Nynorsk grammatikk

Download Report

Transcript Nynorsk grammatikk

Nynorskkurs
Skriv i regelboka:
Substantiv
• Substantiv er namn på ting, fenomen og
personar.
• Tre kjønn:
–Hankjønn: ein
–Hokjønn: ei
–Inkjekjønn: eit
• Hovudreglar:
HANKJØNNSORD
får endingane –ar og –ane i fleirtal
• Ein film – den filmen – fleire filmar – alle
filmane
• Ein dag – den dagen – fleire dagar – alle
dagane
Unntak:
Nokon hankjønnsord får omlyd i fleirtal.
• Ein son – sonen – søner – sønene
• Ein bror – broren – brør – brørne
• Ein fot – foten – føter – føtene
HOKJØNNSORD
får endingane –er og –ene i fleirtal
• Ei jente – den jenta – fleire jenter – alle
jentene
• Ei kake – den kaka – fleire kaker – alle
kakene
Hokjønnsorda blir bøygde som på bokmål.
Unntak:
Ord som endar på –ing blir bøygde som i
hankjønn fleirtal (valfritt!)
 Ei meining – meininga – meiningar –
meiningane
Nokon hokjønnsord får omlyd i fleirtal:
 Ei dotter – dottera – døtrer – døtrene
 Ei bok – boka – bøker – bøkene
INKJEKJØNNSORD
i fleirtal får inga ending i ubestemt form og
endinga –a i bestemt form
• Eit hus – huset – hus – husa
• Eit problem – problemet – problem –
problema
Bøying av substantiv – ein oversikt
EINTALL
Ubestemt
Bestemt
FLEIRTALL
Ubestemt
Bestemt
Ei jente
jenta
jenter
jentene
Ein gut
guten
gutar
gutane
Eit hus
huset
hus_
husa
Skriv i regelboka:
Verb
• Verb er ord som fortel kva som skjer, kva for
handlingar som vert utførte.
• Vi har både sterke og svake verb.
• Infinitiv er utgangsforma på verbet, den forma
som står i ordboka.
• Vanlegvis bøyer vi eit verb i tid (infinitiv,
presens, preteritum og perfektum).
Svake verb
Vi kan skilje mellom e-verb og a-verb:
A-verb
• A-verb endar på –ar i presens og –a i
preteritum.
• I ordlista står a-verba slik: vandre – a.
• Eks:
Å kaste – kastar – kasta – har kasta
Døme på a-verb:
Infinitiv
(å …)
Presens
(nåtid)
Preteritum
(i går …)
Perfektum
(har …)
Å kaste
Kastar
Kasta
Har kasta
Å sykle
Syklar
Sykla
Har sykla
Å sparke
Sparkar
Sparka
Har sparka
Å hente
Hentar
Henta
Har henta
A-verb er dei same verba som endar på
–et eller –a i preteritum på bokmål.
Dersom du lurer på om eit verb er eit e-verb
eller eit a-verb, kan du sjekke kva du ville ha
sagt i preteritum.
• Eks på a-verb:
I går vandret / vandra…
I går hentet / henta…
• Eks på e-verb:
I går vurderte…
I går noterte…
E - verb
• E-verba endar på –er i presens og –te /
- de i preteritum.
• I ordlista står e-verba slik: vurdere – te.
Eks:
Å vurdere – vurderer – vurderte – har vurdert
Å notere – noterer – noterte – har notert
• E-verb vert bøygde på same måten som i
bokmål.
Inf
Pres
Pret
Perf
BOKMÅL Å lyse
Lyser
Lyste
Har lyst
NYNORSK Å lyse
Lyser
Lyste
Har lyst
Døme på e-verb
Infinitiv
Presens
Preteritum
Perfektum
Å hjelpe
Hjelper
Hjelpte
Har hjelpt
Å treffe
Treffer
Trefte
Har treft
Å reise
Reiser
Reiste
Har reist
Je - verb
• Je-verb er dei verba som har –je i infinitiv.
• Desse verba får inga ending i presens.
I preteritum får dei endinga – de eller
– te.
Eks:
Å fortelje – fortel – fortalde (fortalte) – har
fortalt
Døme på je-verb
Infinitiv
Presens
Preteritum
Perfektum
Å velje
Vel
Valde (valte)
Har valt
Å spørje
Spør
Spurde (spurte)
Har spurt
Nå - verb
• Nå-verb består av korte verb som får – r i
presens og endinga – dde i preteritum.
Eks:
Å nå – når – nådde – har nådd / nått
Å bu – bur – budde – har budd / butt
Å tru – trur – trudde – har trudd / trutt
Uregelrette svake verb
