, kona skreik og pleiarane
skreik dei også.
Fantastisk jobb og fantastisk støtte
Det er mange menneske på Haukeland og etterkvart på Sunnås som har gjort ein jobb for å få meg gjennom
det siste året, seier ein tydeleg taksam Podlaski. Kona har stått ved sida heile vegen og han nemner også
spesielt Kirsti og Gerhard Hauge (dei han leiger hus hos), HMS-leiar Kristina Skogstad og sjefen og hans
kone (Petra og Per Jon Husøy) som gode støttespelarar gjennom det tøffe året. – Eg vil bu her i Gursken og
eg vil tilbake i arbeid her. Her er flotte menneske i ein flott natur. Tårene kjem. – Du må skrive ei stor takk
til alle på og rundt Myklebust som har hjelpt og støtta meg gjennom dette.
Smerta har blitt venen min
Er det muleg å forklare smerta du opplever? Nei, og du vil nok helst ikkje vite heller. Til dagleg tek han om
lag 20 sterke tablettar for å halde smertene i sjakk. Det er stort sett berre ansiktet som ungjekk skadane.
Ellers er heile kroppen full av arr etter dei mange hudtransplantasjonane. Smerta har på ein måte vorte
vennen min. Ein del av mitt nye liv, seier han. Det er langt verre med søvnen. Eg søv på det meste ein time i
slengen. Lækjarane seier det er normalt etter ei periode med så mykje morfin. Dei seier det vil gå over - og
eg trur på dei.
Berga musklane
Mykje av muskelfesta i beina var avrivne eller skada og måtte skøytast og fiksast igjen. Den tidlegare aktive
og veltrena basketballspelaren og symjaren bestemte seg for at han skulle gå normalt igjen. Etter ei veke på
Sunnås kom han seg opp på beina og over golvet saman med gå-stolen. Treningsmengda skulle vere 15
minutt for dag med fri i helgane. Eg kjende eg hadde krefter og trena fleire timar om dagen. – Eg fekk dei til
å låse opp treningslokala også i helgane og då kona skulle kome på besøk forhandla eg meg fram til å reise
til Gardermoen for å ta i mot henne. – Det blei eit sterkt møte, seier Podlaski.
Kvifor
Han har enno ikkje fått svaret han har stilt til Gud om kvifor nettopp han skulle oppleve ei slik ulykke. Kva
er det han vil seie til meg? Han har aldri vore sjuk, alltid klart seg sjølv om han har opplevd mange ulykker.
Men dei har alltid råka andre. Ein gong under ein brann på ei platform i Brasil hoppa han 40 meter rett ned i
sjøen. Han overlevde og blei plukka uskadd opp av ein båt. Andre blei ikkje det. Men no var det altså meg.
Men, eg fekk ein ny sjanse. Kanskje ligg noko av svaret der. At han framleis får vere saman med kona si og
treffe barn og barnebarn.
Planar var før
-Du har kanskje ein plan vidare? Nei, eg har ingen planar no. Det var noko av det som endra seg dei
dramatiske sekunda for eit år sidan. Eg takkar vår herre for dagen i dag og har håp om neste dag. Før hadde
eg draumar om å tene pengar, kjøpe hus i Gursken og kanskje bil. Det tenkjer eg ikkje på no. Det får vente. I
mellomtida pleiar han sin store hobby: Foto. – Naturen her er fantastisk og eg går mykje rundt og tek bilete.
Særskild lidenskap har han for norske motiv med traktorar og hus. Men, ein dag vil eg tilbake til det
normale. Då lagar eg kanskje også ei bok om norske hus og gamle traktorar. Det er fantastiske motiv,
avsluttar Podlaski.
Ettermarknaden
rører på seg igjen
Ankerhandteringsfartøyet
BB Troll til Myklebust
Salssjef for ettermarknaden ved
Myklebust Verft ser fram til at
første jobben klappar til kai over
nyttår. – Etter planen skal vi starte
jobben midt i januar 2011, seier Åge
Sandvik. Han har fått ansvaret for å
selje
verftet
inn
igjen
i
ettermarknaden. For BB Troll sin
del gjeld det forsterking av
akterdekk og hekkrull, skifte av hovudtavle, installasjon av DP og mindre utbetringsarbeid i
innreiinga. Som kjent har det vore ”haugen på” med nybygg siste tre åra.
– Det vil nok gå noko tid før vi er inne igjen hos reiarlaga, men med denne jobben i boks har vi teke eit
viktig steg i rett retning, meiner Åge.
