Kyrkjeklokka nr. 1/2012

Download Report

Transcript Kyrkjeklokka nr. 1/2012

Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 1
Nr. 1 - 2012
Kyrkjeblad for Hornindal, Innvik og Stryn prestegjeld
Vakskifte
på kyrkjekontoret
Kyrkjeøkonomi mot
smertegrensa
Svein Rønne takka
av, og Borghild Skarelven overtok frå
1.2.
Les Jon Ytrehorn sine
”Tankar langs vegen
på side 6
76. årgang
Marit skriv
om sin salme
I serien ”Min salme”
skriv Marit Sandnes
Skrede om ein salme
som betyr noko for
henne. Side 12
Dagmar herja
kyrkjegardane
Inspirerande liturgiseminar med Tore Aas
Fleire av kyrkjegardane i sokna våre har fått
skadar etter Dagmar og dei andre vinterstormane. Særleg er det store tre som har velta
og gjort skade, og det er og rapportert om ein
del bygningsskadar på kyrkjebygga.
Kven skulle tru at 150 songarar i indre Nordfjord prioriterer å bruke
ei heil helg på å lære ny liturgisk musikk til bruk i gudstenestene, og
attpåtil like det?
Under leiing av Oslo Gospel Choir sin dyktige dirigent fekk mange korsongarar frå våre lokale kor vere med å lære smakebitar av den liturgiske
musikken han har
laga i samband med
gudstenestereforma.
Musikken fall i smak
hos dei fleste og innlæringa imponerte
den erfarne dirigenten. Fleire kyrkjelydar
har allereie prøvd ut
songane/musikken i
vanlege gudstenester
og tilbakemeldingane
er gode.
Les meir i reportasjen om oppryddinga på
kyrkjegarden i Olden, på side 4.
Les meir på side 3.
Planlegg ”tunnelgudsteneste” i Kviven
”Ein opna veg” er
temaet for gudstenesta
som no blir planlagt i
samband med opninga
av Kvivsvegtunnelen i
september. Dette blir eit
fellesarrangement av og
for deltakarar frå begge
sider av tunnellen.
Les meir på side 11.
Måleriet fekk
gjennomgå!
Det knyter seg
mange interessante
historier til ein del av
kunstskattane i kyrkjene. Ei av dei meir
spesielle kan du lese
om på
side 16.
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 2
2
KYRKJEKLOKKA
Lyset for verda
Av Marie Johanne Folven
Her er det Jesus kjem
berre ei form for
Kva er det å tru? Vi menneske
med si gode nyheit:
spøk? I alle fall er
viser ikkje alltid kva vi står for og
”Ingen som trur på meg,
det ikkje Jesus det
trur på, det kjenner vi godt til. Det
skal bli verande i mørker noko gale med.
er vanskeleg i mange samanhenret.” Den vesle trua som
Han var god mot
gar å seie at ”Eg er kristen,” eller
vart sådd ein gong, på
alle. Det står ein
”Eg trur på Jesus.” Likevel kan
søndagsskulen, i konfirmasjonsstad: ”Han har gjort alt vel.” Dette
trua ligge der i hjartet, bøna er lett
tida, på ei gudsteå be når kvelneste, etter å ha
den kjem, og
høyrt ei andakt på
ein har ei
“Likevel var det mange som tok til å tru på han, til og
radioen, eller ved å
indre visse om
med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane ville
ha lese om Jesus i
at ”slik er
dei
ikkje
vedkjenna
seg
dette,
så
dei
ikkje
skulle
bli
utBibelen eller andre
det.” Ei barstøytte av synagogen.
stader; den trua er
netru kan ofte
det som gjer at
først kome til
For
dei
elska
æra
frå
menneska
høgare
enn
æra
dagen vert som nyuttrykk som
frå Gud. Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur
skapt.
eit ankerfeste
ikkje på meg, men på han som har sendt meg. Og den
i livet om
Eg kan sjå på
noko hender
som ser meg, ser han som har sendt meg. Som lys er eg
medmenneska
som set sjølve
komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli
mine som Guds
livet på prøve.
verande i mørkret.” Joh.12
gode skapningar,
Så lenge livet
slik Jesus ser på
er godt å leve,
kvart menneske,
har eg lite
der alle er elska.
bruk for prat
Trua vil gje seg utslag i praktisk liv
føredømet er det vi har å sjå på.
om frelse og hjelp frå ein gud
der Jesus er drivkrafta. Og då vert
Og mørker, - ja det har vi vel
utanfrå, eg greier det meste sjølv.
det avgjerande spørsmålet: Har eg
merka nokon kvar. Antan det er
hatt så mykje tid saman med Jesus
Jesus kallar seg lys for verda, og inni meg eller rundt meg, så har
eg gode eksempel kvar einaste dag at livet mitt speglar av
han vil ikkje at nokon skal bli veLYSET?
på at mørkret er ei funksjonell
rande i mørkret. Det er pussig at
dei som har forkynt dette gjennom kraft i tilveret. Og mørkret har
mange namn: Dårlege oppvekstvilgenerasjonar har blitt kalla ”mørkår, elendige arbeidsfolk, kravskemenn,” og vi har landsdelen
tore ungar, misunning og splid,
”det mørke fastland” – om den
bannskap og baksnakking, umoral
delen av landet vårt som har mest
og dårleg påverknad frå media, for
kristenfolk. Er det slik at vi har
ikkje å snakke om alt det som nymisfortått Jesus? Er vi som trur på
heitene presenterar dagleg. Men
han så dystre og negative at vi får
om vi forbannar mørkret aldri så
stempel som det stikk motsette av
mykje, vert det ikkje lyst for det.
det vi skulle vere? Eller er det
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 3
KYRKJEKLOKKA
3
Nesten som ein nyttårskonsert:
Korseminar med
liturgiske perler
Tekst/foto: Geir-Ståle Vatnamo
Tore W. Aas, velkjend grunnleggar
av Oslo Gospel Choir, vitja midt
i januar Olden kyrkje. Han hadde
med seg sitt eige utkast til ny
liturgi i Den norske kyrkja. Verket
hans inneheld mange liturgiske
perler.
imponert over kvaliteten til dei ulike stemmene som kora representerte. Han merka
seg fort at det var høg kvalitet på tenorane
og bassane - for som han sa: Når han reiser rundt i landet, så er det vanlegvis altane og sopranane som dominerer, men
her er det nesten omvendt. Gratulerer!
Tore W. Aas er oppteken av at heile kyrKyrkja i Stryn med sokneprest Kjetil Netkjelyden er med. Derfor er borna ein vikland og kyrkjelydspedagog Henny Koppen
tig del av gudstenesta. Han øvde inn fleire
i front, inviterte så og seie alle songglade
songar som dei framførte på gudstenesta
søndag.
For at det liturgiske
samspelet
under ei gudsteneste skal vere fullkome, må sjølvsagt
presten og organisten og vere med.
Også desse måtte
øve inn detaljar.
Under den velkjende ”Velsigninga”
av Tore W. Aas,
kunne ein nesten få
kjensla av at no
opna slusene frå vår
Tore W. Aas var inspirerande dirigent og pianist gjennom heile korhelga.
himmelske
fader
seg. Vi vart velsigna
menneske i Stryn og Hornindal.
med vakker song og liturgisk musikk.
Dei tilsette, sokneråda og alle kora i
Stryn og Hornindal
Dyktige solistar og musikarar var med og løfta korsongen. Frå v. soknevar inviterte til dette
prest
Kjetil Netland, Georg Lipai, Martin Frøholm og Jan Nygård. Tromformidable korsemimis Jon Fredrik Hopland var ikkje med på bildet.
naret som starta laurdag
føremiddag.
Olden kyrkje vart fylt
opp av sopranar og
altar på eine sida, og
tenorar og bassar på
den andre sida. Her
var deltakarar frå
m.a.
Lostrupane,
Frostskoddekoret,
Stryn
Blandakor,
Olden Singers, Honndalskoret og Vikane
Blandakor, til saman
ca. 150 deltakarar.
