klikk her for å lese artikkelen som sto i Firda Tidende

Download Report

Transcript klikk her for å lese artikkelen som sto i Firda Tidende

Sider mandag_SIDEMAL ODD 22.03.13 13.52 Side 8
8
måndag 25. mars 2013 •­FIRDA­TIDEND­
Jølster Seniordans. Framme frå venstre: Åsa Førde, Ragnhild Førde, Ida Nedrebø, Hans Ålhus, Synnøve Ålhus, Petra Dalberg og Margit Bruflot. 2. rekke frå venstre: Bjørøg Solheim, Erna Osvoll,
Agda Aasen, Alvdis Årdal, Ragnhild Kvammen, Aud Steinset, Arnold Pupe, Marta Pupe, Torbjørg Årdal, Dagvor Helgheim Kristina Skrede og Knut Osvoll. Bak: Margot Fjellkårstad, Annlaug
Førde, Kollbjørn Bergset, Tollef Årdal,Kjell Steinset, Jorunn Gjessholm, Gunnvor Årdal, Malvin Dvergsdal, Dagny Støfring, Moses Sandal, Reidar Fjellkårstad, Johanna Steinheim, Leon Årseth,
Alvhild Eikås, Jofrid Farsund, Nils Olav Helgheim og Lena Eide.
10-års jubileum for Jølster Seniordans
13.mars 2003 møttest ein
flokk eldre jølstringar i
Gjesthalla. Dei var samla
for å starte ei seniordansgruppe. Dette har engasjert fleire eldre i Jølster. No er Jølster Seniordans ei av dei største seniordansgruppene i Sogn
og Fjordane!
Tekst og foto: Knut Osvoll
Gruppa tel no 40 medlemer og det
er danseøving kvar veke. Og etter
som ein no har halde på i 10 år, så
måtte dette markerast med ein jubileumsfest.
Måndag 11.mars samlast seniordansarane i Borgja på Ålhus til
fest. Seniordansarar som av ulike
grunnar har måtte slutte, var også
inviterte, - og likeeins representantar frå fylkeslaget, kommunen, eldreråd, helselag og pensjonistlag.
Første del av festen var ein mimretime som starte med at vi song Åsa
Førde si vise om Jølster Seniordans, - ein song som ho hadde dikta i høve 10-årsjubileet. Erna Osvoll, som har følgt laget sidan star-
Varaordførar Ragnhild Sæle bar
fram helsing frå Jølster kommune.
Erna Osvoll fortalde om den første
tida til laget og om korleis Seniordansen tok form.
Her er ”Tennbrikkane”; Dei som tok initiativet og hjelpte til med å få i gang
Seniordansen i Jølster. Frå venstre: Gunnstein Kvåle, Johannes Helgheim,
Sigrid Helgheim, Johanna Kvammen, Moses Sandal og Rut Eikås.
ten, fortalde så om den første tida.
Det var Rut og Erling Eikås, Johanna Kvammen og Moses Sandal
som tok initiativ til å starte opp.
Dei hadde god hjelp av førdianarane Sigrid og Johannes Helgheim
og Gunnstein Kvåle i starten. Alle
desse, med unnatak av Erling som
no er borte, fekk blomar, stor takk
og applaus for det arbeidet dei
gjorde. Dei hadde ikkje mykje erfaring som seniordansarar i starten,
men det gjekk framover for kvar
øving, fleire kom med, og etter
kvart gjekk arbeidet lettare.
Vi fekk også sjå lysbilde frå dei
første åra. Desse bilda viste at
dansegruppa har vore svært aktiv.,
og har teke del i mange arrangement både i og utanfor bygda vår.
Etter lysbilda stilte vi opp og dansa
dei ”gamle” dansane, - dei vi lærte
i 2003. Her var også dei dansarane med som har måtta slutte. Ja,
også dei av dei andre gjestene som
ville ”prøve seg”, fekk vere med.
Dette var tydelegvis populært.
I kaffipausen gjekk praten og
mimringa livleg, og det at Olav
Grimsbø spelte til allsongane våre,
gjorde til at songen gjekk ekstra
godt. Vi hadde fått fine vinstar til
åresalet vårt. Desse var sponsa av
dei næringsdrivande i Jølster og
kommunen.
Erna fortalde så korleis seniordansen starta i Tyskland for 20 år
sidan av ein musikklærar og ein
fysioterapeut. Ideen om ei danseform so var tilpassa eldre, fengde.
Det vaks fram dansegrupper i
mange land på kort tid. I Norge er
det no over 13 000 som er medlemer, og talet aukar år for år. Her i
Sogn og Fjordane er det no meir
enn 600 deltakarar. I Jølster har vi
no 40 medlemer. Dette er faktisk
ei av største dansegruppene i fylket vårt.
”Seniordans er godt for Hovudet, godt for Helsa, godt for Humøret og godt for Hjertet,” sa Erna.
”Ja, det er mest som 4H for eldre.”
Men når vi skal starte lag og drive
dei, treng vi ”tennbrikkar”; personar so tek initiativ og som står på
for å få det heile i gang. Slike personar har vi hatt i Rut og Erling Eikås, Johanna Kvammen og Moses
Sandal. Vi er mykje takksame for
den innsatsen dei har gjort for å få
seniordansen i gang her i Jølster.
Eldreomsorg er ei viktig oppgåve
for kommunen. Seniordansen er
ein viktig faktor her. Den aktiviserer mange, og den kostar ingenting
for kommunen. Ein kan godt sei at
Seniordansen er ein gavepakke for
kommunen. Dette er nok kommunen klar over no, for varaordførar
Ragnhild Sæle hadde med ei helsing som leiaren vår, Dagfrid Hel-
Her er eit glimt frå ein av dansane. Borgja på Ålhus er eit fint lokale for oss
i Seniordansen.
gheim fekk overrekt. Vidare var
det blomehelsingar frå regionen
vår, helselaget og pensjonistlaget.
Johannes Helgheim og Gunnstein
Kvåle bar også fram helsingar til
laget.
Fysioterapeut Petra Skrede
heldt eit kåseri og fortalde kor viktig fysisk aktivitet er for eldre
menneske. Seniordans er ei fin
form for slik aktivitet. Det er god
trim, det er godt for humøret, balansen og ikkje minst minnet. Og
det å møtast, sjå kvarandre i augene, gi eit smil, få eit smil tilbake
er god ”medisin”. ”Eg vil begynne i
seniordansen så snart eg har høve
til det!” sa ho. Og smila sat laust då
Johannes Ness las opp funderingane sine om korleis vi eldre har det
i ulike situasjonar; Treffande! Og
utruleg morosamt.
Så var det oppstilling og fleire
dansar. Vi dansa, og vi hadde det
så kjekt at vi sprengde tidsramma
vår så vi måtte skunde oss for å
rydde etter oss før musikarane
kom. Dei som skulle ha Borgja etter oss.