Informasjon om hogst i eigen skog og levering av tømmer

Download Report

Transcript Informasjon om hogst i eigen skog og levering av tømmer

Oktober 2014

Informasjon om hogst i eigen skog og levering av tømmer

Me i Vestskog SA set pris på at du som skogeigar er interessert i å hogga i eigen skog og levera tømmeret til oss. Difor har me laga til følgjande informasjon til deg som rettleiing og hjelp på vegen.

Denne informasjonen har to hovudinnhald:

1.

Informasjon om

våre miljøkrav

når skogeigar hogger sjølv eller organiserer drift mot entreprenør. 2.

Rettleiing om

kapping av tømmer

.

Informasjonsskrivet har også følgjande vedlegg:

1.

Informasjon om prisnivå på tømmer 2.

Dimensjons- og kvalitetskrav på tømmer (målereglement) 3.

Leveringsvilkår 4.

Orientering om framlegging og transport av tømmer 5.

Informasjon om skogfondsordninga

MILJØKRAV

Vestskog SA er ISO 14001-sertifisert (miljøsertifisert), noko som er ein føresetnad for at me skal kunna selja tømmer. Me må i den samanheng stilla ein del krav til skogeigar som hogger tømmer sjølv og sel til oss. Dette er for å etterkoma dokumentasjonskrava i ISO-systemet og det er ikkje mogeleg for oss å dispensera frå desse krava.:

Skogeigar hogger sjølv, eller organiserar sjølv avverkinga: Ved leveransar av fure/lauv/vossagran (naturskog) eller over 100 m3 med gran/sitka (kulturskog):

Gjeld både driftsområde og utkøyringstrase. 

skogeigar fylla ut «Miljørapport for eigenhogst», og ta vare på skjemaet i minst 2 år.  Den som fyller ut «miljørapport for eigenhogst»

ha gjennomført kurs i Norsk PEFC Skogstandard. Skogeigar må ikkje ha gjennomført kurset sjølv, men ein kan leiga Vestskog eller mytta annan med PEFC-kurs til å utføra planlegging av drifta og kontroll etterpå.  I kommunar der det ikkje er føreteke nøkkelbiotopregistreringar (MiS-registreringar) må «Føre-var skjema» vera fylt ut. Skjemaet ligg på heimesida vår, og Vestskog opplyser på bakgrunn av innmeldinga di om det er naudsynt for deg å nytta føre-var-skjemaet. For eigenhogstar under 100 kbm av kulturskog av gran/sitka og der utkøyringstraseen ikkje går i naturskog har Vestskog ikkje krav til dokumentert miljøkompetanse eller bruk av miljørapport for eigenhogst skogeigar. Vestskog føreset at leverandør/skogeigar har kjennskap til og tar vare på registrerte miljøverdiar på eigedomen, og vurderer miljøomsyn og miljøverdiar ved hogst. Vestskog vil ved handsaming av innmeldinga så langt det er råd utføra sjekk av viktige miljøomsyn.

Me presiserer at alle skogeigarar som hogger tømmer sjølv må gjera vurderingane som står på skjemaet «Miljørapport for eigenhogst skogeigar», men at det kun er ved hogst av naturskog eller over 100 kbm i kulturskog at det er krav til skriftleg dokumentasjon på desse vurderingane.

1

Ved entreprenørhogst der skogeigar har direkteavtale med entreprenør

a) b) Dersom entreprenør er godkjent som A-entreprenør hjå Vestskog, har desse naudsynt kompetanse på miljøkrava i sertifiseringa til Vestskog. Entreprenør fyller ut miljørapport skogsdrift og utarbeider driftskart og er driftsplanleggar for drifta. Skogeigar må ta vare på miljørapport skogsdrift og driftskart for dokumentasjon for ettertida. Dersom entreprenør ikkje er godkjent hjå Vestskog, er skogeigar ansvarleg på same måte som om skogeigar stod for hogsten sjølv.

KAPPING AV TØMMER

 Kontroller måleband (fyrste meter) og merk deg lengde og diameterkrav for dei ulike sortimenta;

dimensjonsfeil er den dominerande årsak til nedklassing til utlegg eller vrak!

