Transcript Tuddal
Haust/vinter 2013 • Nr. 2 • Årgang 19 -1- Tuddal Tuddal Husflidlag Tuddal Husflidslag blei innmeldt i Norges Husflidslag i mars i år. Torsdag 31. oktober får vi besøk av Amalie, husflidskonsulenten i Telemark. Ho vil fortelje om verksemda til Norges Husflidslag, og kva vi som medlemmer i Tuddal kan bidra med. I tillegg har ho med ein aktivitet vi får prøve oss på. Vi ønskjer alle som vil vite mer om aktivitetane våre velkommen denne kvelden, til eit hyggeleg og spennande møte. • 14. november er det vanleg medlemsmøte – ta gjerne med eit handarbeid. • 13. februar, Mari og Trine lærer bort nye teknikkar; sy på ull. • 27. februar, strikkekafé på Bøen kiosk og kafé • 13. mars, meir saum på ull • 27. mars, arbeidsmøte. Vi lagar gevinstar til lynlotteri • 10. april, strikkekafé hjå ” Anlaugs Husflid”. Vi arbeider vidare med gevinstar til lynlotteri. • 24. april, arbeidsmøte • Julemøtet blir hjå ”Anlaugs husflid” 28. november. Vi ønskjer medlemmer og andre husflidsvenner velkommen! • 2014 startar med arbeidsmøte 16. januar – kom i gang etter jul! • 8. og 22. mai, arbeidsmøte • 12. juni, sommarmøte Når ikkje anna er nevnt er møta i husflidslaget på Helsehuset kl. 19, og vi sørger for litt servering til arbeidet. Møta i Husflidslaget er opne for alle. Velkommen! • 30. januar, årsmøte SAL AV JULENEK OG HJARTDALSKALENDER Kyrkja i Tuddal: På kvelden måndag 11. november køyrer vi rundt i Tuddal, og tilbyr julenek til kr 50,- pr stk. og Hjartdalskalenderen til kr 80,-. Inntekta går til elevane ved Tuddal skule. Helsing Foreldra sitt arbeidsutval (FAU). -2- Ljosmesse 8. desember kl 18. Julegudsteneste i Tuddal kyrkje Julaften kl 16 med diakon Stig Kjenstad Gudsteneste 1. juledag kl 16 og 1. nyttårsdag kl 11. Program for kjæringkveldane november og desember 2013 Mange har kommentert namnet ”Kjæringkveldane”. Kvifor kallar vi oss det, når vi lagar program og ønskjer velkommen både menn og kvinner? Namnet «Kjæringkveldene» har vi arva, og «kjæring» er eit ord med variable tydingar. Den vi likar best kjem frå ein mann som omtala frua si som «kjæringa mi - ho er meg kjær og ho bær ringen min.» I haust får vi fint besøk av forfattaren Hans Herbjørnsrud. Han har blitt storveges feira i Notodden i haust, og vi var glade da han sa at han kunne kome til oss i Tuddal. Han er ein spennande forfattar, som er nær knytt til bygda si i forfatterskapen sin. Han spenner over eit vidt register av allmennmenneskelege ljose og meir traumatiske sider ved livet, knytt til barndom så vel som til vaksenliv. Han trekkjer inn sagn, myter og eventyr. Tysdag 5. november kl. 1900 på kaféen hjå Anne Lise vil vi møte Herbjørnsrud, og det blir servering (kr. 100,-) I desember har vi tradisjonell juleavslutning på Tuddal Høyfjellshotell. I år er vi saman med historielaget i kommunen om juleavslutningen. Vi får besøk av Knut Buen som vil spele for oss, og Hallgrim Høydal, som vil snakke om historiske trehotell. Han har skrive historia om Tuddal Høyfjellshotell. Her stiller hotellet opp med eit flott tilbod for bygda, og tilbyr julemat med dessert og kaffi for kr. 200, Juleavslutning på Tuddal Høyfjellshotell 3.12.2013 kl. 1900. Julemiddag kr. 200,-. Vi organiserar felles transport dersom det er ønskeleg. Påmelding til Anlaug Mjellekås (tlf. 35 02 48 64/48 02 95 68) innan fredag 28. november. Knaost til gull Vi gratulerer Grete og Bent Nilsen, ÅttePotterRømme, med 1. pris for knaosten sin under Landsutstillinga for gardsost på Dyrskun i september. Om sommaren driv dei stulsdrift og foredlar mjølk frå kyrne på Finnvollen i Tuddal. Desse kriteria låg til grunn for gull: ”Produkt som verkeleg skil seg ut som særs vellukka og særprega både i smak og andre eigenskapar. I ei klasse for seg, ein kan vanskeleg tenke seg noko betre i denne kategorien av ost/mjølkeprodukt.” Vi hentar eit dikt og bilde frå heimesida deira, www.8potterromme.no Heimreise fraa sæteren Oss ha gjort kaa gjærast skulle, Ysta