Du kan også laste ned avisa her!

Download Report

Transcript Du kan også laste ned avisa her!

Næringsavisa i
Askvoll
- rom for eventyr
Nr. 2 / 19. juni 2014
Nytt haveventyr: Lagar mat av tare side 4 - 5
M. Leiknes: Doblar omsetnaden side 6 - 7
Karl A. Gjelsvik: Byggjer fjøs utan vegger side 8 - 9
Ledig hus til leige? Sei frå! side 25
Even Bøthun: Satsar som illustratør side 26 - 27
Alt om sommarfestivalane i Askvoll side 30 - 31
Mat ørna saman med Vegard Leite side 34 - 35
Quiz: Vinn t-skjorte side 40
Samarbeid for utvikling
I mai inviterte vi til bransjetreff for maritime
næringar med omvising og presentasjon av
Havyard, Leirvik. Havyard er ei særs viktig bedrift i
regionen med mange underleverandørar i mindDet skjer mykje i næringslivet i Askvoll. Det er
re verksemder. Maritim Foreining Sogn og Fjordamange eksempel på stå på vilje og skapartrong.
ne presenterte seg, og det same gjorde den nyDette får du som lesar ein smakebit på i denne
oppretta avdelinga til NCE Subsea i Florø. Maritim
avisa.
Kreativitet og innovasjon er avgjerande konkur- Foreining og NCE Subsea kan nettopp vere dei
ranseparameter for verksemder i framtida. Dette døropnarane som mang ei verksemd treng for å
komme steget vidare. Dei sit på store nettverk
gjeld uansett om ein har marknaden sin lokalt
eller globalt. Enkelt sagt er innovasjon ein prosess og er sentrale kompetanseformidlarar. I midten
som skapar nye måtar å skape verdiar på. Innova- av juni inviterer vi den marine næringa til dialogforum. Formålet er å bli betre kjent og definere
sjon skjer i større og større grad som interaktive
læringsprosessar, i samspel med kundar, leveran- framtidige samarbeidstiltak som kan vere med å
styrke kvar enkelt.
dørar, konkurrentar eller nettI utgangspunktet er vi alle del
verkspartnarar. Dette betyr at
av større eller mindre nettverk
samarbeid vert viktigare for å
gjennom familie, venner og
gjere bedrifter og regionar
Bulendingane og
arbeidsforhold. Som nyetablekonkurransedyktige.
rar vil ein kunne oppleve at eit
Bedriftsnettverk vert først og værlendingane
sterkt nettverk kan vere avgjefremst sett på som eit middel
driv
no
nybrottsrande for å lukkast. Dei færrasfor å skape fleksibilitet og styrte klarer alt åleine. Kva kompeke gjennom samarbeid melarbeid i Norge
tanse og kva kontaktar sit nettlom bedrifter. På den måten
verket ditt på, som du kan ha
kan bedriftene få tak i ressurnytte av? Er nettverket tilstrekkesar og møte utfordringar som
dei ikkje maktar åleine. Dette er spesielt hensikts- leg? Mange etablerarar finn ut at dei med fordel
messig for små og mellomstore verksemder. Nett- kan utvide sitt. I midten av juni startar vi opp nettverkssamlingar nettopp for å styrke nyetableraraverkssamarbeid er i mange samanhengar viktige
ne.
arenaer for informasjonsflyt, læring og innovaI slutten av mai vart gladmeldinga om den
sjon. Nettverksarbeid handlar om utveksling av
nystifta verksemda Seaweed AS i Værlandet/
kunnskap og andre ressursar. Det handlar også
Bulandet offentleggjort. Seaweed AS skal dyrke
om tillit og gjensidig forståing.
Omstillingsorganisasjonen sitt mandat er å bidra og foredle tare. Eit nybrottsarbeid i Norge. I etableringsfasen har dei gått fram etter «oppskrifta».
til å styrke eksisterande næringsliv gjennom utDei har signert forpliktande samarbeidsavtaler
vikling og innovasjon, samt å bidra til etablering
av nye verksemder. Noko av det vi jobbar for å få med The Northern Company AS, Hortimare AS og
til, er gode møteplassar for informasjon, kommu- Norges Vel , om utvikling gjennom eit bedriftsnikasjon og erfaringsutveksling. Slike møteplassar nettverk. Hortimare AS held til i Solund og skal
er gjerne første steget på det som kan bli tettare levere stiklingar som Seaweed AS vil dyrke, hauste
og foredle. The Northern Company er grossistlednettverkssamarbeid bygt på frivilligheit og tillit.
/
Leiar
/ Britt
”
Redaksjon: Marianne Furevikstrand (redaktør), Britt Hansen,
Anne Hopland, Sissel Igland, Inger Johanne Loftheim, Rune Follevåg, Reidun Leiknes og Heidi Furevikstrand. (Avisa gjekk i trykken onsdag 11. juni).
Ansvarleg utgjevar: Askvoll Næringsutvikling og Omstillingsorganisasjonen i Askvoll kommune
Utforming: Bygdeavisene
2
det. Dei har med andre ord teke høgde for eit tett
samarbeid med heile verdikjeda frå starten av.
Samtidig har dei kopla på ekstern kompetanse
gjennom Norges Vel. Utviklingsarbeidet er støtta
med midlar frå det kommunale næringsfondet. I
tillegg har dei søkt om tilskot frå Innovasjon
Norge Sogn og Fjordane . Vi ynskjer dei lukke til!
Havyard og Hortimare AS er gode eksempel på
at ein ikkje kan sjå utvikling av verksemder i Askvoll isolert. Samhandlinga med utviklingsorganisasjonane i nabokommunane er sentral. Kanskje er
tida koma for å stifta ein felles utviklingsorganisasjon? HAFS regionråd er i gang med eit forprosjekt
for å greie ut dette spørsmålet. Men det som kan
bli meir spennande framover, er om kommunane
vil kunne tilby denne utviklingstenesta i framtida.
Knut Magnussen gjorde i Firda den 26. april Softisen til ho Tone på Askvoll Sjøbuer til eit symbol
på innsatsvilje, - og Davids kamp mot Goliat. Då
Diplomis ikkje lenger ville halde Askvoll Sjøbuer
med softismaskin fordi salet var for lite, tok Tone
skeia i eigne hender. Ho investerte. Omstillingsstyret meinte òg at dette var eit viktig tilbod i Askvoll, og gav støtte frå næringsfondet.
Davids kamp mot Goliat ser ikkje ut som den blir
mindre i framtida. I slutten av mai fekk vi vite at
innbyggarane i Sogn og Fjordane vert dei store
taparane om regjeringa sitt nye inntektssystem
for fylkeskommunane vert vedteke. Laurdag 31.
mai presenterte Firda den mogelege, framtidige
kuttlista. Den ser ikkje fin ut, for å seie det forsiktig. Blant anna er det foreslått å kutte alle fylkeskommunale løyvingar til plan og næring. Det vil
seie at alle verkemiddel som omstillingsorganisasjonen og andre utviklingsorganisasjonar har tilgang til, vert borte, inkludert Innovasjon Norge.
Her er det berre å brette opp ermane og ha tru
på eigne krefter. Kan det skje gjennom samarbeid
og samhandling styrkar det alle partar.
Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk
Opplag: 5850
Avisa blir sendt ut til alle husstandane i Askvoll, Fjaler,
Gaular, Hyllestad og Solund, i tillegg til næringslivet i
Førde og Flora.
Bilda på framsida er tekne av Camilla S. Hansen (Even Bøthun),
Geir Olsen (ørna), Marianne Furevikstrand (softisen og taren).
Næringsavisa i Askvoll
Alfred Bamse viser
fram Askvoll kommune
Mange kommunar har historiske bygdebøker. Men ingen har ei 176 sider
tjukk bok fylt med fargerike bilde og koselege kommentarar frå notida presentert av ein truskuldig bamse. Bortsett frå Askvoll kommune, då.
Tekst: Marianne Furevikstrand
I starten av juni gjekk boka «Alfred på tur i Askvoll
kommune» i trykken. Det er altså kosologen frå
Bulandet skule, Alfred Bamse, som har reist rundt
i Askvoll kommune og blitt kjent med både folk,
dyr og stader. Alt har blitt dokumentert av manageren hans, Kurt Rutledal, som til vanleg jobbar
som automasjonsingeniør i Nordsjøen. Tidlegare
har han gitt ut to bøker om Alfred; ei om livet i
Nordsjøen og ei om Alfred på sjukehus.
Alfred synest det er stas å få reise rundt og helse
på folk, for han diggar damer, kos og merksemd.
- Alle vi trefte på forskingsrunden var like positive, sjølv om vi ofte ikkje gav beskjed på førehand
om at vi kom. Folk kasta det dei hadde i armane
for å vise oss rundt. Ein skulle tru at ein gammal
gubbe som kjem virrande med ein bamse i armen
blir møtt med litt mistenksame blikk, men vi vart
mottekne med opne armar uansett kor vi kom,
fastslår Kurt.
- Men korrektur, stress og alt skitarbeidet
overlét Alfred til meg. Når det gjeld skryt og
kaker, då trår han derimot til, legg han til med
eit smil.
Og kaker og skryt blir det rikeleg av på rådhuset i Askvoll fredag 4. juli. For viss alt går etter
planen skal boka vere ferdig til bokslepp då.
- Det var omstillingsprosessen i kommunen som
trigga meg. Eg hadde lyst til å vere med på å skape
Manageren betaler
bulyst, heimlengt og godt omdømme for Askvoll.
Selja Forlag hjelper til med salet, men Kurt Rutle- Få vist fram kor fint det er her. Dette tenkte eg på
dal kostar heile bokprosjektet sjølv. Han har rett
medan eg spikra platting og drakk øl, seier han.
nok fått 50 000 kroner frå næringsfondet og litt
- Kva kan ei slik bok ha å seie, trur du?
støtte frå nokre lokale bedrifter, men elles er ut- Kanskje boka kan vere «finishen», det som får
gjevinga på eigen risiko.
dei som vurderer å flytte hit til å bestemme seg?
- Korleis kom ideen om at du og Alfred skulle lage Alle positive småting bidreg i rett retning. Viss du
ei Askvoll-bok?
liker boka, viser du den gjerne fram til naboen og
fortel at «her kjem eg frå». Eg håper eg no kastar
ut ein stein i vatnet og at ringane vil merkast, seier han.
I boka får du sjå meir enn 300 bilde frå ulike stader i Askvoll kommune. Her er fjelltoppar, kulturskule, seniordans, geitemjølking, øyar, ordførarbesøk, bedrifter, Dalsfjordbrua – og det meste.
Eller, det vil seie, Kurt Rutledal føler likevel at det
er mykje meir som skulle ha vore med. Men boka
er allereie tjukkare enn planlagt, så all den andre
forskinga til Alfred Bamse får vi følgje med på via
nettsida (www.alfredbamse.no) og facebooksida
hans.
For barn og vaksne
Sjølv om boka handlar om ein bamse er den også
retta mot vaksne.
- Dei som bur her vil kjenne seg igjen. Forhåpentlegvis blir det sånn at dei kjøper boka til slekt og
venner som har flytta ut, slik at dei får heimlengt
og vil tilbake, seier Kurt.
- Veit du om liknande bokprosjekt?
- Nei, ikkje i same sjanger. Oftast er bøker som
handlar om kommunar meir i sogesjangeren. Den
her handlar om notida, sett gjennom auga til ein
truskuldig bamse på rundreise, konstaterer Kurt.
Han og Alfred vil gjerne møte deg og dine i sommar. Du treffer dei både i Værlandet på Nordsjøporthelga, på Skjærgårdstreffet i Askvoll og på
Krabbefestivalen på Atløy. Du kan også få tak i
boka i bokhandlane eller ved å kontakte Kurt på epost [email protected].
Alfred Bamse har eige potestempel, så signatur
er ingen problem.
SNIKTITT: Alfred Bamse og Kurt Rutledal når
over mykje i boka om Askvoll kommune. Her har
dei vore på tur til Nipebu med åttandeklassingane. Boka kjem for sal i starten av juli.
Næringsavisa i Askvoll
3
Audun er
først i Norge
TRU PÅ TARE: - Vi landar prosjekta våre. Det her er ikkje noko luftslott, seier Audun Oddekalv. Begge foto: Marianne Furevikstrand
Interessa for tare aukar. Først ut med dyrking av tare til matproduksjon her til lands er bulendingar og
værlendingar. – Det er svært store sjansar for å lykkast med dette prosjektet, seier samarbeidspartnarane.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Følgjande avsnitt i ein avisartikkel frå Solund i fjor
sommar fekk Audun Oddekalv til å kaste seg
rundt: «I eit framtidig hovudprosjekt er det ønske
om å sjå på moglegheitene for å utvide dyrkingslokalitetar i Sogn og Fjordane. Norges Vel ønskjer
derfor å komme i kontakt med framtidige dyrkarar
og røktarar».
- Å dyrke fram tare til konsum, det syntest eg
verka spennande, fastslår Audun.
Ikkje lenge etter var han ein viktig del av prosjektet saman med næringsutviklingsorganisasjonen
Norges Vel, Hortimare i Solund og The Northern
Company, som skal få produkta ut på marknaden.
Perfekt lokalitet
ville gå frå ein tiltenkt rolle som dyrkar, til også å
vere med på mottak og foredling av taren. Og vi sa
sjølvsagt ja - som alltid, seier Audun med eit smil.
Dermed vart oppgåvene så omfattande at dei
fann det best å ha fleire med på laget.
- Audun selde inn saka slik at vi ikkje våga noko
anna enn å bli med på satsinga, fastslår Daniel
Fedøy.
Daniel, broren Ruben og kona hans
Lisbet, heiv seg derfor med som eigarar i selskapet. Bulendingane stiller
også med eigna produksjonslokale,
der det tidlegare fiskemottaket ved
butikken var. Desse lokala meiner
dei passar perfekt for nysatsinga til
Seaweed. Likevel
må dei investere
nokre hundretusen
kroner i utstyret som trengst til
produksjonslinja.
- Anten blir vi til lått og løye,
elles kan det bli ein viktig del av
totalen her ute. Eg håper sjølvsagt at vi ikkje endar opp med
det første. Det her er ikkje noko
Daniel Fedøy
luftslott. Vi landar prosjekta
våre, fastslår Audun Oddekalv.
”
”
Kort fortalt handlar det altså om å dyrke fram tare,
nett som du gjer med grønsaker. Stiklingane kjem frå
klekkeriet til Hortimare, så
blir dei sett ut i sjøen rett
vest for Værlandet. Dette
blir første oppgåva til det
nystarta selskapet Seaweed
as, som håper på å skape eit
nytt næringseventyr i Bulandet og Værlandet. Bak satsinga står dei fire eigarane av Værlandet Fiskeredskap; Audun Oddekalv, Sølvi Blom, Magni Blom
Landøy og Geir Landøy.
- Det tok ikkje lang tid før vi fekk spørsmål om vi
No blir ein
draum verkeleg
Vi våga ikkje
anna enn å bli
med på satsinga
4
- Området er regulert til aquakultur. Det vi gjer
har heller ikkje negative konsekvensar for andre,
så vi trur konsesjonen går i orden, seier Audun.
Dermed blir stiklingane truleg sett ut i sjøen til
hausten, på austsida av Værlandet.
- Her skal morplanten formeire seg. Det er snakk
om mikroskopiske stiklingar, som vi skal få til å
vekse godt. Her er gode forhold med tanke på
straum, djupne og næringsstoff, fortel han.
- Ein av fordelane med å
ha det her, er det reine
vatnet. Det er heilt fantastisk reint, fastslår Sven Erga
frå The Northern Company.
Sven Erga
Han føler det som om ein
draum no blir verkeleg.
- Kor avgjerande var Audun og dei andre lokale her for at denne produksjonen no kjem i gang?
- Heilt avgjerande. Det er dei som sit med kunnskapen om sjøen og reiskapane. Rett og slett uvurderleg kompetanse, seier Sven.
