Følg meg på utviklingsvegen
Download
Report
Transcript Følg meg på utviklingsvegen
«Liten i ei farleg verd»
24.–25. oktober
på Rica Sunnfjord Hotel & SPA, Førde
Småbarndagar 2013
www.smabarnsdagane.no
PROGRAM
Torsdag 24. okotber «Våg å sjå, våg å handle og forandre»
08.45 – 09.15Registrering, kaffi/te og rundstykker
09.15 – 09.30Kulturinnslag v/Spiren
09.30 – 10.15 Åpning v/NRK-journalist Håkon Haugsbø
10.15 – 12.00Handtering ved mistanke om at barn ikkje trivst
v/barnelege Kathinka Aslaksen
12.00 – 13.00 Lunsj
13.15 – 14.30«Små steg» - utgreiing og behandling ved
Aline Spedbarnsenter v/psykologspesialist Mette Sund Sjøvold
14.30 – 14.45 Pause m/frukt, kaffi og te
14.45 – 16.00Fagtorg ved Tingretten, Barnehuset,
Krisesenteret og Asylbarnehagen
Fredag 25. oktober «Hjerne og hjarte saman»
08.30 – 10.00Relasjonar og den følsomme hjernen
v/psykolog Susan Hart
10.00 – 10.20 Pause m/kaffi og te
10.20 – 11.45Susan Hart held fram
11.45 – 12.45 Lunsj
12.45 – 13.00 Hjortebrølet
13.00 – 13.45Susan Hart held fram
13.45 - 14.00 Pause m/kaffi og te
14.00 – 14.45Susan Hart held fram
14.45 – 15.30Avslutning m/evaluering,
loddtrekning, kaffi/te og frukt
Førelesarar
Susan Hart vart utdanna som cand. psyk. frå København Universitet i 1988, og har sidan utdanninga jobba som psykolog med vaksne, barn og
familiar. Ho er klinisk psykolog og spesialist godkjent av Dansk Psykologforeining i psykoterapi, barnepsykologi, og supervisorgodkjent i barnepsykologi. I 2002 byrja Susan Hart å halde seminar og kurs, og i dag er hennar virke hovudsakeleg knytt til foredrag og kurs, samt gruppesupervisjon av
psykologar og andre faggrupper. Sidan 1994 har Susan Hart sett seg inn i dei strukturar i hjernen, som dannar grunnlag for vårt kjensleliv og personlegdom, og lete denne kunnskapen gå i dialog med utviklingspsykologi. Saman med nevroaffektiv psykoterapeut Marianne Bentzen har Susan Hart
utvikla den nevroaffektive teori og metode. Teorien har fått namnet «Nevroaffektiv utviklingspsykologi». Den er gjennom åra i stadig vidareutvikling.
Susan Hart har gitt ut ei rekkje fagbøker, og er i tillegg medforfattar til fagbøker/publikasjonar med nordiske kollegaer. Bøkene er omsett til fleire
språk, og fleire av bøkene ligg føre på norsk. For meir informasjon om Susan Hart og fagbøker/publikasjonar, gå inn på: www.neuroaffect.dk
Mette Sund Sjøvold er psykologspesialist og leiar/sjefpsykolog ved Aline poliklinikk. Ho
har 28 års erfaring som psykolog, og har dei siste 15 åra arbeida i sped- og småbarnfeltet ved
Aline. Utviklingspsykologi, utviklingspsykopatologi, tilknyting, rus og traumer hjå born, er område
der ho har særskilt kompetanse. Ho er medlem i Barnesakkyndig kommisjon. Sjøvold underviser
i utgreiing og behandling av sped- og småbarn og deira familiar. Ho er og samfunnspsykolog,
samt utdanna Marte- meo terapeut og supervisor.
Kathinka Aslaksen er barnelege med spesialfelt innan barnenevrologi, habilitering og
sosialpediatri. Arbeider ved Sørlandet sjukehus i Kristiansand, og i deltidsstilling ved Barneklinikken ved Haukeland sjukehus. Ho er redaktør av «Håndbok for helsepersonell ved mistanke om
barnemishandling». Ho har delteke i Modellkommuneprosjekt i Mandal og vore med å utforme
«Våg å se, våg å handle» for barnehagepersonell.
Stad: Rica Sunnfjord Hotel & SPA, Førde
Tid: Torsdag 24. og fredag 25. oktober 2013
Pris: Kr 1330,– inkl. lunsj, for begge dagar
Påmelding: www.smabarnsdagane.no
Påmelding innan 10. september.
E-post: [email protected]
Ved spørsmål, ring Førde BUP tlf. 57 83 92 07
Betaling:NB! Påmelding er bindande.
Faktura vert sendt ut fortløpande
- med 14 dagar betalingsfrist.
Målgruppe:
Helsesøstrer, jordmødrer, kommunelegar, personell ved fødeklinikk og
barneavdeling, BUP, VOP, familiekontor, PPT, barnevern, barnehagar,
pedagogar, psykologar og andre som arbeider med barn og familiar.
Godkjenning:
Kurset vil bli søkt godkjent av Dnlf og NPF, i høve spesialisering/
fagleg ajourføring.
Arr.: «Samarbeidsgruppa for sped- og småbarn i risiko for psykiske vanskar»,
representert av Førde BUP, PPT for Indre Sunnfjord, Gaular Barnevernsteneste og
Barne-, ungdoms- og familieetaten, Region Vest/Førde.
I år er det barn frå Asylbarnehagen som har illustrert brosjyra.
findriv.no
Arrangementet skjer med støtte frå: RKBU Vest www.uni.no/helse/rbup og Nasjonalt
kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse/RKBU Øst og Sør www.r-bup.no.