Transcript Helselag

− posten
Sommar 2013 • Nr. 1 - Årgang 19
Tu d d a l
TUDDAL BYGDETUN
BYGDEDAGEN 2013
Opnar sesongen med omvisning på tunet sundag
30. juni kl 12.00. I år er det utstilling av strikkeplagg
og knivar i mange variantar og frå mange tidsepoker i
museumsbygget. Sesongen varer til og med fyrste sundag
i august. Som dei siste åra vil vi prøve å lage temakveldar
på tunet på onsdagskveldane i juli. Tema for desse blir
avertert seinare. På grunn av lekkasje i både Høgstrudstugo og Reisjåstugo har ein vore nøydd til å legge presenning på desse taka siste året. Siste veka i juni startar
imidlertid arbeidet med utbetring av taket på Reisjåstugo,
og det vil bli ein del aktivitet rundt og på stugo som kan
begrense bruken i noko grad i sommar.
Sundag 21. juli blir det tradisjonell bygdedag
på Tuddal bygdetun. Dagen startar kl. 12.00 med
underhaldning, utstilling og aktivitetar.
Det blir aktivitetar for borna oppe på husmannsplassen der det også blir ein del dyr.
Det blir i år underhaldning av stort sett
lokale krefter.
Bygdedagen er eit samarbeid mellom
museumslaget og andre lag og foreningar i
bygda, og i år er dette samarbeidet breiare enn
nokon gong.
LOPPEMARKNAD - LOPPER
Tuddal IL arrangerar den årlege loppemarknaden laurdag 5. oktober kl 09.00
Har du noko du ikkje treng lenger, tek vi i mot det.
Bård Kjetil Venhaug tlf. 977 63 861
Anne Lise Tjønn tlf. 915 87 291
•2•
Turstigar i Bondal
Reisjå/Bondal utmarkslag har i samarbeid med
hyttefolk i området skilta og merka følgjande
stigar:
• Den gamle buferdsvegen frå Reisjåvatn til Finnvollen seter.
Stigen er merka ved nedkjøringa til Reisjåvatn.
• Bærtjønn til Bonsnås (1304 moh)
• Brekke til Gausdalen.( Her kan ein også følgje
stigen opp til Bonsnås)
• I Bondal er det merka stig frå Løytestul til
Heddevasstul, på austsida av Heddevatn.
• Det er også rydda langs østsida av Åtetjønn.
Til info er det sett ut sittebenkar desse stadene:
•3•
Reisjåvatn, demningen og lukehuset ved Bonsvatn, Blåtjønn og Fikstjønn. I Bondal står det
benkar i stigen opp mot Bonsnås, innanfor
Heddevatn ved skiløypa og ved stigen i oset nær
Åtetjønn.
Vi minner også om den flotte gapahuken som
står ved Våtjønntoppen. Her er det muleg å fyre
opp grillen og nyte den fine utsikten mot
Vindeggen.
Ps! Det er ikkje lov å overnatte i gapahuken. Ikkje
la søppel ligge igjen, vi ønskjer at det skal vere
hyggeleg for alle å stikke innom!
MERKA SENTRUMSNÆRE STIGAR
Turstiggruppa i Tuddal har merka følgjande stigar, som har fått felles skiltutforming:
• Vandrestigen rundt Bjårvatnet (eiga brosjyre på Turistinformasjonen og godt kart ved Rindebrua),
• Turstigen til Njuke og
Kyrkjefjellet, begge
startar ved Rindebrua
eller ved Steigen.
• Gamle Bondalsvegen
til Grasåsen, startar
ved Tuddal skule.
Oversikt over andre
turstigar er teikna inn i
orienteringskartet for
Tuddal og Gausta, som
kan kjøpast på Joker og
Turistinformasjonen.
God tur!
Tuddal
Helselag
Dei siste åra har Tuddal helselag arrangert div turar
i skog og mark i løpet av sommaren. Det er planlagt turar i år også. Den første turen var planlagt
12.juni. Den gjekk frå Rinde til Tjønnegrenda og
tilbake til Rinde.
