JUNi 2012 - Kyrkja i Gloppen

Download Report

Transcript JUNi 2012 - Kyrkja i Gloppen

FOR GLOPPEN PRESTEGJELD
NR. 4 - JUNi 2012 - 42. ÅRGANG
Jonsok, Johannes, flat veg og fjordkryssing
Luk. 3, 4-6
Rydd vegen, gjer han flat og
rett. Spreng bort fjell og fyll
opp dalar. Dei krokete vegane
skal bli beine, og humpar
skal bli til slett veg.
Noko slikt som dette sa
Johannes. Ein god vegingeniør? Han kunne hatt ein
karriere i norsk veghistorie.
Og det som skjer i
Andaområdet i desse tidar,
kunne sjå ut til å vere inspirert av Bibelen! Her blir
haug og hamrar sundskotne og køyrde
bort, så vi alle kan køyre beinare, flatare
og slettare fram til ferja og kome oss frelst
over fjorden. Det er sjølvsagt fordi det er
Jonsok til minne om Johannes døyparen at
vi tek fram desse orda. Då han ropa dei ut,
var dei ikkje nye! Nei, han siterte profeten
Jesaja, og det visste dei som høyrde på.
Men Jesaja sa først: Ei røyst ropar i øydemarka. Kolon. Johannes kjende og visste
at han var denne røysta
som skulle rope til alle om
å jamne veg. For det skulle
kome ein annan. Difor ropa
og Johannes, med Jesaja
sine ord: Og alle menneske
2
skal sjå Guds frelse!
Vegryddinga gjekk ut på å
gjere folk klar til å ta imot
Kristus. I alt han sa og
gjorde, viste Johannes til
Kristus. - Sjå der er Guds
lam som tek på seg all synd!
- Han skal vekse, eg skal
minke.
Det gjorde inntrykk. Folk
kjende seg pressa og venta
på utløysaren, han som
skulle kome og gje dei
fridomen tilbake. Dei gjekk i
synagogen og høyrde trøystarord og
lovnader om Messias. Men først skulle
røysta i øydemarka lyde. No var ho der!
Om han kalla seg Elia eller Johannes,
profeten var han i alle fall, og etter han
skulle frelsa koma.
Og Kristus kom med frelse, for Johannes
og for jødane og for alle oss heidningar.
La oss høyre han! Lytt og lær! Tru og gjer!
Johannes peika på Kristus. Han fører deg
frelst over fjorden, heilt fram til den
himmelske hamn. Når døden sin brottsjø
du møter, vil Jesus dra båten i land.
Tekst og teikning: Oddvar A
Biletet på framsida: Tursøndagsskulen på Rygg, rotur i Traudalen til Høgneset.
God sommar!
Kyrkjebladet tek ”ferie”. Det kjem ikkje
ut fleire nummer av bladet før sommaren
er over, med alle sine leirar og stemne
og støylsmesser og pilegrimsvandringar
og kva det kan vere våre lesarar skal
oppleve eller ta ansvar for denne sommaren. Leirstader og organisasjonar, barnearbeid, ungsomsarbeid, familiearbeid
og misjon har på mange måtar høgsesong om sommaren.
Det kan vel hende at vi som er i redaksjonen blir med på noko av det, og fotograferer og skriv. Men no oppfordrar vi
deg som lesar til å tenke på stoff til
kyrkjebladet når du er med på noko
kjekt som du vil dele med andre. Skriv
og fotografer sjølv, eller gje tips til oss.
Adresser finn du på side 23.
Ny redaksjonsmedlem?
Redaktøren har gjort kjent at Jorunn
Eikenes blir ny redaksjonsmedlem etter
Kåre Holvik. Det skal her og no avsannast. Det har rett nok vore eit aktuelt
spørsmål, men det er redaktøren sin feil
når det kom på trykk før svaret var endeleg, og eg seier meg lei både for feilen
og for at Jorunn ikkje fann høve til å
svare ja. Soknerådet er klar over at her er
ein mangel, og har planer og arbeid på
gong for å finne ei løysing, slik at både
dei og redaktøren reknar med å kunngjere namnet til den nye i neste nummer
av bladet.
Vil du betale?
Det kan nok hende vi kjem med ein
blankett i bladet til hausten, men viss du
tykkjer det er litt lenge sidan du har
betalt for bladet no, tek vi med takk
imot ein frivilleg kontingent til
konto 3705 04 71307
Redaktøren
Ta vare på tenesta di!
Av Oddlaug Vereide
Gå ut i all verda og gjer alle
folkeslag til mine læresveinar.
Akta på tenesta di!
Dette er kjende ord frå
Bibelen. Oppdraget er gitt, og vi
er kalla til teneste. Vi må sjå på
denne oppgåva med takk og
glede, for vi får vere ærendsveinar for ein konge, og bodskapen
heiter Den glade bodskapen.
Denne bodskapen har vore
formidla i ord og gjerning i landet vårt i over tusen år, med forkynning til frelse, opplæring til
tru og teneste, omsorg for dei
svake, oppmuntring til slitne, og
glede til motlause. Men så kom
det forslag om å ta forkynninga
ut av skulen, og fekk fleirtal.