 Nedanfor kjem enkle råd til kapping av tømmer, for detaljar sjå vedlegg 2

Hogst under 30 kbm

 Ver klar over at det påløper småpartitrekk på 1000 kr på leveransar under 30 kbm.  Ved leveranse under 30 kbm tilrår me uttak av så få sortiment som mogeleg.  Hogger du mindre enn 15-20 kbm er det best å kun kappa ut massevirke i 5,5 meter lengder. Hogger du meir enn 15-20 kbm kan det vera lurt å vurdera uttak av sagtømmer i tillegg.

Hogst av over 30 kbm

Ved hogst av over 30 kbm kan det vera lurt å ta ut skurslip i tillegg til massevirke og sagtømmer. 

Enkle hugsereglar om kapping av tømmer

 Grunnen til at me tilrår kun eitt sortiment ved leveranse under 15 kbm, to sortiment ved leveranse mellom 15 og 30 kbm og 3 sortiment på større leveransar er at me meiner det er Kun eitt treslag/sortiment i kvar velte!  Velg å kappa massevirke anten i 3 meter eller 5,5 meter lengde. Me tilrår 5,5 meter lengde, fordi dette gjev litt høgare tømmerpris.

Skogeigar kan ikkje kappa ut både i 3 meter og 5,5 meter.

  Enkelt sagt skal sagtømmer vera beint, ikkje ha for store eller mange kvistar og vera råtefritt.

Sagtømmer av sitkagran skal kappast i 4,1 meter lengder (heiter eigentleg skurslip, men er einaste sagtømmersortimentet me har av sitkagran)   Skur av vanleg gran skal kappast i 5,5 meter lengder Skur av furu til eksportleveranse skal kappast i 4,1 meter lengde. Har de fin furu ta direkte kontakt  med oss for avklaring av moglegheit for lokalt sal. Er hogsten på over 30 kbm kan det vera lurt å ta ut skurslip av vanleg gran (mellomsortiment mellom sagtømmer og massevirke). Dette er tømmer som er litt for krokete og kvistete for vanleg sagtømmer men som likevel kan sagast på ei sag. Kapp skurslip av gran i 4,1 meters lengde.  Rotdel; bult (kapp av) inntil 60 cm frå rot dersom dette medfører at fyrste stokken går frå massevirke til skurtømmer.

Ved kapping til Moelven Granvin Bruk eller lokale småsagbruk

 Kapperåd for sagtømmer av gran til Moelven Granvin Bruk gjeld kun ved hogst av gran i kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Kvam, Ullensvang, Osterøy og Bergen.  Småsagbruk gjeld kun der skogeigar har fått avklart at tømmeret skal seljast til eit lokalt    småsagbruk. Kapp i naturlege kappepunkt (krok, gankvist m.m.) og kapp før feil fordi feil i rotenden av stokken vert mindre kappa straffa enn i topp. Årringane kan heller ikkje vera for store, helst ikkje over 5 mm i rotenden av stokken Dersom stokken elles held krava er det best å kappa lange lengder, dvs 5,5 meter. 2

VEDLEGG 1: PRISNIVÅ FRÅ 1.SEPTEMBER 2014

Prisane gjeld fram til nye vert fastsett. Vestskog justerer tømmerprisane med verknad frå 1.september 2014. Det er jamt over små endringar, men enkelte sagtømmersortiment får ein liten justering ned. Forventa gjennomsnittspris er om lag uendra. Situasjonen frå siste halvåret vedrørande kva skog ein bør avvirka er uendra. Det er svært gode vilkår for å avvirka hogstmogen skog, då tømmer til sagbruksindustrien har eit høgt prisnivå. Mot massevirkeindustri er prisbiletet derimot meir moderat, slik at det løner seg å venta noko med å avvirka yngre bestand med mykje massevirke. Pr 1.september er det noko tidleg å hogga furu, slik at furuleveransar må avtalast i forkant av hogst. Utover hausten reknar me med at dette vil endra seg noko slik at det vert betre moglegheiter for hogst og leveranse av furu.

