Det skjer i Suldal - Suldal Turistkontor

Download Report

Transcript Det skjer i Suldal - Suldal Turistkontor

Det skjer i Suldal
23. mai til
6. oktober 2012
Du kan kjøpa billettar til arrangement
på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no
www.skattkammeretsuldal.no
Foto: Esther Moe, Suldalsposten
Kultursommar
Her kjem kulturkalenderen for sommaren. Det er den andre
kulturkalenderen i år, og enda kjem det ein til hausten. Slik har
dei kome i årevis, kulturkalendrane for Suldal. Med omfangsrikt
og breitt program. Vi tykkjer det er gildt. I forhold til folketalet i
kommunen er det stor deltaking på mye av det som går føre seg.
Vi tykkjer det legg verdi til kommunen og gjer Suldal til ein gild
stad å bu.
Kva verdi kulturtilbodet i kommunane har er for tida
gjenstand for debatt. Noen meiner ein overvurderer verdien
kulturtilbodet har for bulyst og reiseliv. Andre vil gjerne bruke
kulturen som instrument for å fremje politiske mål for andre
sektorar, som t.d. samferdslesektoren. Eg trur det går an å halde
seg med det synet at kultur både har eigenverdi og kan gi bidrag
til å fremja andre gode formål. Når Ryfylkemuseet legg stor vekt
på sommarprogrammet handlar det både om å tilby kunnskap og
opplevingar til folk flest og om å tilby attraksjonar til reiselivet.
Det er ei utruleg breidde i det som er omtala i denne kalenderen.
Lokale og regionale lag, privatfolk, bedrifter, distriktsmusikarar,
organisasjonar, kulturhus og museum tilbyr både tradisjonelle
og nyskapande arrangement i bygdesentra, kommunesenteret,
høgt til fjells og utafor allfarveg. Vi kan krysse av og skrive opp i
kalenderen, anten han er på papir eller i det digitale univers, men
vi kan ikkje få med oss alt. Og det er sjølvsagt uråd å komma
med truverdige råd.
Likevel, vi falt for ideen om å ta venterommet på Ropeidkaien i bruk for scenekunst. Det er våre eigne, unge kunstnarar,
saman med noen andre, som gjer det, og som vil utforske
omgrepet tid og det å vente. Kanskje det peikar framover, mot
ei ikkje altfor fjern framtid der det snart ikkje er noe som helst å
vente på på Ropeid?
Når eg har sjansen kan eg sjølvsagt ikkje unnlate å minne
om Ryfylkedagane der det attåt marknadsleven i Gata er
Internasjonal kafe og bluegrasskveld på museet og dans og
opning av sommarutstilling på Kulturhuset. Litt lenger ut i juni
startar sommarsesongen på museet med faste opningstider på
Sand, Kolbeinstveit, Jelsa, Røynevarden, Håland og Li. Nytt av
året er separatutstilling med Erling Nesse på Kolbeinstveit.
Men same kva ein vel å gå på, så er noe av det viktigaste med
å gå at ein møter andre. I ei verd der den nye teknologien kan
komma til å gjera oss framande for kvarandre, er det viktigare
enn noen gong at vi har stader og møtast.
Vel møtt!
(Legg att mobilen heime.)
Roy Høibo
Direktør, Ryfylkemuseet
2
Onsdag 23. mai kl. 18.30
Møteplass OslE, Suldalsosen
Vandring på gamle Osen
Los: Kolbein Bakka
Arr.: Suldal Sogelag
Tysdag 29. mai kl. 19.30
Kulturhuset
Gunnar
Stålsett
Torsdag 31. mai kl. 19.30
Kulturhuset
Klassisk tangokonsert
Suldal Kammerorkester med elevar frå Kulturskulen.
Distriktsmusikarane i Ryfylke:
Xenia Berkova – fiolin og Erlend Jordal – fløyte
I samarbeid med MIRO ensemble frå Haugesund, Marina
Johansson –piano, Tobias Tellmann - cello, Suldal Kammerorkester og med dansarar frå Kulturskulen. Det blir
heftig tango av Astor Piazzolla med solist Boris Lenko.
Velkommen!
Pris: Vaksne kr. 200,- Honnør o. 67 år/barn kr. 100,Arr.: Kulturhuset i Suldal
1. - 3. juni
Ryfylkedagane
Ryfylke sin eldste festival går av stabelen 1. til 3. juni for
29. gong. Målet for Ryfylkedagane er å setja Suldal på
kartet ved å visa fram små og store skattar som Suldal
har i form av kulturmangfald og opplevingar i form av
m.a. song, dans og utstilling. Årets sommarutstilling opnar
på kulturhuset og utstillaren denne gong er Kjellaug
Hatlen Lunde.
Laurdag 2. juni vil det bli ein folkefest og ein familiær marknadsdag
med lokale og tilreisande utstillarar, underhaldning og dristige aktivitetar i Sand sentrum. Marknadsdagen kan tilby kjekke salsboder,
ulike stand og anna underhaldning både på scena
og i gatebiletet.
