miniguide gamle tuddalsveg norsk.pdf - Vest

Download Report

Transcript miniguide gamle tuddalsveg norsk.pdf - Vest

NATUR OG KULTUR

Gamle Tuddalsveg

GAMLE TUDDALSVEG

er eigentleg to vegparsellar – den gamle Tuddalsvegen og den eldste Tuddalsvegen.

Begge vegane er restar etter ei tidlegare ferdselsåre mellom bygdene Sauland og Tuddal. Eldste Tuddalsvegen var ein rideveg som blei nytta med hest og foto Hamish More kjerre fram til siste halvdelen av 1800-talet. Den delen av turvegen som heiter Gamle Tuddalsveg, var ferdselsåra for bil og buss mellom Sauland og Tuddal fram til 1954. Det gjer at vegen er fin å gå med barnevogn og lett kan syklast på, i motsetnad til Eldste Tuddalsvegen.

KVA KAN DU SJÅ PÅ TUREN?

NATUR OG KULTUR

Skogen tek herredømme

EIN GONG I TIDA

budde det mange familiar langs Gamle Tuddalsveg og i Tuddalsdalen ned mot Sauland. I dag står det berre nokre få hus att, og skogen har teke over herre dømet. På sommaren er det frodig og rikt med blomar langs vegen.

Nokre stader opnar Foto: Hamish Moore landskapet seg og gir utsikt til Lifjell på den motsette sida av dalen. Visste du for resten at delar av Sauland har vore dekte av hav? Under siste istida frakta breelvar grus og sand ut ein fjord som låg i dalen.

Det blei bygd opp eit enormt breelvdelta som du i dag ser spor av på Ålamoen. Området er skogkledd og kan skimtast som ei flat slette søraust for turvegen. Dette har blitt ein viktig ressurs for sand og grus.

SKOGSTJERNE (Trientalis europæa):

Skogstjerne veks over heile landet og trivst best på sur jord i skog. Blomstring i juni – juli.

Foto: Hamish Moore www.vandretelemark.no www.visittuddal.no Ansvarleg utgivar er VTNU AS og Hjartdal kommune med støtte frå

STORKENEBB ( Geranium):

Skogstorkenebb finst i skogen og på fjellet.

Foto: Hamish Moore

LILJEKONVALL (Lilium convallium):

Vakker, men giftig plante. Foto: Hamish Moore

4,5 KM RUNDLØYPE / 1,5 TIMAR SVÆRT LETT TUR

Sauland – Telemark

Foto: Hamish Moore

ENGSOLEIE (Ranunculus acris):

”Liker du smør?” Svaret får du ved å halde ein smørblom under haka og sjå etter gjenskin av den glinsande gule blomen. Blomen er giftig! Foto: Hamish Moore

Om turen

LETT RUNDTUR

for heile familien. Gamle Tuddalsveg går i skogsterreng og gammal kulturmark, og du kan følgje to gamle ferdselsårer som blei nytta som rideveg og som bilveg fram til 1954. Dette gjer at delar av stien er lett å gå med barnevogn eller sykle langs.

TUREVEGEN STARTAR

lokalt frå barnehagen i Sauland og er merkt og skilta. Du kan velje å følgje Gamle Tuddalsveg opp og Eldste Tuddalsveg ned. Du kan òg ta ein avstikkar frå turvegen for å gå til husmannsplassen Dalen. Då blir turen lengre.

Køyreforklaring

Start frå Sauland sentrum.

Ta av E 134 og køyr 2 km langs FV 651 mot Rjukan/Tuddal. 

Rjukan Gaustatoppen

Tuddal

Sauland barnehage

Ta av vegen til venstre gjennom bustadfeltet og til Sauland barnehage. Parkering ved Sauland barnehage. (GPS: N59 0 37.748’ E008 0 56.367’)

Kart:

Turkart Sauland 1 : 25 000 Kan kjøpast på bensinstasjonen i Sauland.

Tilgang:

1. mai til 1. november 308 moh Kart: AT plan. Kjelde: Statens kartverk, Geovekst og kommuner Målestokk 1 : 50 000 Ekvidistanse 20m

. . . . . . . .

= merkt sommarløype

Du har sjølv ansvar for tryggleiken undervegs. Ta omsyn til naturen og beitande dyr. Gjer vel å ta med søppel heim. God tur!

Foto: Hamish Moore