Det skjer i Suldal, våren 2011

Download Report

Transcript Det skjer i Suldal, våren 2011

Det skjer i Suldal
18. januar til
5. juni 2011
Du kan kjøpa billettar til arrangement
på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no
www.skattkammeretsuldal.no
Vinter og vår i kulturhuset
Trass i nok ein kald vinter så blømer og vermer kulturlivet i
Suldal like godt. Klimaskifte og dommedagsprofetiar tek ikkje knekken på lysta til å vera saman og oppleva det kulturelle
mangfaldet. Moglegheita for å keia seg her i kommunen er svært
liten. Me som arbeider med kulturtilbodet er svært glade for at
me nok ein gong kan tilby dykk eit godt og variert program – eit
program for både store og små.
I haust fekk kulturhuset oppgradert kinoutstyret sitt. Kinoen er
nå fulldigitalisert og kan visa filmar i 3D. Med ein digitalisert
kino så vil Suldal få høve til å visa premierefilmar samstundes
med dei store kinoane. Salen har eit svært godt lydanlegg og
gode stolar i amfi. Dette er ein sal som i kvalitet og komfort er
fullt på høgde med kino og konsertsalar i byane.
Likevel – levande musikk vil vi ha og først ut er Stavanger
Symfoniorkester. Dei er svært glade i Suldal og kulturhuset. Dei
skryt svært av den gode akustikken i salen vår. Denne gongen
kjem dei med noko dei har kalla ”Operaens slyngler” Her får
alle dei skurkaktige kjeltringane herje fritt på scenen og dei lovar mykje flott musikk.
Joanna McGregor kjem i byrjinga av februar. Kanskje eit
ukjent namn for mange, men ho har gjennom fleire tiår vore ein
av dei mest allsidige og nyskapande pianistane i verda. Ho er
hyrt inn av Rikskonsertene og vi er svært glade for at dei legg
turnéruta si innom Suldal.
”Vilt og vakkert” blir det og i februar. Bak denne tittelen finn vi
villmannen og eventyraren Lars Monsen. Det vakre er det kjærasten hans; artisten og songaren, Trine Rein, som står for. Her
blir det ein flott kveld fylt med flotte bilete og nydeleg song.
Vakkert og stemningsfullt blir det like etter: Åresong - dette er
eit tingingsverk til Festspela i Bergen. Her har Jon Fosse sine
tekstar blitt tonesett av Gabriel Fliflet.
Teater har vi og funne plass til: Pippi Langstrømpe svinsar òg
innom ein tur til glede for både små og store.
For dei kunstinteresserte vil det bli fleire utstillingar. Nasjonalmuseet vil komma med ei stor utstilling med Grete Prytz Kittelsen sine arbeid. Ho var gjennom eit halvt århundre ein leiande
og nyskapande designar, særleg kjend for sin emaljekunst og
bruksting.
Kulturhuset i Suldal har etterkvart fått eit godt ry på seg både av
artistar og publikum. Det er eit levande hus og vi legg vekt på at
her skal alle kunne finna eit tilbod som høver.
Det er eit rikhaldig tilbod me kan gi Suldal og ikkje minst folk
i nabokommunane. Her blir det ein sjanse til gode opplevingar
heilt fram til vårsola i bakkane blenkjer og badesesongen står for
døra.
Me ynskjer turistar, hyttefolk og andre tilreisande hjarteleg
velkomne.
Hanne Mette Birkeland
Kulturhusleiar
2
Tysdag 18. januar kl.19.00
Kulturhuset
filmframvising
Terje Bråtveit syner film frå opninga av
Dollarvegen i 1931
Arr.: Suldal Sogelag
Onsdag 19. januar kl.11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
med Distriktsmusikarane.
Gjest: Tove Solheim - hardingfele.
Torsdag 20. januar kl.19.30
Kulturhuset
Helter og skurker fra operaens verden.
JANUAR
Foto: Knut Bry/Tinagent.
Operaens slyngler
Solist Harry Peeters,
bass-baryto.