Søndag 3. juni blir det organisert fjelltur til Hellandsnuten.
Startar frå Joagarden parkeringsplass.
Ta med niste, drikke, turklede og gode sko.
Arr. Sand I.L. trimgruppa ved Steffen Ellingsen: 944 98 833.
Fjelltrim for trente turgåarar/nutfantar til Vatndalsnuten, 1000
m.o.h i Vinjarnutheia. 6-8 timars tur. Start frå Kolbeinstveit. Ta med
eigen mat, drikke, sko og klede etter vêret. Turen går over til Vålskår.
Arr. Suldal I.L. turgruppa ved Tor Inge Bråtveit tel: 922 21 249.
Følg oss på www.suldal-turistkontor.no og Facebook.
3
MAI - juni
Fred og Forsoning – Foredrag
Pris: Vaksne kr. 150,- Barn kr. 75,Honnør over 67 år kr. 75,Arr.: Kulturhuset i Suldal i
samarbeid med Folkeakademiet
Ryfylkedagane
Fredag 1. juni kl. 18.00
Nesasjøhuset, Sand
Internasjonal
kafé
Sal av internasjonal mat
Gratis inngang
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 1. juni kl. 20.00
Kulturhuset
Festivalshow
juni
Dansarar frå STAS, kulturskulen og gjester utfaldar seg
i eit forrykande, glitrande, svingande, sensuelt, vakkert,
rytmisk og morosamt danseshow med høge beinspark og
glimt i auga.
Billettpris: Vaksne kr. 100,- Honnør o. 67 år/barn kr. 50,Familie kr. 200,Arr.: STAS/Suldal Kulturskule
Fredag 1. juni
• Stor Internasjonal kafe
• Festivalshow med små og store, musikk og dans
• Butikkane har ope til kl. 18.00
• Tivoli ved Rimi for born
• Open pub på Heidrun og restaurant på Ryfylke Fjordhotel
Laurdag 2. juni
• Suldalsstemne med suldalskorpsa
• Butikkane opnar kl. 10.00.
• Opning av marknadsdagen med korps-konsert
• Underhaldning av Klovnen Knut; Møt gjøglaren, trollet
og lirekassemannen
• Grilling på Ryfylke Fjordhotel kl. 12.00.
• Kreativ dans på scena ved STAS sine eigne dansarar
• Waterball i båthavna - gratis, frå kl. 11.00.
Frå 5 år og oppover.
• Te-dans og dans med Geir Halleland som spelar
på Heidrun Kro
• 16 meter Challengerløype. Tek du utfordringa? Gratis.
• Opning av Sommarutstillinga på kulturhuset
av Kjellaug Hatlen Lunde
• Turar med Brødrene af Sand.
• Andaløpet av Suldal Røde Kors.
Bli den heldige vinnar av 25.000,- om du kan bruka
dei på to timar. Premiering av beste tid på Waterball
og andre konkurransar.
• Butikkane stenger kl. 17.00.
• Sjantikonsert på Hydrokaien v/Håkon Vatle
• Konsert med bluegrassbandet EarlyBird Stringband med servering på Ryfylkemuseet
• Tivoli ved Rimi for born
Grilling, sal av bakt
potet, Thaimat, smultringar, kaker, lefsebaking
for barn, kinning av smør.
Boder, stands og
demonstrasjonar for
store og små.
Waterball i båthavna.
4
1. – 3. juni 2012
Laurdag 2. juni kl. 13.00
Kulturhuset
Opning av
Sommarutstillinga 2012
Laurdag 2. juni kl. 20.00
Nesasjøhuset, Sand
Konsert med Earlybird Stringband
Earlybird Stringband fann kvarandre i 2006 med ein felles
lidenskap for bluegrass, fisking, jogging, gourmet-øl og jamming til langt på natt. Dei har målbunde hip-hop-hovuda
på Hovefestivalen og tatt rockepublikumet i Tromsø på
senga med sin unike blanding av bluegrass, folkemusikk,
trestemt lasersong og instrumentalimprovisasjon. Dei er
eit glimrande liveband som har gitt ut to album som begge
blei nominert til spellemannsprisen og mottok strålande
aviskritikkar: ”Det låter nært, autentisk og med smittebærende spilleglede” (VG). Under Risør Bluegrassfestival
i 2009 og 2010 vart dei kåra til publikumsfavorittar. Ikkje
usannsynleg blir dei også publikumsfavorittar under Ryfylkedagane.
Inngang for konsert: kr. 150,-/100,- (student/honnør).
Kulp syter for sal av nydeleg Ryfylketapas og drikke.
Førehandsbestilling av konsertbillettar og mat på
tlf. 52792950.
