Informasjonsblad for kraftforsyningen

Download Report

Transcript Informasjonsblad for kraftforsyningen

Konkurranse Vinn ein iPad!

14

Premiekryss

15

NR 2. HAUSTUTGÅVE 2013 ● 31. årgang ● LIVSSTILSMAGASIN FRÅ DITT NETTSELSKAP

IMAX i stova

16

Når lynet stel straumen

Lynnedslag står for åtte prosent av alle driftsavvik i sentral nettet, medan vind og ekstremvêr gir straumutfall på alle nettnivå. Økt beredskap skal gi sikrare straumforsyning.

Sjå side

2–3

FOT O:

TU SS A

Straumpris og nettleige

4

Vel fornybart

6

AMS gir ny kvardag

12

2 energi Forlag aS

Postboks 1182 Sentrum NO-0107 OSLO Tlf: 22 00 11 50 Faks: 22 00 10 83 ISSN 1502–7848

ansvarleg redaktør

Fredrik Kveen

fredrik.kveen

@ energi-nett.no

Tlf: 22 00 11 50

abonnement

Bård Knutsen

bard.knutsen

@ energi-nett.no

Tlf: 24 10 16 55 Mobil: 92 22 20 33

produksjon

Artko Grafi sk Produksjon

post @ artko.no

Tlf: 22 09 89 00

Design

Anette Stabenfeldt

design @ energi-nett.no

utgiver

Energi Forlag AS www.energi-nett.no

Energi Forlag AS eies av Europower AS, som er del av NHST Media Group AS

Kva skjer når lynet slår ned i eit normalår slår 100 000 lyn ned i bakken. Statnett prøver å hindre lynet frå å stele straumen din.

SterKe KreFter er

i sving når lynet slår ned; eit typisk lyn varer i eit kvart sekund og har ein straumstyrke på om lag 10 000 ampere. Til saman likning er vanlege heimesikringar på enten ti eller seksten. Statnett har ansvaret for hovudvegane i kraftforsyninga og har tiltak for å motverke straumbrott dersom lynet slår ned i ein kraftleidning eller transformatorstasjon.

Lyn kan føre til at det blinkar i lyset. Sentralnettet er bygt for å tole lynnedslag, og forbrukarane blir sjeldan råka. Som regel vil dei berre merke at lyset blinkar litt. Det kjem av at sentralnettet er installert med eit vern som koplar ut linja i mindre enn eitt sekund dersom lynet skulle slå ned. Dermed blir resten av linja verna, og når straumen kjem på igjen, vil det blinke i lyset. Dersom linja skulle bli skada, kan som oftast straumen bli ført vidare gjennom andre leidningar, og forbrukarane vil ikkje miste straumen.

Likevel er det ikkje mogleg å garantere at straumforsyninga ikkje blir råka av lynnedslag. I 2012 vart det registrert 48 avvik i sentral nettet på grunn av torevêr, nesten åtte prosent av alle avvik.

tekst:

sigurd oland nedrelid

foto:

smit/shutterstoCk.Com

kjære lesar

i Denne utgåva

av Vår Energi kan du lese meir om korleis auka beredskap skal gi oss sikrare straum. Forsyninga i Noreg er god og er blitt mykje betre dei siste 15 åra. Norske straumkundar skal ha høge forventningar!

Mange undrar seg over korleis straumprisen blir til, og korleis prissvingingane kan vere så store som vi har opplevd dei siste par åra. I denne utgåva har vi forsøkt å gi ei oversikt over det viktigaste du bør vite om straumprisen. Og dersom du lurer på korleis nett leiga blir fastsett, fi nn du svar på det også.

Hausten er på veg, Fyrings sesongen startar opp, og det gir ekstra belastning på det elektriske anlegget i bustaden. Dette aukar faren for brann med elektrisk årsak. Vår Energi gir deg råd om korleis du skal ettersjå det elektriske anlegget. Ekstra isolering reduserer varmebehovet og sparer deg for straumutgifter.

Har du høyrt om samfakturering, leverandørsentrisk modell, data hub, AMS, smarte straummålarar? Desse orda må du som straum kunde vere førebudd på at du etter kvart vil møte.

I Vår Energi finn du denne gongen stoff om kva jobbar kraft- og energiselskapa kan tilby. Premiekryssord og konkurranse med ein iPad som premie freistar deg kanskje også?

God lesing!

Fredrik Kveen

Ansvarlig redaktør Vår Energi har som formål å gi deg informasjon om kraftmarknaden og kva du kan gjere for å påverke straumrekninga. Magasinet inneheld blant anna råd og tips om straumsparing og branntryggleik, og vi håper at innhaldet kan gi betre forståing for korleis kraftmarknaden fungerer.

Auka beredskap skal gi sikrare straum

Straumforsyninga er utsett for vêr, særleg om vinteren. Kraftbransjen jobbar med å auke beredskapen for å minimere konsekvensane av straumutfall.

– ForSyningStryggleiKen i noreg

er god, og norske straumkundar skal ha høge forvent ningar, seier Roger Steen, sjef for beredskapen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Dei siste 15 åra er straumforsyninga blitt betydeleg forbetra. Steen ønskjer å styrkje beredskapen slik at den positive utviklinga kan halde fram.