- Det har samtidig noko å seie at det no blir eit
lokalt produkt med identitet. Det har eit klart opphav her og då har vi kontroll på heile verdikjeda.
Her er reint og friskt vatn. Det kunne ikkje blitt
betre, ivrar Lill-Ann Gundersen i Norges Vel, som
er leiar for tareprosjektet.
- Her kan lagast mange fine historier med tanke
på marknadsføringa. Nei, kven kan eigentleg slå
oss no? spør dei og ler.
Prisvinnarar
Seaweed har søkt om konsesjon for oppdrett av
tare. Dei får svar i løpet av sommaren, og i mellomtida køyrer dei på som om dei får løyve.
Næringsavisa i Askvoll
BRA TEAM: Nettverket rundt Seaweed og tareprosjektet er sikre på at dei har ein
god miks av kompetanse. F.v. Sven Erga frå The Northern Company, prosjektleiar
Lill-Ann Gundersen i Norges Vel, og Audun Oddekalv. Her er dei inne i det gamle
fiskemottaket som snart skal brukast til produksjonen igjen.
For dei er i godstrok for tida. Nyleg
fekk The Northern Company nemleg
ein pris som dei ser på som stor
støtte til det dei driv med: Local EAT
Award som vart overrekt på EAT
Stockholm Food Forum. I løpet av
våren har Local EAT Award jakta
Skandinavias beste løysing for sunnare og meir berekraftig mat. Over
hundre finalistar har konkurrert om
prisen, og vinnaren av 100 000 kroner vart altså The Northern Company.
- Når våre samarbeidspartnarar går
til topps i ei slik kåring, då veit eg at
vi har med toppfolk å gjere, fastslår
Audun Oddekalv.
- Ein slik pris har også mykje å seie
for omdømmet. Det er viktig i den
fasen vi er i no, legg han til.
Medverkande på arrangementet i
Stockholm i slutten av mai var mellom andre Bill Clinton og Jonas Gahr
Støre.
i det gamle fiskemottaket i Bulandet.
Dei er spente på korleis marknaden
for tare blir i framtida. Mykje tyder
på at Seaweed satsar i rett tid.
- Vi merkar ei haldningsendring hos
kjøkkensjefane på gode restaurantar.
Det handlar om det vi kallar den femte smak, umami. Den hentar fram
smaken som allereie er i retten og
gjer den meir fyldig, seier Sven.
Taren er også sunn, med mellom
anna gode feittsyrer, vitaminer og
mineralar. Den kan elles nyttast til
mykje anna enn mat. Prosjektet som
Seaweed er med i heiter derimot
«algar til mat», så dei konsentrerer
seg berre om den marknaden.
Avgjerande tilskot
Dei involverte partane takkar for tilskotet dei fekk frå næringsfondet i
Askvoll.
- Det var heilt avgjerande for at vi
kunne satse i år. Vi hadde truleg
måtte venta eitt år viss ikkje, seier Lill
-Ann Gundersen i Norges Vel.
I rett tid
Dei har også søkt Innovasjon Norge
Dei veit det framleis er ein veg å gå.
om støtte, men førebels veit dei ikkje
Derfor vil dei ikkje avsløre så mykje
utfallet der.
rundt produkta, anna enn at dei skal
- Vi har ein fin dialog med Innovalage ein produktserie av tre sortar
sjon Norge. Dei seier at vi har eit godt
tare. I dag er det ingen som dyrkar
prosjekt med stort potensiale, så vi
tare til mat her i Norge.
har gode forhåpningar, seier ho med
- Men vi finn mykje av det til dømes
eit smil.
på austkysten av USA. Der er tidevat- Og sjansane for å lykkast her er
net på fem-seks meter, og då går det
svært store, legg prosjektleiaren til.
eigne plukkarar og haustar taren når
- No må vi først få prøve oss litt
tidevatnet er nede, fortel Sven og Lillfram, men vi har god tru på ekspanAnn.
sjon, seier Lill-Ann og Audun.
Teknikkane for dyrking er velprøvde, til dømes er det vanleg i Austen.
Men i Norge blir altså pilotprosjektet
Næringsavisa i Askvoll
5
Har dobla omsetnaden
LEVERER VARENE: Arve Leiknes liker å reise
ut og treffe kundane. 90 prosent av varene
dei sel køyrer firmaet sjølv ut til kundane.
Alle foto: Marianne Furevikstrand
Byggfirmaet M. Leiknes har mykje å gjere. Så mykje at sjefen sjølv har venta 15 år på snikkar for å reparere hustaket.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Leiknes Snikkarverkstad vart starta i 1945 av Magne Leiknes. Han laga møblar, kjøkkeninnreiing, glas
og dører. Seinare gjekk produksjonen over til bygg
og sal av trelast og bygningsartiklar og firmaet
byta namn til M. Leiknes, som det heiter i dag.
Sønene hans begynte å jobbe der i sommarferiane. Dei målte opp materiale, spikra takstolar og
kosta golv for to kroner timen. I 1987 vart firmaet
aksjeselskap og sønene Arve, Ingemund og Steinar
tok over. I dag er det Arve og Ingemund som styrer
familiebedrifta. Ingemund har ansvar for planar og
teikning, medan Arve er dagleg leiar og tek seg av
utkøyring, bestillingar og kundane som kjem innom. Dei sysselset også ein tømrar, ein lærling og
ein annan medhjelpar, i tillegg til ein rekneskapsførar deltid.
Kvar sitt felt
- Eg veit eigentleg ikkje kva broderen balar med
inne på kontoret sitt kvar dag, seier Arve.
- Men eg ser at han er flink til å finne fornuftige
løysingar, som igjen gjer at teikningane er lette å
byggje etter, legg han til.
Dei to brørne meiner det ikkje er noko problem å
jobbe så pass tett når dei har ulike ansvarsområde.
Men eigentleg hadde
ingen av dei tenkt å
drive byggjefirmaet
vidare etter faren.
Det berre vart sånn.
- Faderen ville ta eitt
år som lærar i 1980.
Eg kom frå militæret
då og steppa inn. Eg
skulle berre vere eitt
år, hadde ikkje tenkt å
bli her, konstaterer
Arve, 34 år etter.
Både Arve og Ingemund tok økonomisk
utdanning, men hamna som tømrarar og
kontorarbeidarar i
OVERSIKT: Dagleg leiar Arve Leiknes (t.h.) bestiller inn varene til firmaet og tek mot
familiebedrifta. Mag-
ne heldt fram som lærar.
- Det var greitt å begynne her. Så begynte løna å
komme inn på konto, og så heldt eg berre fram i
bedrifta. Eg treivst i Askvoll, og dette har vore ein
god arbeidsplass. Eg skiftar ikkje no i alle fall, fastslår Ingemund med eit smil.
God tone
Mange sambygdingar kjem innom lokala deira
midt i Dalsørbakken for å kjøpe trevarer eller spørje om ting. Her kjem både næringsdrivande, fastbuande og mange hyttefolk. Tonen kan vere ganske røff når du stikk hovudet inn til «Leiknesen».
Her får du gjerne slengt i deg ein kommentar og
går ut att med eit smil om munnen. Mange set pris
på dette, men Arve innser at han kan ha skremt
nokon, før dei forstår at han berre fleipar.
Arve meiner det beste med jobben er nettopp
det å treffe kundane. 90 prosent av det firmaet
sel, køyrer dei sjølv ut til kundane.
- Derfor blir det gjerne ein tur eller to med lastebilen på kvelden òg, seier Arve.
Mange av kundane bur i øyane, men han køyrer
også mykje til Holmedal og nordsida av kommunen, og av og til også til nabokommunane.
Til liks med mange andre næringsdrivande jobbar både Ingemund og Arve lange dagar, oftast 1213 timar om dagen. Eller «dugnad i eige firma»,
som Ingemund kallar det.
For dei har stadig nye ting på gang. Første byggjetrinnet hadde brørne fått opp i 1993. Så kom
stormen og reiv ned heile greia. Ifølgje Arve «det
kundane. Her er det Geirfinn Strømmen som er innom og handlar.
6
Næringsavisa i Askvoll
Kva betyr sommarfestivalane i
Askvoll for deg og di bedrift?
Rune Follevåg,
Fagmøbler Askvoll
- For Fagmøbler betyr det
mykje at det er masse folk i
bygda, på gjennomreise,
MEIR KONTOR: Dei siste åra har Ingemund Leiknes jobba stadig meir på kontor
med teikningar og planarbeid. Men eigentleg liker han framleis best å snikre.
hyttefolk og båtfolk, som kjem
innom vår flotte butikk, og ser
kva dei kan komme innom
beste som kunne ha skjedd».
- Vi fekk planleggje bygget på
nytt, skikkeleg, og då fekk vi det
faktisk meir som vi ville, seier han
med eit smil.
- Og så er eg sånn laga at eg ikkje
ser meg tilbake. Det eg ikkje får
gjort noko med, det tenkjer eg
ikkje på. Eg prøver heller å finne
løysingar, legg han til.
om eiga tømraravdeling i bedrifta,
men han innser at dei då må byggje ein større organisasjon.
- Dessutan er trenden slik at ungdommen vil ha skikkeleg utdanning, og då vil dei ha andre jobbar,
dei blir ikkje vanlege tømrarar.
Kanskje søkjer dei seg til større
firma på større plassar, seier han.
igjen seinare for å handle (lite
sofasal på impuls…). Festivalane er med på å setje Askvoll
på kartet, og vi skal vere stolte av å vise fram kva vi har å tilby alt frå konsertar, mat, drikke, stands, sjø, båt og naturopplevingar.
Tone Oddekalv,
Meir arbeid
Byggjer nytt
Det har blitt nokre byggjetrinn og
grensejusteringar etter kvart, på
tomta i Dalsørbakken. Leiknesbrørne liker å ta det litt etter kvart,
investere lite om gongen, slik at
dei søv godt om natta.
- Vi set oss stadig nye mål og har
stor glede av å sjå når ting går
framover, seier Arve.
Akkurat no held dei på med utviding av lagerbygget mot vest. Dei
har også fått godkjent nytt hovudbygg, som skal ha to kontor, resepsjon og dobbel så stor butikk.
- Det blir heilt topp, det. Viss vi
rekk det, kommenterer Ingemund.
For som så mange andre handverkarar har erfart; det som skulle
vore gjort hos seg sjølv blir ståande på vent…
- Eg har venta på snikkar for å få
skifta taket på huset mitt heime på
Eimind i 15 år no. Eg klarer ikkje å
gjere det aleine når eg jobbar så
lange dagar. Ingemund har sagt
han skal ta det i år. Men det seier
han for så vidt kvart år, konstaterer Arve og ler.
Men for å vere alvorleg så meiner han at bygda har bruk for fleire snikkarar. Han synest det er
trasig at dei unge som vil bu på
bygda ofte må starte eige firma
sjølv, i staden for at ein hadde hatt
ei større bedrift som kunne teke
dei inn. Arve har leika med tanken
Næringsavisa i Askvoll
Arve Leikens følgjer også med på
folketalsutviklinga med spenning.
Første kvartalet i år viser ein liten
nedgang. Det liker han dårleg og
satsar på at den offisielle oppteljinga ved nyttår viser positive resultat igjen.
- Den generasjonen som er under oss har blitt den største kundegruppa vår. Nett no leverer vi
materialar til to nye hus i Holmedal, to på Atløy, eitt i Bulandet og
to i Askvoll. Det er veldig bra, fastslår han.
I alle fall når ein tenkjer på at dei
jobbar lite med marknadsføring av
firmaet. Rett nok vart dei i 1999
med i Byggfag, som ifølgje Arve
faktisk er inkje mindre enn
«Norges minste og Norges beste
kjede». Men elles går det meste av
seg sjølv med hjelp av eit godt
rykte. Det hjelpte også godt på
med dei nye byggjeføreskriftene
som kom i 1998. Dette gav nye
tider med auka arbeidsmengd for
«Leiknesen».
- Tidlegare kunne kven som helst
byggjemelde. Vi gjorde mykje gratisarbeid på prosjekt som vi kanskje ikkje fekk byggje eller levere
materiale til. Men i 1998 kunne vi
begynne å ta betalt for desse tenestene. På dei siste sju åra har vi
faktisk dobla omsetnaden vår,
fortel Arve.
Askvoll Sjøbuer
- Sommarfestivalane byr på
mange av høgdepunkta for sommaren. Det er yrande folkeliv i
Askvoll kommune både av turistar
og gamle kjente. Båthamnene blir
fylt opp og folk gler seg til festival.
Då er vi glade for å kunne hjelpe
til med mat og drikke, både for å
hente krefter før festivalen, og
hente seg inn igjen når den er
ferdig. Vi set stor pris på alle dei som gjer at desse festivalane kan
arrangerast!
7
GOD PLASS: I den nye fjøsen til Karl André Gjelsvik er det 27 mjølkekyr akkurat no, men her er plass til 49.
Alle foto: Marianne Furevikstrand
Kyr med luftig spa-avdeling
Tru om kyrne i Gjelsvik veit kor godt dei har det. Her er eiga velferdsavdeling, massasje, frisk luft og ein
fintfarande mjølkerobot som steller godt med dei.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Karl André Gjelsvik vaks opp i Førde, men han var
mykje hos onkelen i «Gjelsvikja» og hjelpte til på
garden. Han studerte økonomi og administrasjon i
to år på høgskule og tok seinare it-basert agronomutdanning. I 1998, 25 år gammal, tok han over
gardsdrifta til onkelen, og sju år seinare gjekk han
inn i samdrift med sambygdingen Jakob Øyren. Dei
har også mjølkekvotane til to andre bønder.
dei skal kalve og mykje anna. Avvik blir markert
med raudt, då veit Karl André at han må sjekke om
det er betennelse eller andre ting ute og går.
Dette kan han følgje med på same kor han er i
verda, berre han har tilgang til internett.
- Viss du vil kan du sitje her og følgje med heile
døgnet. Eg har på langt nær sett meg inn i alt,
konstaterer han.
Friare
Investert 5,6 mill
Gjelsvik har no også automatisk fôrvogn som går
Det er for tida mykje snakk om bondens vilkår. I
på skinner i taket gjennom både den nye og den
Askvoll har det tradisjonelt sett vore mange bøngamle fjøsen. Den må han fylle med silofôr ein
der, og sjølv om stadig fleire gir seg er det nokre
gong i døgnet, så serverer den kyrne automatisk
som satsar friskt.
seks gonger om dagen, eller meir, viss den blir
Blant dei er Karl André
programmert til det.
Gjelsvik. Nett no er han
Det nye systemet gjer at bonden
ferdig med ei investering på
er friare med tanke på tidsbruken.
5,6 millionar kroner. Heilt
Han må ikkje vere i fjøsen på
ny fjøs til mjølkekyrne er
bestemt tid lenger. No kan han
Dyra er ikkje skapt
på plass, ein bygning som
gå dit til dømes klokka 16 og så
for å vere inne.
også bind saman siloane
stikke innom seint på kvelden
og dei to fjøsane som var
viss han skal ut på noko.
der frå før.
Han må heller ikkje gå i fjøsen
Karl A. Gjelsvik
- Her har vi fått mjølkeroklokka seks om morgonen. Det går
bot og automatisk fôring, fortel han.
bra om han ventar ein time eller to. Viss ikkje roDet er heilt imponerande kor mykje informasjon boten ringjer, då.
det nye systemet gir; kor mange gonger kua er
- I natt fekk eg oppringing på mobiltelefonen
innom mjølkeroboten i løpet av dagen, kor mange direkte frå roboten. Då måtte filteret bytast. Men
liter ho mjølkar, sannsyn for brunst, tyggjetid, når det er ok med slike oppringingar, sjølv om det er
8
”
midt på natta, legg han til med eit smil.
Harmoniske kyr
Når Karl André viser journalisten rundt, er det ikkje noko rauting å høyre frå kyrne. Dei er heilt
rolege. Nokre tuslar bort til fôringsautomaten der
dei får mjøl, andre tek turen bortom
«massasjeavdelinga». Kyrne går også i tur og orden innom mjølkeroboten, før dei går ut att og
legg seg der dei vil.
