Det skjer i Suldal - Suldal Turistkontor

Download Report

Transcript Det skjer i Suldal - Suldal Turistkontor

Det skjer i Suldal
11. september til
20. desember 2013
Du kan kjøpa billettar til arrangement
på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no
www.skattkammeretsuldal.no
Foto: Suldalsposten
Kulturhausten
Uteliv og friluftsaktivitetar har hatt gode vilkår på ettersommaren med varme fine ettermiddagar og kveldar. Men lufta
kjølnar og kveldane blir kortare og inviterer til meir inneaktivitetar og sosiale samkomer, kultur og underhaldning.
Det skal ikkje stå på tilboda. Kulturhausten kan by på eit
sprekter frå Urklang i nystøypte bronselurar til framsyninga
Høyt oppe i fjellet inne i eit telt for dei aller minste. Forteljing,
utstillingar, moteshow, slektsgransking og folkemusikkhelg
syner breidde i sjanger og tilbod.
I skrivande stund er det altfor tidleg å tenkja på julestemning,
men den vil garantert komma. Heile kulturskulen skal i elden i
julespelet om Nikolas frå Patara i starten av desember, det er alt
5 år sidan sist. Like før dette har Nordic Tenors vore på besøk,
tenorane som klokkereint gir oss vokalkunst av ypparste klasse.
Og når jula er ei god veke unna, kjem Iver Kleive med sine
stemningsfulle julemeditasjonar på piano. Peparkaker og julegater har vore godt og vel på plass eit stund på den tida. Frå regionen kjem Gunnar Roalkvam, Svein Tang Wa og Elin
Furubotn med nytt og gammalt på eigen dialekt. Dette skjer i
slutten av oktober, eit par veker etter at Gabriel Fliflet
inviterer til Valseria, ein konsert via valsen i ulike uttrykk. I
sjanger villmark, jakt og friluftsliv er det Morten Brekke som
skal bistå.
Lista er lang. Tida går fort. Gå gjennom og kryss av det som
fristar og noter det i kalenderen. Treng du i tillegg litt fleire
sosiale treffpunkt, kan du prøva Spøtakafe, Internasjonal kafe,
Lunsjkonsertar, opne bibliotek eller nye utstillingar, både på kulturhuset og Ryfylkemuseet. Ute i alle grender er det jamnt med
aktivitet, kvar einaste vekedag.
Du treng ikkje gå hausten einsam i møte, det er fine folk og gode
aktivitetar som ventar der ute. Aud Marit Hauge
Kultursjef
2
Torsdag 12. september kl. 18.30,
Nesasjøhuset
INTERNASJONAL KAFÉ,
KONSERT MED STY
Trioen ”STY”, med de prisbelønte folkemusikkartistane
Unni Boksasp (kveding) Per Anders Buen Garnås (hardingfele) og Sigbjørn Rua (folkedans) spelar på internasjonal kafe. Dette blir fest!
Gratis inngang, Sal av internasjonal mat
Arr: Ryfylkemuseet, Introduksjonstenesta i Suldal
Søndag 15. september kl. 11.00-17.00
LITUNET
Vertskap, omvising, aktivitetar for barn, enkel servering
Inng: kr 50,- for vaksne, barn gratis
Arr: Ryfylkemuseet
Kulturminnedagane 2013
”Historiens kvinner og menn”
Kven er dei? Dei som har levd før? Som det står om i
historieboka? Det treng det så absolutt ikkje vera. I dette
fotoprosjektet har du sjansen til å dokumentera kven du
meiner er historiske personar. Det kan vera nokon som
lever i dag, nokon du kjenner, har kjent, som betyr noko,
bestemor, naboen! Det heile skal skje via Instagram og
blir avslutta med ei utstilling i foajeen på Kulturhuset,
11. -18. september. Bruk #suldalkultur.
Arr: Kulturhuset
Søndag 15. september kl. 19.00
Amfiet, Kulturhuset
Klang av Oldtid
Gaute Vikdal er trombonist i Stavanger Symfoniorkester.
