Gamle Aal.4.indd

Download Report

Transcript Gamle Aal.4.indd

Industri
Tingvollsaga med sidespor til Bergensbanen i 1919. Det blir sagt at når dampmaskinen
på saga peip og fyrbøtaren skreik, då var klokka sju, presis sju. Mange torpingar stilte
då klokka. (Utlånt av Vebjørn Kaupang)
150
Mannskapet på Tingvollsaga først på 1940-talet. Fremste rekke frå venstre: Einar
Granlien, Sander Sollien, Mikkel Torsethaugen, Syver Slåtten, Ola Vangen og Olav
Bæra. Bakre rekke frå venstre: Magnus Jansen (disponent), Johannes Pettersen (sagmeister), Eilev Leikvoll, Olav E. Skjerping, Oluf Brenna, Knut Kristmoen (vesleKnut) og Anders Dokken. (Utlånt av Ingrid Medgard)
Båten som mannskapet på Tingvollsaga brukte til og frå arbeidet. Her er Sissel og
Syver Slåtten ute på Tingvollfjorden i 1952 med sønene Kristen og Harald.
(Utlånt av Vebjørn Kaupang)
151
Eit arbeidslag ved Sundre Hotell i 1933.
Frå venstre: Ein svenske med namn Johansson, Ingvald Moen, ukjent, Levor Teigen,
Lars Odden, Aksel Falck, Emil Noss og Lars Haugerud. (Utlånt av Arne Odden)
Hallingdal Meieri skipa til kurs i matstell. Her er fire av deltakarane knipsa på meieritrappa, frå venstre: ukjent, Ragnhild Olsen, Oddvar Dokken og Gudrun Olsen.
(Utlånt av Gudrun Olsen Larsen)
152
På meieriet i 1967. Olav E. Sundbrei og Lars Gjeldokk. (Utlånt av John Dalseide)
Hallingdal Meieri frå den gongen ein fyra anlegget med ved. Me er sist på tredvetalet.
(Utlånt av Elise Bråtalien)
153
Hytta til Botolv Ødelien etter oppdemminga av Gyrinosvatnet i 1959.
(Utlånt av Gro Holeplass)
Borghild og Hermann Gullhagen på Gullhagasaga rundt 1920. (Utlånt av Guri Trintrud)
154
Ål Hyttebygg vart starta våren 1965.
Dei tre som drog bedrifta i gang var Asle Bøygard, Sigurd Kirkebøen og Olav Oppsato.
Frå venstre ser me Gunnar Storeli, Torleiv Arnegard, Asle Bøygard, Torleiv Bøygard,
Sigurd Kirkebøen og Rønning. (Utlånt av Sigurd Kirkebøen)
Saga på Trintrud var i bruk til ut i 1960-åra. (Utlånt av Guri Trintrud)
155
Ål kraftverk
Bygging av kraftstasjonen midt i 30-åra. Dette var første byggesteg
(1933-35) på ei utbygging som gav rom til ein ny maskin. I 1940-41
kom maskin nummer to på plass. (Utlånt av Odd Hoftun)
Her kjem den første røyrgata ned mot kraftstasjonen. Året er 1934.
(Utlånt av Odd Hoftun)
156
Driftsstyret for Ål kraftverk under krigen.
Frå venstre: driftsstyrar Erik Hoftun, Olaf Ruud, Lars
Breie og Andres Haug. (Utlånt av Odd Hoftun)
Maskinist Sander Tufte ved styringstavla i 1940-åra.
(Utlånt av Odd Hoftun)
157
Militæret/krigen
På «Høyo», heimstølen til Ellingsgard. På biletet er Guri Ellingsgard i ca. 1925.
Her var det plassert ein hemmeleg radio under krigen. (Utlånt av Nils Ellingsgard)
Tyskerane hadde ein større utmarsj på Veståsen i 1942. Dei overnattta på Sandestølen. Dette var først i juni. Men vergudane kan vera i ulune også om kalenderen
syner juni. Tyskerane fekk i allefall eit skikkeleg snøver på denne utmarsjen.
(Utlånt av Knut Myro)
158
Skyttarhuset i Leveld. (Utlånt av Harald Haug)
Båthuset til presten Johan Øye blir flytta frå Presttjørn. Øye var ikkje populær hjå det
tyske herrefolket, og dei gav ordre om flytting av båthuset frå statens grunn. Bygdefolket stilte opp for den folkekjære presten. Dei drog båthuset på isen og inn på privat
grunn. (Utlånt av Halle Perstølen)
159
Utanfor huset til Nils Krydshaug våren 1945. Me ser Elina og Hans
Hansen. Hans er nettopp komen heim frå Grini.
(Utlånt av Hanna Kolsrud)
Her har Ole Dynge funne att motorsykkelen i 1945. Sykkelen vart konfiskert av
