Kyrkjeklokka nr. 1/2011

Download Report

Transcript Kyrkjeklokka nr. 1/2011

Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 1
Nr. 1 - 2011
Kyrkjeblad for Hornindal, Innvik og Stryn prestegjeld
75. årgang
Tekstilkunstnaren i Blakset
På midt-sidene
kan du lese om
Eli Johanne
Berg, - kven ho
er, kva ho driv
med, og kvifor
ho kom til
Blakset.
Gå inn på
www.
elitekstilbilder.com
<http://www.
elitekstilbilder.com> ,
for å sjå meir
om kva Eli
Johanne har
produsert.
Eit av kunstverka
som Eli Johanne Berg
har laga.
Friluftsgudsteneste på Bøasetra Skjærtorsdag
i fjor. Songarar frå Stryn barnekor deltok.
Trusopplæring
Trusopplæringsprosjektet i kyrkjelydane går sin gang. Mykje godt
arbeid blir drive i dei ulike sokna.
Les meir på side 2.
Meistermøte
Meistermøte
Les om ein flott konsert på side 5.
Misjonsprosjektet i Mali
Kyrkjelydane i
Indre Nordfjord
har samarbeidsavtale med
NMS om Landsbyutvikling i
Mali, og Sørsør-misjon i
Mali. På side 7
blir du oppdatert på misjonsprosjektet.
10. – 12. april
KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON 2011
Kirkens Nødhjelp
sin fasteaksjon
Også dette året vil kyrkjelydane
vere med på Kirkens Nødhjelp sin
fasteaksjon. Les om kva pengane
går til på side 4.
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 2
KYRKJEKLOKKA
2
Trusopplæring Indre Nordfjord 2010
I 2010 har ein arbeidd vidare med
trusopplæring i alle dei 9 sokna i
Indre Nordfjord. Målet er å gje alle
born og unge frå 0 til 18 år i Indre
Nordfjord opplæring til tru.
Hovudansvaret for trusopplæringa
ligg hos sokneråda og dei frivillige
medarbeidarane i kvart sokn.
Trusopplæringsutvalet med ein
representant frå kvart sokneråd leier
arbeidet saman med dei tilsette.
Ulike tiltak for dei ulike
aldersgruppene
Dåpsfasen: informasjonsbrosjyre, dåpssamtale før dåpsgudstenesta. Ulike typar
materiell som dåpshelsingar ved 1-, 2- og
3-års-dåpsdag. ”Mi kyrkjebok” til 4-åringane, bok til 6-åringar i Innvik prestegjeld,
søndagsskule i fleire bygder, ”Lys Vaken”
for 10-åringane med overnatting i kyrkja
ein søndag i advent. Utdeling av nytestamente på gudstenesta i den samanheng.
”På sporet av Jesus” for 11-åringane.
Miljøkveldar i samband med Ung Messe
for tenåringar/ungdom. KRIK-samlingar.
”MITT-kurs” for fjorårskonfirmantar
(minikurs for tenåringar om tru), ungdomsklubb i Oppstryn.
Frå babysong i Betania hausten 2010
Vi vil særleg nemne tre av satsingsområda:
foreldre/sysken frå heile Indre Nordfjord
har delteke.
Babysong
Babysong for heile Indre-Nordfjord har
vore eit godt tiltak denne hausten med eit
frammøte på gjennomsnittleg 10 born i
Betania, 5 born i Solvang 5-10 born i
Hornindal. Babyar med foreldre/beste-
Ung Messe
Tre ”Ung messe” i 2010 med svært godt
frammøte på om lag 150 frammøtte kvar
gong har inspirert til fleire Ung Messe i
2011. Kreative gudstenester med ny liturgi
Framhald side 4
Trusopplæring i praksis
4-åringane i Utvik og Innvik vart siste
søndag i januar inviterte av sokneråda til
felles samling i Innvik kyrkje. Både foreldre og besteforeldre møtte fram saman
med borna. Kari Runde viste flanellograf
om den barmhjertige samaritan.
Etter nokre barnesongar om dåp og
bønn fortsette Harald Runde å fortelje om
den gamle talarstolen frå 1600-talet. Deretter fortalde Harald om kvifor ein har
både grøne og kvite ”prestekjolar” med
ulike figurar på.
Borna fekk også vite at ein har to altarlys. Det eine skal fortelje oss at Jesus er
verdens lys, det andre skal symbolisere
kyrkjelyden.
Alterbordet skal ein bruke til Bibel og
Salmebok. Bedeskammelen framfor alteret
brukar presten når han knelar ned og skal
be.
Alterringen kan m.a. brukast til å be for
konfirmantane, fortsette Harald.
I døypefonten døyper ein dei små borna
og teiknar korset sitt teikn over dei.
Ivrige born følgjer med når presten fortel om kyrkja.
Tekst og foto: Geir-Ståle Vatnamo
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 3
KYRKJEKLOKKA
3
Andakt
Eit liv som er verdt å leva
v/Anna Marie S. Vatnamo
Eit liv som er verdt å leva
”Du har eit liv som er verdt å leva
same kor mørkt det ser ut –
ein kamp som er verd å streva
ein kamp du vil vinna til slutt.
Om berre du ser den gåva
som Herren vil gjeva til deg
Gjer du det, så har Skaparen lova
å leia deg fram på din veg”.
(Bjørn Eidsvåg)
Kva er det som gjer livet verdt å
leve? Det finst sikkert mange
ulike svar på det spørsmålet, alt
etter kven ein spør. Eg trur at alle
menneske er opptekne av at livet
skal ha verdi, og korleis. Og
menneska prøvar å fylle livet med
ting ein trur har verdi. Kanskje
svarar ikkje alltid resultatet til
forventningane.
Mange trur at det å skaffe seg
flest muleg ting, gjev livet verdi.
Vi bør helst ha det litt finare, litt
dyrare og litt flottare enn naboen.
Det blir ofte ein evig runddans.
Nye motar skapar behov for meir
nytt, og slik går karusellen. Men
blir vi lukkelegare av det?
Det er mange som dagleg
kjempar med spørsmålet om kva
som gjer livet verdt å leve. Problem med kjensle av meiningsløyse, sjukdom, depresjon, piller,
rus. Det kan vere mange ting som
gjer at ein har vanskar med å sjå
kva som gjer livet verdt å leve.
Ein del friluftsfolk har ein filosofi
om at eit rikt liv må levast med
enkle middel. Når ein skaffar seg
meir å bere, blir stega tyngre, vegen
meir arbeidssam og blikket meir
jordvendt.
Når vi veit korleis mange rundt
om i verda strevar med fattigdom
og naud, har vi sjølvsagt all grunn
til å vere takksame for alt vi har
av materiell rikdom. Og så veit vi
litt om at sjølv om mange i verda
er fattige, er dei likevel lukkelegare enn mange i rike vesten.
Det er godt å oppleve rikdomen i
å få vere friske, ha familie og venner rundt seg, ha nokon å vere
glad i, og som er glad i oss.
Likevel, er dette alt som gjer livet
verdt å leve?
”Om berre du ser den gåva, som
Herren vil gjeva til deg”… Vi er
sette inn i ein æveleg samanheng.
Det er ikkje tilfeldig at nettopp du
lever her på jorda. Du har vore i
Guds tankar frå æva av. Gud har
ein plan med ditt liv. Og m.a.
fordi vi ofte gjer det som ikkje var
i Guds plan, så sende Gud sin
eigen Son, for vår skuld, for at vi
skal ha eit liv som er verdt å leve.
For at vi skal sleppe å rusle rundt
her på jorda eit kort liv, og berre
spørje etter meininga med livet.
For at vi skal sleppe å berre kave
og streve for å fylle livet med
fleire og fleire ting. For at vi skal
få sleppe å kjenne på meiningsløysa.
”Den gåva er Kristus åleine
Han er overalt der du fer.
Dine hender treng ikkje ver reine,
Han elskar deg slik som du er.
Så lat ikkje skatten få liggja,
den venaste skatten på jord.
Du treng ikkje trygla og tigga,
du får han på Herren sitt ord”.
(Bjørn Eidsvåg, same songen v. 2)
Alterringens Herre
– Ein alterring
er ein halv sving
av ein større sirkelring.
– På denne halve vegen
kan du gå sjølv
her kan du motta nattverdens oblat
og Jesu blod i beger av sølv.
På den andre halve
usynlege vegen,
møter Gud deg!
på denne vegen vil Gud åleine
bera børa di.
Han vil bera deg fram
til den himmelske perlemorstrand
Og då er ringen slutta.
Då får eg om halsen
eit ekte perlemorkjede,
som ikkje er halvt,
– men heilt!
Her i denne verda
ser ein berre stykkevis og delt,
Livet her på jord
er eigentleg eit lite fragment
av ein halv alterring.
Heime hos Gud,
skal eg få lesa det klårt
på eit stort pergament:
Velkomen
– du er heime no!