19.juni går turen til Toin. Oppmøte ved Åfoss kl
18:00.
I løpet av august planlegg vi ein tur til Lomtjønn.
Endeleg dato er ikkje bestemt. Følg med på
plakatar med fleire opplysningar.
4. sept. går turen til Agerhus. Oppmøte ved Joker
kl 17:00. Det blir værforbehold for alle turane.
Helselaget skal ha stand saman med Bygdekvinnelaget på bygdedagen i år også.
I samband med Demensaksjonen, som blir markert ei veke i september, er helselaget ansvarleg for
eit møte med tema: Tidleg diagnostikk og oppfølgingsplan. Dialog med pårørande. Emnet burde
vere interessant for dei fleste. Det blir stadig fleire
som opplever nokon som får ei demens diagnose
•4•
i familie eller vennekrets. Foredragshaldar kjem frå
alderspsykiatrisk avd Sykehuset Telemark. Møtet
skal vere på helsehuset 25.sept. Det vil stå meir
om dette i Telen.
Nemner også haustbasaren til helselaget. Den skal
vere på helsehuset sundag 6.oktober. Vi i helselaget er takknemlege for den støtta vi har fått når
det gjeld gevinstar og oppmøte. Vi vil også i år ta
i mot gevinstar med stor takk.
Årets TV aksjon vil gå til Nasjonalforeningen, der
pengene skal gå til demenssaka. Helselaget vil
også vere involvert i aksjonen.
På årsmøte var det ingen som ville ta på seg å vere
leiar. Margit H. Bakken er kontaktperson for laget
saman med styret.
Helselaget startar opp att 26. august på helsehuset. Der har vi møta våre siste måndagen i månaden kl 19:00
Hjartdal
Røde Kors
Vi i Hjartdal Røde Kors vil takke alle for
pengestøtta vi har fått i samband med utsendinga før påske. Vi har hatt ein aktiv vintersesong, med aktivitetar og oppdrag i fjellet
og i bygda. Nå er sommarsesongen i gang
og garasjen er rigga med godt utstyr, som
bl.a. to bilar, ATV, båt, klatreutstyr og KOvogn. Alt klart om uhellet er ute. Mannskapet vårt er kursa med GPS-kurs,
HLR/DHLR-kurs og sambandskurs. Alle er
klar for å bruke kunnskapene ute i felten.
Det krevst mykje arbeid for at vi skal ha godt
mannskap. Det blir lagt ned mange timar i
det frivillige arbeidet vi gjer. Mykje av
pengestøtta går til fornying av utstyr og kom-
petanseheving. Vi skal hjelpe og redde liv,
det er viktig med utstyr som fungerar og som
vi kan stole på. I vinter gjekk vi til innkjøp av
trackerer(sporingssystem) og nytt datasystem
på kontoret. Noko som vi er veldig nøgde
med.
Vi ønskjer alle medlemmane våre, hyttefolk
og bygdefolk ein riktig god sommar!
Ta kontakt om det er noko du lurar på.
Med vennleg helsing
korpsleiar Torhild Bakka
Mobil 97168558,
[email protected]
www.rodekors.no/hjartdal
Tuddal
Husflidslag
Velkommen til Tuddal Husflidslag sin bod på Bygdedagen
Vi steiker dei populære lappane våre og sel kaffi
og saft. I år vil vi også ha loddsal med mange
flotte husflidsgevinstar.
Tuddal Husflidslag er medlem av Norges Husflidslag. Vi ønskjer å vere eit aktivt lag i bygda
med faste møte, kursaktivitet og andre tiltak for
medlemmer og andre husflidsinteresserte.
Program for hausten vil bli sendt medlemmane
våre så snart det er klart.
Vi sett også opp plakatar på kaféen og
butikkane.
Vil du vite meir om laget og aktivitetane våre?
Besøk oss på bygdedagen for ein hyggeleg
husflidsprat.
Tuddal Utvikling
Ny leiar etter Oddvar Hagen er Audun Darrud.