– Vi må ha god beredskap for å handtere avbrotta, slik at straumen kan komme igjen raskast mogleg. Beredskapsarbeidet har gått over mange år, og gjennom tilsyn, øvingar og ved reelle hendingar ser vi at NVEs beredskap har komme høgare på agendaen i kraftforsyninga.

Ved nyttår kom dessutan ei ny lov med fleire krav til auka beredskap. Det kan vere nødvendig. Samtidig med at stramforsyninga har vorte betre, har vintrane dei siste åra ført med seg meir ekstremvêr, som kan resultere i alvorlege straumavbrott. Nokon garanti mot straumav brott finst heller ikkje, meiner Steen.

– Det vil aldri vere mogleg, verken teknisk eller økonomisk, å byggje ei kraftforsyning heilt utan avbrott.

tekst:

sigurd oland nedrelid

foto:

haakon barstad

Kven betaler ved straumavbrott?

Kile-ordninga skal syte for at nettsel skapet må betale heile eller delar av det økonomiske tapet straumkundar opplever ved straumbrott. Drifta av straumnettet er eit naturleg monopol, ettersom det ikkje er samfunnsøkonomisk realistisk å ha fleire konkurrerande straumnett. gjennom Kile-ordninga skal dermed nettselskapa få økonomiske insentiv til å levere sikker straum til kundane.

Både i Noreg og nabolanda blir det øvd på beredskap. Biletet er på øvinga Operasjon is-storm tidlegare i år, der hundre personar skal reise 16 kraftmaster.

Kan eg få endå sikrare straum?

Dersom du har høge krav for å unngå avbrott , bør du vurdere å leggje inn ei ekstra linje frå ein annan transformator, såkalla tosidig innmating av straum. Du kan også leggje til rette for naudstraum frå eige aggregat.

straum laus i ein og ein halv time

om lag 106 minutt måtte gjennomsnittskunden greie seg utan straum i 2012. Men dei lokale variasjonane er store.

Den langSiKtige trenDen

er at straum kundar opplever færre avbrott når vi ser bort frå år med mykje ekstremvêr. Ytre forhold som vind og ekstremvêr fører til at forsyningstryggleiken svingar frå år til år.

Det er også store lokale skilnader. Geografisk store fylke med mykje luft leidningsnett har vanlegvis flest straum brott. Den beste forsyningsstryggleiken hadde dermed straumkundar i Oslo, med ei gjennomsnittleg avbrottstid på 24 minutt fordelt på 0,5 avbrott per kunde. På den andre sida måtte straumkundane i Sogn og Fjordane i snitt greie seg utan straum i 218 minutt fordelt på 3,5 avbrott.

Roger Steen, sjef for beredskaps seksjonen i Noregs vassdrags- og energi direktorat (NVE), meiner det ville blitt svært dyrt å oppnå lik forsyningstryggleik alle stader.

– Det er straumkundane som betaler for forsyningstryggleiken gjennom nett leiga. Dersom leveringstryggleiken skulle vere lik for alle kundegrupper i alle delar av landet, ville det vere behov for ein betydeleg auke i nettinvesteringane.

3

4

Slik blir straum prisen fastsett Svingingane i straumprisen kan framstå som eit mysterium for dei fl este av oss. her følgjer ei oversikt over det viktigaste du bør vite om straumprisen.

regnet er viKtigaSt

straumprisen.

for kor mykje du betaler for straumen. John Brottemsmo, senioranaly tikar i Bergen Energi, forklarer: – Noregs kraftproduksjon byggjer nesten hundre prosent på vasskraft, og dei naturgitte svingingane i nedbørsmengda slår direkte ut på Ettersom Noreg er ein del av ein felles kraft marknad med nordiske og andre nordeuro peiske land, vil også forhold i utlandet påverke norske hushald.

– Kolprisen er viktig av to grunnar. For det første blir det brukt ein del kol i kraftproduksjon i utlandet, og den norske prisen blir fastsett i samanheng med prisen i andre land. Dessutan gir kolprisen signal til norske produsentar om når det er gunstig å produsere kraft, seier John Brottemsmo.

Også mengda av kjernekraft og vindkraft som er tilgjengeleg i Norden til eikvar tid, vil påverke den norske straumprisen. I Norden er om lag 30 prosent av straumen produsert i kjernekraft verk, og det er varsla betydeleg vindkraftutbygging i Sverige og Noreg framover.

Forbruket vil også vere med og styre straum prisen. I periodar med lite kraft og høgt forbruk vil straumprisen auke. I vinterhalvåret stig forbruket med auka oppvarmingsbehov, og straumprisen blir også ofte pressa oppover.

tekst:

sigurd oland nedrelid

foto:

haakon barstad

straumprisen mot normalt

analysar viser at straumprisen truleg vil utvikle seg som normalt gjennom vinterhalvåret, men at straumen på lengre sikt skal bli billigare.

– SliK Det Ser

ut no vil straumprisen truleg vere på eit normalt nivå gjennom vinter halvåret. Men prisen vil både kunne stige og bli redusert frå eit normalt nivå med variasjonar i nedbørsmengda gjennom hausten og vinteren, seier John Brottemsmo, senioranalytikar i Bergen Energi.

På lengre sikt forventar marknaden billi gare straum i åra framover. Forventningane kjem av varsla investeringar i vindkraft og kjernekraft i Norden. Dessutan kan klima endringar gi auka nedbørsmengder alle reie dei kommande åra. Med auka kraftpro duksjon og meir nedbør vil straumprisane truleg falle.

tekst:

sigurd oland nedrelid

– Noregs kraftproduksjon byggjer nesten hundre prosent på vasskraft, og dei natur gitte svingingane i nedbørsmengda slår direkte ut på straumprisen.