Geir-Ståle Vatnamo
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 4
KYRKJEKLOKKA
4
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011
– No er livet betre. Då mamma fekk
lån til å starte ei grønsaksbu, fekk
Yohana (14) eit heilt nytt liv.
som før ikkje har hatt ressursar til å gjere
noko ut av livet sitt, men som no reiser seg
på VICOBA-møta og fortel den eine suksesshistoria etter den andre: om at dei kan
halde barna i skulen, om at dei har skapt
seg eit levebrød, og at dei tener pengar,
fortel Walalaze.
Yohana (14) er i si eiga verd medan han
traskar ved sida av mor si. Det er tidleg om
morgonen, og han er trøtt. Dei skal gå
langt for å hente grønsaker til bua på torget.
– Eg hjelper mamma med jobben mor-
10. – 12. april
KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON 2011
10.–12. april
– Over éin milliard menneske
lever i ekstrem fattigdom. Urettferd tek menneskeliv kvar dag. I
år set Kirkens Nødhjelps fasteaksjon søkjelyset på økonomisk rettferd. Saman kan vi kjempe for ei
framtid utan fattigdom.
– Det er kyrkjelydar landet rundt
som står for gjennomføringa av
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.
– Pengane som blir samla inn, går
til Kirkens Nødhjelps arbeid over
heile verda.
– Støtt aksjonen direkte ved å
• Nytte kontonummer
1594.22.87493.
• Ringje givartelefon 820 44 088
(200 kroner)
• Sende ein sms til 2090
(100 kroner)
Tekst: Kirkens Nødhjelp
Trusopplæring Indre Nordfjord
Framhald frå side 2
der ungdomar deltek med song, musikk,skriftlesing, lystenning, drama m.m. er
til stor inspirasjon. Målsettinga for Ung
Messe er at det skal vere eit tilbod for alle
ungdomar i Stryn og Hornindal kommune
på tvers av soknegrensene og at ein skal
ha Ung Messe i ulike kyrkjer.
Konfirmanttida
Konfirmantopplegget for alle konfirmantane i heile Indre Nordfjord er inne i eit
godt spor. Undervisninga fylgjer eit eige
gon og kveld. Det er ei glede. Ho gir meg
skulepengar, slik at eg kan få utdanning,
fortel Yohana. Han bur saman med mor si
og tre søsken i landsbyen Chunya i Tanzania. For to år sidan vart mora med i ei VICOBA-gruppe gjennom Kirkens Nødhjelp.
– Då vart livet betre. No har vi råd til mat,
klede og skule, fortel den unge guten.
Skaper forandring
VICOBA (Village Community Banks) er
spare- og lånegrupper der medlemmene
sparer små beløp kvar månad. Pengane
blir samla i ein pott, og medlemmene får
høve til å ta opp smålån for å investere i
inntektsgivande arbeid og ei betre framtid.
– Vi starta arbeidet med VICOBA i
2006. I dag er det over tusen registrerte
VICOBA-grupper, fortel Godfrey Walalaze, Kirkens Nødhjelps programrådgjevar
i Tanzania.
Det er medlemene sjølve som eig "banken". Rentene på låna som blir tekne opp,
kjem alle eigarane til gode. Slik går overskotet frå prosjektet tilbake til lokalsamfunna.
Kirkens
Nødhjelp
støttar
VICOBA-gruppene med opplæring i tillegg
til bankboksar og anna materiell.
– Eg blir stadig imponert av menneske
hefte: ”Følg meg!” Konfirmanthefte for
nordfjordingar der innhald og utforming er
laga av Jo Edvardsen og Kjetil Netland.
Konfirmantane vel sjølve før konfirmantåret tek til om dei vil delta på
• konfirmantspeiding ute i gapahuken
v. Stryn skisenter på kveldstid eller
• konfirmantundervisning etter skuletid
inne i Betania, Solvang eller på
kyrkjelydsstova i Hornindal.
Konfirmantforeldra er aktive med ulike
oppgåver utover i heile konfirmantåret.
Dagsturen til Nordfjord folkehøgskule,
nattcup i idrettshallen i Deknepollen, felles
konfirmanttreff for Indre Nordfjord og ak-
Viktige forsamlingar
I Tanzania er kyrkja ein naturleg stad å
møtast for å ta tak i utfordringar i kvardagslivet. Mange som har vorte med i ei
VICOBA-gruppe har høyrt om arbeidet
gjennom den lokale forsamlinga si, og
mange VICOBA-grupper har òg møta sine
i kyrkja, sjølv om VICOBA er eit prosjekt
på tvers av religionar.
– VICOBA gir menneske styrke til å
tenkje gjennom kva dei treng, og korleis
dei kan få tak i det. Ansvaret blir lagt i hendene deira, men vi kan gi dei kunnskap og
støtte til å stå opp for sitt eige liv. Vi opplever at VICOBA-gruppene tenner voner,
seier Walalaze.
Salatblad og utdanning
Yohana og mora er framme hos bonden
der dei skal hente grønsakene. Den unge
guten har draumane klare for framtida:
– Ettersom mor mi er med i VICOBA,
kan eg studere, viss eg jobbar hardt for det.
Eg har lyst til å bli politi. Eller jobbe for at
landet skal bli meir rettferdig. Demokrati
er viktig. Eg vil vere med å gjere Tanzania
til ein god stad å leve for mange.
I dag er det salatblad som skal berast tilbake til torget. Flaks! Stort volum, men lett
å bere. Yohana smiler og myser mot sola.
Denne dagen skal bli god.
sjonen for Kirkens Nødhjelp er populære
tiltak i konfirmanttida.
Økonomi
Hausten 2010 sende alle sokna søknadar
til trusopplæringsutvalet med ynskjer om
innkjøp av ulikt undervisningsmateriell,
musikkutsyr, inventar og anna til bruk i
sokna i trusopplæringsarbeidet. Ynskja vart
innfridde og no voner vi at desse innkjøpa
er til inspirasjon i trusopplæringarbeidet.
Tekst: Rut Solveig Nydal Netland (utdrag
av årsmeldinga for Nedstryn sokn).
Foto: Tore Bøe
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 5
KYRKJEKLOKKA
Kyrkjeklokka
Bladet blir sendt til alle husstandar
i Stryn og Hornindal kommunar.
Web: www.kyrkjeklokka.no
Redaktør for dette nummeret er:
Anna Marie Skogli Vatnamo,
[email protected]
Forretningsførar/abonnement:
John Selmer Skiftesvik,
6788 Olden, tlf. 57 87 33 85
[email protected]
Bankgiro 0538 18 51054
Bankgiro 3795 30 05108
Kontingenten er frivilleg.
Vi takkar for betaling og støtte.
Kontortider, telefon, epost
Måndag er sokneprestane sin fridag.
INNVIK prestekontor
Tlf. 57874123 Mobil 91184241
Sokneprest Harald Runde
Kontortid:
Tysdag , onsdag og fredag kl. 10-12
Privat
57874115
[email protected]
STRYN prestekontor
Tlf. 57874812 Mobil 91103134
Sokneprest Kjetil Netland
Privat
57871029
[email protected]
5
Dåpskluten
Dei siste åra har vi brukt ein dåpsklut
med ei brodert due på. Dåpsbarnet får
han som gåve. Den kan brukast som serviett under staken med dåpslyset.
Nokre let dåpsdatoen verte ein minnedag der lyset vert teke fram og kveikt.
Nokre har truleg brodert namnet og datoen på kluten. Dåpsklutane er brodert av
kvinner som jobbar i systova til Fanja i
Antsirabe på Madagaskar. ”Fanja broderier” produserer også anna handarbeid
som er blitt godt motteke blant norske
Madagaskar-turistar og misjonsvener.
For ei tid sidan var Fanja på Noregsbesøk. I Vesterålen i Langenes kyrkje deltok
ho på gudsteneste. Ho fekk sjå dåpskluten
i bruk. Vesle Marie vart døypt, og Fanja
HORNINDAL prestekontor
I sokneprest Mari Saltkjel sitt permisjonsfråver vil tenestene blir fordelte slik:
- Ved henv. om dåp og vigsle, attestar, spm.
om konfirmasjon ol . ring
kyrkjeverje Anne Lødemel Honningsvåg
tlf. 57879833 /97084120
Kontortid måndag 08-15 og torsdag 09-13.
- Ved behov for kontakt med prest på dagtid:
ring fung. prost Sigurd Vengen på
tlf. 48096093, og etter kl. 17 og i helgane:
Beredskapstlf. for prest: 95481798
KYRKJEVERJER
Stryn kommune
Svein Rønne
Tlf. 57874811 Mobil 91327882
[email protected]
Hornindal kommune
Anne Lødemel Honningsvåg
Tlf.
57879834
Privat tlf.
57879653
Mobil
97084120
Måndag 8-15, torsdag 9-13
[email protected]
Tekst: Oddny Torheim
Foto: Geir-Ståle Vatnamo
Meistermøte i Nedstryn
Det var ei stor oppleving å vere blant dei
ca 150 frammøtte som fekk del i konserten med Sondre Bratland (vokal), Sig-
Kyrkjelydspedagog Sigrun Reinhardtsen
Tlf. 57 87 48 13
Mobil 99 10 61 26
[email protected]
Leiar for trusopplæring Rut Solveig Netland
Tlf. 57 87 48 14 Mobil 90 63 26 98
[email protected]
hadde på forhand brodert namnet og datoen. Dette vart spesielt fint for jenta og
familien hennar.