Kristendomen vart likestilt med
dei andre religionane, og kunnskapen om den treeinige Gud
har fått liten plass. Det ein ikkje
får vite om, vert ein heller ikkje
interessert i. Tre av fire nordmenn veit til dømes ikkje kvifor
vi feirar pinse (Vårt Land mai
2012).
No kjem det nye forslag:
Krossen må takast ut av flagget,
- vi er eit fleirkulturelt land.
Ta bort nokre av helgedagane i
høgtidene, og slutt med å bruke
”Gud signe vårt dyre fedreland”
på nasjonaldagen. Skal også
desse forslaga få fleirtal?
Det må ikkje skje. Vi må ha ein
plan for å styrkje undervisninga,
trua og tenesta.
Oppgåvene er mange og
mangfaldige. Vi er og ulike.
Difor er det oppgåver til oss alle.
Her spørst det om vilje og truskap til å tene i våre eigne
kykjelydar.
Trusopplæringa, omsorgstenesta, praktiske oppgåver i
barne- og ungdoms-arbeid
m.m.treng mange tenarar/ hjelparar når ein skal planlegge det
kristne arbeidet i Gloppen til
hausten.
Ser vi kor viktig dette arbeidet er?
Vil vi at dette arbeidet skal
halde fram og styrkjast? Kven
skal gjere det? Er det nokre få
lønna arbeidarar som skal ta
ansvar?
Vil vi ha ei kyrkje som kallar
til gudsteneste, døyper borna
våre, underviser konfirmantane,
som leier ungdomane på rette
vegar, som bed om velsigning
over samlivet, som forkynner ei
levande von ved grava til ein
kjær?
Ja, det vil vi! Dette er viktige
verdiar.
Vi må ikkje la vår eiga likesæle hindre at desse verdiane
vert tekne frå oss. ”Gud byggjer
si kyrkje av levande steinar, av
hjarte som trur på hans ord.”
Vi må finne vår plass i kyrkjebygnaden. Lat det ikkje bli hol i
muren der vår stein skulle stå.
Akta på tenesta di! Ta vare på
oppgåva di! La oss ta ein
dugnad!
Stiller du på?
3
Gudsteneste er vesentleg det same
som den alltid har vore …
”På den dag som vert kalla solas
dag, samlast alle på ein stad, enten
dei bur i byane eller på landsbygda. Det blir lese frå apostel- eller
profetskriftene så lenge det er tid
til. Når den som les, har slutta,
talar leiaren og seier eit formaningsord der han oppmodar oss til
å etterleve det gode vi har høyrt.
Deretter reiser vi oss alle og ber.
Når vi har avslutta bønene blir
brød, vin og vatn bore fram, og
leiaren seier fram bøner og takkseiing, i samsvar med den utrustning han har. Og til dette gir folk si
4
Av Anders Rinde
– Er det så viktig
med ny liturgi?
– Det er først og fremst viktig med
liturgi. Liturgi er eit samleomgrep
som seier noko om korleis vi gjer det
når vi samlast som kyrkjelyd: samværsmåte, språk, musikk og liknande.
Alle kristne fellesskap har ei form for
liturgi, prega av si historie. Samtidig
er det interessant å sjå kor stabil kristen gudsteneste er. I ei av våre eldste
kjelder skildrar Justin Martyr i år 155
gudstenesta forbausande likt det som
skjer når vi feirar gudsteneste i dag.
Gudsteneste er eit møte med Gud,
men er samtidig nødvendigvis eit
møte med mine medmenneske, og meg
sjølv. Ingen er eller blir seg sjølv åleine, men berre saman med andre.
tilslutning og seier: Amen.
Deretter skjer utdelinga til kvar
einskild, og vi tek imot det som det
har blitt halde takkebøn over. Til
dei som er fråverande, blir brød og
vin sendt med diakonane. Dei som
har rikeleg, og som er villige til det,
gir av sitt eige slik dei synest høver.
Det som er samla inn blir teke vare
på av leiaren, til hjelp for foreldrelause og enkjer og dei sjuke eller
andre trengande, og dei som er
fengsla og framande på gjennomreise. Slik tek han ansvar for dei
som treng hjelp.
(Foto: AEV)
Sidan 1. søndag i advent har
vi arbeidd med ny liturgi,
både tilsette, sokneråda og
frivillege medhjelparar.
Mange har skjønt at vi er i
ein prosess, men blir vi eingong ferdige? Og korleis
vert liturgien til slutt, skal
tru?
Kyrkjebladet har stilt
nokre spørsmål til seniorprest Sigurd Vengen, som for
tida er fungerande sokneprest i Breim og Gimmestad
og som derfor også er
medlem i eit felles gudstenesteutval for Gloppen.
Men det er på søndag vi held
denne felles samlinga, for det er på
denne første dagen i veka at Gud
gjorde forandringa i mørket og
materien og skapte verda, og det
var nettopp på denne dagen Jesus
Kristus, vår Frelsar, stod opp frå
døden,… og underviste apostlane
og læresveinane om dei ting som vi
har lagt fram for dykk til dykkar
vurdering.”
Justin Martyr (114 – 165):
Dei kristne si gudsteneste
kvar veke, frå år 155.
Møtet og fellesskapet mellom Gud og
menneske må finne stad for å bli verkeleg for oss. I møtet med Gud og
andre menneske blir eg verkeleg for
meg sjølv.