Kystvaktene
- Elles er det klart at vi skal førebu
kystvaktfartøya KV Bergen og KV Sortland for
installasjon av redningsutstyr for ubåtar. I
tillegg skal vi gjennomføre arbeid i samband
med eitt års garantien på desse fartøya. Kystvaktene kjem til verftet i januar og til
sommaren ein gong. Det har vore rimeleg
daudt ein periode med få førespurnader. Men,
no er vi inne og reknar på fleire
aktuelle
jobbar som etter planen skal utførast i 2011.
Ryktebørsen
- Målet er at BB Troll
tek med seg gode
røynsler frå opphaldet
ved
Myklebust
og
spreier denne bodskapen vidare til dei
andre
fartøya
som
nyttar Aberdeen som
base,
avsluttar
ein
optimistisk Åge.
Salssjef for ettermarknaden ved Myklebust
Verft, Åge Sandvik, har
skrive kontrakt med
Buksér og Bergning som
gjeld ombygging og
vedlikehald av
ankerhandteringsfartøyet
BB Troll.
Myklebust innfører system for adgangskontroll
I løpet av kort tid flyttar gjengen ved
varemottak inn i nye kontorlokale ved porten
til Myklebust Verft. Her skal dei i tillegg til
handtering av logistikken no også halde orden
på kva personar og bilar som fer gjennom
portane. Systemet, som blir levert av Niscayah,
er om lag tilsvarande det som allereie er teke i
bruk ved Kleven Verft. Leveransen inneber ein
hovudport for personar og køyretøy, ein del
dørlåsar, kameraovervaking og alarmar.
ISPS
I tillegg til å sikre betre oversikt over kven som
er inne på anlegget til ei kvar tid, er
Gjengen på varemottak flyttar snart inn i Logehuset.
investeringa også viktig med tanke på aukande
Frå v.: Silvia Belelli, Ståle Refsnes og Jan-Kjetil Rovde.
krav for ettermarknadsaktivitetar. ISPS-koden
stiller nemleg krav til hamneterminalar som tek imot fartøy over 500 brutto tonn. The International
Ship and Port Facility Security Code er utarbeidd av FN sin sjøfartsorganisasjon IMO. Føremålet er å
verne fartøy i internasjonal fart mot terrorhandlingar. Passasjerar og mannskap er også omfatta av
reglane. Etter planen skal adgangskontrollsystemet vere fullt oppe og gå innan januar 2011. På typisk
Myklebust-vis har også dette huset fått sitt eige namn – ”Losjehuset”.
Ny istid velkomen til Gursken?
Det går rykte om utstrekt tørrkøyring etter at
nokre ved bedrifta gjekk til felles innkjøp av
snøfresarar. Snøfresarane kom – men snøen
kom ikkje. Forbaska! Nokre klarte ikkje å vente
og ein av ”fresarane” i Sætre-feltet har fjerna det
meste av grus, vegstikker, laushundar og
forbipasserande.
Vedkomande testkøyrar har sjølv uttrykt
bekymring for å verte sperra inne, plutseleg og
utan varsel. På Skaugum ser og høyrer ein
vaksne mannfolk på 50 – 60 år og vel så det gå
rundt
i
gangane
med
tilfredse
og
forventningsfulle glis. Kvart eit forbaska
snøfnugg som har kome siste tida har vorte
kommentert. Dei har omtrent same roa som ein
5 åring kl 3 på ettermiddag før julekvelden. I middagspausa går tida med til å dele røynslene frå
oppstarten av vidundera, alt etter om dei las instruksjonsboka før eller etter snortrekk. Ja, mykje verre
og meir inngåande diskutert enn oppstarten på ”Siem” båtane eller ”Kystvaktene”. Meir inngåande har
det aldri før vore sett eller høyrt ein slik inngåande kompetanseflyt mellom kollegaer.
Og, no sete dei og diskuterer kven som har lengst sprut! Ja, no når snøen kom altså.
Ufarlege er dei heller ikke. Skrivar av desse strofene har sjølv vorte skadelidande. Eg var så uvørdsam
å stoppe opp for å pleie mitt gode naboskap. Takka for det var at i same augneblink som eg låra ruta
blei bilen fylt med snø. Og igjennom snøføyka kunne eg så vidt skimte ein figur totalt tildekka av snø.
