Oppgåvehefte_nynorsk

Download Report

Transcript Oppgåvehefte_nynorsk

leselyst

sommar

2013

LESELYST ER

REISEMÅLET  |  OPPGÅVEHEFTE

Leselyst 2013

OPPGÅVEHEFTE

Innleiing

Sommarleselyst skal skape motivasjon og leselyst for dei som går i femte og sjette klasse i vår. På skulen arbeider elevane heile året systematisk for å nå kompetansemåla som læreplanen set for alle elevar. Med sommarleselyst får elevane tid til å dvele ved ein sjølvvald tekst – og bli kjend med boka utan at det er krav til noko meir enn ei god leseoppleving i augeblinken. Sommarleselyst vil hjelpe foreldre og lærarar til å stimulere barna til leseakti vitet også utanfor rammene for skuleåret. Vi oppfordrar alle norske femte- og sjetteklassingar til å delta i årets sommarlesing. ”Leselyst er reisemålet!”

Lærarrettleiing

Skule og heim må samarbeide for å nå måla i kunnskapsløftet. I sommarferien har foreldra betre tid, og det er vinn–vinn for alle når leseopplevingane kan de last samtidig som ein får oppfylt intensjonane i læreplanen. I denne lærarrettleiinga finn du tips til korleis du kan bruke aktivitetsheftet. Målsetjinga med oppgåvene er at barna skal få eit meir medvite forhold til kva sjangrar dei liker å lese, og kva for bøker som passar for dei. Gjennom å drøfte oppgåvene i fellesskap kan elevane hjelpe kvarandre med å finne spennande bøker som dei kan lese i sommar, og bli betre kjende med leselystbøkene. Opp gåvene kan forhåpentleg pirre nyfikna og gi inspirasjon til å delta i konkurransen om å bli årets Leselystskule og kjempe om å vinne plass som deltakar i NRKs Superkviss.

2

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Slik kan du bruke oppgåve 1:

Spør elevane om kva forfattarar dei liker aller best. Be dei grunngi meiningane sine. Be elevane anbefale ei bok av yndlingsforfattaren sin til andre elevar i klassa. Utfordre elevane til å gjette kva som kan bli den neste tittelen til denne forfattaren, og be dei skrive begynninga på denne boka i same stil som forfattaren.

Slik kan du bruke oppgåve 2:

Snakk med elevane om ulike måtar å skrive på – og aktiver omgrepet sjanger for dei. Kva er fiksjon, fakta, fantasy, historie, biografi? Få dei til å reflektere over forskjellar og likskapar mellom dei ulike sjangrane. Få fram kva som er kjenneteikn på dei ulike måtane å skrive på. Be elevane uttale seg om kva for sjangrar dei liker best, og be dei grunngi dette. La elevane svare på oppgåve 2. Dersom det er skulebibliotek på skulen, kan dette vere ei fin oppgåve å gjere der. Gjennomgå lister som elevane har skrive, og snakk saman om kva slags bøker dei liker, og kva slags sjangrar det kan vere lurt at dei lærer seg meir om. å gå igjennom øvingane under vil barna bli kjende med bøkene på førehand og lettare kunne velje den boka som passar best for dei. I tillegg blir det på nettsida presentert nærmare 30 andre nyare bøker som passar for aldersgruppa. Kanskje finn barna draumeboka si der. Oppgåvene kan de anten gjere i fellesskap i klassa eller i lesegrupper ved å hjelpe kvarandre gjennom teksten for å få djupare innhaldsforståing. Gruppa som skal samarbeide, får nokre kort som er eit slags sett med ”nøklar” til leseforståing. Dei første øktene er læraren leiar. Læraren skal gjere elevane merksame på at teknikkane som blir viste, skal dei meistre på eiga hand etter kort tid. Læraren er der berre for å hjelpe dei til å fungere som ei uavhengig gruppe i framtida.