Eg likar å seie at ei gudsteneste
samtidig er høgtideleg audiens hos
Den høgaste, og eit barneselskap. Det
er ein leik, som må ha gode reglar for
å vere god.
Ny liturgi er ei tilskunding til å
gjenoppdage kva kristen gudsteneste
er. Då må vi både ’avlære’ det vi kan
ha tileigna oss som mangelfullt eller
feilaktig, og lære på nytt saman med
kvarandre. Hovudsaka er å utvikle
gudstenesta si form, men å legge til
rette for deltaking og erfaring av fellesskap.
– Kva tyder eigentleg
ordet liturgi?
– Ordet er opphavleg gresk, og tyder
ei ’offentleg teneste’ (i og for folket).
Ein liturg er ein som gjer ei offentleg
teneste. I GT på gresk er det brukt om
gudstenesta i tempelet, og i NT er det
t.d. brukt om Sakarja si presteteneste
i tempelet (Luk 1,23), og om Jesus som
den nye pakts øvsteprest si teneste
(Hebr. 8,6). Vanleg bruk av ordet liturgi er kyrkjelydens felles og offentlege
gudsteneste. Liturgi = (Guds) folkets
teneste.
Det daglege livet treng eit avbrot,
så Gud kan komme til orde og få sagt
oss det som vi ikkje kan seie til oss
sjølve, det som ikkje er sjølvsagt. Guds
tale stiller oss til ansvar, tilgir og
trøystar, reiser opp og rettleier og skaper nytt liv.
Gudstenesta er Guds gåve til oss.
Gudsteneste som Guds teneste av
menneske, gjennom menneske, er den
kristne gudstenesta si hovudsak. Gud
tener oss samtidig som vi tener Han:
ei eineståande kommunikasjonshending. Med den ortodokse tradisjonen
kan vi godt tale om ’den guddommelege liturgi.’
– Kva er dei viktigaste endringane, eller største? Kva vil den
vanlege kyrkjegjengaren merke
best?
– Det vil nok vere avhengig av auga
som ser. Den første forandringa er at
vi blir kalla til å vere stille i byrjinga
av gudstenesta. Kyrkjeklokka ringer
saman, så kjem ei kort velkomsthelsing med informasjon om gudstenesta
i dag, avslutta med oppmodinga: Lat
oss vere stille for Gud. Denne korte
stilla kan samanliknast med at vi blir
stemte, som instrument, så når klokka
slår tre bøneslag, kan vi vere vakne og
nærverande deltakarar. Andre forandringar som synest er fleire medarbeidarar, såkalla medliturgar, som har
store og små oppgåver, og uttrykkjer
og utviklar fellesskapet. Det vil vere
rom for nokså ulike musikalske
uttrykk, men førebels vil vel forandringane her vere små.
– Ved tidlegare liturgirevisjonar
er det nye innført som diktat frå
sentralt hald, men korleis er det
denne gongen?
– Det har vel alltid vore eit visst samspel mellom kyrkjelydane og den kyrkjelege leiarskapen. Men det er unekteleg eit stort sprang frå før då gudstenesta vart fastsett av Kongen, som
ved sist revisjon, og det som no skjer.
No skal kvart sokneråd velje mellom
fleire alternativ, og fastsette korleis
gudstenesta skal vere. Det gir rom for
lokale tilpassingar. Det er store skilnader mellom ulike kyrkjelydar, både
i storleik og i tilgang til ressursar. Det
er i realiteten tale om to reformer.
1. Kyrkja vår har fastsett ein struktur for gudstenesta og utvikla ulike
nye liturgiske variantar.
2. Avgjerds-ansvaret blir flytta til
lokalt nivå, til soknet, der det er fastsett ein bestemt prosess for utvikling
og godkjenning av ei lokal grunnordning. Dette betyr at Den norske kyrkja sine gudstenester ikkje vil vere
like alle stader.
– Korleis er ”prosedyren” ved
innføring av ny liturgi?
– Frå advent 2011 og fram til advent
2012 er vi i ei utprøvingsfase. Lokal
grunnordning er namnet på eit dokument som fastset stort og smått for
gudstenesta i kvar kyrkjelyd. Den
skal vere vedteken og godkjend og
operativ for 1. søndag i advent (=
02.12.12), og må såleis vere på plass ei
god tid før det. Det er eit omfattande
arbeid som no går føre seg i kvart sokneråd og i eit felles gudstenesteutval
for Gloppen. Prest og organist er sjølvsagt viktige ressurspersonar og rådgjevarar. Før sommarferien er det
planlagt å komme fram til eit første
vedtak i kvart sokneråd. Dette skal så
leggast fram for soknemøte i kvart
sokn til høyring. Det vil venteleg skje
etter ei gudsteneste i slutten av
august eller byrjinga av september.
Etter soknemøtet gjer soknerådet
endeleg vedtak, og sender saka til biskopen for godkjenning. Lokal grunnordning skal vere gyldig for 2–4 år. Då
skal ordninga vurderast på nytt, og
evt. justerast.
Det har blitt sagt at gudstenestereforma kan samanliknast med å
pusse opp og fornye eit hus. Det kan
vere både spennande og slitsamt.
