INVITASJON Eit nytt haveventyr

Download Report

Transcript INVITASJON Eit nytt haveventyr

Askvoll Sjøbuer
5.11.2013
kl 10.30 – 17.30
Eit nytt
haveventyr!
– EIN KONFERANSE OM VEKSTPOTENSIALET I MARIN NÆRING
VERTSKAP
Askvoll kommune er vertskap for konferansen.
Askvoll har i ein avgrensa periode ei ekstraordinær satsing for å styrke eksisterande næringsliv
og bidra til nyetableringar gjennom omstillingsprogrammet. Kommunen har i Utviklingsplanen
for 2013 – 16 sagt at sjømatnæringane, med
leverandørindustri, skal vere eit satsingsområde.
Kommunen har ein moderne kystnotflåte, fleire
oppdrettsanlegg, settefiskanlegg under planlegging, to fiskeforedlingsbedrifter og fleire leverandørbedrifter til både fiskeri og oppdrett.
Konferansier:
Den marine verdiskapinga skal auke kraftig. I 2010 var
omsetnaden på 90 milliardar kroner. Det er anslått at den
i 2050 vil vere på over 550 milliardar - ei seksdobling frå
dagens nivå!
Odd Jordheim, Norsk Sjømatsenter
Direktør for Norsk Sjømatsenter, utdanna siviløkonom frå NHH. Nærmare
30 års erfaring frå ulike stillingar i sjømatnæringane. Styreleiar i Bulandet
Fiskeindustri.
Kva må til for at småsamfunna langs kysten av Sogn og Fjordane skal
få ei sentral rolle i den framtidige veksten? Dette spørsmålet vil vi sette
søkelys på i Askvoll den 5. november.
Norsk Sjømatsenter jobbar med utvikling av sjømat, - både mot publikum og
bedrifter. Dei 13 tilsette tilbyr m.a. utvikling og leiing av prosjekt og rådgjeving for bedrifter i utviklingsarbeid.
Mange gode krefter vil vere samla. Vi har foredragshaldarar frå SINTEF,
Ewos, Marine Harvest, Coast Seafood, Salmon Group, Norges Sildesalslag,
Sogn og Fjordane fiskarlag og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Den nye
kyst- og fiskeriministeren er invitert.
Debattleiar:
Nils Torsvik, journalist
Torsvik har vore redaktør i Fiskaren og FiskeribladetFiskaren i nesten 20 år.
Han har no ei skrivande stilling i avisa.
Målgruppa for konferansen er alle involverte og interesserte i marin næringsutvikling innan havbruk, fiskeri, sjømat og bioteknologi. Enten du er
oppdrettar, fiskar, fiskeforedlar, utstyrsleverandør, politikar, byråkrat,
forskar, investor eller Petter Smart, så vil samspel, kommunikasjon og
dialog vere sentralt for å kunne ta ut vekstpotensialet.
Kjem du?
Kva må til for at
småsamfunna langs
kysten av Sogn og
Fjordane skal få ei
sentral rolle i den
framtidige veksten?
Innleiarar:
?
Fiskeri- og kystdepartementet
Fiskeriministeren er invitert, men grunna nær føreståande regjeringsskifte
veit vi ikkje kven som kjem.
Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for fiskerinæringa, havbruksnæringa, sjømat- tryggleik, fiskehelse og –velferd, samt hamner, infrastruktur og beredskap.
Rein Design
Ulf Winther, Sintef Fiskeri og Havbruk AS
Øyvind Kråkås, Salmon Group
Forskingssjef og medforfattar til rapporten Verdiskaping basert på produktive hav i 2050.
Informasjonsmedarbeidar i Salmon Group. Fødd og oppvaksen i Solund.
Mastergrad i medievitskap ved UiB, med spesialisering i emnet «Tolkingsrammer for lakseoppdrett i norske media».
SINTEF Fiskeri og havbruk AS har brei kompetanse og kunnskap i å utnytte
fornybare marine ressursar. Instituttet skal bidra til å finne løysingar på
utfordringar langs heile den marine verdikjeda.
Salmon Group er verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap med 44 aksjonærar og base i Bergen.
Per-Roar Gjerde, Marine Harvest Norway
Ruben Fedøy, Sogn og Fjordane Fiskarlag
Regiondirektør i Marine Harvest Norway Region Vest. Utdanna siviløkonom
ved Norges Handelshøyskole. Bakgrunn frå sal av laks, bank, og økonomi
innanfor internasjonale oppdrettsselskap.
Ruben Fedøy er kystnotfiskar busett i Bulandet i Askvoll. Han er nestleiar i
Askvoll fiskarlag, som er medlem av Sogn og Fjordane fiskarlag. S & F fiskarlag er eitt av sju fylkeslag i Norges Fiskarlag.
Marine Harvest ASA er verdas største oppdrettsselskap av laks med 10.000
tilsette i 20 land.
Norges Fiskarlag er både fagorganisasjon og næringsorganisasjon for norske
yrkesfiskarar. Laget organiserar fiskarar, lott-takarar, og fiskebåtreiarar og er
på denne måten ei foreining både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, så
vel som enkeltmannsføretak.
Atle Kvist, Ewos AS
Administrerande direktør. Før det, produksjonsdirektør med bl.a. ansvaret
for utvidinga av EWOS sin fabrikk i Florø.
Lena Merete Søderholm,
Sogn og Fjordane fylkeskommune
EWOS er verdas leiande leverandør av fôr til lakseoppdrett og er til stades
i Norge, Chile, Skottland og Canada, samt Vietnam. I Norge har EWOS
fabrikkar i kommunane Flora, Meløy og Balsfjord. EWOS har ein betydeleg
forskings- og utviklingsorganisasjon, EWOS Innovation, som vert leia frå
Sandnes. Hovudkontoret ligg i Bergen.
Fagkoordinator, næringsavdelinga, med ansvar for koordinering av marin
sektor. Utdanna marinbiolog frå Universitetet i Bergen, har studert juss og
no arbeids- og organisasjonspsykologi.
Ann-Kristin Kristoffersen, Norges Sildesalgslag
Informasjonsrådgjevar i Norges Sildesalgslag sidan 1998. Utdanna journalist,
- med eit stort engasjement for sjømat. Sit i marknadsgruppa for Norge hos
Norges Sjømatråd.
Norges Sildesalgslag er verdas største marknadsplass for pelagisk fisk.
Sverre Søraa, Coast Seafood AS
PRAKTISK INFORMASJON
OG PÅMELDING
Administrerande direktør og grunnleggar av Coast Seafood AS. Utdanna frå
BI, har tidlegare arbeidd bl.a. i Sparebanken Nordfjord og Domstein.
Konferanseavgift: kr 550,-
Coast Seafood AS vart skipa i 1994 og er i dag eitt av dei store norske selskapa for eksport av oppdrettslaks og aure, men driv også eksport av sild,
makrell og kvitfisk. Hovudkontoret ligg i Måløy. Avdelingskontor i Bergen,
Sydney og Boston.
Påmelding til: [email protected]
Påmeldingsfrist: 1. november
Båt frå / til Bergen har ankomst / avgang kl 10.50 / 17.40
Båt frå / til Måløy / Florø har ankomst / avgang kl 09.15 / 19.05
Askvoll Sjøbuer