3
september
OPE PÅ LITUNET
Han er og ein av Noregs leiande musikarar på andre blåseinstrument som lur og bukkehorn. På denne konserten
spelar han på bronselur, støypt etter gamle modellar
frå oldtida . Musikken er komponert av Håkon Berge,
Ragnar Bjerkreim og Bjørn Andor Drage. Musikk skriven
for bronselur, neverlur, song, slagverk, bukkehorn og
elektronikk blir garantert ei stor og spennande musikalsk
oppleving.
Arr: Kulturhaust og Kulturhuset i Suldal
Onsdag 18. september kl. 11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane i Suldal inviterer til eit musikalsk
pusterom i kvardagen. Konserten er gratis.
Søndag 22. september kl. 11.00-17.00
LITUNET
OPE PÅ LITUNET
Vertskap, omvising, aktivitetar for barn, enkel servering
Inng: kr 50,- for vaksne, barn gratis
Arr. Ryfylkemuseet
september
Onsdag 25. september kl 19.30
ERØY BEDEHUS
Temakveld: BØNN
v/Jorun Eiane Brunstad
Arr: Diakoniutvalet i Erfjord
Fredag 27. september kl. 18.30
Kjølvikstølen
Haustfest
Arr: Grytenuten 4H
Laurdag den 28. sept. Kl. 11.30
SAND BEDEHUS
HAUSTSAMLING MED BASAR
Søndagsskule, loddsalg og salg av brukte bøker. Det er
og mogleg å få kjøpa seg graut, kaffi, kaker. Vel møtt til
ein hyggeleg samling for unge og gamle på bedehuset.
Arr: Sand bedehus
Søndag 29. september kl. 11.00-17.00
LITUNET
FAMILIEDAG
Ein kosedag for heile familien med aktivitetar for barn,
servering, omvising.
Inng: kr 50, barn gratis
Arr: Ryfylkemuseet
Onsdag 2. oktober kl. 19.00
Kulturhuset
Me bryr oss
I høve Verdsdagen for Psykisk helse blir det invitert til
ope møte der tema er: ”Kva kan vi gjera for kvarandre for
å ha det betre med vår mentale helse”
4
Korleis møta menneske som ”slit” og korleis me som
medmenneske kan vera noko for kvarandre.
Generalsekretær Janne Merete Sukka og organisasjonsrådgjevar Håvard Slåtto frå Kirkens SOS er med.
Arr: Frivillige Hender/Folkeakademiet Suldal/
Psykisk helse
Torsdag 3. oktober
kl. 18.00- 20.00
Kulturhuset
Spøtakafe
Tema: Puter i flettestrikk
Arr: Suldal Husflidslag
Torsdag 3. oktober
kl. 18.30
NESASJØHUSET, SAND
Internasjonal
kafe
Gratis inngang,
sal av internasjonal mat
Arr: Ryfylkemuseet og Introduksjonstenesta i Suldal
Fram til 4. oktober
NESASJØHUSET
Ei utstilling om engasjement, dialog og identitet. I utstillinga kan ein sjå ni personar frå forskjellige delar av
Noreg som har satt spor etter seg. Alle har ei unik
historie å fortelja. Nokon har utfordra bygdedyret eller
kjempa mot nazisme, og andre har jobba for å bevare sin
identitet. Felles for dei alle er at dei ser på utfordringane
som ein moglegheit til forandring og utvikling.