• Verb som ikkje passar inn i dei andre
gruppene.
Eks:
Å vite / vete – veit
– visste – har visst
Å seie
– seier
– sa
– har sagt
Å setje / sette – set / sett – sette – har sett
Kort repetisjon av svake verb
A-verb:
Å kaste – kastar – kasta – har kasta
E-verb:
Å vurdere – vurderer – vurderte – har vurdert
 Je-verb:
Å fortelje – fortel_ – fortalde (fortalte) – har fortalt
 Nå-verb:
Å nå – når – nådde – har nådd / nått
Sterke verb
Presens: Inga ending
Eks:
Bokmål: Hanne finner ikke pengene sine.
Nynorsk: Hanne finn ikkje pengane sine.
 Preteritum: Inga ending og vokalskifte –
skifter vokal inne i ordet
Eks:
Bokmål: Hanne fant pengene sine til slutt.
Nynorsk: Hanne fann pengane sine til slutt.
• Heile bøyinga til sterke verb finn du i ordlista.
Dei viktigaste sterke verba
Infinitiv
Presens
Preteritum
Perfektum
Å vere
Er
Var
Har vore
Å lese
Les
Las
Har lese
Å skrive
Skriv
Skreiv
Har skrive
Å få
Får
Fekk
Har fått
Å finne
Finn
Fann
Har funne
Å gå
Går
Gjekk
Har gått
Å komme
Kjem
Kom
Har kome
Infinitiv
Presens
Preteritum
Perfektum
Å sjå
Ser
Såg
Har sett
Å liggje
Ligg
Låg
Har lege
Å skyte
Skyt
Skaut
Har skote
Å ta
Tek
Tok
Har teke
Å gi
Gir
Gav
Har gitt
Å syngje
syng
song
Har sunge
Plan for økta:
• Felles gjennomgang av pronomen og
genitivsuttrykk
• Oppgåver
• Oppsummering
Mål:
• Kunne skrive om genitivsuttrykk
Pronomen
• Pronomen er ord som står i staden for
andre ord, ofte for eit substantiv.
• Ordet pronomen tyder ”i staden for
substantivet”.
Spørjepronomen
• kven
• kva
• kva for ein/ei/eit/nokre
hvem
hva
hvilken/hvilket/hvilke
Spørjeadverb
• korleis
• kvifor / korfor
• kor
hvordan
hvorfor
hvor
Eigedomspronomen
• EINTAL
–
–
–
–
min
din
hans
hennar
• FLEIRTAL
– vår
– dykkar
– deira
Personlege pronomen
Eit personleg pronomen kan stå i staden for både menneske, dyr og ting.
EINTAL
SUBJEKTSFORM
OBJEKTSFORM
1. person
eg
meg
2. person
du
deg
3. person
han, ho, det
han, ho / henne, det
OBS!
På nynorsk bruker vi han om hankjønnsord og ho om hokjønnsord (i
staden for den)
Døme:
Stormen var sterk. Han ødela fleire hus.
Britt er frå Bergen. Ho er vestlending.
Når kjem flyet? Det landar kl. 22.00.
FLEIRTAL
SUBJEKTSFORM
OBJEKTSFORM
1. person
vi / me
oss
2. Person
de (uttales [de:] )
dykk
3. person
dei
dei
Genitivsuttrykk på nynorsk
• Genitiv fortel oss noko om eigedom.
I desse høva kan du nytte genitiv på – s i nynorsk:
1.
I uttrykk for tid og mål:
– Ein times pause, ein dags arbeid, i manns minne
2.
Ved særnamn:
• Ibsens ”Vildanden”, Noregs medlemskap i Nato, Pers
datamaskin, Odas veske
3.
Ved fellesnamn i ubestemt form eintal og fleirtal:
• Lang dags ferd mot natt, i manns minne
4.
I namn på offentlege institusjonar
– Statens forureiningstilsyn, Statsministerens kontor
Omskriving av genitiv på nynorsk
Ofte må vi skrive om genitivsuttrykk når vi
skriv på nynorsk. Dette kan vi gjere på tre
måtar:
• med preposisjonar
• med eigedomsord
• med samansetjingar
Med preposisjonar:
BOKMÅL
NYNORSK
Skipets kaptein
Kapteinen på skipet
Offiserens ordre
Ordren frå offiseren
Byens ordfører
Ordføraren i byen
Naboens bil
Bilen til naboen
Med eigedomsord:
BOKMÅL
Bestefars katt
Oldemors klokke
Mors hus
Einars sko
Karis bil
NYNORSK
Bestefar sin katt
Oldemor si klokke
Mor sitt hus
Skoa hans Einar
Bilen hennar Kari
Med samansetjingar:
BOKMÅL
NYNORSK
Skipets kaptein
Politiets hunder
Kommunens budsjett
Skipskapteinen
Politihundane
Kommunebudsjettet
Solens stråler
Skolens bibliotek
Solstrålane
Skulebiblioteket