Straumpris og nettleige

Som straumkunde betaler du for to produkt, straum og nettleige: • Straumprisen blir fastsett av mark naden, og er lågast i periodar med liten etterspurnad og mykje kraft i nettet. Prisen på straumen varierer dessutan mellom ulike tilbydarar, og du kan spare pengar på å velje riktig kraftleverandør.

• Nettleiga blir fastsett av styres maktene ved NVE. Kraftnettet er eit naturleg monopol ettersom det ikkje er praktisk eller økonomisk gunstig å ha konkurrerande kraftnett, og du kan ikkje byte bort det lokale nett selskapet ditt. Nettleiga er prisen du betaler til det lokale nettselskapet ditt for å få overført straum til bustaden din. Nettleiga skal gi nettselskapa inntekter til å dekkje kostnadene ved å halde ved like og utvikle kraftnettet. Det er nettselskapa sjølve som fastset nettleiga, men styresmaktene ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) set grenser for kor mykje nett selskapa kan tene.

• Offentlege avgifter må betalast av kraftleverandørar og nettselskap. Avgiftene er bakte inn i straumprisen og nettleiga.

energiselskapa:

Har gjort breiband mogleg i Distrikts-Noreg energiselskapa tar samfunns ansvar og har gjort ein innsats for utbygging av breiband i store delar av Distrikts-noreg.

ei ny unDerSøKing

som Distriktenes energi forening (Defo) har gjort, viser at utan energisel skapa med dei lokale eigarane hadde det ikkje vore mykje reelt breiband i distrikta.

Motivet for satsinga.

I undersøkinga var det ingen av selskapa som svarte marknads økonomiske utsikter på spørsmålet om motiv for satsinga. Meir enn 73 prosent svarte at motivet var ein kombinasjon av samfunnsomsyn og marknadsøkonomiske utsikter.

– At så mange gir opp lokal samfunnsnytte/ næringsutvikling kombinert med marknads økonomiske utsikter som drivkraft bak investe ringane sine, er det verdt å merke seg. Innsatsen deira støttar godt opp om forventningane og ønska frå eigarane om innovasjon, nærings utvikling, tenester til innbyggjarane og trivsel. Med andre ord ei viktig nøkkelrolle i utviklinga av lokalsamfunnet, seier Morten Braarud, leiar i Øvre Eiker Fibernett og Defos breibandsatsing, som meiner det ville stått dårleg til med brei bandutbygginga i Noreg utan det sterke enga sjementet frå energiselskapa.

Selskapa meiner at samanlikna med andre oppgåver er lokal satsing i eigen regi veldig viktig. Nærare 70 prosent av selskapa meiner dette. 30 prosent meiner dette er litt viktig, medan 2,6 prosent meiner dette ikkje er så viktig.

breibandmarknaden, og peikar på at sektoren står for meir enn 60 prosent av fiberveksten i år.

Samarbeid.

• • svarte nei På spørsmål om bedrifta hadde eigen breibandverksemd, svarte 73,1 prosent ja, medan 26,9 prosent om bedrifta samarbeider med andre nett-/breibandaktørar i området, svarte 89,2 prosent ja og 10,8 prosent nei

Fiber is King.

Heile 70 prosent av selskapa er involverte i lokal breibandutbygging. 97 prosent av desse har basert aktiviteten sin på fibernett. Forholdet mellom dei som berre byggjer nett og leiger ut kapasitet, og dei som dekkjer heilt eller delvis verdikjeden på nett, produksjon, distribu sjon til sluttkunde, er tilnærma 50|50.

Braarud meiner at energisektoren i dag er godt posisjonert til å ta del i vesten i – Undersøkinga viser at 90 prosent av medlemmene våre er svært positive til samar beid med andre. Det gir eit sterkt utgangspunkt for å skape eit alternativt supernett i Noreg, som det er konkret behov for. Ingen er betre skikka til det enn energibransjen, poengterer Morten Braarud.

Deltek i verdiskapinga.

Han fryktar likevel at i ein situasjon der kjerneverksemda til

Selskapa meiner at samanlikna med andre oppgåver er lokal satsing i eigen regi veldig viktig.

energiselskapa er prega av fallande straum prisar og store investeringar i kjerneverksemda, vil dette også kunne råke breibandinvesterin gane. Han meiner likevel at investeringsviljen er betydeleg hos medlemmene, jamvel om kravet til drift med overskott er skjerpa.

– Eitt spørsmål mange stiller seg, er om breibandselskapa i sterk nok grad tek del i verdiskapinga i heile verdikjeden. Ei bety deleg oppside, som no bør utgreiast, er korleis samspelet mellom breiband og energistyring inklusive AMS og smarthusteknologi kan utnyt tast, seier Braarud til Vår Energi.

tekst:

sigurd oland nedrelid

illustrasjonsfoto:

per thrana 5

6 Vel

fornybart

Fleire unge plasserer energi- og miljøstudium som førsteval i søknaden til høgare utdanning.

i år auKa

søknadsbunken til energi- og miljø faga med fem prosent. Mona Askmann, direktør for kompetanse og FoU i Energi Norge, forstår kvifor fleire ønskjer å studere fornybart.