Kluten og lyset bør brukast. Korleis er
opp til heimane. Dåpsdagen, dåpsdatoen,
pinse og konfirmasjon er aktuelle dagar.
Lukke til!
F.v. Iver Kleive, Sigmund Groven og Sondre
Bratland
mund Groven (munnspel) og Iver Kleive
(orgel/piano) i Nedstryn kyrkje torsdag
27. januar. Alle tre er meisterar på sitt område og konsertprogrammet var variert og
viste spennvidda til dei dyktige musikarane. Små verbale innslag innimellom var
med og gje bakgrunn og perspektiv på
musikken. Gledeleg med fullsett kyrkje og
positive tilbakemeldingar frå publikum!
Rikskonsertane stod som arrangør og
lokalt var dette eit samarbeid mellom
soknerådet og kulturkontoret i Stryn kommune.
Tekst: Tore Bøe. Foto: Privat
Arrangement på Innvik fjordhotell Misjonsheimen våren 2011
11.-13. MARS: EKTEPARHELG
Arr: Familiefokus i Ungdom i Oppdrag. Judith
og Ingvar Torvik.
Påmelding til Betsy og Per Arne Tøsse tlf.
57874316, e-post: [email protected]
1.-3. APRIL: ISRAELSMISJONEN I SOGN
OG FJORDANE – ÅRSMØTE
Talar: Olav Lende, marknadsansvarleg. Song:
LaJoMa. Påmelding til Henry Nygård, tlf.
41662458/57821315, e-post: [email protected]
20.-25. APRIL: PÅSKE V/FJORD OG FJELL
Talar: Kåre Vølstad. Song: Astrid og Kåre Vølstad. Start: Onsdag kl. 18.00, slutt 2. påskedag etter lunsj. Ein kan delta på heile eller
deler av opplegget.
30. APRIL: MISJONSHEIMSBASAREN
Laurdag kl. 14.00: Andakt, song, basar.
9.-13. JUNI: SI-REISER
Pinsetur til Innvik. Påmelding til SI-reiser,
[email protected], eller tlf. 70 17 90 00.
30. JUNI-4. JULI: ”BIBELFERIE
V/FJORDEN”
Talar: Martha Irene Eriksrød. Song: Hagaviktrioen.
For info, prisar og påmelding, ta kontakt
på telefon 57 87 49 90
e-post: [email protected]
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 6
KYRKJEKLOKKA
6
Av Jon Ytrehorn
Tankar langs vegen ...
Når utruskap blir idyllisert
Det var under ei 20 års jubileumsmarkering for freden i 1945. Ein motstandsmann under krigen var invitert til ein
fellestime for alle studentane ved lærarskulen der eg gjekk. Han hadde fått ein
hard medfart under krigen, var blitt
fengsla og torturert. Men han bar ikkje hat
til tyskarane. Derimot var han oppteken
av at borna måtte få hjelp til å forstå kor
umissande verdiar fred og fridom var.
Han avslutta slik: ”De som no blir
lærarar: Legg vekt på å leve slik at borna
ser på dykk med tillit!”
TILLIT er eit nøkkelord i mellommenneskelege relasjonar. Utan tillit og tryggleik blir nettverket rundt menneska veikt og sårbart. Det
gjeld i relasjonen barn - vaksne. Det gjeld
vaksne imellom. Tillit er ikkje noko vi kan bestemme andre til å ha. Tillit er noko som veks
fram der menneske opplever å bli møtte med
omsorg, varme og trygge rammer. Det er
vondt og kan vere øydeleggjande for born å
oppleve at dei ikkje kan stole på vaksne rundt
seg.
NYLEG KOM meldinga om at ein tidlegare
programdirektør i Radio Norge har oppretta
ein nettstad med teneste der gifte og sambuande kan søkje eit sidesprang. ”Gjør livet levende – ha en affære!” er slagordet på den
nye nettstaden som altså har satsa på trenden
dating. Nettstadredaktøren fortel at det er ein
stor marknad for dette blant gifte og sambuande. Han ser høvet til å tene store pengar.
10.000 personar har alt registrert seg, av
desse er meir enn 70% ”ute etter forhold av
en eller annen type.” At dette er å opne ein
veg for utruskap er redaktøren uvedkomande.
Folk må få bestemme over sine eigne liv: ”Jeg
vil helst ikke ta stilling til hva medlemmene
gjør” er kommentaren hans i eit avisintervju!
”ER EG MIN BRORS vaktar?” spurde Kain
då Herren stilte han til ansvar for drapet på
broren Abel. Vi møter ekkoet av Kain i svaret
frå nettredaktøren. Når sjansen er der til å
tene pengar blir moralske spørsmål stempla
som upassande eller uaktuelle. For når der er
fedre eller mødre som ynskjer å gjere eit sidesprang så er det heilt ok å vise dei til rikeleg utval av ”grønare gras på andre sida av
gjerdet”! Programleiaren av TV-programmet
”Trekant” før jul avviste kritiske spørsmål med
”
Vi ser konturane av
forsøk på ei allmenn
akseptering av utruskap
same argumentasjon: ”Vi er opptatt av å vise
teknikker. Moralske sider ved ungdommers
samliv ligger utenfor konseptet for vårt program!”
UTRUSKAP i parforhold er ikkje av ny dato.
Lenge har underhaldningsindustrien - kulørt
presse og etermedia – stått for ei nærmast paranoid fokusering av partnarbyte, kombinert
med forførande idyllisering. No ser vi eit nytt
steg: Ei organisering og kommersialisering av
utruskap i det offentlege rom, slik det no skjer
i nettverda. Vi ser konturane av forsøk på ei
allmenn akseptering av utruskap. Det er viktig
å tenkje over korleis vi best kan møte dette.
Men først må det seiast: Å innleie eit forhold
bak ryggen på eigen ektemake er synd! Bibelen kallar utruskap synd. Det gjeld både i
samliv i ekteskapet og i det økonomiske livet.
VEGEN Å GÅ er ikkje forbod mot slike nettstader. Dei som søkjer utruskap vil lett finne
utvegar om dei ikkje har nettet som vegvisar.
Det blir også heilt feil å dømme foreldre som
har funne å måtte gå frå kvarandre. Grunn-
Teksten mange brudepar vel:
Kle dykk difor i inderleg medkjensle og ver
gode, audmjuke og tolmodige så de ber over
med kvarandre og tilgjev kvarandre om den
eine har noko å klaga den andre for.
Som Herren har tilgjeve dykk skal de og tilgje
kvarandre. Og over alt dette: Kled dykk
i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer
fullkomen.
Paulus i Kolossarbrevet 3,12b – 14.
ane til eit oppbrot kan vere så mange, og kven
er så rein at han kan kaste den første steinen?
Men i lys både av bibelsk menneskesyn og allmenn erfaring er det grunn til å halde fram
dei alvorlege konsekvensane utruskap kan ha
for dei som blir ramma. Det gjeld livskvaliteten til den i parforholdet som opplever seg
svikta og ført bak lyset. Og det gjeld ikkje
minst livskvaliteten for borna. Vi veit litt om
kor alvorleg det er for eit barn å ”misse” ein av
foreldra på grunn av utruskap. Det er ”Sorga
der ingen kondolerer”! Men kvifor er det slik
idyllisering i underhaldningskulturen av spennande utruskap, medan det livsvarige trufaste
samlivet i ekteskap og familie får ein dåm av
noko stilleståande, uinteressant og kjedeleg?
DET GJEV HÅP når ungdom seier at dei
drøymer om eit stabilt samliv, med truskap og
trygge rammer for samlivet og for borna dei
håpar å få. Dei fortener støtte frå foreldre og
vaksensamfunn. Eg har ein draum: Foreldre
som ope og tillitsfullt kan samtale med sine
tenåringar om rikdomen i eit samliv der det er
truskap. Vaksne som kan kommunisere til
ungdom at det livslange ekteskapet er verdt å
satse på. Som er opne om påkjenningar og
prøvingar som alltid vil kome i eit parforhold.
Men som og held fram at ein vil vekse og
modnast som menneske ved å kjempe seg
gjennom slike. Ein står rikare att etterpå.
DÅ MEISTEREN vart spurd av læresveinane
om kven som var den største i himmelriket
tok han eit barn og sette midt mellom dei.
(Matt 18, 1- 4). Det fortel noko om barnet sin
plass i Jesu hjarte. Skulle ikkje barnet få ein
brei plass også i våre hjarte? La oss reise ein
motkultur mot dei krefter som – villa eller utilsikta - ofrar barnet på egoismen og mammon
sitt alter!
Bedrift satsar på samlivskurs for sine tilsette!
Ei bedrift på Sør-Vestlandet kom i fokus då styre
og leiing vedtok å sponse kvar tilsett med eit gratis samlivskurs til ein verdi av 3000 kroner. Tanken var denne: Å
investere i samlivskurs ville gje arbeidarane hjelp både til
eit betre parforhold og til å bli betre foreldre. Noko som
igjen ville gje positive ringverknader i form av trivsel og
betre arbeidsmiljø. Fabrikkleiinga seier dei allereie har
merka positive ringverknader!
