Sjå saksutgreiing her.

Download Report

Transcript Sjå saksutgreiing her.

ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING
Utval
Viltnemnd
Sakshandsamar:
Annbjørg Bue
Møtedato
05.02.2014
Arkiv:
Saknr
002/14
N-632
ENDRING AV MINSTEAREAL FOR HJORT 2014
Vedlegg i saka:
Hjorteviltplan for Det interkommunale Hjorteviltutvalet Hjort 2013 - 2015
Utrykte saksdokument:
Ingen
Saksgang:
Viltnemnda
Utskrift til:
Viltnemnda
Saksh.
ANB
Arkivsaknr:
2013001641
SAKSUTGREIING:
1.
Kva saka gjeld:
Viltnemnda vedtok i sak nummer 005/13 den 13.03.2013 at viltnemnda i haust skal vurdere
om det er nødvendig å endre forskrifta for minsteareal for hjort.
2.
Bakgrunn for saka:
Korleis lage forvaltningsmål?
Dagens hjorteviltbestandar utgjer viktige og store ressursar både som grunnlag for rekreasjon
gjennom jakt, andre naturopplevingar og som kjøtprodusentar. Desse ressursane gjev mange
stader etterkvart grunnlag for næringsmessig utnytting. Mange jegerar og grunneigarar
ynskjer difor å ha tette hjorteviltbestandar.
Samstundes påverkar hjorteviltet andre næringsinteresser som jord, skog og hagebruk der
beiteskader av hjortevilt kan medføre økonomisk tap av betydeleg omfang.
Hjorteviltbestandane påverkar og andre samfunnsinteresser, mellom anna samferdsle der
kollisjonar mellom køyrety, jernbane og hjortevilt fleire stader er eit problem. Dette kan i
mange tilfelle medføre alvorlege personskadar i dei verste tilfella med tap av menneskeliv.
Slike kollisjonar har og oftast store økonomiske konsekvensar gjennom skade på køyrety,
kostnader for helsevesenet m.v. og kostnader med ettersøk og avliving av skadde dyr.
Store konsentrasjonar av hjortevilt påverkar og vegetasjonen i vesentleg grad noko som igjen
kan få betydning for det biologiske mangfaldet.
§ 1 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt seier : «Formålet med denne forskriften er at
forvaltningen av hjortevilt ivaretar bestandenes og leveområdenes produktivitet og mangfold.
Det skal legges til rette for en lokal og bærekraftig forvaltning med sikte på nærings- og
rekreasjonsmessig bruk av hjorteviltressursene. Forvaltningen skal videre sikre
bestandsstørrelser som fører til at hjortevilt ikke forårsaker uakseptable skader og ulemper
på andre samfunnsinteresser.»
Kommunane har såleis ansvar for å ta omsyn til ei rekkje interesser når dei gjennom dei
kommunale måla skal legge føringar for hjortviltforvaltninga. Kommunane pliktar å innhente
relevant kunnskap om desse forholda på lik linje med andre forvaltningsområder i samfunnet.
Det kommunale målet skal seie korleis ein ønskjer at utviklinga i den lokale
hjorteviltbestanden skal vere. Dette skal skje ut frå ei vurdering av dei ulike interessene som
skal ivaretakast, og eventuelle konfliktar mellom desse og hjorteviltbetandane.
Under utarbeidinga av forvaltningsmåla bør grunneigarar/jaktrettshavarar, jegerinteresser og
andre rørte interesser involverast. Dette både for å kunne ivareta dei ulike interessene men
ikkje minst for å skape forståing for og semje om forvaltningsmåla slik at naudsynte tiltak let
seg gjennomføre. Det er jaktrettshavarane og jegerane som i praksis står føre forvaltninga av
hjorteviltet og utan at dei er samde i måla og innforstått med naudsynte tiltak vil måla
vanskeleg kunne nåast. Forvaltningsmåla bør vere mest mogleg konkrete og målbare slik at
dei utifrå enkle kriteriar som indeksar frå sett elg/hjort, fellingstal og t.d. tal påkøyringar kan
etterprøvast.
