Haust 2010 - ParadisKjellaren CognacKlubb

Download Report

Transcript Haust 2010 - ParadisKjellaren CognacKlubb

Terminlista for hausten ser slik ut:
Cognacbulletin 1
Gode cognacentusiast, du er i skrivande
stund ein av 52 eksklusive medlem i
Paradiskjellaren cognacklubb. Som du
kanskje veit har me statuttfesta at denne
gilde hopen ikkje skal overstiga 50
medlemmer. I oppstarten her vart det litt
fram og tilbake for somme av
medlemmene, og endå meir for dei som
berre trudde at dei skulle verta med. Slik
kom me til å verta to meir enn me skulle ha
vore. Styret har diskutert saka, og me
tykkjer ikkje dette er noka katastrofe.
Toogfemti er bra det og. Men no har me
satt stopp, iallfall inntil vidare. Per 1.
september har Paradiskjellaren
cognacklubb venteliste. På denne lista står
følgjande namn: Terje Tjessem, Jan
Håland, Tom Storbukås og Øystein Tveit.
De finn elles ei liste over alle medlemmene
i same sendinga som denne bulletinen.
Sidan den offisielle stiftinga har me
gjort litt av kvart, me har halde to
medlemsmøte, 3 styremøte og arrangert 2
vennefestar i bakgården hjå Oddvar
Oftedal. Noko av dette har vore godt
besøkt, anna har vore tynnare befolka.
Informasjonsflyten har ikkje vore så god
som me kunne ynskja. Det har teke tid å få
alle adresser og slikt på plass. Frå og med
no trur me dette kjem til å verta mykje
betre. Difor her me og vald å senda ut
denne bulletinen – slik at du som medlem i
denne eksklusive flokken av livsnytarar,
skal verta informert om kva som har hendt
så langt, men endå viktigare – slik at du
skal få greie på kva som skal finna stad dei
nærmaste veker og månader.
Torsdag
30.09.10
Arrangementet
startar offisielt kl
19. Dørene opnar
kl 18.
Medlemsmøte på Stampuset.
Klassisk cognacføredrag av
Oddvar Oftedal,
cognacsmaking (3 ulike typar)
samt goddrøs rundt borda
Laurdag
16.10.10
Seminaret startar
på Nærbø kl 13 –
me kjem attende
til tidspunkt for
avreise frå
Ålgårdsbyen
Laurdag 23. –
sundag 24.
oktober
Me vitjar Whiskyseminaret
som Whiskyklubben på Nærbø
steller i stand. Dei som vil vera
med på dette, tek kontakt med
Oddvar Oftedal. Bindande
påmelding
Torsdag 28.
oktober
Arrangementet
startar offisielt kl
19. Dørene opnar
kl 18.
Anten laurdag
20. eller laurdag
27. november
Me kjem til å
fastsetje datoen
endeleg på
medlemsmøtet i
september –
sjekk difor med
almanakken
Torsdag 16,
desember
Einskilde
laurdagar
hausten 2010
Program for
våren 2011 vert
send ut ved eit
seinare høve
Fottur anten til Tomannsbu
eller Blåvannshytta.
Interesserte melder seg til Odd
Erik Haustulen
Medlemsmøte med oppmøte i
Paradiskjellaren – me
garanterer lødige innslag
Me dekker det aller fyrste
julebordet i foreininga si
historie. Dvs me kjem til å
dekka mange bord. Julebordet
blir skipa som ein running
dinner, der somme lager
forretten, andre hovudretten,
medan dei hine syslar med
desserten – så vert me skyssa
fram og tilbake slik at selskapet
endrar seg frå rett til rett.
Medlemsmøte med oppmøte i
Paradiskjellaren – me
garanterer lødige innslag denne
gangen og.
Pubkveldar i Paradiskjellaren
som lukka arrangement for
medlemmer og inviterte gjester
– meir info på medlemsmøtet i
september.
Me som sit i styret vonar at dette skal
falla i smak hjå kvar og ein av dykk.
Sjølvsagt treng de ikkje vera med på alt,
men me reknar med at me kjem til å sjå
deg på minst eit av desse arrangementa –
velkommen skal du vera.
Sidan me no har merksemda di som
lesar, høver det kanskje å minna både deg
og resten av medlemshopen på kven som
vart valde til å leia denne kulturstimen av
cognac- og kulturentusiastar. Styret er sett
saman slik:
hovding - frode fjeldsbø
kjømeister - tor eyvind moss
høvedsmann - odd erik haustulen
skrivar - torgeir undheim
teljar - ole sjølyst
grindvakt - oddvar oftedal
klakkørar – frode midttun
og ketil vaule
(me minner medlemmene på at me kan gjera oss internasjonale
ved å setje titlane om til fransk – når det slik høver seg,
naturellement; president, president des rites et des ceremonies,
president de voyages, secretaire, cassier, concierge et épandeurs
de joie )
Adresser og telefonnummer på
styremedlemmene finn de på utsendte
medlemsliste – om de skulle koma på å
kontakte oss.
Som de sikkert veit skipa med 2
venefester i bakgården hjå Oddvar,
Bakaren eller grindvakten (kjært born har
mange namn). Fyrste gongen var me berre
måteleg nøgd med frammøtet og
innteninga. Men andre gongen me inviterte
til fest trefte me betre. Det kom om lag 100
gjester, og dei la att ein del pengar. Me har
no funne ut at slike arrangement er liv laga,
om me berre informerer godt på førehand.
Kan henda legg me opp til 2-3 slike festar
neste sumar og – pengar som vil koma
godt med når me skal vøla nytt klubbhus.
Sannsynlegvis har me att ein og annan
boksen, kartongen og flasken med drikk
som me lyt selja på eit av medlemsmøta i
haust. Slikt noko skal ein ikkje brenne inne
med.
Det vert jobba med ei heimeside for
klubben. Når denne er ferdig, veit me ikkje
heilt, men vonleg før me skriv 2011. Om
de har tips og idear til korleis denne kan
utformast, er me glade for innspel. Vend
dykk til eit av styremedlemmene om de har
noko på hjartet.
Me har allereie diskutert kva program
me skal stella til for medlemshopen neste
år. Det vekslar mellom det edruelege, som
kanskje er kjedeleg i ein cognacklubb, og
det meir berusande og ekstravagante, t.d.
helikoptartur til Kjerag med Bache
Gabrielsen som reiseleiar. Når me får
hausten på oss til å køyra inn
cognacklubbmaskineriet, reknar me med å
koma opp med noko for eitkvart gemytt,
einkvar lommebok og einkvar partnar
medlemmene måtte koma til å taka med
seg når det vert høve til det.
Lett berusande cognachelsingar frå Frode
hovding og resten av styret