Referat frå årsmøtet i Valle og Bykle skogeigarlag og AT Skog sitt

Download Report

Transcript Referat frå årsmøtet i Valle og Bykle skogeigarlag og AT Skog sitt

Referat frå årsmøtet i Valle og Bykle skogeigarlag og AT Skog sitt luteigarmøte 5.mars 2014 på
Sylvgarden Hotell
Til stades: Ståle Lye, Gunnlaug og Olav Jan Tveiten, Tone Rysstad, Bjug Åkre, Svein K. Røysland, Gunnar
Stubseid, Knut Nomeland, Else Lind Løyland.
Skogbrukssjef Inge Olav Fjalestad, skogbruksleiar Frank Uleberg, faghjelp Kjell Arne Rosseland.
Frå AT Skog møtte styremedlem Hølje Kristian Jore.
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
Ingen merknader til innkallinga
Styreleiar valt som møteleiar
Ståle Lye og Tone Rysstad valde til å skrive under protokollen
Årsmelding frå AT Skog SA. Styremedlem Hølje Kr. Jore gjekk gjennom årsmeldinga. Hovudtema var:
Prisutvikling, nedleggjing av Sødra Cell Tofte som gav store utfordringar for avsetjing av masseverke,
omorganisering i AT Skog, konkurranse frå andre aktørar i næringa som tek volum frå AT Skog, fordelar
med å vere med i samverke der ein er sikra avsetjing for tømmeret sitt og får tilgang på fagleg
kompetanse.
Nytt kaianlegg i Mandal utløyser stor eksport av tømmer til kontinentet frå Sør-Vestlandet. Tømmer
og flis vert frakta med jernbane frå Bø til Austlandet og Sverige. Effektiv og miljøretta transport.
Gjennomslag for tømmerbilar med 24m lengde, 60 tonn totalvekt. Kostnadssparande med opp til 20%
meir volum. Førebels er det likevel mange av vegane, særleg i innlandet, som ikkje kan nyttast til slik
transport.
Hølje Kr. Jore synte elles til dei store endringane som har vore i skognæringa dei siste 25 åra, der
nettoen til skogeigarane har hatt ei negativ utvikling. Likeeins driftsutfordringar samanlikna med t.d.
Sverige som tek mykje av marknaden.
Det vert no jobba for å samle alle interessene i skognæringa i ein felles organisasjon: Skog Norge.
Rekneskapen i AT Skog. Denne vart teken til orientering. Sjå elles heile årsmeldinga med rekneskapen
på www.at.skog.no
Orientering frå skogbruksleiar Frank Uleberg: Stoda for skognæringa i Valle. Det er mykje gamal
granskog som treng hoggast. Det er stort etterslep på ungskogpleie, sluttavverking er avhengig av at
ein legg eit godt grunnlag gjennom skogkultur. Hugs og foryngingsplikta!
Det vert teken i bruk ny form for tømmermåling, FMB= fotomåling av lasta.
Hugs og stordriftstillegg: 10kr/m3 tillegg på sagtømmer og masseverke på drifter over 1000 m3 som
vert meldt inn før 1. juli 2014. Dette tillegget gjeld og om fleire skogeigarar (min 300 m3 per kontrakt)
på same skogsbilveg slår seg saman for å få samla minste kvantum på 1000 m3.
Det kjem truleg skogsmaskin til Valle i juni. Om det vert nok avverking, held han seg truleg i distriktet
til september.
Orientering frå skogbrukssjef Inge Olav Fjalestad: Avsetjing til skogfond og bruk av denne. 85% av
uttaket frå skogfond er skattefritt. Skogfond kan nyttast til å dekkje kostnader i samband med
skogkultur. Div. tilskot til skogkultur, planting og ungskogpleie.
Orientering om planlagde kurs i regi av Aktivt skogbruk.
Orientering om stormskadar i skog-mellombels utviding av bruk av skogfond
Orientering om auka tilskot til bygging av traktorvegar.
Orientering frå faghjelp Kjell Arne Rosseland: Bruk av skogfond med skattefordelar; svært gunstige
ordningar.
Det er stort behov for utføring av skogkultur i Valle. Det vert dårleg kvalitet på tømmeret og mindre
volum om ein ikkje steller skogen, og store verdiar går tapt til framtidige generasjonar av skogeigarar.
Tak kontakt med faghjelp, denne tenesta er gratis.
Kurs: Det vert arrangert kurs for både det enkelte lokallaget og saman med laga i Setesdal, halvparten
av kursavgifta vert dekka av rentemidlar, resten kan ein nytte skogfond til.
9. Årsmeldinga frå Valle og Bykle skogeigarlag; ingen merknader.
10. Rekneskap 2013, arbeidsplan og budsjett for 2014; ingen merknader. Vedteken av årsmøtet.
11. Godtgjering til tillitsvalde; leiargodtgjering 2014 kr. 6000,12. Valkomiteen sitt framlegg vart godkjend. Styret for 2014 vert slik:
Else Lind Løyland, leiar og studieleiar (valt 2013)
Knut Nomeland, nestleiar ( valt 2014)
Hallvard Homme ( valt 2014)
Gunn Marith Homme ( valt 2012)
1. varamedlem til styret: Torleiv Sælid (valt 2014)
Trygve Brokke (valt 2013)
2. varamedlem til styret: Egil Åmlid (valt 2014)
Valkomiteen: Margit Dale, leiar (valt 2014)
Tor Espen Helle ( valt 2014)
13. Val av utsending til AT Skog sitt årsmøte : Else Lind Løyland,
varamedlem Knut Nomeland
NB! Ein vil minne om at det er mogeleg å søkje Tømmerfondet om tilskot på inntil 30% av
dokumenterte utgifter til vedlikehald av skogsbilvegar og inntil 15 % til nybygging. Søknad med
dokumentasjon kan sendast : Tømmerfondet i Øvre Otra v/Terje Bystøl, Nedre Tingveg 9, 4735 Evje.
E-post: [email protected]
Kontaktinfo:
Styreleiar Valle og Bykle skogeigarlag
Else lind Løyland
Mobil 95836763
E-post: [email protected]
Skogbruksleiar Frank Uleberg
Mobil: 92018504
E-post: [email protected]
Faghjelp Kjell Arne Rosseland
Mobil: 91835575
E-post: [email protected]
Skogbrukssjef Inge Olav Fjalestad
Telefon: 37934755
E-post: [email protected]