Har du interesse eller lyst til å bli med i næringslaget, ta kontakt med Audun, mobil 995
29 140, e-post: [email protected]
•5•
Trollkort frå Tuddal
”Du skal vel til
Soria Moria Slott,
du” sa trollkjerringa.
”Nei, jeg skal til
Tuddal, jeg” sa
guten, ”det er
lisså bra der!”
Eit resultat av fjorårets flotte trollutstilling er
flotte trollkort med bilde av dei 5 Tuddalstrolla og historia om dei.
Museumslaget har fått produsert korta i
samarbeid med fotograf Bjørn Nysveen, og
korta kan kjøpast enkeltvis eller samla på
utsalsstader og på bygdetunet i Tuddal.
Vi har også tidlegare hatt prospektkort frå
trolske Tuddal, som dette biletet frå Kjerringsteinen på Toskjær.
KURS AKTIVITETSKALENDER
På nettsidene til kommunen ligg ein aktivitetskalender, der alle kan legge inn arrangement
sjølve. Vi vil ta i bruk kalenderen på visittuddal.no også. Den vil erstatte nåverande kalender,
og alle vil heretter sjølve kunne legge inn sine arrangement. Det betyr at alle får lagt ut den
informasjonen dei ønskjer og sjølve kan bestemme når og kva som skal stå.
Torunn Hovde Kaasa inviterar til kurs i bruk av kalenderen på Røde Kors huset 25. juni
kl 17 (ingen påmelding, bare møt opp – ta gjerne med PC, så kan du trene)
•6•
BØEN KIOSK OG KAFE
3697 Tuddal
Tlf 35024120/91587291
Vi har kioskvarer, kart, fiskekort, souvenirer.
Al carte/take away meny og vi serverer
dagens hver dag.
Fredag: flesk og duppe
Hver 1. søndag i måneden:
Tuddalsuppe og klubb.
Vi driver også med catering,
kom innom å få med en meny.
St. Hansaften vil vi servere grillbuffet
og har leker for barna.
Den tradisjonelle bygdedagen vil vi holde oss til
tradisjonell mat og servere Tuddalssuppe med
klubb og flesk og duppe.
Turistinformasjonen er åpen i kaféen sine åpningstider.,
men utenom åpningstid blir alle henvendelser besvart på
tlf. 915 87 291 eller [email protected]
Åpningstider
Fra 21.06.13 til 01.09.13 er det åpent
hver dag fra kl 12-20
•7•
B
Åpning av ordførar ved bygdedagen 2012
Nyttige telefonnummer:
Hjartdal kommune,
servicekontoret:
35 02 80 00
Bøen kiosk og kafé:
35 02 41 20/915 87 291
Turistinformasjon:
915 87 291
Joker Tuddal: 35 02 41 05
Bygger`n Tuddal: 35 02 41 60
Anlaugs Husflid: 990 06 372
Bondal Snikkarverkstad:
35 02 40 99
Tuddal bygdekvinnelag
Healing for body and mind
har første møte etter
sommaren torsdag 12.
september kl 19. Medlemsmøta er andre torsdagen i
månaden. Sjå kalender på
visittuddal.no
Igjen er det tilbod om massasje på
helsehuset kvar onsdag og torsdag.
Avtaler gjerast mellom kl 16 og 21
på tlf. 48292718 eller e-post:
[email protected]
Klassisk massasje, idretts- og relax
massasje. Hot stone massasje
Tuddal Høyfjellshotell:
35 02 88 88
Legevakt, Notodden:
81 56 80 94
Tuddal Taxi:
35 02 41 87
97 70 55 46
Hjartdal Røde Kors:
95 02 32 92
Annonsere i Treskoposten
Treskoposten blir nå finansiera gjennom annonser. Ønskjer du å annonsere her,
ta kontakt på [email protected]. Du når då både fastbuande og camping-/ hyttefolk i Tuddal.
Neste Treskopost kjem til hausten.
Ønskjer alle ein god sommar!
www.visittuddal.no
•8•
Grafisk produksjon:
Telemark
Trykk
AS,
Notodden