I tillegg gjeld framleis det nye prissystemet som vart innført 1.november 2013, der endringane frå tidlegare er som følgjer:

 Inndeling av Vestskog sin geografi i tre transportsoner, basert på transportavstand til kai/industri, der listeprisane til Vestskog varierar etter transportsone  Listepris mot skogeigar vert no basert på henteklardato på tømmeret, og ikkje kontraktsdato.  Ved leveransar over 3000 m3 får skogeigar eit storpartitillegg på 5 kr/m3. Dette vert berekna etterskotsvis etter at drifta er ferdig.  Andelseigarar i Vestskog SA får synleggjort at dei får betre betalt for tømmeret, og får no eit andelseigartillegg på 12 kr/m3.  Andelseigarar som hogger sjølv får i 15 kr/m3 i eigenhogsttillegg på toppen av dette. Dette tillegget vert berekna etterskotsvis to gonger i året, på nyåret og seinsommar/haust.  Ny grense for minstekvantum er 30 m3 pr leverandør (eller pr velteplass ved samleveranse). Ved leveransar under minstekvantum påløper det eit småpartitrekk på 1000 kr for leveransen. Ta kontakt for meir informasjon og uforpliktande tilbod. Prisane nedanfor er å sjå på som rettleiiande prisnivå. Faktiske tømmerprisar kan variera noko frå oppgjeve prisnivå her, då dette kun er forventa gjennomsnittsprisar for kvart sortiment.

SORTIMENT

GRAN

TRESLAG PRISNIVÅ KR/M3

330-440 SKURTØMMER SITKA EDELGRAN **) FURU ***) GRAN/SITKA *) FURU ***) 260-300 270-300 300-330 170-270 140-170 MASSEVIRKEKVALITETAR EDELGRAN **) BJØRK 150-200 270-350 VEDVIRKE HARDVED LAUSVED 220-300 170-250 *) **) Pris oppgjeve for massevirkekvalitetar av gran og sitka er forventa gjennomsnitt av leveransar på vanleg massevirke og skurslip/pallevirke (skurbar slip). Prisen vil variera med kvalitets- og dimensjonsfordeling. Leveransar av edelgran må avtalast særskilt. ***) Skurleveransar av furu må avtalast særskilt.

Det er for tida ikkje leveransar av furu skurslip OBS! Det er ikkje leveransar av lerk eller douglas!

3

VEDLEGG 2: DIMENSJONS- OG KVALITETSKRAV

Eksport Lokalt skur-tømmer

FAKTOR Minste toppdiameter, cm ub

4) Gran 1) Skur

12

Prima furu

20

Sekunda furu

14 Største toppdiameter, cm ub Største diameter, cm ub Lengder, m

5)

Toleranse på lengde, cm

55

3,7 til 5,8 4,0-7,0 60 80 3,7-7,0 Langkrok, cm pr. lengdemeter Krok i fleire plan

7)

Tverrkrok Avsmaling, mm pr. meter Årringkrav 1,0 Nei 1,0 Nei 1,5 Nei Nei Nei Nei Normal Max 8mm Snitt 5 Max 8mm mm Max 8mm Snitt 5 mm Snitt 5 mm 6 20

Skur (SL) 2) Gran//Furu 4,1 m

15

Gran 5,5 m

15 45 54 45 54 4,1 2) +5/-4 5,5 +5/-3 1,5 Nei Nei 20 ingen 1,5 Nei Nei 20 ingen

Skurslip (SQ) Gran/Sitka 4,1m

12 45 54 4,1 +5/-4 2,5 Toppdiam. - 1cm Nei 20 ingen

Massevirke 3)

6 70 3,0 eller 5,5 +/- 10 Diam. + 30 cm

6)