Prosessen vil krevje mykje godvilje og
nåde, både frå Gud og menneske. Men
vi skal ikkje bygge nytt hus. Vi skal
ikkje finne opp gudstenesta. Vi skal
finne den.
5
Unik tilskiping 23. april:
Olaf Sigurd Gundersen sette
stemninga då han opna Blixsamlinga med fullsett kyrkje.
Stappfullt i Sandane kyrkje
med Elias Blix som samlingspunkt
Av Oddvar Almenning
Akademisk foredrag på professornivå,
etterutdanning for gamle skulelærarar, pålagd møteplikt for storskuleforeldre eller plikt-kor med obligatorisk
oppmøte? Det høyrest kanskje ut som
eit vanskeleg opplegg. Arrangør var
Sta Sunniva kyrkjeakademi som har
hatt ei rekkje interessante tema for
mindre grupper av spesielt interesserte tilhøyrarar. Foredragshaldar var
6
Anders Aschim. (Sjå oppysningar om
han i eiga ”rute”) Han er lærd og akademisk nok for kven det skal vere, og
emnet hans var stort nok og breidt nok
til å bruke både lang tid og mange ord
på: Salmediktaren Elias Blix si dikting
og heile hans liv og karriere.
Går det an å fylle Sandane kyrkje
med folk i to timar og halde interessa
og opplevinga på eit nivå som både
skuleborn og vaksne får noko ut av?
Det gjekk i alle fall storarta denne
gongen, etter denne meldaren si meining! At Blix-salmane har betydd
mykje gjennom heile livet, fekk vi
kjenne ein gong til ved å høyre dei og
synge dei igjen. Ja, ei slik oppsamling
av kjent og kjært gjorde oss meir medvitne om kva denne mannen har gjeve
eit heilt folk, og vi forstod ein gong til
kva songen kan gjere og vere for tanken og trua og kvardag og helg for eit
menneske og for eit folk. Og så er det å
vone at alle skuleborn som ”måtte”
stille opp og synge, fekk ei oppleving
av det same, og at øvingar framfor tilskipinga og sjølve arrangementet var
med på å gje dei noko dei vil ta med
vidare.
Anders Ashcim hadde delt inn foredraget sitt i fire ulike bolkar der han
tok føre seg perioder i Blix sitt liv.
Mellom bolkane kom dei musikalske
innslaga. Aschim greidde på finurleg
vis å formidle stoffet sitt slik at vi
vaksne gjekk derifrå med ny innsikt,
samtidig som vi trur at skuleborn fekk
høyre interessante forteljingar om ein
kar som i utgangspunktet må ha verka
nokså kjedeleg.
Vi møtte gjetarguten og fiskarsonen
som miste far sin 4 år gammal, men
som fekk hjelp til å kome seg på
høgare skular. Vi lærte om studenten,
vitskapsmannen og professoren som
til og med blei den første kyrkje- og
skuleminister i Norge. Vi møtte målmannen som var med på å gjere dialekt og det nynorske målet til noko
meir enn toleleg, men høgt elska i heile
landet. Den aldrande Blix blei den
nynorskmannen som ingen i kyrkja
kunne oversjå, og han blei den kyrkjemannen som ingen nynorskfolk kunne
vere imot. Det fører fort for langt om vi
skal referere foredraget her, men vi
viser til boka som Aschim har skrive
og som var grunnlaget for kvelden.
Gundersen leia ”forestillinga” som
har vore vel førebudd over lang tid
med Marit Helgheim i spissen. Med
det heile godt på avstand, var likevel
innslaga med Sandane skule og
Nordstranda skule det vi hugsar best.
Takk, elevar med leiarar, for god og frimodig song, både med kor og solistar!
Takk for eit krevande og strålande
foredrag! Og takk til arrangøren som
tok risken på eit så halsbrekkande
opplegg og kom frå det på ein så god
måte.
”Som vesle blomen trugen ser opp mot sol og dag, til deg så vender hugen, til deg
kvart andedrag” 5. og 6. klasse ved Sandane skule med kor, solister og instrumentalistar framførte ”Med Jesus vil eg fara” og ”Opp gled dykk alle”, leia av Trond
Haugen med Jacob Leif Kroken ved pianoet.
”Å eg minnest, å eg minnest så vel dette land!” 5. - 7. klasse ved Nordstranda skule
med dirigent Kari Leirgul song ”Syng i stille morgonstunder” og ”Eg veit meg eit
land” med Morten Leirgul over tangentane.
Har Blix-salmane ei framtid?
Elias Blix var sjølvsagt eit barn av si
tid, og det var ei anna tid enn vår!
Korleis går det med dei salmane han
skreiv? Kjem dei til å vere med oss
vidare? Ei oppteljing i Nynorsk salmebok frå 1953 syner at der var 110 salmar (av i alt 911) som han har dikta.
Så kom Norsk Salmebok som vi har
brukt i heim og kyrkje i snart 30 år no.
Talet på Blix-salmar hadde naturleg
nok minka, men framleis var det med
58 av i alt 949 salmar.
I tillegg har Blix omsett 20 av dei
salmane som står i salmeboka vår no.
