Bodstikka” - Grotli Hytteforeining

Download Report

Transcript Bodstikka” - Grotli Hytteforeining

Grotli Hytteforeining

”Bodstikka”

Nr. 01 - 2014

Snart påske

Til medlemar i Grotli Hytteforeining / Veglag!

Vil med ei lita ”Bodstikke” få ynskje alt hyttefolket hjarteleg velkomen til påskeferie her på Grotli! Sjølv om påska er sein i år er det bra med snø her, og blir det ikkje alt for mildt, så vil skiføret halde i år også. Påskeparkeringsplassen (= den store p-plassen) vart oppbrøyta tidleg i år, torsdag 27. mars. Etter det har det ikkje kome snø, så den tek til å bli heilt bar. Skjærtorsdag blir den tradisjonelle ”Påskesprinten”, som brukar å vera på Nysetra, flytta til Grotli. Arrangøren Skjåk I.L. ynskjer å nytte påskeparkeringsplassen denne dagen. Der er det plass nok, berre oss er flinke og parkerar heilt ut i kantane, og tett saman. Like eins gjeld det same på vegen. Skjærtorsdag er det også hyttemøte, der eg håpar flest mogleg stemmeberettiga møter opp. Sakliste er utsendt til alle! Som før om åra, vil det etter møtet bli anledning til mat og sosialt samver på hotellet! ETTER MØTET (CA KL 2045) ER DET KOLDTBORD OG HYGGELEG SAMVER FOR ALT HYTTEFOLKET!

KOLDTBORD:

VAKSNE………….….... KR 260,- BARN UNDER 14 ÅR.. KR 130,-

Riktig God Påske til alle saman !!!

Grotli, 6. april -14. Helsing Tor, leiar for Grotli Hytteforeining / Veglag.