- Før assosierte dei trynet mitt med mat. No er
det automatisk fôring, i tillegg til at dei kan hente
seg mat når dei vil. Då blir det ikkje sånt leven som
tidlegare når eg kjem inn i fjøsen, fastslår Karl André.
Overgangen til mjølkerobot har gått fint. Eit par
av dyra var rett nok ikkje heilt lystne på å ta i bruk
det nye systemet sånn heilt utan vidare. Ei ku
prøvde til dømes å klatre ut, men med litt rettleiing frå bonden har det gått seg fint til. Men så forstod kyrne kjapt at det er mat å få hos roboten.
Når dei går inn på mjølkestasjonen blir dei derfor
ståande der og ete, medan roboten mjølkar. Når
den har fått ut all mjølka, stoppar fôringa automatisk slik at kua går ut att.
- Mjølkeroboten er behageleg for dyra. I motsetnad til oss menneske så blir ikkje roboten stressa.
Kyrne merkar om du har dårleg tid eller er i dårleg
humør. Med roboten veit dei kva dei får, seier
han.
Næringsavisa i Askvoll
OPE: Frisk luft og god utsikt i den nye fjøsen i Gjelsvik. Kyrne fann seg fort til rette, trass i at to av sidene ikkje har tradisjonelle vegger.
Til dømes har eine kua problem med eine spenen. Dette er programmert inn sånn at roboten
veit det, derfor set den automatisk berre på dei
tre spenane som fungerer normalt. Dette kan vi
også lese i oversikta på pc-en. Dersom mjølka ikkje
er heilt som den skal, blir dette også automatisk
silt ut. Og når det er tomt for mjølk i ein spene,
sluttar maskina å mjølke den, medan den held
fram på dei andre til det er tomt overalt.
I den nye fjøsen har kyrne også fått seg eiga velferdsavdeling. Her kan kyrne som er sjuke eller
som snart skal kalve, få ro.
tisk, sjølv om nokon sikkert trur eg har blitt galen,
seier han og ler.
- I alle næringar er det slik at du må tenkje vidareutvikling. Viss du ikkje heng med i timen så vil
det ikkje gå. Eg meiner det også aukar motivasjonen når ein investerer og utviklar bedrifta si. Ein
må bruke peng for å tene peng. Og lån er ikkje
farleg så lenge ein kan handtere det på rett måte,
seier han.
Han meiner sjølv at årsinntekta hans er grei,
men ikkje viss du reknar timeløn. Karl André jobbar svært mykje. Han prøver å få ei heil veke ferie
Opne vegger
Veggene er også eit kapittel for seg: På dei to langsidene av den nye fjøsen er det ikkje vanlege vegger, men ein type ventilasjonsgardin. Dei styrer
seg automatisk inn, alt etter temperatur, vindstyrke, vindretning og nedbør.
- Dette systemet er ikkje uvanleg elles i verda,
men det er ikkje så vanleg i Norge. Men nokon har
det. Blant anna var eg og såg på eit par fjøsar på
Jæren, og eg har snakka med ein som har det på
Møte. Men eg trur eg er den første som har slik
her i fylket, seier Karl André.
Han synest det er kjekt med nye ting og er ikkje
redd for å prøve det ut.
- Dyra er ikkje skapt for å vere inne. Her blir det
mykje friskare luft enn i dei tradisjonelle og isolerte fjøsa, noko som gir friskare dyr og betre klima
også for folk, seier han.
Når det er kaldt vil duken gå heilt opp. Taket er
isolert og dyra produserer i seg sjølv mykje varme,
så Karl André er ikkje uroa for at dei kjem til å fryse på vinteren.
- Vi har allereie fått testa det i storm. Då bølgjer
gardinene seg litt, og vi høyrer at det slår litt mellom desse røra. Men eg synest det verkar fantasNæringsavisa i Askvoll
i denne bransjen. Det hender dei hine må reise på
ferie utan meg. Det er ikkje kjekt å ha meg med
viss eg berre blir gåande og tenkje på alt eg skulle
ha gjort heime, fastslår han.
- Men eg kan forstå at det kan vere frustrerande
for resten av familien at eg må jobbe så mykje,
legg han til.
- Samdrift gjer heldigvis at vi kan ha fri annakvar
helg. Men når Jakob snart pensjonerer seg, er tanken at eg skal drive dette aleine, og leige inn arbeidskraft i periodar, seier han.
Dei siste investeringane har han teke aleine.
Derfor har han starta eit utleigefirma som leiger ut
bygningane til samdrifta.
Lever med naturen
SNILL: Mjølkeroboten behandlar kyrne fint. Bonden i
Gjelsvik er godt nøgd med systemet og seier det har
gitt han ei ny tidsrekning; før og etter mjølkeroboten.
saman med familien på sommaren. På hausten er
han litt med på hjortejakt, annakvar helg har han
fri og elles prøver han å følgje opp dei tre ungane
så godt som muleg. Noko særleg fritid utover det,
blir det ikkje.
- Eg kan ikkje vere vekke når det er godvêr her
heime. Då må eg bykse i slåtten, sånn er det berre
- Kva er det beste med å vere bonde?
- At vi får handfaste resultat. Det er noko anna
enn dei papirflyttarane vi fôrar på inne i Oslo, seier
han med eit smil.
- Eg kan rett nok bli forbanna viss det ausar ned
to månader i strekk, men elles er det fint å jobbe
og leve med naturen. Du veit kva arbeidsoppgåver
som ventar i dei ulike årstidene, seier han.
- Og største utfordringa?
- Det er vatn og vêr, rett og slett. Det har forferdeleg mykje å seie for at vi får gjort det vi skal og
at vi får godt fôr til dyra, noko som igjen viser igjen
på mjølk, kjøt og inntektene, seier han.
Målet etter siste investering er å fylle noverande kvote på 363 000 liter så fort som råd.
Fjøsen har større kapasitet enn dette, men grovfõrtilgangen er ei utfordring.
- Vi klarer nok ikkje fylle kvoten i år, men så
fort som muleg etter det, seier han, før han spring
inn att i fjøsen for å jobbe.
9
10
Næringsavisa i Askvoll
PRAKTISK: - Det blir ikkje betre enn dette, seier Vidar Ytrøy. Han
tek taxibåt frå Atløy og heilt fram til flyplassen i Florø når han skal
vidare på jobb i Nordsjøen. Begge foto: Marianne Furevikstrand
SKULERUTE: Kvar morgon klokka åtte køyrer
Vidar Olset seks elevar på Dale vidaregåande
skule frå Gjervik til Askvoll. Her er det Dorthea
Keilegavlen Grane, Jannike Sund Veka og Martin Hugøy som stig i land.
Mange stussar når dei høyrer ordet «taxibåt». Finst det, då? Her i Askvoll har vi faktisk hatt det sidan rundt 1910.
Vidar Olset er no tredje generasjon som hjelper kystfolk ut av knipa.
Alltid klar
Vidar tok også over gardsbruket etter faren etter at
han først hadde teke to år på tømrarlinja på vidaregåande. På England bur han saman med sambuaren og
Festfolket forsvinn
fem ungar. På garden har dei ammekyr og slår gras på
Oppdragsmengda til taxibåten går elles i bølgjer.
fire gardar. Ringjer telefonen må slåtten vente. Taxi- Det kan vere heilt stilt nokre dagar, før plutseleg
båten er trass alt hovudinntekta. Sambuaren steppar
alle skal på farten, fastslår Vidar.
inn og passar dyra.
Når siste ferja har gått, då er Vidar god å ha. Det
- Men når du driv skyssbåten aleine og alltid må
gjeld mellom anna for øyfolket som kjem med siste
vere tilgjengeleg; får du nokon gong teke fri og reise
flyet til Bringeland på kvelden.
Kraftlaget og dyrlegane er flittige brukarar av taxibå- vekk i helgene?
- Nei. Det slepp eg, ler han.
ten. Opp gjennom åra har også presten vore ein god
- Det hender ein sjeldan gong viss nokon andre er
kunde. Men i dag må presten ta ferja. Helgene var
heime og kan køyre litt for meg, legg han til.
generelt travlare før.
I fjor var han fire dagar på ferie i Danmark. Det var
- Kvifor har det blitt slik?
Tok over som 18-åring
lenge nok.
- Ungdommen reiser ikkje på fest lenger. Dei sit
Historia om taxibåten går tilbake til rundt 1910, til
Han tenkjer sjeldan at han skulle ha funne på noko
bestefar til Vidar, Johannes Olset. Han kjøpte gard på heller heime og spelar data, konstaterer Vidar.
anna. Kanskje sveipar tanken innom i periodar det er
- Og viss dei arrangerer fest i dag, er det berre dei
Atløy i 1922 og samarbeidde i mange år om skyssbåt
med Einar Grov. I 1929 fekk dei bygt seg eigen skyss- yngste som kjem, dei mellom 15 og 18 år. Dei som er få oppdrag, men så kjem det plutseleg sju turar etter
siste ferja, og då er det gløymt.
eldre går på pub i staden, legg han til.
båt. Det var færre vegar på den tida, så det vart
- Kva med dei dagane det er regn og sterk vind?
- Men korleis var det eigentleg å køyre taxibåt når
mange turar rundt om i fjordane.
- Nei, då går det no litt saktare. Og så blir det litt
folk var godt i farta etter å ha vore på flakedans?
- Og så gjekk det no veldig seint den gongen. Éin
humpete i båten, konstaterer han tørt.
- Det kunne vere litt stressopplegg når alle skulle
kunde tok no heile dagen då, seier Vidar halvt på
Sjølv kvir han seg aldri for å leggje utpå, men han
opp i båten på éin gong, men stort sett gjekk det
fleip.
kan vegre seg for å gå viss passasjerane er redde.
greitt, seier han.
Etter kvart tok sønene deira over; Kåre Olset og
Toppen var den gongen ferja hadde innstilt ruta på
- Nokre spesielle episodar du hugsar?
Konrad Grov. Dei byta først ut til større båtar og seigrunn av storm. Då ringde ein kar som absolutt måtte
- I grunn ikkje. Eller, det var jo ein gong ein fyr på
nare til mindre igjen. I 1968 fekk dei første plastbå150 kilo datt uti sjøen på Grytøyra. Vi klarte ikkje å få ut til Værlandet. Han gav seg ikkje.
ten, ein 21-fotar.
- Men reiste du då?
han opp i båten, så han måtte
Vidar fekk vere med og styre
- Ja, eg måtte jo nesten det, seier han.
symje
inn
til
fjæresteinane.
båten frå han var heilt liten.
Ungdommen reiser
Men det bør du kanskje ikkje
Han har alltid likt seg på sjøen
Værlandet i solnedgang
og tok over bedrifta etter faren ikkje på fest lenger. skrive, humrar Vidar.
Dei fleste turane går mellom - Kva for turar liker du best?
allereie då han var 18-19 år. I
Dei spelar data
- Eg har køyrt brød frå Florø til Solund nokre gonger
Atløy og Askvoll, men det blir
starten dreiv han saman med
også nokre turar til Florø, Vær- når leveransen ikkje har nådd den vanlege ruta. Det
Konrad, men no har han firmaet aleivar fine turar. Slike passasjerar seier ikkje noko sjølv
landet og Solund, og ein sjelne.
Vidar Olset
dan gong til Hyllestad og Fjaler. om det er dårleg vêr, ler han.
- Kvifor ville du drive vidare skyss- Men turar til Værlandet når sola går ned, det er
- Før vart det ein del turar til Dale,
båtfirmaet?
veldig fint, fastslår han.
men etter at Dalsfjordbrua kom så vart det slutt på
- Nei, det er no kjekt med ein båttur, seier han.
Det er heller ikkje verst denne morgonen når jourOg det har jammen rett i. Den dagen journalisten er det, seier han.
nalisten får vere med på oppdrag til Florø. Vi passerer
For atløyningane er det til dømes vanskeleg å nå
med er det strålande sol og vindstille, og vi reiser frå
hurtigruta på nært hald. Ser folk som er ute og fiskar i
Atløy til Florø med ein kar som skal på jobb i Nordsjø- første flyet på Bringeland om morgonen. Redninga
heiter sjølvsagt taxibåt-Vidar. Då må dei reise frå Atl- småbåtar i morgonsola.
en.
Taxibåten køyrer bort til kaia rett ved flyplassen. Det
øy i fem-tida. Før Dalsfjordbrua måtte dei reise kvart
- Det her tilbodet har alt å seie. Når eg reiser ut til
blir ikkje mange stega å gå herifrå for nordsjøarbeidaNordsjøen må eg vere i Florø klokka ni. Då passar det over fire.
- Eg er litt trøytt akkurat når eg står opp, men det går ren.
ikkje med ekspressen. Alternativet for meg hadde
vore å ta buss til Førde og taxi vidare til Florø, eller å greitt. Når eg kjem heim litt etterpå og kan leggje meg - Det blir ikkje betre enn dette, konstaterer Vidar
igjen, då er eg i alle fall ikkje trøytt, konstaterer han. Ytrøy med eit smil og går i land.
Næringsavisa i Askvoll
11
Tekst: Marianne Furevikstrand
- Ein gong ringde det ein dyrlege og bestilte taxibåt
akkurat då eg hadde fått på meg finstasen 17. mai. Så
då slapp eg å gå i tog. Hahaha! ler Vidar Olset.
- Men det var ei heime som ikkje var like fornøgd,
då, legg han til.
Det er nok ein del andre mannfolk som òg hadde
synest det var ok å sleppe togmaset, men det å vere
tilgjengeleg heile tida fordi ein kan bli kalla ut på oppdrag, det er det ikkje alle som taklar. Vidar Olset synest derimot at det er heilt greitt. Sånn har jobben
hans alltid vore. Det er sånn han tener pengar, då må
det berre vere sånn.
overnatte i Florø. Då er det billigare å ta taxibåten og
så får eg ein ekstra dag heime, seier Vidar Ytrøy.
”
.
12
Næringsavisa i Askvoll
NÅDDE MÅLET: Charlotte M. Rintler målte ei ny DNT-hytte kvar månad.
- Litt som James Bond; a new mission every month, seier den entusiastiske
kunstnaren. Her måler ho Råkeneset i Solund i regnet. Foto: Privat
Måler seg inn i heimane
Med flotte måleri og stor entusiasme satsar Charlotte M. Rintler no på å kunne leve av kunsten. I Stongfjorden får ho den roa
og inspirasjonen ho treng.
Foto: Marianne Furevikstrand
Charlotte May Rintler er kunstmålar og illustratør,
utdanna frå universitet i Manchester og kunstakademi i Milano. Ho er oppvaksen i Storbritannia,
men flytta til Askvoll kommune for åtte år sidan.
Ho og den dåverande ektemannen segla mykje,
både langs Norskekysten og nabolanda, og Charlotte likte roen som var her. I dag bur ho saman
med dottera og ny kjærast i det raude huset i
Stongfjorden.
- Her er eg nær så mykje av det som er fint å
måle. Eg liker roen og freden. I byen ville eg blitt
distrahert av alt muleg, heile tida, fastslår ho med
eit smil.
hennar når ho har sendt dottera med skulebussen
kvart over åtte. Då har ho den beste arbeidsøkta
fram til kaffipausen klokka 11. Av og til kjem ei
venninne på lunsj, men elles har ho dagane stort
sett for seg sjølv i huset og målar til klokka blir
rundt to. Viss ho er aleine, jobbar ho gjerne om
kvelden òg, men det er vanskelegare på grunn av
lyset.
På Norge Rundt
Siste året har Charlotte Rintler drive med eit spesielt prosjekt: Ho har reist rundt om i landet og målt
12 av hyttene til Den Norske Turforening (DNT).
NRK laga innslag om dette på Norge Rundt i beste
sendetid ein fredagskveld, og prosjektet har fått
Meir enn ein hobby
mykje merksemd elles både i aviser og på tv.