Utstillinga står til 4. oktober
Arr: Ryfylkemuseet
Haustferien
Laurdag 5. oktober frå kl. 10.00 til kl. 16.00
Bergekrossen
Møgedalsmarknad
Velkomne til Suldal si årlege haustmarknad! Tradisjonen tru vil det bli vèrlamkåring, auksjon og anna
underhaldning for store og små. Me får besøk av
klovnen Konstantisola som skal underhalde for barna,
og Lasse Pedersen (tidlegare medlem av 3 Busserulls)
skal underhalda frå scena. Det vert som før gratis
inngang, med loddtrekning av ein flott premie på
inngansbilletten. Det vil bli lokale utstillerar som sel
blant anna grillmat, handarbeid, husflid og lokale
matvarer. Velkommen til ein flott marknad hjå
Møgedal! Gratis marknadsbuss frå Gata og Garaneset. Arr: Møgedal Mek. Verkstad
5
oktober
”Spor på stedet”
Laurdag 5. oktober
Ryfylke Fjordhotel
Haustmarknaden
held fram med levande musikk av trubaduren
Bjørn Schandy. Bjørn spelar opp til marknadsdans
med rock, balladar, gamalpop og nyare listetoppar
på repertoaret. Inng. kr 100,Arr: Ryfylke Fjordhotel
Laurdag 5. oktober
Kjedlaren
Levande musikk
med musikarar med røter i Ryfylke
Arr: Kjedlaren, Suldal Hotell
Kulturhuset
Film for dei yngste kvar dag kl. 13.00
Film for ungdom og vaksne
kl.18.00 tysdag og torsdag
oktober
Onsdag blir det Mormorfest med
”Mormor og de 8 ungene” på kino.
Mormor er spesielt velkomen.
Gratis kino for mormor dersom barnebarn er med. Dette er ein ”syng med film”
Teiknekonkurranse
Bowlingen er open frå kl. 11.00- 15.00 kvar dag
+ dei vanlege opningstidene?
Måndag 7. – laurdag 12. oktober
NESASJØHUSET, SAND
LESESTUND
Lesestund i Kvitebjørn-utstillinga,
måndag-fredag kl. 12.00 i haustferien.
Arr: Ryfylkemuseet
Tysdag 8. oktober kl. 19.00
Kulturhuset
- Stemnetradisjonar på Ropeidhalvøynå
v/ Torbjørg Mydland
Arr: Suldal Sogelag
Torsdag 10. oktober kl. 18.00
Kulturhuset
Opning av utstilling
med verk av Magne Kjellesvik. Utstillinga er open i
kulturhuset sine opningstider fram til 2. november.
Arr: Ryfylke kunstlag, Suldal kunstlag og Kulturhuset
Fredag 11. - søndag 13. oktober
Hauststemne
på Kulturhuset i Suldal for framtid og håp.
Forkynning, song, musikk og fellesskap med andre
heile helga. Nærare program blir annonsert.
Arr: Menigheten nytt Liv i Suldal m. fleire
Laurdag 12. oktober kl. 11.00- 15.00
Gullingenhuset
”Kom te oss”
- open dag for store og små ved Gulling-huset.
Gullingen - Jyseligt gildt. Heile familien.
Heile sjela. Heile året.
For meir informasjon sjå www.gullingen.info
Arr: Gullingen turistsenter, Fjellbergskardet hyttegrend,
Mosvatnet hyttegrend, Gullingen Utviklingsselskap
og Suldal kommune
6
Måndag 14. oktober kl.19.00
Kulturhuset
”Makt, ofre og idioter”
Me møter forfattarane Lene Ask og Bjørn Arild Ersland i
samtale om årets bok i kampanjen ”Hele Rogaland leser”
Arr: Ryfylkebiblioteket Suldal
Tysdag 15. oktober kl. 19.30
Kulturhuset
Gabriel Fliflet: trekkspill, piano, sang, Jørgen Sandvik: gitar
og andre strengeinstrument, song, Jorunn Marie Kvernberg: song, hardingfele, fele, harpeleik, piano, Kristoffer C.
Vogt: kontrabass, song. Vals er ikkje stampande, dunkande, hoppande eller marsjerande – valsen flyt! Me er ikkje
i fine ballsalar i Wien, hovudinspirasjonen ligg i Noreg,
Paris og Balkan. Verket har tekstar ført i pennen av Einar
Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet og blir framført med eit usedvanleg kompetent band. Publikum vil få
oppleva valsar om kjærlege sommaraugeblikk, kyrkjegardar, krølling av tær – og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar,
latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa
sansane ytterlegare!
Laurdag 19. oktober kl.19.30
Suldal Samfunnshus
Haustfest
Arr: Snøklokka 4H og Kvitveis 4H
Onsdag 23. oktober kl. 11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane i Suldal inviterer til eit musikalsk
pusterom i kvardagen. Konserten er gratis.