Minsteareal
I følgje forskrift for minsteareal for hjort i Etne kommune er minstearealet for hjort 350 dekar.
Minsteareal blir nytta av kommunen for å regulere tal fellingsløyve for elg, hjort og rådyr. For
at kommunen skal kunne tildele eit vald eitt fellingsløyve av ein bestemt art, må det aktuelle
valdet ha eit teljande areal som minimum tilsvarar minstearealet for denne arten.
Tilsvarande betyr dette også at eit område må ha eit teljande areal som er minst like stort som
minstearealet for å bli godkjent som vald. For elg, hjort og rådyr blir minstearealet fastsett av
kommunen gjennom forskrift.
Normalt er det eitt minsteareal per kommune for kvar art. Det kan vere forskjellige
minsteareal i ulike delar av ein kommune om det er vesentleg skilnad på beitegrunnlag,
bestandstettheit eller skadepress. Ingen forskrifter er gjeldande før dei er kunngjort i Lovdata,
og alle kan finne ut minstearealet for sin kommune ved å søke på Lovdata sine nettsider.
Om kommunen ønskjer å endre eller oppheve ei forskrift må den treffe eit nytt
forskriftsvedtak.
Før kommunen fastset ei ny forskrift, må saka vere forsvarleg utreda. Forvaltningsorganet
skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg før vedtak blir treft. Utgreiinga i
saksframlegget må gjere greie for bakgrunnen for forslaget. Dei eksisterande
reglane bør omtalast, og det bør bli påpeika kvifor kommunen meiner det er trong for nye
forskrifter. Innhaldet i den nye forskrifta må skildrast. Vidare må utgreiinga gi ei vurdering
av kva for vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar forskrifta kan få for
næringsliv, organisasjonar, privatpersonar og offentlege instansar. Utgreiinga må omtale både
utgifter, inntekter, innsparingar og praktiske konsekvensar som kan oppstå.
Kommunen må sende forslaget til ny forskrift til rørte verksemder og organisasjonar for
uttale. Offentlege og private institusjonar og organisasjonar for dei erverv, fag eller
interessegrupper som forskrifta skal gjelde for skal bli gitt høve til å uttale seg før forskrifta
blir gjort ferdig. Så langt det er nødvendig for å få saka allsidig opplyst, skal uttale også bli
forsøkt innhenta frå andre. Føremålet med høyringa er å gi dei som vil bli rørt ei mogelegheit
til kome med sine synspunkt på forslaget. Høyringsuttalane kan dessutan medverke til å få
saka tilstrekkeleg utgreia.
Kommunen avgjer sjølv korleis høyringa skal gjennomførast. Det er mest vanleg å sende eit
høyringsbrev der høyringsinstansane blir bedt om å uttale seg om forslaget innan ein bestemt
frist. Høyringfristen sin lengde avheng av kor komplisert eller viktig saka er. Kommunane
kan normalt sette fristen til to månadar for kommunale forskrifter. Fristen kan være noko
kortare viss saka hastar.
I viktige og kompliserte saker kan det vere naturleg å halde eit høyringsmøte i tillegg til den
skriftlege høyringsprosessen. Endring av minstearealet bør sjåast i forhold til kommunale mål
for forvaltning av hjortevilt. Orsaka til at kommunane skal lage forvaltningsmål er at viltet
har både positive og negative konsekvensar for samfunnet. Kommunen må balansere ulike
omsyn. Kva for ein utvikling i bestanden vil kommunen ha? Rettshavrar og jegerar bør
forstå forvaltningsmåla. Kommunen bør kunne måle om ein oppnår ønska utvikling. Dei
kommunale måla skal realiserast gjennom bestandsplanar i kommunen og gjerne
interkommunalt.
3.
Problemstilling:
Skal viltnemnda utarbeide forslag til ny forskrift for heving av minstearealet for hjort?
4.
Vurdering:
Etne kommune vedtok i 2008 følgjande mål for hjorteforvaltninga:
»Hjortebestanden i Etne kommune er stor nok.Skade på innmark og skog skal ikkje auke.
