funfacts nynorsk

Download Report

Transcript funfacts nynorsk

Fun facts

Farleg avfall og EE-avfall

Mengda farleg avfall som går til ukjend behandling kvart år svarar til vekta av 15 200 elefantar. (Eksempelet er basert på at ein gjennomsnittleg elefant veg 5 tonn) Nesten halvparten av alle kjøleskap inneheld klimagassen R12. (Kilde: Elretur) Det finst eit måleinstrument, ein “miljøpistol”, som kan rettast mot eit kvart materiale, og gje deg svar på kva slags stoff som finst i materialet. (Kilde: Elretur) Det er ulovleg å selje sparepærer som inneheld meir enn 3,5 milligram kvikksølv. I ein test gjort av NRK fann dei likevel sparepærer som inneheldt nesten 8 gonger meir enn grenseverdien. (Kilde: NRK - Ulovlig mye kvikksølv i sparepærer) Batteri som er laga før 1997 kan innehalde opp til ti gonger så mykje kvikksølv som nyare batteri. (Kilde: Zimrig, Carl A. 2005. Cash for Your Trash. New Brunswick, NJ: Rutgers University Press) Kvart år vert det samla inn så mykje EE-avfall i Noreg, at dersom ein fylte opp lastebilar med ee-avfall og stilte dei opp etter kvarandre ville dei ha strekt seg frå Oslo til Lillehammer. (Eksempelet er basert på ein lastebil som er 10 meter lang, og som rommar 9 tonn) 60 gjenvunne mobiltelefonar sparar miljøet for nok CO2 til å halde ein 42 tommar LCD-TV slått på i 2 år og 3 månader. (Kilde: Stena Recycling - Klimahjulet) Det er 40 til 50 gonger meir effektivt å utnytte innsamla ee avfall enn å drive vanlege gruver for å utvinne metallet. (Kilde: GeSI - Urban Mining Worth Billions) Over 80 % av ee-avfallet blir materialgjenvunne. Det vil seie at det blir laga nye produkt av det. (Kilde: eeregisteret.no) Kvart år vert det brukt 320 tonn gull og meir enn 7 500 tonn sølv på verdsbasis til å lage PCar, mobiltelefonar, nettbrett og andre nye elektroniske produkt. (Kilde: GeSI - Urban Mining Worth Billions) Sprayboksen fekk sitt gjennombrot under andre verdskrig då den vart fylt med insektmiddel og brukt av soldatar i felten. (Kilde: snl.no) Visste du at medaljane i OL i Vancouver brukte metall frå gjenvunne elektronisk avfall? (kilde: http://www.guardian.co.uk/ environment/2010/feb/18/winter olympics-vancouver-recycled medals) I eitt tonn gullmalm fins det ca 5 gram gull, medan det i eitt tonn med kretskort kan vere opptil 250 gram gull? (Elretur) I eit KFK-kjøleskap produsert før 1993 er det så mykje klimagass at det svarar til 10 000 km med bilkøyring. (Elretur) Glas frå gamle tv-apparat inneheld bly, difor kan det brukast i veggane på røntgenrom på sjukehus. (Elretur) Visste du at det blir gjenvunne over 150 000 vaskemaskiner årleg i Noreg? (Kilder: Stena metall, Revac og Weee recycling) Bly har eit etablert og lukka kretsløp som berre i Noreg gjev 10.000 tonn bly i året. (Batteriretur) Visste du at stålet i vaskemaskiner kan bli til tannhjul på syklar?

Visste du at glaset i gamle PC skjermar kan bli til sykkellykter?

Plastemballasje

Visste du at 325 bruskorkar kan bli ein elevstol?

Visste du at 8 PET plastflasker = ei fotballdrakt? Visste du at både Brasil og Portugal har spelt i fotball-VM med drakter av resirkulerte plastflasker? (the Guardian) Ved å gjenvinne 1 kilo plast sparar vi så mykje som 2 kg olje! Visste du at druebeger og smoothieflasker kan bli til sykkelskjermar?

Drikkekartong

Mengda drikkekartongar vi gjenvinner kvart år tilsvarar 140 000 tre! (GPN og Skogselskapet) Mengda drikkekartongar som blir gjenvunne kvart år tilsvarar ein skog på storleik med 230 fotballbanar! (GPN og Skogselskapet) Ved å gjenvinne 100 grandisesker sparar vi like mykje energi som ein tørketrommel som står på i 12 timar!

Fun facts

Papir

Av 10 aviser kan vi lage 7 nye notatblokker (Kilde: BIR) Når vi lagar ein kilo avispapir frå gjenvunne materiale samanlikna med nytt materiale, sparar ein nok energi til å lade ein mobiltelefon så han held til å snakke samanhengande i 4 1/2 månad. (Kilde: Stena Recycling) Mengda papir som blir gjenvunne i Noreg kvart år, sparar like mykje CO2 utslipp som frå 35 000 biler!

Metallemballasje

Vi kan lage 300 000 syklar av metallemballasjen som blir gjenvunne i Noreg kvart år! Ein gjenvunnen makrell i tomat-boks sparar så mykje energi det tek å ha på tv’en i 3 timar! (Kilde: The International Aluminium Institute - omregnet fra brusbokseksempel) Ein gjenvunnen makrell i tomat boks sparer CO2 utslepp på linje med 1,5 km i bil (omrekna frå brusbokseksempel) Av 670 resirkulerte aluminiums boksar kan vi lage ein sykkel. (kilde: repak) Metallemballasjen som blir gjenvunnen i Noreg kvart år tilsvarar vekta av eit middels stort hurtigruteskip.

Mellom 40 og 50 % av metallproduksjonen i Europa kjem frå resirkulert metall. (Kilde: Norsk Returmetallforening)

Bølgepapp

Visste du at det vert arrangert ein bølgepappseilas på Glomma kvart år?

Visste du at ei gjenvunne banankasse sparar like mykje CO2

Kler

Dersom du kjøper eit brukt klesplagg i staden for eit nytt kvar månad, er du med på å kutte nesten 500 kilo CO2 utslepp i løpet Berre i Bergen by samlar Fretex årleg inn nok møblar og klede til å fylle opp Bergen rådhus tre gonger. (Fretex)

Matavfall

Av alle egga vi kastar årleg i Noreg kunne vi ha laga 3 millioner omelettar. Dette er egg vi kunne ha ete opp! (Format) Dersom vi la alle brøda vi kastar i Noreg kvart år på langs i ei rekkje, hadde dei strukke seg frå Nordkapp til Cape Town og tilbake att!

Visste du at vi kan køyre 96 meter på eit bananskall?

Gips

40 000 tonn med gipsavfall vert nedgravd på deponi i heile verda, kvar dag, 365 dagar i året. Dette er gips som kunne blitt til ny gips! (Gips Recycling)

Dekk

I 2007/08 la Spania heile 50 km motorveg med gummiasfalt. (Dekkretur) Det går ca. 25 slitebanar til ei sprengematte på 5 x 6 meter.

(Dekkretur) Til ein kunstgrasbane går det med ca 100 tonn gummigranulat, det er omlag 140 tonn kasserte dekk. (Dekkretur)