Charlotte har «alltid» målt, men tidlegare har foku- - Første turen var til Fondsbu i Oppland i februar i
set også vore på mange andre ting. No gjer ho alfjor. Eg såg på kartet og fann ut at eg sikkert kunne
vor av at kunsten skal bli levebrød.
gå på langrennsski frå parkeringsplassen og bort til
- Mange trur at det å måle, det er berre ein fest. hytta. Men det var langt, mykje lengre enn eg hadMen det er det ikkje. Eg har
de sett føre meg. Helutdanning i dette og no vil eg
digvis var NRK med på
bruke kunsten til noko meir
denne
turen for å filme,
Med kalenderen kjem eg
enn ein hobby, seier ho.
så dei tok seg av organiinn i husa til mange
Charlotte Rintler liker best å
seringa, og då hadde vi
måle i naturleg stil, slik at folk
snøskuter.
Elles ville eg
folk. Ja, altså ikkje
kjenner seg igjen. Landskap og
ha stroke med, fastslår
på ein ”creapy” måte
«dyr med karakter» er favoho.
rittane, men ho er open for
Bilda frå Norge Rundt
Charlotte M. Rintler viser at det var utfordmange ulike oppdrag. Av og til
får ho spørsmål om å måle ut frå
rande forhold for den
eit bilde, gjerne eit motiv som betyr mykje for kun- engelsknorske kunstnaren: Sola skein og reflekterden, som til dømes ein ferieplass eller eit barnte ekstra i snøen, målinga fraus og fingrane hennar
domsminne. Ein mann ho kom i snakk med under var stive av kulde.
ein middag bestilte eit stort måleri og kom eins
- Men eg var i grunn meir ukomfortabel med filærend frå Hønefoss for å hente det. Andre blir
minga, konstaterer Charlotte med eit smil.
heilt rørt når dei får sjå det ferdige resultatet. Då
Ho er glad i å vere ute i all slags vêr og elskar å sjå
blir den entusiastiske dama endå meir oppglødd og endringane i naturen. Å måle DNT-hyttene utanforstår at det ho gjer faktisk kan bety mykje for
dørs i alle årstidene har derfor vore ei fin og variert
andre.
oppleving for kunstnaren. Ved Helgedammen i
Charlotte jobbar også med kulissar for Sogn og
Finnskogen var det varmt og herleg, sjølv om ho
Fjordane Teater. Vanlegvis startar arbeidsdagen
var der i oktober. Charlotte følte det nærmast var
”
Næringsavisa i Askvoll
magisk. På Skongenes fyr vart ho derimot møtt
med skikkeleg kald nordavind.
Resultatet av DNT-prosjektet har blitt både måleri, kalender, postkort og ikkje minst utstilling der
ho fekk vist fram og selt alle produkta. Med utstilling tre stader på ein månad, vart det ein travel vår
for Charlotte.
Men ein ting er det kunstnariske, noko anna er all
organiseringa. Ho sendte ut 300 personlege invitasjonar i posten, skaffa lokale i Askvoll, Førde og
Oslo, ramma inn bilde, ordna alt med trykkeri og
andre praktiske ting.
- Eg har lært mykje om publisering, distribusjon,
trykking og organisering, slike businessting som vi
kunstnarar ofte er ganske dårlege på, legg ho til
med eit smil.
Ny nettbutikk
No har Charlotte Rintler også fått seg nettbutikk,
slik at du kan kjøpe både bilde, kort og kalenderar
på nettstaden www.charlottemayrintler.com.
- Eg har nett fått min første ordre. Eg er så oppglødd! ivrar ho.
LOKAL FAVORITT: Nipebu er velkjent for mange i
lokalområdet vårt. Den prydar april-oppslaget i
den flotte kalenderen.
13
om næringsfondet
10 spørsmål om: Næringsfondet
Tekst: Anne Hopland
1. Kva er eigentleg Askvoll kommune sitt næringsfond?
deling mellom kommunane og Innovasjon Norge.
Vi kan gje støtte opp til 30 prosent av totalkostnadene ved investering. For å kunne definere
noko som ei investering må det koste meir enn
15 000 kroner (utan meirverdiavgift) per objekt.
Mindre kostnadsbeløp vert vurdert å vere driftsutgifter og kan ikkje støttast.
Næringsfondet er eit virkemiddel for å styrke
næringsliv og busetting i kommunane. Det skal
stimulere til å skape arbeidsplassar gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv,
og gjennom etablering av nye verksemder i komVi kan òg gje støtte til bedriftsutvikling. Det kan
munen. Næringsfondet er ein del av dei regionale
til dømes vere etablerarstøtte, produktutvikling,
utviklingsmidlane som Kommunal- og regionaldepartementet overfører til Fylkeskommune og
Innovasjon Norge. Fylkeskommunen overfører
ein del til kommunane og dette utgjer dei kommunale næringsfonda. Noko går også til såkalla
«Regionale utviklingsmidlar» (RUP midlar).
5. Korleis går ein fram om ein vil søkje støtte frå
næringsfondet?
Frå og med i år (2014) skal alle søknader handsamast elektronisk. Det vil sei at du som søkjar går
inn på www.regionalforvaltning.no på internett,
registrerer deg og fyller inn opplysningane dine.
Når du har fylt ut trykkjer du berre send, så kjem
søknaden til oss og vi kan behandle den. Etter at
det kom krav om elektronisk levering er det di-
2. Kven er det som deler ut pengar frå fondet?
Det gjer omstillingsstyret når det er snakk om
summar over 100 000 kroner. Omstillingsstyret
har møte fire til seks gonger i året. Søkjer ein
mindre enn 100 000 kroner i støtte, vert søknaden handsama løpande av styret sitt arbeidsutval. Det er omstillingsadministrasjonen som
handsamar søknadene, innhentar utfyllande opplysningar, skriv framlegg til styret i kvar einskild
sak – og varslar søkjaren om utfallet av behandlinga.’
3. Kven kan søkje næringsfondet om støtte?
Det kan verksemder som er i etableringsfasen og
som treng finansiering for å komme i gang. Det
same kan etablerte bedrifter som treng støtte til
marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester, sertifisering eller opplæring. Totalkostnaden i eit bedriftsutviklingsprosjekt kan
ikkje vere over 200 000 kroner. Er den det må
den vidare til Innovasjon Norge. Tilskotsprosenten er her som hovudregel inntil 50 prosent, men
i samband med prosjekt som har særskilt betyding for kvinner, ungdom (under 35 år) og innvandrarar kan omstillingsstyret løyve inntil 75
prosent tilskot.
Tilskot til
«tiltaksapparat og
kunnskapsretta infrastruktur» kan til dømes
vere regionalt samarbeid, etableraropplæring som gjeld fleire,
samarbeid mellom
skule/næringsliv og
lokale analyser og utgreiingar. Tilskotsprosenten her er inntil 100
prosent utan øvre beløpsgrense.
ulike bedriftsutviklingstiltak. Har du eit arrangement som profilerer fleire bedrifter i kommunen
kan du òg søkje.
4. Om eg driv ei næringsverksemd, kva kan eg
søkje næringsfondet om?
Du kan søkje fondet om støtte til investering i
bygg, utstyr og maskiner når samla kostnad er
under 500 000 kroner. Er det over det må søknaden til Innovasjon Norge. Det er ei arbeidsfor14
Elles kan vi gje støtte til arrangement som har
som føremål å marknadsføre Askvoll kommune
mot personar som kan tenkje seg å flytte til Askvoll, etablere verksemd i kommunen eller investere i næringsutvikling i kommunen. Vi kan òg gje
støtte til arrangement som har som mål å utvikle
næringslivet i Askvoll så det vert meir konkurransedyktig. Eller til arrangement der ein vil profilere
fleire verksemder i kommunen på ein regional,
nasjonal eller internasjonal marknad.
verre ikkje lenger mogeleg å levere søknaden
direkte til oss på papir som tidlegare. Men om ein
får problem er det berre å ringe til oss, så hjelper
vi undervegs.
6. Kan ein ta kontakt for å diskutere søknaden før ein sender den inn?
Ja, klart det! Vi er her for å hjelpe og skal drive
rettleiing til søkjarar. Så vi svarar på spørsmål og
gjev råd heile vegen. Eg vil faktisk oppmode til å
ta kontakt før ein søkjer om ein er usikker. Då
slepp vi gå mange rundar for å få inn dei opplysningane vi treng, og søkjarane kan få tips og råd
om kva dei må hugse på å få med i søknaden.
7. Er det noko ein ikkje kan søkje støtte til?
Ja, ein kan til dømes ikkje få støtte til ordinær
drift i private verksemder, og kommunen kan
ikkje nytte fondet til å finansiere ordinære kommunale oppgåver. Ein kan heller ikkje få støtte til
sanering av gjeld, til aksjeteikning, varekjøp eller
grunnlagsinvesteringar. Det skal vere utviklingsretta og ikkje ordinær drift.
8. Er det andre krav til søkjarane, eller andre
ting ein bør hugse på?
Det er slik at næringsfondet skal vere utløysande
for at aktiviteten ein søkjer om skal komme i
gang. Ein kan difor ikkje søkje støtte til tiltak som
alt er i gang. Det vert og stilt krav om at ein i samanhengar der det er naturleg, opplyser om at
prosjektet eller tiltaket har fått støtte frå næringsfondet i Askvoll kommune.
Næringsavisa i Askvoll
om næringsfondet
Is og teater på næringsfondmenyen
Her er tildelingane for 2014 og 2013 (dei som ikkje var med i nr 1)
GOD SMAK: Både unge og gamle askvollingar er glade i soft-is. Også
omstillingsadministrasjonen har sansen - og løyvde 26 000 kroner til
softismaskin for Askvoll Sjøbuer. Foto: Marianne Furevikstrand
Helle fabrikker AS (bedriftsutvikling) kr 100 000
Jeff Pedersen Produksjoner (bedriftsutvikling) kr 100 000
Sumthin Magnetic (bedriftsutvikling) kr 75 000
Askvoll Sjøbuer AS (investering softismaskin) kr 26 000
Askvoll kommune (forprosjekt: Felles utviklingsorganisasjon i HAFS) kr 17 500
Seaweed AS (utvikling verksemd basert på algar) kr 138 000
Askvoll og Holmedal IL (Fjord-O Vest 2014) kr 25 000
Skjærgårdstreffet (støtte til felles marknadsføring sommarfestivalane) kr 20 000
Reiselivsutvalet i Askvoll Næringsutvikling (turistskilt i båthamna) kr 22 000
HAFS Regionråd (karrieremesse, profilering) kr 10 000
Askvoll Næringsutvikling (profilering av næringsliv/reiseliv) kr 25 000
Askvoll Sjøbuer AS (støtte til nytt konferanserom) kr 100 000
Askvoll Næringsutvikling (felles marknadsføring av festivalar i Askvoll) kr 30 000
Stongfjorden Vekst AS (brosjyre for tilflyttarar i regi av Bulystprosjekt) kr 65 000
Askvoll Vaksenopplæring (støtte til norskopplæring for EØS-borgarar) kr 6 825
Helle Fabrikker AS (støtte til rekruttering av produksjonsmedarb.) kr 100 000
Trappeprodusenten AS (støtte til investering i lakkeringshall) kr 150 000
Askvoll kommune (administrasjonskostnader) kr 40 535
9. Kor mykje pengar får kommunen
til næringsfondet per år?
Det varierer litt. For 2014 har Askvoll
kommune fått tildelt 677 196 kroner
til fordeling. Nokre år har vi òg hatt
«pengar på bok» frå året før. Det har
det blitt slutt på sidan vi vart omstillingskommune, og det er eigentleg
veldig gledeleg. Pengane skal ut og
jobbe! Mange verksemder har utviklingsprosjekt på gang og vi har fleire
nyetableringar. Så vi brukar no rubbel
og bit av fondet.
10. Kor mange verksemder får støtte
kvart år?
Det varierer veldig og kan vere alt frå
10 til 30 frå år til år, litt avhengig av
om vi køyrer større samla bedriftsutviklingstiltak i verksemdene. Då vi
hadde SMB-prosjektet (små og mellomstore bedrifter) i omstillingsregi
sakshandsama vi opp mot 30 søknader i året. Det er travelt, men veldig
kjekt! Då skjer det mykje i næringslivet. Det ser vi effekt av no; vi har fått
fleire nye verksemder og etablerte
verksemder utviklar nye produkt og
tenester - og tilset nye folk! Det er
nettopp det som er poenget med næringsfondet: Nyetableringar og utvikling av eksisterande næringsliv som
bidrar til rekruttering av nye askvollingar. Det er det næringsfondet bidrar til!
Næringsavisa i Askvoll
UNIKT: For nokre av dei utanlandske o-løparane vil løpet i Værlandet truleg vere det første møtet med havet. Då kan
det vere lurt med ein kikkert i løypa. Blant løparane som kjem er også verdsmeister Olav Lundanes.
Foto: Edvin Helle
Lokkar o-folket til Værlandet
Tekst: Marianne Furevikstrand
31. juli er det venta mellom 500 og 1000 orienteringsløparar til Værlandet. Løpet er eitt av fire løp i
arrangementet Fjord-O Vest. Dei tre andre løpa er i
Førde og Fjærland, altså «frå bre til hav».
- Løpet er i år arrangert med tanke på marknadsføring av den fantastiske naturen vi har i fylket.
Løpa gir stor omsetnad i distriktet, til overnatting
og anna, fortel Edvin Helle i orienteringsgruppa til
Askvoll og Holmedal idrettslag.
Om lag 40 prosent av deltakarane kjem frå andre
land. For å klare transporten ut til Værlandet har
arrangøren bestilt ekstra skyssbåtar.
- For ein barnefamilie med to vaksne og to barn
vil det koste 750 kroner berre å komme seg til og
frå Værlandet. Vi er redde for at dette kan føre til
at mange, spesielt utanlandske deltakarar, kuttar
løpet, seier Edvin.
- For at fleste muleg skal ha råd til å reise ut til
Værlandet og sjå den fantastiske naturen vår og
kanskje komme tilbake seinare som turistar, søkte
vi kommunen om tilskot, seier han.
Han takkar for tildelinga på 25 000 kroner, og han
nyttar samtidig sjansen til å takke bedriftene som
òg har støtta opp med midlar.
Også premiane på orienteringsløpa er Askvollprodukt: I løpet i Værlandet er det ørne- og steinsuvenirar som Gry Leite har laga, medan hovudpremiane på Fjord-O Vest er knivar frå Helle Fabrikker
i Holmedal.
15
Eit eventyr med gladlaksar
FØRDEFJORDEN: Flokenes fiskefarm har to lokalitetar; Skorva og Dyvika. Her er Magnar Leknes på anlegget i Skorva. Alle foto: Marianne Furevikstrand
Det vart nokre vakenetter på 80-talet. Men etter det har gladlaksane på Flokenes fiskefarm opplevd eit fantastisk næringseventyr.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Historia om Flokenes fiskefarm startar i ei bilkø på
fjellet tidleg på 1980-talet. Elektromontør Ingvar
Osland og skipsrørleggjar Steinar Hagesæther er på
veg til jobben på verket i Årdal. Dei er sånn passe
lei av dette pendlarlivet. Og medan dei sit der og
ventar på brøytebilen, seier dei til kvarandre; «Vi
skulle ikkje fått tak i konsesjon og starta med fiskeoppdrett i staden då?»
I 1983 startar dei opp det som skal vise seg å bli
ei aldri så lita suksessbedrift i Flokenes. Dei set ut
10 000 laks og investerer 3,5 millionar i flytebryggjer, ringar, merdar og anna utstyr. Første året får
dei veldig gode prisar.
Frå refinansiering til eventyr
Flokenes fiskefarm voks gradvis og fekk etter kvart
større konsesjonar og meir fisk. Men prisane har
variert enormt, frå 12 til 70 kroner kiloet. Som så
mange andre næringsdrivande fekk karane på fiskefarmen det tungt på slutten av 80-talet. Firmaet
måtte refinansiere. Men med ønske om å satse
vidare gjekk dei inn med nye pengar. Sidan den
gong har det økonomisk gått bra. Veldig bra.