Tore W. Aas var
Unge liturgisongarar
i Nedstryn
Tekst: Tore Bøe, Foto: Leif Vinsrygg
På seminaret i Olden, der mange korsongarar i indre Nordfjord fekk lære
Tore Aas sine flotte liturgiske songar,
var det og med ei gruppe born frå
Stryn barnekor, og dei imponerte
mange med
kor fort dei
lærte den
nye musikken. Den 5.
februar var
det gudsteneste i Nedstryn med
utdeling av
4-årsbok, og
då vart den
nye
liturBarnekoret i prosesjon,
giske musikmed flunkande nye og
ken prøvd
fine korskjorter!
ut av den
Logoen er utforma av
store
kyrkjeMarian Pasten.
lyden,
og
Stryn barnekor var inspirerande forsongarar, som løfta kyrkjesongen
mange hakk! Vi hadde også med oss
dyktige musikarar til å spele til dei liturgiske songane. Takk til Jan Nygård,
Martin Frøholm og Henny Koppen!
I gudstenestereforma som no blir
gjennomført er det lagt opp til at fleire
skal involverast i gjennomføring av
gudstenestene, og det er flott at borna
blir løfta fram og får delta aktivt på ein
slik måte som vi fekk oppleve på
denne gudstenesta.
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 4
KYRKJEKLOKKA
4
Dagmar herja kyrkjegarden i Olden
Tekst/foto: Geir Ståle Vatnamo
Også kyrkjene og kyrkjegardane fekk
besøk av uveret ”Dagmar” i romjula.
Somme stader gjekk det ganske alvorleg
føre seg. Verst gjekk det utover kyrkjegardane i Olden, særleg ved den nye kyrkja.
Kyrkjegarden i Olden fekk hard medfart, og fleire store tre velta i stormen. Her ei rotvelt bjørk.
Godt humør hjelper i oppryddingsarbeidet! Frå
v. Geir-Ståle Vatnamo og John Selmer Skiftesvik.
Bileta viser litt av korleis det kraftige
uveret har herja. Etter at alt er rydda opp,
står det forholdsvis få tre att på kyrkjegarden i Olden. To kyrkjegardsarbeidarar
heldt på i mangfoldige dagar med oppryddingsarbeidet.
Utanom trevelt, fekk fleire av kyrkjene
mindre skader, som knuste vindauge,
takstein som bles ned, knekte takrenner,
øydelagde mønekammar, og sundbrotne
utelykter.
Fin barnesong frå Nordsida barnegospel
Tekst/foto: Knut Sigurd Gald
Frå ungdomshuset ”Fjellvarden”, som ligg
vakkert til på Fjelli, lyder det barnesong.
Det er laurdag ettermiddag og mange foreldre er ute for å gjere laurdagshandel.
Nokre finn vi på handelslaget på Fjelli,
andre har teke turen til Stryn. Kanskje dei
får seg ei lita fri økt når 6-åringen øver på
songar under mild og kyndig leiing av dirigenten Maria, som i år er så heldig å ha
fått med seg systera Hilde-Caroline til å
dele alle oppgåvene i koret. Og Hilde-Caroline går ikkje av vegen for å være pianist
når behovet er der. Maria gjev uttrykk for
at alt er utruleg mykje lettare når det er
fleire å dele oppgåvene med.
Vi vert lokka til å sjå innom dørene på
”Høja”som ungdomshuset òg vert kalla i
bygda. Og jammen er det mange barn,
ikkje berre 6-åringane, men ei alderssamansetting mellom 5 og 11 år. Det som er
kjekt er at mellom songarane frå Fjelli og
Blaksetbygda, kjem det også jenter og
gutar frå Randabygda, som er glad i å
synge. Ved starten av ny sesong er Maria
Roset Sølvberg litt spent på om dei eldste
frå i fjor vel å fortsetje, kanskje ein bør dele
gruppa i to, slik at dei eldste får prøve seg
på engelske songar? Som Elvis-tilhengar,
Framhald side 10
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 5
KYRKJEKLOKKA
Kyrkjeklokka
Bladet blir sendt til alle husstandar
i Stryn og Hornindal kommunar.
Web: www.kyrkjeklokka.no
Redaktør for dette nummeret er:
Tore Bøe,
[email protected]
Forretningsførar/abonnement:
John Selmer Skiftesvik,
6788 Olden, tlf. 57 87 33 85
[email protected]
Bankgiro 0538 18 51054
Bankgiro 3795 30 05108
Kontingenten er frivilleg.
Vi takkar for betaling og støtte.
5
Kyrkjeverje-byte i Stryn
Frå 1. februar slutta Svein
Rønne som kyrkjeverje i Stryn,
og slutta seg til pensjonistane
sine rekker. Ny kyrkjeverje,
Borghild Skarelven starta i jobben sin frå årsskiftet. Ho kjem
frå stillinga som kyrkjeverje i
Lom, og er opphaveleg frå Telemark.
Under ei samling med dei tilsette i kyrkja, vart overgangen
frå den forrige til den nye kyrkjeverja markert. Begge var til
stades, og Svein Rønne fekk takk
og blomster frå dei tilsette, ved
kyrkjetenar Ivar Kyrkjeeide. Borghild Skarelven vart sjølvsagt ønskt
velkomen til Stryn, og vi ser alle
fram til eit godt samarbeid.
Kontortider, telefon, epost
Måndag er sokneprestane sin fridag.
INNVIK prestekontor
Tlf.
57874123
Mobil
91184241
Sokneprest Harald Runde
Kontortid:
Tysdag, onsdag og fredag kl. 10-12
Privat
57874115
[email protected]
STRYN prestekontor
Tlf.
57874812
Mobil
91103134
Sokneprest Kjetil Netland
Privat
57871029
[email protected]
HORNINDAL prestekontor
Tlf.
57879833
Mobil
97689366
Vikarprest Gunnar Skrede
Kontortid:
Tysdag 9–12 og torsdag 9–12
Velfortent blomsterhelsing til
Svein Rønne, overrekt frå Ivar
Kyrkjeeide.
Teologistudentar i praksis
Kyrkjelydane våre har fleire gonger hatt
besøk av teologistudentar som skal ut i
praksisperiode i kyrkjelydane, og også
denne våren får kyrkjelydane i indre Nordfjord gleda av å ta imot to studentar. Det er
Runar Sæle frå Misjonshøgskulen i Stavanger og Jan Erik Westen, frå Menighetsfakultetet i Oslo. Runar skal gjere teneste i
veke 7-11, og Jan Erik i veke 11-15.
KYRKJEVERJER
Stryn kommune
Borghild Skarelven
Tlf.
57874811
Mobil
91327882
[email protected]
Hornindal kommune
Anne Lødemel Honningsvåg
Tlf.
57879834
Privat tlf. 57879653
Mobil
97084120
Måndag 8-15, torsdag 9-13
[email protected]
Runar Sæle er
på plass på kyrkjekontoret.
Studentane skal gjere full presteteneste
og arbeide sjølvstendig i praksisperioden,
rettleia av sokneprest Kjetil Netland i Stryn.
Det vil medføre at dei skal halde gudstenester med dåp og nattverd, og gjere teneste ved gravferder. Vi ønsker både
Runar og Jan Erik velkomne til tenesta i
indre Nordfjord og ønskjer dei lukke til
med praksisperioden her!
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 6
KYRKJEKLOKKA
6
Av Jon Ytrehorn
Tankar langs vegen ...
Kyrkjeøkonomi mot smertegrensa!
Nordfjord prosti misser ei prestestilling, og kan kome til å misse
endå ei om ikkje dei fastsette nedskjeringar gjev utteljing. Bjørgvin
bispedømeråd har vedteke dramatiske kutt, og fleire kan bli nødvendige for å berge økonomien i
kyrkjene her vest. Dei kyrkjelege
fellesråda i kommunane får det
pinefullt. Etter kvart vil også folk
flest merke følgjene. Tenester ein
har sett på som naturlege blir
ikkje sjølvsagde lenger.
