Ein studentsamskipnad skal ta seg av studentane sine

Download Report

Transcript Ein studentsamskipnad skal ta seg av studentane sine

Kva er ein samskipnad?
Ein studentsamskipnad skal ta seg av studentane sine velferdsbehov ved
lærestadane. Det er den enkelte høgskule som har det overordna ansvaret
for studentane sitt læringsmiljø, men det er studentsamskipnadene som har
det operative ansvaret. Det er Kunnskapsdepartementet som opprettar ein
studentsamskipnad. Alle universitet og høgskular skal ha tilhøre til ein
studentsamskipnad. Studentar ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Ålesund
er knytte til SfS, saman med nokre studentar ved Folkeuniversitetet.
Kva oppgåver har SfS?
SfS driv studentbustader, barnehagar, kantiner, bokhandlar, studenthus, utlån av hytter og båtar, sosial og
psykologisk rådgjeving og helseordningar. SfS støttar ei rad studentorganisasjonar med midlar til kulturelle
og sosiale aktivitetar. Diagrammet nedanfor viser den relative storleiken på desse aktivitetane, målt etter
omsetning.
SfS hovedaktivitetar 2009
(tal i 1000)
Sfs hovudaktivitetar i 2009 (tal i 1000)
Bokhandlar; 11745
Bustader; 20523
Velferd/diverse.;
6497
Barnehagar; 7049
Kantiner; 13228
Studenthus; 8862
Kven eig SfS?
Studentsamskipnaden for Sunnmøre er eit eige særlovselskap oppretta i samsvar med ”Lov om Studentsamskipnader”. SfS er eit eige sjølveigd rettssubjekt. Øvste organ i SfS er eit valt styre der studentane har
fleirtal. Studentsamskipnadane står under tilsyn av departementet og Riksrevisjonen. SfS har rekneskapsplikt etter rekneskapslova.
Får SfS mykje i offentleg tilskot?
I 2009 mottok SfS 1,78 millionar kroner i tilskot frå departementet til velferdsarbeid. Det er i 2009 inntektsført
804.000 kroner i statstilskot til studentbustader og 5,5 millionar kroner til drift av barnehagar. Studentane
betalte i 2009 inn 3,8 millionar kroner i semesteravgift. Av ei samla omsetning på 67,9 millionar kroner
kjem 11,9 millionar kroner frå offentlege tilskot og semesteravgift. Dette tyder at 56 millionar kroner (82,5 %)
av driftsinntektene til SfS kjem frå sal av varer og tenester.
Frå Administrerande direktør
Studentsamskipnaden for Sunnmøre
- året 2009
Studentsamskipnaden for Sunnmøre har i snart
40 år vore ein viktig medspelar for høgskulane på
Sunnmøre. Vi kan sjå tilbake til ei samanhengande
vekst- og utviklingsperiode frå vi starta med bustadbygging på byrjinga av 70 talet og fram til no.
dei høgskulane i Volda og Ålesund vil ha stor innverknad
på utviklinga av nærmiljøet og næringslivet på
Sunnmøre. Dette understrekar at vi arbeider i ei viktig
og utfordrande næring, og at vi går i møte ei spanande
framtid.
Tilbodet vi har etablert og utvikla er no svært omfattande
og omfattar hyblar, familiehusvære, kantiner, barnehagar,
bokhandlar, Studenthuset Rokken i Volda, kultur og
helseordningar, studentrådgjeving, psykologteneste,
båtutleige og hytteutleige.
Eg vil takke alle tilsette og andre medspelarar for
innsatsen i 2009. Det er i fellesskap vi kan utvikle
velferdstilbodet vidare og dermed bidra til attraktive
studiestadar og trygge arbeidsplassar.
SfS har ambisjon om at studentane skal ha det godt
på Sunnmøre. Vi skal ha det beste studentmiljøet og
sette studentane i første rekkje. Vi skal tilby tenester
og produkt av høg kvalitet, og bidra til å gjere høgJan Henning Egset
skulene på Sunnmøre attraktive. Gjennom dette
Administrerande direktør
arbeidet skal vi kunne tilby ein plass å bu, mat og
drikke, barnehageplass, fagbøker og rekvisita, eit
godt sosialt miljø og supplere det offentlege på ein
del helseordningar.
Vi har mykje på plass. Vi kan tilby hyblar med låge
leigeprisar, god standard og gratis breiband. Vi manglar
bustadar, særleg i Ålesund. Vi startar bygging av
rundt 90 hyblar i Ålesund i haust, og har planar
om å bygge 150 til 200 til. Kantinene våre er gode
sosiale møteplassar, og vi vil framover jobbe for at
tilbodet vert enno betre og meir studentvennleg.
