Bygdekafe 2015.pdf

Download Report

Transcript Bygdekafe 2015.pdf

BYGDEKAFE 2015

På ope møte 13.01.15, der representantar for lag og organisasjonar i bygda var invitert, vart me samde om at Bygdekafèen var liv laga, og at me vil halda fram med denne i 2015 og. Men me bestemte å redusera kafèdrifta frå 9 til 6 kafèar dette året. Laga vel sjølve om dei vil bruka gymsalen eller kjøkenet til kafèane sine. Tidspunktet brukar å vera søndag kl.16.00 18.00 For at arbeidsmengda ikkje skal verta for stor på enkeltpersonar og på lag/organisasjonar vil tilrettelegginga av kafèen fortsatt gå på omgang blant dei frivillige laga i bygda. Det treng ikkje vera styret i dei ulike laga som gjer alt arbeidet. For dei laga som har aktive medlemmer er dette eit fint høve til å gjera noko kjekt i lag. Det er opp til kvart lag kor lite/mykje dei vil gjera ut av det. Menyen treng ikkje bestå av meir enn kaffi, te, saft og noko godt å bita i. Overskotet for «Sundagskaffien» går til Herand Kulturhus. Bygdelaget har ansvar for økonomien. Det laget som har ansvar må setja opp plakat, handle inn kaffi osb. Varer

kan

skrivast på Herand bygdelag sin konto hjå Joker Herand Landhandel, men det enkelte lag kan sjølvsagt gjere innkjøp for eigen rekning om dei vil. Eit eventuelt overskot kan setjast inn på Herand Bygdelag sin konto 3450.35.97766.

Nøkkel til skulen kan hentast hjå Sigmund Eiken eller Marta Bergstø.

Dato

1. februar 8. mars 26. april

Ansvarlig lag

Herand Idrettslag Herand Danselag Luren 4 H

Kontaktperson

Inger Johanne Linjord Johan Haugen Una Eiken 30. august 15. november Kvinne&Familielaget Musikklaget Marit Samland Ingeborg Huus

Bygdelaget vil ha sin kafè knytt til Haustmarknaden laurdag 10.oktober

Dersom det ikkje høver, er det fint om de kan byta «innbyrdes». Ta kontakt med Marta Bergstø (telefon 48128670 epost [email protected]) om de har spørsmål o.l. Helsing styret i Herand Bygdelag