– Ei utradisjonell og spennande satsing!
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 7
KYRKJEKLOKKA
7
Diakonale tiltak og kamp mot omskjæring av
kvinner Mali
Ved å støtte dette prosjektet bidrar du til diakonale prosjekt
i lokalsamfunnet - og til kamp
mot praksisen med å omskjære
kvinner i Mali.
Resultatet av 4-5 års kamp mot omskjæring i Fatoma, Kounari og Bassiri er
at ingen unge jenter omskjæres i dette området i dag! Prosjektet ”Diakomale tiltak inkludert kamp mot omskjæring” viderefører
denne kampen samtidig som prosjektet
omfatter både leseopplæring for voksne,
utdanningsstipend for ungdom og andre
små, men nyttige utviklingstiltak i et land
med stor fattigdom.
Kampen mot kvinnelig omskjæring i
kommunene Fatoma, Kounari og Bassiri
rett nord for Sévaré i Mali har vært så vellykket at det har slått gjenlyd over hele landet.
Krumtappen i arbeidet, helsepedagogen Oumarou Maiga, har fått tilbud om
godt betalte jobber i andre utviklingsorganisasjoner, men han står på sin post. – Jeg
hører til i Fatoma, sier han, og fortsetter
sitt glødende engasjement, - uten annen
lønn enn litt kostpenger og dekte utgifter
til transport når han er ute på oppdrag!
Prosjektet fortsetter å finansiere
transportutgifter og kostpenger til de møtene som gjennomføres for å vedlikeholde
det man har oppnådd. For å sikre at ingen
faller tilbake til den gamle praksisen, må
Over: Kvinner i Mali
Under: Fulani-buplass
man holde både engasjementet og kunnskapen om omskjæringens skadevirkninger ved like gjennom regelmessige møter i
de tre kommunene.
I tillegg finansierer prosjektet små,
men viktige, tiltak i det området hvor
NMS’ samarbeidsorganisasjon i Mali arbeider. Lokalkunnskapen i organisasjonen
er stor. Derfor når man langt med små
midler. Etter søknad tildeles midler til f.eks
en skole som trenger stoler, støtte til utgivelse av helseinformasjon på fulani, utdanningsstipend til ungdom og lignende.
Opplæring er dessuten et viktig anliggende i prosjektet. Det er utdannet og
ansatt omreisende ”alfabetisører” som gir
leseopplæring på fulani til voksne på landsbygda. Videre finansierer prosjektet både
radioprogrammer om helse og annen
helseopplysning i ulike fora, bl.a ved den
årlige korttidsbibelskolen.
Tekst og foto: NMS
Den gode
Hyrdingen
Dette må eg sende til mamma, sa Paula frå
Mexico. Ho var i haust med på sauesanking
mellom Kårstad- og Lyslostøylen. Då ho såg
saueflokken på rad og rekkje saman med
eigaren, minte det henne om orda i Bibelen
der Jesus seier: "Eg er den gode Hyrdingen,
eg kjenner mine, og mine kjenner meg." Trur
dette var ei fin helsing for mamma å få i Mexico, og også ei helsing til oss alle.
Tekst: Edith Kårstad
Foto: Paula Robles Nettel
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 8
KYRKJEKLOKKA
8
– Korleis kom du til Blakset?
– Eg traff ein kjekk mann, Vemund Øiestad,
eg flytta hit og vi gifta oss i fjor haust. Vi har vore
gjennom sorg begge to før vi traff kvarandre, og
kjenner på ei stor glede av å få møte kjærleiken
på nytt.
– Har du noko utdanning innan tekstilfaget?
– Nei, eg har gått nokre kurs i lappeteknikk
og eit i nålefilting, elles har eg lært meg det meste
sjølv. Eg lærte meg lappeteknikk i 1989. Eg
gjekk på kurs og har sidan utvikla meg med forskjellege teknikkar.
– Bileta er laga ved å sy saman mange ulike
stoff, applikasjon og quilting, fortel Eli. Dermed
kan eg skape dei motiva eg er ute etter. Eg
jobbar mykje med fargar.
Tekstilbileta til Eli Johanne er tydeleg prega av
bibelske motiv. På eit av dei ser ein ei stengd
dør, samtidig som Gud også opnar eit vinDet
Eli Johanne Berg kjem opprinneleg frå Odda, men
dauge. Dette kan vere eit symbol på at
å kunne kvile
sjølv om du kjenner at ”dører” i livet vert
har
budd mange år i Førde. Ho er utdanna psyøynene på et bilde
stengde eller draumar går i knas, kan
kiatrisk sjukepleiar. Dei siste åra har ho vore mest
med et budskap som trefGud opne nye vindauge i staden for,
heimearbeidande,
og har produsert mykje tekstilfer meg, er med på å gjøre
som kan verte enda betre for deg enn
arbeid. Ho var med og starta opp, og jobba i
troa mi sterkere og å holde
det du kunne ha håpa på. Gud har ein
plan med liva våre. Gud er framtidsKirkens SOS i Førde (krisetelefon). Ho har i mange
rett fokus. Guds ord får
retta.
en sterkere
år vore med i komité for Mariahelg på Alværa
– Det er Gud som er drivkrafta i livet
betydning.
(NMS), og hadde m.a. salsutstilling på NMS si
og kunsten min, fortset Eli. Eg er ikkje så
generalforsamling i Bergen i 2008.
flink med ord. Dermed blir tekstilbilda min
måte å forkynne på. Eg ber mykje, og når eg ber,
opnar Gud nye dimensjonar for meg. På den
måten hentar eg inspirasjon til bileta mine.
– Lagar du på bestilling?
legge dei av, – strekke armane mot Kristus og
– Er det alltid planlagt på førehand korleis eit
– Det gjer eg sjeldan. Men det hender at eg
motta nåden!
bilete kjem til å sjå ut?
får eit større oppdrag. Det er elles ikkje lett å
– Ja, seier Eli, nåden er viktig for meg. Det er
– Nei, oftast får eg ein idè. Eg ber som regel
lage noko som andre ser for seg i sitt indre…
godt og fantastisk å leve i Guds nåde… og så bli
når eg startar på eit nytt bilete. Så startar eg med
Og eg lagar aldri to like produkt.
brukt av Han gjennom kunsten min.
komposisjonen, og så blir det til etter kvart som
– Må du ha det stilt rundt deg når du jobbar,
– Kva er det særleg du ønskjer å formidle?
eg jobbar. Somme tider legg eg det til sides ei tid,
eller?
– Eg ønskjer å formidle nåden, gleda og
og så kjem eg på noko meir eg vil ha inn i bile– Eg spelar mykje musikk medan eg jobbar,
håpet i den kristne bodskapen, men også konttet før det er ferdig. Eg ber om at dei bileta eg
gjerne lovsongar eller salmar. Men eg kan også
rastane mellom sorg og glede, håp og håpløyse,
lagar skal bli til Guds ære, og at dei kan få bety
høyre lydbøker og radio. Elles er det slik at i
lyse og mørke dagar i livet. Det er alltid eit håp
noko for nokon.
dei periodane eg jobbar, lever eg litt ”i mi eiga
der ein plass, som ein ikkje må misse.
– Korleis får du inspirasjon til kunsten din?
verd”. Eg blir så oppslukt av det eg held på
– Eg får inspirasjon til bileta mine gjennom bimed. Då må eg liksom få fred til å gjere meg
Eli seier: eg ønskjer å formidle:
belvers, dikt, livet med sine mange skiftingar, –
ferdig.
– Noe av Guds uendelige kjærlighet
og anna. Eg får idear, ser for meg eit tema, kan
– Du brukar mange friske fargar i bileta dine?
til oss mennesker
få ide til eit bilde av ein følelse, stemning eller
– Eg er glad i sterke fargar. Og eg er svært
– Hans omsorg for oss
noko eg les, for eksempel eit dikt, eit bibelvers,
glad i å framstille bodskapen min så ekte og le– Tryggheten i det å være i Herrens hender
songar, salmar, ei andakt, eit bilete/foto. Eg bruvande som det let seg gjere.
– Hvordan jeg kan oppleve hans nærhet
kar ofte bibelvers som betyr mykje for meg per– På eit av motiva dine ser ein tydeleg at den
når jeg har det vondt
sonleg.
som ber tunge byrder kan kome til Gud og
• når livet føles vanskelig eller meningsløst
• når jeg har det bra og livet er godt
• ved veivalg i livet
• når jeg tviler
• når jeg venter på bønnesvar
• lovprisning og bønn
• hyllest til livet
• når jeg trenger å holde rett fokus
Tekstilkunstnaren
på Øiestad i Blakset
Julekrybber
”Strikkedamer”
– Er det spesielle symbol du er opptatt av i
kunsten din?
– Dei fleste bileta har ein Kristusfigur, som
ofte står i ei lys-kjegle. Elles er korset med på
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 9
KYRKJEKLOKKA
9
Lukka dør – ope vindauge
Herren er min hyrde
Eli Johanne Berg
dei fleste bileta, og nesten alle har minst eit hjerte.
