Ein knyttneve mot islam

Download Report

Transcript Ein knyttneve mot islam

30
MELDINGAR
DAG OG TID FREDAG 19. AUGUST 2011
Ein knyttneve mot islam
Utopistar skriv betre bøker enn dei fleste andre. Dei slepp å taka politiske omsyn.
SAKPROSA
JØRGEN SANDEMOSE
Venstrefløyen og
islam
VALDISHOLM FORLAG 2011
K
va bør venstrefløya svara på
spørsmålet om dei vil ha
islamsk innvandring, spør
filosofen og marxisten Jørgen Sandemose på side 121 i si heilt ferske bok: «Til dette bør en sosialist
svare: Vi er ikke interessert i en
innvandringsbevegelse
som
består av reaksjonære elementer.»
Tyder dette at alle frå eit muslimsk land bør nektast innreise til
Noreg og Vesten? Nei, dei som tek
avstand frå islam, skal få koma
inn, om eg tolkar han rett. Sandemose vil faktisk at vi skal spørja
dei som møter opp ved grensa om
kva dei vil her. «Hvis norske, svenske eller andre vestlige sosialister
for eksempel finner at det er en
selvfølge å avvise et kroatisk ustasja-medlem på grensen, så kan de
ikke seriøst nekte å vurdere også
en muslim fra Sentral-Asia som
politisk suspekt.»
Dimed gjev konklusjonen seg
sjølv, ei venstreside som ynskjer
å verta oppfatta som ei venstreside, feilar totalt om ho trur at
ho kan stå fram som progressiv
når ho insisterer på at alle religionar kan leva i sameksistens med
ein moderne samfunnsstruktur.
Venstresida må attende til staden
dei opphavleg starta frå: «Det er
nødvendig å oppheve enhver religion; enhver forestilling om at
samfunnskritiske standpunkter
kan fremmes ut fra aksept av religiøse forutsetninger, må avsløres
som den misforståelse den er.»
BEINHARD
Boka til Sandemose er nettopp
ei einaste lang avsløring. Ho er
beinhard, ho er direkte, og ho er
iskald. Diverre inneheld ho for
mykje filosofi til å kunne verta
folkelesnad, dessutan er ho så
svart i tonen at ein må gå inn i ein
tung depresjon over den uunngåelege konklusjonen: Islam og det
demokratiske og kapitalistiske
samfunnet går ikkje i hop. Berre
beinhard sekularisering er svaret.
Men Sandemose går endå lenger,
han vil ha ein sosialistisk revolusjon. Dit vil ikkje eg, ikkje av di
eg ikkje ynskjer at alle menneske
skal få gode liv, men av di eg trur
at sosialisme er rein utopisme og
ein umogleg tanke.
Difor kjennest det rart å melda
denne boka. Ho er skriven til ei
venstreside eg kjenner meg framand for. Analysane er av og til glitrande, men svaret er alltid det
same: meir venstretenking, meir
sosialisme, meir Marx. Men sidan
dette etter mitt syn er umogleg,
vert òg kritikken av venstresida
noko merkeleg. Han kritiserer
utopistar for ikkje å vera utopistiske nok.
LOGIKK, LOGIKK, LOGIKK
Boka er likevel god, for ho kan
òg lesast som eit manifest for
logikken. Argumentasjonen til
multikulturalistane vert avslørt
som det han er, hol og farseprega. I si tid var Jørgen Sandemose medstiftar av Kommunistisk Universitetslag, ein av dei
ivrigaste medlemmene der var
filosofen, forfattaren og bokmeldar i Dagbladet Espen Søbye. Han
er ein av mange som Sandemose
no berre hyser forakt for. I Dagbladet i 2004 skreiv Søbye: «Det
som hindrer noen å leve etter sin
overbevisning, følge sine skikker,
snakke sitt språk, svekker demokratiet. Nettopp tilstedeværelsen
av andre kulturer i Norge har
derfor beriket landet og utviklet
demokratiet.»
Kva seier Søbye eigentleg her?
Jau, at nazistar, rasistar, despotar, islamistar, lista er legio,
berre ved sin blotte eksistens er
med på å gjera demokratiet sterkare. Det er, skriv Sandemose,
«en meningsløs påstand at det
skulle «svekke demokratiet» å
innskrenke organiserte rasisters
mulighet for å leve etter sine
seder, eller å forby etnisk-religiøse skikker som kjønnslemlesting.» At underkastinga som ligg
i islam, at herre- og knekttilhøve
som er innebygd i den religionen,
«ikke skulle bety et negativt problem for ‘demokratiet’, er i beste
fall en tankeløs påstand», seier
