Det skjer i Suldal - Suldal Turistkontor

Download Report

Transcript Det skjer i Suldal - Suldal Turistkontor

Det skjer i Suldal
26. januar til
22. juni 2014
Du kan kjøpa billettar til arrangement
på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no
www.skattkammeretsuldal.no
Kulturvår!
I denne utgåva av Det skjer i Suldal kan du lese om alle dei flotte
arrangementa som finn stad i Suldal denne våren.
Suldal har eit mangfald av kulturaktørar i kvar ei grend, og det er
mange timar med dugnad som ligg bak mange av arrangementa.
Eg er imponert over alt det arbeidet og kunnskapen som ligg bak
arrangementa, og er stolt over å kunne vere med å vise fram alt
dette som skjer i kommunen. I og med at det er nytt år så kan eg
kanskje utfordre deg litt? Kva med å gjere noko som du ikkje har
gjort før? Kanskje du kan gå på eit arrangement i ei anna grend
eller eit arrangement som du ikkje har vore på før? Det er stadig
nye skattar å finne i kommunen vår!
Programmet for våren er vidt og breitt, og me tenkjer at det skal
vere noko for ein kvar smak! Nytt av året er Suldal Turlag som
inviterar til turar i heile kommunen, og Ryfylkemuseet som har
laurdagsope ein laurdag i månaden. - Har du forresten sett utstillinga Mitt Ryfylke på museet, den er vel verdt å få med seg!
På Kulturhuset vert det mange historier som strekkjer seg
i frå Høringar i Suldal, til Karius og Baktus, og musikalske
uttrykk som Nordic Tenors.
Når det lir mot vår så kan me vere med husflidslaget å lage
påskepynt eller delta på utandørs opplevingar på Gullingen eller
i Mosmyra. 17. mai dette året vert spesielt markert med feiring
av Grunnloven som er 200 år!
Sommarsesongen startar for alvor med Ryfylkedagane som
dette året fell saman med pinse. Då vert det festdagar med
eit mangfald av kultur, marknadsdag, kunstutstillingar og
underhaldning for store og små. Ekstra kjekt dette året er
kommunen sin oppsetting av Suldalsspelet ”Syng elvestraum”.
Historia er basert på ei sann historie frå 1300-talet om kampen
om lakserettar, kyrkjemakt og ung kjærleik!
Om du har meir energi att, så prøv deg gjerne på Kraftrittet
som dette året har både landevegs- og terrengutgåve!
Velkommen skal du vere.
– Skattkammeret Suldal er klar for ein ny vår!
Elin Tjordal Haugen
Reiselivsansvarleg - Suldal Vekst
2
Laurdagsope på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet
Nytt av året: ope siste laurdag i månaden kl. 11.00-15.00
• Laurdag 22. februar
• Laurdag 29. mars
• Laurdag 26. april
• Laurdag 31. mai
Søndag 26. januar kl. 10.00, Erfjord
Erøy rundt
Tysdag 28. januar kl. 19.00, Kulturhuset
Om høringar i Suldal
Terje Bråtveit Håvoll, vil gi eit tilbakeblikk om koss
det var å sjå etter kretturo.
Arr: Suldal Sogelag
januar
Bli med på tur i låglandet. Me startar ved Betel bedehus.
Turen tar ca. 2 timar og passar for alle. Ta med mat og
drikke.