Eit ”tap” frå 110 til 78 er påfallande
lite. Slår vi opp på salmane som vart
borte, kjenner vi knapt innhaldet. Dei
mest brukt og elska salmane er framleis med. No er det ny salmebok i
vente. I 2008 var det nye framlegget
ute til høyring, og der er det framlegg
om at 31 av dei 58 Blix-salmane skal
vidareførast. . Og nemner vi nokre av
dei, vil nok mange nikke gjenkjennande: No koma Guds englar, Kling no
klokka!, Himmelske Fader, Å tenk på
Gud i ungdomsår, Med Jesus vil eg
fara, Jesus, du er den himmelveg, Gud
signe vårt dyre fedreland, No livnar
det i lundar, Syng i stille morgonstunder, No soli bakom blåe fjell,
Dagsens auga sloknar ut. 11 salmar
som kjem til å bli brukte i framtida.
Og endå har eg ikkje nemnt Å, eg
veit meg eit land! Jau, Blix-salmane
vil nok bli verande ein del av folkekulturen i landet lenge. Dei vil som før
fylle feiringane våre med innhald og
forankring til Skrifta, og dei vil vekkje
kjensler og gjenkjenning anten vi syng
dei i kyrkja, i heimen eller i alle slags
lyd og lag og folkelege festar.
Elias Blix
var professor og
politikar, men
framfor alt
kjend som salmediktar og
bibelomsetjar.
Gjennom
salmane og
omsetjinga av
(Foto: Ivar Aasen-tunet)
Det nye testamentet står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.
Blix var fødd på Sandhornøy i
Gildeskål 24. februar 1836 og døydde
i Kristiania 17. januar 1902.
Han gjekk lærarseminaret i Tromsø i
1853–1855. Etter nokre år som lærar i
8
Tromsø reiste han i 1859 til Kristiania,
der han blei buande.
Blix tok examen artium i 1860,
examen philosophicum i 1861 og
teologisk embetseksamen i 1866.
Vidaregåande studium av hebraisk og
andre semittiske språk skaffa han ein
doktorgrad i 1876 og eit professorat i
1879. Med unnatak av åra 884–1888,
då Blix var statsråd i Johan Sverdrups
regjering, under-viste han i hebraisk
og bibelfag ved universitetet.
Blix var hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye
testamentet. Salmesamlinga Nokre
Salmar blei i 1892 godkjend til bruk i
gudstenesta.
(Foto: oa)
Anders Aschim
er teolog, bibelomsetjar og faglitterær forfattar. Hovudverket hans til
no er ein detaljert og velskriven
biografi om professoren, politikaren
og salmediktaren Elias Blix.
Aschim er fødd i Tromsø 8.
august 1958. Han voks opp der og
på Hamar. I tillegg til teologisk
embetseksamen har han mellomfag
i hebraisk og musikk. Han har vore
prest mellom anna i Ringebu og
Enebakk. Aschim har hatt forskingsog undervisningsstillingar ved
Menighetsfakultetet og arbeider for
Bibelselskapet med revisjon av
omsetjinga av Det gamle testamentet (Bibel 2011) både til bokmål og
nynorsk.
Aschims faglege hovudinteresse
har vore tekstfunna frå Qumran ved
Daudehavet, og han har vore med
på mange publikasjonar om desse
tekstane. I samband med Blixbiografien har han arbeidd mykje
med stoff om den tidlege målrørsla
og ikkje minst om nettverket av
nordnorske «nynorskingar»
i hovudstaden.
--
MIN SALME
Av Margot Nesgård
Min sjel lov Herren, salme 297 i
Norsk salmebok (av Salme 103 i
Bibelen).
”Min sjel min sjel, lov Herren
og alt hva i meg er, hans navn!
Min sjel, min sjel lov Herren,
glem ingenting av alt hans gavn!
Han som din synd utsletter
og leger dine sår,
han som ditt liv oppretter
når du til døden går,
han som ny kraft deg sender,
Gjør alderdommen ung,
han som deg bær på hender
når tiden faller tung…!
Det er mange flotte salmer og spesielt er jeg glad i de norske folketonene. Når jeg nå skulle velge en spesiell salme å skrive om, måtte det
likevel bli en salme som er skrevet i
den tyske salmetradisjonen. ”Min
sjel, min sjel, lov Herren” er skrevet
av tyskeren Johann Graham mellom
1525 – 1530. Han var tilhenger av
Luther og reformasjonen. Det er
laget flere melodier til salmen, men
den mest brukte, og som er eldst, er
komponert av Hans Kugelmann.
Faktisk er jeg usikker på om det var
melodien eller teksten som ble laget
først. Den tyske teksten ble oversatt
til norsk av M.B. Landstad i 1861.
Jeg valgte denne salmen fordi den
har en flott tekst og fordi den vekker gode følelser og assosiasjoner i
meg. Hører jeg salmen, går tankene
Min sjel lov Herren
Han ville at vi skulle
raskt til min farfar Ola
huske på at ”Han tilgir
H. Meling (død 1995).
all din skyld og leger alle
Ola vokste opp på ei
dine sykdommer. Han frir
lita øy utenfor
ditt liv fra graven og
Stavanger. Åmøys
kroner deg med barmbefolkning var på 1800hjertighet og kjærlighet.”
tallet sterkt preget av
I 1998 giftet jeg meg
haugianer-bevegelsen.
med min Arne. Vi var
Vekkelsen skapte et
begge opptatt av å føre
sterkt, levende kristent
arven videre: både den
fellesskap på øya. Det
kristne tro og sanggleden
som var spesielt i dette
som vi på hver vår måte
lokale samfunnet var at
hadde vokst opp med. Vi
sangen fikk stor plass.