RAUD NØKKEL:

Føreseie handlinga –

Gruppeleiaren ber dei andre elevane om å lese overskrifta, sjå på eventuelle bilete, eller på undertittel dersom det finst. Gruppa diskuterer kva dei trur teksten handlar om, og kva dei veit om dette frå før.

Slik kan du bruke oppgåve 3:

Be elevane velje seg draumereisemål for sommaren. Det kan vere verkelege stader, historiske stader, fantasistader. Be elevane om å gå saman to og to, og foreslå bøker dei kan lese som minne om draumereisemålet sitt. Be elevane fylle ut oppgåveark 3.

BLÅ NØKKEL:

Lese –

Eleven som har nøkkelkortet, fortel resten av gruppa at dei skal lese fram til eit avtalt punkt i teksten. Det er opp til gruppeleiaren å avgjere kor langt, men det bør vere minst tre avsnitt av teksten i kvar runde. Her kan ein velje å lese gjennom teksten på ulike måtar, dei kan lese stilt, enkeltvis for gruppa, til ein partnar eller som korlesing. Dette gjer ein for å skape litt variasjon. Gruppeleiaren avgjer.

Slik kan du bruke oppgåve 4:

Snakk med elevane om evna deira til å førestille seg ting. Dette stimulerer fantasien vår, og kan vere med på å inspirere oss på ulike måtar. Forklar elevane korleis dei kan lage eit tankekart. Be dei lage eit tankekart over den ideelle draumeferien sin, der dei har lov til å blande fantasi og røyndom.

Slik kan du bruke oppgåve 5:

Før sommarferien bør elevane få bli kjende med bøkene som skal delast ut. Det kan gjerast med ein heilt enkel quiz. Alle svara finn ein ved å lese om bøkene på www.leselystaksjonen.

no og bla i bøkene på nettet. Quizane er knytte til dei seks leselystbøkene som barna kan få i sommargåve: Salamandergåten, Jørn Lier Horst Villheks, Eldprøva, Lene Kaaberbøl Barna som forsvant, Lars Joakim Grimstad Samuel Sekel og flukten fra Paris, Tina Trovik Marg og bein, Kjøtt og blod, Ingunn Aamodt Pym Pettersons mislykka familie, Heidi Linde

Oppgåve 6:

Hjelp barna å bli betre kjende med leselystbøkene. Dei seks le selystbøkene skal dekkje ulike sjangrar og ulike vanskegrader. På nettsidene til leselystaksjonen er det mogleg å lese litt frå alle bøkene, det er også mogleg å laste ned ein smakebit. Ved

GUL NØKKEL:

Vanskelege ord og omgrep –

Dette nøkkelkortet gir lesarane høve til å sjå nærmare på nokre ukjende ord, uttrykk eller uttale av ord som dei synest er vanskelege i teksten. Gruppeleiaren ber elevane notere ord dei ikkje forstår, eller ord dei synest ser interessante ut, eller ord dei vil vite synonym til. Gruppeleiaren har ansvaret for å leie opp klaringsrunden der elevane finn ut kva orda og omgrepa tyder. Dersom elevane ikkje ser ut til å vilje komme fram med at det er ord dei ikkje forstår dei første par gongene dei jobbar med denne strategien, plukkar læraren ut eit ord eller ein sekvens i teksten og ber gruppa om å forklare.

SVART NØKKEL: GRØNN NØKKEL:

Kvar? Kva? Kven? Korfor? Korleis?

frå dei andre elevane.

Oppsummere

No skal elevane stille spørsmål til det dei har lese. Svara skal vere munnlege, slik at alle opplever å få felles forståing av innhal det. Eleven som har nøkkelkortet, sørgjer for å innhente svar No skal elevane samanfatte dei viktigaste punkta, skrive dei ned som eit tankekart, eller som notat, punkt eller liknande. Sirkelen er slutta. Prosessen kan begynne på nytt.

3

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

4

Oppgåve 1

Finn favorittforfattaren din

Å bli kjend med favorittforfattaren sin er ein viktig del av det å erobre verda av bøker. Ved å svare på spørsmåla under vil du bli meir klar over korfor du liker enkelte bøker betre enn andre.