Arr.: Ryfylkemuseet/Kulp
Søndag 3. juni
Gudsteneste i Sand kyrkje
50 års konfirmantar er spesielt invitert.
Laurdag 2. og søndag 3. juni kl. 08.30-15.30
Nesasjøhuset
Open turistinformasjon
og museum
med utstillingane ”Kvitebjørnen” og ”Det gode liv”.
Løland kafé og museumsbutikk.
Arr.: Ryfylkemuseet
5
juni
Utstillar i år er Kjellaug
Hatlen Lunde frå Suldalsosen, no busett i Lofoten,
i nærleiken av Stamsund.
Ho presenterer ei fargerik
biletutstilling der kontrasten mellom det tunge og det lette
er sentral. Medan du ventar på denne utstillinga, kan du sjå
meir av hennar arbeid på www.lyspunkt777.com - Utstillinga er open i kulturhuset si opningstid heile sommaren
Arr.: Kulturhuset i Suldal i samarbeid med Suldal Kunstlag
Laurdag 9. juni kl. 10.00-17.00
Mokleiv i Suldal
Pilegrimsvandring
og middag. Påmelding: [email protected]
Helga 9. - 10. juni
Suldalsvatnet, Nesflaten
ved Øvre Suldal Samf.hus
Storaurefestival
9. juni, kl. 16.00 registrering
10. juni, kl. 10.30 innveging av fangst.
Pris: Vaksne: kr. 100,Born u/16 år: kr. 50,Premie for alle t.o.m. 12 år
Sjå www.suldalsvatnet.no
Arr.: Suldalsvatnet grunneigarlag SA
Søndag 10. juni kl. 12.00
Øvre Suldal Samfunnshus, Nesflaten
Grilldag
Sal av grillmat, underhaldning for store og små.
Desse artistane kjem: Unni Boksasp- Folkesongar som
har vunne landskapsleiken, det gjer ein berre om ein er
skikkeleg god… Ottar Kåsa, Spelamenn i frå Arabygdi i
Vinje. Kjem du?
Arr.: Nesflaten Ungdomslag
juni
Onsdag 13. juni kl. 11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
med Erlend Jordal – fløyte og Torgeir Kinne Solsvik
– piano. Gratis inngang.
Arr.: Distriktsmusikarane
Helga 15.- 17. juni
Sommartur i Øvre Suldal
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening
Helga 15.- 17. juni
Dugnadshelg
til Bleskestadmoen
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening.
Laurdag 16. juni kl.12.00
Start og mål på Eide, Sand
Utlevering av startnummer frå kl. 09.00
Kraftrittet
50 km i Suldalsdalføret. Kupert
på noko asfalt, noko grusveg,
ein del dårleg kjerreveg, litt
gjørmete sti, ei bratt utforkjøring i terrenget, samt eit
løypeparti som kan minne om
Stoltzekleiva opp. – Dette var
enkelt og greit den hardeste og
morsomste løypa jeg har kjørt
på terrengsykkel, kommentar
frå Stanley Tislavold, erfaren
sykkelryttar.
Sjå www.kraftrittet.no
Arr.: Suldal Sykkelklubb
6
Laurdag 16. juni kl. 11.00-17.00
Kolbeinstveit
Sesongopning
Sommarope alle dagar kl. 11-17 fram til 12. august.
Gardstun med vertskap og dyr.
Sal av lunsjtallerken og kaffimat.
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 16. juni kl. 13.00
Kolbeinstveit
Hjarte for gjenbruk
- utstillingsopning
Laurdag 16. juni kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Søndag 17. juni kl. 11.00-17.00
Li-tunet
Sesongstart
på det unike tunet, høgt
oppe i lia på sørsida av
Hylsfjorden. Ope for
omvising tysdag til søndag kl. 11.00-17.00 fram
til 5. august. Servering
av kaffi og vaflar.
Inngang: Vaksne kr. 50,barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Onsdag 20. juni kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising Røynevarden
Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 22. juni kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
7
juni
Gjenbruksmateriell
og symaskin som
verktøy er utgangspunkt for leik med
form og farge i både
bruksform og bildeuttrykk. Utgåtte lubbar,
slitne åkle, broderi og
gamle dukar får nytt
liv i produkt som til
dømes LatteLubbar,
iPadTøflar og BæreNett. Elles vil ein finna
LyspæreEnglar, kort og små posar med kvardagsmagi i
årets sommarutstilling i løa på Kolbeinstveit. Opning ved
kunstnar Erling Nesse. Øystein Haga spelar ocarin.
Gratis inngang.
Arr.: Ryfylkemuseet
Jonsoktider
Det blir
neverriving
i Suldal rundt jonsok,
når bjørka ”svar”.’
Interesserte kan
melda seg til
Grete Holmboe,
tel. 52 79 29 60
for nærmare avtale.
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 23. juni kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Søndag 24. juni,
Fattnes, Vanvik
Fattnesnuten Rundt
juni
for 28. gong. Flott tur rundt ”Nuten”. 11 km.