I hovedrollene: Don Giovanni (MOZART),
Othello (DVORÁK og VERDI), Mefisto
(SCHUMANN og GONOUD) og Den
Flygende Hollender (WAGNER).
Dirigent Andreas Stöhr.
”Helter og skurker” er gjennomgangstema
hjå SSO denne sesongen. Få stader finn me fleire av dei
(som regel i overført betydning) enn i operalitteraturen. Då den første operaen blei skreven på byrjinga av
1600-tallet var det i eit forsøk på å gjenskapa det greske
dramaet, med gudar og heltar i kamp med skjebnen og
onde krefter. På mange måtar ligg dette klassiske plottet
til grunn for all dramatikk den dag i dag: Det gode møter
det vonde og i siste akt står det avgjerende slaget, anten
det dreier seg om dyrekjøpt kjærleik eller verdsherredømme. Det har blitt mykje flott musikk gjennom
hundreåra, og denne kvelden får ei rekkje skruppellause
kjeltringer frå operalitteraturen herja scenen åleine, utan
innblanding frå heroiske plageånder. Pris: Kr 250,Arr.: Kulturhuset i Suldal
Laurdag 29. januar kl.13.00
Kulturhuset
Opning av utstilling
Onsdag 2. februar kl.11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
med distriktsmusikarane: Erlend Jordal - fløyte,
Xenia Berkova - fiolin. Gjest: Einar Olsen.
3
febr.
Roald Sivertsen
Arr.: Suldal Kunstlag
Torsdag 3. februar kl.18.00
Nesasjøhuset
Internasjonal kafé
Sal av
internasjonal mat.
Bånsullar.
Gratis inngong.
Arr.: Ryfylkemuseet
Torsdag 3. februar kl.18.30-20.30
FARGERIET
Spøtakafé
Arr.: Suldal Husflidslag
Fredag 4. februar kl.19.00
Kulturhuset
februar
Joanna MacGregor
Opplev pianisten Joanna
MacGregor på nært hald!
Ho er ein av de mest
allsidige og nyskapande
artistane i dag, og ho
begeistrar publikum frå
Buenos Aires til Shanghai.
Likar du klassiske komponistar som Bach, Chopin og
Sjostakovitsj? Piazzolla sine
lidenskapelege tangoar, eller
er gospel, blues og jazz din
favorittmusikk? Her får du
alt saman, på Joanna sitt vis.
Foto: Pål Hansen
Dette er ein fargerik artist
som gjerne vil ha deg med på å kryssa dei musikalske
grensene. Bill.: Kr 200,Arr.: Kulturhuset i Suldal i samarbeid med Rikskonsertene
Tysdag 8. februar kl.19.00
Kulturhuset
Dansen gjekk
på Kvæstadbrua
Svein Magne Olsen.
Veghistoriske kulturminne frå Rogaland
- Årsmøte Suldal Sogelag
Onsdag 9. februar kl.18.00
Kulturhuset
Pippi Langstømpe
Teater for dei minste. Kr 160,Arr.: Kulturhuset i Suldal i samarbeid med
Victoria Productions
4
Laurdag 12. februar kl.19.30
Kulturhuset
”Best i vest, galskap og fest”
Haugalandsrevyen. Rein Gla’skap
med artistar frå heile Rogaland. For
andre gong er glansnummer frå revyRogaland samla i ein feiande revy!
Her får du humor som kortar ned på
vinteren!
Søndag 13. februar kl.15.00
Kulturhuset
Korpskonsert
Felles konsert med musikkorpsa i Suldal
Måndag 14. februar kl. 19.00
Nesasjøhuset
Amal Aden er tildelt Zolaprisen 2010. Prisen blir tildelt av
Foreningen til fremme av sivilt
mot. Amal Aden får prisen for å
ha kritisert norsk innvandringsog integreringspraksis på ein
konstruktiv måte.
Ho kom til Noreg frå Somalia i
1996, 13 år gammal, foreldrelaus
og med fortid som gatebarn.
Møtet med det nye heimlandet
blei også tøft. Men etter kvart
har Amal Aden kjempa seg fram
til eit verdig liv i Noreg. Ho er
oppteken av integrering, spesielt av kvinner og barn frå
Somalia. Ho skriv bøker og held foredrag. Amal Aden
ønskjer å hjelpa det norske samfunnet til å forstå korleis
mange av innvandrarane lever.
