Konstruktivisme og realisme i studiet av internasjonale relasjonar

Download Report

Transcript Konstruktivisme og realisme i studiet av internasjonale relasjonar

Konstruktivisme og realisme i
studiet av internasjonale relasjonar
Kategoriane
Gjensidig utelukkande posisjonar?
Realisme, idealisme og konstruktivisme i
studiet av den kalde krigen
Døme 1: Omprøving av norsk
tryggingspolitikk 1955-58
Døme 2: Norge og den europeiske
integrasjonsprosessen
Døme 3: Oppløysinga av den kalde
krigens strukturar
Freistnad på å overskrida dei etablerte
kategoriane: Alexander Wendt
Anvendt Wendt: Norsk
nordområdepolitikk
For ein refleksiv eklektisme?
Kategoriane
• Den realistiske tilnæringa til studiet av
internasjonale relasjonar
– statane maksimerer sine interesser
– på grunnlag av strategisk posisjon og
maktressursar
– i kjernen er trygging av staten
– det internasjonale systemet er eit anarki
• Den konstruktivistiske tilnærminga til
studiet av internasjonale relasjonar
– interessene er resultatet av konstruksjonar
– basert på korleis verda blir oppfatta
– handlingsrommet bestemt av kulturelle
prosessar
• Den idealistiske (eller liberale)
tilnærminga til studiet av internasjonale
relasjonar
– det internasjonale anarkiet kan overkomast
• utvikla overnasjonale institusjonar
• ved at statane følgjer normer basert på
allmenninteresser
– internasjonal politikk er ideologi/idé-styrt
Gjensidig utelelukkande posisjonar?
• Realisme og idealisme har vore
konkurrerande posisjonar – eller, som
oftast, stått uformidla ved sida av
kvarandre
• Realismen hegemonisk innanfor
”International Relations” (IR)
• Konstruktivismen og den språklege
vendinga
• Vil visa gjennom konkrete døme at
– utviklinga frå realisme til konstruktivisme ikkje
er ei tofaseutvikling
– det er nødvendig å kombinera ulike
tilnærmingsmåtar
• Men korleis unngå å hamna i
eklektismens grøft?
Realisme, idealisme og
konstruktivisme i studiet av den kalde
krigen
• Dei klassiske posisjonane
– Tradisjonalistane: Realistar i vurderinga av
USA og idealistar i vurderinga av
Sovjetunionen
– Revisjonistane: Realistar i vurderinga av
Sovjetunionen og idealistar i vurderinga av
USA
– Postrevisjonistane: Realistar heile vegen
• Etter den kalde krigen
– posttradisjonalismen (Gaddis m.f.) –
rennessanse for idealisme
– konstruktivistiske tendensar, ”den kalde
krigens kultur”, ”biletet av den andre”
• Tre empiriske døme og eit forsøk på å
overskrida dei etablerte kategoriane
Døme 1: Omprøving av norsk
tryggingspolitikk 1955-58
• Gerhardsens reise til Moskva i 1955,
hans ”store tale i Paris” 1957 og forsøket
på å vera ”bakkanal” nyåret 1958
• Forklaringar:
– i delar av UD og Arbeidarpartiet i samtida:
Idealistisk forklaring på eit realistisk grunnlag
– 1980-og 90-talet: Konstruktivistisk forklaring
på eit realistisk grunnlag.
• Metodologisk nasjonalisme?
– Gerhardsen ikkje først til Moskva
– Strid i den vestlege leir om korleis
nyorienteringa etter Stalins død skulle møtast
– Kennan og Pearson
– Tenkinga innanfor IR-feltet i samtida, både
realistisk og konstruktivistisk (Kissinger,
Niebuhr, Kennan)
• ” Konsekvent oppdemmingspolitikk” vs.
”kritisk dialog” (Stian Bones) –
personifisert med partisekretær Lie og
partileiar Gerhardsen
Døme 2: Norge og den europeiske
integrasjonsprosessen
• Norsk nei til medlemsskap i EF/EU 1972
og 1994 som historisk problem
• Stabilt neifleirtal trass store endringar i
dei sosiale strukturane –
vareproduksjonen ned frå ein av to til ein
av fire
• Realistiske forklaringar ut frå interesser:
–
–
–
–
Primærnæringsinteressene
Oljeinntektene
200-milssona
Distrikts-Norge med sugerøyr i statskassen
• Konstruktivistiske forklaringar
– Norsk nasjonalisme og egoisme
– Framandfrykt
– Mindremannsskjensle
• Ser bort frå argument knytt til
verdispørsmål (idealisme) – demokratisk
underskot, likskapspolitikk etc, nordisk
modell. Komparasjon med andre land
• Politikk - vitskap
Døme 3: Oppløysinga av den kalde
krigens strukturar
• Ingen kunne forutsjå dette
• Forklaringar:
– Triumfalismen – resultat av
oppdemmingspolitikken. Dvs. endring av
maktbasen, realisme.
– Endringar på det økonomiske nivået,
samanbrot i sovjetøkonomien - realisme
– Gorbatsjov-faktoren: Ny tenking – idealisme
– Helsinki-effekten
– Transnasjonelle faktorar – resultat av
langvarig styrking av kontakt. ”1956generasjonen”, ”Helsinki-effekten”,
modernisering – konstruktivisme?
• Bruk av kontraktaktisk hypotese (tenka
vekk Gorbatsjov) og komparasjon (”die
Chinesische Lösung”).
• Empiri: Kva visste Reagan? Kva visste
Gorbatsjov?
Freistnad på å overskrida dei
etablerte kategoriane: Alexander
Wendt
• Kritikk av nøkkelomgrepet i den
realistiske tradisjonen: Det internasjonale
anarkiet
• Det internasjonale anarkiet er ulike ting i
ulike periodar, alt etter kva normer og
idear som ligg til grunn
• Tre former for ”ideational structures”:
– Hobbesiansk
– Lockeansk
– Kantiansk
• Svarer til tre representasjonar av
statsrollar
– fiende
– rival
– venn
Anvendt Wendt: Norsk
nordområdepolitikk
• Freistnad på ei periodisering
– 1944-47: Brubygging, føresetnad om ein
lockeansk kultur
– 1948-55: Brytningar mellom oppfatningar av
Sovjetunionen som hobbesiansk og
lockeanisk. Kva tid blir ”alarm” til ”alarmisme”?
– 1955-1991: Norsk tryggingspolitikk føreset ein
lockeansk kultur
– 1991-2000: Retorikk om ”ny verdsordning.
Slutt på bipolariteten. Russland med brukken
rygg
– 2000: Vakling mellom å føresetja lockeansk og
kantiansk kultur: ”Folkeretten er i norsk
interesse”. Alarmisme og ikkje-alarmisme.
Tendensar mot kantiansk internasjonal kultur?
For ein refleksiv eklektisme?
• Kan Wendts idealistiske strukturalisme
overvinna aktør-struktur-problemet?
• Kva med aktørane sitt handlingsrom?
• Kven er aktørar i internasjonal politikk?
• Tryggingsdilemma og usikkerhet
• Etikk og politikk, normer og interesser,
moral og moralisme
• Om å overvinna grunnforståing som
truisme
• Komparasjon som metode for
årsaksveging
• Medisin mot at teorien snik seg inn bak
forskaren sin rygg:
– Sensitiv overfor empirien
– Open i årsaksanalysane
– To fallgruver: Naivismen og kynismen
• Vitskap som legitimering av kynisme og
moralisme