Trim og konkurranseklasse.
Start trimmarar kl.12.00 – 13.00.
Konkurranseklassen start kl. 14.00
Start/mål i Fattnes.
Arr.: Hylsfjorden Idrettslag
Helga 25.- 28. juni
Friluftsleiren på Sandsa
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening
Tysdag 26. juni kl. 17.00
Oppmøteplass krambua i Hålandsosen
Gamlevegen frå Natlandsvatnet til Håland
Besøk på kraftverket i Hålandsdalen
Los: Tor Olav Følgjesvold
Arr.: Suldal Sogelag
Onsdag 27. juni kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising
Røynevarden
Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 29. juni
kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 30. juni kl. 11.00-17.00
Kolbeinstveit
Familiedag
Aktivitetar for store og små. Sal av mat.
Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
8
Laurdag 30. juni kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Veka 2. - 7. juli
Familieleir på
Sandsa - jubileum
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening
Onsdag 4. juli kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising på Røynevarden
Torsdag 5. juli
Pilegrimsdag i Suldal
Frå morgon til kveld blir det høve for alle som vil til å
delta på pilegrimsvandringar frå Mo til Suldalsosen, over
Hylsskaret og i Mokleiv. Midt på dagen er det pilegrimsgudsteneste med nattverd i Suldal kyrkje, i Hylsskaret
vert det mellom anna musikalske innslag og dagen blir
avslutta med kveldsliturgi ved Suldalsvatnet i Mokleiv.
Arr.: Nordre Ryfylke prosti.
Fredag 6. juli
Pilegrimsvandring
over Suldalsskaret til stemne i Røldal.
Start frå Skitli ovanom Nesflaten kl. 9.30
Vandring langs den gamle pilegrimsvegen over Suldalsskaret i lag med pilegrimsvandrarar som er på veg frå
Stavanger til Røldal. Ta med niste, gode sko og varme
klede! Turleiar er Jon Grepstad.
Arr.: Nordre Ryfylke prosti
Fredag 6. juli kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 7. juli kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
9
juni - juli
Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 7. – søndag 8. juli
Kolbeinstveit
”Poetiske Prøvelappar
og Lause Trådar”
– sykurs ved Erling Nesse
Med fokus på gjenbruksmateriell og kreativ
leik med symaskin som
verktøy, jobbar me to
dagar med utprøving
og produksjon av små
personleggjorte produkt.
Du blir gjennom arbeidet
med oppgåver og øvingar
utfordra til å sleppa deg
laus i forhold til det å
sy, jobba kreativt med
gjenbruksmateriell, form og farge i tekstil og papir. På
kurset vil me også ha fokus på heilskap og presentasjon
av produkt i form av etikettar, posar og innpakning.
Kom på kurs med ei leiken haldning og eit ope sinn til
uformelt arbeid med form, farge og symaskin! Dette blir
to kjekke dagar!
Tid: Laurdag 7. juli kl. 11.00-17.00
Søndag 8. juli kl. 11.00-15.00
Pris: Kursavgift kr. 600,
Materialpakke kr. 300,Arr.: Ryfylkemuseet
juli
Laurdag 7. juli
Vatlandsvåg
HALVØYDAG
Lokale marknadsbodar, aktivitetar for born og vaksne.
Arr.: Vatlandsvåg Handel
Laurdag 7. juli
Tunet, Vanvik
Sommarfest på Tunet
for alle under 18 år. Grilling og aktivitetar ute eller inne
avhengig av været.
Arr.: Fjordguten Ungdomslag
Tysdag 10. juli kl. 18.00
Kolbeinstveit
”Mother, do not cry so much. I am deep in water.
If you cry any more, I will drown.”
Forteljarframsyning
ved Elin Gunnarsdotter
Sandvik.
Inngang: Kr. 80,Arr.: Ryfylkemuseet
Onsdag 11. juli kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising Røynevarden
Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 13. juli kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
10
Laurdag 14. juli kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 14. juli
Marvik
SOMMARMARKNAD
Lokale marknadsbodar, aktivitetar for born og vaksne.
Arr.: Marvik Båtforening
Onsdag 18. juli kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising Røynevarden
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Onsdag 18. juli kl. 17.30
Oppmøteplass Vikane
Tur til Tjørdalen,
juli
husmannsplass ved Suldalsvatnet.
Los: Eli Roaldkvam
Grunna båtskyss, påmelding til Annfrid tlf 916 67 688
Arr.: Suldal Sogelag
Torsdag 19. juli kl.19.00
Kolbeinstveit
Sigrid Moldestad & band
Songaren, felespelaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord, ga ut si tredje plate som
soloartist 8. mars 2012: ”Himlen har sove bort mørkret”.
Albumet har smak av visetradisjon, britisk 70-tals folk,
psykedelia og pop. Ho står for dei fleste låtane sjølv, og
byggjer alltid med folkemusikken som grobotn og base.