- Det har vore ein fantastisk bransje å jobbe i. Det
er spennande til dømes å finne ut når det er best å
selje fisken og å finne dei beste måtane å gjere ting
på. For oss har det rett og slett vore eit eventyr. I år
har det til dømes vore fantastiske prisar, oppunder
16
50 kroner kiloet, fortel Ingvar Osland.
anlegget.
Flokenes fiskefarm har eitt utsett i året, i septem- Kva er vanlege arbeidsdagar her på bruket?
ber eller oktober. Andre har gjerne både vår og
- Vi prøver å halde det frå åtte til fire, men det er
haust, men flokenesingane har erfart at haustfisikkje alltid det går. Til dømes kjem båtane som leken er best, derfor konsentrerer dei seg berre om verer fôr når som helst på døgnet, seier Ingvar.
den.
På vanlege kvardagar er det seks personar på
jobb i Indre Flokenesvåg. Mykje av arbeidet er datastyrt og automatisert. Kvar måndag tek dei opp
Mykje rapportering
Mykje har endra seg på desse åra: På 80-talet fekk 20 fiskar frå kvar not, bedøver dei og tel lus. Vidare
dei sjølv fisken på land og køyrde den vidare til Nils er det mykje rapportering både om miljø, lus, kor
mykje mat fisken får, slakt og anna i produksjonen.
Sund og Solfisk. På mottaket der sløgde og pakka
dei fisken. Dei var også litt hos Solfisk på Gjølanger I helgene og på heilagdagar går dei vaktordning,
slik at dei heile tida får sjekka at alt verkar som det
i starten for å lære om oppdrett.
I dag blir fisken henta direkte frå anlegget ute på skal.
sjøen. Før fekk dei fôret tilkøyrt på kaia, og så frakLokal rekruttering
ta dei det ut sjølv. No leverer fôrbåten direkte til
Verken Ingvar Osland eller Steinar
Hagesæther hadde bakgrunn frå
oppdrett, men dei har lært svært
mykje undervegs. I 2003 vart også
Magnar Leknes og Eivind Rørvik
OFTE I BÅT: Ingvar Osland (t.v.),
Magnar Leknes og kollegaene har
totalt seks arbeidsbåtar til disposisjon. I desse dagar investerer dei
også ni-ti millionar kroner i ny fôrflåte. I bakgrunnen ser du bygget dei
har i Indre Flokenesvåg.
Næringsavisa i Askvoll
Kva betyr sommarfestivalane i
Askvoll for deg og di bedrift?
Kari Indrebø,
Husflidsbua
LYKKAST: Ingvar Osland kan sjå tilbake på eit skikkeleg næringseventyr. Eigarane av Flokenes fiskefarm
har tent gode pengar på lakseoppdrettet.
medeigarar i bedrifta. Begge var utplasserte
på Flokenes fiskefarm då dei gjekk på havbrukslinja på vidaregåande. Faktisk var Magnar den første i landet som tok fagbrev i dette
faget.
Seinare har også etterkommarane følgt opp:
Håkon, son til Steinar, held no på med fagbrev
i akvakultur. Frank, son til Ingvar, gjekk akvakulturlinje i Måløy og tok fagbrev i 2003. Slik
utdanning er god å ha om du vil inn i bransjen, men Ingvar legg vekt på at det også kan
passe med folk som har bakgrunn som elektrikar, rørleggjar eller snikkar, ettersom ein kjem
borti mykje variert arbeid.
- Eg synest det kjekkaste med jobben er å
vere ute og jobbe med fisken. Eller når eg må
reparere dieselmotorar, då kjem elektrobakgrunnen min til nytte. Det er ikkje alle dagar
det er like kjekt å jobbe ute, til dømes sure
vinterdagar når det er null grader og
snøslette. Men det er berre å kle seg godt og
snu ryggen til, fastslår Ingvar.
- Eg ser ikkje for meg at vi blir kjøpt opp,
seier Ingvar.
- Men skulle vi selt alt på rot, så hadde det
vel blitt rundt 200 millionar kroner, legg han
til.
Trass i at firmaet er ein liten aktør samanlikna med mange andre i oppdrettsbransjen, er
dei viktige bidragsytarar. Ikkje minst med tanke på arbeidsplassar og skatteinntekter til
Askvoll kommune.
- Det var mange vakenetter på 80-talet, men
i dag er vi ganske solide. Det blir sagt at dei
minste oppdretta faktisk er dei som har best
økonomisk margin, seier Ingvar.
- Kva er det de har gjort som har vore så
bra?
- Biologien: Vi har ypparlege lokalitetar.
Dessutan har vi flinke folk i jobb og smolten
har vore god, meiner Ingvar.
Fryktar Engebø-utbygging
- Kva er største utfordringa for Flokenes fiskefarm?
Straks i Hongkong
- Det er Engebø-utbygginga viss den kjem.
Kvart år produserer dei om lag 2000 tonn
Då blir store mengder avfall dumpa i fjorden,
laks. Frå 10 000 smolt i starten er dei no oppe og då må vi finne oss ein ny lokalitet, seier
i så mange som 450 000. Laksen bur i anlegIngvar Osland.
get i 15 til 18 månader og blir fem-seks kilo
Det er altså den mykje omtalte Engebøfør dei sender han vidare til slakteri. Der blir
saka, der Nordic Mining vil ta ut rutil frå Engehan pakka og så sendt vidare ut i Europa og
bøfjellet i Naustdal kommune, på nordsida av
Asia. Flokenes fiskefarm samarbeider med to Førdefjorden.
eksportørar, Norwell i Flora og Seaborn i Ber- Fagmiljøa diskuterer så fillene fyk om kor
gen. Begge bedriftene er dei medeigarar i.
store konsekvensane blir, men det er no uan- Mykje av fisken vår som skal til Asia blir
sett eit paradoks; om Nordic Mining skal få
sendt med fly. Det er litt artig å tenkje på at
lov til å dumpe fleire tusen tonn på fjordbotfisk som vi til dømes pakkar ned her ein tysnen, medan vi ikkje får ha fiskeoppdrett lengdag, kan vere i Hongkong allereie torsdagen, re inne fordi det er ein nasjonal laksefjord,
fastslår Ingvar.
meiner han.
I Europa er det spesielt Polen og Danmark
Ingvar trur kundane vil ha problem med å
som er store kundar. Også etterspurnaden på stole på bedrifta hans viss dei veit at det er ei
den russiske marknaden aukar.
forureiningskjelde i nærleiken.
- Sjølv om det ikkje skulle få direkte konsekvens
for fisken vår, vil folk vere skeptiske til
Store verdiar
produktet.
Utbygginga vil gjere noko med
Det er ikkje mange i Norge som berre har to
omdømmet til Førdefjorden, fastslår han.
konsesjonar. Utviklinga i bransjen er at dei
Men enn så lenge held eventyret fram i Indsmå blir kjøpt opp av dei store.
re Flokenesvåg.
- Kva med Flokenes fiskefarm?
Næringsavisa i Askvoll
- Det betyr meir
folk i bygda, og det
kjem mange innom
som vi ikkje ser her
til vanleg. Spesielt
Skjærgårdstreffet
er kjempedagar
med auka sal. Personleg synest eg
det er kjekt med
festivalane. Det er mange kjekke folk å treffe
og prate med, ofte mange eg ikkje har sett på
aldri den tid.
Ruben Fedøy,
Joker Bulandet/
Nikøy kafé
- Sommarfestivalane betyr sjølvsagt
auka aktivitet og
viktige inntekter for
Joker Bulandet og
Nikøy kafé. Dei er
også veldig god
marknadsføring og
omdømmebygging. Men det vi gjerne ser som
det aller viktigaste er at det skapar trivsel,
samhald og positivitet i bygdene våre, og såleis
er med å gjere det kjekt å bu her. Og så er det
jo moro med festival!
Turid Mattevik,
Storm Frisør
- Først og fremst blir
eg stolt av dugnadsånda vi har i
bygdene. Det er
også flott å kunne
vise fram bygdene
våre og mangfaldet i
kommunen, i tillegg
til den vakre naturen vår. Som bedriftseigar har eg mulegheit til
å vise fram kva vi har å tilby. For meg personleg betyr det òg at eg kan møte venner eg ikkje
ser så ofte og dessutan få nyte det lokale som
er i Askvoll.
17
18
Næringsavisa i Askvoll
Rom for
eventyrarar
SJEF: - Du ser kven som er sjefen, fleipar Olav
Hammersland og ser opp på kona Anne
Grete. Foto: Marianne Furevikstrand.
(Sjå fleire bilde på www.askvolliutvikling.no)
– Vi har ikkje eit luksuriøst hotell med lekre hotellsuitar. Men i Askvoll er det spa utvendig og uendeleg med mulegheiter, seier
eigarane på Askvoll Fjordhotell. Dei har tilpassa hotellet til opplevingshungrige gjester.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Førdianaren Anne Grete Tefre Hammersland, som er
dagleg leiar på Askvoll Fjordhotell, har vore i hotellbransjen sidan ho var 17 år.
- I starten rydda og serverte eg, og etter kvart har
eg vore innom alle stillingane du kan ha på eit hotell.
Einaste er «stuepike», det har eg faktisk ikkje vore
før eg tok over her i Askvoll, fastslår ho med eit smil.
Anne Grete har ikkje noko meir utdanning enn toårig handelsskule, men ho har teke utfordringane og
fått rikeleg med erfaring. Først på hotell i Førde, deretter to år i Oslo og ni år på Fagernes, før ho returnerte til Førde og dreiv Førde hotell saman med ein
annan. I 2004 selde ho seg ut.
- Vi hadde 23 millionar kroner i omsetnad. Kanskje
hadde det vore på tide å hauste litt av det. Ta seg ein
skikkeleg ferie, seier Anne Grete i dag.
Men ho og ektemannen Olav Hammersland begynte straks å sjå seg om etter anna å gjere. Dei ønskte
seg til ein mindre stad saman med dottera Silje, som
den gongen var 12 år. Og så var det no dette med
hotell og musikk dei likte å drive med.
- På hotell skal det vere folk tilgjengeleg 24 timar i
døgnet. Norge er eit dyrt land å drive hotell i og
mange i hotellnæringa slit no. To av tre går med underskot. Det ser ut til at dei som klarer seg godt er
flyplasshotella og dei som elles er gode på å tilby
opplevingar, seier Anne Grete.
Det meiner ho er noko av grunnen til at det går an
å drive hotell på ein såpass liten stad som Askvoll.
- Askvoll Fjordhotell er ikkje eit luksuriøst hotell
med lekre hotellsuitar. Men her er spa utvendig; her
er uavgrensa av opplevingar. Same kva veg du tek
når du går ut av hotellet her, er det fullt av mulegheiter; fjella, fjorden innover, Svanøy oppover, Værlandet og Bulandet utover. Her kan vere snø i fjella 30
minutt herifrå, medan det er vår her ute i Askvoll.
Her omkring finn du rett og slett noko for alle, ivrar
Anne Grete Hammersland.
- Det er tydeleg at stadig fleire turistar vil bruke
ferien sin på turar; til dømes opplevingar i fjellet og
kajakkpadling på sjøen. I dei nye romma får dei mulegheita til å bestemme tida meir sjølv, seier Olav.
Samtidig har fjordhotellet framleis dei meir tradisjonelle hotellromma, slik at gjestene kan velje.
Vil selje
Utfordringa no er at også Olav og Anne Grete ønskjer
å velje meir sjølv. Dei har drive hotell i så mange år,
og no ønskjer dei å overlate hotelldrifta til andre.
- Olav er 62 år og eg nærmar meg 60. Vi har ingen
til å ta over etter oss og må selje det, fastslår ho.
- Vi jobbar likevel for at hotellet skal ha ein god
posisjon på marknaden. Vi veit jo ikkje når rette kjøpar kjem; om det er no, om eit halvt år eller om fleire
år. Inntil vidare held vi på som før, seier Anne Grete.
Ho fortel at takstmannen som såg på hotellet i
Stort potensiale
samband med salet meinte dei hadde laga eit hotell
for framtida. Bygget er «shina» både utanpå og inni
Hotelleigarane meiner derfor at hotellet har stort
og lokala er meir effektive enn før. Mellom anna er
potensiale. Dei har også ein eigen hotellbåt, som
det lagt til rette for at éin person kan ta seg av både
tilbyr turar for både servering og vigsling. Hadde
kjøkkenet, innlosjeringa og alt som skjer i resepsjoAnne Grete og Olav vore yngre, hadde dei heller
«Kan ikkje gå»
ikkje kvidd seg på å byggje ut på nabotomta til hotel- nen, baren og forsamlingslokalet, utan å måtte
springe så mykje som tidlegare.
let, som dei også har kjøpt.
Dei vurderte eit hotell i Lofoten, men bestemte seg
Då dei tok vekk storsalen i fjor, var det fleire som
- Omdømmet til Askvoll har endra
for først å sjekke ut Askvellir
seg. For fire-fem år sidan var det my- trudde at hotellet ikkje lenger kunne ta på seg selHotell då det samtidig vart anskap, men dette avkreftar eigarane.
kje negativitet og skitkasting i avisa.
nonsert til utleige. Dei såg på
- No kan vi ta mot tre selskap samtidig. På festmidMen det har skjedd mykje. No er det
Askvellir, men meinte det var
dagen til bruopninga i desember var det til dømes
snudd til optimisme og positivitet,
mykje som burde gjerast med
150 personar her, og vi kunne ha vore endå fleire,
fastslår ho.
hotellet for å få skikkeleg drift.
Anne Grete og Olav har investert for seier Anne Grete.
Plutseleg hadde dei i staden
Anne G. Hammersland fleire millionar, mellom anna for å få
Kva som skjer når dei sel hotellet, veit dei førebels
kjøpt det og begynt oppussinga
ikkje. Dei har blitt glade i Askvoll og hotellet, og begbetre romkapasitet. Dei har måtte
sjølv.
ge ønskjer å jobbe nokre år til. Utanom hotellet køyseie nei til busslaster fordi dei ikkje kunne ta mot
Mange sa til dei at det å drive hotell i Askvoll, det
rer Olav også buss og spelar i bandet til Steinar Engkom ikkje til å gå. Men Anne Grete trivst best når ho alle, men i april i fjor kunne dei ønskje gjestene velkommen til ni nye rom som har eigen inngang, kjøk- elbrektson.
har noko å bryne seg på.
- Vi vil gjerne jobbe, men vi har lyst på mindre an- Eg er ikkje så god på å jobbe når dagane blir like. ken og bad.
svar. Eit hotell må heile tida vidareutviklast og vi er
- Det er veldig in no med det vi kallar
Eg liker variert og utfordrande arbeid, fastslår ho.
«sjølvhushald». Fleire i bransjen vurderer dette, og vi ikkje svoltne nok lenger. Vi må finne nokon andre
Første året gjekk dei med underskot på grunn av
store investeringar. Etter det kan dei vise til positive var nok svinheldige med at vi satsa slik då vi gjorde, som er det, seier Anne Grete og Olav.
seier Olav.
tal heile vegen.
19
Næringsavisa i Askvoll
”
Vi er ikkje
svoltne nok no
20
Næringsavisa i Askvoll
Næringsavisa i Askvoll
21
22
Næringsavisa i Askvoll
Næringsavisa i Askvoll
23
24
Næringsavisa i Askvoll
SEI FRÅ: For folk som kjem utanfrå kan det vere hardt å finne seg eit krypinn. Dei veit ofte ikkje kvar dei kan søkje, husveret er gjerne ikkje annonsert – eller dei veit
ikkje kven dei kan spørje. Vi oppmodar alle om å bruke www.askvolliutvikling.no.
Illustrasjonsfoto: Marianne Furevikstrand
«Har du noko ledig?»