Bill.: Vaksen 60,- og ungdom 30,Arr.: Folkeakademiet Suldal og Ryfylkemuseet
Tysdag 15. februar kl.19.30
Kulturhuset
Vilt & vakkert
Lars Monsen og Trine Rein
Ein kveld fylt med ville og spennande historier, flotte
bilete og vakker song. Bill.: Kr 390,- / 200,Arr.: Kulturhuset i Suldal
5
februar
Amal Aden –
”ABC i integrering”
februar
Torsdag 17. februar kl.19.00
Kulturhuset
Foto: Hans Jørgen Brun
Åresong
Om vind, sjø og heilt umoglege jenter. Åresong - dette er eit tingingsverk til Festspela i Bergen.
Her har Jon Fosse sine tekstar blitt tonesett av Gabriel
Fliflet. Fliflet er kjend for si spilleglede og stemningsfulle
konsertar. Han har med seg fleire musikarar m.a Benedikte Maurseth på hardingfele. Kr 200,-, barn kr 100,Arr.: Kulturhuset i Suldal i samarbeid med Rikskonsertene
Søndag 20. februar
Kulturhuset
UKM
Flott og fin ungdom frå
Hjelmeland og Suldal møtes
til venskapeleg kappestrid
med dans og drama, musikk
og song
Torsdag 3. mars kl.18.30-20.30
FARGERIET
Spøtakafé
Arr.: Suldal Husflidslag
5. - 6. mars
GULLINGEN
MARS
Zporty
Snøfestival
Gullingen - Suldal
Snøleik og konkurransar for
barn og vaksne i to dagar til ende! www.zporty.no
Laurdag 19. mars kl.17.00
Kulturhuset
Indiaprosjektet
i kulturskulen, familiekonsert.
Laurdag 26. mars kl.10.00
Kulturhuset
Årsmøte Rogaland
Historie og Ættesogelag
Ernst Berge Drange. Jelsa - eit lærdomssete i fjordane.
APRIL
April:
Vinjar skule Rydd eit kulturminne
Quiz på historiske bruksting
Arr.: Suldal Sogelag
April:
Sand skule Quiz på historiske bruksting
Arr.: Suldal Sogelag
6
Laurdag 2. april kl.13.00
Kulturhuset
Opning av Utstilling
Jan Terje Rafdal.
Arr.: Suldal Kunstlag
Torsdag 7. april kl. 19.00
Kulturhuset
Per Fugelli:
Helsens grunnstoffer- verdighet,
frihet og fellesskap.
Bill.: Kr 100,-. Kr 50,- for dei
over 67 år (Kulturstokken)
Arrangementet er eit samarbeid mellom Sand Kvinne- og
familielag, Sand Sanitetsforening,
Sand Bygdekvinnelag, Suldal
Rotaryklubb, Frivillige hender og
Folkeakademiet Suldal
Fredag 8. april kl. 20.00
Kulturhuset
Kor vart det av jula
APRIL
Premiere. Vaksne kr 100,- Barn kr 75,- Familie kr 300,Arr.: Kulturskulen / Løland-stiftinga
Fredag 8. april kl. 20.00
Øvre Suldal Samfunnshus, Nesflaten
Tindra og Gullgutane
Konsert og CD-slepp.
Pubkveld og moglegheit for ein svingom etterpå.
Arr.: Nesflaten Ungdomslag
Laurdag 9. april kl.17.00
KULTURHUSET
Tindra og Gullgutane
Konsert og CD-slepp
Arr.: Kulturhuset i Suldal
Onsdag 13. april kl.11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
med distriktsmusikarane: Erlend Jordal - fløyte, Xenia
Berkova - fiolin. Gjest: Inna Mazurova - piano
Torsdag 14. april kl.18.30-20.30
FARGERIET
Spøtakafé
Arr.: Suldal Husflidslag
7
Onsdag 27. april kl.19.00
Kulturhuset
Kor vart det av jula,
Vaksne: kr 100,-, barn: kr 75,-, familie: kr 300,Arr.: Kulturskulen / Løland-stiftinga
Onsdag 27. april
Nesasjøhuset
”Kvitebjørnen”
- undrande
og skapande
APRIL
Utstillingsopning for barn.