”Mennesket i Guds hand” betyr mykje for meg. I periodar lagar eg mykje englar, spesielt i nålefilt.
Eli lagar også naturbilete, t.d. frå Jotunheimen, eller
fantasilandskap. Ho viser oss to bilete som ho har laga
ut frå fotografi/teikning.
Kunstnaren lagar også figurar som ser svært levande ut. Ein av dei kan ein trygt kalle ”mor og barn”
eller Maria og Josef med Jesusbarnet. Her er materialet rein ull. Då brukar ho ei spesial-nål og tovar ulla
saman til eit ferdig produkt. Dette kallast nåle-filting.
Det flotte med alle desse produkta som no vert laga
i Blakset, er at dei kan kjøpast. Ein kan og be Eli kome
på arrangement og stille ut kunsten sin. Men aller
helst vil ho stille ut kunstverka sine sånn at fleire kan
få sjå dei. Det går også an å avtale tid og ta ein tur
heim til ho for å sjå.
– Kven kjøper kunsten din?
Kyrkja i Førde har kjøpt eit av bileta. Dette er eit
temabilete med kyrkjeåret sine liturgiske fargar og
symbolikk. Dessutan har ho laga eit større alterteppe
til Alværa Misjonssenter i Lavik i Høyanger kommune. Dale kyrkjekontor og Førde Bedehus er også
mellom dei som har kjøpt bilete. Nokre kjøper fleire
bilete og henger saman i ein ”serie”. Elles er bileta
fine til presangar, eller dei kan kjøpast av privatfolk til
å henge i stova.
Eli har mange flotte bilete til sals. Ho kan også spørjast om å halde kurs i t.d. nålefilting.
Som barn skreiv ein ofte i minnebøkene: ”Mi
adresse er som før: Opp ei trapp og inn ei dør”. No
skriv ein heller: www.elitekstilbilder.com.
Kjære lesar: Hos Eli vil du på heimesida sjå at Gud
har opna både ei dør og eit vindu… Lukke til!
Tekst og foto: Geir-Ståle Vatnamo
Åpenbaring
En frelser er født
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 10
KYRKJEKLOKKA
10
Ein 50-årskonfirmant fortel
Frå konfirmasjon-førebuing og konfirmasjonen min den 4. september 1960 i Oppstryn kyrkje.
Frå Flo var vi 2 konfirmantar, det var Egil
Flo og eg. Vi var fødde med 2 dagars mellomrom, 6. og 8. oktober. Så jordmor Ingeborg Bolstad var vel knapt koma bort
om vatnet/fjorden før ho måtte til Flo att
og ta imot meg.
Skule hadde vi på Flo så vi slapp å reise
frå Flo for å ”studere”. Åra gjekk og vi
lærde å lese og rekne, vi hadde geografi og
historie, bibelsoge og kyrkjesoge og salmevers som vi lærde utav. I friminutta var
lærarane som oftast med i leiken. Niste
hadde vi ikkje med oss, vi sprang heimatt
og åt middag. Og frukt hadde vi med oss
som vi åt i friminutta og vi spanderte på
læraren.
Det var 3 år i småskulen og 4 år i storskulen og etter det konfirmasjonen.
Det var ut på sommaren i 1960 vi begynte å ”lese for presten” som det heitte
då. Presten vår heitte Nils Ruset og skulestova vår for dette var Oppstryn Kyrkje..
Egil og eg kom oss i ”gjønå” på forskjellege måtar. Over vatnet måtte vi, som oftast følgde vi rutebåten ”Fram” frå Flo til
Tunoldsvika. Første gongane gjekk vi til
Fosnes, så fekk Egil seg sykkel og eg fekk
sitje på med han. Eg hugsar og at vi fekk
sitje på i bilen til presten.
Dei fleste av konfirmantane kjende vi
ikkje frå før og presten kjende oss heller
ikkje.
Eg hugsar korleis vi presenterte oss.
Presten sa at han ville seie: Januar og då
skulle ein rekke opp ei hand og seie namnet sitt og fødselsdatoen i januar. Presten
byrja så og det var vel ein to-tre-fire som sa
namnet og fødselsdatoen i dei første månadane og så var det ingen som melde seg.
Ka, er det så mange som er fødde så seint
på året då ????
Så vi var ein flokk svært unge konfirmantar, då flesteparten var fødde seint på
året. Såleis var eg berre 13 år då eg vart
konfirmert.
Vi fekk lekser som vi måtte lære til neste
gong vi møttest i kyrkja. Leksene var frå
Bibelen, bibelsoga og kyrkjesoga. Eg hugsar ikkje kor mange gonger vi las for presten i kyrkja. Og vi hadde vel undervisning
eit par gongar etter at vi var byrja på realskulen/framhaldskulen i Stryn?
Konfirmasjonsdagen kom, eg vakna tidleg og var veldig spent korleis dette skulle
gå. Mest spent var eg no på overhøyringa
50-, 60- og 70-års jubilantane som var med på feiringa i Oppstryn hausten 2010. Frå venstre: Magnar Bolstad, Ivar Guddal, Åse Skåre Sæbø, Magnhild Flo Meland, Solbjørg Fure Alme, Kjellfrid Erdal
Smevoll, Liv Fure Skrede, Eldbjørg Berge Sunde, Sverre Sundal, Brita Greidung Guddal og presten vår
Kjetil Netland.
og kva spørsmål presten kom til å stille
meg, og om eg greidde å svare rett.
Vi følgde ”Fram” frå Flo og til bryggja
på Fosnes. Vi konfirmantane fekk på oss
fotside kvite kapper i sakristiet og vi sat på
benkar i oppgangen i kyrkja. Gutane på
eine sida og jentene på den andre. Der var
mykje folk i kyrkja. Det vart veldig høgtideleg og vi var sikkert nervøse dei fleste
av oss. Eg hugsar i alle fall at eg var veldig
sjenert og nervøs då presten byrja med
overhøyringa og vi fekk spørsmål å svare
på. Vi fekk spørsmål frå Bibelen, bibelsoga
og kyrkjesoga som vi hadde hatt lekse frå
under førebuingane, og vi svara på dei så
godt vi kunne..
Presten velsigna oss og las opp eit
bibelvers til kvar av oss. Dette hadde han
og skrive på eit kort som han gav til kvar
av oss. På mitt stod/ står det: Sjå eg er med
dykk alle dagar så lenge verdi stend. Mat.
28. Hjarteleg helsing Nils J. Ruset. Vi hadde
fått vår eiga salmebok som eg la kortet
mitt i.
Vi vart alle konfirmerte og reiste så
heimatt og feira dagen i heimane våre
saman med foreldre, søsken, fadrar, besteforeldre, tanter og onklar. Litt gåver fekk
vi men ikkje slik som det konfirmantane
får no. Og mykje god mat hadde vi.
Eg fekk første klokka mi på denne
dagen. Den var frå mor og far, ei Certina
som var laga i Sveits, hugsar eg. Frå besteforeldra fekk eg smykke og frå to av
tantene mine ein strikka ullgensar. Og så
fekk eg konfirmasjonskort frå slekt og
vener.
Altergong hadde vi seinare på hausten.
Men eg kan ikkje minnast om det var på
ein vanleg preikesøndag eller om konfirmantane og foreldra var der ein bestemt
dag.
Og på måndags morgon var det å reise
over vatnet med rutebåten, følgje bussen
til Stryn der eg og Egil gjekk på Realskulen
og budde på hybel i veka og reiste heimatt
kvar laurdag etter endt skuleveke.
Tekst: Magnhild Flo Meland
Foto: Privat
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 11
KYRKJEKLOKKA
11
Oddny under open himmel
Engel og diamant i brev
Godt nytt år!
No har vi skrive 2011 ei god stund,
og vi går mot lysare tider. Lyset og sola
gjev oss kraft og nytt pågangsmod.
Til jul kom der ein engel og ei julehelsing i eit brev til kyrkjelyden frå Kirkens Nødhjelp. Eg går ut frå at alle
kyrkjelydane fekk ein slik. Eg bar fram
helsinga på julaftan. Engelen var så liten
at han mest gøymde seg inni handa mi,
der eg stod ved mikrofonen. Engelen
hadde ei nylonhempe festa til hovudet,
så han vart hengd opp i juletreet.
Juletreet i kyrkja brukar å stå over
nyår. I år vart gudstenesta 2. januar, og
sidan det var søndag, vart ikkje treet
teke ut den dagen. Kyrkjetenaren ville
gjere det. Ei natt to-tre dagar seinare
vakna eg, og den vesle engelen var i tankane mine. Eg var redd den hadde følgt
treet ut. Då det lysna av dag, gjekk eg til
kyrkja. Treet stod der, og den vesle engelen hang der. Eg tok han og hengde
han i Barnesakristiet der vi har nokre
andre gåver frå K.N.