Den psykologiske rådgjevingstenesta, både i Volda
og Ålesund, er god og studentrådgjevartenesta og
helsesøstertenesta er viktige tilbod på begge studieplassane. Studenthuset Rokken har vore i drift i 5 år,
og er eit viktig bidrag til studentvelferd og som kulturformidlar. I tillegg vert det jobba med å etablere nytt
studenthus i Ålesund.
Konkurransen om studentane er aukande, og det vil
stille store krav til både høgskulane og oss for å sikre
god tilgang på gode søkjarar. Det er ikkje sjølvsagt
at vi er førstevalet for studentar i framtida. Kvaliteten
på det totale produktet, inkludert velferdstiltak, vil
truleg vere avgjerande for kor godt høgskulane skal
klare seg i denne konkurransen. Utviklinga innafor
Studentsamskipnaden 1988­‑2009
Studentsamskipnaden for Sunnmøre vart stifta i 1988 og har i dag 4.800
studentar knytt til seg på Sunnmøre.
1970: Stiftelsen Studentheimen ved
Volda off. lærarskule vert etablert.
1972 : Studentheimane på Porse står
ferdige.
1975: Den siste av dei fem studentblokkene i Volda stod ferdig. Etablering
av studentsamskipnad i Volda diskutert.
1976: Stiftelsen Studentheimane får
ansvaret for organisering av velferdstiltak
også utover bustadtilbodet og Volda får
eige velferdssekretariat.
1977: Bustadblokka i Ålesund står ferdig.
Stiftelsen Ålesund Studenthjem (SÅS)
oppretta.
1979: Velferdssekretariatet og DH
skulen i Volda startar psykologisk rådgjevingsteneste for studentane.
1983: Studentbarnehagen på Heltne i
Volda startar opp.
1986: Avdelingskontor i Ålesund oppretta.
Heltne barnehage får 0-3 års avdeling. SÅS
vert refinansiert. Helsekasseordning innført.
1987: Prosjektering av nye studentbustader
og eventuell ombygging av Samfunnshuset i
Volda.
1988: Fleirtalet av studentane seier ja
til studentsamskipnad i eit urneval ved
høgskulane. Studentsamskipnaden for
Sunnmøre etablert 1.august med heimel
i Lov av 9. mai 1986.
1990: SfS tek over organiseringa av kantine-/
krodrift i Ålesund og Volda.
1991: SfS bygg ny studentbarnehage i
Volda med 27 plassar. Åslidbygget tatt i
bruk som studenthus i Volda.
1992: Bustadprosjekt Myrane i Volda er
klart til bruk. SfS tek over kantine- og
krodrifta ved Studenthuset og Høgskulen
i Volda. Ny avdeling på studentbarnehagen
i Volda etablert på Porse.
1993: Vi byrjar å rehabilitere Studentblokka i Ålesund. 56 nye hyblar står ferdig
på Myrane. Vi overtek kantinedrifta i Ålesund.
1995: Vi kjøper og bygg om eit hus i
Volda til kollektiv og leilegheit. Vi inngår
avtale med Ålesund Psykologsenter om
psykologisk helseteneste i Ålesund. Vi
startar familiebarnehage i Ålesund. Vi
flyttar kontoret vårt i Ålesund til Fogdegården.
1996: Studentkroa Ålesund AS etablert
med krolokale i Ålesund sentrum.
1997:Studentkroa Ålesund AS selt. Styret
fatta intensjonsvedtak om oppstart av
fagbokhandel i Volda og Ålesund. Forprosjekt til nytt studenthus i Volda på
høgskuleområdet lagt fram.
1998: SfS flyttar dei fleste aktivitetar til
Berte Kanutte huset i Volda. SfS opprettar
eigne velferdsavdelingar. SÅS innlemma i
SfS. Vedtak i høgskulestyra om at SfS kan
starte bokhandel i Volda og Ålesund.
1999: SfS bok opnar i Ålesund og Volda.
SfS flyttar velferdsavdeling, kantine og
bokhandel i Ålesund til nytt høgskulebygg. Sosial rådgjevingsteneste etablert
i Volda som eit prøveprosjekt i samarbeid
med HVO og Volda kommune.
2000: Studenthuset Raadhuset etablert
i Ålesund. Ei arbeidsgruppe går inn for
å etablere studenthus i Volda i tilknyting
til Samfunnshuset.
2001: Vedtak om å innlemme Stiftelsen
Studentheimane i Volda (SSIV) i SfS frå
2002. Sosial rådgjevingsteneste utvida
til også å omfatte Ålesund.