Farfar kom på besøk
bestemte oss derfor for å
Det fortelles at forkynog hilste på meg
gravere inn salme 103 i
nere som var der, reiste da jeg var 14 dager
ringene våre. Min sjel,
oppløftet fra øya på
gammel ….
min sjel lov Herren var
grunn av den storslagne
selvsagt en av hovedsalmene under
sangen fra menigheten. En av dem
vielsen. Barna våre vokser opp med
som bidro sterkt i denne sammenen annen sangtradisjon rundt seg
hengen, var bonden Alfred Lunde
enn det vi gjorde.
(1894-1973), som drev flere forskjelSalmeboka, sangboka og firstemt
lige kor, komponerte og arrangerte.
kor er ikke hverdagskost, men sangDet førte til en firstemt salmesang
glede har de likevel. Det er flott å
og en veldig sangglede.
høre den livlige sangen fra kraftfulle
Min farfar vokste opp i denne kulbarnestemmer på søndagsskulen,
turen og han førte den videre til min
Soul Children og når vi har sunget
far. Min sjel, min sjel, lov Herren ble
med familiekoret. Jeg tror åndens
sunget i alle sammenhenger når
kraft kan møte oss gjennom sangen
Meling-slekta var samlet. Farfar var
uavhengig av stilart. ”Min sjel lov
en ivrig bibelleser, og salme 103,
Herren”!
som ”min salme” har utgangspunkt
i, var et av favorittstedene hans i
Bibelen. Farfar var veldig glad i oss
barnebarna og var utrolig opptatt av
at vi skulle ha det bra. Vi ble bedt
Margot utfordrer Yngvild Tjomsland
for hver eneste dag. Som tenåring
til å skrive ”Min salme” i septembervar jeg stadig bort til farfar for å få
nummeret.
hjelp til å lage små andakter til
KRIK.
9
Misjonskveld på Vereide
Tekst og foto: Anne-Berit Selle
Søndag 22. april var det misjonskveld
med Normisjon på Nordfjord Folkehøgskule. Oddvar Almenning leia oss
gjennom kvelden, der hovedtalar var
misjonskonsulent Hans Thore Løvaas.
Han fletta saman andakt og informasjon om arbeidet som Nor-misjon driv,
på ein god og interessant måte.
Løvaas nærmar seg pensjons-alder, og
har jobba med misjon både her heime
og ute i heile sitt yrkesaktive liv. No er
han rådgivar og støttespelar for dei
som har mindre erfaring. Etterpå orienterte Gimmi Olsen og Karina Lassen, eit ektepar frå Færøyane, om sitt
arbeid som misjonærar i Mali. Dei var
på ufrivillig «permisjon» pga den politiske situasjonen i Mali, som vart
ramma av militærkupp 22. mars i år.
Dei vart bedne om å reise så raskt at
dei rakk ikkje å ta med heim mykje
bagasje. No hadde dei reist rundt og
orientert om arbeidet sitt i tre veker,
og skulle heim til Færøyane dagen
etter.
Meir lokale krefter sytte for at alle
som fyllte Ljosborgstova denne kvelden også fekk med seg ei fin musikalsk oppleving. Gloppen Vocal Band
med Jakob Leiv Kroken, Trond
Haugen, Per Ståle Husevåg, Roar
Henden og Bjørn Aurlien var vel verd
å høyre. Dei kan anbefalast… Og
sjølvsagt blei det sjanse til å prate og
ete gode kaker.
Mali, eit land i krise
Mali er eit svært fattig land, men i forhold til mange andre land i NordAfrika har det vore rimeleg fredeleg
lenge, med eit bra fungerande demo10
Hans Thore Løvaas, misjonskonsulent
i Normisjon.
Gimmi Olsen og Karina Lassen er
misjonærar i Mali.
krati. Dei ca. 14 mill
innbyggjarane er
fordelte
på
mange ulike folkegrupper
og
over 32 språk,
noko som sjølvsagt
har sine utfordringar. I
nord har ulike etniske og
religiøse grupperingar stadig utfordra regjeringsmakta, men hæren har halde dei
«i sjakk». Blant mange folk
var det ei veksande misnøye med
regjeringa si evne til å halde desse
opprørsgruppene under kontroll.
Regjeringa satsa ikkje på veldig hard
maktbruk, så fleire soldatar mista
livet i samanstøytar som skjedde frå
tid til annan.
22. mars i år gjorde hæren kupp, og
fjerna regjeringa, men dei heldt berre
makta i to dagar, før dei mange opprørsgruppene overtok kontrollen over
store område i nord. Desse gruppene
slåst både mot kvarandre og mot
hæren. Opprørs-gruppene er fleire
tuareg-grupper, medan andre er muslimske og Al-Qaida inspirerte, og har
som mål å innføre sharialover i landet. Mange folkegrupper, blant anna
tuaregane, kallar seg muslimar, men
har ei tru som er veldig blanda med
afrikansk naturreligion og åndetru, så
slett ikkje alle muslimar vil rekna dei
som muslimar… Rundt 1% er kristne.