Diam. + 30 cm Diam. + 30 cm ingen Kvistantall på 1,5 m seksjon Normal Normal Høg kvistmengde uavgrensa Antall frisk kvist/tørr/råte Kvistdiameter Gankvist 10 total Nei 6/4/0 12/7/3 Maks. 8 cm Maks 4 cm Maks 8 cm Maks. 3, < 1,5cm Nei Maks. 3, < 1,5cm Nei Nei Maks. 6 cm Ingen krav Maks. 6 cm Ingen krav Maks. 8 cm Ingen krav uavgrensa Ingen krav Blåved, Raudstriper, føyrer Laus råte Fast råte Lagringsråte Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei Nei OK Nei OK Nei Treslagsreine velter

1) 2) 3) 4) 5) 6) 7) 8) 9)

Ja Ja Ja Ja Ja Ja Diameterkrava gjeld ved leveransar til Granvin Bruk. Mot andre lokale bruk vil det vera ulike krav 4,1m gran i eige velte og 5,5m gran i ei. Furu berre 4,1 m. Edelgran; berre 5,1 meter. Vedvirke skil seg frå massevirke ved at det skal vera fritt for råte. ub - diameter under bark Lengdegrenser for leveransar til Granvin Bruk. Det kan vera andre krav mot andre lokale kjøparar. Diameter målt 25 cm frå rotende. Stokken skal få plass i sylinder med diameter lik stokkdiameter + 30 cm Toppsylinder minus 1 cm kan trekkjast gjennom stokken (teoretisk) Lys råte ikkje rekna som feil i massevirke (fargen skil seg lite frå ordinær ved) Kan blandast inntil 7% av andre bartreslag. (dvs gran/sitka/furu) OK Max 50 % av diam.

8)

Max 50 % av diam. Nei Ja

9)

4

VEDLEGG 3: Leveringsvilkår eigenhogst Vestskog

1. Tømmerkjøp

Tømmeret vert kjøpt av Vestskog for levering til dei mottakarane som Vestskog inngår avtale med. Vestskog får disposisjonsrett over tømmer som vert hogd i samsvar med denne kontrakten etterkvart som tømmeret vert meldt henteklart.

2. Prisar

Virket vert betalt etter dei prisar som gjeld på henteklartidspunkt.

3. Framlegging av tømmer

Det er ein føresetnad at tømmeret er framlagt til godkjent bilveg og at henteklarmelding har kome innan dei frister som Vestskog har sett. «Godkjent bilveg» er veg som stettar krava til vegklasse 3 eller 4 i vegnormalane frå Landbruks- og matdepartementet. Ved framlegging til landbruksveg klasse 5 etter desse normalane må kippetrekk påreknast. Det same gjeld ved alle andre vegar som ikkje held krava til vegklasse 3 eller 4. Ved leveranse om vinteren må vegen vera tilstrekkeleg brøytt og om naudsynt strøydd. Velteplassen må vera godt ryddaslik at opplasting ikkje vert seinka. Velteplassen skal tilfredsstilla krav for biltransport, og forskrifter frå vegstyresmakter, kraftleverandør og teleoperatør. Virket skal ikkje ligga under straumførande leidningar og telefonliner. Ved framlegging til offentleg veg er det viktig at tømmeret ikke ligg nærare enn 3 m fra vegskulder, at tømmeret ikke hindrar fri sikt langs veg og at det ikkje er fare for at tømmeret rasar ut mot vegen.

4. Kontrakta si gyldigheitsperiode

Skogeier skal avvirka innmeldt volum innanfor avtalt periode så lenge det ikkje føreligg uføresette driftstilhøve som gjer utsejing eller avbrot naudsynt for å unngå vesentlege skader på skoggrunn, vegar eller liknande. Dette gjeld også dersom uføresette driftstilhøve av andre årsaker medførerl vesenteig ulempe for gjennomføring av drifta.

5. Miljøkrav til leverandør

For leverandør gjeld dei miljøkrav som Vestskog fastset og som følgjer av Norsk PEFC Skogstandard. Leverandør forpliktar seg gjennom tømmerkontrakten å etterleva Norsk PECF Skogstandard og gjeldande lover og forskrifter ved skogforvaltning på sin eigedom. Ved drifter over 100 m³ i kulturskog og alle drifter i naturskog skal ”Miljørapport eigenhogst skogeigar” fyllast ut. ”Miljørapport eigenhogst skogeigar” skal oppbevarast av skogeigar i 10 år og kunne framleggast ved kontroll. Ved brot på miljøkrava vert det følgd fastsette retningsliner vedtekne av Vestskog.

