Hav, Hovud og Hender

Download Report

Transcript Hav, Hovud og Hender

Hav, Hovud
og Hender
Askvoll Sjøbuer
6.11.2014
kl 10.30 – 17.15
– ein konferanse om kompetanse, utdanning
og rekruttering i sjømatnæringa.
Den marine verdiskapinga skal auke kraftig. I 2010 var omsetnaden på 90
milliardar kroner. Det er anslått at den i 2050 vil vere på over 550 milliardar
– ei seksdobling frå dagens nivå!
Kva type kompetanse vil utviklinga krevje? Korleis kan den marine næringa
best rekruttere? Kva krev det av samspel og samarbeid mellom næringane og
utdanningsinstitusjonane? Dette er nokre av spørsmåla vi vil sette søkelys på i
Askvoll den 6. november.
Øystein Sandøy, medeigar/styrmann/skippar på line/garnbåten «Sjøvær», vil
lede oss gjennom dagen.
Vi byr på innlegg frå Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond,
Måløy vidaregåande skule, Opplæringskontoret for fiskeri og havbruksfag,
samt Meløy vidaregåande skule. Frå næringa kjem foredragshaldarar frå
Arbeidsgruppe Sjømatnæringar, Marine Harvest, Seaweed AS, Sogn Aqua
AS og YoungFish.
Målgruppa for konferansen er alle involverte og interesserte i marin næringsutvikling innan havbruk, fiskeri, sjømat og bioteknologi samt utdanningsinstitusjonar knytt til desse. Enten du er oppdrettar, fiskar, fiskeforedlar,
utstyrsleverandør, politikar, byråkrat, lærar, rådgjevar, forskar, investor eller
Petter Smart, så vil kompetanse, utdanning, nettverk og rekruttering vere
sentralt for framtidig utvikling.
Kjem du?
VERTSKAP
Askvoll kommune er vertskap for konferansen.
Askvoll har i ein avgrensa periode ei ekstraordinær satsing for å styrke eksisterande næringsliv
og bidra til nyetableringar. Kommunen har i
Utviklingsplanen for 2013 – 16 sagt at sjømatnæringane, med leverandørindustri, skal vere eit
satsingsområde.
Kommunen har ein moderne kystnotflåte, fleire
oppdrettsanlegg, settefiskanlegg under planlegging, to fiskeforedlingsbedrifter og fleire
leverandørbedrifter til både fiskeri og oppdrett
Kva krev utviklinga i
den marine næringa
av samspel og samarbeid mellom
næringane og utdanningsinstitusjonane?
Konferansier:
Øystein Sandøy,
medeigar/skippar på line/garnbåten ”Sjøvær”.
Fødd og oppvaksen i Bulandet i Askvoll, budd i Måløy sidan 1986. Har drive
sjøen aktivt sidan 1973, avbrote av ymse skulegang. Tidlegare leiar av Sogn
& Fjordane Rederi foreining. Skriv i tidsskriftet ”Norsk Fiskerinæring” og har
måndagskommentar i FiskeribladetFiskaren.
Sjøvær Havfiske A/S er eit 2. generasjons reiarlag, grunnlagt i 1963. Dagens
”Sjøvær” er den fjerde båten i reiarlaget, er 40 meter lang, med ein bruttotonnasje på 573 og sysselset 25 mann.
Innleiarar:
Solveig Willis, leiar Arbeidsgruppe Sjømatnæringar
Kvalitetsleiar i Salmon Group, med kontor i Florø. Agronomutdanna ved Mo
Jordbrukskule, og akvakulturutdanna ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Har
jobba i oppdrettsnæringa sidan slutten på 80 - talet, som røktar, driftsleiar,
driftskoordinator og kvalitetsleiar.
Styreleiar for OKFH (opplæringskontoret for fiskeri og havbruk). Leia «arbeidsgruppe Sjømatnæringar» som ga innspel til Verdiskapingsplanen for
Sogn og Fjordane fram til 2025.
Rein Design
Astri Pestalozzi,
Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF)
Audun Oddekalv,