Arr: Kulturhuset
Onsdag 23. oktober
kl. 18.00
Kulturhuset
Moteshow
2013
Handelstanden Sand viser
haust- og vintermote og
trendar for store og små
på catwalken i Kulturhuset
i Suldal. Underhaldning og
smaksprøvar av lokal mat og
høge glas med bobler! Butikkane har ope til kl. 21.00 etter
showet. Kontant betaling; Pr. pers. kr 80,- Arr: Handelsstanden Sand
Torsdag 24. oktober kl. 19.00
NESASJØHUSET, SAND
Bokkafé: «Innblikk»
- lansering av boka om Ryfylkemuseet.
Arr: Ryfylkemuseet
7
oktober
Valseria
Laurdag 26. oktober kl. 15.00
Kulturhuset
FN-dagen
Arr: Folkeakademiet Suldal
Mandag 28. oktober kl. 13.00 og 14.00
Kulturhuset
Høyt oppe i fjellet
oktober
Med munnharpespel og song
blir små og store lokka inn i eit
telt. Her er det ein forteljar frå
framande strok. Med musikalsk
leik tek ho oss med på ei spennande og eventyrleg reise høgt
til fjells. På vegen møter me dyr
og høyrer susen i frå fossen. Bli
med inn i ei rar og forunderleg lita verd! Musikk av Maja
Ratkje. Diserud og Lindgren er
produsentar
Arr: Kulturhuset i Suldal
Onsdag 30. oktober kl. 19.30
Kulturhuset
Vårt eget verk
Visesongarane Svein Tang Wa og Elin Furubotn og forfattaren Gunnar Roalkvam vil framføre både gamle og nye
dikt og songar – og alt er på norsk og på deira eigen
dialekt.
Arr: Kulturhuset i Suldal
Fredag 1. november kl. 20.00
og laurdag 2. november kl. 19.00
Suldal samfunnshus
Revy
november
Laurdag 2. november, heile dagen
Kulturhuset
Den store kinodagen
Gode filmar og anna moro heile dagen!
Arr: Kulturhuset i Suldal
ALLEHELGENSGUDSTENESTER
Vi minnest dei døde og tenner ljos for dei som er
gravlagde siste året
Søndag 3. november kl. 17.00: Jelsa kyrkje
Søndag 3. november kl. 19.30: Suldal kyrkje
Søndag 10. november kl. 17.00: Sand kyrkje
Søndag 10. november kl. 19.00: Erfjord kyrkje
Arr: Den norske kyrkja i Suldal
8
Tysdag 5. november kl. 19.00
Kulturhuset
- Finn slekta på internett
Bruk av Digitalarkivet og andre kjelder
v/ Rune Roalkvam
Arr: Suldal Sogelag
Torsdag 7. november kl. 18.30
NESASJØHUSET, SAND
Internasjonal kafe
Gratis inngang, sal av internasjonal mat
Arr: Ryfylkemuseet og Introduksjonstenesta i Suldal
Fredag 8. november kl. 19.30
Kulturhuset
Klassisk konsert
Torsdag 7. november kl. 18.00- 20.00
Kulturhuset
Spøtakafe
Tema: Internasjonal strikking
Arr: Suldal Husflidslag
Måndag 11. november kl. 19.00
Suldal Samfunnshus
Temakveld:
«Men vanskeligst av
alt er kjærligheten»
v/Per Anders Nordengen,
ein av våre mest etterspurte
foredragshaldarar, han er
teolog.
Sal av bøker.
Arr: Suldal sokneråd i
samarbeid med Folkeakademiet Suldal og andre
organisasjonar
Tysdag 12. november kl. 18.00 - 21.00
Næringsparken på Garaneset
Damenes Aften
for inspirasjon og med gode tilbod kun for damer!
Velkommen til ein motivasjonskveld i vintermørket
saman med handelsstanden.
