Bygdekafe 2014.pdf

Download Report

Transcript Bygdekafe 2014.pdf

BYGDEKAFE – vinter og vår 2014
Det er tydeleg at nokre av oss trivst med å drikka kaffi lag og «drøsa» ein sundag i månaden,
så me «freistar» å halde fram med Bygdekafè denne hausten og.
For at arbeidsmengda ikkje skal vera for stor på enkeltpersonar og på lag/organisasjonar vil
tilrettelegginga av kafèen fortsatt gå på omgang blant dei frivillige laga i bygda. Det treng
ikkje vera styret i dei ulike laga som gjer alt arbeidet. For dei laga som har aktive medlemmer
er dette eit fint høve til å gjera noko kjekt i lag.
Me tenkjer at kjøkenet på skulen kan nyttast ein sundag kvar månad kl 1600-1800. Det er
opp til kvart lag kor lite/mykje dei vil gjera ut av det. Menyen treng ikkje bestå av meir enn
kaffi, te, saft og noko godt å bita i. Overskotet for «Sundagskaffien» går til skulehuset.
Bygdelaget har ansvar for økonomien.
Det laget som har ansvar må sette opp plakat, handle inn kaffi osv. Varer kan skrivast på
Herand bygdelag sin konto hos Herand handel, men det enkelte lag kan sjølvsagt gjere
innkjøp for eigen rekning om dei vil. Eit eventuelt overskot kan setjast inn på Herand
Bygdelag sin konto 3450.35.97766.
Nøkkel til skulen kan hentast hos Sidsel Haugen, Gerd Ingeborg Haugen eller Sigmund Eiken.
Dato
Ansvarlig lag
Kontaktperson
12. januar
2. februar
9. mars
6. april
4. mai
Herand Idrettslag
Herand Kvinne- og familielag
Herand Danselag
Herand Bygdelag
Herand Landskapspark
Inger Johanne Linjord
Marit Samland
Johan Haugen
Leiar
Silvio Echl
Dersom det ikkje høver er det fint om de kan bytte «innbyrdes». Ta kontakt med Sidsel
Haugen (telefon 41 10 36 43 epost [email protected]) om de har spørsmål o.l.
Helsing styret i Herand bygdelag