Arr: Suldal Turlag
Årets skikarusell
1.Telenorkarusell måndag 3. feb. kl. 18.00
klassisk på Gullingen, arr. Suldal IL
2.Telenorkarusell tysdag 18. feb. kl. 18. 00
fristil på Gullingen, arr. Erfjord IL
3.Telenorkarusell onsdag 5. mars kl. 18.00
klassisk på Gullingen, arr. Hjelmeland IL
4.Telenorkarusell torsdag 20. mars kl.18.00
fristil på Gullingen, arr. Suldal IL
Sulla meg litt
Kristine Helgeland Mosdøl Ei samlingsstund for dei minste barna, der dei får sanse
og oppleve klang og rytme, song og rørsle i fellesskap
med mor og far, barn fra 0-12 mnd. Inngang kr 75,Arr: Kulturhuset i samarbeid med Folkeakademiet Suldal
Torsdag 6. februar
kl. 18.00,
Kulturhuset
Spøtakafe
Forskjellige måtar
å lage hæler på/
restegarnsokkar
Arr: Suldal Husflidslag
3
februar
Torsdag 6. februar kl. 11.00, Kulturhuset
Laurdag 8. februar
Suldalsrennet fristil
For meir info sjå Suldal IL si nettside
Arr: Suldal IL
Tysdag 11. februar kl. 19.00, Næringsparken
Årsmøte i Suldal Turlag
Kjell Helle-­Olsen blir med oss.
Han fortel og viser bilete frå heia.
Arr: Suldal Turlag
Tysdag 11. februar kl. 19.00, Kulturhuset
Årsmøte i mållaget
Arr: Suldal Mållag
Tysdag 11. februar
kl. 18.00, Kulturhuset
LAUSØYRE OG
ANDRE
LØYSINGAR
Eit stykke om det å vera annleis,
om å vera bjørn når ein heller
ville vore kanin.
Kan kanin-lausøyre
vera løysinga då?
Dramagruppa i Kulturskulen.
Familieframsyning.
februar
Kristine Svendheim
og Renate Grønås som
kanin og bjørn.
Onsdag 12. februar kl. 11.30, Kulturhuset
Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane
Torsdag 13. februar kl. 19.30, Kulturhuset
Fjellhageplanter
frå Svalbard
v/Trond Høy frå Tysvær.
Arr: Hagelaget Suldal
Tysdag 18. februar kl. 18.00, Kulturhuset
Karius og Baktus
”Vi vil ha loff, vi vil ha loff!”
Tru om Karius og Baktus får det dei ropar etter?
Alle kjenner
denne historia og
har sett filmforteljinga, men nå
skal me få møta
desse to tanntrolla på scenen.
Det er Victoria
Productions som
kjem med denne
forestillinga. Dei
har vitja Suldal
før med m.a.
Pippi og
Mummidalen.
Bill.: kr 210,Arr: Viktoria
Produktions og
Kulturhuset i
Suldal
4
Torsdag 20. februar kl. 19.30, Kulturhuset
SSO er her med mektig og velklingande musikk av m.a. Dimitrij
Sjostakovitsj. Utanom dette kan vi
óg gleda oss over at vår eigen Erik
Aldenheim-Nerheim er solist i eit
stykke for altsaksofon og strykarar
av Alexander Glazounow.
Bill.: Kr 230,- /
honør over 67 og barn 150,Arr: Kulturhuset i Suldal
Solisten Aldenheim-Nerheim
Fotograf: Silje Måseide
Stavanger
Symfoniorkester
Torsdag 20. februar kl. 18.30
Internasjonal kafe
Arr. Ryfylkemuseet i samarbeid
med Introduksjonstenesta i Suldal
Vinterferie i Suldal
21. februar – 2. mars
Ulike arrangement for barn og unge Kino kvar dag og ekstra opningstider i bowlingen.
Sjå www.suldal.kulturhus.no for program
Ryfylkemuseet
Sjå www.ryfylkemuseet.no for program, aktivitetar
og opningstider på Nesasjøhuset, 22.2-1.3.
februar
Kulturhuset
Søndag 23. februar kl. 10.00, Gullinghuset
Skitur rundt Veneheia
og Hedlebrekk
Me startar ved Gullinghuset. Dette blir ein rundtur i
variert terreng. Me set av ca. 4 timar. Ta med niste.
Arr: Suldal Turlag
Tysdag 25. februar kl. 19.00, Kulturhuset
Kva skal me med
stadnamn?