– Vi er avhengig av ei berekraftig framtid og må derfor redusere utslepp frå fossil energi. Kraftbransjen leverer framtidsenergi og har stort behov for ingeniørar og annan teknisk kompetanse framover.

Derfor skal du studere energi og miljø

SaMFunnSnyttig

Verda skrik etter ein berekraftig kraftproduksjon. Menneskeskapte klimaendringar må få oss til å fase ut olje og forstå at fornybare energikjelder er framtida. Energi og fattigdomsproblem heng saman, og i Noreg er straum ein av berebjel kane i samfunnet og skaper store verdiar i heile landet.

innovaSjon

Det er stort behov for ei vidareutvikling av fornybare energikjelder. Kraftbransjen står overfor store investeringar med bruk av stadig meir avansert teknologi. Nokon må utvikle dei nye løysingane.

internaSjonalt arbeiD

Noreg er leiande i verda på vasskraftutbygging, og særleg har utviklingsland behov for energi utbygging. Dersom desse landa skal hoppe over leddet med fossile energikjelder, er det blant anna behov for norsk kompetanse. Dette gir gode sjansar for arbeid i utlandet.

varierte oppgåver

Kraftbransjen er stor og tilbyr derfor varierte arbeidsoppgåver som forsking, forvaltning, teknisk drift og forretningsutvikling. Bransjen veks og har derfor behjov for fleire tusen nye medarbeidarar i åra framover. Ettersom kraftstasjonar og nett er spreidde utover heile landet, finst det arbeidsplassar både i byane og distrikta.

Kraftbransjen er stor og tilbyr derfor varierte arbeidsoppgåver som forsking, forvaltning, teknisk drift og forretningsutvikling.

tekst:

sigurd oland nedrelid

foto:

Fredrik kveen

Søknader førsteval 2012–2013

• Ingeniørstudiar generelt aukar med 6,9 % • Petroleumsfaga aukar med 13,7 % • Energi- og miljøfaga aukar med 4,9 %

Blant dei selskapa som har inngått AMS-allianse, svarer eit stort fleirtal at reduksjon av kostnader er den viktigaste motivasjonsfaktoren. 80 prosent seier at dette er viktig eller svært viktig. Reduserte kostnader er til fordel både for kundar, selskap og eigarar.

Samarbeid kan gi reduserte kostnader

Samarbeid om innføring av aMS kan føre nettselskapa nærare kvarandre.

– aMS-innFøringa har

vore ein katalysator for etablering av samarbeid som det tidlegare har vist seg vanskeleg å få til. Det er særleg dei mellomstore nettselskapa som har valt å gå inn i alliansar, er konklusjonen i ei gransking som Efector har gjennomført på oppdrag av Energi Norge.

Overraskande nok er det fleire mellomstore enn små selskap som har gått inn i samarbeid med andre. 42 prosent av dei små selskapa har gått inn i alliansar mot 57 prosent av dei mellom store. Blant dei aller største selskapa, dei med fleire enn 50 000 straumkundar, har 36 prosent inngått samarbeid med andre.

Selskapa deler erfaringar og gjer innkjøp saman. Det reduserer risikoen å jobbe tett mot kvarandre, blant anna ved å ha beredskapssam arbeid. I tillegg er små selskap sårbare når det gjeld nøkkelpersonar, og då er det greitt å ha samarbeidspartnarar.

tekst:

sigurd oland nedrelid

Utydelege signal frå styresmaktene får dei fleste nettselskapa til å vente lengst mogeleg med AMS-investeringar. I mellomtida skjer innrapporteringa på gamlemåten.

aMs på vent

ni av ti nettselskap har framleis ikkje valt aMS- leverandør. Fleirtalet plan legg å vente heilt til fristen i 2018.

Dette FraMgår ogSå

punkta i Noreg.

av Efector-rapporten. 44 nettselskap har delteke i granskinga, og desse representerer 77 prosent av måle Berre tre av dei 44 respondentane er i gang med forhandlingar med leverandørar, og berre eitt selskap har teke eit val. Fire av fem spurte forventar å ha leverandørane på plass innan dei neste 18 månadene, viser granskinga.

Blant dei 37 risikofaktorane som er vurderte i granskinga, er uroa størst for funk sjonskrav frå styresmaktene som ein ikkje har rekna med.

Vurderingane er truleg prega av kontinuer lege endringar i forskriftskrava og dialogene i vinter mellom departementet og NVE om utsetjing i to år. Endra funksjonskrav i Sverige har vist at risikoen kan vere reell.

Døme på AMS-alliansar

Telemark: Rogaland:

Vest-Telemark Kraftlag, Midt Telemark Energi, Tinn, Notodden, Drangedal, Rauland, Hjartdal Jæren Everk og Dalane Energi

Vestlandsalliansen:

BKK, Haugaland Kraft, SFE, Sognekraft, SHK, Sunnfjord Energi og Tafjord Kraft

IFER:

Skålevik Ølen Kraftlag, Etne El.lag, Haugaland Kraft, Fitjar Kraftlag, Suldal Elverk, Kvinnherad Energi, Odda Energi, SKL, Fusa Kraftlag, Austevoll Kraftlag, AS Saudefaldene, Hardanger Energi, Fjelberg Kraftlag, Finnås Kraftlag, Tysnes Kraftlag

Kjøpekraft Vest:

BKK, Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft, Sunnhordland Kraftlag, Luster Energiverk, Lærdal Energi, Fusa kraftlag, Stryn Energi, Suldal Elverk, Sunnfjord Energi, Tafjord Kraft, Tysnes Kraftlag og Årdal Energi.