2002: Blokk B på Porse Studentheim
vart totalt rehabilitert. Vi får statstilskot
til bygging av 70 nye studentbustader i
Ålesund. Rådgjevingstenesta vert ei fast
ordning.
2003: Blokk A på Porse totalt rehabilitert.
Opna Fogdegården studentbarnehage i
Ålesund.
2004: Kjøpte eigedom til driftsavdelinga
i Volda. Starta fleire store utbyggingsprosjekt. Var med og etablerte Volda
Sentrum AS.
2005: BI Ålesund vart med i SfS. Studenthuset Rokken opna i Volda og dei nye
bustadane på Gåseidmarka i Ålesund
vart tekne i bruk. Omfattande rehabilitering på blokkene på Heltne i Volda.
2006: Ny rekord i talet på studentar med
4718 knytt til SfS. Omsetnaden i SfS passerte
55 millionar kroner.
2007: Studentblokka i Sjømannsveien
1D i Ålesund vart seld.
2008: Planlegging av nye studentbustadar i Ålesund. Arbeidde spesielt
mot Husbanken og KUF for å kome i posisjon
til å få tilskot til bygging.
2009: Fullførte bygging av to husvære
(5 HE) til funksjonsnedsette i Volda. Fekk
tilskot til bygging av 94 hybeleiningar i
Ålesund, og leverte byggemelding sommaren
2009, diverre har naboprotestar utsett
byggestarten med eit år. SfS kjøpte ein
næringseigedom nær Høgskolen i Ålesund
for å sikre areal til 200 nye studentbustader.
Studenttalet auka til 4810, sjølv om BI
Møre vart lagt ned.
Enkelte verksemder og fora
Studentbustader
SfS har til saman 149 bustader i Ålesund og 402 i Volda. I tillegg har vi leigd ut areal til barnehage på Porse
studentheim. I august vart ”Prosjekt HC” på Heltne studentheim i Volda, der vi bygde om eit areal til 2 HC
leilegheiter, ferdigstilt. Vi fekk også tilsagn om tilskot til bygging av 94 nye HE på ”Prosjekt Raadhustomta”
i Ålesund. Styret i SfS har i strategiplanen vedteke at vi skal auke dekningsgraden i Ålesund til 250 bueiningar
og i Volda til 450 innan sommaren 2012. Husleigeinntektene våre var i 2009 over 20 millionar kroner. Bente
Holvik var bustadsjef med ansvar for drifta av alle studentbustadane våre.
Barnehagane
Røysmarka Studentbarnehage i Volda er delt inn i tre avdelingar; ei for born mellom 0-3 år og to for born
mellom 2-6 år. Barnehagen hadde ved årsskiftet 12 heil- og deltidsstillingar. Sigrid Aasen Lødemel er styrar
i barnehagen, og funksjonsansvarleg for barnehagane i SfS.
Fogdegården studentbarnehage i Ålesund har born i alderen 1-6 år. Trine Strømmen Malakzadeh tok til
som styrar i august 2009 etter Elin Dahlen. Barnehagen har ei avdeling, og hadde ved årsskiftet 4 heil- og
deltidsstillingar. Barnehagane hadde ved årsskiftet til saman 19 plassar for born under tre år og 37 plassar
for born over tre år. Foreldrebetaling jan - juni 2009: kr. 2200,- pr. mnd for studentar og for ikkje studentar
kr. 2330,- pr. mnd. Frå august 2009: kr. 2330,- pr. mnd. (søskenmoderasjon).
Psykologisk rådgjevingsteneste
Følgjande psykologar har tatt del i 2009: Vidar Myklebust, Hallgrim Myklebust, Beate Braanen, Berit Nygaard, Thinken Osborg og Hermod Langlo i Volda, og Ole Jonny Sørdal, Marit Bruseth og Asle Rypdal i
Ålesund.
Tenesta i Volda flytta i oktober 2009 frå Hamna 20 til Elvegata 24. I Ålesund var den også i 2009 i Storgata
28. Vidar Myklebust har vore koordinator for tenesta i Volda og Sørdal i Ålesund. I Volda var det litt utskifting
av mannskap i 2009, medan bemanninga i Ålesund var stabil. Kapasiteten på tenesta har vore bra, sjølv om
ein i kortare periodar har hatt ei ventetid som studentar kan oppleve som noko lang.
SfS sin studentrådgjevar i Volda, Ann-Kristin Myklebust og velferdskonsulent Magnhild Eikenes Kile i Ålesund,
fungerer i tillegg til koordinatorane, også som ein førstelinjeinstans for den psykologiske helsetenesta.