Kva gjer me med dei mange tusen namn som er
samla inn på gardane i Suldal. Tor Olav Følgesvoll vil
informera og gi inspirasjon til vidare arbeid.
Arr: Suldal Sogelag
Torsdag 27. februar kl. 13.00, Kulturhuset
KOM OG HØYR!
Biblioteket inviterer til forteljarstund med Nina M.
Næsheim. Nina gir soger og historier eit magisk liv
med sine fantastiske ansiktsuttrykk og grimasar. Har
du sett Nina som kamel, så gløymer du det aldri.
Dette programmet høver godt for 5-6-åringane og
småskulen.
Gratis!
Arr: Ryfylkebiblioteket Suldal
OPE DØR 1
Kunstutstilling. Utstillinga kan sjåast i Kulturhuset
sine opningstider fram til 15. mars.
Arr: Ryfylke Kunstlag
5
mars
Laurdag 1. mars kl. 13.00, Kulturhuset
Søndag 2. mars kl. 16.00, Kulturhuset
UKM
Ungdommens kulturmønstring. Talentfull ungdom frå
Suldal deltek med song, musikk og dans.
Kven går vidare til fylkesmønstringa?
Arr: Kulturhuset i Suldal
Søndag 2. mars
Mosvatnet rundt
klassisk
mars
For meir info sjå Suldal IL si nettside.
Arr: Suldal IL
Torsdag 6. mars kl. 18.00, Kulturhuset
Spøtakafe
Frangiflutti-sjal.
Arr: Suldal Husflidslag
Laurdag 8. mars kl. 15.00, Sand kyrkje
Solidaritetsgudsteneste
Misa Campesina med kor og musikarar
frå Suldal og Sauda.
Onsdag 12. mars kl. 11.30, Kulturhuset
Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane
6
Laurdag 15. mars kl. 11.00 -15.00
”Kom te oss”
-Open dag for store og små ved Gullinghuset.
Gullingen - Jyseligt gildt. Heile familien. Heile sjela.
Heile året. For meir informasjon sjå www.gullingen.info
Arr: Gullingen turistsenter, Fjellbergskardet hyttegrend,
Mosvatnet hyttegrend, Gullingen Utviklingsselskap
og Suldal kommune
Søndag 16. mars kl. 10.00, Saurdal
Skitur til Såta
Me startar ved Saurdal kraftstasjon.
Set av heile dagen for ein krevjande fjelltur. Me skal opp
på vel 1400 meters høgde. Ta med ei god niste.
Arr: Suldal Turlag
Måndag 17. mars kl. 19.00, Nesasjøhuset,
Foredrag om Ryfylke i spenninga mellom
tradisjonstruskap og endringsvilje.
Arr: Ryfylkemuseet
Onsdag 19. mars kl. 19.30, Kulturhuset
Vårfornemmelser
– litt for nybegynnarar, - litt om planlegging, - litt om jord,
plen og gjødsling, - litt om kompostering.
Arr: Suldal Hagelag
Laurdag 22. mars kl. 19.00, Kulturhuset
Nordic Tenors
”An Evening with Nordic Tenors”
Det er duka for ny festkveld når me kan få oppleva
Nordic Tenors endå ein gong her i Suldal. Det blir ei
forestilling med mange klassiske perler, store musikalske
augneblink og mykje humor. Desse muntre tenorane har
vunne Komiprisen, vore kongelege kjøgemeistrar og har
vunne eit stort publikum over heile landet. Denne gongen vil me m.a. få høyra Beatles-låtar og stemningsfulle
harmoniar frå Simon&Garfunkel sitt repertoir
– alt innpakka i vakker fleirstemt song og musikalsk
glede. Eit vaskeekte Bollywood-nummer blir det og. Her
er det berre å hive seg rundt og sikre seg gode plassar!
Bill.: kr 390,Arr: Kulturhuset i Suldal
7
mars
Eirik Fossåskaret
Søndag 23. mars kl. 16.00, Kulturhuset
mars
SHOWKONSERT
med musikkorpsa i Suldal.
