Innbydelse Bislett Summer Games

Download Report

Transcript Innbydelse Bislett Summer Games

Innbyding til Bislett Summer Games
Arrangør: Idrottslaget i BUL
Stad: Bislett Stadion
Tid: laurdag 9. og søndag 10. august - 2014
Øvingar:
LØPSØVINGAR
60 m (også for rullestolbrukarar)
100 m (også for rullestolbrukarar)
200 m
400 m
800 m
Bislettløpet (eige arrangement
laurdag)
KASTØVINGAR
Kast med ball (150 g)
Kule Menn 4 kg
Kvinner 3 kg (i kastfelt)
HOPPØVINGAR
Lengde med tilløp
Lengde utan tilløp
Stafett (søndag, ikkje blanda lag)
3 kast/hopp der det lengste blir teljande.
Tidsskjema
Laurdag
Søndag
Kl. 10.00
Leiarmøte –Bislett Stadion
Kl. 10.00
Fyrste finale start
Kl 10.45
Opning av arrangementet
Kl. 15.00
Kl 11.30
Fyrste start
Avslutning på Bislett
Stadion, bussavgang til
Bussterminalen
Kl 18.30
Fest – hotell
Klasseinndeling
Alle øvingane blir arrangerte med forsøk og finalar i dei individuelle øvingane. Klassane
i finalane blir sette saman etter alder og oppnådde resultat i forsøka. Kvar klasse skal ha
minimum tre og maksimum åtte deltakarar. Nedre aldersgrense er 12 å r.
Klasseinndelinga er: 12-15 å r, 16-21 å r, 22-29 å r og ei klasse for dei over 30 å r. Forsøka
skjer laurdag 9. august og finalane i enkeltøvingane gå r søndag 10. august.
Stafett
Stafetten bestå r av 4 etappar - 100 m - 200 m - 300 m og 400 m.
Vi ønskjer her å blande utviklingshemma idrettsutøvarar med ein ikkje
utviklingshemma idrettsutøvar frå same idrettslag/ idrettsområ de. Det vil vere reine lag
av menn og kvinner. Stafetten vil bli avvikla søndag. På melding til stafetten - sjå
på meldingsskjema. Startkontingent er kr 150,- per lag.
Kan du kan eg
«Bislettløpet» (familieløp med klippekort) blir arrangert laurdag 9. august.
«Bislettløpet» er løpet der alle deltakarar og leiarar kan delta. Alle spring så lenge dei vil
i ein halv time. Deltakarane vil få utlevert eit «klippekort», der ein vil få eit klipp for kvar
runde ein gjennomfører. Alle deltakarane i «Bislettløpet» få r deltakarmedalje.
Premiering og 15% regelen:
Ved klasseinndeling av finalane skal skilnaden mellom det beste og det dårlegaste
resultat ikkje avvike meir enn 15%. Det er difor viktig at utøvaren yter sitt beste både i
forsøk og finale. Er avviket mellom oppnådd tid i forsøk og finale meir enn 15% vil
juryen kome saman og vurdere dette. Dersom det ikkje er nokon naturleg forklaring på
avviket kan deltakaren bli diska.
Det blir delt ut gull-, sølv- og bronsemedaljar til dei tre beste i kvar klasse. Dei andre, frå
og med 4. til og med 8. plassering, få r deltakarmedaljar. Premieutdelinga blir søndag 10.
august, etter at øvingane er ferdig.
I stafetten blir det berre delt ut gull-, sølv- og bronsemedaljar i kvar klasse - kvinner og
menn.
Reglar som bør kjennast før påmelding:
Ved 800 m vert det sett ut tilvisarar til hjelp for den einskilde deltakar. Det er ikkje
tillate for føresette/trenarar fysisk, å yte hjelp, med mindre det oppstå r situasjonar der
hjelp trengst.
Leiarmøte:
Leiarmøtet startar laurdag kl. 10.00. Ein leiar frå kvart lag MÅ møte. Startnummer for
øvingane blir delt ut på leiarmøtet.
Bankett:
Laurdag kl 18.30-23.00 blir det fest med dans for deltakarar og leiarar på Quality Hotel
33, Østre Aker vei 33, 0581, Oslo.
Transport
Arrangøren sett opp buss for deltakarar og leiarar til og frå stadion begge dagar. Dersom
ein ønskjer transport melder ein frå om dette ved påmelding.
Buss tur/retur Quality Hotel 33 – Bislett Stadion laurdag.
Buss Quality Hotell 33 – Bislett Stadion søndag. På søndag blir det retur til
Bussterminalen Oslo.
Prisar:
Startkontingent (per øving): 80,«Bislettløpet»: På melding og betaling ved start. Startkontingent kr. 50,- per startande.
Stafett (per lag): 150,Festbillett (per person): 430,- (inkluderer to-retters middag, ein mineralvatn og ein
kaffe/te)
Transport (per person): 200,-
Betaling:
I år vil arrangøren sende ut faktura etter at påmeldingane er teke imot. Faktura må altså
betalast før arrangementet.
Påmeldingsskjema sendast helst på e-post til: [email protected], men kan også sendast til:
Idrottslaget i BUL, Rosenkrantzg. 8, 0159 Oslo
Påmeldingsfristen er 10. juli 2014.
Innkvartering
Når det gjeld innkvartering til arrangementet i år har arrangøren avtalt spesialpris på Quality
Hotel 33 på Økern, men det vil vere deltakaren og/eller lagleiaren sitt eige ansvar å bestille
hotellrom. For å nytte seg av denne spesialprisen må hotellrom vere bestilt innan 18.07.14
ved bruk av rabattkoden «99062»
Quality Hotel 33, Østre Aker vei 33, 0581, Oslo (Alle prisar er inkludert frukost)
Pris per person per natt:
Enkeltrom
784,Dobbeltrom 472,-
Trippelrom
395,-
Booking kan gjerast ved å sende e-post til [email protected] eller ved å ringe 23 19
33 66.
Dersom du lurar på noko kan du ringje Idrottslaget i BUL, tlf. 23 21 41 68/69
Du kan også sjå : www.bul.no/pub/idrettslaget/front,
Vi gjer oppmerksamen på at arrangementet er røyk- og alkoholfritt.
VI ØNSKJER VELKOMEN TIL FRIIDRETTSDAGER
PÅ BISLETT STADION 9.-10. MARS 2014