6. Leveringsfristar

Det gjeld dei vilkår som til ei kvar tid er avtalt med sluttbrukar av tømmeret. Tømmer som vert hogd i vekene: 41–16 skal vera henteklart seinast 4 veker etter hogst. 17–40 skal vera henteklart seinast 2 veker etter hogst. Leverandør kan senda henteklarmelding så snart eit lass er klart for henting ved godkjent og køyreklar veg. Sluttmelding skal sendes når hogsten ferdig. Leverandør har krav på rentekompensasjon for tømmer som er meldt henteklart ein månad, og som ikkje vert henta den påfølgjande kalendermånaden. Krav om rentekompensasjon må verta fremja av leverandøren. Skal slikt krav etterkomast må kontrakta elles vera overhaldt.

7. Leverandørmerking av tømmer

Før tømmeret vert henteklart skal eit tilstrekkelig tal stokkar vera merka med leverandørnummer. Tømmer som ikkje lar seg identifisera vert ikkje henta av transportør, og vert heller ikkje målt. Transportør har i slike tilfelle krav på kompensasjon for bomturen.

8. Kvantum

Leverandør pliktar å melda frå dersom kvantum avviker frå kontrakten meir enn 10 % +/– pr sortiment. Avvik innanfor +/–10 m³ vert tillatt utan at ein treng gje melding. Dersom vanskelige avsetjingsforhold eller marknadsregulering gjer det naudsynt kan Vestskog i kontraktsperioden og i samsvar med sine vedtekter gjennomføra reduksjon i dei kontraherte tømmerkvanta, eventuelt gjennomføra hogststopp

.

9. Misleghald

Misleghald av denne kontrakta som påfører Vestskog tap gjev Vestskog rett til, i samsvar med kontrakta, å føreta hogst og framdrift for leverandøren si rekning for å dekke tapet.

11. Force majeure

Partane vert friteke for følgjene av misleghald dersom oppfylling av kontrakta vert umogeleg ved heilt uvanlege naturforhold, organisasjonsmessige arbeidskonflikter eller andre tilsvarande forhold utanfor partane sitt herredømme. For å fri seg frå sitt ansvar må partane snarast råd gje melding til kvarandre dersom kontrakta ikkje kan oppfyllast av grunnar skildra her.

13. Tømmerdrift langs offentleg veg

Ved tømmerdrift langs offentleg veg skal det utarbeidast ein varslingsplan som skal godkjennast av skiltstyresmakt. Varslingsplanen skal gjelda for heile tømmerdrifta og fram til tømmerbilen har henta siste lass. Ved utarbeidelsinga av varslingsplan skal lokalt vegkontor kontaktast For riks- og fylkesveg er regionvegkontoret skiltstyresmakt. For kommunal veg er kommunen skiltstyresmakt. Alt av regelverk og praksis rundt arbeidsvarsling langs offentleg veg følgjer av «Håndbok 051 Arbeidsvarsling» utgjeve av Statens vegvesen.

14. Avtalen er bindande

Tømmerinnmelding er gjensidig bindande dersom ikkie tilhøve skildra i pkt. 4 eller 11 står til hinder for gjennomføring. Er tømmeret ikkje hogd eller meldt henteklart til avtalt tid eller elles ikkje er i samsvar med gjeldende produkt- og miljøkrav gjeld ikkje kontrakta lenger. 5

VEDLEGG 4: Orientering om framlegging og transport av tømmer

Nedanfor har ein teke med det viktigaste vedrørande krav til veg, velteplass og framleggjing samt litt om transport og transportprioritering. b.