Tekst: Anne Hopland
Utleigemarknaden i Askvoll er ofte basert på
jungeltelegrafen, og ein må forhøyre seg
gjennom vener og kollegaer. For folk som
kjem utanfrå kan det vere vanskeleg å finne
seg ein hybel, ei ledig leilegheit eller eit hus
til sals eller leige. Dei veit ofte ikkje kvar ein
kan søkje, husveret er gjerne ikkje annonsert
– eller dei veit ikkje kven dei kan spørje.
Det er enkelt å bruke sida; du trykkjer på
ein av dei blå knappane, legg inn ei epostadresse og lagar deg eit passord. Det er
alt!
Registreringa går fort, og du treng berre
gjere det ein gong. No kan du bruke alle databasane på nettsida: Ledige stillingar, ledig
husvere, kva skjer osv.
da! Registrerer deg på same måte og du kan
leggje ut tekst, kart, bilde og kontaktinfo
utan kostnader.
Betre synlegheit
Viss du vil at annonsa di skal synast med bilde på framsida av websida berre «flaggar»
du artikkelen (trykk på flagget oppe til høgre
i redigeringsvindauget) og alle får sjå bilde og
Annosér gratis for næringstomter og bygg til annonsa di! Då vert du synleg for alle som er
Annonsér gratis
leige eller sal!
innom nettsida.
På www.askvolliutvikling.no kan du òg leggje
på www.askvolliutvikling.no!
Dette er det no ordning på! No kan du leggje ut det du måtte ha til utleige eller sal for be- Kontakt oss om du treng hjelp til
ut det du har av ledig husrom GRATIS og med driftsmarknaden heilt gratis. Næringsbygg,
registrering!
næringstomter, kontorlokale for sal eller lei- [email protected]
BILDE på websida til omstilling:
www.askvolliutvikling.no.
ge – alt kan du annonsere gratis på websiTlf 975 24 098
Næringsavisa i Askvoll
25
HØYRER MED: - Når magasina har reportasjar om illustratørar er det alltid med ein katt eller to på bilda, konstaterer Even Bøthun med eit smil. Illustratøren i Askvoll er sjølvsagt ikkje noko dårlegare. Foto: Marianne Furevikstrand
Teiknar sin eigen arbeidsplass
Even Bøthun har sagt opp den trygge lærarjobben og satsar alt på å livnære seg som illustratør i Askvoll. – Å skape sin eigen arbeidsplass er toppen av det ein kan gjere, meiner han.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Even Bøthun er oppvaksen i Dale og gift med askvollingen Camilla Steinsland Hansen. Dei budde i
Bergen før dei slo seg ned på heimgarden hennar i
Straumen for få år sidan. Even har bakgrunn frå
studiar i visuelle kunstfag, grafisk kommunikasjon
og digitale foto, og han har jobba på kulturskule på
Askøy og som koordinator på kunstnarsenteret i
Dale. Dei siste åra har han vore lærar på Holmedal
Montessoriskule.
Cappelen avgjerande
Medan han jobba der tok han illustratørjobbar
utanom. Men fordi tida ikkje strekte til, måtte han
takke nei til enkelte oppdrag. Då han etter kvart
fekk signal frå Cappelen om at dei ville bruke han
fast, tok Even sjansen og satsa på eige firma.
- Med Cappelen-avtalen visste eg at eg var sikra
fast inntekt og at hobbyen kunne bli noko meir. Å
skape sin eigen arbeidsplass er toppen av det ein
kan gjere. Du må satse, men du får jobbe med det
som driv deg, meiner Even Bøthun.
Derfor er han ikkje typen som går rundt og uroar
seg for om det blir nok arbeid. Han veit at mykje er
muleg, men at det står på han sjølv. Rett nok vedgår han at han ikkje er så god på marknadsføring.
Eigentleg har han aldri hatt den store trongen til å
vise fram det han lagar.
- Eg vil helst berre bruke tida på å utvikle meg.
Sjekke ut det eg blir nysgjerrig på, fastslår han.
Even har illustrert både bøker og framsider på
ulike bøker. Største ordren no går på omslaga til
ulike bokseriar, såkalla kiosklitteratur.
- Fleire spør om eg les bøkene før eg illustrerer
dei, og svaret er altså nei, seier han med eit smil.
- Eg ser reint fagleg på dette. Eg får stikkord om
kva som skal vere med og så jobbar eg utifrå det,
legg han til.
Faktisk liker han best å lese oppslagsverk sjølv.
Kanskje litt sært, men fint for nysgjerrige Even som
liker å finne ut av nye ting.
Kor lang tid han bruker på illustrasjonane varierer
veldig. Prosessane er svært ulike; enkelte gonger
kjem det ein god og klar idé ganske kjapt. Andre
gonger må han eksperimentere meir fysisk med
måling og teikning før han redigerer materialet
digitalt, eventuelt lagar kollasjar.
Kanskje er du av dei som har blitt bitt av Game of
Thrones-basillen? Visste du at Even laga framsida
til dei første utgjevingane som kom på norsk? Men
så vart bøkene «dessverre» filmatisert, og då ville
forlaget bruke bilde frå filmen i staden på grunn av
gjenkjenningseffekten.
Viktigast å ha det bra
På spørsmål om han ser føre seg at bedrifta skal
vekse, svarar han:
BARNEBOK: Denne illustrasjonen er henta frå barneboka «Kribledagar» som kom ut i fjor. Media skreiv
mellom anna at «det går lang tid mellom kvar gong ei
meir estetisk og forlokkande bok er på marknaden».
26
Næringsavisa i Askvoll
PÅ FRAMSIDA: Even Bøthun leverer tre-fire illustrasjonar i månaden til
Cappelen. Dei blir brukt
som framsider i bokseriar.
- For at dette enkeltpersonføretaket skal vekse seg større må eg leggje
om kosthaldet, men storleiken per
dags dato er eg nøgd med: 73 ½
kilo… Det konstante gnålet om vekst
må ein sjå i eit globalt perspektiv,
seier han.
- I oppstarten av bedrift ligg inntekta i vasskorpa mellom kva ein har råd
til og kva ein ikkje treng. Dette er bra
å kjenne på og kan forhåpentlegvis
vere med på å danne varige verdiar
på korleis ein kan og bør leve, seier
han med eit aldri så lite snev av alvor.
- Sjølvsagt har eg ein trong til å
utvikle meg sjølv, lære meir, men eg
jobbar ikkje på for at bedrifta skal
vekse seg stor. Det viktigaste er faktisk å leve livet, seier han.
Even innser at han kunne halde
seg meir oppdatert og kanskje vere
meir samtidsengasjert viss han hadde valt å bu i byen, men her i Askvoll
føler han at han får meir tid til å eksperimentere.
- Kvifor flytta de til Askvoll?
- Vi var skikkeleg lei av by’n. Til slutt
flytta vi til ei tømmerkoie på fjellet i
Sogn, utan straum og vatn, berre for
å ta det heilt ned nokre månader,
fortel han.
No har han kontor og studio heime
i huset på Løvollen i Straumen.
- Eg klarar meg godt i eige selskap.
Slik situasjonen er no passar det meg
godt å ha arbeidsplass heime, men
det kan vere aktuelt å flytte firmaet
ut herifrå etter kvart, seier han.
ke i praksisperioden på sjukepleiarutdanninga. I denne perioden har Even
også hatt første kurs i det han kallar
Salong1, som er ein del av firmaet
hans. Det er eit tilbod for unge som
ønskjer å utvikle seg i teikning eller
måling, eller som har lyst til å bruke
datamaskina til å lage bilde. Salong1
starta med at ei jente ville at Even
skulle vurdere eit bilde ho hadde gått
vidare med på Ungdommens kulturmønstring.
- Det gav meg «sparket i røvi». No
har eg hatt kurs i snart to månader
og vil halde fram, samt utvide, tilbodet framover. Vi møtest ein gong i
veka her hos meg og jobbar med
bilde, alt ut frå ståstaden og interessa til deltakarane. Poenget er å skape
ein plattform for samtale, inspirere
ungane og få dei til å jobbe med eigne ferdigheiter og mulegheitene for
kva bilda kan nyttast til. Dei som har
vore med no er nok ungar som er
meir enn gjennomsnittleg interesserte i temaet. Og dei lærer forferdeleg
fort, seier han.
På arbeidsplassen i heimen har han
flust av bøker og oppslagsverk som
kan gje inspirasjon til både han sjølv
og deltakarane på kurset. Førebels
har han sikta mot dei unge, men han
utelukkar ikkje kurs for vaksne etter
kvart. Han er glad i å jobbe med ungar, fordi dei er så opne og direkte.
- Og så er dette mitt bidrag til å gje
idretten litt konkurranse, seier han
med eit smil.
- Når dei unge kjem på ungdomskulen vel dei ofte å vere med på aktivitetar der fleire er med. I Salong1 kan
Inspirerer unge
dei vere samla og gjere noko kreativt
For tida bur Even og dei tre kattane
mykje aleine, ettersom kona bur vek- i lag på ein annan måte, seier han.
Næringsavisa i Askvoll
27
GODE: - Å bli kåra til nest beste hamna i landet er kanonreklame. Samtidig er det store forventningar og vi må innfri,
seier søskenparet Dag og Gry Leite. I fellesferien er hamna
stappfull av båtar frå fjern og nær. Alle foto: Marianne Furevikstrand
Dreg folk i hamn
- Du må velje familien din med omhug, seier Gry Leite med eit smil. Saman med storfamilien sin har ho fått
til eit gjestfritt og unikt hamnetilbod i Værlandet. Faktisk det nest beste i landet.
Foto: Marianne Furevikstrand
hadde mange idear, men ting tok tid. No er det
Tidlegare i år hadde Båtmagasinet avstemming
fjerde året vi har kro her og tredje året med fugleom kva som var den beste gjestehamna i Norge.
senter, seier Gry.
Blant mange konkurrentar langs norskekysten
kom altså Værlandet gjestehamn på andreplass i Eigd av tre søsken
kåringa.
Det er «tante Gry» som oftast frontar bedrifta,
- Tenk på kva store plassar som Stavanger og
men dei tre søskena Gry, Dag og Bård eig ein treHorten har å tilby. Andre kan lokke med badeland del kvar. Mange vart kjent med Bård då han delog kjøpesenter, og så blir vi nummer to, gliser
tok i TV2-programmet The Voice, men til vanleg
storebror Dag Leite.
jobbar han for Aker Solutions. Dag bur på Værlan- Kvifor gjorde de det eigentleg så bra?
det og jobbar som stasjonssjef på Loran-C. I fripe- Dei sa det var vertskapet og servicen, seier
rioden annakvar veke er han mykje i hamna.
Dag.
- Han er «the magic man». Fiksar alt, fastslår Gry
Gry Leite smiler. Det har teke tid å komme dit
med eit smil.
dei er i dag. Faktisk gjekk det ti år å få på plass alt i I tillegg er det «faderen» Tor, som kjem tidleg og
hamna. Med eit sterkt ønske om at det «skal skje går seint, spelar trekkspel på kaia, vedlikeheld
noko», at folk skal komme til bygda deira og ha
sykkelparken og reparerer ting for besøkande,
det kjekt, har Leite-folket jobba på. Dei har hatt
mora, som Gry må «jage heim frå kjøkkenet om
fleire ministrar på besøk og investert både peng- kvelden», tek òg unna det meste av papirarbeidet.
ar, kreativitet og tolmod. I dag har Værlandet
Ungar og tanteungar der drivande flinke å jobbe
gjestehamn kro og pub i nytt, stort bygg med sto- her, og i tillegg tante Ruth som guidar turistane
re vindauge ned mot hamna. Her får du nydeleg
rundt i øyane. Alle hjelper til. Alle vil at folk skal ha
mat, unikt Alden-øl, ørnereir på storskjerm og
det bra når dei er i Værlandet gjestehamn.
ikkje minst; eit nasjonalt sjøfulgsenter.
Det skal seiast at også matserveringa gjer til at
- Løyvingane kom litt etter litt, og vi var usikre på folk vil vere her. Men akkurat denne jobben har
om vi kunne satse så stort.
dei sett vekk til nokon utanom
Men då den store løyLeite-slekta. Faktisk hadde dei
vinga kom var det berre Beste reklame for oss
60 søkjarar til kokkejobben, og
å gje flat pedal, seier
er overbevist om at dei
er at turistane trivst Gry
Gry.
valde den aller beste. Den
Norsk Sjøfuglsenter er totalt sett i Bulandet svenske kokken er ikkje mindre
eigd av ei eiga stifting,
enn «verdas beste kokk» ifølog Værlandet.
men det er Leitegje Tor Leite.
familien som eig bygget
Derfor får du nydelege rettar
Gry Leite
og er besøkskontakt for
som er laga frå botnen, med
«vil-vite-senteret» om norsk sjøfugl. Ideen kom då gode, lokale råvarer som villsau, hjort, skaldyr og
store delar av Værlandet vart verna.
fisk. Maten kan du nyte medan du følgjer med på
- Gjennom eit naturbruksprosjekt ville vi snu det livet i ørnereiret på storskjerm. Eit artig påfunn
til noko positivt; at vi kunne vise fram og informe- som starta opp for nokre år sidan. Kvart år kjem
re om kva som faktisk er her. Og så ville vi lage ei det to nye ørnekyllingar som får namn etter noskikkeleg kro og kople dette i hop. Vi var gira og
kon som har betydd noko spesielt siste året. I fjor
28
”
fekk ungane namna Vegard og Bård, etter dei nye
tv-songstjernene. Rett nok litt spesielt når det var
ein han og ei ho, men det brydde ikkje ørna seg
noko om.
Foreldra heiter no Nils og Frida, oppkalla etter
den dåverande fylkesordføraren og noverande
ordførar i Askvoll kommune. Ørneungane vart
fødde i slutten av april og blir – sympatisk nok –
verande i reiret medan Gry og co har høgsesong
og mykje kundar innom.
Godt opplegg for bedrifter
Sesongen er ganske kort og hektisk for Værlandet
gjestehamn, men eigarane ønskjer å strekkje den.
Derfor prøver dei heile tida å utvikle seg. Det siste
nye er satsing på teambuilding for bedrifter.
- Bård og Dag har lage ei ny løype til slikt bruk.
Denne inneheld til dømes frisbeeløype, kanonskyting med isprosjektilar, quiz, sildekasting i staden for hesteskokasting, og eit digert labyrintbord
som dei har laga sjølv, fortel Gry.
Det er også gode mulegheiter for fisking, sykkelturar i det særeigne landskapet, fjellturar opp på
Alden - og ikkje minst ørnesafari.
- Folk kan berre ta kontakt med oss, så skreddarsyr vi opplegg for både private og bedrifter. Då
dryp det litt på alle og det blir meir liv i bygda,
seier Gry.
Det er til dømes velforeininga som eig gamleskulen, men det er Leite-gjengen som driv overnattingstilbodet med 22 senger fordelt på sju rom.
Før du kjem kan du sende handleliste på e-post til
jokerbutikken, så står varene klare i kjøleskåpet
når du kjem fram.
- Overnattingstilbodet er ikkje business i seg
sjølv, men vi ser det ikkje isolert. Vi tenkjer heilskap, både for oss som bedrift og heile samfunnet
Værlandet/Bulandet, og då kan det gå. Vi sender
like gjerne båtturistane med sykkel ut til matservering i Bulandet. Det er viktig med alle tilboda
som er her, at vi får til ting, seier Gry Leite.
Næringsavisa i Askvoll
SOM FUGLEN: Norsk Sjøfuglsenter er ei interaktiv utstilling med 12 stasjonar basert
på digital teknologi og kvalitetssikra naturinformasjon.
- Beste reklamen for oss er at turistane trivst her
totalt sett, at dei snakkar om det og får lyst til å
komme tilbake. Då er det ikkje nøye om dei er i
Bulandet eller Værlandet, legg ho til.
Det som manglar er overnattingsplassar med høg
standard. Dei disponerer rett nok gamleskulen,
men mange vil gjerne ha einerom med bad og kjøkken. Derfor jobbar værlendingane med å få til
hytter.