Men engelen gav meg ikkje heilt fred,
så det skal bli nokre ord om han i
”Kyrkjeklokka”. No ligg han på skrivebordet mitt, ein liten engel laga av små
fargerike perler. Andletet er brunt. Han
har ramsvart hår, tindrande kvite augo
og kvitstrutsande perlekjole. Han har
raudt stjernesmykke, og dei store vengene er av raude perler. Han har også
føter med kvite sko. Engelen er ei takk
for innsatsen kyrkjelyden har gjort for å
få ei rettferdig verd. Eg tenkjer på
kvinna Nuru som har laga han, ei mørk
ei i Tanzania som har hatt vonde opplevingar. Ei gruppe av slike kvinner har
fått help på eit senter. I rehabiliteringstida får dei lære å arbeide t.d. å lage
slike englar. Der får dei også møte Guds
kjærleik. Så skal denne engelen minne
oss om den engelen som kom til hyrdingane med bod om ei store glede, ei
glede for heile folket.
Det andre brevet var ikkje eg som
mottok, og innhaldet var av ein annan
”storleik”. Innhaldet vart lagt i ein ferdigfrankert konvolutt, difor vart der
ikkje poststempel. Han vart sendt til
Misjonssambandet midt i juni 2010. Då
brevet ikkje var adressert til ein spesiell
person eller avdeling, vart det opna av
respesjonsleiaren. Inni konvolutten låg
eit silkepapir. Inni
silkepapiret låg ein
diamant på
seks–sju
millimeter.
Det heile låg
inni eit sertifikat
med mange opplysningar. Sertifikatet viste at diamanten
var ekte. I tillegg låg der ein liten lapp
med fire ord: ”Dette er ei gåve”. Innhaldet vart lagt tilake i konvolutten, og personen i resepsjonen gjekk til
økonomisjefen og overrakte gåva. Ein
gullsmed og diamantkyndig takstmann
meiner diamanten er verd ein sekssifra
sum. Gullsmeden anbefaler å setje diamanten fast i eit smykke, og gullsmeden
har lovt å gje smykket, då diamanten var
ei gåve.
Så enkelt kan det gjerast. Ei stor gåve
i eit lite brev frå ein som vil vere ukjend.
Så gjeld det å få selje smykket til inntekt
til misjonen. Ja, det kan vere spennande
med brev.
Ei høne ble til 14 kyllinger
Etter å ha gitt ei høne
i kollekten opplevde etiopiske Hailu noe sjokkerende.
Men snart ble det forferdelige vendt til velsignelse.
Innsamlinger kan foregå
på helt andre måter enn
her hos oss. Fra Etiopia
fortalte nylig misjonærene
Lillian og Odd-Åge Ågedal, om Hailu som gikk på et møte og ble
en kristen. Under kollekten så han at folk
ga egg, smør og levende høner. Han bestemte seg for å ta med ei av sine ti høner,
en stor, fin en, og gi den neste søndag.
Som tenkt så gjort. Han stengte de andre
hønene inne i hytta og gikk på møte. Høna
ble gitt i kollekten.
Men da ha kom tilbake, fikk han se at alle
hønene lå døde på gulvet.
En katt hadde kommet
seg inn, og bare ei hadde
overlevd. Den satt oppe
under taket.
Da gråt Hailu og angret
at han hatte gått på møtet
og gitt høna. Var dette
Guds kjærlighet og lønnen for å bli en kristen? Han bestemte seg
for aldri mer å gå på møte.
Etter to uker kom lederne i kirken på
besøk. ”Vi savner deg. Du har vært borte
to søndager etter hverandre. Hvorfor kommer du ikke på møte?” Hailu fortalte hva
som hadde skjedd, og at han var skuffet
over Gud. Da lederne hørte dette, gråt de
og alle bøyde kne i hytta og ba. Nå angret
Hailu det han hadde tenkt og sagt.
På møtet torsdagen etterpå ga de kristne
ham ei høne som gave. Allerede fredag la
høna et egg. For Hailu var dette som en
gave fra Gud. Det ble et egg også på lørdag. Søndag tok han det første egget med
seg til kirken, viste det fram og ga det i kollekten. Da de kristne så dette, priste de
Gud. Det merkelige skjedde at høna verpet hver dag til det ble 15 egg. Ett av dem
hadde han gitt til kirken. Og alle de andre
ble til kyllinger, 14 kyllinger som vokste
opp.
Slik fikk Hailu mer enn han hadde tapt
da katten herjet, og dette ble en stor og
viktig opplevelse for ham.
Tekst: Per Ove Aarseth
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 12
KYRKJEKLOKKA
12
Salmen min
Tekst: Åshild
Ulvedal Bøe
Då eg skulle velje
ein salme som eg
har eit spesielt
forhold til, var
det ikkje heilt
enkelt, for det er
mange
salmar
som har betydd
mykje for meg i
ulike situasjonar og faser i livet. Men det
er vel med meg som med mange andre, at
det er når livet røyner litt på, ein leitar
etter ord som kan gje trøyst og nytt mot.
Ein song som har gitt meg tru på at det
nyttar å be til Gud med enkle ord, er ein
song som mor song mykje, og som eg også
kan hugse at vi song på skulen og i ei barneforening då eg var lita. Denne salmen er
ikkje brukt så ofte, men eg har alltid likt
godt både melodien og teksten, som inneheld mange fine bilde på kva bøn er, og
kva den kan utrette.
Langt bortom himmelblånar
Lenger enn soler går
Høgre enn stjerner strålar
Den barnlege bøna når
Anden frå skuggestrender
Lyfter sitt vengepar
Bankar på himmelporten
Og søkjer sin heim, sin Far
Verdlaust vert alt i verda
Maktlaus kvar jordisk ven
Sjela finn ro og feste
Åleine i himmelen
Såraste sorg skal stilna
Mørker til morgon snu
Berre du trutt vil vandra
På bøna si himmelbru
Veikaste barn som vender
Hjarta til Herren sterk
Maktar langt meir enn kjemper
Som lit på sitt eige verk
Måtte vi alltid minnast
Kvar vi i verda går
At til Guds eige hjarte
Den barnlege bøna når
Eg synest denne salmen understrekar på
ein god måte kor enkelt det er å vende seg
til Gud under alle forhold. Bøn er ikkje
noko vi skal gjere fordi vi må eller bør be
kvar dag, men det er den enkle samtalen
med Gud, som har skapt oss, og som veit
kva vi treng. Salmen peikar også på den
forvandlande makt som ligg i bøna, at
mørke kan bli snudd til lys dag, og sorg
kan lindrast.
I vårt travle samfunn blir mykje målt i
effektivitet og prestasjonar. Bøna er annleis. Alle kan be, uansett alder, funksjonsevne og helse. Endåtil det veikaste barn
kan med bøna makte langt meir enn kjemper, som lit på sitt eige verk. Bøna treng
ikkje vere fint formulert for å bli høyrd,
den kan ganske enkelt vere eit sukk, ein
tanke du sender, - eit forsiktig bank på
himmel-porten til din heim, din Far. Måtte
vi alltid minnast, kvar vi i verda går, at til
Guds eige hjarte den barnlege bøna når.
Eg vil utfordre Linda Håøy til å skrive om
sin salme i neste nummer av Kyrkjeklokka.
PÅ SPORET AV JESUS
TIL ALLE SOM GÅR
I 5. OG 6. KLASSE:
HALD AV FREDAG 1. APRIL !
Då er det elevfri dag i grunnskulen.
Og då inviterer vi deg til ein aktivitetsdag på Ullsheim saman
med alle som er på din alder i heile Stryn og Hornindal! PÅ
SPORET er eit trusopplæringstiltak som følgjer opp LYS
VAKEN. Vi organiserer skyss frå alle sokna i Indre Nordfjord.
Du vil få brev m ed meir opplysingar om
Trusopplæringsutvalet i Indre Nordfjord/ Sokneråda i Stryn
og Hornindal
Superblink
Superblink har ca 4000 medlemmer med eget brukernavn og passord til Superblinkland. Disse har
full tilgang til landet, i tillegg til at
de får ni utgaver av medlemsbladet
og 3-4 cd’er hvert år. Klubben, som
er beregnet på barn i alderen 6-13
år, har fokus på trosopplæring, misjon og – ikke minst – barnas hverdag.
Medieklubben drives av Norsk
Luthersk Misjonssamband og Norea
Mediemisjon i samarbeid med Indremisjonsforbundet.
Superblink er en unik, tidsriktig
og trygg medieklubb for barna. Vi
oppfordrer alle foreldre, besteforeldre, faddere m.m. til å sjekke ut Superblink.no.
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.22 Side 13
KYRKJEKLOKKA
13
Statistikk for Stryn prestegjeld
Nedstryn
2010
2009
Døypte
29
Konfirmerte
37
Vigde par
5
Gravferder
20
Gudstenester
41
Gudstenestedeltakarar 5217
Nattverdgjester
1005
(33)
(40)
(9)
(22)
(37)
(5873)
(889)
Oppstryn
2010
2009
13
5
2
6
19
951
153
(9)
(5)
(3)
(12)
(19)
(1402)
(184)
Loen
2010
2009
Sum
2010
2009
15
9
3
7
19
1511
148
57
51
10
33
79
7758
1306
(18)
(10)
(7)
(3)
(19)
(1727)
(104)
(60)
(55)
(19)
(37)
(74)
(8922)
(1177)
Statistikk for Innvik prestegjeld
Døypte
Døypte, bor i soknet
Konfirmerte
Vigde par
Gravferder
Gudstenester
Deltakarar v/gudst.