VEG

Utgangspunktet for godkjenning av private vegar bygger på vegnormaler frå LD. Vinterleveranser krev vegklasse III. a. Vegen skal vera tilfredstillande vedlikehalden. Dette betyr også at greiner og kratt langs vegkantane vert rydda bort, og at vegen er godt brøyta på vinteren. b. Vegen bør vera 3.5 meter brei. Den skal tola 10 tonn akseltrykk. Det kan avtalast henting også på 8 tonnsvegar. c. Vegen skal ha tilstrekkeleg med velte- og snuplassar. Tidsmessig utstyr føreset bruk av bil med tilhengjar. Kjem ein ikkje fram med bil og tilhengjar vert skogeigar verta trekt for kipping . d. Ved leveranse til veg av dårlegare standard enn vegklasse III, må skogeigar akseptera at tømmeret ikkje vert henta før tilhøva er tilstrekkeleg gode for å få ein effektiv biltransport.

2. VELTEPLASS.

a. Velteplassen skal vera rydda for stubbar, busker, tre. O.a. som kan gjera lessing vanskelegare. b. Der bilen skal stå skal det vera skikkeleg fast grunn, og det skal ikkje vera brattare enn 10% stigning. Skikkeleg fast grunn er komprimert vegkropp med grus oppå. Det kan ha vore ein lengre nedbørsperiode den dagen tømmeret skal hentast, grasbakke kan difor ikkje aksepterast som standplass for bilen om det ikkje er skikkeleg tjukk tele. c. Tømmeret skal ikkje plasserast ved trafikkfarleg punkt på vegen. Tømmeret bør ikkje framleggjast til offentleg og traffikert veg utan at bilen har ei lastelomme å stå i. Må bil flytta seg p.g.a. annan trafikk kan leverandør verta belasta med ekstra tidsforbruk. d. Velteplass under høgspentliner er ulovleg.

3. FRAMLEGGJING AV TØMMER.

a. Kvar lunne skal kun ha eitt sortiment. Dette betyr at skur og slip skal sorterast, likeeins at gran og furu skal haldast adskilt. b. Tømmeret skal leggjast innanfor krana si rekkevidde. D.v.s. maksimalt 6 meter frå vegkant. Dersom tømmeret ligg lågare enn vegbana (maks 1m) rekk krana berre 5m ut. c. Tømmeret skal vera jamndrege. For skurtømmer skal lengda av velta ikkje overstige 6 m. For 3-meters standardlengder bør avviket ikkje vera meir enn +/- 10 cm. Lunnene skal ikkje leggjast så tett at tømmeret frå to velter flettar seg inn i einannan. d. Tømmeret skal liggja på godt underlag av same sortiment. Særleg viktig er dette ved fare for fastfrysing av tømmeret. Transportøren pliktar å ta med seg underlag ved sluttlevering. e. Tømmeret i velta skal vera fritt for hogstavfall, stein, plast eller andre framandlekamar. f. Minste leveringskvantum til ein kjøpar er 15m 3 . Kvantumet kan liggja i fleire velter langs same veg. Mindre kvanta kan leverast etter avtale om samlasting med andre leverandørar etter same veg. g.

Tømmeret skal vera tydeleg merka med leverandørnr.

leverandørnummer på ca. 10% av stokkantalet. Privat tømmer må merkjast tydeleg med:

P

Og evt. internnr. Veltene skal vera merka med Mange fyller i dag ikkje desse punkta, men ein kan ofte gjera noko med dette. Koplar ein tilskot og bruk av skogavgift, har ein gode økonomiske vilkår for å gjera naudsynte investeringar, og det er ofte lite som skal til. Transportavtalar bygger på ei normal opplastingstid. Er tilhøva på velteplassen slik at transportør treng lengre tid for å lasta opp lasset sitt, kan han krevja godtgjersle for dette. Dette vert trekt av oppgjeret eller fakturert skogeigar.