Nettalliansen:

Rakkestad Energi, Sør Aurdal Energi, Nore Energi, Hallingdal Kraftnett, Trøgstad Elverk, Hemsedal Energi, Høland og Setskog elverk, Rollag Elverk og Tinn Energi.

7

Energimerking med tøff e karakterkrav

8

etter at energimerking vart lovpålagt, har merkinga av bustader gått i taket. toppkarakter er vanskeleg å få.

oM lag 300 000

energitestar var i haust utferda til bustadeigarar etter oppstarten av ordninga med energimerking. Den sterke veksten i talet på energimerke har vart ved. I den korte perioden frå januar til august i år er meir enn 60 000 merke utferda. Og merking av forretningsbygg er komme endå lenger.

Tala viser så langt at det er vanskeleg å få toppkarakter. Om lag éin av førti bustader har fått toppkarakteren A. Av desse var litt meir enn halvparten småhus, og resten leiligheiter.

Energikarakteren F er den mest vanlege og også den nest dårlegaste. Halvparten av alle bustader får enten F eller den nest vanlegaste karakteren, D.

tekst:

sigurd oland nedrelid

kilde:

nve

illustrasjonsfoto:

haakon barstad

Endringar i energimerkeordninga

Det vart nyleg

keordninga for å unngå feil og veikskapar i utrekningane.

gjort endringar i energimer Endringane gjeld berre for energikarak teren og ikkje oppvarmingskarakteren. Den nye utrekningsmåten vil ikkje få konsekvensar for deg som allereie har energimerket. Endringane vart vedtekne 1. juli i år, og alle attestar laga før denne datoen, er framleis gyldige.

Kva er energimerking?

Alle som sel eller leiger ut bustader, har plikt til å energimerkje. Nye bustader skal alltid energimerkjast.

Målet med ordninga er å gjere bustad eigarar medvitne om energieffektivisering. Granskingar frå Nederland har vist ein samanheng mellom bustadprisar og energimerking.

Energikarakteren fortel kor energi effektiv bustaden er: A er best og G er dårlegast.

Oppvarmingskarakteren fortel i kor stor grad bustaden kan varmast opp med andre energikjelder enn fossile brensel og straum. Grøn farge er best og raud er dårlegast.

Gå inn på energimerking.no for meir informasjon.

smarte lys

lys stel unødvendig mykje energi. Skal du kutte i forbruket, gjer du det enklast med lysregulering.

EIN BuSTaD PÅ

120 kvadratmeter bruker gjerne 2500 kilowattimar årleg til lys. Levetida til lyspærene er avhengig av forbruket, og på marknaden fi nst det fl eire løysingar du kan bruke for å kutte i forbruket. Dei fl este systema for lysregulering blir styrte automatisk når du har valt innstilling. Det kan du gjere med data maskin eller fjernkontroll.

Rørslesensorar

deretter på lyset. Etter ei bestemt tid utan registrert rørsle blir lyset skrudd av igjen. Rørslesensorar blir særleg tilrådde på bad, i buer, tropper og gangar.

Ein

dagslysfølar

dagslys. Ein slik følar er praktisk i utelampar.

Tidsur

slår lyset av og på til tidspunkt du sjølv vel. Denne løysinga passar til stader som blir brukte på fastsette tidspunkt. Tidsur kan du dessutan bruke på andre elektriske apparat som varmeomnar.

registrerer rørsle og slår slår på lyset når det er lite tekst:

sigurd oland nedrelid

foto:

matt Jones/shutterstoCk.Com

9

10

Elektrisk utstyr dominerer brannstatistikken elektrisk utstyr er årsaka til nesten halvparten av alle brannar. og jula er verst.

– energiForbruKet auKar oM

vinteren, og det blir større belastning på det elektriske anlegget. Juletida er den desidert verste brannveka gjennom året. Då er det kaldt ute og høg aktivitet i heimen, seier Dagfinn Kalheim, administre rande direktør i Norsk Brannvernforening.

Brannstatistikken viser at brannar med elektrisk årsak er delte på midten mellom feil bruk og tekniske feil ved utstyret. Den gode gamle komfyren er den viktigaste brannårsaka.

– Tørrkoking er den viktigaste elektriske brannårsaka. Folk blir distraherte medan dei lagar mat, eller dei gløymer å slå av komfyren. Brannen spreier seg ofte gjennom kjøkken vifta, og dørfor bør vifta reinsast for feitt eit par gonger i året. Ei anna billig forsikring mot brann er å installere komfyrvakt, som særleg eldre menneske bør ha, seier Kalheim.

Eldre elektriske anlegg bør dessutan bli undersøkte med faste mellomrom, ettersom desse anlegga kan vere underdimensjonerte samanlikna med dagens straumforbruk. Bruk nasen og auga, er oppmodinga til Kalheim.

Sjå etter lysebrun farge, og kjenn forsiktig etter om det elektriske utstyret er ubehageleg varmt, eller om det luktar svidd. Det elektriske anlegget bør du få elektrikar til å kontrollere kvart femte år. Eldre anlegg er særleg utsette, men også heilt nye anlegg kan ha feil på grunn av dårleg handverk. Då bør ein følgje med.