GRUNNEN er at overføringane frå stat og kommune til
kyrkja ikkje held tritt med utgiftene. Bispedømeråda får
sine midlar frå Staten, og har
fått beskjed om å skjere monaleg ned. Det medfører nedgang i midlane
til kyrkjeleg arbeid på lokal-planet og til reduksjon av stillingar. For Bjørgvin er det
nedskjeringar i millionklassen. På kommuneplan har mange kyrkjelege fellesråd fått
melding om at budsjetta deira vil verte
kraftig nedskorne, til liks med fleire andre
etatar. Gjevar-teneste, frivilleg innsats og
ubetalt overtidsarbeid utført av tilsette har
vist seg å ikkje dekke gapet mellom offentlege overføringar og lokalt kyrkjeleg
behov.
”
I EIT BREV til prestane skriv Bjørgvin Bispedømeråd at situasjonen er alvorleg. Som
eit første steg har dei vedteke å leggje ned
fire prestestillingar. Vårt fylke må ta heile
tre av desse:
Nordfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn
prosti. Vidare: Ved vakanse, sjukdom og
permisjonar må naboprestar trå til før ein
Grøda er stor, men arbeidsfolka er
få. Be då han som er herre over
grøda at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.
Jesu ord når han sender ut 72 frivillige
(Lukas 10,2)
vurderer å setje inn vikar. Ferieavvikling
må skje utan vikarar utanfrå. Ved kyrkjelege høgtider og 17. mai må gudstenester
tilpassast lokale presteressursar, personar
utanfrå vil ikkje kunne pårekne godtgjerdsle.
Reiseutgiftene må ned. Prestar bør – av
økonomiske grunnar - ikkje ha dåpssamtaler i heimane. Slike bør haldast på kyrkjekontoret eller i kyrkja. - Og dersom
desse og andre tiltak ikkje gjev nødvendig
innsparing er Nordfjord nemnt som eitt av
tre prosti der det kan bli aktuelt å dra inn
endå ei prestestilling!
sjukepermisjon blir resultatet? Eller at dei
får ein overkommeleg kvardag der dei
trivst med og held ut?
EIT FAKTUM ER: Gullalderen i kyrkja er
forbi. Vi kan ikkje klage Bjørgvin bispedømeråd for nedskjeringane dei har sett
seg nøydde å gjere. Det vi kunne forvente
var at regjering – og mange kommunestyre – i sterkare grad kunne vise vilje til å
gje kyrkja den økonomi ho treng for å fylle
si oppgåve i lokalsamfunnet. Når vi ser kor
mange som søkte til ulike samlingar i
kyrkjene etter 22. juli-tragedien i fjor viser
det kor viktig kyrkja er
i breie lag av folket.
Nedskjeringane som skjer kan gå
på helsa laus for fleire prestar
KONSEKVENSANE av dette vil merkast
på fleire måtar på lokalplanet. Brudepar
kan ikkje forvente at dei automatisk får
brudevigsle på dag og tidspunkt dei har
som førsteynskje. Dåpsforeldre vil også i
større grad måtte ta omsyn til kva dag og
tid det er guds-teneste i kyrkja der dei ynskjer barnedåp. Alt dette er nok til å leve
med. Verre er følgjene av dei sterke nedskjeringane for dei som er tilsette i kyrkja
i ei tid då kyrkjelege reformer står i kø. Det
kan bli pinefullt for dei kyrkjelege fellesråda å vite kva dei må skjere ned på når
budsjetta blir så sterkt reduserte.
Nedskjeringane som skjer gjer kan gå på
helsa laus for fleire prestar, spesielt når det
blir langvarige permisjonar i nabosokna.
Det kan vere freistande å spørje: Kva er
samfunnet best tent med: At arbeidstakarar (les prestar) blir pålagde så mange oppgåver at det går på helsa laus og (langvarig)
Hjelp meg, Gud, til å gi,
både pengar, arbeid og tid
i den tenesta der eg er sett,
slik at eg kan forvalte den rett.
SAMSTUNDES må vi
vakte oss så vi ikkje
blir ei sutrekyrkje. Vi
gjer rett i å innstille oss
på at kyrkja no må ta endå større ansvar
for eigen økonomi. I denne samanheng er
der ein del haldningar blant folk som bør
utfordrast. Til dømes denne: ”Eg betaler
min skatt som kyrkja får sin del av, og har
dermed rett på å få mine tenester til den
tid og på den måten som eg sjølv ynskjer
utan å yte noko ekstra.” Tida for slike oppfatningar er for lengst gått ut på dato!
MEN VIKTIGARE er likevel kva kyrkja
gjer ikkje berre for å betre økonomien,
men også for å auke ansvarskjensla og
styrkje fellesskapen i den lokale kyrkjelyden. Nokre døme:
1: Kyrkja treng ei meir fast og forpliktande gjevarteneste på lokalplanet. Fleire
er i dag faste gjevarar, men nye bør inspirerast til å bli med.
2: Det er eit stort behov for fleire frivillige som kan ta ansvar for avgrensa teneFramhald side 10
Gi meg kraft til å dele mitt brød
med dei menneska som er i nød
Hjelp meg søkje fornying og fred
Høyr meg kjære Gud når eg bed.
Arne Myskja, Norsk Salmebok , 718, v.2
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 7
KYRKJEKLOKKA
7
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon:
Dei livsviktige grønsakene
Catarina Ramirez er takksam for grønsakene som
veks i drivhuset. Støtta frå
Kirkens Nødhjelp er grunnen til at ho kan gje døtrene
næringsrik mat og viktig
skulegang.
– Vitaminer, utbryt Catarina og
smiler nøgd. Ho og dottera Anabella har akkurat plukka korga full
av fargerike paprika. I det karrige
landskapet 2500 meter over havet
er det ikkje alt som vil gro. Tørke to
år på rad har ført til at store avlingar har gått tapt og prisen på matvarer som blir selde på marknaden,
har gått til vers.
– Eg er ofte uroleg for kvar eg skal
få pengar til mat. Av og til har eg
ikkje nokon ting. Då bed eg til Gud,
fortel Catarina. Det høgaste ønsket
hennar er å gje døtrene Anabella
(14) og Marta (11) skulegang og utdanning.
– Utan utdanning kan ein berre få
jobb som vaskehjelp for familiar
med penger. Eg vil ikkje at døtrene
mine skal li same lagnaden som
meg.
Med utdanning har dei rettar i samfunnet og dei kan få ei ordentleg
løn, seier den tapre mora. Ho fortel
at skulegangen er gratis, men at
gymtøy, skrivesaker og uniform må
familiane sjølve betala.
Underernæring
eit stort problem
I Guatemala er 60 % av innbyggjarane i landet urfolk, av mayaslekta.
I 1996 blei ei rekkje fredsavtalar
underteikna etter ei over 30 år lang
og blodig væpna konflikt der urfolket leid ein hard lagnad.
Gjennom CIEDEG, ei samanslutting av protestantiske kyrkjer i Guatemala, jobbar Kirkens Nødhjelp
blant anna med støtte til sårbare
grupper.
Catarina Ramirez frå Guatemala har fått startstøtte frå
Kirkens Nødhjelp til å dyrke grønsaker i drivhus. No gjev ho
døtrene næringsrik mat og tener pengar nok til at jentene kan
gå på skule. Catarina trur at ei framtid utan fattigdom er
mogleg. Her er ho saman med dottera Anabella (14).
Ei verd utan fattigdom er mogleg
Det handlar om rettferd
012
2
n
o
sj
k
a
e
st
a
f
s
p
l
je
h
d
ø
N
s
Støtt Kirken
Takk for ditt bidrag
255. – 27. mars
KIRKENS
E NØDHJELPS FA
FAS
F
AST
TEA
EAK
KSJ
SJON
ON
Send SMS <KN200> til 2090 (200 kr)
eller ring givartelefon 820 44 088 (200 kr)
eller benytt kontonummer 1594.22.87493
2012
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 8
KYRKJEKLOKKA
8
kort ’’
sagt
Når det gjelder den norske kirke har jeg
skrevet mine sorger i sand og mine gleder
er risset i marmor.