4. TRANSPORT

a. Faktorar som påverkar transportprioriteringa er mellom anna henteklardato, fulle velteplasser og om det er del- eller sluttlevering. Vilkår for å få fulle lass er også ein faktor det vert lagt vekt på. b. Bomtur må me prøva å unngå. Er det spesielle tilhøve som gjer at det må transporterast under t.d spesielle vertilhøve må ein melda frå om dette ved henteklarmelding. Bomtur vert fakturert skogeigar. 6

VEDLEGG 5: INFORMASJON OM SKOGFONDSORDNINGA

Tips: www.skofond.no

 Skogfond (tidl skogavgift) er ei ordning der føremålet er å sikra midlar til reinvestering i skogeigedomen til dømes til skogkultur  Avsett skogfond vert i si heilheit ført til utgift på året. Ved bruk av fondsmidlane vert 15% inntektsført. Det oppstår dermed ein skattefordel knytt til at 85% vert friteke skattlegging (for dei fleste gir dette ein verknad som tilsvarar direkte tilskot på 45-75%, alt etter marginal skatteprosent).  Skogfond skal svarast for alt salsvyrke av både bartre og lauvtre. Det skal og svarast skogfond av eige tømmer som vert foredla av skogeigar for vidare sal, slik som ved og trelast.    Skogfond skal avsetjast i heile prosentsatsar valfritt frå 4 til 40% av virket sin bruttoverdi. Ved omdisponeringshogstar kan det søkjast skogansvarleg i kommunen om lågare sats enn 4 %. Om det i fyrste omgang ikkje er trekt maksimal sats for skogfond (40%), kan skogeigar i same kalenderår betala inn opp til denne grensa (Er det t.d. trekt 10% av eit virkesoppgjer på kr. 100.000,-, kan skogeigar ytterlegare betala inn kr. 30.000,- til sin skogfondkonto).

Bruk av skogfond –

Ved endringa av forskriftene for skogfond, er det innført skattefordel for alle tiltak som er godkjende for bruk av skogfondmidlar. Trekte skogfondmidlar vert ført som utgift det året dei vert trekt, og inntektsført det året dei vert nytta. Ved bruk av skogfondmidlar vert 15% inntektsført og 85% er friteke skattlegging.

Tiltak det kan nyttast skogfondmidlar til er:

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

Skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie Bygging og opprusting av skogsvegar og velteplassar Sommarvedlikehald av skogsbilvegar Miljøtiltak, som pleie av kulturminne i skog Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar Biovarmeanlegg for varmeleveransar Forsikring av skog 8.

Kursavgift og kursmateriell for kurs knytte til drifta av eigedomen 9.

Oppmerking av eigedomsgrenser og naudsynte handlangarutgifter ved jordskifte i skog 10.

Eventuelle meirverdiavgift på desse tiltaka

Kontroll med skogfondkontoen?

Skogeigar kan i dag få innsyn til sin skogfondkonto over internett. Dette gjer det langt lettare å halda kontroll med inneståande midlar, utbetalingar mm. Slik finn du fram: Gå inn på www.slf.dep.no

og du finn tilbod om «Elektroniske tjenester». Vel «Se din skogfondkonto», og du kjem til «ALTINN». Vel «Skogfondsystemet» og du har 4 ulike måtar å kobla deg inn på din skogfondkonto (blant anna kan du gå inn ved bruk av «BankID»).

Viktige tips om skogfond!

    Sett av skogfond i forhold til trong for investeringar. Vurder investeringstrongen på eigedomen og bruttoverdien av planlagd hogst. Grovt kan ein rekna ein plantekostnad på 1000-1200 kr/dekar og rydding av plantefelt 300-500 kr/da (Brutto kostnad, dette er tiltak med rett til tilskot. Tilskotssatsane er varierande frå kommune til kommune. Undersøk satsane i din kommune. Du vil finna informasjon om desse i «din skogfondkonto»). Hugs og at skogfond kan nyttast til å dekka eige arbeid. Avsett skogfond er ikkje renteberande for skogeigar, og avsetjing som dekker investeringar i fleire år framover må vurderast mot planlagd avverking i perioden. Set ein av for mykje midlar på skogfondskontoen kan ein etter søknad til kommunen få frigjeve desse midlane, men ein får då ikkje skattefordel på skogfondsmidlane  Hjelp til spørsmål om skogfond kan rettast til den skogansvarlege i kommunen. 7