Fleire forsikringsselskap tilbyr rabattord ningar for dei som lèt elektrikarene kontrollere det elektriske anlegget regelfast.

Omfanget av brannar med elektrisk årsak har vore stabilt i mange år – trass i at bruken av elektrisk utstyr har auka.

tekst:

sigurd oland nedrelid

illustrasjonsfoto:

inFratek Sjå felles nasjonal portal for eltryggleik: elsikkerhetsportalen.no

Slik kuttar du risikoen for brann

Gjennom vinterhalvåret aukar belastninga på det elektriske anlegget. Dette bør du gjere for å hindre at belastninga blir for stor: • Få oversikt over skøyteleidningane dine: Dersom du har behov for mange skøyteleidningar, bør du installere faste stikkontaktar før kulda set inn. Skøyteleidningar bør ikkje belastast med utstyr som krev mykje straum. Faste stikkontaktar er tryggast ettersom leid ningen til den faste kontakten er dimensjonert til sikringen, slik at sikringen vil gå før leidningen får tid til å brenne opp. I verste fall vil ein skøyteleidning brenne før sikringen blir skrudd av. Brann kan oppstå.

• Sjekk sikringsskap og stikkontaktar. Svidd lukt, ubehageleg varme eller brun misfarging kan tyde på at belastninga er for stor. I så fall: Skru straks av og få tak i elektrikar. Det elektriske anlegget bør elektrikar gå gjennom kvart femte år. Mange forsikringsselskap tilbyr rabattar for ein slik kontroll.

• Bruk ikkje energikrevjande utstyr om natta. Kvart år blir det brann på grunn av feil bruk av tørketromlar, oppvask- og vaskemaskinar. Dersom ein slik brann oppstår om natta, kan det få fatale konse kvensar. Det tek i gjennomsnitt mellom tre og sju minutt før det blir overtenning. Den tida kan gå raskt dersom ein ligg og søv.

Rimelege straumsparingstiltak

vinterhalvåret står på dørstokken til norske heimar. Då er det godt å vite at enkle og rimelege tiltak kan gi hyggelegare straumrekningar.

Unngå passivt forbruk

Slå av lys og varme i rom som ikkje er i bruk. Elektrisk utstyr bruker straum i standby-modus, og du bør skru det heilt av.

Bruk varmtvatnet klokare

Montering av sparedusj vil som regel halvere varmtvassforbruket når du dusjar. Det er ikkje nødvendig at tempe raturen i varmtvasstanken står på meir enn 70 gradar. Varmt vatn utgjer 15–20 prosent av den samla straumbruken din, så her kan du spare pengar.

Luft kort og effektivt

For å sikre effektiv utlufting opnar du mange vindauge i kort tid. Lèt du vindauge stå på gløtt lenge, blir golv og vegger nedkjølte. Luftinga blir dårle gare, og behovet for oppvarming blir større.

Reduser oppvamings behovet

Isolerer du betre og reduserer varmetapet frå vindauga, kan du halvere energibehovet. Det enklaste du kan gjere, er å bruke gardiner eller persienner om natta for å isolere vindauga betre. Eit anna billig og enkelt tiltak er å montere tettelister ved vindauge og dører. I dårleg isolerte hus kan etterisolering gi store innsparingar.

Ha riktig temperatur

Mykje pengar går med til oppvarming. Seinkar du innetemperaturen med éin grad, kan du redusere utgiftene til oppvarming med fem prosent. Tidsur justerer temperaturen automatisk til bestemte tider på døgnet, slik at du kan spare pengar om natta og likevel vakne til eit oppvarma hus. Tidsur bør du også alltid bruke til motorvarmar, ettersom det ikkje er behov for at motorvarmaren står på i meir enn to timar. Ha termostat installert på alle omnar.

tekst:

sigurd oland nedrelid

kilde:

enova

Fryktar smarte straummålarar blir branfeller bruken av energikrevjande utstyr om natta kan auke med innføringa av smarte straum målarar. Det kan bli ei brannfelle.

– Kvart år teK

tørketromlar, oppvask- og vaskemaskinar fyr. Samtidig veit vi at det tek mellom tre og sju minutt før det blir full overtenning. Røykvarslaren bruker litt tid på å registrere brannen, og ein som søv bruker litt tid på å reagere. Dersom brannen tek til om natta, kan du risikere at du ikkje kjem deg ut i tide. Med dei smarte straummålarane er vi redde for at folk vil setje på energikrevjande utstyr om natta for å spare straum, seier Dagfinn Kalheim, administrerande direktør i Norsk Brannvernforening.

Dei smarte straummålarane kan gi informasjon om straumprisen på fastsette tidpunkt gjennom heile døgnet. Prisen er lågast i periodar med lite forbruk, slik det er om natta. Dermed kan ein spare noko pengar på å bruke energikrevjande utstyr om natta.

11

12

AMS gir ny kvardag

aMS er no på veg inn i norske heimar. Dei smarte straum målarane vil gi kundane heilt nye tilbod.

utrullinga av SMarte

straummålarar, også kalla avanserte måle- og styringssystem (AMS), er etter fleire rundar utsett. Likevel er det store lokale skilnader. Nokre selskap har allereie instal lert dei nye straummålarane hos kundane, medan andre framleis er i startgropa. Siste frist har Olje- og energidpartementet fastsett til 1. januar 2019.