LOKALT ØL: I samarbeid med Kinn Bryggeri har Værlandet gjestehamn utvikla ølet
Alden, kvalitetssikra av nokre «Aldekara». Det får du berre kjøpt på Værlandet.
vekst og godt miljø på heimstaden sin. Det jobbar
dei gjerne lange dagar for å få til, sjølv om løna kanskje ikkje står i stil med innsatsen. Men omsetnaden har auka kvart år. Dei er på veg dit dei skal.
Denne patriotismen lyste også frå tv-skjermen då
Vegard Leite var med i talentkonkurransen Idol på
TV2. Til slutt vart han som kjent nummer to og fekk
mange fans rundt om i landet.
- Då hadde vi nettopp bygt opp det her, og så stod
Vegard og snakka om Værlandet og heimepuben
Lokalpatriotar
sin i beste sendetid kvar fredag. Det passa oss alDet er noko med haldninga til denne Leite-gjengen. vorleg godt! fastslår Gry og ler.
Dei har vore med og jobba i hamna heile livet, på
No er dei spente på kor stort utslag kåringa i Båtfaren sin verkstad. Då dei budde vekke for å gå på
magasinet utgjer.
skule, lengta dei heim. Og no ivrar dei for å skape
- Det er plass til 50-60 båtar her. På Nordsjøport-
helga hadde vi ein gong 113 båtar, fortel Dag.
For sjølv om Værlandet gjestehamn ikkje kan
freiste med kjøpesenter, så har dei Joker med unik
service. Treng turistane å handle, kan dei bruke
Joker-bilen som står til disposisjon i hamna. For at
båtfolket skal sleppe å gå dei to kilometerane bort
til butikken på ferjekaia, stiller nemleg Joker med
gratis bil.
- For oss er det heilt avgjerande med kjøpmenn
som Arnt Henning Blom. Han har døgnope for oss
og har berga oss mange gonger, fastslår Gry og Dag.
Arnt Henning og Gry gjekk i same klasse på barneskulen. Der var også to andre som i dag driv næring
i Værlandet. Alle jobbar for arbeidsplassar og å skape liv på Værlandet. Det må vere noko i havlufta.
* Syrefaste skilt for industri,
offshore og skipsfart
* Plastskilt og treskilt
* Folie (båt- og bildekor)
* Skilt i messing og aluminium
* Firmagåver
Judith og Øyvind bruker gravering, fresing, laser,
folie og sandblåsing i skiltproduksjonen.
Høg kvalitet, rask levering, konkurransedyktige prisar!
Næringsavisa i Askvoll
29
1
2
Få med deg
sommarmoroa i Askvoll!
Med tre ulike festivalar blir det verkeleg liv i Askvoll kommune i sommar. Både i Værlandet, Askvoll og på
Atløy lovar dei konkurransar for små og store, salsbuer, god mat, variert musikk, artige aktivitetar og mykje
folk i sommarstemning.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Svært mange utflyttarar og turistar legg ferien hit
nettopp til datoane for festivalane. Det er desse
helgene du treffer gamle kjende, derfor er det
berre å krysse av datoane viss du ikkje allereie har
gjort det:
Først ut er Nordsjøporthelga i Værlandet 4. til 6.
juli. To veker etter, 18. til 19. juli, er Skjærgårdstreffet i Askvoll. Sist ut er Krabbefestivalen på Atløy 25. til 27. juli.
Dei tre sommarfestivalane i Askvoll kommune
3
30
samkøyrer i år mykje av marknadsføringa gjennom fellesannonsering. Næringsfondet har støtta
dei med 20 000 kroner.
plassen, underhaldning frå scena utover dagen,
veteranbilløp og utekonsert på kvelden.
- I år har vi eit folkrockpreg på konserten. Det
har med publikummet vårt å gjere; folk her vil ut
Spenstigare
på fest, treffe andre og ha det moro, seier han.
Alle dei tre arrangørane byggjer vidare på suk- To av dei som skal spele er populære Staut og
sessfaktorar frå tidlegare, men dei prøver også å
Ni Liv, det blir veldig bra. Og så er vi svært glade
finne nye element til dei besøkande.
for at vi for første gong kan tilby fellesbillett for
- Skjærgårdstreffet jobbar for å gjere ting endå
alle dei tre plassane der det er musikk og servebetre enn tidlegare. Vi fekk ein ny start i fjor og
ring; både på Askvoll Sjøbuer, Askvoll Fjordhotell
har verkeleg noko på gang. Om ti år er vi kanskje ti og utekonserten på marknadsplassen, seier Erlinggonger så store, kven veit, seier ein engasjert ErPaul Eikemo.
ling-Paul Eikemo.
Han og resten av dugnadsgjengen kan presente- Travelt og kjekt
re fleire nye påfunn til årets festival:
Men først ut er altså Nordsjøporthelga første hel- Vi skal ha nattklubb for eldre ungdom, viss vi
ga i juli. Bulandet og Værlandet deler på ansvaret
kan kalle pensjonistane det. Det er eit scoop, mei- annakvart år, og i år er det Værlandet som har
ner han.
gleda av å ta mot folkehavet.
- Det blir god og proff dansemusikk fredagskvel- Eg håper på godt vêr og at folk storkosar seg
den på Askvoll samfunnshus, i samarbeid med
slik som dei bruker å gjere her. Folk går rundt og
seniordansarane. Det har eg stor tru på, fortel
pratar, er i godt humør, drikk kaffi og et is på kaia
han.
og ser på alle salsbuene. Det er denne helga somPå dagtid fredagen blir det som tidlegare år ulike maren verkeleg begynner, seier Gry Leite.
aktivitetar for ungane på Øyra, noko som bruker
Ho jobbar i Værlandet gjestehamn og konstatevere svært populært både for fastbuande og tilrei- rer at akkurat denne helga er det berre å innstille
sande. På kvelden blir det ungdomskonsert på
seg på å «døgne», nett som ungdommen.
festivalområdet.
- Vi held det gåande til klokka fem om natta og
- Dette har utspring frå ungdomsrådet. Dei har
så er det opp igjen klokka sju. Det er den desidert
laga sin eigen klubb under Askesus Musikklubb og travlaste helga i året, men alvorleg moro, legg ho
kallar seg for Askebrus. Dei satsar på fleire konser- til.
tar i haust, og det er spennande, seier Erling-Paul
Laurdag er den tradisjonelle marknaden i hamimponert.
na, mellom anna med sal av glaskunst, stein, fiskeHan legg til at ungdommen har valt tøff musikk skinnsbilde og mykje anna variert. Arnt Henning
til konserten på Skjærgårdstreffet: Først lokale
Blom fortel at dei eitt år var oppe i så mange som
talent, deretter rapduoen Cir.Cuz.
48 buer, men vanlegvis er det rundt 30.
Laurdagen er det marknad med spennande salsDei held også fram med motbakkeløpet som var
buer, forskjellige aktivitetar for ungane på rådhus- arrangert for første gong i fjor; «Alden Opp».
Næringsavisa i Askvoll
4
5
6
7
FESTIVALMORO: Glimt frå Nordsjøporthelga, Skjærgårdstreffet og Krabbefestivalen. Foto: Rune Follevåg (nr 1 og 4), Kurt Rutledal (nr 2, 3 og 5 og Evelyn Kjørvik (nr 6 og 7).
- Det er eit verkeleg flott løp, både for familiar
og dei som vil konkurrere. Det er jo ei øy midt i
havet og ei fantastisk utsikt. Du ser så langt vest
som du kan, men det får løparane gjerne ikkje tid
til å sjekke før dei kjem opp. Dei får sjå seg litt
ekstra om når dei er på toppen, fastslår Gry og ler.
På kveldstid kan dei roe ned, eller for så vidt gire
opp endå meir, til dans og pub.
- Dansen er frå 15 år og oppover, og det er musikk både i Værlandet og Bulandet, legg Gry til.
- Vegard Leite er blant dei som skal spele, seier
Arnt Henning Blom.
Søndag blir det utegudsteneste med
«seglarpresten» Kjell Svarstad, i båten Lauvanger i
hamna på Værlandet. Det blir også dåp for dei to
videoovervaka ørneungane, men truleg blir dette
gjort laurdagen uavhengig av presten.
For dei som ønskjer å vere med på aktivitetar
eller berre drøse med kjentfolk og turistar, er det
berre å møte opp både laurdag og søndag.
- For oss i Værlandet gjestehamn er det ei kjempehelg reint økonomisk, men vel så viktig er det at
Værlandet og Bulandet har ei helg der «alle ungdommane vil heim». Det er kjekt å få vere med på
å lage til ein trivselsfaktor som er så alvorleg viktig
for folk, seier Gry Leite.
og sjølvsagt det populære krabbebordet.
For krabbefestival utan krabbe, det går ikkje an.
Derfor var arrangøren noko heit i toppen i fjor då
dei ikkje fekk i gang fyrkjelen laurdag morgon.
- Heldigvis kom det ein elektrikar og fiksa det,
slik at det vart krabbe til alle. Men i år har vi for
sikkerheits skuld ein plan B på kokinga, fortel Harriett Norstrand med eit smil.
Ho forsikrar at det blir mykje god og billig krabbe
å kose seg med også i år. Vanlegvis kjem det 13001400 besøkande på Krabbefestivalen. Til saman
kokar arrangøren opp 2100 kilo krabbe, det meste
av det kjøper dei frå lokale fiskarar. Fråflytte atløyningar kjem heim, båtfolk og andre tilreisande
strøymer til - for å få med seg den uformelle og
gode stemninga på Herland. Folk pratar med alle
og et krabbe, og etter kvart blir det gjerne både
allsong og trekkspelmusikk.
Men i år har dei også tenkt nytt og fått fram fleire aktivitetar for ungdommane.
- Vi prøver å få meir action på området. Det blir
mellom anna paintball, boksing for dei over ti år,
sjørøvarskute med galne piratar, meir futt i salsbuene, barnepark og krabbeball, oppsummerer
Harriett.
- Nytt er det også at vi har ei slags utstilling der
folk kan få innsyn i korleis ting vart gjort i gamleMeir for ungdommane
dagar, til dømes med rokk, karding, bøting og likPå Atløy er det også slik at alle vil heim til Krabbe- nande, fortel ho.
festivalen siste helga i juli. Dei held fram med sals- Eit «vennleg motbakkeløp» kan ho også freiste
buer, ta-sjansen-konkurranse med heimelaga bå- med, til toppen av Brurastakken.
tar, underhaldning, dans på tre plassar på kvelden
Søndagen er det utegudsteneste ved HerNæringsavisa i Askvoll
landsvatnet, før det brakar laust med ein ungdomskonsert av den tøffe sorten.
- Publikum bør få med seg konserten med Tingorkesteret. Det er utvalde deltakarar frå kulturskulane i HAFS og skikkeleg rock ’n’ roll, seier Harriett.
- Kva er det beste med å lage festival?
- Det er nok at vi har det veldig moro i lag. Det er
inspirerande å jobbe dugnad når alt går så godt og
du veit at det kjem inn ein del pengar til dei tre
bygdehusa på øya, seier Harriett.
Og for å få folk på dugnad har dei ein spesiell vri
på Atløy; dei set like godt opp heile øya på lista.
- Dei som ikkje kan må ringje og seie frå. Det
fungerer fantastisk bra. Men vi lagar det sånn at
alle som vil skal få med seg ein del av festivalen
som deltakar òg, seier ho.
Atløyningane bruker dessutan å vere heldige
med vêret.
- Det er nesten utruleg, men kvart år ligg skodda
tett og myggen svart fram til det begynner å lysne
fredagen. Laurdagen er det blikkstille i hamna. Og
søndag kveld, når vi har rydda inn borda, då styrtregnar det. Eg trur det har skjedd tre år på rad no,
fastslår Harriett med eit smil.
Vi satsar på godvêr også i år, og ønskjer at du tek
turen til sjarmerande Værlandet, Atløy og Askvoll.
Her er det lyst, ope, hav og mulegheiter. Det gode
sommarliv finn du i Askvoll kommune – om du
skulle vere i tvil.
31
32
Næringsavisa i Askvoll
Næringsavisa i Askvoll
33
Får ørna på nært hald
Foto: Geir Olsen
Geir Olsen i Værlandet har blitt kompis med ørna. Det blir det unike bilde og gode opplevingar av. Lyst til å vere med på tur?
Tekst: Marianne Furevikstrand
Florøværingen Geir Olsen slo seg ned i Værlandet
for eit par år sidan. Han synest området er fantastisk på alle måtar, særleg med tanke på fuglelivet
og naturen.
- Eg driv mykje med havfiske. Før måtte eg reise
halvannan time for å komme til målet, her er det
berre eit kvarter, konstaterer han fornøgd.
Til vanleg jobbar han i Nordsjøen, men dei fire
vekene han er heime mellom kvar tur, liker han å
vere ute og utforske naturen. Noko av det som
fascinerer han mest er havørna. Han prøvde å reise
ut på sjøen og kaste fisk til ørnene, og etter kvart
kom dei ganske nær båten hans. Spesielt eitt ørnepar set pris på maten til Geir og kjem trufast kvar
gong. Det er Nils og Frida, som også blir overvaka
med direktesending til storskjermen på Tante Grys
Pub i Værlandet gjestehamn.
sjølv om heile Norge vart kjent med den fantastiske
stemma hans i TV2-programmet, har han ingen
planar om å underhalde gjestene med song.
- Blir det mange ungjenter på ørnesafarien då,
skal tru?
- Nei, eg trur no at ørnesafarien blir eit så interessant tilbod i seg sjølv at folk kjem på grunn av det,
seier Vegard med eit smil.
Vegard gler seg til å få guide folk på ørnesafari.
Han er sjølv oppvaksen med sjøen og begynte å ro i
hamna i Værlandet allereie då han var fire år. Eigen
båt fekk han då han var ti. Det er med andre ord
ein lokalkjent og båtvand kar Geir Olsen har fått
med på laget. Også Vegard har kjøpt seg hus i Værlandet og jobbar i Nordsjøen. Derfor vil han gjerne
bidra med noko kjekt i heimbygda når han er heime i friperiodane, til liks med Geir.
Kriblar i magen
Kjendisguide
Når journalisten får vere med dei to karane på sjøKvar gong ørna kjem flygande for å hente opp mat, en er det ein del vind. I hamna blir det ymta framstår Geir klar med kameraet. Han innrømmer at
på at det ikkje er sikkert at ørna er like villig til å
han stadig jaktar på det perfekte bildet. Han tenkjer gjennom kva side av båten han bør kaste fisken slik at lysforholda blir best. Det har resultert i
nokre fantastiske nærbilde av ørna.
- Etter kvart begynte eg å leike med tanken om at
det heilt sikkert var fleire som var interesserte i å
sjå ørna på nært hald. Kanskje kunne vi ta med folk
ut på sjøen og mate ørnene, seier han.
Og no er altså tilbodet om ørnesafari i gang.
Gjennom Gry Leite og Sjøfuglsenteret kan kven
som helst no få vere med ut i båten til Geir og oppleve ørna. Han har dessutan fått seg ein medhjelpar, slik at det kan vere ørnesafari også når Geir er
vekke på jobb i Nordsjøen. Kompanjongen er Vegard Leite, betre kjent som «Idol-Vegard». Men
komme då. Men vi prøver. Etter få minutt legg Geir
og Vegard båten i ro like nord for Landøya. Geir
kastar ut nokre loffskiver slik at måsen kjem fykande. Det skal få ørna til å tru at det er fisk å få.
Og ganske riktig: Ørna kjem med ein gong.
- Når ørna har to svoltne ungar i reiret, slik som
Nils og Frida har no, er dei fryktlause i matauken,
fastslår Geir.
Han strekkjer ut handa og viftar med fisken, slik
at ørna skal få det med seg. Så kastar han fisken i
sjøen. Ørna susar elegant i retning båten, går inn
for landing 20 meter frå oss og snappar med seg
fisken før ho flyr tilbake til reiret. Sjølv om vestlendingar flest har sett ørn mange gonger, er det
eit kick å komme så nær. Enkelte gonger har ørna
vore så nær som ti meter med sine 2,5 meter i vengjespenn. Dette må vere spennande både for vaksne og ungar, lokalfolk og tilreisande.