Det har blitt ein svært uoversiktleg
situasjon i Mali, der opprørsgruppene
har teke makta lenger og lenger sørover. Grov vald, og massevaldtekter av
kvinner har blitt ein del av kvardagen, og har drive 100-tusenar av menneske på flukt sørover og mot nabolanda. Dette har resultert i ei humanitær krise der pga den samtidige tørken og matmangel som då oppstår.
Gimmi Olsen fortel at dei arbeider i
sørvest der det enno er fredeleg, men
Litt av forsamlinga i Ljosborgstova. (Foto: A. B. Selle)
dei fekk ordre om å bryte opp og reise
heim straks, sidan ingen visste korleis
det ville ende. Dei kjenner det som om
dei sviktar når dei trengst mest, så
difor håpar dei å kunne reise tilbake
att så snart råd er. Dersom området i
vest (Mali har form som ein omvendt
L) held seg fredeleg, håpar dei landet
blir delt inn i soner, og at dei får løyve
til å reise tilbake til den vestlege
delen.
Vi har ikkje høyrt mykje om Mali på
nyhenda her i landet. Det er meir enn
nok uro i verda, og Mali har kome i
skuggen av andre saker. Gimmestad
kyrkjelyd har skrive misjonsavtale om
Framhald side 19
Gloppen Vocal Band; Jakob Leiv
Kroken, Trond Haugen, Per Ståle
Husevåg, Roar Henden og Bjørn
Aurlien. (Foto: A. B. Selle)
11
tur. Marit Rygg vart spurt
om å vere leiar, og Beate
Kornberg kom med etter
kvart. Dei hadde begge
vore leiarar i den vanleg
søndagsskule i bygda frå
starten på 90-talet.
Turane har vore ca. ein
gong i månaden, frå september til mai, og vi går i
dei ulike støylsvegane og i
skogområda i bygda. Er
det snø, brukar vi akebrett
og kjelkar, er det sipregn
har vi med presenning
eller går inn i hytta til
Beate i Langedalen eller
Marit i Traudalen. Vi har
med niste, og har gjennomgang av ei bibelforteljing i
samband med matpausen.
Vi legg elles opp til ei
praktisk formidling, der
borna får ta del i formidlinga, dramatisere fortellingar og undre seg over og
stille spørsmål ved hjelp av
”Guds-rikeleik”-materiell.
Vi nyttar og ting vi finn i
naturen, og har av og til
aktivitetar og oppgåver i
etterkant. Det vert og god
tid til fri leik i naturen.
Frammøtet har variert
Tursøndagsskulen
Tursøndagsskulen på Rygg
vart starta i november
2006, etter at søndagsskulen hadde lege nede i
eitt og eit halvt år p.g.a.få
barn. I samband med soknet sitt arbeid med trusopplæringsplan, arrangerte
soknerådet eit bygdemøte
der småbarnsforeldre i
soknet fekk komme med
innspel til korleis barnearbeidet kunne drivast. Det
var då at idéen til å prøve
med tursøndagsskule kom.
Tanken var å kombinere
trusopplæring med familie-
Tursøndagsskulen
på aketur ovanfor
Rauset.
veldig dei 5 åra vi har
halde på, frå rundt 30 til
under 10 og noken gonger
ingen. Hovudtyngda er
familiar på Sør-stranda,
men dei siste åra har vi og
hatt med familiar frå
Sandane. Vi ser at mange
familiar har ein travel
kvardag og er med på
mykje, og prøver difor å
styre unna søndagar der vi
veit det vert arrangert
handball- og fotballturneringar og barnas turlag.
Difor har vi ikkje sett opp
halvtårsplan det siste året,
men heller sett inn annonserer i lokalavisa i forkant
av tursøndagen. Vi opplever at både små og store
finn glede i fellesskapet på
turane, og det har gitt oss
inspirasjon til å halde fram
med arbeidet.
Tursøndagsskulen er der
fordi vi meiner det er viktig at borna får bli kjende
med bibelforteljingane og
kristne verdiar som samfunnet vårt er bygd på. Vi
ynskjer og å gje dei høve
til å oppleve eit fellesskap
som legg vekt på formid-
ling på barna sine premissar der dei kan kjenne på
tryggleik og Guds kjærleik,
og få høve til å utvikle si
eiga tru. Når ikkje skulen
lenger har dette med, er
det desto viktigare at dei
får kjennskapen andre stader. Mange ønskjer ein
søndagstur med familien,
og då kan dette vare ein
fin kombinasjon.
Dei siste to åra har vi i
tillegg hatt ansvar for å
arrangere samling for 4åringane og tårnagentsamling for 8–9-åringane i
Gimmestadkyrkja, i samband med at borna får
utdelt bøker frå soknet.
Dette er planlagde samlingar som eit ledd i trusopplæringsplanen for born
i soknet.
Det har vore god oppslutning om desse samlingane både frå Bukta og
Sørstranda.