Otto Hauglin,
fritt etter gml. kinesisk ordtak
’’
Det viktigste er ikke å finne ut hvem som har rett
– men hva som er rett.
Speidarar på veg til Sveits sel ved
Av Henny Koppen
Det er enno litt igjen av vinteren, og mange har behov for å
fyre i omnen i enno ei stund.
Speidarane i Stryn har ei god
avtale med Pre Tre, der vi får
lov å pakke kapp i sekkar og
selje til dei som måtte ha bruk
for det. Dette er tørr og fin ved
som egnar seg spesielt godt til
opptenning.
I alt 20 speidarar står no på
farten og skal reise til Adelboden i Sveits for å besøke eit speidarsenter.
Dette senteret, Our Chalet, har vore flittig
brukt av speidarar frå Stryn i mange år, og
vi har god erfaring med opphald der, både
vinter og sommar. Om vinteren er det helst
skiaktivitet som er aktuelt, her er heisar og
skiløyper på kryss og tvers i heile
området, meir enn seksti løyper å
boltre seg i. Om kveldane blir det
felles middag med alle som bur på
senteret og kveldsprogram med
ulikt innhald.
Alt foregår på engelsk, så her
blir språkkunnskapane testa. Reisa
kjem til å gå med tog gjennom Europa, som speidarar er det viktig å
tenkje på miljøet. Deltakarane på
denne turen har vore ivrige med å
pakke vedsekkar i lang tid, og no
står det att å selje veden. Vi har
nokre faste kundar som kjøper ved av oss,
men akkurat no har vi mykje på lager. Kjøparar som bur i Stryn sentrum, eller ganske
nær, får veden fritt tilkøyrt. Veden leverast
i 60-liter sekkar og prisen er kr. 40 pr
sekk. Ta gjerne kontakt med oss!
Her er strynespeidarar på ski ved eit tidlegare besøk i Adelboden
Thomas Huxley
Den beste
preikestolen
Klipp frå avisa Vårt Land,
skrive av Trygve Nordheim.
Kyrkjelydar som trur at Facebook
og Twitter kan erstatte eit blad
som alle får i postkassa, seier frå
seg sin beste preikestol.
Det blir stadig færre kyrkjelydsblad, og mange slit med å få dei
økonomiske endane til å møtast,
og prøver å overtyde seg sjølv og
andre om at digitale kanalar gjer
same nytten.
Ein ting er at ein del eldre ikkje
brukar PC. Hovudproblemet er at
det som berre dumpar ned i postkassa, som ein ikkje oppsøkjer aktivt, men som ein likevel likar —
som til dømes kyrkjelydsbladet —
har svært dårlege kår når alle kan
skreddarsy sin eigen informasjonsstraum. Ei undersøking frå
nokre år tilbake viste at tre av fire
i større eller mindre grad les bladet frå sin lokale kyrkjelyd. Det
gjer kyrkjelydsbladet til ein langt
viktigare talarstol enn preikestolen
er.
Norske kyrkjelydar har ein tung
jobb med å trekke papirlesarane
med seg inn i cyberspace. Ein stor
kyrkjelyd som for eksempel Nordberg i Oslo har for eksempel berre
43 følgjarar etter eit år på Twitter.
Kyrkjelydsbladet eg sjølv lagar,
med eit opplag på over 5000, får
eg mange tilbakemeldingar på.
Vår Facebook-side, derimot, har
fått berre 53 ”likes” på eitt år.
Det er dyrt å lage kyrkjelydsblad. For ein kyrkjelyd som vil nå
ut til flest muleg, er det likevel
dumt å la vere.
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 9
KYRKJEKLOKKA
’’
9
Kristne bør gjøre sitt ytterste for ikke å fremstå som ekstreme.
Noen ganger kan det være vanskelig å unngå. Det norske kulturklimaet gjørnok at forståsegpåere enkelt kan stemple alminnelig
klassisk kristendom som ”middelaldersk” - nesten uansett hvor
forsiktige vi er.
’’
Det er ikke naturlig for noe menneske å være i evig
fremgang. Også menneskene trenger flo og fjære.
Blaise Pascal
Espen Ottosen,
redaktør i Utsyn, Misjonssambandet
Polfararane som bad
Den 14. desember 2011 var det 100 år
sidan Roald Amundsen planta det
norske flagget på Sørpolen. Kappløpet
mot verda sitt sørlegaste punkt var
vunne. Omkring dette jubileet var det interessant å lese om den store landsmannen og polfararen som var førstemann
både på Nordpolen og Sørpolen. Det var
mykje dramatikk, og flere gongar var
han og følgjet hans i livsfare.
Det er fortalt om ein gong dei hadde
landa nær Nordpolen. Då dei skulle lette,
hadde dei for lita startbane. Det såg ikkje
ut for at flyet skulle greie det. Vart dei
ståande der, var det inga redning for dei.
Om denne hendinga fortalde Roald
Amundsen til kongen etter han var
komen velberga heim. «Hva gjorde dere
da?» spurde kongen. «Deres majestet, vi
falt på kne og bad vårt Fadervår», svarte
Amundsen. Det er fleire enn desse
mennene som har erfart at det er hjelp i
å be denne bøna.
Salmediktaren skreiv det slik:
På kyrkjebakken
Revidert gravferdslov
Gravferdslova er revidert av omsyn til livssynsminoritetane, og endringane gjeld frå
1. januar i år. Lovendringa får små konsekvensar for medlemmar av Den norske
kyrkja.
Gravlegging skal skje i respekt for den
enkelte sitt livssyn og religion, og den avdøde har krav på å bli gravlagd i ei spesielt tilrettelagt grav. Dersom ikkje
heimkommunen kan oppfylle dette
kravet, må det lokale fellesrådet dekke
alle kostnader med tilrettelagt grav i ein
annan kommune.
”Aldri redd for mørkets makt! Stjernene vil lyse; med et Fadervår i pakt skal
du aldri gyse”.
O.T.
Trass i dette vil Aasrud tilrå overfor Stortinget at lovendringane blir gjennomførte
som planlagt.
Klart for grunnlovsendringar
Sjekk gravminna
etter stormen
Kyrkjeminister Rigmor Aasrud (bildet)
meinar kyrkjevalet i
fjor haust var godt nok
til at dei planlagde
grunnlovsendringane
om statskyrkja kan
gjennomførast.
Endringane vil bl.a.
medføre at utnemning/ tilsetting av
prostar/ biskopar blir overført frå kyrkjeleg statsråd til eit kyrkjeleg organ.
Ved valet i haust deltok berre 13,4% av
medlemmane i kyrkja og ein av ti røystesetlar vart forkasta.
Kyrkjeverjene oppmodar folk om å sjå til
gravminna på kyrkjegardane, om dei har
fått skadar etter vinterstormane.
Ved behov kan kyrkjeverjene gje rettleiing i korleis vedlikehald og reparasjonar skal utførast, og kan formidle kontakt
til firma som kan utføre arbeidet.
Lokal liturgiordning
Kyrkjelydane i indre Nordfjord har utforma eit framlegg til utprøving av ei felles
ordning for gjennomføring av gudstenester, som følgje av innføring av den
nye gudstenestereforma.
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 10
KYRKJEKLOKKA
10
Fin barnesong frå Nordsida barnegospel
Framhald frå side 4
er reportaren spent på om dei prøver
seg på nokon av Elvis sine gospelsongar. Det hadde vore kjekt å få
høyrt, på ein eller annan konsert der
koret deltek.
Og dei er ikkje utan oppdrag,
desse unge utøvarane. I november
deltok dei som vanleg på KFUKKFUM sin årsfest i Stryn kulturhus. I
fjor var koret også med å opna Kulturnatta i Stryn. I Nordsida kyrkje
deltok dei på julemessa, det same
gjorde dei i Rand grendahus.
Maria fortel at siste sesong var
koret både til Nordfjordeid og Sandane for å opptre. Vi fekk også ein
opptreden i sommar, då vi held ein
liten konsert på Sjøkanten kafè, som
Fjellrosa 4H driv kvar sommar.