Både straumavlesing og forbruksrapportering til kraftprodusenten vil gå føre seg automatisk. Dessutan vil du kunne følgje straumprisane kontinuerleg gjennom heile døgnet og få langt meir detaljert informasjon om ditt eige forbruk. Venteleg vil du kunne få informasjonen på eit eige sjølvvalt medium, til dømes telefonen din.

Innføring av smarte straummålarar kan gi mindre behov for utbygging av kraftnettet. Grunnen er at straumen er billigast i periodar med låg etterspørsel, til dømes om natta. Håpet er at straumkundane vil spreie straumforbruket utover større delar av døgnet for å spare pengar. Dermed vil ein unngå forbrukstoppar, som krev endå meir nettutbygging.

Investeringane i AMS vil koste om lag fem milliardar kroner og skal finansierast av straumkundane gjennom nettleiga. Målet er at AMS skal gi spareeffekt for straumkundane fordi behovet for investeringar blir mindre, og fordi straumforbruket kan gå ned.

tekst:

sigurd oland nedrelid

illustrasjonsfoto:

audun haugen

Ventar med samfakturering

noKre SelSKap har

andre selskapa.

felles faktura for nett og straum. Det er likevel uvisse i kraftbransjen om når samfakturering kan innførast for dei Uvissa kjem av at fleire spørsmål som vil komme opp ved innføringa av samfakturering, ikkje er avklarte. Utfordringar ved inkasso, stenging av straum og kva som skal hende dersom straumleverandøren går konkurs, er ikkje avklarte. Nokre nettselskap er redde for at kontakten mellom selskap og kunde vil bli veikare. Somme selskap kan dessutan bli påførte ein økonomisk risiko fordi ein viktig kontantstraum blir borte dersom samfakturering blir innført.

Kva er samfakturering

Samfakturering skal gjere det enklare og meir oversiktleg å vere stramkunde. Du vil betale ei rekning både for straumforbruk og nettleige til straumleverandøren du har valt. Straumleverandøren vil deretter betale nettleiga for deg til nettselskapet.

Jussråd fra advokat Inge A. Fredriksen

Desse orda må du kunne

SamFaKTuRERINg

leveranDør SentriSK MoDell datahub

amS

Smarte Straummålarar

Du vil som straumkunde møte mange endringar dei neste åra. viktig for deg blir ord og omgrep som: • Smarte straummålarar (AMS) • Samfakturering • Leverandørsentrisk modell • Datahub

Smarte straummålarar.

Det starta med AMS – avanserte måle- og styringssystem – som inneber at vi alle får ein smart målar i sikrings skapet. Denne målaren registrerer forbruket time for time, slik at du kan bli avrekna for forbruket til den prisen som gjaldt i den timen du hadde forbruket. Du kan med andre ord kutte straumrekninga ved å styre – manuelt eller automatisk – noko av forbruket til dei tidene på døgnet straumen er billigast. I

iDeologien baK energilova

marknadsløysingar som fungerer vil gi rasjonalitet i samfunnet.

går ut på at Samtidig er energisektoren sterkt regulert, slik at marknadsløysingar ikkje er noko som glupe innovatørar finn på og gjer til marknads vinnarar. Nei, nye marknadsløysingar kjem gjennom reguleringar, fastsette av styres maktene i energisektoren.

marknadssamanheng er det viktigast at målar verdiane blir samla inn elektronisk – time for time.

I dag har nettselskapa ei nøkkelrolle. Dei har ansvaret for målarverdiane, avreknar nett leiga og sender målarverdiane til kundane sine straumleverandørar, slik at dei kan fakturere kundane for straumforbruket. Det vil seie at kundane får to rekningar – éi for straum og éi for nettleige – jamvel om nokre nettselskap også gjer faktureringsjobben for straumleverandørar, slik at det berre blir éi rekning.

Samfakturering.

I 2011 gjorde NordREG (der NVE er norsk medlem) framlegg om at straum leverandørane for framtida skulle fakturere kundane både for straum og nettleige – det vil seie leverandørsentrisk modell. AMS – med elektronisk innsamling av tidsoppløyste måle data – er ein viktig føresetnad for at ei slik omlegging kan bli rasjonell.

Det er mange uløyste problem her, til dømes problema med kundar som ikkje betaler. Fordi straum er i kjerneområdet for livsopphaldet for oss alle, kunne kanskje spesielle kraftleverandørar, etter anbods konkurranse, få tildelt oppgåva med å levere og fakturere straum og nettleige til desse kundane i tett samarbeid med NAV. Dette vil utan tvil gjere dei resterande 98 prosent av omsetninga meir rasjonell.

leverandørsentrisk modell.

Ein leverandør sentrisk marknadsmodell vil ikkje bli funksjonell dersom kraftleverandørane må innrette seg til å ha måledatautveksling med eit par hundre nettselskap. Derfor er det gjort framlegg om eit tredje tiltak for å straumlinjeforme den nye marknadsmodellen: ein datahub.