Kantine
I 2009 vart det omsatt for i overkant av 12,6 mill. kroner. Tilbakemeldingar fra Studentundersøkinga på
kantinetilbodet er ikkje bra, vi vert oppfatta som dyre og dårlig på kaldmat. Dette har vi no tatt tak i. og SfS
kantinedrift har som målsetting å tilby god og næringsrik mat til ein rimeleg pris. Utfordringa ligg i å ha
lave utsalsprisar og samstundes få til ei sunn økonomisk drift i begge kantinene. Håkon Karlsen var kantinesjef med ansvar for kantinedrifta i 2009.
Studenthuset AS
Studenthuset Rokken er svært viktig for studentvelferden i Volda. Drifta av huset er utfordrande. Det vert
kravd mykje av tilsette og frivillige for å få til ei god og sunn økonomisk drift. Ulf Kristiansen har vore
dagleg leiar i Studenthuset AS i 2009. Selskapet er 100 prosent eigd av SfS, og rekneskapen går såleis inn i
konsernrekneskapen. I Ålesund vert det arbeidt aktivt for å erstatte Raadhuset som studentane har brukt
som studenthus siste åra. Raadhuset skal rivast og gi plass til nye studentbustader.
Helse, velferd og kulturelle tiltak
SfS har i 2009 vidareført ordninga med Helsekasse og Helsefond. Vi meiner å ha funne fram til ei ordning
som kjem studentar med store utgifter til helsetenester i studietida til gode. Ordninga med helsekasse og
helsefond har vore uforandra i 2009.
SfS har i 2009 brukt kr. 565.000,- til kulturelle og sosiale tiltak. Tildelinga av velferdsmidlar er delt opp i to
kategoriar, ein del som vert overført til studentting/studentparlament, og ein del som vert overført til ulike
lag og organisasjonar etter søknad direkte til SfS.
Studenttal
4450 studentar betalte semesteravgift i vårsemesteret 2009. For haustsemesteret var talet 5170 studentar
- eit gjennomsnitt på 4810 studentar.
Bokhandel
Fagbok har no skaffa seg eit godt fotfeste, og leverte positivt resultat i 2009. Det var auka omsetnad i
begge bokhandlande, aller størst i Volda med ein auke fra 2008 på nesten 1,3 millionar. Omsetnaden var
samla på 11,6 millionar, og resultatet 1,13 millionar. Bokhandlane har fem tilsette på heil- og deltid. Kari
Aarø er butikksjef i Ålesund og Volda.
Studentsamskipnaden er aksjonær i Unipa AS. I Unipa har 19 studensamskipnader vore aksjonærar, og
selskapet organiserer mellom anna innkjøpsavtalar for studentbokhandlane i Noreg. Administrerande direktør i
SfS, Jan Henning Egset, har vore medlem av Unipa-styret sidan 2008, og Kari Aarø varamedlem sidan 2007.
I desember 2009 meldte dei tre største samskipnadane (frå Oslo, Bergen og Trondheim) seg ut av Unipa,
med verknad frå 1 juli 2010.
Anna velferdsarbeid
I 2009 har vi halde fram arbeidet med å styrke studentvelferden, og vi legg vekt på å samarbeide nært med
studentorganisasjonane og høgskulane. Vi ser behovet for eit engasjert og bevisst studentpolitisk arbeid i
dei komande åra, for å betre vilkåra for bustadmiljø, helseordningar, fristasjon, kafédrift og studentbarnehagar,
samt sosiale og kulturelle tiltak. SfS vil med bakgrunn i den viktige rolla desse organa har i dette arbeidet,
samarbeide for å få til eit aktivt og levande demokrati. SfS har både velferdsfond og studenthusfond og set
av midlar årleg til framtidige velferdstiltak.
Semesteravgift
I 2009 betalte studentane samla omlag 3,8 millionar kroner i semesteravgift. Kr 2.887.855,- vart i 2009 ført
direkte attende til studentane i form av ymse helse-, sosiale og kulturelleStudenttiltak
tiltak. Tabellen og figuren nedanfor
2009
viser fordelinga i 2009:
Studenttiltak 2009:
Kulturelle og sosiale tiltak 565000
Studentlokale/hus
460001
Helse- og sosiale tenester 876412
Kontingent SLT
445000
Barnehage
37500
Informasjon/studentguide 290000
Fadderordning/andre tiltak60000
Tilskot utenlandsstudentar 153942
2887855
Andre tiltak
/fadderordning Tilskot
utlandsstudentar
Informasjon/studentguide
Kontingent SLT
Kulturelle og sosiale
tiltak
Studentlokale/hus
Helse- og sosiale
tenester
Barnehage