Ost aa kinna Smør, Naa staar att aa kløvja Øykjin, Sætja Laas for Sæter-Dør, Korkje finst dæ meire føe Hær for Heie heill for Krist`, Gla`æ oss, oss slæpp aat Bygden, Meire gla æ Kue vist. -3- Edvard Storm Tuddal helselag Først, hjarteleg takk for all hjelp til å gjennomføre haustbasaren vår. Takk for fine gevinstar og takk til alle som kjøpte lodd. Dugnadsånden i Tuddal er heilt unik! Det var fleire som var innom på basaren og tok ettermiddagskaffien der. Koseleg med summing av stemmer og lukt av nytrekt kaffi. Alle veit at det er dyrt å eige eit hus. Slik også for helselaget. Vi er eigar av huset og pengar kjem godt med til driften av dette. I september arrangerte Telemark demensforening møte i Tuddal. Helselaget var ansvarleg for møtet, som blei halde på Bøen kiosk og kafé. Fleire møtte opp for å få meir informasjon om demens. Vi fekk med oss ny kunnskap, som kan gjere det litt lettare å forstå menneske med demens og deira pårørande. TV aksjonen gjekk til Nasjonalfore- ningen og demenssaka i år. Helselaget er ein del av Nasjonalforeningen og var derfor litt involvert i aksjonen. Demens er ikkje bare noko som rammar eldre menneske, vi ser stadig oftare at alderen blir lågare. Alle dei som får demens har nokon som er pårørande. Helselaget ønskjer også å vere med og gjere kvardagen litt lettare for denne gruppa. Mange nyttar Folkestigen. Vi har ikkje tatt inn boka i kassa enda, men den blir bytta ut før snøen kjem. På møte i november trekkjer vi heldige vinnarar fra Folkestigboka. Derfor er det viktig med telf.nr eller adr. i boka. Det har vore ein tradisjon i mange år at helselaget lagar til grautfest på Hjartdal sjukeheim. Andre søndagen i januar blir det grautfest att. Vi håpar at leikarringen i pensjonistlaget blir med i 2014 også. Helselaget har møta sine siste måndagen i månaden på Helsehuset kl 19.00. Vi håpar at fleire vil vere med i laget, vi treng fleire. Er det nokon som har idear om kva helselaget kan gjere i/for bygda? Ta kontakt med oss. #TUDDAL PÅ INSTAGRAM Vi har fått eit tips frå Astrid Torgersen Lunestad om taggen #tuddal på Instagram? http://instagram.com/ Ho seier dette er ein fin måte for folk å sjå kor vakkert det er i Tuddal. Det ligger over 500 bilder der. Astrid sitt brukarnamn på Instagram: astrid_t_l -4- Julemarknad Bygdekvinnelaget laurdag 23. november kl 11.00 på Fossehalli UL Fram har fått tildelt julemessa i år, og inntektene vil gå til etterlengta nytt golv på Fossehalli, som er bygda si storstugu. Ungdomslaget eig huset, og har i fleire år samla inn pengar til formålet. Med årets julemesse reknar dei med å vere i mål økonomisk, og kan setje i gang arbeidet og dugnaden. Som før blir det sal av småkaker og handarbeid, tradisjonsbakst og lynlotteri. Gevinstar blir tatt imot med takk. Har du lyst til å gje gevinst til det store lynlotteriet, kan du ta kontakt med: Reidun Hagen, tlf. 413 11 064 Gro Irene Lid, tlf. 959 21 640 Bjørg Sletta Rue, tlf. 951 02 038 Vi som er i laget håper at vi kan få med oss yngre medlemmer. Vi trur at Bygdekvinnelaget høyrer heime i bygda. Bygdekvinnelaget har ei overordna målsetting om å skape trivsel i bygda. I haust har Bygdekvinnelaget i gang eit kurs i engelsk, og vi skal ha lefsekurs i haust. UL Fram ønskjer alle velkommen til ein triveleg førjulslaurdag, der fastbuande, tilreisande og hyttefolk møtest over kaffikoppen og ein hyggeleg prat. Lotteriet pågår heile dagen med fleire trekningar og fine gevinstar. Har du ulike ønskje om kurstilbod og andre tiltak: kom og bli med oss ! Program for hausten: årsmøte torsdag 14.11 på Helsehuset, lefsekurs laurdag 30. november på skulen. Ny CD «Hender i september» heiter ein ny CD, som inneheld viser og musikk av visesongaren Sigrid Løndal frå Tuddal. CD’n får veldig god omtale og inneheld alt frå tango til slåttar. Jentetrioen Tre Sopranos, som består av Anne Gravir Klykken, Hilde Norland Gundersen og Nina Gromstad Hogness delar på solistoppgava og bidreg til at «Hender i september» har blitt eit musikalsk kvalitetsprodukt, som saman med kjende musikarar, mellom andre Anne Hytta på hardingfele, Petter Wettre på sax og Guttorm Guttormsen på fløyte bidreg til kvalitetsstempelet. Kjøp – lytt og nyt. -5- Aktivitetar Tuddal IL hausten Tuddal IL har følgjande aktivitetar hausten 2013 Måndag: Spinning KL. 18.30 Tysdag : Herretrim (fotball) KL. 18.30 Onsdag : Bryting KL. 16.30 -18.00 Aerobic KL . 