– I alle fall vert det øving laurdags
ettermiddagar fram mot våren, så får
vi sjå om det vert fleire som vil ha
oss til å opptre, seier Maria Roset
Sølvberg til slutt.
Kyrkjeøkonomi
mot smertegrensa
Framhald frå side 6
ster. Når det er eit samspel mellom
frivillige og tilsette tener begge partar
på dette.
3: Kyrkja vil tene på å byggje alliansar med positive krefter i lokalmiljøet og inkludere nye menneske
i ulike tiltak. Slik kan det bli synleggjort at kyrkja er for alle.
4: Det indre livet i kyrkjelyden er
avhengig av menneske som ikkje
berre arbeider, men også ber. I Guds
rike er bøn er ein berebjelke både
for enkeltmenneske, familie og fellesskap.
Det er dyrt å drive kyrkje. Men det
viktigaste er heilt gratis! Krisetider –
også økonomiske - kan bli veksttider.
Det ser vi i samfunnslivet. Det vil vi
også kunne oppleve i kyrkja!
Vårfest for Olden kyrkjelyd
Dei siste åra har alle frivillege medarbeidarar i Olden blitt invitert til ein årleg Medarbeidarfest. I år kallar vi det Vårfest, og
soknerådet ynskjer at festen skal vere for
alle i kyrkjelyden. Dei som har vore medarbeidarar siste året, vil framleis få ein særskilt invitasjon.
Vårfesten blir i Solvang torsdag 20.
april, soknerådet syter for god mat og litt
program. Det kjem og til å vere ei utlodning til inntekt for barne- og ungdomsarbeidet. Det viktigaste er at vi kjem saman
til ein triveleg og sosial kveld, der vi inspirerer kvarandre til felles innsats for kyrkjelyden. Nærare annonsering vil kome
når datoen nærmar seg. Inga påmelding,
det er berre å møte opp. Alle er velkomne!
KSM
Lovsangshelg på Innvik Fjordhotell Misjonsheimen
23.-25. mars 2012 - Med Jan og Tove Honningdal
Velkomen til lovsangshelg med Jan og Tove
Honningdal. Dette blir ei
gledeshelg der vi set av
mykje tid til musikk og
lovsong. Jan og Tove vil
leie lovsongen og undervise om ulike sider ved
det å tilbe Gud. Det blir
nokre gode dagar der vi
ilag søkjer nær inn til
Herrens hjarte.
Tove og Jan Honningdal er fødde og oppvaksne i Ålesund, men
bur no på hedmarken.
Dei har fire born, to
gutar og to jenter, to svigerborn og to borneborn.
Jan tok sin DTS i 1977,
og har stort sett vore involvert i UIO sidan. Tove
tok sin DTS i 1980. Ho
har jobba på Ungdom i
Oppdrag sin friskule og
vore involvert i kvinnearbeid. No arbeider Tove
og Jan saman i lovsong-
sarbeid. Dei leier lovsong, gjev ut plater, underviser og har ein brann
for å “fostre” den nye generasjonen lovsongarar.
Program for helga:
Fredag:
18.30: Kveldsmat
20.00: Lovsangsmøte
Laurdag:
09.00: Frukost
13.30: Lunsj
18.00: Middag
10.00: Undervisning om lovsong
og tilbeding
15.00–8.00: Tid til bøn og trim
19.30: Kveldsmøte
09.00: Frukost
10.30: Lovsangsmøte
Søndag:
Pris på overnatting inkl. måltid: kr.1375,- pr. pers. i dobbeltrom
(Tillegg for enkeltrom kr. 250,-)
(NB!! Enkeltmåltid må bestillast på førehand i resepsjonen.)
Påmelding:
Innvik Fjordhotell Misjonsheimen, tlf 57 87 49 90 /
E-post: [email protected]
ARRANGØR:
Misjonsheimen i samarbeid med Jan Gudmund Skrivervik
og Hans Olav Henden
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 11
KYRKJEKLOKKA
11
Tidlegare prestepar
i Innvik runder år
Mange har
gode minne
frå dei åra familien Holm
var prestefolk i Innvik.
Reidun fylte
70 år i juli
2011,
Tor
Øystein fyller
75 år 5.
mars 2012.
Dei inviterte slekt og
vener til ei
felles feiring
6.
august
2011 i Norheimsund. Etter at Tor Øystein slutta som
sokneprest i Rosendal, Kvinherad, flytte
dei til Norheimsund der dei bygde seg eige
hus. Det ligg på toppen av eit stort byggefelt, med utsikt over vakre Hardanger.
Rundt huset har dei anlagt ein mønsterhage i terasser der dei dyrker grønsaker,
frukt og bær, og blomsterbed på alle kantar.
Tor Øystein har teke vikarteneste i prostiet, spreke pensjonistar er gode og ha!
Jubileumsfesten føregjekk i den nye
arbeidskyrkja i Norheimsund, trivelege
lokaler til slik
fest. For oss
som kjende
dei frå Innvik, var det
ekstra kjekt
og møte igjen
”småjentene”
som no var
midt i livet
som
småbarnsfamiliar.
Livlege barnebarn som
besteforeldra
hadde stor
glede av.
Ein
stor
flokk av vener var samla til ein lang dag
med program, taler og mykje god mat,
mange takka ja til lang frokost og meir mat
i heimen dagen etter. Av kjende for oss i
Nordfjord var det hyggjeleg å treffe igjen
presteparet Gillebo, som framleis står på i
Ringsaker.
Feiringa var ei oppleving for oss som
fekk vere med, og dei sende med oss gode
helsingar tilbake til Nordfjord, som vi no
sender vidare!
Solveig og Jakob.
Sommargudstenester i Olden
og Oldedalen
Søndag 3. juni er det sportsgudsteneste i Ljosheim kapell, og etter
gudstenesta er det tur til YrisetraYriskåla, med niste og godt humør.
Søndag 17. juni er det friluftsgudsteneste på Sunde—Sundshaugen, kl.
14oo, ein har også der med litt i sekken. Folka på Sunde har med kyrkjekaffi.
Sjå nærare omtale i Fjordingen.
VEL MØTT !
Tunnelgudsteneste 16. september
ved opninga av Kvivsvegtunnellen!
Av Jon Ytrehorn
Laurdag 22. september er det offisiell opning av Kvivsvegen mellom Grodås og
Volda. Men søndag 16. september innbyr
Vegvesenet til ein OPEN DAG. Då vil interesserte frå begge sider av grensa få tilbod om busskyss inn i den store
tunnellhallen der mykje spennande vil
skje.
Det heile startar med ei tunnellgudsteneste der temaet er ”Ein opna veg”. Her
vil krefter frå både Ørsta, Volda, Eid, Stryn
og Hornindal gå saman om å skape ei festgudsteneste, etter modell frå opninga av
Lærdalstunnellen. Etterpå blir det oriente-
ring om arbeidet som er utført på veganlegget, og det blir fleire kulturinnslag frå
begge sider av grensa.
Oddvar Pladsen, hovedleiar
for Kvisvegprosjektet, ser fram
til opninga med forventning.
Han uttrykkjer stor glede over
initiativet frå kyrkja og vil
gjerne medverke til at OPEN
DAG blir ei flott oppleving for
folk frå begge sider av grensa.
Tiltaket Kvivsvegtunnellen har
ei historie på over 100 år. No
blir bygdelag og regionar
knytte saman på ein heilt ny
måte, og dette er ei festhend-
ing som er all grunn til å markere også i
kyrkjeleg samanheng.
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 12
KYRKJEKLOKKA
12
Salmen
min
Det første som greip meg med
denne salmen, var tonen. Den
vakre, såre, klassiske irske
melodien smaug seg rundt hjertet
mitt og sette
seg fast.
Etter å
måtte lære
salmen utenat, fekk eg
sjå at denne
teksten er ei
bøn. Ei
inderlig bøn
til Gud, om at
Han må vere
den einaste
Gud i livet,
både til tekstforfattaren og
til oss som
syng den.