- Vi har førebels ikkje marknadsført ørnesafarien.
Men berre dei bilda eg har lagt ut på nettet har ført
til at fleire naturfotografar har teke kontakt og vil
vere med på tur, fortel Geir.
KJENDISGUIDE: Mange hugsar Vegard Leite frå TV2programmet Idol. I Værlandet skal han no også underhalde med ørnesafari. Foto: Marianne Furevikstrand
34
Næringsavisa i Askvoll
Kva betyr sommarfestivalane i
Askvoll for deg og di bedrift?
Oddveig Lyngstad,
Rivedal galleri:
LOKKAR: Geir Olsen frys ned mykje fisk i løpet av året slik at han alltid har ørnemat på lager. Ørna set stor
pris på serveringa, spesielt viss det står pale på menyen. Foto: Marianne Furevikstrand
Han har vore bevisst på å ha på seg forskjellige
jakker når han er ute for å mate ørna, sånn at
ho blir van med at det kan vere ulike folk i båten. Han har også hatt med seg ein del elevar
frå Bulandet skule. Då var han usikker på om
det kom til å gå, det vart trass alt meir lyd og
fleire personar enn vanleg. Men ørna kom då
òg. Også då han for kort tid sidan byta båt,
reagerte ørna minimalt. Det gjer at Geir vurderer å stille ørnegaranti; at du får pengane tilbake viss ørna ikkje kjem. Men først vil han teste
ut tilbodet ei stund.
- Ørna kjem gjerne tilbake fleire gonger etter
kvarandre. Ho flyg berre til reiret med maten,
før ho prøver igjen. Derfor kan vi ta mange
turar i løpet av ein dag, meiner han.
Når journalisten er med kjem ørna tilbake
med ein gong for å sikre meir mat til ungane.
- Ein gong kasta eg uti ein liten uer. Den var
ho tydelegvis ikkje heilt fornøgd med, så då
MAJESTETISK: Når ørna er på jakt etter fisk,
bryr ho seg ikkje om dei som er i båten til Geir
Olsen. Mange vil nok oppleve at det kriblar i
magen når ørna kjem så nær. Foto: Geir Olsen
sirkla ho rundt her til eg kasta uti ein fisk til. Då
tok ho den med seg i den andre kloa, slik at ho
hadde to fiskar på ein gong, fortel Geir med eit
smil.
Følg ørnene på storskjerm
Også syklusen til ørna er finfin med tanke på
turistsesongen: Ørna har ungane i reiret frå
slutten av april og heile sommaren, akkurat når
det er mest folk som besøkjer Værlandet. På
Tante Grys Pub i hamna kan dei også følgje
med via overvakingskameraet.
Den dagen vi er utpå, ringjer Vegard Leite til
bestefaren Tor for å fortelje at ørna no har
henta mat. Då følgjer Tor og fleire andre med
på skjermen, og etter eit par minutt dukkar
ørna opp med fisken.
Førebels er konseptet om ørnesafarien under
oppbygging, og du kan kontakte gjestehamna
om du er interessert i å få deg ein tur.
- Vi ser ikkje for oss å bli rike av dette tilbodet, men vi trur det kan vere moro for mange å
bli med. Det finst ørnesafari både i Nord-Norge
og land som Skotland og England, så kvifor
ikkje prøve det her i Værlandet? undrar Geir.
- Det er nok Dalsfjordveka som
har bidratt mest positivt til besøk i Rivedal galleri, men med
ny bru, og dermed mange fleire
som køyrer forbi på veg til Askvoll, kan det nok hende eg også
vil merke auka trafikk i samband med festivalane i Askvoll. Eg kjem uansett til å ha ope oftare enn før, i nytt
lokale (framleis i same tunet).
Arnt Henning Blom,
Værlandet Handel:
- Først og fremst er det
viktig for å få utflyttarar og
andre heim ei helg i
året sånn at vi får vist fram
kva som skjer her. Det kan
vere med å påverke dei til å
komme oftare eller til å
flytte til kommunen
vår. Som butikkeigar er det sjølvsagt bra for handelen.
Inger J. Loftheim,
Askvoll Sjømat og
Delikatesser:
- Sommarfestivalane i Askvoll
betyr mykje for vår bedrift.
Sommaren er i utgangspunktet den tida på året vi har
aller mest å gjere. Då er det
mykje turistar i både båtar
og på hytter, men også
mange som kjem heim til familie. Når det i tillegg er
noko spesielt som skjer, drar det endå litt fleire folk og
ikkje minst at dei blir kanskje ein dag eller to ekstra i
vakre Askvoll.
Reidun Leiknes,
Mølla
- Festivalane er sjølvsagt bra for butikkane i
Askvoll. For vår del gir
spesielt Skjærgårdstreffet gode dagar og
veldig god handel. Det
er viktig både for butikken og sentrum å ha
slike arrangement. Eg
synest personleg det er kjekt når det er mykje folk og
moro i Askvoll, og det er fint å sjå at folk kosar seg her.
Næringsavisa i Askvoll
35
36
Næringsavisa i Askvoll
Foto: Tor Einar Erikstad
Vikane industriområde og hamnebassenget i Askvoll
Tekst: Britt Hansen/PwC
Omstillingsorganisasjonen i Askvoll har, saman
med Askvoll Næringsutvikling, tatt initiativet til å
gjennomføre eit forstudie der føremålet var å
avklare marknadsbehov og marknadspotensiale
for etablering av ei supplybåthamn i kommunen,
samt moglegheitene for annan landbasert verksemd i Vikane.
Konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers AS
vart engasjert til å gjennomføre forstudiet.
Det er i dag høg aktivitet i den nordlege Nordsjøen knytt til olje og gass, noko som ein ser att i utviklinga i Flora kommune. Her er det mål om stor
sysselsettingsvekst innan maritime næringar. Ser
ein på Askvoll kommune, er eit av konkurransefortrinna den gografiske plasseringa. Askvoll ligg ut
mot Nordsjøen, midt i skipsleia nord-sør, med kort
avstand til Bergen, Mongstad, Florø og oljefelta i
Nordsjøen.
Utgangspunktet for forstudien er ei vurdering av
hamnebassenget/industriområdet Vikane ved
Askvoll sentrum. Det er gjennomført kartlegging,
analyse og oppsummering med utgangspunkt i
følgjande informasjonsgrunnlag:
- Gjennomgang av relevant dokumentasjon som
planverk, rapportar, analysar, studiar, mm
- Intervju med relevante ressurspersonar lokalt og
regionalt
Resultata vart presentert på eit folkemøte på
Askvoll Sjøbuer i april.
Oppsummering:
Askvoll hamnebasseng og det tilstøytande industriområdet Vikane sitt klare fortrinn er geografisk
plassering. Dette gjeld spesielt i forhold til næringane oljeindustri, supply, fiskeri og havbruk,
Næringsavisa i Askvoll
samt maritim industri.
- Det er ikkje marknadsgrunnlag for å jobbe vidare
med etablering av fullskala supplybåthamn med
det spekteret av tenester som oljeoperatørar
spør etter.
- Eventuell ny aktivitet i Vikane må vere eit supplement til det som skjer på Fjord Base og andre
oljebaser.
- Det mest aktuelle er som avlastningsområde, og
då må ein etablere djupvasskai.
- Innanfor supply er det marknadspotensiale for ei
djupvasskai då det er mangel på dette mellom
Florø og Mongstad.
- For supplyrederi kan eit slikt tilbod vere interessant både som ventekai, mannskapsbytte og for
lagring av utstyr. Dette vil også gjelde for andre
typar fraktefartøy.
- Dette vil kunne medføre etterspørsel etter andre
tenester som forsyning, drivstoff, lager, mv.
samt godt laste- og losseområde.
2. Avklar tillat forureining, støy, lys, mm.
3. Følg opp konkrete aktørar som kan ha interesse
i å etablere seg på området.
4. Avklare kommunalt eigarskap og finansiering.
Kommunen bør avklare kva som er naturleg og
mogleg med omsyn til eigarskap, samt offentlege
finansieringsordningar.
Dette bør inngå i marknadsføringa av området.
5. Marknadsføring av området.
Det er behov for å avklare marknadsmateriell,
marknadskanalar og gjennomføring.
På folkemøtet i april kom det i tillegg innspel om å
definere området som ei «grøn hamn» der tilgang
til straum og avfallshandertering er ein del av tilNår det gjeld landbasert aktivitet knytt til maritim bodet.
industri er det allereie aktørar i Vikane som ynForstudien er behandla i omstillingsstyret den 9.
skjer å etablere tenester retta mot fritidsbåtmark- april. Omstillingsstyret rår til at organiseringa av
naden.
vidare arbeid vert avklara med prosjekteigar AskDet er aktørar innanfor marin industri som vur- voll kommune. Omstillingsstyret rår til at Askvoll
derer området som aktuelt. Vikane kan vere inte- kommune arbeider vidare med dei anbefalte tilråressant for desse ut i frå geografisk plassering.
dingane i rapporten.
Heile rapporten finn du her: http://
www.askvolliutvikling.no/Næringsliv/
Forstudien avsluttar med fylgjande
Havnebassenget.aspx
anbefalingar:
1. Utarbeide ein plan for heile området:
- Småbåt/fritidsbåt (lagring, service og vedlikehald) i tilknyting til eksisterande småbåthamn
- Oppdrett/maritim industri – mindre kai utan stor
djupne, men avhengig av areal på land
- Supply-/djupvasskai – solid kai med god djupne,
Er du interessert i området?
Ta kontakt med bygg/eigedomssjef Helge Follevåg
i Askvoll kommune eller Britt Hansen, prosjektleiar for omstillingsarbeidet.
37
Vere med i ANU?
Askvoll Næringsutvikling (ANU)
jobbar for å samle reelle og potensielle næringsdrivande for næringsutvikling i Askvoll kommune. Vi har
i dag nesten 50 medlemsbedrifter i
kommunen, og vi har plass til
mange fleire.
Styret
I styret i dag sit Sissel Igland (leiar),
Heidi Furevikstrand (nestleiar),
Terje Bjaanes, Tone Oddekalv og
Roy Sævik. Torbjørg Aasen og Kenneth Herland er vara.
Kva kostar det å vere medlem?
0-1
årsverk kr. 1.000,Fleire prosjekt
1,1-5 årsverk kr. 2.000,ANU deltek i fleire prosjekt, nokre i
5,1-10 årsverk kr. 3.000,regi av ANU sjølv, andre som delta10,1-20 årsverk kr. 4.000,kar. Nokre av desse prosjekta er:
20,1- årsverk kr. 6.000,etablering av reiselivsforum, Erih
Prosjektet, utgjeving av næOm du ynskjer å bli medlem eller
ringsavis, Kystvegen, tilflytting og
har noko på hjartet, ta kontakt
rekruttering. Vi deltek òg i fleire
med ein av oss i styret!
styringsgrupper, som utvikling av
Olsetvikane og utgreiing om felles
næringslivsorganisasjon i HAFS.
Kjenner du til ei bedrift
vi bør skrive om i
Næringsavisa i Askvoll?
Eller aktuelle personar,
prosjekt eller nye planar i
næringslivet?
Send ein e-post til
o
[email protected]
eller brev til
Anne Hopland,
Omstillingsorganisasjonen,
6980 Askvoll.
38
Næringsavisa i Askvoll
Skal forme
sentrum
Foto: Rolf Bjaanes
Tekst: Anne Hopland
Askvoll kommune/omstilling skal leige inn ein
landskapsarkitekt til eit forstudie knytt til sentrumsutforming.
Forstudien skal resultere i ein illustrasjonsplan
for Øyra, samt for friarealet ved sentrumshamna i
Askvoll sentrum. Lag og organisasjonar har blitt
invitert til å komme med innspel og ønske for
utforming, og invitasjon er gått ut til fem landskapsarkitektar om å levere pris på arbeidet.
Næringsavisa i Askvoll
Planen skal illustrere tiltak og forslag til
utforming og tilrettelegging for dei to områda.
Resultatet vil liggje til grunn for den vidare utviklinga og eventuelt detaljprosjektering av tiltaka
dersom ein finn rom til å gå vidare til sjølve realiseringa.
Askvoll kommune har i lag med Omstillingsorganisasjonen laga to program for utarbeiding av
landskapsplan som du kan laste ned og lese frå
nettsida www.askvolliutvikling.no. Programma
skisserer planstatus, grunntilhøve og ønske for
områda, og skal liggje til grunn for arbeidet vidare.
Kommunen har invitert lag og organisasjonar i
sentrum til å komme med «ønskelista» for kvart
av områda. Innspela ligg til grunn for bestillinga av
landskapsarkitekten.
Kontaktpersonar for prosjektet er rådgjevar
Jeroen Van Gangelen og rådgjevar Anne Hopland.
39
Næringsquiz
Kan du mykje om næringslivet i Askvoll? Ta testen her og bli med i
trekninga om den tøffe Askvoll-skjorta. Eit lite tips er at du truleg vil
finne alle svara i avisa du no held i… Send svaret innan 15. juli til
Anne K. Hopland, Omstillingsorganisasjonen i Askvoll kommune,
6980 Askvoll, eller på e-post [email protected].
vinn kul
t-skjorte!
1. Kva heiter manageren til Alfred Bamse?
2. Kva heiter stoffet som blir kalla
”den femte smak”, som finst i tare?
3. Kor mange år har Arve Leiknes
venta på å få reparert hustaket sitt?
4. Kor mange generasjonar Olset
har drive taxibåt på Atløy?
5. Kor er Stongfjord-kunstnaren
Charlotte M. Rintler frå?
6. Kva grend får besøk av fleire
hundre orienteringsløparar i
sommar?
7. Kor mange tonn laks produserer
Flokenes fiskefarm kvart år?
EKSKLUSIVE: Dei to flotte vårdølingane Velaug Helle Eikemo
og Håvard Helle viser fram Askvoll-skjortene du kan vinne
ved å delta i konkurransen vår. Foto: Anne Hopland
Stilig Askvoll-skjorte til sals!
I vinter fekk vi ei spesialdesigna t-skjorte for Askvoll kommune.
- Poenget er å byggje opp identiteten og stoltheita til askvollingane. Vi vil også vise at Askvoll ønskjer å vere ein gründerkommune, fortel styringsgruppa for omdømmeprosjektet.
På skjorteryggen er det ei dame og ein mann på tur i storslått
natur i Askvoll kommune. Den slitte skreppa til dama inneheld
«Rom For Eventyr», og vi kjenner òg igjen kulturen i kommunen
til alle glade turgåarar som bur her. Postnummera til dei sju
større stadane i Askvoll kommune finn du på vegskiltet der dei
to tar seg ein pustepause.
Bodskapen er enkel: Kor går du hen? Kor finn du ditt rom for
eventyr i Askvoll kommune? Er det i Askvoll, Atløy, Bulandet,
Holmedal, Kvammen, Stongfjorden eller i Værlandet?
På baksida kan du òg sjå Geita fyr. Fyret symboliserer
40
her gründeren som er sjølve fyrtårnet, den som vågar å stå aleine og som viser veg. Alden står som navigeringsmerket for tilreisande og for dei unge som berre skal ut i verda for så å vende
fort tilbake...
Det er Stongfjord-kunstnaren Charlotte May Rintler som har
laga teikningane, i samarbeid med omdømmegruppa.
T-skjortene er mørkeblå med teikning og tekst i turkis. Dameskjortene har V-hals og herreskjortene har ordinær rund hals.
Prisen er 200 kroner.
Kanskje du har lyst på ei? I tillegg til at det er premie i næringsquizen i avisa vår, kan du sjølvsagt få kjøpe den. Stikk innom rådhuset i Askvoll eller bestill på e-post:
[email protected].
Næringsavisa i Askvoll