Velklingande, humørfylt og forrykande samspel mellom
unge aspirantar og vaksne hornføre damer.
Bill.: kr. 150,-/75,- Familie kr. 300,Torsdag 27. mars kl. 18.30
Internasjonal kafe
Arr. Ryfylkemuseet i samarb. med
Introduksjonstenesta i Suldal
Første del av april, følg med!
Bygdahuset i Mo
Aslak Sira Myhre
– Bygda sett med asfaltauger.
Innleiing og ordskifte om oss
og framtida vår.
Arr: Sand Bygdekvinnelag
Onsdag 2., 9. og 23. april i Stegåsen
Kurs i orientering
Arr: Suldal o-lag
Torsdag 3. april kl. 18.00
i Kulturhuset
Spøtakafe
Påskepynt, pjoning av kyllingar
Arr: Suldal Husflidslag
Tysdag 8. april kl. 19.00, Kulturhuset
april
Temakveld
Stein Husebø er overlege og dagleg leiar ved verdighetssenteret i Bergen og er ein kjend foredrags/kurshaldar
som er oppteken av verdighet i alderdommen.
På Kulturhuset denne kvelden vil han snakka om
«Vandringer mellom liv og død»
Arr: Frivillige hender i samarb. med
Folkeakademiet Suldal og Suldal kommune
Onsdag 9. april kl. 19.00, Kulturhuset
Koss det var å koma
til Suldal i 1976
Nils Ingar Korsvoll vil kåsera.
Arr: Suldal Sogelag
Søndag 13. april kl. 10.00, Hamrabø
Bli med på årets
påsketur til Skaulen
Me startar i Hamrabø. Det blir ein krevjande skitur med
ca. 1000 meters stigning. Me set av heile dagen. Ta med
rikeleg med mat og drikke.
Arr: Suldal Turlag
8
11. -21. april Påskeferie i suldal
Arrangement for for barn og unge Kulturhuset
Ekstra kinoframsyningar og og ekstra opningstider i
bowlingen. Sjå www.suldal.kulturhus.no for program
Ryfylkemuseet
Sjå www.ryfylkemuseet.no for program, aktivitetar
og opningstider på Nesasjøhuset
Gudstenester
i kyrkjene i Suldal
Palmesøndag:
Nesflaten kapell kl. 11.00
Marvik kapell kl. 19.00
Skjærtorsdag:
Gullinghuset kl. 11.00
Suldal kyrkje kl. 19.00
1. Påskedag
Sand kyrkje Jelsa kyrkje Suldal kyrkje kl. 09.00
kl. 11.00
kl. 11.00
Laurdag 12. april kl. 13.00, Kulturhuset
OPE DØR 2
Kunstutstilling. Utstillinga kan sjåast i
Kulturhuset sine opningstider fram til 3. mai.
Arr: Ryfylke Kunstlag
Palmesøndag 13. april kl. 18.00, Kulturhuset
Konsert
Kim Andre Rysstad, Trym Bjønnes og Helga Jacobsen ”Det største treet” med religiøse folketoner
og andelege viser. Konserten er rolig, meditativ og
inneheld mykje trestemt song, samt litt akustiske
gitarar og eit gamalt pumpeorgel som er restaurert
for anledninga.
Arr: Kulturhuset
12. - 13. april, Gullingen Zporty Snøfestival
Snøleik og konkurransar for barn og vaksne.
Sjå program på www.zporty.no
Arr: Zporty 9
april
Langfredag:
Marvik kapell kl. 11.00
Sand kyrkje kl. 19.00
Onsdag 23. april kl. 19.00, Kulturhuset
Foredrag
med Ingvard Wilhelmsen
april
som driv Norges einaste hypokonderklinikk.
Han er professor med hypokonderi som
spesialfelt og har blant anna skrevet boken
”Sjef i eget liv”
Arr: Fagforbundet
Laurdag 26. april kl. 13.00-15.00
Familiedag i Mosmyra
Eit trivsel-i-bygda-tiltak med aktivitetar for store og små,
natursti, klatring og hopping, barkebåtar.