Sigrid har eit kraftfullt bogedrag og ei særeigen stemme.
Bandet: Anders Hall - feler, bratsj, hardingfele, kor | Jørgen
Sandvik - gitar, banjo, gucheng, kor | Anders Bitustøyl bass, kor | Hans-Olav Molde - trommer, kor
Inngang: Kr. 250,-/150,- (student/honnør)
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 20. juli kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising
på Håland
Stovehuset, Målarbua og
Homannsbuå
Inngang:
Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
11
20. juli
SULDALSLÅGEN
LAKSEFISKET STARTAR
Laurdag 21. juli kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 21. juli kl.10.00-16.00
Jelsa
juli
SOMMARMARKNADEN PÅ
JELSA FEIRAR 10-ÅRSJUBILEUM
Lokale marknadsbodar, aktivitetar for born og vaksne.
Volleyball og fotballturnering på Jelsa skule
kl. 17.00- 18.00. Påmelding på Facebook eller i butikken.
Dans på Jelsa Bygdahus kl. 21.00. Pris kr. 350,-.
Arr.: Joker Jelsa
Laurdag 21. juli
Vanvik kai
Fiskefestival
Påmelding frå kl. 10.00 – 11.00. Innveging kl. 15.00
Junior/senior klasse frå land eller sjø.
Flotte premiar! Aktiviteter på kaien.
Arr.: Hylsfjorden Idrettslag
Onsdag 25. juli kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising
Røynevarden
Inngang: Vaksne kr 50,barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 27. juli kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 28. juli kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
12
Onsdag 1. august kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising Røynevarden
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 3. august kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50, -barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 4. august kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
august
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 4. august kl. 11.00-17.00
Kolbeinstveit
Familiedag
Aktivitetar for store og små.
Sal av mat.
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 4. august
Hålandsosen
ERFJORD-FESTIVAL
Arrangement for heile familien!
Arr.: Joker Erfjord
Onsdag 8. august kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising Røynevarden
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Fredag 10. august kl. 12.00-17.00
Erfjord
Omvising på Håland
Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
13
Laurdag 11. august
Tunet, Vanvik
Sommarfest på Tunet
for dei over 18 år. Goggen fra Stavanger vil stå for
musikk. Grillbord og servering
Arr.: Fjordguten Ungdomslag
Laurdag 11. august kl. 12.00-17.00
Jelsa
Omvising Skulemuseet
og Jelsa kyrkje
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis.
Arr.: Ryfylkemuseet
Laurdag 11.august kl. 10.00-17.00
Mokleiv i Suldal
Pilegrimsvandring
Prost i Nordre Ryfylke prosti,
Arne Øystese blir med.
Påmelding: [email protected]
Søndag 12. august kl. 13.00
Oppmøteplass kaien i Marvik
Tur til Ottøy ved Marvik
Los: Leif Andreas Øvrebø
Arr.: Suldal Sogelag
august
Onsdag 15. august kl. 12.00-16.00
Husmannsplasset Røynevarden
Omvising Røynevarden
Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis
Arr.: Ryfylkemuseet
Foto: Kjell Helle-Olsen
Laurdag 18. august kl. 13.00-17.00
og kl.19.00-22.00
Bleskestadmoen
jubileumsarrangement
for store og små
Kombiner tur og kultur og bli med på folkefest på
Bleskestadmoen i høve Stavanger Turistforening sitt
125-årsjublieum. Musikk, song, eventyr og mat på bål.
Kulturmønstring om kvelden for vaksne med helsingar,
mat, musikk og annan underhaldning. Dei som vil kan
vera med på fellestur via Kvanndalen til Bleskestadmoen med start fredag ettermiddag.
Følg med på www.stavanger-turistforening.no
og www.ryfylkemuseet.no
Arr.: Stavanger Turistforening, Ryfylkemuseet
14
Helga 17.- 19. august
Stølsrunde i Suldal
med jubileumsarrangement på Bleskestadmoen.
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening
17., 18. og 19. august
ferjekaien på Ropeid
VENTEROMMET
- ei scenekunstframsyning
Laurdag 25. august kl. 20.00
1000-årsplassen ved Kulturhuset
Konsert i amfiet med Ni Liv
Denne laurdagskvelden satsar me blir fin og varm. Då
fins det vel ikkje ein betre plass enn ute i kulturhusamfiet og nyta solnedgongen over Sellandsnuten med
god musikk. NI LIV er eit band du sikkert har høyrt på
radio mange gonger. Bandet som kjem frå Telemark har
laga sin eigen sjanger, Telemarkana, som er ein blanding
av norsk og amerikansk folkeleg musikktradisjon. Kjende
låtar som «Må bare må», «Gamlevegen heim», «Ikkje
spør», «Hard som jønn», – og ikke minst «Merkeband»
kan du få oppleva denne kvelden ute i amfiet.