Salmen er
skriven for
1300 år
sidan. Våre
behov er i
dag er akkurat dei same som dei
hadde på den tid. Vår jakt etter
lukka er i mange tilfelle mislukka.
Vårt jag, ofte etter materielle
godar, gjer oss ofte det motsette av
lukkelige. I salmen ber ein Gud
gjere dette klart i hjerte at vegen
for håp kjærleik og ro i hjartet går
gjennom Han.
Salmen seier at forholdet vårt til
Gud skal vere som eit lite barn sitt
tryggleiksforhold til foreldra. På
den måten klarar vi av livets vanskar og utfordringar.
Salmen seier tydelig ifrå om å
opne opp for Gud i livet, det er
vegen til styrke og ro i kvardagen.
Å kjenne på Guds kjærleik og nærleik er det som gjev styrke når livet
buttar i mot. Om vi klarer å leve
ein liten flik av det Jesus sa oss, vil
vi ha gode muligheter i det som
møter oss her på jorda, og når vi
ikkje lever i denne tida meir.
Salmen er vakker poesi. Rimet
er sterkt og det harmonerer godt i
tone og ord. Orda er direkte og ei
klar bøn til Herren om ynskja våre,
om godt og trygt liv her på jorda.
Ynskje om at Gud tar bustad i
menneska, slik at vi kan leve
saman i harmoni og gjere livet
godt ikkje berre for meg, men òg
for mine medmenneske. Med Gud
i hjertet kan vi reise i livet med
same båt.
Den har òg håpet og ynskje i seg
for det neste livet. Det er Gud som
Deg å få skoda
(NoS 479)
Irsk tekst fra 700-tallet
Oversatt av Arve Brunvoll 1978
Deg å få skoda er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du det levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.
Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skoda din herlegdom der.
opnar porten til himmelrik. Siste
vers bed om han han må holde
meg fast til eg er trygt gjennom
porten, der ein får sjå herlegdomen
som er der. Dette er ikkje ein takkesalme, men ein salme som erkjenner at vi ofte ikkje strekker til.
Det veit Gud. Derfor er det godt
å ha ein salme som er ei so inderleg bøn. Den hjelper oss med å
sette ord på vår utilstrekkelighet.
Perspektivet i at den vart skriven
i år 700- eKr. er stort. Menneska
på den tida, hadde same kjensler,
håp og ynskjer som vi har i dag.
Det er den store sirkel vi lever i.
Vår tid er kun unik på den
materielle sida. Som menneske er
vi dei same som før.
Eg utfordrar Johanna Nygjerd til
å skrive om sin salme i neste nummer av Kyrkjeklokka.
Marit Sandnes Skrede
”Deg å få skode”, på gammelirsk ”Rop tú mo
baile” og engelsk ”Be Thou My Vision”, er en
irsk salme fra 700-tallet. Teksten ble bearbeidet til engelsk av Mary Elizabeth Byrne
i 1905 og Eleanor Henrietta Hull i 1912.
Melodien er en irsk folketone.
Salmen ble oversatt til norsk av Arve Brunvoll i 1978, og ble i 1985 tatt med i Norsk
Salmebok. Salmen innledet en bredere
interesse for irsk fromhetsliv og musikktradisjon i norsk kirkeliv.
(Kjelde: Wikipedia)
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 13
KYRKJEKLOKKA
13
Oddny under open himmel
Oppmuntring
Samfunnstrenden anno 2012 handlar
i all hovudsak om å få. Eg, meg og
mitt er i sentrum. Det er på tide at vi
set oss ned nokre minutt og tenkjer
og vurderer kor langt vi sjølve er
komne med i denne karusellen. Vi
treng sjå dei andre. Det er til beste
for dei og oss sjølve.
Nokre er verkeleg byrja å tenke.
Nokre handlingar føre jul
gledde meg. Tenk, fleire
barnehagar hadde julekalender der barna gav i
staden for å få. Pakkane
kom til andre land, der
fattige barn fekk ei stor
overrasking og ei gledeleg
oppmuntring frå eit barn
og barnet sine foreldre i
Norge. Det vart ei glede
som sikkert varer i lang
tid.
Eg las om dei som var
«omvendt julebukkar».
Dei rette fram korga og
bad den som stod i døra
om å forsyne seg, eller
om speidarane som var julebukkar
som gjekk omkring for å samle inn
pengar til eit misjonsprosjekt.
Eg las også om Røde Kors som gav
«julegleder» til om lag 200 barn i
Sogn og Fjordane. Ikkje alle trengande er i utlandet. At menneskeleg
omsorg og støtte i Røde Kors blir ein
like viktig del i beredskapen som red-
ningsarbeid tradisjonelt har vore, er
svært positivt.
Eg valde ordet oppmuntring til
overskrift. Ein dag såg eg tydeleg føre
meg definisjonen av ordet. Oppmuntring er kjærleik i praksis. Alltid er der
ein mottakar. Somme tider er det du,
og andre tider er det eg, eller ein
annan. Nokre menneske er flinkare
enn andre å gje oppmuntring. Dei har
denne nådegåva. Vi gjev eller tek
imot ros, gode råd, belønning, men
oppmuntring trur eg treff
ein person der motet ikkje
heilt er på høgd. Så skal
vi som medmenneske stø
opp under og stimulere til
nytt mot, ny kveik, ny innsats.
Kven treng oppmuntring? Det er første og
fremst barna og dei unge,
men også vaksne og ikkje
minst dei gamle og sjuke.
Oppmuntring er ord, men
også smil, eit nikk, eit
handtrykk, eit heiarop, ei
takk mm. Tenk på pedagogane, helsepersonalet,
idrettsleiarane, prestane,
legane og fleire yrkesgrupper. Dei
brukar av sitt tolmod og er på leit
etter nye stimuli for sine medmenneske. Men dei viktigaste personane
er foreldra og den næraste familien.
Eit ordtak seier det slik: «Som eple av
gull i skåler av sølv er ord ein talar i
rett tid». Dette er eit flott bilde. Det
blenkjer og skin. Slik kan orda våre
vere med
å gje glans.
Eg har
endå eit
godt ordtak:
«ork og sut
gjer mannen tung
om hjarta, men gode
ord gjer han glad». Slik var det med
meg då eg for nokre månader sidan
mottok eit brev på 7–8 linjer med
takk for ei tilstelling eg hadde stått
for. Eg kjende ei glede og ny indre
kveik. Samleis då ein liten raud engel
dala ned i handa mi, og då ei uventa
julestjerne kom inn i stova.
Eg gløymer heller ikkje konfirmanten
som kom på tunet mitt og tok nokre
drag med snøskuffa si. Det var
verkeleg oppmuntrande og gav meg
tru på framtida.
Lat oss sjå dei andre! Samfunnstrenden kan endrast. Paulus var med
og oppmuntra og oppfordra andre.
Han sa det klårt: «Set mot i dei motlause! Stø dei veike! Ver tolmodige
mot alle!».
Det er ikkje det du tenkjer eller
meiner, men det du seier og gjer som er
oppmuntring. Lat oss vere rause å gje
og ta imot i dette nye året!
Jeg tar meg av og til tid til å ringe til noen jeg ikke har snakket med på en stund, eller noen som jeg har fått
kjennskap til har gjort noe bra. Jeg sier: ”Hei, jeg tenkte ikke på noe spesielt i dag, men jeg fikk så lyst å si deg
at jeg er glad for at du finnes, og at jeg synes du gjør en utrolig god jobb. Spesielt synes jeg det er fint med det
du gjorde da ..... (aktuell hendelse)”
Folk blir først helt stille, og så lurer de på om jeg er syk og uvel, eller om det har skjedd noe jeg ikke vil snakke
om. Så lurer de forsiktig på om det er noe jeg skal selge, eller om jeg har gått konkurs og trenger en ny jobb.
Ut fra dette har jeg kommet fram til at det bør gjøres en nasjonal innsats for Oppmuntringssaken.
