få meldingar til BV frå desse

Download Report

Transcript få meldingar til BV frå desse

Kvifor bryr ordføraren seg så
sterkt om barnevernet?
KS-konferanse Bergen,
26. mai 2010
Fordi
• Forskingsresultat viser at barnevernet i
Norge kjem for seint inn og vedtaka er for
svake.
• Alle Stortingsmeldingar o.l. krev tettare
tverfagleg samspel i det offentlege.
• Kva er eigentleg barns beste – og kven
definerer det?
3 roller som folkevald
• Ombod for folket.
• Leiar for rådmannen – les direktøren.
• Styreleiar for kommunen.
• Barnevernet utfordrar i alle dimensjonane.
Kvifor engasjementet?
• Eg har vore gjennom alle spørsmåls- og
frustrasjonsstadium.
• Først trudde eg veldig på at alt var vèl på
sektoren i Radøy, - ny barne- og familieteneste.
• Så kom det klager på barnevernet frå folk som
har kome i tvangsvedtakssituasjon.
• Korleis forheld ordføraren seg til dette?
• 1 gong, men kva med 5, der alle signala går
same vegen?
• Rettstryggleiken – ombodsrolla,- skjer her
justismord i Radøy?
Kvifor engasjementet?
• Store budsjettoverskridingar – tar barnevernet
styring – kva med resten av einingane, som då
må kutta? Barnevernet svarte ikkje
tilfredsstillande for seg i fellesmøte.
• Kostratal sjokkerte.
• Høyrde skrekkhistorie frå barneverntilsett i
annan kommune: Eg har makt til å kjøre
kommuneøkonomien i grøfta, og rådmannen
treng ikkje koma her og koma her. ?????????
• Kor er lojaliteten?
Kvifor engasjementet?
• Spurde rådmannen og rådgjevar oppvekst,
og fekk styrkt uro om at:
• Barnevernet framstår for dei fleste
utanforståande som ei lukka maktverd,
som me alle fryktar å gå inn i, pga.
barnevernet har definisjonsmakta, og
unnlet dialog skjult bak teieplikta (eller?).
• Bekymring for ressurssløsing i
barnevernet – kameraderi?
Kontrollspørsmål?
• Hadde ordføraren nok til å bli bekymra
over no?
• Kor mykje kjenner du til barnevernet i
kommunen din?
• Om det er stilt, er alt bra då?
Så begynte eg jobba…
• Drøfta med rådmannen.
• Brukte alle ”ordførarmøte” til å spørja om
barnevernet.
• Spurde lensmannen om Radøy vs resten av
Nordhordland.
• Las på nettet, barnevernlova, Bufetat.
• Spurde meir.
• Tok saka i styret i KS Hordaland.
• ”Informasjonsmøte” for formannskapet med
barnevernet i Radøy.
Kor er eg no?
• Har full tillit til barnevernet mitt. Har fått forklart både
Kostratal, ryddejobben, faglege standardar dei arbeider
etter, måla dei set seg. (har dessverre ein ryddekostnad
enno)
• Er svært systemkritisk til organiseringa i barnevernet.
• Svært kritisk til Bufetat, men ikkje Bufetattilsette.
• Meiner at barnevernet må bli opnare, og må
marknadsføra tryggheit for at ein er eit trygt, rettssikkert
rådgjevings/hjelpeapparat med vekt på tidleg
intervensjon. ( og ikkje at ein tek ungane frå deg!)
• Meiner at barnevernet må bli betre på
forvaltningsprinsippa.
• Etterlyser Helseforetaka i barnevernet.
Feil ressursbruk
Stat
og
styring
Bufetat
Region
og råd
Staten
Kommune og
drift
Kommunen
Bufetat
• Skulle vera eit rettleiingsorgan for kommunale
barnevernet.
• Har est kraftig, og det er no ca 900 feliere
sakshandsamarar i Bufetat enn i kommunale
barnevernet.
• Unisont frå kommunalt barneverntilsette eg har møtt at
Bufetat har gått frå rådgjevarrolla til å ta