Eg kunne ikkje dy meg for å kommenterte synet, og fekk til svar at det forsatt mangla ei viss tilvenning
mellom person og spjeld, ja, ærleg det var han, det skal han ha.
Og her står eg me ditta hersens snøbrettet med knappe 10-15 meter veg og høyrer på snøfresaren til
naboen. Søren altså at eg ikkje trekte huse litt lenger i frå vegen.
Gode jul og pass dokke om det vert meir snø, dissa karane er ikkje heilt go’.
Kleven Maritime Technology AS
Eit selskap i KMA
KMA eig 51% og Hareid Elektriske 49%
Styret i Kleven Maritime Technology AS
Frå venstre:
Stian Erik Bjåstad ,styreleiar Ståle Rasmussen, Ole Kristensen, Per Øvrelid, Ronald Dyrhol og Bjørn
Bjåstad.
Kleven Maritime AS og Hareid Elektriske AS har gått saman om å etablere eit nytt selskap innan
området ”maritim elektronikk”. Selskapet har fått namnet Kleven Maritime Technology AS.
Kleven Maritime AS eig 51 % og Hareid Elektriske AS 49 % av aksjane i det nye selskapet.
Selskapet sitt formål er å drive verksemd innan maritim industri, med spesiell fokus på
konseptutvikling og innovasjon innanfor områda maritim elektronikk, maritim automasjon og
maritime kommunikasjonsløysingar.
Vidare er utvikling av konsept for ettermarknaden og endring av eksisterande skip satsingsområde for
selskapet. Dette vil omfatte blant anna pakkeløysningar, systematisk vedlikehald og
reparasjonsverksemd nasjonalt og internasjonalt.
Selskapet er i ein tidleg fase, og ein tek sikte på i løpet av januar 2011 å rekruttere tilsette inn til det som
skal bli eit spanande og nytenkande teknologimiljø, i første omgang knytt til skip som skal byggast
eller som er bygde ved Kleven Maritime sine verft.
Lokalisering av selskapet er enno ikkje fastsett, men vil vere i tilknyting til dei to eigarselskapa sine
eksisterande verksemder.
Byggverk snart klar for levering
Name:
KJØYSÅ
Homeport:
KJØYLÅ
Owner:
Ukjent
Draught:
Unknown
Fr.spacing:
600mm
Speed:
Dead Slow
Class:
KVE, 1A1+ BARGE
Options: No options.
LOA:
B:
D:
14m
7m
2m
I Kleven si historie kan vi finne tilfelle av at farty har blitt bygd utan at kontrakta nokon gong har vore
offentleggjort. Siste registrerte tilfelle av dette ligg på referanselista til Kleven Maritime slik:
261
Bulk Carrier
Kleven
Kari Arnhild
Jebsens
00.00.1994
Før altså no!
Det har ikkje vore lett for Innsyn å finne opplysningar om verken design, reiar, leveringsdato eller andre
ting når det gjeld dette fartyet. Det vi likevel har fått brakt på det reine er at det her er snakk om eit
fleirbruksfarty.
Innsyn har elles kome over denne mailen:
Skipskonstruktør og designar, Bjørn Hånes, har inspisert nybygget på land og kommenterer at
”Det ser bra ut”.
”Kjøyså” er no malt i ”Kleven Blå” og bunnsmurt.
Fenderar kjem ilag med leveransen til 344/345 over nyttår.
Det kan sjå ut til at Kjøyså vert ståande på land til den tid og at krengeprøve og dåp vert utført
så snart som mogleg etter sjøsetting.
Vi arbeider no med stabilitetsberekningar for ”fartyet”.
Sikre kilder Innsyn har vore i kontakt med hevdar å ha sett fartyet segle ut Rovdefjorden og passert
Ulstein i skumringa, med sløkte lanterner.
Når vi veit at dei nye sveiserobotane på Rovde treng å bli testa og innkøyrde, at vi har stål liggande frå
VS491 CD serien og at vi i Køyla har ein lekter som vert nytta til ”skutesidearbeid” som er 50 år og
utett som ein sil ------ Ja, då har vi von om at dette er ein ny lekter som skal gjere det sikrare og enklare
å gjere utvendig arbeid på fartya som skal ferdigstillast i Køyla.
Når dei involverte ser ut til å ville slå saman krengeprøve og dåp så minner vi om at det er fartyet som
skal ha champagnen og som skal krengeprøvast.
Billy kjem til å stille med blåseutstyr og han kjem også til å ta krengeprøve på dåpsgjestane morgonen
etter seremonien.