Frist for påmelding 4. november til [email protected]
Inngangspris kr 150,Arr: Handelsstanden Sand
9
november
med Distriktsmusikarane
Arr: Kulturhuset i Suldal
Foto: Anne Lise Norheim
Onsdag 13. november kl. 19.00
Nesasjøhuset
Opning av utstillinga
‘Mitt Ryfylke’
november
Kven er Ryfylkingane? Kva lever dei av, og kva set dei
pris på? Korleis har dei takla moderne tider, og kva skjer
med Ryfylke når regionen blir knytt til andre regionar
med bruer og tunnellar? Dette er noen av dei spørsmåla
Ryfylkemuseet stiller når utstillinga «mitt Ryfylke» opnar.
Arr: Ryfylkemuseet
Torsdag 14. november kl. 19.00
Kulturhuset
Morten Brekke
Morten Brekke har gjennom ein liten mannsalder dyrka
jakt og friluftsliv i inn og utland. I biletkåseriet sitt tar han
oss blant annet med til Canadas villmark, i Helge Ingstad
sine fotspor. Han vil også vise bilete og film frå storviltjakt i Noreg, Polen og Russland. Jakt og villmarksinteresserte kan se fram til ca. 2 timer show.
Arr: Kulturhuset i Suldal
Mandag 18. november kl. 19.30
Kulturhuset
Mitt liv - mine val
Talkshow med fire suldøler om foreldrerolla, kva dei har
gjort, kva val dei har tatt og kva dei tenkjer om framtida.
Arr: Folkeakademiet Suldal
Onsdag 20. november kl. 19.30
Kjedlaren
Budsjett-debatt
med servering av varm mat.
Lokale aktørar og meiningsberarar vert inviterte til debatt med rom for å svara på spørsmål; opptrapping til
Formannskapets budsjettmøte 21. og 22. november
Arr: Kjedlaren, Suldal hotell
10
Helga 22. – 24. november
Mo Laksegard
FOLKEMUSIKKOG FOLKEDANSHELG
Laurdag 23. november kl. 20.30
Mo Grendahus
Huskonsert, jam og dans
Kursdeltakarar og instruktørar frå Folkemusikkog folkedanshelga viser kva dei kan!
Etterpå blir det jam og dans til glasrutene på
Mo Grendahus sveittar og taket lettar.
Ope for alle, gratis inngong.
Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet
Laurdag 23. november kl. 10.00 - 14.00
Suldal Samfunnshus
Julemesse
• mange spennande utstillarar
• sal av graut, kaffi, lappar og lefse
• lotteri med flotte gevinstar. Trekning kl. 14.00.
Påmelding til [email protected] eller 91 56 33 47
innan 25. oktober.
Nå er det på tide å tenka peparkakehus-utstilling!
Innleveringsfrist torsdag 28. november kl. 19.00
Laurdag 23. november kl. 18.00
Kulturhuset
Nordic Tenors
Den gode julestemninga kjem i år med Nordic Tenors.
Med klokkeklare stemmer strør dei eit musikalsk stjerne11
november
Kurs for alle generasjonar og nivå i dans,
kveding, toradar og hardingfele.
Sjå www.ryfylkemuseet.no og Facebook
for meir informasjon.
Kursavgift: Vaksne kr 850, barn kr 400
Påmelding innan 23. oktober til:
Åshild Vetrhus, Folkemusikkarkivet for Rogaland
Tlf: 975 03 463 (mobil) / 52 79 29 55 (kontor)/
e-post: [email protected]
Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet
støv over dei frosne vinterhjarta våre. Det blir eit show
fylt med julestemning og musikalitet. Her får vi oppleva
kjende og kjære julesongar i ny drakt, amerikanske slagarar og overraskande musikalske julegåver, arrangert på
ein måte som vil få oss til å frysa på ryggen, men likevel
bli varm om hjarta. Med seg har dei òg gitaristen Tobias
Neumann frå Sverige og hans eminente strykeensemble
The Neumann Strings. Nordic Tenors vil syta for at du
får julestemninga på plass i kroppen og at du går juletida
nynnande i møte.
Kulp inviterer til julebord på kulturhuset
i forbindelse med denne konserten.