Vaksne kr. 200,- Barn kr. 100,Pensjonister over 67 år kr. 100,Arr.: Kulturhuset i Suldal
27.- 31. august
Stølsvandring og toppturar rundt Stranddalen
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening.
Torsdag 6. september kl. 18.00-20.00
Kulturhuset
Spøtakafe
Uformell samling med spøtet og anna handarbeid.
Arr.: Suldal Husflidslag
15
AUGUST - september
Heilt i sjøkanten på ferjekaien ligg det. Venterommet.
Bygget er integrert i naturen. Fram i tid skal ferja leggjast
ned. Venterommet blir ståande att. Tomt og åleine. Same
kor lenge ein ventar vil ferja aldri komme.
Ei gruppe kunstnarar, mange med røter frå staden, vil
saman forvandle venterommet og kaien til eit scenerom
med ei framsyning som utforskar omgrepet tid og det
å vente. Bli med i eit spanande venteunivers og opplev
musikk, dans, teater og installasjon.
Tekst: Inger Bråtveit, musikk: Erik Nerheim
og Åshild Vetrhus, dans: Gerd Elin Birkeland,
skodespelarar: Elin Gunnarsdotter Sandvik, Marte Sæteren og Annelise Grindheim, installasjon: Serina Erfjord,
regissør: Ragnhild Thoring. Pris: Kr 160,-
Torsdag 6. september kl.19.00
Løland kafe, Nesasjøhuset
”Nye minne frå
farne tider”
med Lasse Pedersen
Gode minne frå eit kulturelt liv på Karmøy. Arr.. Folkeakademiet og Suldal Rotaryklubb
Laurdag 8. september kl. 11.00-14.00
Torjå på Sand
Ung Husflid
Husflidsaktivitetar for barn i alle aldrar.
Markering av den nasjonale Husflidsdagen og Suldal
Husflidslag sitt 20-års jubileum.
Arr.: Suldal Husflidslag
Laurdag 8. september kl. 13.00
Kulturhuset
Opning av Utstilling
Arr.: Suldal kunstlag og Ryfylke kunstlag
7.- 9. september
Holmavatnet rundt i ekte
høgfjellsterreng
september
Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no
Arr.: Stavanger Turistforening.
Torsdag 20. september
Kulturhuset
Festkveld
Kulturhuset i Suldal jubilerer og feirar
10-årsdagen sin med gjester og artistar.
Annonsering kjem seinare.
Laurdag 22. september kl. 20.00
Kulturhuset
Klypa
”Laangt over streken!!!”
Klypa har sidan
starten i 2005
utvikla seg til å bli
eit godt etablert
humorshow i
Norge. Med
showet ”Laaangt
over streken!!!”
har Thomas Ryste
no tatt steget
opp i dei profesjonelle sine rekker. Hausten 2011
var Kjell ”Kjellen” Bigseth fast
innslag under TV2
sine valgsendingar.
Showet er av god
gammaldags ”rett
fra levra” humor.
Med andre ord kjem latteren til å sitja laust og ingen av
dei som er glade i revy, humor og sang bør gå glipp av
denne kvelden! www.klypa.no
Billettprisar: Vaksne kr. 390,- Honnør o/67 år kr. 195,Arr.: Kulturhuset
16
Fredag 28. september kl. 17.00 i Kulturhuset
Vidar Lønn-Arnesen kjenner vi frå
ei rekke radio- og
TV- programmer,
m.a. frå Norsktoppen, Ti i Skuddet
og Da Capo.”Det
er medisinsk bevist
at det er sunt å
synge”, seier Vidar
Lønn-Arnesen.
Det er nettopp
det publikum får
høve til i løpet av
eit Da Capo Show.
Saman med fast
pianist Philip Kruse,
reiser Vidar land og
strand rundt for å
underhalda med allsang og humor. Vidar og Philip tar oss
med lett og ledig gjennom kjende og kjære viser som:
”Den glade vandrer”, ”Nidelven” og ”Capri”. Ein del av
songane er og sett saman som potpurri av refreng som
fenger.
Pris: Vaksne kr. 200,Pensjonistar over 67 år kr. 100,Torsdag 27. september kl. 18.30
Nesasjøhuset
Internasjonal Kafé
Sal av internasjonal mat
Gratis inngang
Arr.: Ryfylkemuseet
30. september
Suldalslågen
LAKSEFISKET AVSLUTTAST
6. oktober
BERGEKROSSEN, SAND
Møgedalsmarknad
Haustmarknad
Arr.: Møgedal Mek. Verkstad AS
17
september - okotber
Vidar Lønn Arnesen
– DaCapo
10 år
Kulturhuset
i Suldal
jubilerer
Denne hausten er storstova i Suldal ti år. Det har vore ti
år med mykje løye og sprell. Her har me sett mange artistar, hatt mange flotte musikkopplevingar og site i andakt
over tekst og diktlesing.
