Program for utarbeiding av landskapsplan for Øyra

Download Report

Transcript Program for utarbeiding av landskapsplan for Øyra

Program for utarbeiding av landskapsplan for Øyra
Askvoll kommune
Forstudie: landskapsplan Øyra
Forstudie: landskapsplan Øyra
Øyra er eit viktig offentleg rekreasjons- og aktivitetsområde i Askvoll sentrum, der uorganisert lågterskel aktivitet er førande. Om sommaren er
badevika med sandstrand ein attraktiv badeplass. Arealet fungerer som friområde for viktige institusjonsbygg i kommunesenteret som skulen
og barnehagen. Området ligg idyllisk til i ei lun vik, og er det første ein møte når ein køyrar inn i Askvoll sentrum.
Arealet ligg langs fylkesveg 608 om lag 800m mot aust frå Askvoll
sentrum, og strekker seg frå hovudvegen og ned til sjø. På vestsida ligg
det opp mot småbåthamna og ein liten campingplass med ca. 10
oppstillingsplassar til bobil eller campingvogn. På nord- og
nordaustsida (motsatt side av hovudvegen) er det knytt til
bustadområde. Mot nordvest ligg sjukeheimen Askvollheimen og
sentrumsbarnehagen. Om lag 1 km vidare mot aust langs hovudvegen
ligg Askvoll skule (ein tiårig grunnskule med ca 150 elevar) med
bibliotek og idrettsanlegg som kunstgrasbane, hinderbane, symjehall,
idrettshal og ballbinge. Frå Øyra er både sentrum og skulen
tilgjengeleg via gang- og sykkelsti som går parallelt med fylkesvegen.
Per i dag finst det ei sandvolleyballbane (14x22m) på Øyra som
Askvoll- og Holmedal idrettslag (AHIL) har etablert. Padlegruppa i
idrettslaget nyttar Øyra som utgangspunkt for padleaktivitet, og
gruppa leiger i samband med dette løa av kommunen til lagar av kajakk og utstyr.
Området har også eit servicebygg (Gnr 23 bnr 5) som er eigd av Askvoll småbåtlag,
og båtlaget festar tomta til bygget av kommunen.
Øyra sett frå småbåthamna
2
Askvoll kommune
Forstudie: landskapsplan Øyra
Øyra er også ein viktig møteplass for bygda på jonsok-aften, og er fast arena for idrettslaget sin aktivitetsdag «Barnas dag» under det årlege
«Skjærgårdstreffet» i juli.
Bilde frå Barnas dag: vannsklie er ein
populær aktivitet under Barnas dag
Planstatus og grunntilhøve
Området «Øyra» i Askvoll sentrum er i reguleringsplan for Askvoll Prestegard (F2) avsett til offentleg friområde. Grunnen er eigd av Askvoll
kommune. Utvikling av området ligg forankra i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2025.
Ønskjer for område
Frivillige lag og organisasjonar har i mange år gitt uttrykk for at dei ønskjer vidare utvikling av friluftsområdet Øyra. Seinast våren 2013 kalla
Askvoll vel frivillige lag og organisasjonar med interesser i Øyra, inn til møte for å drøfte framtida til området. På møtet vart det bestemt å få
laga ein heilskapleg situasjonsplan over området som inneheld ønskjer frå alle brukargrupper til innhald og utforming av Øyra.
Ferdig landskapsplan skal gje rammar for etappevis utvikling av området. Planen/analysen skal synleggjere tiltak og tilrettelegging som Askvoll
kommune og brukargrupper treng og ønskjer for området. Planen vil ligge til grunn for ein vidare detaljplanlegging av tiltak og eventuell
reguleringsendring. Friområdet vil verte utvikla ettersom behov, ønskjer og midlar kjem.
3
Askvoll kommune
Forstudie: landskapsplan Øyra
Mht. innhald, utforming og funksjonalitet i området har ein følgjande ønskjer:










Fleirbrukshus (klubbhus, lager for kajakk/kano og utstyr, etc.)
Stupebrett / -tårn med ulike høgder
Sanitæranlegg badeplass (evt. knytt til fleirbrukshus)
Baderamp til utkøyring av rullestolar
Tilføring av sand på stranda
Nærmiljøanlegg som t.d. nedsenka trampoline og klatrepark (med lysanlegg)
Plen/grassmark til leik, ballspel, m.m.
Grill- og bosshåndtering (evt. faste grillar)
Bord og benkar
Godt merka parkeringsplassar (inkl. ein handikapplass)
Andre merknader:






Øyra sett frå hovudvegen
Ein ønskjer seg ein estetisk og attraktiv plass, som inviterer til lågterskel aktivitet for alle
brukargrupper uansett alder.
Utforminga skal vere brukande og tilgjengeleg for personar med ulike ferdigheiter
Området ligg ved fylkesveg 608 (maks hastighet 50 km p/time), og av den grunn bør ein vurdere (delvis) inngjering eller (naturleg)
avskjerming av arealet langs hovudvegen.
Området har opne grassletter som legg til rette for mykje og variert bruk. Det er eit ønskje at mykje av openheita vert bevart for å
vidareføre denne bruken.
Ad klatrepark: ein ønskjer seg ein illustrasjon av området med – og utan – klatreparken (sjå vedlagt detaljoppgåve for klatrepark).
Klatreparken krev 360m2 inkl. tryggingsområde.
I avtalen mellom Askvoll kommune og Askvoll småbåtlag står det at småbåtlaget får løyve til å anleggje køyrbar veg/gangveg til
servicebygget dei eig (tiltaket krev i tilfelle realisering søknad og løyve etter plan- og bygningslova).
4
Askvoll kommune

Forstudie: landskapsplan Øyra
Frå før har området eit nærmiljøanlegg (sandvolleyballbane) som er finansiert med spelemidlar. Jf. Kulturdepartementet sine føresegner for
tilskot til idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (V-0732N) kan ein søkje spelemidlar til maks 3 nærmiljøanlegg på same anleggsstad.
Brukarmedverknad
Forstudiet skal sikre brukarmedverknad i prosessen for å få samkøyrt ønskjer til innhald og utforming av Øyra frå alle brukargrupper. Resultatet
av forstudiet skal vere ein landskapsplan som viser aktivitetane som skal ha plass på område, og som skal liggje til grunnlag for vidare utvikling
og detaljplanlegging av området.
Krav til innhald i landskapsplanen
Landskapsplanen skal føreslå 2 ulike løysingar for Øyra - med og utan klatrepark
Det vert stilt krav til ein collage som visualiser godt føreslåtte løysingar
Vedlegg:
-
Kart over Øyra
Reguleringsplan Prestegarden endring Småbåthamna
Småbåthamna og campingplassen
med Øyra i bakgrunnen
5