Ta med grillmat, sitjeunderlag og klesskift viss
du har tenkt å detta i bekkjen.
Me held kaffi og saft.
Arr: Sand Bygdekvinnelag
Torsdag 1. mai kl. 10.00, Røynevarden
Familietur til Røynevarden/Røynevardslia
Me har med oss kjentmann som har mykje å fortelja.
Ta med mat og drikke.
Arr: Suldal Turlag
Onsdag 7. mai kl. 11.30, Kulturhuset
Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane
Torsdag 8. mai kl. 18.00, Kulturhuset
mai
Spøtakafe
17. mai er vi så glad i morro vi har frå morgon til kveld...
Arr: Suldal Husflidslag
Søndag 18. mai, Li Internasjonal
museumsdag
Gratis inngang, www.ryfylkemuseet.no
Torsdag 22. mai kl. 18.30, Nesasjøhuset
Internasjonal kafe
Arr. Ryfylkemuseet i samarb.
med Introduksjonstenesta i Suldal
Onsdag 21. mai kl. 17.00,
Øvre Suldal Samfunnshus
Grendadag
Det vert sal av varer, kafé, loddsal og tipping. Lista over utstillarar vert oppdatert på
www.fjellbjorka4h.no. Velkommen!
10
Søndag 25. mai kl. 13.00,
frammøte Joagarden barnehage
Frå Eide til Hellandsnuten
Arr: Suldal Sogelag
Torsdag 29. mai kl. 10.00, Selland
mai
Stadnamntur
med Olav Veka
Tur til Sellandsnuten
Dette er ein middels krevjande tur.
Me set av heile dagen. Ta med mat og drikke.
Arr: Suldal Turlag
Torsdag 5. juni - søndag 8. juni
Syng Elvestraum
Historisk spel om kyrkjemakt, striden om lakserettane
og ung kjærleik.
Billettar får du på Kulturhuset.,
Velkommen til festivaldagar med kultur og mangfald
i Suldal.
• Suldalspelet Syng Elvestraum
• Marknadslaurdag i Sand sentrum
• Aktivitetar og arrangement heile helga.
Hald av pinsehelga 2014 og ta turen til Suldal.
Sjå nærare informasjon på www.suldal-turistkontor.no
og på Facebook.
Onsdag 11. juni kl. 11.30, Kulturhuset
Lunsjkonsert
Distriktsmusikarane
Søndag 15. juni kl. 10.00, Jelsa
Me tar turen til
Junkervarden på Jelsa
Dette er ein fin familietur. Me har med lokal kjentmann.
Ta med niste.
Arr: Suldal Turlag
21. - 22. juni
Kraftritt terreng
og landeveg
Informasjon og påmelding www.suldalsykkelklubb.no
Arr. Suldal Sykkelklubb
11
juni
Ryfylkedagane 6. - 8. juni
Velkommen til
Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85
Kulturhuset i Suldal!
www.suldal.kulturhus.no
Tlf. 52 79 22 90 / 52 79 22 91
Kulturhuset har aktivitetar sju dagar i veka!
Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard,
dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men
ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause
nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok.
Opningstider
Måndag kl. 11.00 - 16.00
Tysdag kl. 11.00 - 16.00
Onsdag kl. 11.00 - 16.00
Torsdag kl. 11.00 - 19.00
Fredag kl. 11.00 - 15.00
Laurdag kl. 11.00 - 15.00
Følg oss
Ryfylkebiblioteket i Suldal
har ope i Kulturhuset si opningstid.
Her kan du utanom bøker låne dvd – filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc’ar du kan bruke.
Lån av e-bøker: sjå www.ryfylkebiblioteket.no
Ta kontakt med biblioteket for pinkode.
Kino
Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd!