Arr: Kulturhuset i Suldal
Laurdag 30. november kl. 09.30
Sand Skule
JULEMESSE
november
Sal av heimebakst, husflidsvarer, loddsal osv.
Tale for dagen med Ingunn Moi.
Trekning av hovudgevinst kl. 14.30.
Arr: Sand Bedehus
Laurdag 30. november
Julegateopning
og tenning av Julegrana
Julehandel og julemoro på Torjå!
Fakkeltog Rimi kl. 15.45 tenning av julegran kl.16.00,
og kanskje kjem sjølvaste julenissen.
Arr: Handelstanden på Sand
Laurdag 30. november kl. 12.00
Kulturhuset
Opning av Peparkakelandsbyen
Opning av juleutstillinga med verk av lokale
amatørkunstnarar.
Arr: Kulturhuset i Suldal
12
Laurdag 30. november kl. 13.00
Kulturhuset
Opning av juleutstillinga
med verk av lokale amatørkunstnarar.
Arr: Kulturhuset og Målarklubben
Søndag 1. desember kl. 16.00
Vinjar skule
Julakonsert med
Suldal Musikkorps
Stemningsfulle juletonar slik berre korpset kan.
Arr: Suldal Musikkorps
Tysdag 3. desember kl. 19.00
Kulturhuset
Nye bygdebøker
Onsdag 4. desember kl. 11.30
Kulturhuset
Jule-Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane i Suldal inviterer til eit musikalsk
pusterom i kvardagen. Konserten er gratis.
Arr: Kulturhuset
Torsdag 5. desember kl.18.00- 20.00
Kulturhuset
Spøtakafe
Pjoning av nissar og englar.
Arr: Suldal Husflidslag
Torsdag 5. desember kl. 18.00
Kulturhuset
”Nikolas
frå Patara”
Eit musikkspel der alle elevane i
kulturskulen deltek og
er med på scenen med song,
musikk og skodespelarar.
Arr: Kulturskulen
og Kulturhuset i Suldal
Fredag 6. desember
og laurdag 7. desember
Kjedlaren
HØVISKEBAND
er eit tradisjonsrikt danseorkester som slår til når og der
du minst ventar det! HØVISKEBAND spelar og syng ei
blanding av klassiske rockelåtar, popsvisker og sentimentale country-balladar, i tillegg til ein del heimelaga ting.
Bandet spelar ved juleborda - påmelding tlf. 640 06 171
Arr: Suldal Hotell/Kjedlaren
13
desember
Ernst Berge Drange fortel om dei to nye bøkene
frå Ropeidhalvøya.
Arr: Suldal Sogelag
Søndag 8. desember kl. 13.00
Ryfylke Fjordhotel
Tradisjonelt
familiejulebord
for heile familien. Det vil bli gong rundt juletre
og overraskelsar av sjølvaste julenissen.
Bordbestilling tlf. 52 79 27 00
kr 295,- pr. voksen, kr 145,- pr. born.
Arr: Ryfylke Fjordhotel
Onsdag 11. desember kl. 19.30
Kulturhuset
Stemningsfulle
julemeditasjoner
desember
I Kulturkirken Jakob
heng Eilif Petersens
altertavle: ”Hyrdenes
tilbedelse” Iver Kleive
blei inspirert av denne
og det resulterte i
korte klavermeditasjonar over nokre av dei
flottaste julesongane
og julesalmane vi har.
Nokre fekk ei minimalistisk form med Kleive nær melodistemma heile vegen,
andre ei rikare ornamentering, og med folkemusikalsk
dåm. Først og fremst er det heile gjort med respekt.
Arr: Kulturhuset i Suldal
Onsdag 11. desember - laurdag 14. desember
Sand
Julemarknad
på Torjå med julestemning og sal av lokale produkt i
bodene! Langope før jul i veke 51 til kl. 18.00.
Alle laurdagar i desember til kl. 16.00.
Torsdag 12. desember kl. 18.00
Kolbeinstveit,
Suldalsosen
Nissekveld
Velkommen til ein
stemningsfull førjulskveld!
Inngang kr 100.
Husk påmelding til
[email protected] eller
på tlf. 52 79 29 50.