Klokkeslett og program kjem
seinare
Arr.: Ryfylkemuseet, Stiftinga
Rasmus Løland-markeringa
Torsdag 28. april kl.18.30
Kulturhuset
Festframsyning for
Rasmus Lølandmarkeringa
Medverkande: Tønes, Herborg Kråkevik, Inger Bråtveit,
Terje Bråtveit, Anita Svendheim, Kulturskulen i Suldal,
Valkyrien Allstars m.fl.
Vertar for kvelden: Hilde Sandvik og Åshild Vetrhus
Hovudinnslag: Litteraturreise v/Herborg Kråkevik.
Tekst: Hilde Myklebust. Musikk: Goss ten Napel
Pris: Kr 295,Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa
Fredag 29. april
KULTURHUSET
Skulekonsert
for skulane i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord
med Tønes og Valkyrien Allstars
Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa og Landssamslutninga av nynorskkommunar
Fredag 29. april kl.20.00
Kulturhuset
Konsert med Tønes og
Valkyrien Allstars
MAI
Pris: Kr 250,Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa
Torsdag 5. mai kl. 18.30-20.30
FARGERIET
Spøtakafé
Arr.: Suldal Husflidslag
8
Laurdag 7. mai
Kraftrittet i Suldal
Sykkelritt. www.kraftrittet.no
Arr.: Suldal Sykkelklubb
Laurdag 7. mai
kl. 13.00
Kulturhuset
Opning av
Utstilling
Grete Prytz Kittelsen
Arr.: Kulturhuset i Suldal og
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Onsdag 11. mai kl.11.30
Kulturhuset
Lunsjkonsert
med distriktsmusikarane: Erlend Jordal - fløyte, Xenia
Berkova - fiolin og Alie Hamberg - piano
Torsdag 12. mai kl.19.30
Håland i Erfjord
Songkveld
Søndag 15. mai kl 10.00
SAURDAL
Skitur
Arr.: Suldal IL, Trimgruppa
MAI
Bill.: Kr 60,Arr.: Erfjord bygdekvinnelag/
Ryfylkemuseet
Tysdag 24. mai
Nesasjøhuset
Rasmus
Løland
150-årsdag
Avduking av monument og
kulturprogram
Arr.: Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa, Ryfylkemuseet
29. mai kl.10.00
Tur til Ulladalen Frå Kjødnarhaugen
til Holmen
Arr.: Suldal Sogelag
Tysdag 31. mai kl. 18.00
Nesasjøhuset Ryfylkemuseet
om rasmus løland
Torsdag 2. juni kl.19.00
Kulturhuset
Konsert
med distriktsmusikarane. Xenia Berkova - fiolin, Erlend
Jordal - fløyte. Med gjester.
9
juni
Reisande på tur langs Diktarvegen frå Jæren til Sunnfjord
kjem til Sand. Ernst Berge Drange med føredrag om
Rasmus Løland. Anne Elisebeth Skogen med forteljarforestilling. Bill.: Kr 50,Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa,
Ryfylkemuseet, Diktarvegen
3.- 5. juni
Ryfylkedagane
Handels- og kulturdagar med arrangement for heile
familien.
Fredag 3. juni kl.19.00
Nesasjøhuset
”Det
gode liv”
Utstillingsopning.
Om livsstilsinnvandring til
Suldal og Sauda.
Arr.: Ryfylkemuseet
juni
Laurdag 4. juni kl.13.00
Kulturhuset i Suldal
Opning av
sommarutstillinga
Arr.: Suldal Kunstlag
4. - 5. juni
SULDALSOSEN
Storaurefestival
Fiskefestival/konkurranse for heile familien. Alle kan vera
med i båt og fiska. www.suldalsvatnet.no
4. juni kl.10.00-17.00
Mokleiv
Pilegrimsvandring
og middag. Kr 250,-. Lett løype.