18.30 Spinning KL. 20.00 TORSDAG : Spinning KL. 18.30 Påmelding spinning til Heidi på tlf.971 52 127 Alle medlemmer er hjarteleg velkopmne Påmelding Tuddal triathlon 2014 Populære Tuddal Triathlon feirar 5 års jubileum til sommaren. Start treninga og bli med på jubileumsarrangementet, som går av stabelen laurdag 26. juli. Overraskelsar ventar. Olympisk og sprint på Norges kanskje beste kompaktarena. Uhøgtideleg moro og kappestrid på Solsida av Gaustatoppen. Følg med på www.tuddaltri.no – Påmelding startar i november/desember Kyrkjefjellet 2013 I 2013 har det vore 220 personar på denne vakre fjelltoppen. Sigve Johansen (1 år) blei trekt ut som vinnar av turkoppen. Han bur i Asker og var på Sveigsnatten 22. juni. Gratulerer! Sommarstigen over Kyrkjefjellet frå Sveigstjønn til Fossehalli (5,5 km) er ferdig rydda og merka! Ta på deg godt fottøy -6- Anlaugs husflid Sauland Auksjon & Brukthandel AS Tlf 990 06 372 Åpning av julehus helga 2. - 3. november frå kl 10-16. Det blir servert eplegløgg og pepperkaker. Stengt fredag 1. november. Åpningstider ellers i året: kl 10-16, lørdag 10-14, tirsdag stengt. Bruktbutikken i gamle Glasshytta på Fossen området holder åpent fredager og søndager kl 12-19. Ellers etter avtale. PS. Det blir julemesse den 16. og 17. november kl 12-19 med div. julebakst, rosemaling/sølvarbeid, hekling, veving +++ Salg av lefser, småbakst, setersmør, knaost, honning, eplemost, julegodt, julegardiner, duker, lys, julepynt og mykje meir. Velkommen Alle er hjertelig velkomne! Vennlig hilsen Halvor Tho, mobil 958 63 280 Bøen Kiosk og Kafe 3697 Tuddal - 35 02 41 20/915 87 291 Vi har kioskvarer, kart, fiskekort, souvernier. Á La Carte/Take Away meny og vi serverer dagens hver dag. Fredag flesk og duppe og hverførste søndag i måneden Tuddalsuppe og klubb. Vi driver også catering. Kom innom å få med en meny. Vi vil servere juleribbe med tilbehør Lørdag 23/11 og søndag 24/11 Lørdag 30/11 og søndag 1/12 Søndag 1/12 vil vi også ha Tuddalsuppe og klubb Åpningstider Fredag 12 - 20, lørdag 12 - 20, søndag 12 - 19 Desember holder vi stengt, vi åpner igjen fredag 10/1-14. Vil med dette ønske alle minekunder en riktig god jul og et godt nytt år Turistinformasjonen er åpen i kaféen sine åpningstider. Utenom åpningstid blir alle henvendelser besvart på tlf. 915 87 281 eller [email protected] -7- Nissemarsj Nyttige telefonnummer: tysdag 10.12. kl 17.15. Vi møter opp ved Menighetshuset, og går derifrå til Bøen kiosk og kafé. Der blir det servering av graut, og så ser vi på jul i svingen saman. Det blir premiar og loddtrekning. Både små og store nissar er velkommen. Arr: Tuddal IL Hjartdal kommune, servicekontoret: 35 02 80 00 Bøen kiosk og kafé: 35 02 41 20/915 87 291 Turistinformasjon: 915 87 291 Joker Tuddal: 35 02 41 05 Bygger`n Tuddal: 35 02 41 60 Anlaugs Husflid: 990 06 372 Juletrefest på menighetshuset 4. juledag (28. desember) kl. 16.00. Bondal Snikkarverkstad: 35 02 40 99 Tuddal Høyfjellshotell: 35 02 88 88 Gang rundt juletreet, underhaldning, enkel servering. Barn og vaksne hjarteleg velkomne. Arr. Normisjon Legevakt, Notodden: 81 56 80 94 Tuddal Taxi: 35 02 41 87 97 70 55 46 Annonsere i Treskoposten Treskoposten blir nå finansiera gjennom annonser. Ønskjer du å annonsere her, ta kontakt på [email protected]. Du når då både fastbuande og camping-/hyttefolk i Tuddal. Neste Treskopost kjem til våren. Ønskjer alle ei riktig god jul www.visittuddal.no og eit inspirerande nytt år! -8- Hjartdal Røde Kors: 95 02 32 92