Etter mange års planlegging og att og fram hjå ymse politikarar og andre styrande blei det vedteke at kulturhuset
skulle vera på Sand. ”Bygg ikkje på sand” står det i skrifta,
men Løhaugen var nå rette plassen. Dette var på historisk
grunn. Her hadde det vore bygd før. Det visste ein av funn
av pilespissar og flintstein. Men det kunne liggja meir under torva og før byggherren fekk stikka spaden i jorda så
måtte det sleppast til ein gjeng med arkeologar. Dei grov
og spadde og vende på jord og torv og kunne etter kvart
avdekka m.a. stolpehol frå hustufter frå jernalderen.
Sommaren 2002 kunne me byrja på flyttesjauen og 20.
september kunne Kulturhuset i Suldal slå opp dørene sine
og ønskja godtfolk; suldølen især, men óg naboane våre
i Sauda, Hjelmeland og Vindafjord velkomne. Huset fekk
status som eit regionalt kulturhus og naboane har vore
flittige gjester i desse åra.
Nå er altså ”ongjen” blitt ti år og det er tid for fest og gaman. Torsdag 20. september er dagen og me skal feira og
innbyr til festkveld og lystig lag med gamle og nye gjester i
sal og på scene.
”Kjellen” Bigseth frå ”Klypa” kan opplevast i fri dressur
eit par dagar seinare og i slutten av månaden blir det
DaCapo, allsang og mimring med den nå etterkvart så
legendariske Vidar Lønn-Arnesen.
Sjølvsagt blir det gode kinotilbod til store og små i jubileumsveka og har du ikkje prøvd deg i bowlingen før så kan
du få sjansen nå.
18
Velkommen til
Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85
Kulturhuset i Suldal!
www.suldal.kulturhus.no
Tlf. 52 79 22 90 / 52 79 22 91
Kulturhuset har aktivitetar sju dagar i veka!
Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard,
dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men
ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause
nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok.
sommarOpningstider
Måndag kl. 11.00 - 15.00
Tysdag kl. 11.00 - 15.00
Onsdag kl. 11.00 - 15.00
Torsdag kl. 11.00 - 15.00
Fredag kl. 11.00 - 15.00
Laurdag kl. 11.00 - 15.00
Folkebiblioteket
har ope i Kulturhuset si opningstid.
Her kan du utanom bøker låne dvd – filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc’ar du kan bruke.
Kino
Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd!
Framsyningar kvar veke. Sjå elles annonsering i lokalavisa
og på www.suldal.kulturhus.no eller www.filmweb.no
Bowling, biljard, dart
Kvar onsdag kl. 11.00 - 15.00
Bowling kan tingast utanom
ordinær opningstid.
NB! Min. 2 banar i 1 t.
Kulp kafé
Måndag - fredag kl. 11.00-17.00. Laurdag kl. 11.00-15.00
Tlf. 951 53 232
Neste utgåve
av ”Det skjer i Suldal” kjem i september.
Frist for innlevering: 11. august.
19
Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Velkomen til sommar i bygda vår!
Du er velkommen til ei reise i kommunen vår. Nedanfor finn
du nokre forslag til aktivitetar du kan delta i, og stadar du kan
besøkje. Me er stolte av bygda vår, og viser den fram med glede.
Velkommen til skattkammeret Suldal.
Attraksjonar
Laksestudio på Sand – Sjå laks og aure på veg opp elva for å gyte!
Blåsjø – Vegen inn til Blåsjø er open frå ca.1. juli.
Kraft arkitektur på Nesflaten – best bevarte døme på
funksjonalistisk stil i Norge.
Kolbeinstveit- gardstun med vertskap og dyr
Strandstaden Jelsa – skulemuseum og kyrkja.
Røynevarden – husmannsplasset ved Suldalsvatnet
Håland - storgarden i Erfjord
Nasjonal Turistveg Ryfylke - ein av 18 turistvegar i Norge!
Aktivitetar ute i det fri!
Ta deg ein tur - Kombiner handel i strandstaden Sand med
ein rundtur i Stegåsen. Fjordlandskapet kan du oppleva på
familievenlege turar ved Erøy i Erfjord, Barkåsen på Jelsa eller
rundt Grytevatnet på Ropeidhalvøya. Suldalsdalføret kan du
oppleva på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet eller topptur
med flott utsikt frå Stråpanuten. Kraft-arkitektur og tradisjonell
kultur kan du få med deg på ein rundtur på Nesflaten.
Gløym heller ikkje fjellfloraen på ein tur til Stranddalen.
Fiske i Suldalslågen- brunaure og laksefiske
Fiske i vatn i Suldal – fiskekort for vatn kjøper du
på www.inatur.no
Laksesafari og Elveekspedisjon i Suldalslågen - Mo Laksegard
på tlf. 52 79 76 90
Guida tur til skinkeloftet, Mostøl - Energihotellet tlf. 51 20 05 55
Sightseeing i Suldal og områda rundt - Osa-Bu Taxi/Turvogn
arrangerer sightseeingturar, ring på tlf. 52 79 92 60 for meir
informasjon.