T. A. Myhren på nettsida www.oppmuntring.no
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 14
KYRKJEKLOKKA
14
Slekt
skal følgje
slekters
gang
Oppstryn:
Døypte:
4/12 Hermann Konstali-Lødemel.
For. Hilde Bjelland KonstaliLødemel og Jarle Fretheim
Konstali-Lødemel
12/2 John Atle Flo Svarstad.
For. Christina Svarstad og Johan
Birger Flo
12/2 Eskil Alexander Webster Brekke.
For. Anne Jorunn Brekke og
Rory John Webster
Døde:
25/11 Alma Agnes Berstad f. 1934
19/2 Lisbet Skåre f. 1919
Nedstryn:
Døypte:
23/10 Emilie Beinnes Aldeholm.
For. Charlotte Beinnes og Tom
Erik Aldeholm. Døypt i Florø
13/11 Ruben Emil Silden Skår.
For. Linn Kristin Silden
og Leidulf Skår
13/11 Lukas Refvik Edvardsen.
For. Monica Refvik og Frank
Robert Sætren Edvardsen
13/11 Malin Rørtveit Håvoll.
For. Anne Marit Rørtveit
og Andreas Larsen Håvoll
27/11 Noah Heggestad Ommedal.
For. Gunnhild og Rune
Heggestad Ommedal
11/12 Arn Flo Tonning.
For. Kåre Tonning og Nella
Katrin Flo Tonning
1/1
Helene Sunde Flåten.
For. Anette Sunde og Ragnvald
Flo Flåten
1/1
Julian Nygård Sandal.
For. Terese Vik Nygård
og Stian Sandal
22/1 Ruben Kroken.
For. Randi Line Raudi
og Oddvar Kroken
22/1 Benjamin Førde Mundal.
For. Anja Førde og Terje Mundal
22/1 Hallgeir Dvergsdal Kirkeeide.
For. Lene Storevik Dvergsdal
og Lars Arne Kirkeeide
Vigde:
3/12 Ruth Berstad
og Øyvind Lødemel
3/12 Signy Oda Heggestad
og Frode Bjørn Kvamme
Døde:
9/11
Ragna Bø f. 1920
10/11 Anne Kristin Sunde f. 1938
14/11 Arthur Myklebust f. 1925
30/11 Lars Kristian Bøe f. 1941
7/12
Jakob Fure f. 1926
11/12 Inga Lunde f. 1914
17/12 Elsa Inger Flo f. 1944
17/12 Sigmund K. Aarnes f. 1920
18/12 Jetmund Aasebø f. 1945
4/1
Kirsti Bøe f. 1931
7/1
Ingegjerd Sydnes f. 1920
8/1
Johanna Isehaug f. 1919
16/2 Martin Lilleheim f. 1927
Loen
Døypte:
26/12 Nils Magnus Zettergren.
For. Bente Iren Norlie Zettergren
og Karl Göran Magnus Zettergren
Døde:
21/11 Kåre O. Loen f. 1946
13/1 Steinar Sande f. 1921
Utvik:
Døde:
11/12 – 11 Aslaug Refvik, f. 1939.
Innvik:
Døypte:
19/2 –12 Birk Fredheim Klaesson,
For.: Martin Fredheim Klaesson
og Janne Fredheim Klaesson
Døde:
7/1 - 12 Gislaug Haldis Skaaden, f. 1917.
Olden:
Døypte:
1/1 – 12 Helene Sunde Flåten, (døypt
i Nedstryn) For.: Ragnvald Flo
Flåten og Anette Sunde.
Døde:
30/11–11 Rasmus Sunde, f. 1932.
30/11–11 Ingrid Ringstad Muri, f. 1931.
Tårnagentsamlingar
i kyrkjene
Laurdag 3. mars blir det tårnagentsamlingar i både Hornindal, Randabygd, Oppstryn,
Nedstryn og Loen kyrkjer. Her
vil borna få vere med å utforske
kyrkja og kyrkjetårna og også
fleire av dei kjende bibelforteljingane. Søndagsskulen sin nettstad
www.tarnagentane.no fortel meir
om opplegget.
Kontakt Heidi S. Amundsen
for meir info: tlf. 410 46 057
Gunnar Skrede
vikarprest
Gunnar Skrede skal vere vikarprest i
Hornindal,
Nordsida og
Randabygd
sokn til og
med juli
2012.
Gunnar har tidligare vore prest
bl.a. i Volda i mange år, og no
sist har han vore domprost i
Molde.
Gunnar bur no i fritidsbustaden sin på Skrede, der han også
er fødd og oppvaksen.
Vi ynskjer han varmt velkomen!
21/1 –12 Olga Eide, f. 1911.
5/2 – 2 Leif R. Haugen, f. 1933.
Hornindal:
Døypte:
25/21 – 11 Mathilde Veras Kobberstad.
For. Marianne Kobberstad
og Dennis Alexander Veras
Medrano
Døde:
8/12 Anne-Lise Asebøstøl f. 1975
Nordsida:
Døde:
24/1 Åsta Blakset
f. 1926
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 15
KYRKJEKLOKKA
15
Søndag er kyrkjedag
Gudstenester i Indre Nordfjord
Om det ikkje er gudsteneste i di kyrkje er du velkomen i nabokyrkja
04. mars; 2. s i fastetida – Luk 7, 36-50
Nedstryn 11:00 Gudsteneste praktikant Runar Sæle.
Takkoffer til Livsmeistringssenteret på Skei
Olden 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til NMS – Mali
prosjekt
Hornindal 11:00 Gudsteneste. Tårnagentane deltek.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Kyrkjelydsstova, Hornindal ca. 12:30 Kyrkjelyden sin
årsfest
08. april; påskedag – Matt 28, 1-10
Loen 08:30 Katolsk messe
Nedstryn 09:00 Gudsteneste. Takkoffer til Normisjon
utlandet
Oppstryn 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til NMS Mali
Olden 11:00 Gudsteneste ved praktikant Jan Erik
Westen. Takkoffer til Normisjon
Hornindal 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
09. mars; fredag
Nedstryn kveld Arr i samband med jr NM i skiskyting
09. april; 2. påskedag – Luk 24, 36-45
Loen 11:00 Gudsteneste. ved praktikant Jan Erik
Westen Takkoffer til Nordmisjon utland
Innvik 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til
Misjonsheimen
Nordsida 11:00 Gudsteneste med nattverd. Takkoffer
til Kirkens SOS i Bjørgvin
10. mars; laurdag
Loen 16:30 Katolsk messe
11. mars; 3. s i fastetida – Mark 9, 17-29
Innvik 11:00 Gudsteneste. Utdeling av 6årsbok.
Takkoffer til NMS – Maliprosjekt
Oppstryn 16:00 Gudsteneste ved praktikant Runar
Sæle. Tårnagentane deltek.
18. mars; 4. s i fastetida – Joh 3, 11-16
Nedstryn 11:00 Tårnagentgudsteneste ved praktikant
Runar Sæle. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp
Randabygd 11:00 Gudsteneste ved praktikant Jan
Erik Westen. Takkoffer til KFUM / KFUK Fjordane
krins
Nordsida 11:00 Gudstenestemed nattverd. Takkoffer
til Nesholmen
Loen 16:00 Gudsteneste. Tårnagentane deltek.
Takkoffer til NMS Mali
25. mars; Maria bodskapsdag – Luk 1, 46-55
Olden 11:00 Gudsteneste ved praktikant Jan Erik
Westen. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Hornindal 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Nordfjord
prostiråd
Nedstryn 12:00 Friluftsgudsteneste i samband med
Vinterfestivalen. Ved Sigrun Reinhardtsen
Loen 14:30 Katolsk messe
01. april; Palmesundag – Luk 18, 31-43
Nedstryn 11:00 Gudsteneste ved praktikant Jan Erik
Westen. Takkoffer til Kristen Idrettskontakt
Utvik 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Maliprosjektet
Ljosheim 20:00 Gudsteneste
05. april; Skjærtorsdag – Luk 22, 14-23
Innvik 11:00 Gudsteneste ved praktikant Jan Erik
Westen. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Bøasetra, Stryn 12:00 Friluftsgudsteneste
Bruasetra, Hornindal 12:00 Friluftsgudsteneste ved
Jon Ytrehorn og Inge Asbjørn Haugen.