Påmelding til [email protected]
Søndag 5. juni kl.12.00
Øvre Suldal Samfunnshus
Grilldag
med loppemarknad og auksjon.
Arr.: Nesflaten Ungdomslag
10
Velkommen
til
Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22
85
Kulturhuset i Suldal!
www.suldal.kulturhus.no
opningstider
kulturhus og bibliotek:
Kulturhuset i Suldal har ope sju dagar i veka
- sjå nettside eller Suldalsposten.
Me tilbyr moglegheiter for avislesing og gratis trådlaust nettverk.
Kinoen
er digitalisert og viser film torsdag og søndag.
Barnefilm laurdagar kl. 13.00, ofte i 3D.
Folkebiblioteket
har ope 6 dagar. Torsdag er langdag med ope til kl.18.00.
Biblioteket har eit godt utval i skjønn- og faglitteratur,
dvd-filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser.
Biblioteket har og publikumspc’ar til disposisjon.
I skuleferiane:
Haust, vinter og påske har me auka aktivitet,
m.a. med kinotilbod på dagtid.
Følg med på kulturhuset si nettside,
på facebook og Suldalsposten.
Kulturhus ekspedisjon: Tlf. 52 79 22 90
Suldal Folkebibliotek: Tlf. 52 79 22 82
www.filmweb.no
Bowling, biljard, dart
Kino
Tysd./torsd. kl. 17.00 - 22.00
Onsdag
kl. 14.00 - 19.30
www.suldal.kulturhus.no
Ope for bestilling utanom
vanleg opningstid, min. 2 banar
i 1 time. Tlf. 52 79 22 90.
Kulp kafé
Måndag - fredag kl. 11.00 - 17.00. Laurdag kl. 11.00 - 15.00.
Neste utgåve
av ”Det skjer i Suldal” kjem i juni.
Frist for innlevering: 10. mai.
11
Vinter i Suldal rik på opplevingar
På vinteren er det gode høve for friluftsliv og andre flotte opplevingar i Suldal! Heia ventar den som vil gå milevis utanfor
oppkøyrde løyper, f.eks. til Snønuten eller Skaulen.
Langrennsløypene ved Mosvatnet/Gullingen, inkludert lysløypa,
vert oppkøyrd frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for
det. På www.suldal-skiinfo.no. finn du til ein kvar tid oppdatert
snø og løypeinformasjon.
I Suldal finn du også eit skileik-område i Breidastølsdalen og
alpinsenteret Gullingen Skitrekk. For den som ikkje vil ut på
ski kan lauging, isbading (?) eller ein fisketur på fjorden vere eit
godt alternativ.
Gullingen Skitrekk
Gullingen Skitrekk har ope kvar laurdag og søndag frå kl. 10.00
til 16.00. Kveldskøyring i partalsveker ( veke 2, 4, 6 etc.) frå kl.
18.00 til kl. 21.30. I vinterferien/påska har dei ope kvar dag frå kl.
10.00 til kl. 16.00. Måndag, onsdag og fredag er det kveldskøyring frå kl. 18.00 til kl. 21.30. Skitrekket har ikkje ope viss det ikkje er nok snø! På gullingen.no finn du til ein kvar tid oppdatert
informasjon om snøforholda i skitrekket.
Skyss til bakken?
Er de ei gruppe som ønskjer å kome dykk opp til Gullingen, men
manglar skyss? Ta kontakt med Osa-Bu på tlf. 52 79 92 60 eller
Suldal Billag på tlf. 52 79 04 00.
Zporty Snøfestival
I vinterferiehelga 5.- 6. mars er det igjen tid for Zporty Snøfestival i Gullingen-området, med kurs og aktivitetar for heile
familien. Meir info finn du på zporty.no
Ta kontakt!
På vinteren har Suldal Turistkontor kontor i Suldal Næringspark
(2. etasje, Monter-bygget, Garaneset). No i vinterhalvåret har me
ope måndag til fredag frå kl. 08.00 til kl. 15.30. Ta gjerne kontakt
viss det er noko du lurer på!