Hjorten i Etne skal vera sunn og livskraftig. Høg produksjon til beste for hausting og ein
bestand av hjort som er innanfor bæreevna til vinterbeitet er ønskjeleg.»
Svakheita ved måla som Etne kommune har er at dei ikkje er målbare og at dei er laga med
grunnlag i ei hjortestamme som truleg var større enn det ho er no.
Det interkommunale hjorteviltutvalget (DIH)har etter ei grundig sakshandsaming, og med
hjelp av dei beste fagpersonane på hjorteforvaltning i Noreg kome fram til følgjande
forvaltningsmål for hjorteforvaltninga i DIH sitt område:
Sjå vedlegg!
Kortsiktig mål for uttaket er i denne planen å auke avskytinga. Langsiktig mål er så å senke
avskytinga til 2000 fellte dyr årleg.
Det interkommunale hjorteviltutvalet vedtok i møte den 27. november at dersom den
einskilde kommune også ønskjer å innføra tilsvarande mål, må dette godkjennast av
viltforvaltninga på kommunenivå.
Om Etne kommune skal følgje forvaltningsmåla vedtatt av Hjorteviltutvalet blir det feil å setje
opp minstearealet no.
Det kan sjå ut som at hjortestamma dei 5 siste åra har gått noko tilbake. Dette kan ein kanskje
ikkje sjå på fallviltstatsistikken for hjort påkjørt av bil, som har svingt opp og ned i heile
perioden frå 1995 til 2012. Men vårteljingane kan tyde på at det har vore nedgang i stamma.
Sum for vårteljingane i Etne er vist i diagram under.
Fellingstalet på hjort for Etne har stege jamt fram til 2009 og så gått litt ned. Sjå tabell under:
Før viltnemnda vedtar kva som skal skje med minstearealet for hjort kan det vere greitt å få
inn fellingsrapportane for jakta i haust.
TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN:
Etne viltnemnd vil i siste halvdel av januar 2014, etter at fellingsstatistikken for 2013 er klar,
gjere vedtak om minstearealet for hjort skal endrast eller ikkje. Viltnemnda skal da få ei
saksutgreiing der m.a. følgjande spørsmål blir drøfta:

Kor mange fellingsløyve på hjort kan det i dag tildelast med utgangspunkt i gjeldande
forskrift?

Kvifor har kommunen trong for ny forskrift?

Kva slags innhald skal vere i den nye forskrifta?

Kva for vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar kan forskrifta få for
næringsliv, organisasjonar, privatpersonar og offentlege instansar.

Kva slags utgifter, inntekter, innsparingar og praktiske konsekvensar kan oppstå ved
endring av forskrift?
10.12.2013 VILTNEMND
Viltnemnda ønskte å få innspel frå valda om deira inntrykk av hjortestamma. Det skal
sendast spørsmål ut til valda.
Viltnemnda ønskjer å arrangere eit felles møte om jakt onsdag 29. januar i Litlesalen på
Skakke. Det bør vere ein fagperson til stades, t.d. Arve Århus.
VIL-029/13 VEDTAK: (samrøystes)
Viltnemnda ønskjer å få innspel frå valda om deira inntrykk av hjortestamma. Det skal sendast
spørsmål ut til valda.
Viltnemnda ønskjer eit felles møte om jakt onsdag 29. januar i Litlesalen på Skakke. Det bør
vere ein fagperson til stades, t.d. Arve Århus.
Viltnemnda skal på møte i februar ta stilling til om forslag til nytt minsteareal skal utarbeidast
og sendast på høyring.
NYE OPPLYSNINGAR I SAKA
Saksutgreiing:
Den 29. januar 2014 var det arrangert ope møte i Litlesalen på Skakke om hjorteforvalting.
Før det opne møtet hadde viltnemnda eit planleggingsmøte. Sjå vedlagt referat!