Oppstryn 20:00 Gudsteneste
Nordsida 20:00 Gudsteneste med nattverd. Kollekt
06. april; langfredag – Mark 14, 26b 15, 37
Nedstryn 11:00 Gudsteneste
Randabygd 11:00 Gudsteneste
Olden 20:00 Gudsteneste
Hornindal 20:00 Ung messe ved praktikant Jan Erik
Westen
15. april; 2. s i påsketida – Joh 21, 15-19
Nedstryn 11:00 Speidargudsteneste. Tårnagentane
vert med. Takkoffer til KFUK/KFUM Speidarane
Utvik 11:00 Gudsteneste
22. april; 3. s i påsketida – Joh 10, 1-10
Hornindal 11:00 Misjonsgudsteneste ved Ingvald
Frøyen, medarbeidar i NMS og Asbjørn Gjengedal.
Takkoffer til NMS
Loen 14:30 Katolsk messe
Innvik 11:00 Gudsteneste i samarbeid med
Normisjon. Takkoffer til Misjonsalliansen
Randabygd 11:00 Gudsteneste. Tårnagentane frå
Nordsida og Randabygd deltek.
Takkoffer til Bibelselskapet
26. april; torsdag
Nedstryn 20:00 Samtalegudsteneste
27. april; fredag
Olden 20:00 Samtalegudsteneste. Takkoffer
til Misjonsalliansen
29. april; 4. s i påsketida – Joh 13, 30-35
Nedstryn 11:00 Gudsteneste ved Gunnar Skrede.
Takkoffer til Nesholmen leirstad
Sunnylven kyrkje 11:00 Felles samtalegudsteneste
for konfirmantane i Hornindal og Hellesylt
06. mai; 5. s i påsketida – Luk 13, 18-21
Oppstryn 11:00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Innvik 11:00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Nordsida 11:00 Konfirmasjon ved Sigrun
Reinhardtsen. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
17. mai; Grunnlovsdag – Matt 22, 17-22
Nedstryn 09:30 Festgudsteneste. Takkoffer til Redd
Barna
Nordsida 10:30 Festgudsteneste. Takkoffer
til Redd Barna
Oppstryn 11:00 Festgudsteneste. Takkoffer til MOT
Olden gamle kyrkje 11:00 Festgudsteneste. Takkoffer
til UIO - Kasakstan
Innvik 11:30 Festgudsteneste. Takkoffer til Vikane
blandakor og Vikane skulemusikk
Randabygd 12:00 Festgudsteneste. Takkoffer
til kyrkjelydsarbeidet
Hornindal 12:15 Festgudsteneste ved Jon Ytrehorn.
Takkoffer til Redd Barna
Loen 13:00 Festgudsteneste. Takkoffer til Strømmestiftelsen
Utvik 13:00 Festgudsteneste. Takkoffer
til trusopplæringsarbeidet
20. mai; Sundag før pinse – Joh 3, 16-21
Nedstryn 10:00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Utvik 11:00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Loen 12:30 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
27. mai; Pinsedag – Joh 14, 15-21
Nedstryn 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Norsk
Luthersk Misjonssamband
Olden 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Bibelselskapet
Hornindal 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til
Nesholmen.
Loen 14:30 Katolsk messe
Innvik 16:00 Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
28. mai; 2. pinsedag – Joh 6, 44-47
Bergsetnausta, Nordsida 12:00 Felles gudsteneste for
heile Indre Nordfjord. Kollekt til naustmessa
03. juni; Treeinigsundag – Luk, 10, 21-24
Oppstryn 11:00 Gudsteneste ved Harald Runde.
Konfirmantjubileum. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp
Randabygd 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Fjordly
ungdomssenter
Ljosheim 14:00 Sportsgudstneste
09. juni; laurdag
Loen 16:30 Katolsk messe
12. mai; laurdag
Loen 16:30 Katolsk messe
10. juni; 2. s i treeiningstida – Joh, 3, 26-30
Nedstryn 11:00 Gudsteneste. Konfirmantjubileum.
Takkoffer til ACTA Born og unge i Normisjon
Utvik 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Fjordly
Hornindal 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
13. mai; 6. s i påsketida – Matt 7, 7-12
Nedstryn 11:00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Olden 11:00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Hornindal 11:00 Konfirmasjon. Takkoffer til barneog ungdomsarbeidet i kyrkjelyden
17. juni; 3. s i treeiningstida – Joh 1, 16-17
Loen 11:00 Gudsteneste. Takkoffer til Norges Kristelege Student- og Skoleungdomslag.
Konfirmantjubileum
Nordsida 11:00 Gudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Kirkens Bymisjon i Bergen.
Sundshaugen, Olden 14:00 Friluftsgudsteneste
Sider mars 2012_Layout 1 24.02.12 10.46 Side 16
B
JA-mennesket
Oddny
Ved kyrkjelydsfesten i Utvik fekk Oddny
Torheim velfortent heider for sin lange
og trufaste innsats i kyrkjeleg arbeid
både i sokneråd, prostiråd og i frivilleg
arbeid. Også vi i Kyrkjeklokka vil takke
Oddny for trufaste bidrag til spalten
”Under open himmel” og vi håpar på
fortsatt samarbeid!
Innsatsen for bygda sine born og
unge viser att og vi tek med eit bilde frå
kyrkjelydsfesten, der Oddny sit midt
blant ungane i Utvik barnekor.
Stemne og årsmøte i Nordfjord
område av NMS i Hornindal søndag 22. april 2012. Gjest: Ingvald
Frøyen. Påmelding for middag:
Elin Ytrehorn, tlf. 57 87 94 97.
Fulldistribusjon
Drama i kyrkja!
Dette likte han lite, og noko seinare kom
reaksjonen: Han fekk tak i kyrkjeløkjelen
og tok med seg ei kraftig handsag til kyrTekst/foto: Tore Bøe
kja. Der løfta han bildet ned frå veggen og
Kyrkjene våre insaga det tvers
neheld mange
over, og til slutt
kunstskattar, og
tømde han blekk
mange av dei er
utover bildet.
det knytt speBildet vart seisielle historier til.
nare restaurert,
I Nedstryn-kyrkja
men spora etter
heng eit stort
udåden er godt
oljemåleri i saksynlege i bilderistiet av sokneråma den dag i
prest
Gabriel
dag (sjå bilde).
Heiberg, som var
Det har seinare
i Nedstryn frå
vore framheva at
1853 til 1865.
Ytreeide hadde
Han var vissnok
vore ein dyktig
ein
dugande
lærar, men at han
prest og godt likt
i seinare år vart
blant dei fleste.
ramma av sjukMen i 1857
dom. Det kan
hamna han i ei
nemnast at Ole
Merka etter saga er tydelege i bilderåma, mens
lei konfliktsak.
Ytreeide var far
sjølve måleriet er restaurert.
Heiberg var også
til den kjende
ordførar i Stryn i
avis- og forlags3 år og leiar i skulekommisjonen. Der kom mannen J.W. Eide, som i si tid starta
det klage på lærar og kyrkjesongar Ole O. Bergens Tidende. Kopien av det vakre
Ytreeide fordi han ”forlader skolen og går antemensalet (altarbildet) i Nedstryn vart i
omkring i gårdene i forskjellige ærinder”, 1965 gjeve som gåve til kyrkja av nettopp
samt at han ”ikke holder orden og ave over Bergens Tidende.
de skolepliktige børn”. Dette medførte at
kommunestyret vedtok å seie opp Ole Ytre- (Kjelder: Jubileumshefta for 125- og 150-års
eide.
jubileet for Nedstryn kyrkje).
Neste nummer får du i posten ca. 20. juni. Redaktør blir Anna Marie Skogli.
Stoff kan sendast på e-post til [email protected] innan 5. juni.
Solglimt Trykkeri AS - Sandane