definisjonsmakta.
• I tillegg ikkje tryggheit mellom Bufetat og komm.
Barnevernet.
• Konklusjon: Staten tek definisjonsmakta og stolar ikkje
på kommunane. Når kommunane mæler imot vert svaret
kommunesamanslåing.
Opnare barnevern som grip
tidlegare inn
• Omdømmebygging på vegne av barnevernet, der den
vanlege oppfatninga må bli eit rettleiande
førebyggjande organ, som gjer tiltak i
småbarnsalderen.
• = samhandlingsreform i barnevernet.
• Med 100% barnehagedekning og pliktig skulegang,
så ser me symptoma på helsestasjon, barnehage og
barneskule, men får få meldingar til BV frå desse.
• Meldingane og tiltaka kjem i ungdomsskulen, - det er
for seint, tiltaka virkar ikkje og er kostbare. I tillegg er
det ofte tvangsvedtak med dei familiære ulempene
det medfører.
Marknadsføringsjobb i vente
• Avtabufisèr barnevernet. Meld tilbake, marknadsfør
barnevernet i barnehage og skule, så dei tør melda frå.
• Barnevernet må i større grad melda tilbake.
• God, open dialog i leiargruppene, og rådmannen er
sjefen.
• Ingen har blitt dømt pga. brot på teieplikta.
• Dyktige barnevernstilsette gøymer seg ikkje bak
teieplikta, men søkjer samtykke til å oppheva den når det
trengst.
• Det ventar ein stor infojobb for å skapa tryggheit for at
barnevernet er ei familiestøtte basert på forsking.
• Tvangsvedtaka er unntaka, men det er ikkje det folk
trur…
Fokus må endrast.
• Me veit at tiltak mot ungdom er for seine,kostbare og virkar ”ikkje”.
• Me veit at tidleg intervensjon virkar.
Kjem me for seint inn, så bryt me
barnekonvensjonen!
Lensmann Vatnes bibelvers (fritt sitert)
• Ungdommens tre søyler
Heim
skule
vener
• Kasustilboda
Barnevern
Kriminalitet
fengsel
politi
rus
ungdomsheim
ran
ymse kriminalitet
Reknestykka.
• Når me sviktar og kjem inn for
seint, eller den klassiske nye
norske modellen
• 1 standard narkoman:
Snitt levealder 44 år, prislapp 20
millionar kroner i tiltak.
+ fortvilinga
+ skadar hjå andre
+ øydelagde familiar
++++++
• Ved tidleg
intervensjon.
• Ein småbarnsfamilie som
får hjelp og alle vert
gagns menneske og får
ta ut potensialet livet gjev
i verdas beste land å bu i.
• Prislapp? Maks 0,5
årsverk av barnevernet
over 2 – 3 år samla?
Eit godt barnevern er
samfunnets beste investering
•
•
•
•
Eg vil barna og familiane sitt beste innan det kommunen har ansvar for.
Eg vil alle barneverntilsette alt vel, og eg stolar på deira kompetanse.
Sett frå rådhuset, som folkeombod, leiar og ordførar er eg langt frå overtydd om at
det samla samarbeidet og den samla ressursbruken i barnevernet er rett og god nok.
Eg meiner at folket og landet får meir velferd ved å flytta ressursinnsatsen frå Bufetat
og til kommunane. Kommunane gjev meir att for kvar krone enn staten klarar.
Kommunalt branevern bør doblast. Lokalt eller interkommunalt mindre viktig,- Gje
kommunane ressursar og set krav og hald tilsyn.
Eg vil ha ei samhandlingsreform i barnevernet, der vekta er på tidleg innsats, med
tiltak i heim, slik at me unngår tvangsvedtak.
Sektoren må opnast og avtabuifiserast. Det er lov å ha problem, det er lov å få hjelp.
Lær av somatikken.
Barnevernet vert dessverre ein vekstsektor.
•
Eg gledar meg til å få mange svar seinare i dag!
•
•
•