Nattverdgjester
Offer/kollekt
Fasteaksjonen
Olden med Ljosheim
2010
2009
Innvik
2010
2009
Utvik
2010
2009
Sum
2010
2009
13
(16)
8
(2)
13
(12)
3
(4)
6
(9)
31
(32)
3125 (2719)
204
(411)
74016 (79026)
13035 (11244)
6
(8)
3
(4)
5
(8)
2
(1)
5
(7)
23
(23)
1368 (1392)
249
(199)
37353 (37658)
9102 (5319)
7
(2)
4
(1)
2
(1)
0
(0)
4
(5)
18
(18)
1072 (1083)
111
(87)
39263 (41545)
5876 (6922)
26
(26)
15
(7)
20
(21)
5
(5)
15
(21)
72
(73)
5565 (5194)
675
(697)
150632 (158229)
28013 (23485)
Statistikk for Hornindal prestegjeld
Døypte
Konfirmerte
Vigde
Gravferder
Gudstenester
Deltakarar v/gudst.
Nattverdgjester
Offer/kollekt
Hornindal
2010
2009
Nordsida
2010
2009
17
(18)
12
(23)
6
(6)
10
(9)
25
(26)
2072 (2665)
98
(348)
41808 (51004)
5
(4)
2
(7)
2
(0)
2
(2)
16
(21)
1242 (1851)
301
(532)
51286 (53247)
Randabygd
2010
2009
3
2
2
2
18
742+
51
(5)
(4)
(0)
(4)
(17)
(1062)
(126)
(10501)
2010
Sum
2009
25
16
10
14
59
(27)
(34)
(6)
(15)
(64)
(5352)
450 (1006)
(114752)
Hornindal: Det var 3 avlyste gudstenester og berre 5 gudstenester med nattverd i 2010. Med er 3 dåpsgudstenester.
Nordsida: Manglar deltakarar friluftsgudsteneste Rosetstøylen.
Randabygd: Manglar tilstades gudstenestene 24.1., 25.4. og 30.5. 2010 + offer/kollekt.
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.23 Side 14
KYRKJEKLOKKA
14
Slekt
skal følgje
slekters
gang
Oppstryn
Døde:
27/12 Rasmus Erdal f. 1917
Nedstryn
Døypte:
28/11 Julie Vinsrygg. For. Kathrine
Beinnes og Geir Ove Visnrygg
28/11 Ulrik Steenslid. For. Therese
Svarstad og Thomas Nord
Steenslid
12/12 Andrea Marie Haugen Vinsrygg.
For. Grete Haugen Vinsrygg og
John Jatgeir Vinsrygg
9/1
Peder Stølen Veamyhr. For. Rita
Stølen Veamyhr og Roy Arne
Veamyhr
23/1 Olivia Bøe Eimhjellen. For. Ingeborg Ulvedal Bøe og Bjarte
Magne Eimhjellen
Døde:
23/12 Arnhild Kirkhorn f. 1928
25/1 Tea Bergstad f. 1918
Loen
Døypte:
16/1 Magnus Muldsvor Olsbø.
For. Randi Kristin Muldsvor og
Egil Magne Olsbø
Innvik
Døypte:
28/11-10 Simon Hammer Bergh.
For.: Per Øyvind Bergh og Merete
Hammer Bergh.
Døde:
13/01-11 Per O. Skåden, f. 1945.
Olden
Døypte:
26/12-10 Kristiane Opheim Flåten.
(Døypt i Loen) For.: Erik Flo
Flåten og Silje-Katrin Opheim.
09/01-11 Lars Krogh Opheim.
For.: André Opheim og Irene
Krogh Opheim.
Døde:
18/12-10 Leif Sunde, f. 1923
24/12-10 Gunnar Muri, f. 1947.
Hornindal
Døypte:
28/11 Jakob Gausemel Kandal.
For. Siri Gausemel og Lars Erik
Kandal
28/11 Selma Pernille Bjørlo.
For. Annika Iren Gausemel Bjørlo
og Stian Andre Bjørlo
30/1 Mathilde Bakke.
For. Helene Hole og Olaf Bakke
30/1 Kristoffer Espe Hundeide.
For. Unni Espe og Frode
Hundeide
Døde:
19/11 Magnus Brendefur f. 1917
Kyrkjeleg velsigning:
4/12 Marianne Kobberstad og Dennis
Alexander Veras Medrano
Nordsida
Døypte:
16/1 Kristian Alejandro Aguilera Gald.
For. Ana Alicia Aguilera og
Isak Gald
Døde:
9/1
Sigfrid Johanna Myklebust
f. 1928
13/1 Willhelm Harry Johansen f. 1916
Randabygd
Døde:
23/11 Arnbjørg Tvinnereim f. 1943
På kyrkjebakken
Livet er ikkje rettferdig
Gateprest Carl Petter Opsahl fekk ein
gong spørsmålet: Dersom Jesus kom til
byen, kven trur du han ville ha oppsøkt?
Svaret var: Eg trur han ville gått rundt
omkring slik han gjorde, til Tollbugata,
teke ein tur innom folka på Slottet og
bort til Stortinget. Eg håpar eg ville sett
han og forstege at det var han.
Påtroppande leiar i KrF Knut Arild Hareide sa for ei tid sidan: ”Drømmer utan
planer blir luftslott. Planer utan handling
har null verdi.”
Rikdom
Å vere ein kristen er meir enn å vere
gjeldfri hos Gud. Det er å vere rik i Gud.
Det er rikdom.
”Livet er ikkje rettferdig. Og det finst
ingen klageinstans. Berre kvilesteinar på
vegen. Små lune skjul av gleder å krypa
inn i. Ein ny soloppgang.
Eit ekorn over
vegen. Menneske som med opne liv er
der.” (Bente Bratlund Mæland)
Uventa
”Gledene kan vi
aldri forutseia eller dela
opp i tilmålte porsjonar. Uventa kjem dei
smettande og leitar etter opne liv.”
(Bente Bratlund Mæland)
”De syndet generasjonene før oss også,
men de visste at det
ja visst syndet de,
var synd!”
Den som vet hvorfor han lever, kan tåle
et nesten hvilket som helst hvordan.
(Niet Z. Schu)
Bare den kirke som overleverer kan
overleve. (Frå utgreiinga
om Dåpsopp
læring i DNK)
Herre, hjelp meg
å bruke sekunder
foran papirer, minutter foran skjermer
og timer foran
mennesker. (David
Gjerp)
Når Gud lønner oss, ser han ikke bakover, men fremover,
på våre behov.
(Knut Grønvik)
Dine verste dager
er aldri så dårlige, at
de ikke kan nås av Guds nåde. Dine
beste dager er aldri
så gode, at du ikke
behøver Guds nåde.
Problemet vårt er ikkje at Gud er langt
borte. Problemet vårt er at misgjerningane våre løyner
hans åsyn for oss.
(Anfin Skaaheim)
Vi kommer i utakt med Guds tanker om
misjon hvis det hele først og fremst skal
avhenge av noen få. (Arve Hansen
Haugland)
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.23 Side 15
KYRKJEKLOKKA9
15
Søndag er kyrkjedag
Gudstenester i Indre Nordfjord
Om det ikkje er gudsteneste i di kyrkje er du velkomen i nabokyrkja
19. februar; Laurdag
Loen 17:00 Katolsk messe
Loen 13:30 Katolsk messe
Olden 16:00 Gudsteneste
20. februar; Såmannsundag –
Luk 8, 4-15
Nedstryn 11:00 Gudsteneste ved Harald
Runde
Nordsida 11:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede. Nattverd
Innvik 16:00 Gudsteneste
Hornindal 16:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede
10. april; 5. s i faste – Joh 11, 45-53
Oppstryn 11:00 Gudsteneste
Innvik 11:00 Gudsteneste v/Jon Ytrehorn
Nordsida 11:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede. Nattverd
8. mai; 2. s e påske – Joh 10, 11-16
Loen 11:00 Gudsteneste ved Harald Runde
Hornindal 11:00 Samtalegudsteneste ved
Kjetil Netland.
12. april; Tysdag
Fasteaksjonen Kirkens Nødhjelp
15. mai; 3. s e påske – Joh 16, 16-22
Oppstryn 11:00 Konfirmasjon
Ljosheim 11:00 Gudsteneste
27. februar; Kr forkl dag – Matt 17, 1-9
Loen 11:00 Gudsteneste
Utvik 16:00 Gudsteneste ved Kjetil Netland
6. mars; sundag før faste –
Luk 18, 31-43
Nedstryn 11:00 Gudsteneste
Olden 11:00 Gudsteneste
Loen 13:30 Katolsk messe
Skisenteret Randabygd 14:00 Friluftsgudsteneste ved Kjetil Netland
9. mars; Oskeonsdag – 1. Joh 3, 18-24
Nedstryn 20:00 Ung messe – fastegudsteneste
13. mars; 1. s i faste – Matt 4, 1-11
Oppstryn 11:00 Gudsteneste
Innvik 11:00 Gudsteneste
Hornindal 11:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede.