Vurdering:
Gjeldande forskrift er slik:
Forskrift om minsteareal for hjort, Etne kommune, Hordaland
Dato FOR-2008-06-16-842
Publisert II 2008 hefte 3
Ikrafttredelse 17.06.2008
Endrer FOR-2001-06-13-648
Gjelder for Etne kommune, Hordaland
Hjemmel LOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314
Kunngjort 31.07.2008 kl. 15.40
Korttittel Forskrift om minsteareal for hjort, Etne
Heimel: Fastsett av Etne kommunestyre 16. juni 2008 heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet §
16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever.
§ 1.Minstearealet for hjort i Etne kommune er 350 dekar.
§ 2.Forskrifta gjeld frå 17. juni 2008.
§ 3.Minste storleik på eit hjortevald er 1000 dekar.
§ 4.Det som gjeld hjortejakt i Etne kommune i forskrift 13. juni 2001 nr. 648 om jakt etter
hjortevilt (elg, hjort og rådyr), Bergen, Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Kvinnherad, Jondal,
Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Samnanger, Os, Austevoll, Sund, Askøy, Vaksdal,
Modalen, Osterøy, Meland, Øygarden, Radøy, Lindås, Austrheim og Masfjorden kommunar,
Hordaland vert oppheva frå 17. juni 2008.
Kommunen kan ved tildeling av fellingsløyve fråvike minstearealet med inntil 50 %. Vedtak
om fråvik frå minstearealet er eit einskildvedtak og kan gjerast for særskilte vald og for eit
avgrensa tidsrom. Vedtaket skal vere grunngjeve med ymse ekstraordinære tilhøve.
Sjå oversikt under for tildelte og felte hjort i Etne i 2013:
Etne kommune har 62 aktive hjorteviltvald.
13 vald fekk i 2013 meir enn 1 løyve per 350 dekar. På grunn av dispensasjon med bakgrunn
i beiteskade fikk desse 33 fleire fellingsløyve.
28 vald har eit teljande areal som utgjer mellom 350 og 525 dekar per løyve.
Så mange som 21 vald har eit teljande areal som utgjer meir enn 525 dekar per løyve. Alle
vald har rett på å få minst 1 løyve per 525 dekar, men dei må sjølv søkje om å få det.
Teljande areal for heile kommunen er på 244106 dekar. Dette tilsvarar med utgangspunkt i
dagens minsteareal på 350 dekar og utan dispensasjonar ei løyving på 697 hjort. At det i 2013
berre vart løyvd 541 fellingsløyve (1 løyve per 451 dekar) kjem av at mange vald ikkje har
søkt om å få så mange dyr som dei har rett til å få sett i forhold til arealet.
I forhold til måla i forvaltningsplanen til Det interkommunale hjorteviltutvalet, som vart
vedtatt i 2013, er det feil å endre minstearealet for hjort fordi kortsiktig mål er å auke
avskytinga. Men likevel er det kanskje på tide å stoppe ei negativ utvikling mot færre hjort?
Etter to harde vintrar, tjuvjakt, forlenga jakttid og høge fellingskvotar har hjortestamma nådd
toppen og går no ned.
Da Viltnemnda i år gav færre løyve til fleire vald vart nesten alle sakene klaga på med
grunnlag i påstått forskjellsbehandling. Fylkesmannen gav berre 1 vald medhald i klagen.
Om reduksjon av løyva skjer som følgje av ei endring av minstearealet i staden for inndraging
av dispensasjonar vil kanskje ikkje reduksjon av løyva opplevast så negativt for dei som blir
råka?
Det kan fastsetjast ulikt minsteareal for ulike delar av ein kommune. Forslag om endring av
minsteareal skal fremjast innan 1. mars og fastsetjast av kommunen innan 15. april.
Om minstearealet skal hevast, meiner viltnemnda at det bør hevast frå 350 dekar til 500 dekar
for heile kommunen. Dette på grunn av mykje arbeid med høyring til mange med uttalerett.
Ny forskrift kan ha følgjande innhald:
Forskrift om minsteareal for hjort, Etne kommune, Hordaland
§ 1.Minstearealet for hjort i Etne kommune er 500 dekar.
§ 2.Forskrifta gjeld frå 15.06. 2014.
§ 3.Minste storleik på eit hjortevald er 1000 dekar.