Tlf. 52 79 05 60, [email protected]
Meir informasjon om aktivitetar, attraksjonar og overnatting
finn du på nettstaden vår:
www.suldal-turistkontor.no
12
Ryfylkemuseet
Regionmuseum for Ryfylke,
senter for bygningsvern,
folkemusikkarkiv for Rogaland
NESASJØHUSET:
Ope måndag - fredag 08-15.30
Museumsbutikk med lokallitteratur og gåveartiklar.
Løland kafé med kaffi/te/kakao, aviser og internett.
utstillingar:
Ut april:
“ein kvinneheim”
- om ein kvinneheim i tre generasjonar
Opnar 27.04.: ”Kvitebjørnen”
- undrande og skapande
Opnar 03.06: ”Det gode liv”
- om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda
Museumsbutikk med lokal litteratur og gåveartiklar.
Løland kafé med kaffi/te/kakao, aviser og internett
Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand
Tlf. 52 79 29 50, faks 52 79 29 51
E-post: [email protected]
www.ryfylkemuseet.no
Handla på Sand
“Perlå” i Ryfylke
e-post: [email protected] www.bgsuldal.no
Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49
Me har klær til kvardag og fest
4230 Sand - tlf. 52 79 71 48
13
Opningstider:
09-21
laurdag til kl. 18.00
sAnd - tlf. 52 79 07 90
for privaTe og bedrifTer
•
•
•
•
VaktmeiSter
reinhald
it-PatrUlJa
Catering/kafé
Oppussing, vedlikehald og reparasjonar.
Fast eller enkeltståande oppdrag.
Alt innan data-, tele- og kontorrekvisita.
Du ringer, me bringer.
Tlf. 481 60 440
Sandsv. 134, 4230 Sand • [email protected] • www.firmatenester.no
Krambua
Tlf. 52 79 06 50
www.krambuasand.no
Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND
KULP På KULtUrhUset
opningstider:
Måndag - fredag 11.00-17.00
Laurdag 11.00-15.00
tlf. 951 53 232
internettkafé, catering, mat- og vinkurs,
kurs og konferanse, temakveld
Me byggjer
hus, hytter,
NæriNgsbygg
M.M.
Garaneset - 4230 SAND
tlf. 52 79 06 30
[email protected]
www.kv-bygg.no
Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30
OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00
OPNINGSTIDER:
MåndAG - fredAG
08.00 - 21.00
LAUrdAG 09.00-18.00
RIMI Sand 9-20 (18)
Din lokale bokhandel
* Kurs & konferanse
* Restaurant
* Bar med alle rettigheter
Tlf. 52 79 27 00
14
MØBLER - TEPPER - LAMPER - UTSTYR
Sko til
kvardag
og fest!
Tlf. 52 79 06 40
Tlf. 02002 - www.sr-bank.no
Tlf. 52 79 00 60
Buss:
Tlf. 52 79 04 00
sERVICE: Tlf. 52 79 45 02
• El.installasjon i hytte/hus • Salg, montering og reparasjon
av varmepumper • Salg av småelektriske artikler
• Salg og reparasjon av hvitevarer
Suldal InStallaSjon aS
Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690
Faks 52 79 75 61 E-post: [email protected]
Suldal Vekst AS
Treng du rettleiing ved nyetablering eller
vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du
rett og slett ein god ide? Bruk oss!
Suldal Vekst AS, Sandsv.134, 4230 Sand.
Tel: 52 79 06 00, [email protected]
Gåsevikja, 4230 Sand Tlf: 52 79 29 70 E-post: [email protected]
ÅpninGSTidEr buTikkEn: Mand - fred: 08.30 - 16.00. Lørd: 10.00 - 13.00
Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk.
OPNINGSTIDER:
Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00
Tjelmane Dekkservice AS
Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77
15
Herborg
Kråkevik.
Lars Monsen og Trine Rein.
Tindra: Irene Tillung, Åshild Vetrhus og Jorun Marie Rypdal Kvernberg.
Tlf. 52 79 22 90
Tlf. 52 79 06 25
Tlf. 52 79 05 60
Layout: Suldalsposten
Tlf. 52 79 29 50