Sandemose, og eg kunne ikkje
vore meir samd. Nett slike som
Søbye utgjer hovudproblemet for
Sandmose, han har fått nok av ei
venstreside som insisterer på å
pynta seg med ord berre for å stå
fram som gode menneske. Han
forlanger at ein kvar må tenkja
fritt, analytisk og klårt.
KVA FOR VENSTRESIDE?
Boka byrja med at Sandmose
skreiv eit kort innlegg i Aftenposten om islam, som han kalla
«En reaksjonær trosretning». Han
fekk mange positive reaksjonær
på innlegget, særleg frå folk som
var forundra over at ein marxist
og venstreradikalar kunne skriva
slikt. Svaret frå Sandemose er
denne boka og at dei som ikkje
ser at islam er djupt problematisk, ikkje høyrer til noka venstrefløy. Tittelen på boka må altså
delvis oppfattast ironisk. «Denne
fløyen skal liksom være der, men
det er ingen som har sett den,»
som han sjølv skriv.
Men då sit Sandemose att
med eit problem, for når ingen
har sett denne gruppa, er det
av di ho ikkje finst. Sandemose
vert med andre ord sitjande nær
åleine att med sanninga, og paradoksalt nok er dei som kjem til å
vera mest samde med han, neppe
desse som seier dei er «venstreorienterte», men folk som er
innvandringskritiske, altså alle
desse som ikkje lenger får lov
til å kalla seg venstreorienterte
i Noreg. Symptomatisk nok, så
vert då også boka ikkje gjeven
ut av eit av dei store forlaga, som
Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre og Thomas Hylland Eriksen er blant dei som får passa sine påskrivne av Jørgen Sandemose. Foto: Scanpix
folk flest oppfattar som venstreorienterte, men av Valdisholm,
som vert drive av Tore Stubberud, ein mann som i mange år
har kritisert både Marx og islam.
Med andre ord: Når Sandemose
no nyttar nær 200 sider på eit
slakt av dei som oppfattar seg
som venstreorienterte, vil han
truleg oppnå lite. Venstreorienterte, sjølvutnemnde eller ikkje,
toler kritikk like lite som høgreorienterte.
VONAR HAN TEK FEIL
Kva er så problemet med islam,
etter Sandemoses syn? Altfor
enkelt sagt: At islam er ein regelreligion, som ikkje opnar opp for
sjølvstendig tenking og rasjonalitet. Med ein gong ein muslim byrjar å tenkja rasjonelt, er han eller
ho ikkje lenger ein muslim, men
ein sjølvstendig tenkjar. «En muslim kan ikke være konsekvent
utan å fornekte det kapitalistiske
og det sosialistiske samfunn. Derfor er det en forbindelse mellom
religionen og enhver farget kamp
mot det moderne samfunn. En
muslim som mener noe annet,
tar ganske enkelt feil, selv om
han ikke er noen hykler.»
Sett vekk frå den insisterande
tonen om at sosialisme alltid er
svaret, er mitt problem med boka
at ho er så djupt pessimistisk. Eg
er redd Sandemose har rett, at
islam ikkje kan reformerast utan
å oppheva seg sjølv og at ei slik
reformering knapt er mogleg
innanfor demokratiske råmer.
Men det er faktum at muslimar
frå Bosnia, til dømes, har tilpassa
seg det vestlege og norske samfunn utan problem. Det er òg eit
faktum at Tyrkia no har vorte ein
del av det kapitalistiske verdssamfunnet og har enorm økonomisk vekst. Alt er ikkje svart.
Men til dette vil sjølvsagt Sandemose svara at muslimane i
Bosnia vart utsette for Tito, og at
det politiske regimet i Tyrkia var
tydeleg sekulært og antiislamsk i
Venstreorienterte, sjølvutnemnde eller
ikkje, toler kritikk
like lite som
høgreorienterte.
nær 80 år før det tok steget over i
kapitalismen. Men eg lever framleis i den trua at menneske kan
endra seg, at dei fleste muslimar slik som andre er i stand til
å endra seg og tilpassa seg nye
samfunnsmodellar. Det trur i og
for seg Sandemose òg at dei er,
men berre under eit sekulært og
sosialistisk banner. Eg vonar han
tek feil. I alle høve er politikken
til Sandemose neppe mogleg i eit
demokratisk samfunn, men det
uroar truleg kommunisten lite.
Han ser neppe paradokset i det
at han er mot ein totalitær retning, men for ein annan.
JON HUSTAD
[email protected]