tyskerane i 1941 og kom for ein dag på Vikersund ved krigens slutt.
(Utlånt av Berit Venås)
160
Samferdsel
Biletet på denne sida er ein godbit. Det syner Tangebrua kring 1900.
Brua var 90 meter lang og hadde ei høgde på om lag tre meter over normal vasstand.
Brua hadde 16 spenn og midt på var det eit dobbeltspenn, der fløytingstømmeret
slapp forbi.
Ola Perstølen (f. 1877) mintes at Tangebrua vart bygd midt på 1890-talet. Brua var
bygd på pålar slått ned i elvebotn. Ola fortel at dei hadde ein flåværing til å slå ned
dei stolpane som trengdes til bru.
Då Budalsdammen på Geilo gav etter i 1917, vart det ein flaum som reiv med seg
fleire bruer nedover dalen. Midtspennet på Tangebrua vart skadd men reparert vinteren etter.
Asle Viken (1918 -2006) fortalde at det var ein større reparasjon på Tangebrua i
1927. Stolpane som var slått ned i botn, vart då skruvde opp av isen.
Sigurd Breiehagen har fortald at siste gongen folket i Breiehagen brukte Tangebrua,
var i 1938. Då vart ny bru bygd litt lenger vest, ved Øyne (no Kleivi industriområde).
Etter at brua ikkje lenger var brukandes, vart Mobrua nytta som «stølsbru» til Øynobruene vart bygde.
(Utlånt av Knut Sandåker)
161
Her har venegjengen på biltur fått dekkhavari. Frå venstre Ola
Ødelien, Vebjørn Odden, Olaf Olsen og Hans Bekkestad. Me er
sist i 1920 åra. (Utlånt av Ambjørg Sælthun)
Ola Sataøen er stolt eigar av motorsykkel.
(Utlånt av Berit Dynge Venås)
162
Stølsvegen mellom Klype og Fagerdalen. Her køyrer Kristi Kykjedelen mjølka den
sju km lange strekningen fram til Klype. (Utlånt av Olav Kyrkjedelen)
163
På kyrkjeveg ca. 1930. Biletet er teke ved Strandaeggji. I reisekjerra ser me Knut L.
Sandåker med kona Haldis i midten og svigermor Kari S. Thune.
(Utlånt av Knut Sandåker)
Sander Nyhus køyrer mor Olava og sonen Olav Gjerdene frå Maristølen til toget på
Torpo stasjon. Biletet er frå ca. 1940. (Utlånt av Magnhild Hagen)
164
Brøyting før fôrkøyring heim frå Fetjastølsdalen og Halldalen i 1939. Frå venstre:
Asle Halvorstøl, Ola Odden, Sigurd Sandåker, Eirik E. Breie, Thomas Breiehagen,
Johannes Breiehagen og ukjent. (Utlånt av Knut Sandåker)
Første gongen det var helikopter i Ål. Helikopteret landa på Myrenjordet for å fylle
bensin på BP-stasjonen. (Utlånt av Hallgrim Berg)
165
Kjekt å haike opp Øvre-Ålsbakkane med Svein
Hago og snøplogen. (Utlånt av Emma og Leif Stave)
Snøbrøyting i Nørdre Vats like etter krigen. (Utlånt av Lars Kaslegard)
Ambjørg Sata og Ågot Krydshaug fotograferte på Ål stasjon like etter
krigen. (Utlånt av Ambjørg og Ole T. Breiehagen)
166
Lars L. Stave og Svarten gjennom Sundre, på tur til Varaldset.
(Utlånt av Emma og Leif Stave)
Ål ungdomslag er på tur til Husum i Lærdal i 1957. Me ser frå venstre Lars (i Larsgard) Noss, Margit Feten, Ola Kvinnegard og Solveig
Helling. (Utlånt av Emma og Leif Stave)
167
Her har me ein Fargo 1938 modell. Denne lastebilen kjøpte Vigleik Liahagen av Asle
Bergo i 1954. (Utlånt av Vigleik Liahagen)
Traktoren og tilhengaren er 50 år. Doningen er heimelaga, av Kjell Teigen.
(Utlånt av Kjell Teigen)
168
Gullhagakrysset slik det var fram til midten på 1960-talet.
(Utlånt av Steinar Sørbøen)
Halvard Nybråten som bilbergar i 1965. Han dreiv i mange år verkstad i Votndalen.
(Utlånt av Olav Søderberg)
169
Ola Randen køyrer stein med lastebilen sin.
(Utlånt av Lars Kaslegard)
Vegen til Gåsterud måtte utbetrast for at mjølke-tankbilen skulle koma
fram. Her er den første tankbilen i Gåsterud. Me skriv 9. oktober
1973. (Utlånt av Inge Ragnar Gåsterud)
170