Arr: Ryfylkemuseet
12. desember frå kl. 10.00 til kl. 23.00
Sand
Nattope på Sand
for ein triveleg førjulshandel. Julemoro og aktivitetar i
Sand sentrum. Fredag 13. desember kl. 20.00
Erfjord kyrkje
Julekonsert
Utvalde musikalske uttrykk og skreddersydde
tekstar frå Ryfylkeklang til deg!
Arr: Ryfylkeklang
Søndag 15. desember Suldal kyrkje kl. 15.00 og
Sand kyrkje kl. 17.00
Medan me ventar...
Julekonsert med lokale musikarar og songarar
Arr: Kyrkja i Suldal
14
Søndag
15. desember
kl. 16.30
Kulturhuset
NASJONALBALLETTEN
DIREKTE PÅ DIN LOKALE KINO
LIVE FRA DEN NORSKE OPERA & BALLETT
Nøtteknekkeren
EVENTYBALLETT I TO AKTER
ETTER E.T.A. HOFFMANNS
NØTTEKNEKKEREN OG MUSEKONGEN
Koreografi • Dinna Bjørn
Musikk • Peter Tsjajkovskij
Scenografi • Nadine Baylis / Minna Wallenius
Kostymer • Nadine Baylis
Lysdesign • John B. Read
Musikalsk ledelse• Terje Boye Hansen / Alexander Walker
NASJONALBALLETTEN • BALLETTSKOLEN
OPERAORKESTERET • BARNEKORET
Ein ny form for
konsertoppleving! Kan ikkje
vi komma til
Operaen, så får
operaen komma
til oss gjennom
kinolerretet.
Denne søndagen
kan du få oppleva Nasjonalballetten direktesendt på
kino live frå Den norske Opera & Ballett: Nøtteknekkeren! Eventyrballett i to akter
OPERAEN.NO / 21 42 21 21
Koreografi • Dinna Bjørn
Musikk • Peter Tsjajkovskij
Scenografi • Nadine Baylis/Minna Wallenius
Kostymer • Nadine Baylis
Lysdesign • John B. Read
Musikalsk ledelse• Terje Boye Hansen/Alexander Walker
desember
SØNDAG
15. DESEMBER 2013
KL. 16.30
NASJONALBALLETTEN • BALLETTSKOLEN
OPERAORKESTERET • BARNEKORET
Arr: Kulturhuset
Fredag 20. desember
Kjedlaren
Studentparty
HØSEBRUA
– del av Nasjonal Turistveg Ryfylke
Foto: Dag Jenssen – Grafisk design: MolsenHouse Productions-2013
Førjulssamling for Suldals-ungdom, heime og ute.
Arr: Kjedlaren, Suldal Hotell
Ein gamal draum – å sjå Lågen slik berre fuglane kunne.
Nå kan me vandra over Lågen der fuglane flyg!
www.suldal-turistkontor.no
15
Velkommen til
Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85
Kulturhuset i Suldal!
www.suldal.kulturhus.no
Tlf. 52 79 22 90 / 52 79 22 91
Kulturhuset har aktivitetar sju dagar i veka!
Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard,
dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men
ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause
nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok.
Opningstider
Måndag kl. 11.00 - 16.00
Tysdag kl. 11.00 - 16.00
Onsdag kl. 11.00 - 16.00
Torsdag kl. 11.00 - 19.00
Fredag kl. 11.00 - 15.00
Laurdag kl. 11.00 - 15.00
Følg oss
Ryfylkebiblioteket i Suldal
har ope i Kulturhuset si opningstid.
Her kan du utanom bøker låne dvd – filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc’ar du kan bruke.
Lån av e-bøker: sjå www.ryfylkebiblioteket.no
Ta kontakt med biblioteket for pinkode.
Kino
Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd!
Framsyningar kvar veke. Sjå elles annonsering i lokalavisa
og på www.suldal.kulturhus.no
eller www.filmweb.no
Bowling, biljard, dart
Tysdag kl. 17.00 - 22.00
Onsdag kl. 14.00 - 19.00
Torsdag kl. 17.00 - 22.00
Bowling kan tingast utanom ordinær opningstid.