Kyrkjelyden sin årsfest på Kyrkjelydsstova
etter gudstenesta ca. 12:30
19. mars; Laurdag
Loen 17:00 Katolsk messe
20. mars 2. s i faste – Matt 15, 21-28
Nedstryn 11:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede
Utvik 11:00 Gudsteneste
Nordsida 16:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede. Nattverd.
27. mars; Maria bodskapsdag –
Luk 1, 26-38
Loen 11:00 Gudsteneste
Hornindal 11:00 Gudsteneste ved Gunnar
Skrede
Randabygd 16:00 Gudsteneste ved Kjetil
Netland
3. april; 4. s i faste – Joh 6, 1-15
Nedstryn 11:00 Gudsteneste ved Harald
Runde
16. april; Laurdag
Loen 17:00 Katolsk messe
17. april; Palmesundag – Joh 12, 1-13
Nedstryn 11:00 Gudsteneste
Utvik 11:00 Gudsteneste
Ljosheim 20:00 Gudsteneste
21. april; Skjærtorsdag – Luk 22, 14-20
Innvik 11:00 Gudsteneste
Bøasetra, Stryn 12:00 Friluftsgudsteneste
Bruasetra, Hornindal 12:00 Friluftsgudsteneste ved Jon Ytrehorn
Oppstryn 20:00 Gudsteneste
Nordsida 20:00 Gudsteneste ved Jon
Ytrehorn. Nattverd. Skjærtorsdagsmåltid
22. april; Langfredag –
Luk 22, 39 – 23, 46
Nedstryn 11:00 Gudsteneste
Olden 11:00 Gudsteneste
Hornindal 20:00 Ung messe /
Pasjonsgudsteneste ved Kjetil Netland
24. april; Påskedag – Matt 28, 1-8
Nedstryn 09:00 Høgtidsgudsteneste
Oppstryn 11:00 Høgtidsgudsteneste
Olden 11:00 Høgtidsgudsteneste
Hornindal 11:00 Høgtidsgudsteneste
ved Jon Ytrehorn
Randabygd 14:00 Høgtidsgudsteneste
ved Gunnar Skrede
25. april; 2. påskedag – Luk 24, 13-35
Loen 11:00 Gudsteneste
Innvik 11:00 Gudsteneste
Nordsida 11:00 Gudsteneste ved Jon
Ytrehorn og Gunnhild Bergset. Nattverd
1. mai; 1 s e påske – Joh 20, 19-31
Nedstryn 11:00 Speidargudsteneste
Utvik 11:00 Gudsteneste ved Kjetil Netland
5. mai; Torsdag
Oppstryn 20:00 Samtalegudsteneste
6. mai; Fredag
Innvik 20:00 Samtalegudsteneste
ved Kjetil Netland
17. mai; Grunnlovsdag – Luk 1, 50-53
Nordsida 10:30 Festgudsteneste m/nattverd
Olden 11:00 Festgudsteneste ved lek
gudstenesteleiar
Nedstryn 11:30 Festgudsteneste
Innvik 11:30 Festgudsteneste
Hornindal 12:00 Festgudsteneste
Loen 13:00 Festgudsteneste
Utvik 13:00 Festgudsteneste
Randabygd 13:00 Festgudsteneste
22. mai; 4. s e påske – Joh 16, 5-15
Utvik 11:00 Konfirmasjon
Nordsida 11:00 Konfirmasjon. Ved Sigrun
Reinhardtsen. Nattverd
29. mai; 5. s e påske - * Ef 3, 14-21
Nedstryn 11:00 Konfirmasjon
Olden 11:00 Konfirmasjon
Hornindal 11:00 Konfirmasjon.
Ved Sigrun Reinhardtsen
2. juni; Helgetorsdag – Luk 24, 46-53
Nedstryn 10:00 Konfirmasjon
Innvik 11:00 Konfirmasjon
Randabygd 11:00 Konfirmasjon.
Ved Sigrun Reinhardtsen
Loen 12:30 Konfirmasjon
5. juni; 6. s e påske –
Joh 15, 26 – 16, 4a
Oppstryn 11:00 Gudsteneste
Utvik 11:00 Gudsteneste
12. juni; Pinsedag – *Apg 2, 1-11
Nedstryn 11:00 Gudsteneste
Olden 11:00 Gudsteneste
Hornindal 11:00 Gudsteneste
13. juni; 2. pinsedag – Joh 3, 16-21
Bergsetnausta, Nordsida 12:00. Naustmesse
for heile Indre Nordfjord
19. juni; Treeiningsundag – Joh 3, 1-15
Nedstryn 11:00 Gudsteneste
Innvik 11:00 Gudsteneste
Loen 20:00 Gudsteneste
Sider februar 2011_Layout 1 04.02.11 14.23 Side 16
B
Fulldistribusjon
Mariahelg 4.–6. mars 2011
Kring 8. mars vert det årleg arrangert ei
kvinnehelg på Alværa misjonssenter ved
Lavik i Sogn. Kvinner i alle aldrar møtest til
åndeleg og sosialt fellesskap, kreativ utfalding, påfyll til kvardagane, samt god mat
og prat i trivelege omgjevnader.
Tema i år er Gudsbilete&sjølvbilete og vi
er så heldige å ha med Jorunn Strand
Askeland som talar. Ho er ei flott og aktiv
dame som har reist mykje rundt som forkynnar, samt skrive bøker både for vaksne
og born. Beate Systad, som tidlegare har
vore med i Mariahelgkomiteen og som dei
siste åra har halde på med smykkelaging,
kjem dessutan og instruerer og inspirerer
oss.
Arbeidsgruppa for Mariahelga i år er:
Hild Eimhjellen, Førde
Magni Åm Risa, Balestrand
Gjertrud Tretteteig, Leikanger
Torild Teige Strand, Hardbakke
Påmelding til Alværa på mobil:
489 90 661
Barnefestival 26. mars 2011
Trivselhagen på Sandane saman med Hans Inge Fagervik!
• Kl. 11.00-17.30
• Myldretorg, kjempekor, formidling, konsert.
• For barnekor og -grupper frå heile fylket
• 16.30 Framføring av musikalen ”Å, så vakkert!”,
konserten er open for alle! • Kr 290,- for medl. og
kr 350,- for ikkje-medl. • For meir info/påmelding:
www.kfuk-kfum.no/sfj, tlf. 57 82 03 11
e-post:[email protected]
Arr. Sogn og Fjordane KFuK-KFuM
Storsamling
for alle
vil tilbe
Storsamling
forsom
alle
som vil tilbe
Jesus
i heile
fjorden!
Jesus
i heile
fjorden!
Sett
av av
datoen:
Sett
datoen:
Laurdag
2011
Laurdag5.mars
5.mars
2011
kl.
15.00-18.00
kl.
15.00-18.00
Denne gangen
det i
Denne gongen
blir det i blir
Operahuset
Operahuset
på Nordfjordeid
på Nordfjordeid
Song og tilbeding, bøn og forbøn, appell
Song og tilbeding, bøn og forbøn, appell
og vitnemål, kaffi og kaker.
og vitnemål, kaffi og kaker.
Kjernevers: Joh.17,20-23.
Vi vil:Kjernevers:
tilbe Jesus ilagJoh.17,20-23.
og be ilag
Vi vil:fortilbe
Jesus ilag og be ilag for
Nordfjord.
Nordfjord.
Vil du vere
med på dette?
Du er hjarteleg velkomen!
Vil du vere med på dette?
Du er hjarteleg
velkomen!
Arrangørar:
Normisjon region Sogn og Fjordane, FellesskapsArrangørar:
kyrkja på Sandane, Sion Sandane, Filadelfia Stadt,
Normisjon region Sogn og Fjordane,
Frelsesarmèen
i
Måløy,
Fisken
fellesskap
i Sandane,
Fellesskapskyrkja
på kristne
Sandane,
Sion
Måløy,Filadelfia
SøndagsOpe –Stadt,
Normisjon
på Raudeberg. i Måløy,
Frelsesarmèen
ChristosFisken
Agape i Utvik,
Nordfjord
Bibelsenter,
kristne
fellesskap
i Måløy,
Sogn og ±Fjordane
Bibelsenter.
SøndagsOpe
Normisjon
på Raudeberg.
Agape
i Utvik,
Christos Den
Norske
Kyrkja Nordfjord Bibelsenter,
Sogn og Fjordane Bibelsenter.
Den Norske
Kyrkja
Ved spørsmål,
ta kontakt
med:
Marte Iren Lade: [email protected]
(473 65 959) eller
Ved [email protected]
spørsmål, ta kontakt med:
Atle Dalsbø:
Marte Iren Lade: [email protected] (473
77 200
Atle Dalsbø: (957
[email protected]
200)
Neste nummer kjem ut i slutten av juni. Redaktør blir Tore Bøe
Stoff kan sendast på e-post til [email protected] innan 31. mai
Solglimt Trykkeri AS - Sandane
65 959) eller
(957 77