1. Kven er yndlingsforfattaren din?

2. Kva er spesielt med han eller henne? ’ 3. Kva er tittelen på den første boka du las av denne forfattaren?

4. Kven vil du anbefale å lese denne boka? Korfor? 5. Dersom boka du anbefaler, er illustrert, ber vi deg seie kva du synest om illustrasjonane.

6. Kan du seie litt om måten forfattaren din skriv på? I så fall ber vi deg om å seie kva som er spesielt ved skrivemåten. 7. Er det andre bøker du har lese som minner om måten yndlingsforfattaren din skriv på?

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Ha det gøy i sommar og utforsk dei boksjangrane du liker best. Her kan du begynne på ei liste over bøker du kan tenkje deg å lese i sommar::

Fiksjon Fakta Tittel

□ □ □ □ □ □ □ □ □ □

Oppgåve 2

Bli kjend med ulike sjangrar

Dei aller fleste bøker set fantasien i sving. Slik er det anten det dreiar seg om fiksjon (bøker som er dikta opp av forfattaren) eller faktabøker (bøker som handlar om noko som faktisk har skjedd). I alle høve er det viktig å lære seg å skilje mellom fakta- og fiksjonsbøker. Det finst mange forskjellige måtar å skrive bøker på. Vi kallar dei ulike skrivemåtane for sjangrar. I lista under ser du nokre hovudsjangrar. Set eit kryss for kvar sjanger som viser om det er fiksjon eller fakta. Til slutt skriv du opp ei bok du har lese i den aktuelle sjangeren.

Sjanger Fiksjon Fakta Tittel

Eventyr Biografi Fantasy Historie Humor Krim Natur Vitskap Sport □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ □ Ha det gøy i sommar og utforsk dei boksjangrane du liker best. Her kan du begynne på ei liste over bøker du kan tenkje deg å lese i sommar::

Fiksjon Fakta Tittel

□ □ □ □ □ □ □ □ □ □ LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

5

Oppgåve 3

Å leve seg inn i rollene til andre

Anten ei bok er fiksjon eller fakta, gir lesing oss høve til å leve oss inn i, eller førestille oss, korleis livet er for den eller dei personane boka fortel om. Tenk på fem personar du har lese om i bøker eller forteljingar som du har fått interesse for. Gjer greie for kva du har felles med kvar person, og kva som er forskjellig.

1.

Person/karakter Likskapar

2.

Person/karakter Likskapar

3.

Person/karakter Likskapar

4.

Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar Bok Forskjellar Bok Forskjellar Bok Forskjellar

6 5.

Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Oppgåve 4

Mitt ferietankekart

Lesing kan ta oss med på reiser til alle slags reisemål. Både dei bøkene som er fri fantasi, og dei som handlar om noko som kan hende i røynda, har evna til å verke slik på oss. Lesing kan også gi deg som lesar skrivelyst. Mange forfattarar lagar tankekart før dei set i gang med å skrive forteljingane sine. Eit tankekart er ei visuell oversikt over tankar og idear. Det kan du bruke når du skal lage ein disposi sjon til for eksempel ei tekstoppgåve, eit foredrag eller kva som helst anna oppgåve. Bruk plassen nedst på dette arket til å lage draumeferiekartet ditt. Du kan bruke element frå den verkelege verda, og du kan leggje til fri fantasi. Det kan vere noko i fortida, fjerne land eller oppdikta draumestader. Sjå på tankekartet ditt og bruk det til å skrive begynninga på ei fiksjonsforteljing frå sommarferien.

Tenk over og ta med deg inn i forteljinga di:

1. Kven skal reise til denne staden? (Fortel om personen, utan å avdekkje alle detaljar.) 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. Kven møter han eller ho? Noko uventa skjer. Hovudpersonen finn ein mystisk stein. Kva slags stein er dette? Skriv ei begynning på feriereisa. Du skal ha presentert hovudpersonen (tenk på likskapar mellom deg sjølv og personen du skildrar). Du skal ha sagt noko om reisa (sjå på kartet ditt). Hovudpersonen finn ein mystisk stein (denne skal få noko overraskande til å skje på reisa).

