Flyer, førkonferansekveld

Download Report

Transcript Flyer, førkonferansekveld

Velkomen til «førkveld» på Lovisenberg Gjestehus i Oslo.
For fjerde år på rad arrangerer vi ei samling kvelden før den store trusopplæringskonferansen på
Lillestrøm 22. oktober www.trosopplaringskonferansen.no , (Ylva Eggehorn, Marco Elsafadi m.fl .).
Kvelden er open for alle interesserte medarbeidarar i kyrkjelydar i Bjørgvin bispedøme.
Stad: Lovisenberg Gjestehus, Lovisenberggata 15, 0456 Oslo.
Buss nr 37 frå Oslo S. Buss nr 20 frå Majorstua.
Når:
Tysdag 21. oktober kl. 17 – 21.
Målet med samlinga er at deltakarane får møte andre frå Bjørgvin, knyte kontaktar, utveksle
erfaringar og få faglege innspel!
Vi er så heldige at vi har fått med oss Magne Lerø, redaktør i vekeavisa
«Ledelse». Han er kjent mediekommentator mykje brukt i Dagsrevyen og
Dagsnytt 18. Han kjem opphavleg frå Askøy, og har eit sterkt kyrkjeleg
engasjement. Vi gleder oss til å høyre han!
Sist «førkveld» hadde vi invitert Maicon Steuernagel; NMS-misjonær frå
Brasil til Norge! Han blei diverre sjuk og forhindra då, men kjem i år med
same tema! Han vil gi oss eit humørfylt skråblikk på den norske kulturen og
Den norske kyrkja – sett utanfrå!
PROGRAM:
17:00 Pizza og sosialisering .
17:45 Velkomst og presentasjon.
18:00 Omdømme i kyrkjelyden. Korleis kan trusopplæringa vera med å skape eit godt
omdømme på den lokale plassen. Magne Lerø, foredrag og etterfølgjande samtale.
19.30 Pause.
19:45 Skråblikk på den norske kulturen og Den norske kyrkja v/Maicon Steuernagel.
20:15 Samtale og erfaringsdeling.
21:00 Slutt (men dei som har lyst kan vera igjen for meir sosialt samvær - prate, synge, dele…).
Denne kvelden er ei gåve til deg som står på for trusopplæringa i bispedømet vårt, så den kostar
ingenting for kyrkjelyden din! Vi håpar du ha lyst å vere med!
Påmelding på questback snarast, og innan 10. oktober:
https://response.questback.com/bjrgvinbispedmme
Overnatting ordnar de sjølv, men vi har halde av ein del rom på Gjestehuset Lovisenberg for
deltakarar frå Bjørgvin. Ta kontakt på tlf.: 22 35 83 00 om de ynskjer overnatting der (førstemann til
mølla). www.lovisenberg.no/gjestehuset .
Rådgjevarane for trusopplæring, Torfinn Wang og Sverre Johan Nærheim , Bjørgvin bispedøme.