§ 4. FOR-2008-06-16-842 vert oppheva frå 15.06.2014
Om minstearealet for hjort blir heva til 500 dekar vil dette utgjere 488 løyve utan noko form
for dispensasjon.
Dispensasjon frå minstearealet skal berre nyttast unntaksvis, og ved endring av minstearealet
er det eit mål å få ei tildeling som i størst mogeleg grad ikkje har dispensasjonar.
Om minstearealet blir heva, og viltnemnda går ut i frå at dispensasjonar berre skal brukast
unntaksvis, vil det bli tildelt færre hjorteløyve i 2014 enn i 2013.
I 2013 vart det gitt 541 løyve. Med nytt minsteareal på 500 dekar vil det utan dispensasjonar
bli gitt 488 løyve. Dette er mogelegvis stor nok reduksjon for ei stabilisering og vidare
oppbygging av hjortestamma?
Ei stor hjortestamme har både fordelar og ulemper. For foredlingsbedrifter vil ei stabilisering
eller oppbygging av hjortestamma vere viktig for vidare satsing og investering. Men faren for
å kjøre på hjort i trafikken aukar med ei stor stamme. For jegerar med interesse for hjortejakt
er ei stor hjortestamme viktig for å få tilgang til jakt. For mange jaktrettshavarar er ei stor
stamme viktig som inntekt for utleige. Mange bønder opplever at hjorten gjør skade både på
planteskog og innmark.
Å sette tal på dei innsparingane eller kostnadane ei endring av forkrifta for minsteareal vil
medføre er det ikkje mogeleg å gjere.
TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN:
Etne viltnemnd skal sende ut forslag til ny forskrift om minsteareal for hjort på høyring til
kommunane Kvinnherad, Suldal, Sauda, Odda og Vindafjord, Etne bondelag, Etne bonde- og
småbrukarlag, Etne skogeigarlag, Etne jeger og fiskeforening, Etne turlag, hjorteviltvalda i
kommunen, Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland med fleire. Forslaget
skal også annonserast på heimesida til kommunen og i Grannar for å sikre at alle interesserte
får høve til å gi uttale.
Forskrift om minsteareal for hjort, Etne kommune, Hordaland
§ 1.Minstearealet for hjort i Etne kommune er 500 dekar.
§ 2.Forskrifta gjeld frå 15.06. 2014.
§ 3.Minste storleik på eit hjortevald er 1000 dekar.
§ 4. FOR-2008-06-16-842 vert oppheva frå 15.06.2014
05.02.2014 VILTNEMND
Viltnemnda drøfta saka og kom fram til at:
Høyringsfrist skal vere 1. mars.
Forslag til ny forskrift for minsteareal skal også sendast på høyring til Statens
naturoppsyn.
Høyringsbrevet skal sendast til valda i e-post eller brev.
I høyringsbrevet skal det visast til heimesida til kommunen og hjorteviltregisteet for
meir informasjon.
Det skal i høyringsbrevet leggjast ved oversikt som viser korleis endra minsteareal slår
ut for kvart einskild vald i forhold til avskyting i 2013.
VIL-002/14 VEDTAK: (samrøystes)
Etne viltnemnd skal sende ut forslag til ny forskrift om minsteareal for hjort på høyring til
kommunane Kvinnherad, Suldal, Sauda, Odda og Vindafjord, Etne bondelag, Etne bonde- og
småbrukarlag, Etne skogeigarlag, Etne jeger og fiskeforening, Etne turlag, hjorteviltvalda i
kommunen, Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland, Statens naturoppsyn
med fleire. Forslaget skal også annonserast på heimesida til kommunen og i Grannar for å sikre
at alle interesserte får høve til å gi uttale.
Forskrift om minsteareal for hjort, Etne kommune, Hordaland
§ 1.Minstearealet for hjort i Etne kommune er 500 dekar.
§ 2.Forskrifta gjeld frå 15.06. 2014.
§ 3.Minste storleik på eit hjortevald er 1000 dekar.
§ 4. FOR-2008-06-16-842 vert oppheva frå 15.06.2014