Skriv her. Treng du meir plass, kan du bruke side 10 og 11, ”Mine notat”

7

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Oppgåve 5

Sommarquiz

Salamandergåten

1. Salamandergåten høyrer til sjangeren: Humor □ Krim □ Fakta □ 2. Gåte er eit anna ord for: Vits □ Mysterium □ Gråte □ 3. Jørn Lier Horsts yrke ved sida av å vere forfattar er: Lærar □ Politi □ Lege □ 4. Hendingane i Salamandergåten skjer om: Sommaren □ Vinteren □ Hausten □ 5. Dersom du set saman forbokstavane til hovudpersonane i boka, blir det til det engelske ordet: Nice □ Clue □ Summer □

Villheks

1. Villheks er:  Eit eventyr □ Ei krimhistorie □ Fantasy □ 2. Hovudpersonen i boka heiter: Arla □ Carla □ Lene □ 3. Undertittelen til boka er: Skammaren □ Eldprøva □ Svartkatten □ 4. Forfattaren har tidlegare skrive: Skammarserien □ Samuel Sekel □ Åndejegerane □ 5. Forfattaren av boka heiter: Ingunn Aamodt □ Linn Sunne □ Lene Kaaberbøl □

Barna som forsvant

1. I boken les vi om Finn Fahr som er: Taxisjåfør □ Statsminister □ Tannlege □ 2. Boka er skriven av: Aschehoug □ Lars Joakim Grimstad □  Tina Trovik □ 3. Boka handlar om at barn:  Forsvinn □  Reiser □  Gjer opprør □ 4. Forfattaren av boka har tidlegare vore:  Fotballspelar □ Kunstmålar □  Lærar □ 5. Denne boka er debuten til forfattaren. Det vil seie at han har skrive: 10 titlar □ 50 titlar □ 1 tittel □

8

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Oppgave 5

Sommerquiz

Samuel Sekel

1. Boka tilhøyrer sjangeren: Biografiar □ Historiske bøker □  Fantasy □ 2. Byrået, skulen Samuel begynner på, ligg på:  Hamar □ Hardangervidda □  Røros □ 3. Samuel reiser i tid og man lærer også mye om:  Blomster □ Historie □ Kjærlighet □ 4. Samuel Sekel er: 12 år □ 13 år □ 14 år □ 5. Samuel Sekel flyktar frå:  Paris □ London □ København □

Marg og bein, Kjøtt og blod

1. Bøkene i Marg og bein-serien er skrivne av:  Ingunn Aamodt □ Jon Ewo □  Arne Svingen □ 2. I Kjøtt og blod har to barn fått ein nabo som er:  Postmann □ Kannibal □  Lærar □ 3. Kva for ein av desse titlane er ikkje i Marg og bein-serien:  Dukken □ Grusom spådom □  Skipsvraket □ 4. Boka er:  Ei humorbok □ Ei fantasybok □ Ein grøssar □ 5. Kor mange sider er det i Kjøtt og blod? 300 □ 50 □ 80 □

Pym Pettersons mislykka familie

1. Boka er skriven av:  Tina Trovik □ Jon Ewo □ Heidi Linde □ 2. Eg trur boka handlar om:  Tidsmaskiner □ Keisam familie □ Kjærleik □ 3. Boka er:  Ei humorbok □ Ei fantasybok □ Ei krimhistorie □ 4. Pym synest mykje i livet hennar er skikkeleg:  Morosamt □ Spennande □ Mislykka □ 5. Kor mange er det i familien til Pym?  5 □ 3 □ 6 □

9

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Treng du meir plass å skrive på?

Mine notat

10

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO

Treng du meir plass å skrive på?

Mine notat

11

LESELYSTAKSJONEN SOMMAREN 2013 | MEIR INFORMASJON FINN DU PÅ: WWW.LESELYSTAKSJONEN.NO