Framsyningar kvar veke. Sjå elles annonsering i lokalavisa
og på www.suldal.kulturhus.no
eller www.filmweb.no
Bowling, biljard, dart
Tysdag kl. 17.00 - 22.00
Onsdag kl. 14.00 - 19.00
Torsdag kl. 17.00 - 22.00
Bowling kan tingast utanom ordinær opningstid.
NB! Min. 2 banar i 1 t.
Kulp kafé
Måndag - fredag kl. 11.00-18.00. Laurdag kl. 11.00-15.00.
Tlf. 95 15 32 32
Neste utgåve
av ”Det skjer i Suldal” kjem i byrjinga av juni.
Frist for innlevering: 1. mai.
12
Mykje godt i vente på kino
THE RETURN OF THE FIRST AVENGER
PÅ KINO FRA 28. MARS
SE DEN I
3D
© 2013 Marvel
Premiere 21. februar 2014
No kjem dei!
Kvit ligg fjellheimen og ventar på menneskeborna.
Latter, leik, song og glede.
Fjella lokkar stilt…
KOM!
Foto: Elin Tjordal Haugen – Grafisk design: MolsenHouse Productions-2012
Presseinfo Kraftidioten
Pressekontakt Anne Berentsen | [email protected] | Tlf 99524438
1
www.suldal-turistkontor.no
13
OPE: måndag til fredag 11.00 - 18.00
laurdag 11.00 - 15.00
Tlf. 95 15 32 32 • www.kulp.as • [email protected]
e-post: [email protected] www.bgsuldal.no
Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49
OPNINGSTIDER:
09-21
Bred
erfaring
med
bryllup
laurdag
til kl.
18.00
Bred
erfaring
med
bryllup
SAND - tlf. 52 79 07 90
• Kjøkkenutstyr •
Tradisjonell
i moderne
Tradisjonell
matmat
i moderne
formform
kunder
er våre
beste
referanser
VåreVåre
kunder
er våre
beste
referanser
VI ER HER.
Velkommen!
Velkommen!
Krambua
Tlf. 52 79 06 50
www.krambuasand.no
Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND
Me byggjer
hus, hytter,
NæriNgsbygg
M.M.
Garaneset - 4230 SAND
tlf. 52 79 06 30
[email protected]
www.kv-bygg.no
VI LEVERER ALT I BYGGEVARER!
Største byggevarehus i Ryfylke
monter.no
Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200
VIL DU LEIGE TORGPLASS/
BODER PÅ SAND?
Kontakt sentrumsleiar;
906 848 61
14
Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30
OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-13.00
Sandvegen 134, 4230 Sand
Tlf. 52 79 06 90, [email protected]
• El.installasjon i hytte/hus/industri/landbruk • Salg, montering og
reparasjon av varmepumper • Salg av småelektriske artiklar
•Salg av hvitevarer og TV
SULDAL INSTALLASJON AS
Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690
Faks 52 79 75 61 E-post: [email protected]
Bedriftsetablering, vekst
og nyskaping – treng DU råd?
SULDAL VEKST har
kompetanse og nettverk!
Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no
Claudia’s Frisør
Claudia’s
Frisør
Dame & Herrefrisør
Dame & Herrefrisør
Claudia’s Frisør
Dame & Herrefrisør
Næringspark
Sandveien 134
4230 Sand
Næringspark
Sandveien 134
Næringspark
4230 Sand
Sandveien 134
423041466131
Sand
mobil:
mobil: 41466131
Sukkagarden - der historia sit i veggene
mobil: 41466131
Solveig og Ola Sukka
tlf. 92418460 / 92640803
e-post: [email protected]
sukkagarden.no
Vil du følgja med på
det som skjer i Suldal?
Les lokalavisa!
Ring 52 79 05 90, e-post til [email protected]
15
Foto: Ane Foldøy/Suldalsposten
Tlf. 52 79 22 90
Suldal Turistkontor
Tlf. 52 79 06 13
Tlf. 52 79 05 60
Layout: Suldalsposten
Ryfylkemuseet
Tlf. 52 79 29 50