Seaweed AS, Værlandet / Bulandet, Askvoll
Prosjektleiar i FHF sitt FoU kompetanseprogram. Har tidlegare arbeidd i
havbruksforvaltninga på fylkesnivå, i Fiskeridepartementet og i Fiskerinæringa sitt kompetansestyre. Dei siste åra før ho byrja i FHF, arbeidde ho med
vidaregåande opplæring.
Medeigar og dagleg leiar i Seaweed AS (2014), og i Værlandet Fiskeredskap
AS (1996). Utdanning: akvakultur og landbruk. Arbeidsbakgrunn: Fiskeoppdrett, fiskeindustri, landbruk. Seaweed AS vil dyrke og foredle tare.
Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) er eit offentleg forvaltingsorgan underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, frå 01.01.2014. FHF
skal skape meirverdi for sjømatnæringa gjennom næringsretta forsking og
utvikling, og vert finansiert 100% av næringa gjennom ei FOU-avgift på all
eksport av sjømat på 0,3 %.
Sicelie Troland, Youngfish
Bjørn Kvalheim, Opplæringskontoret for fiskeri
og havbruksfag i Sogn og Fjordane (OKFH)
Dagleg leiar for OKFH, utdanna frå BI, og har bakgrunn frå sal / eksport hjå
Domstein og Coast Seafood AS.
OKFH er eigd av 80 medlemsbedrifter i Sogn og Fjordane, og har ansvaret
for organisering av fagopplæringa for ca. 50 lærlingar i fiskeri- og havbruksrelaterte yrke i fylket. OKFH driv og med rekrutteringsarbeid til desse
næringane.
John Heimvik, Måløy Vidaregåande Skule
Rådgjevar ved Måløy vidaregåande skule. Undervist på akvakultur, naturbruk
og restaurant og matfaga sidan 1993.
Sicelie er salsleiar, Sør Norge, hos Steinsvik Aqua AS, ein utstyrsleverandør til
oppdrettsnæringa. Her representerar ho YoungFish, ein frivilleg organisasjon
som har som formål å tilby ein kompetanse- og nettverksbyggande møteplass for unge under 35 år knytt til havbruksnæringa.
Knut-Eirik Svendsen,
avdelingsleiar Meløy vidaregåande skule
Snart 25 år som faglærar i fiske og fangst og akvakultur. Arbeidde som fiskar
og røktar på oppdrettsanlegg før høgskuleutdanning i akvakultur.
Meløy vidaregåande skule tilbyr Vg1 naturbruk, Vg2 akvakultur og Vg2 fiske
og fangst, totalt ca 50 elevar. Skulen har i tillegg til teoribygg, eige opplæringsfartøy, mottaks- og produksjonsanlegg for fisk, reiskapsverkstad og
landbasert oppdrettsanlegg som inneheld visningsanlegg og Newtonrom.
Musikkinnslag:
Anna Hlin og Øyvind Selvik.
Har praktisk pedagogisk utdanning, tilleggsutdanning innan karriererettleiing og pedagogikk. Høgskulekandidat innan fiskeriretta bioteknologi, Møre
og Romsdal fiskeritekniske høgskule.
Kathrine K. Larsen, Marine Harvest Norway AS
Human Resources (HR) manager i Region Vest. Har master i HR fra England
og jobber med alt innen feltet.
Marine Harvest ASA er verdas største oppdrettsselskap av laks med 10.000
tilsette i 22 land.
PRAKTISK INFORMASJON
OG PÅMELDING
Konferansestad: Askvoll Sjøbuer, Askvoll sentrum
Jan Brekke, Sogn Aqua AS, Bjordal, Høyanger
Starta opp og er dagleg leiar av Sogn Aqua. Selskapet driv landbasert kveiteoppdrett og utviklar landbasert oppdrettsteknologi.
Konferanseavgift: kr 850,- Elevar/studentar: Gratis
Påmelding med fakturaadresse: Seinast 3. november
Påmelding til: [email protected]
Båt frå / til Bergen har ankomst / avgang Askvoll kl 10.50 / 17.40
Båt frå Florø har ankomst / avgang Askvoll kl 09.15 / 19.05
Askvoll Sjøbuer