I sommarmånadane finn du Suldal Turistkontor i
Nesasjøhuset (Ryfylkemuseet) på Sand.
Frå 15.06 til 19.08 har me ope kvar dag frå kl. 10.00 til 18.00.
Elles i året har me ope frå måndag til fredag frå kl. 08.30 til
kl. 15.30. Kontakt oss gjerne på tlf. 52 79 05 60,
på [email protected]
www.suldal-turistkontor.no
Alle tiders
aluminium
Ville det ikkje vera ein draum å kunne halde på ungdomens
kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan
resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein
ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar
– også av komande generasjonar.
Ville det ikkje væra ein draum å kunne halde
på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik
er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og
om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs
som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar
– også av komande generasjonar.
Hydro er aluminium.
Vi er stolte av å produsere metallet for framtida.
Hydro er aluminium.
Vi er stolte av å produsere metallet for framtida.
www.hydro.com
www.hydro.com
20
Ryfylkemuseet
Regionmuseum for Ryfylke,
senter for bygningsvern,
folkemusikkarkiv for Rogaland
NESASJØHUSET:
1. juni – 16. juni: 17. juni – 14. august: 15. august – 31. august: ope alle dagar 08.30-15.30
ope alle dagar kl. 10.00-18.00
ope alle dagar kl. 08.30 – 15.30
1. juni – 31. august held også Suldal Turistkontor til på Nesasjøhuset.
Resten av året: ope måndag – fredag kl. 09-15
UTSTILLINGAR:
”Kvitebjørnen” – eventyrleg utstilling for barn
”Det gode liv” – om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda
Museumsbutikk med lokal litteratur og gåveartiklar.
Løland kafé med vaflar og is, aviser og internett.
I perioden 16. juni – 15. august er følgjande
museumsavdelingar opne i Suldal:
KOLBEINSTVEIT,
gardstun med vertskap og dyr: JELSA, skulemuseet og kyrkja: RØYNEVARDEN, husmannsplass:
HÅLAND, storgarden i Erfjord:
Ope dagleg kl. 11-17
Kvar laurdag kl. 12-17
Kvar onsdag kl. 12-16
Kvar fredag kl. 12-17
I perioden 17. juni – 5. august
er det ope på unike LI-TUNET:
tysdag til søndag kl. 11-17.
Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand
Tlf. 52 79 29 50, faks 52 79 29 51
E-post: [email protected]
www.ryfylkemuseet.no
21
VELKOMMEN TIL
HANDEL PÅ SAND
e-post: [email protected] www.bgsuldal.no
Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49
Opningstider:
09-21
laurdag til kl. 18.00
sAnd - tlf. 52 79 07 90
Næringspark
Sandvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 65 410
www.underbakke.as
Tlf. 05555
Krambua
Tlf. 52 79 06 50
www.krambuasand.no
Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND
Me byggjer
hus, hytter,
NæriNgsbygg
M.M.
Garaneset - 4230 SAND
tlf. 52 79 06 30
[email protected]
www.kv-bygg.no
Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk.
OPNINGSTIDER:
Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00
Tjelmane Dekkservice AS
Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77
VI LEVERER ALT I BYGGEVARER!
Største byggevarehus i Ryfylke
monter.no
Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200
22
Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30
OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00
09.00-14.00
Step • Styrke • Dans • Pilates • Spinning • Zumba
• Tlf. 474 17 566
• [email protected]
• www.stas-suldal.no
Velkommen innom den nye butikken!
Sandvegen 134, 4230 Sand
Tlf. 52 79 06 90, [email protected]
Tlf. 02002 - www.sr-bank.no
• El.installasjon i hytte/hus • Salg, montering og reparasjon
av varmepumper • Salg av småelektriske artikler
• Salg og reparasjon av hvitevarer
Suldal InStallaSjon aS
Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690
Faks 52 79 75 61 E-post: [email protected]
Suldal Vekst AS
Treng du rettleiing ved nyetablering eller
vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du
rett og slett ein god ide? Bruk oss!
Suldal Vekst AS, Sandsv.134, 4230 Sand.
Tel: 52 79 06 00, [email protected]
Gåsevikja, 4230 Sand Tlf: 52 79 29 70 E-post: [email protected]
ÅpninGSTidEr buTikkEn: Mand - fred: 08.30 - 16.00. Lørd: 10.00 - 13.00
[email protected][email protected] • Tlf. 52 79 06 65
Tlf. 414 66 131
23
Foto: Ryfylkemuseet
Tlf. 52 79 22 90
Tlf. 52 79 06 13
Tlf. 52 79 05 60
Layout: Suldalsposten
Tlf. 52 79 29 50