NVE bad i eit brev 28. mai i år Statnett SF om å setje i gang arbeidet med å utvikle ein datahub for kraftmarknaden. Ein datahub er ein datasen stral som samlar inn alle måleverdiane frå alle nettkundane i Noreg, og der kraftleverandørane kan hente ut måleverdiane frå alle kundane sine overalt i Noreg når dei skal fakturere kundane for nettleige og straum. Det er med andre ord ei felles ikt-løysing for energimarknaden Statnett har fått i oppgåve å utvikle. Datahuben skal løyse fleire oppgåver og vil blant anna ha ei oppgåve i regulerkraftavrekninga og ved korreksjons oppgjer mellom kraftleverandør og nettselskap. NVE har kravd at datahuben skal vere i drift frå 1. oktober 2016.

tekst:

advokat inge a. Fredriksen, partner i advokatFirmaet nordia da 13

foto:

apple

konkurranse

test kunnskapane dine etter at du har lese vår energi:

1

Kor stor del av driftsavvika i sentralnettet i 2012 skuldast torevêr?

Svar: A: Åtte prosent B: Femten prosent C: Femti prosent

2

Kva er KILE-ordninga?

Svar: A: Ei insentivordning for å byggje ut meir fornybar kraft i Norden. B: Ei støtteordning for å kompensere det økonomiske tapet til straumkundane ved straumbrott. C: Nyleg vedteken lov som skal sikre betre rammevilkår for småkraft

3

Kor lenge måtte den norske gjennomsnittskunden greie seg utan straum i 2012?

Svar: A: 106 minutt B: 230 minutt C: sju timar og 44 minutt

4

Kva er den viktigaste einskildfaktoren for prisnivået på straumen?

Svar: A: NVEs styringsinstruks B: Oljeprisen C: Nedbørsmengda og fyllingsgraden i vassmagasina

5

Kva er formålet med innføringa av smarte straummålarar (AMS)?

Svar: A: Gjere straumforsyninga smartare B: Gjere det vanskelegare å forureine C: Spare kundane for kostnader

6

Kva er samfakturering?

Svar: A: Felles fakturering for straum og nett B: Samanslåing og felles fakturering av fl eire bueiningar? C: Ei samla fakturering av det årlege straumforbruket

kliPP Her Send inn løysing på konkurransen innan 31. januar 2014 til : Vår Energi Postboks 1182 Sentrum, 0107 OSLO Merk konvolutten ”Konkurranse 2-13” Det blir trekt éin vinnar som får ein iPad! Namn: Vi gratulerer vinnaren av ein iPad i Vår Energi nr 1 2013: Hilde Karin Olsen, 9751 HONNINGSVÅG Adresse:

14

Postnr/-stad:

energi

-

kryss

Send inn løysing på premiekryssordet innan 31. januar 2014 til: Vår Energi Postboks 1182 Sentrum, 0107 OSLO Merk konvolutten «Kryssord 2-13» Det blir trekt éin vinnar som får ei elektronisk kjøkkenvekt i rustfritt stål Namn: Adresse: Postnr/-stad: Riktig løysing frå nr 1-13:

Spar penger på å velge riktig strømprodukt

Vi gratulerer vinnaren av ei elektronisk kjøkkenvekt i Vår Energi nr 1 i 2013: Oddlaug Klype Berget, 3540 NESBYEN

15

returadresse:

Energi Forlag AS Christian Krohgs gate 16 Postboks 1182 Sentrum NO-0107 OSLO

16

Flatt er ferdig

Samsung meiner at eit krumma format gir sjåarane ei langt meir involverande oppleving enn flate tv-ar.

Samsung og lg vil gi deg iMaX i stova.

berlin: Den neSte

tv-en din kan vere bogen eller krumma. Under IFA-messa i Berlin viste Samsung fram fleire krumma tv-ar. For første gong vart ein tv med Ultra-HD (UHD)-oppløysing vist fram. UHD er eit format som har fire gonger så mange biletpunkt som dagens hd-standard. Dei to tv-ane kjem i 55 og 65 tommar og er basert på led-panel med led-bakbelysning.

Meir involverande.

– Vi begynner å lage krumma uhd-tv-ar allereie no skarpare bilete enn vanlege tv-ar har.

fordi uhd framleis er i startgropa. Vi meiner at eit krumma format gir sjåarane ei langt meir involverande oppleving enn flate tv-ar og ønskjer å introdusere den beste opplevinga med ein gong, sieier Hyun suk-Kim, sjef for Samsungs tv-produksjon.

Jamvel om Samsung meiner krumming gir ei betre oppeving, lagar dei framleis langt fleire flate uhd-tv-ar enn krumma.

Samsung har tidlegare i år også vist fram krumma OLED tv-ar – supertynne tv-ar med endå

lg hengjer seg på.

LG viser også fram krumma tv-ar på IFA i år. Foreløpig er det berre snakk om éin modell på 55 tommar.

– Vi lurte på kvifor tv-ar må vere flate når røyndommen ikkje er det, seier Thomas Weiring, nordisk marknadssjef i LG Electronics.

Mindre forvrenging.

Grunnen til at opplevinga blir betre med krumma tv, er at alle delar av skjermen bør vere like langt frå augene til den som ser på. Då blir heile opp levinga meir naturleg og involverande, meiner Samsung og LG.

Fordelen kjem aller best fram når ein ser på 3D-innhald. Ein krumma 3D-tv gir mykje av den same opplevinga som ein IMAX kino. Det vil seie at biletet verkar som det kjem mykje nærare sjåaren, og dermed blir også 3D-effektane betre.

tekst og foto:

magnus eidem