Fun facts om farleg avfall og EE-avfall

Download Report

Transcript Fun facts om farleg avfall og EE-avfall

Fun facts om farleg avfall og EE-avfall
Mengda farleg avfall som går
til ukjend behandling kvart
år svarar til vekta av 15 200
elefantar. (Eksempelet er basert
på at ein gjennomsnittleg
elefant veg 5 tonn)
Det er 40 til 50 gonger meir
effektivt å utnytte innsamla
ee-avfall enn å drive vanlege
gruver for å utvinne metallet.
(Kilde: GeSI - Urban Mining
Worth Billions)
Nesten halvparten av alle
kjøleskap inneheld klimagassen
R12. (Kilde: Elretur)
Over 80 % av ee-avfallet blir
materialgjenvunne. Det vil seie
at det blir laga nye produkt av
det. (Kilde: eeregisteret.no)
Det finst eit måleinstrument, ein
“miljøpistol”, som kan rettast
mot eit kvart materiale, og gje
deg svar på kva slags stoff som
finst i materialet. (Kilde: Elretur)
Det er ulovleg å selje
sparepærer som inneheld meir
enn 3,5 milligram kvikksølv.
I ein test gjort av NRK fann
dei likevel sparepærer som
inneheldt nesten 8 gonger meir
enn grenseverdien. (Kilde:
NRK - Ulovlig mye kvikksølv i
sparepærer)
Batteri som er laga før 1997
kan innehalde opp til ti gonger
så mykje kvikksølv som nyare
batteri. (Kilde: Zimrig, Carl A.
2005. Cash for Your Trash.
New Brunswick, NJ: Rutgers
University Press)
Kvart år vert det samla inn så
mykje EE-avfall i Noreg, at
dersom ein fylte opp lastebilar
med ee-avfall og stilte dei
opp etter kvarandre ville
dei ha strekt seg frå Oslo til
Lillehammer. (Eksempelet er
basert på ein lastebil som er 10
meter lang, og som rommar 9
tonn)
60 gjenvunne mobiltelefonar
sparar miljøet for nok CO2 til å
halde ein 42 tommar LCD-TV
slått på i 2 år og 3 månader.
(Kilde: Stena Recycling Klimahjulet)
Kvart år vert det brukt 320 tonn
gull og meir enn 7 500 tonn
sølv på verdsbasis til å lage
PCar, mobiltelefonar, nettbrett
og andre nye elektroniske
produkt. (Kilde: GeSI - Urban
Mining Worth Billions)
Sprayboksen fekk sitt
gjennombrot under andre
verdskrig då den vart fylt
med insektmiddel og brukt av
soldatar i felten. (Kilde: snl.no)
Visste du at medaljane i OL
i Vancouver brukte metall frå
gjenvunne elektronisk avfall?
(kilde: http://www.guardian.
co.uk/environment/2010/feb/18/
winter-olympics-vancouverrecycled-medals)
I eitt tonn gullmalm fins det ca 5
gram gull, medan det i eitt tonn
med kretskort kan vere opptil
250 gram gull? (Elretur)
I eit KFK-kjøleskap produsert
før 1993 er det så mykje
klimagass at det svarar til
10 000 km med bilkøyring.
(Elretur)
Glas frå gamle tv-apparat
inneheld bly, difor kan
det brukast i veggane på
røntgenrom på sjukehus.
(Elretur)
Visste du at det blir gjenvunne
over 150 000 vaskemaskiner
årleg i Noreg? (Kilder: Stena
metall, Revac og Weee
recycling)
Bly har eit etablert og lukka
kretsløp som berre i Noreg
gjev 10.000 tonn bly i året.
(Batteriretur)
Visste du at stålet i
vaskemaskiner kan bli til
tannhjul på syklar?
Visste du at glaset i gamle PCskjermar kan bli til sykkellykter?