Vi er spente på om det vert gudmor eller gudfar som skal knuse flaska J
Siste nytt i saka går ut på at reiarlaget har fått ”haste-chart” til fartyet og at dei kjem til å ta over
eigarskapet utan at fartyet er heilt ferdigstilt! Dei ber om at dette ikkje kjem bankar, advokatar og
garantistillarar for øyre.
Fenderarrangement vert likevel levert ilag med 344/345 og vert då å sjå på som ei garantisak.
Rem Fortress
Bnr. 345, type VS 485 MK-II
Milepælar og hovudaktivitetar:
Brennestart Polen
16.aug.10
Bygge seksjonar på Rovde
28.sep.10
- 11.jan.11
Utrustning av maskinrom i hall
24.jan.11
- 26.feb.11
Levering av stålblokker frå Polen
25.feb.11
Bedding
14.mar.11 - 20.mai.11
Sjøsetting
21.mai.11
Sjøtestar
10.sep.11
Levering
30.sep.11
Company
- 22.sep.11
Colour
Utska
Stocznia Gdansk
Konrem Nauta
Kleven Verft - Rovde
Prosjekt gruppene på 344 og 345
Framme frå venstre: Rudi Amundsen, Terje S. Nilsen, Bjørn
Hånes, Janne Vattøy
Bak frå vestre: Karsten Bendal (Hareid Elektriske),
prosjektleiar May Kristin Myklebust, Kjell Alme, Jogeir
Skinnes og Jarle Kjøde
May Kristin Myklebust er prosjektleiar for
Rem Fortress og Rem Commander. Ho har
med seg Jogeir Skinnes som planleggar/
ass.prosjektleiar på Rem Fortress og Kjell
Alme på Rem Commander. Prosjektgruppa er
godt i gong med arbeidet og heile gruppa har
prosjektmøte kvar tysdag. May Kristin har
tidlegare vore prosjektleiar på fleire av fartya
som Kleven har levert til REM.
Frå reiarlaget er Paul Sætre no med på
rederimøta og etter kvart vil inspektørteamet
kome på plass. Inspektørane frå REM skal
installere seg i kontora på Lunheim og vil vere
på plass der i januar. Inspektørane som er
ventande hit er Arve Eggesbø, Egil Pedersen,
Ståle Nykrem, Atle Hauge og Louis Skjong.
Hemmeleg
- Ikkje berre i dagane før jul, men heile året.
Tida før jul byr på utfordringar for oss alle.
Ikkje berre er det mykje som skal gjerast av
huslege ting for å halde på tradisjonane,
men vi skal også foreta oss ”hemmelege”
ting. Vi durar rundt på butikkar og gjer
innkjøp vi ikkje kan fortelje om når vi kjem
heim og vi gøymer boblejakker og skisko,
innpakka i glansa papir, på dei mest
løyndomsfulle stadar. Vi er glade for at
dette er ein ”desemberaktivitet” og pustar
letta ut når vi igjen kan spele med opne
kort.
Men så er der altså dei blant oss som er
”hemmelege” heile året!! Og ikkje berre det
Salsdirektør Arve Holstad og salssjef Rune Gamlem
at det er hemmeleg, men det er også av stor
interesse for oss, så derfor spør vi heile tida om korleis det går.
Det er vel andre enn Innsyn som har spurt Arve om korleis marknaden er?
Eg har også prøvd desse variantane:
-Er det noko rett rundt hjørnet? -Trur du vi greier å ”tette holet”? -Har du haurt noko frå Åge? - Har du
høyrt at Stig var observert i Tomrefjorden sist torsdag? Såg du i avisa at Bourbon har store planar? Og
Arve han svarar: Ja då, eg har haurt det. Ja då, eg trur det. Ja då, eg har trua.
Alle involverte partar vil halde korte tett inntil kroppen til alt med ei ny kontakt er heilt klart.
Salsavdelinga vår vil ikkje at vi skal bli skuffa dersom noko ikkje går som forventa, dei vil ikkje at
konkurrentane skal vita at noko stort nærmar eg, og reiarane , særleg dei børsnoterte, vil ikkje at ting
skal kome ut før det er endeleg. Men det er ikkje lett å tette alle desse hola. Før ei kontakt vert skriven
må intensjonsavtalar vere gjort med sentrale leverandørar, design og teikningar må vere på plass,
skrog og stål må vere sikra og vi må vite at bankane vil vere med på å finansiere planane. Altså mange
som veit, men likevel hemmeleg!