NB! Min. 2 banar i 1 t.
Kulp kafé
Måndag - fredag kl. 11.00-18.00. Laurdag kl. 11.00-15.00
Tlf. 95 15 32 32
Neste utgåve
av ”Det skjer i Suldal” kjem i januar.
Frist for innlevering: 8. desember.
16
Mykje godt i vente
på kino
HAN ER
RASKERE ENN LYNET.
THIS IS US
2D
OG
I BÅDE en.no
ofilm
turb
3D
©2013 Disney
FRA EN VERDEN OVER
Utstillingar på Ryfylkemuseet
Kvitebjørnen: året rundt
Spor på stedet: 7.9 til 4.10
Mitt Ryfylke: utstillingsopning 13.11 kl 19
Opningstider: mån-fre, kl 9-15
Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand, Tel 5279 2950
www.ryfylkemuseet.no
Sukkagarden - der historia sit i veggene
Solveig og Ola Sukka
tlf. 92418460 / 92640803
e-post: [email protected]
sukkagarden.no
17
OPE: måndag til fredag 11.00 - 18.00
laurdag 11.00 - 15.00
Tlf. 95 15 32 32 • www.kulp.as • [email protected]
e-post: [email protected] www.bgsuldal.no
Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49
OPNINGSTIDER:
09-21
laurdag til kl. 18.00
•Bred
Kjøkkenutstyr
• bryllup
erfaring
Bred
erfaring
medmed
bryllup
SAND - tlf. 52 79 07 90
Tradisjonell
i moderne
Tradisjonell
matmat
i moderne
formform
kunder
er våre
beste
referanser
VåreVåre
kunder
er våre
beste
referanser
Tlf. 05555
Velkommen!
Velkommen!
Krambua
Tlf. 52 79 06 50
www.krambuasand.no
Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND
Me byggjer
hus, hytter,
NæriNgsbygg
M.M.
Garaneset - 4230 SAND
tlf. 52 79 06 30
[email protected]
www.kv-bygg.no
Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk.
OPNINGSTIDER:
Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00
Tjelmane Dekkservice AS
Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77
VI LEVERER ALT I BYGGEVARER!
Største byggevarehus i Ryfylke
monter.no
Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200
VIL DU LEIGE TORGPLASS/
BODER PÅ SAND?
Kontakt sentrumsleiar;
906 848 61
18
Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30
OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00
Step • Styrke • Dans • Pilates • Spinning • Zumba
• Tlf. 474 17 566
• [email protected]
• www.stas-suldal.no
Sandvegen 134, 4230 Sand
Tlf. 52 79 06 90, [email protected]
• El.installasjon i hytte/hus/industri/landbruk • Salg, montering og
reparasjon av varmepumper • Salg av småelektriske artiklar
•Salg av hvitevarer og TV
SULDAL INSTALLASJON AS
Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690
Faks 52 79 75 61 E-post: [email protected]
Bedriftsetablering, vekst
og nyskaping – treng DU råd?
SULDAL VEKST har
kompetanse og nettverk!
Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no
Claudia’s Frisør
[email protected] • www.bok-it.no
• Tlf. 52 79 06 65
Claudia’s Frisør
Dame & Herrefrisør
Dame & Herrefrisør
Claudia’s Frisør
Næringspark
Sandveien
134
Næringspark
4230 Sand
Sandveien
134
Dame & Herrefrisør
mobil: 41466131
4230 Sand
mobil: 41466131
Næringspark
Sandveien 134
4230 Sand
mobil: 41466131
Kraftproduksjon
Røldal-Suldal
Vatn – fornybar energi, brukt i
Hydros aluminiumproduksjon.
Kraftproduksjon Røldal-Suldal
Telefon 52 79 20 00
www.hydro.com
19
Nordic Tenors. Foto: Kulturoperatørene
Tlf. 52 79 22 90
Suldal Turistkontor
Tlf. 52 79 06 13
Tlf. 52 79 05 60
Layout: Suldalsposten
Tlf. 52 79 29 50