Revisors brev 2013

Download Report

Transcript Revisors brev 2013

Revisjon Bømlo Teaters årsregnskap for 2011. Årsmøtet i 2012 peikte ut John Olav Habbestad og Frode Larsen som medlemsrevisorar for Bømlo Teater. Revisorane meiner rekneskapen gjev eit reelt og korrekt inntrykk av korleis den økonomiske stoda i Bømlo Teater er, so langt me etter vår beste meining kan vurdera.Revisorane sitt generelle inntrykk er at utover driftsåret 2012 har rekneskapsføringen etterkvart funne ein god form og vorte vesentleg meir systematisk enn tidlegare i høve til bilagsføring. Bømlo Teater har eit positivt driftsresultat på kr 369 585,-­‐ Driftsinntektene var på kr 3072139, Lønskostnader totalt er på 1746209, herav kr 428493 er lønnsutbetaling til egne ansatte. Finanskostnader er på kr 48422 og finans inntekter er på kr 9711 som gir en total finanskostnad på kr 38711,-­‐ Revisorane har følgande kommentarer til rekneskapen som eit innspel til vidare arbeid: 1. Føring av sponsormidlar:Det vil være slik at dei fleste prosjekt/oppsetjingar er avhengig av å få tilført sponsormidler gjeve til generell aktivitet for å gå i pluss. Til dømes Kardemommeby endar opp med resultat på -­‐2048kr før generelle sponsormidlar vert ”tildelt”. Det er i 2012 gjort betring for evalueringsarbeidet i etterkant sidan dette vert synleggjort i budsjettering og rekneskapsføring slik at graden av trong for sponsing kjem fram ved dei ulike arrangementa. 2. Håndtering av kasse ved arrangement: Kontantsal ved ulike salgsboder/direkte billettsal og liknande vert håndtert på litt ulike måtar. Slik det no har vore gjort gjev dette stundom ein for dårleg rekneskapsmessig dokumentasjon. Det bør snarast utarbeidast retningsliner og rutiner for korleis BT skal håndtera kontantsal for å sikra dokumentasjon og oversikt. Umiddelbart bør ein innføra teljeskjema der to personar skriv under. 3. Føring av inn-­‐ og ut-­‐gifter: Det bør utarbeidast rutinar for innkjøp og føring av løpande utgifter. Ein må sikra at alle bilag får påført kva det gjeld og kven som registrerer kva som kjem inn(td føring av sponsor/tilskot osv). Det gjeld óg små og store innkjøp med påføring av kassalapper/kvitteringer kven godkjenner, kven kjøper og kva gjeld det. 4. Utbetaling av lønn/ytelse: Her bør rutinar utarbeidast slik at alle prosjektansvarlege veit korleis dette skal føregå i BT. Utbetalingar til privatpersonar som ikkje har organisasjonsnummer bør ikkje skje før dei er registrerte som lønnsmottakarar med skattekort/kontonummer. Bømlo, 07.02. 2013 -­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐ -­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐-­‐ John Olav Habbestad Frode Larsen