Dei som arbeider nært innpå salsavdelinga kjenner etter kvart ”lusa på gangen”. Vi veit at når Arve og
Rune får besøk og er opptekne av at maten skal vere god, møterommet skal vere det beste og dei sjølv
stiller med press i boksa, ja då er det noko på gang. Dei spring gjerne i gangane desse dagane. Dei spør
etter småting som dei elles ordnar sjølve og dei sjekkar om det er ledig parkeringsplass utanfor
administrasjonsbygget. Dei er spente!
7 gonger i år har det vore skrive kontraktar om nybygging i Kleven Maritime og det er like spanande
og like stort kvar gong. Det er stort og det er kjekt når reiarar som tidlegare har bygd hjå oss kjem
tilbake og det er stort og kjekt når nye reiarlag kjem til Kleven Maritime. Dei som kjem tilbake er nøgde
med produktet dei har fått og gir oss ny tillit. Dei som kjem for fyrste gong har nok sjekka oss nøye i
saumane og funne at vi har gode referansar og er til å stole på.
Ei kontrakt i 2010 er eit omfattande dokument, gjerne hundre sider, og med kontrakten fyl
spesifikasjonar på fleire hundre sider. Mykje av desse dokumenta er standardiserte for skipsbygging i
Norge, men skal likevel gjennomarbeidast og ha med det meste.
Og så er det dette med prisen! Den skal dekke lønningar og andre personalutgifter, innkjøp av teneste
og materiell, dekke indirekte kostnadar som høyrer til å drive skipsverftet, dekke finansutgifter og
forsikringar, store rekningar frå underleverandørar som leverer både arbeidstimar og utstyr. Og når
alle rekningar er betalt og oppgjerets time er komen, då skal det gjerne vere nokre kroner igjen.
Det vi er spente på no er: Greier salsavdelinga å tette holet på Myklebust? Kva med opsjonane til
Olympic, skulle ikkje det avgjerast i desember? Korleis ser du på 2011? Men det er ingen vits i spørje –
alt er hemmeleg – heilt til det er endeleg- Då vil vi ha så mykje merksemd vi berre kan få!
Vi set vår lit til karane på salsavdelinga – held dei fram som dei stemnar så går dette rett så godt.
Vi seier lukke til.
Fløtetrøffel
ca. 30 stk.
225 g mørk sjokolade
1 ½ dl kremfløte
1 ss konjakk (kan sløyfes)
100 g melis
1 ss sterk, kald kaffi
Kakaopulver
Ha fløyten og sjokoladen i ein rustfri kasserolle og kok opp.
Rør til sjokoladen er smelta og blandinga er glatt. Avkjølast til romtemperatur.
Rør inn kaffi, evt. konjakk og melis. Rør til det blir en glatt masse. Dekk til og sett kjølig i 2 timer.
Form til bollar som rull i kakaopulver.
Legg i papirformer. Oppbevarast kjølig.
Valnøttbrød
3 stk.
7 1/2 dl vatten
1/4 dl olje
50 g gjær
2 ss lys sirup
1/2 ss grovt salt
100 g valnøttkjerne
110 g rugmjøl
815 g kveitemjøl
1. Varm vatten og olje til fingertemperatur. Løys opp gjæra i vatnet.
2. Bland i sirup, salt og grovhakka valnøttkjerne.
3. Rør mjølet inn i deiga til den slepp bollen.
4. La deiga heve i 40 min.
5. Elt deiga, del den i 3, og form delane til runde brød.
6. Legg brøda på en bakeplate med bakepapir. Snitt dei på overflata.
Etterhev i ca 30 min. Sett steikeomnen på 200 °C.
7. Steik brøda på nedste rille i omnen i 30–40 min., til dei er gyllenbrune.
LUKKE TIL!
Nybryggja øl til jul
STRAKS før jul var det nybryggja øl på ein av gardane som ligg høgt i Geiranger .
Det var berrfrost og glatt, og ein av gjestene hadde fått med seg ei lita flaske på baklomma då han sette
kursen heim gjennom kvelden, for han var ungkar og einsam i jula. Men då han skulle ned dei bratte
bakkane etter laget, glei føtene unna han. Han stogga ikkje før han var nesten nede i fjøresteinane.
Mørbanka reiste han seg, kjende varsamt nedetter bukselåret bak og merka væte. Då kom det: "Eg vil
no inderleg håpe det er blod."