Her eit glimt frå
tur til Russehola
Seljumannamesse 8. juli 2012
Dagen for Seljumannamesse er
8. juli. Vi brukar å feire
Seljumannamesse på Selja den
søndagen som ligg nærast. I år
er det fullklaff: 8. juli er søndag!
Hovudgjest dette året er biskopen i Nidaros: Tore Singsaas, og
St. Hall-vard-guttene, dirigert
av Hans Martin Molvik, kjem i år
igjen, og deltek på gudstenesta. Dei
har også konsertar fleire stader og
markerer blant anna sitt 50 årsjubileum med konsert i Selje kyrkje 7. juli.
Konsertar med St. Hallvardguttene, Drops, Salomos høysangere og Ugler i Moseboken
03.07. kl. 18: Nedstryn kyrkje.
St. Hallvard-guttene
04.07. kl. 19: Operahuset, Nordfjordeid. St. Hallvard-guttene,
Salomos Høysangere, Ugler
i Moseboken, Drops
05.07. kl. 20: Ervik kyrkje. Salomos
Høysangere, Ugler
i Moseboken og Drops
06.07. kl. 18: Sør-Vågsøy kyrkje.
St. Hallvard-guttene
06.07. kl. 21: Selje kyrkje. Salomos
Høysangere, Ugler
i Moseboken og Drops
07.07. kl. 18: Selje kyrkje.
St. Hallvard-guttene.
50 års jubileum.
08.07. kl. 17: Syvde kyrkje. Salomos
Høysangere, Ugler
i Moseboken og Drops
St. Hallvard-guttene blir dirigert av
Hans Martin Molvik. Line Dybedal
Vederhus på trompet og Jon Inge
Sigerland på orgel akkompagnerer dei.
I Salomos høysangere syng tenorane
14
Jon Bjørnar Sandve og
Hans Martin Molvik,
barytonen
Thomas
Guttormsen og bassen
Jon Kaasa.
I Ugler i Moseboken spelar Arne
Henry Skullerud på
trommer og Jan Martin Kvile på
bass/gitar, akkompagnert av Øystein
Skullerud ved tangentane.
I Drops syng Per Stave; Dagfinn
Stave; Stig Arild Reksnes; Ove
Magnus Årvik akkompagnert av Jon
Inge Sigerland.
Billettar kan kjøpast på førehand,
og Coop Prix Selje står for førehandssalet. Det er også råd å bestille pr epost: [email protected]. For konsert i
Operahuset:
http://www. operahuset.no
Gudstenesta i klosteret
søndag 8. juli
St. Hallvard-guttene deltek saman
med og prestar frå Nordfjord og
Vanylven deltek. Biskop Tor Singsaas
preikar. Musikalsk leiar er organist
Jon Inge Sigerland. Det blir takkoffer
og nattverd. Båt går frå Nabben i Selje
til Bø, på innsida av Selja, og med
retur etter gudstenesta. NB! Sjå
annonse for rutetider og prisar! Det
blir selt billettar på Nabben før båtavgang.
Pilegrimsvandring
torsdag 5. juli - søndag 7. juli
Årets pilegrimsvandring tek til torsdag morgon med ’bilegrimstur’ til Stad
og St. Jetmund, dvs. til Ervik, inkl.
Hovden; Dragseidet, med Olavskrossen og Kongshaugen; Leikanger kyrkje
St.
Sunniva
2009.
Kopi av
Kjell Stig
Amdam.
og St. Jemund, Åheim. Dagen etter
vandrar vi frå Rimstad – Berstadeidet – Selje, og laurdag er vandringa
lagt til Selja og kloster-anlegget, m.a.
med kort pilegrimsmesse i Sunnivahola.
Den som vil vere med må vere i god
nok fysisk form, og ha høveleg utstyr:
Fjellsko eller støvlar, tur- og regnklede, dagstursekk, termos og sitteunderlag. Pilegrimsvandringa blir
skipa til saman med Holmely retreatsenter, 6711 Bryggja, tlf 92209355, epost: [email protected], som tek
imot påmelding innan fristen 17.juni
2011. Det er avgrensa plass på Holmely. Det vil vere høve til å vere med einskild-dagar etter nærare avtale, men
all deltaking krev påmelding. Bilturane går med eigne privatbilar.
Pilegrimsvandringa blir leia av seniorprest Sigurd Vengen.
Seljumannamessa er ei regional
samling for Nordfjord og SøreSunnmøre, og er skipa til av Nordfjord
prostiråd, sokneråda i Selje og
Vanylven sokneråd.
Velkomen til Selja
- der kyrkja i Noreg vart fødd Seljumannamessekomiteen
www.seljumannamesse.no
Vil du knekkje nokre kyrkje-nøtter?
Denne uhøgtidelege spørje-konkurransen kan kanskje avsløre
kor mykje du veit om kyrkjene i
bygda vår – eller kor flink du er
til å tippe! For at det ikkje skal
vere for vanskeleg har vi laga tre
alternativ, og premiane blir derfor heller ikkje så veldig store.
Men sender du eit løysingsframlegg til Kyrkjebladet v/ Oddvar
Almenning, 6823 Sandane, eller
[email protected], kan du vinne
flax-lodd om du er 12 år eller
meir, eller LEGO om du er
under 12 år.
2. Golvteppet i Hye-kyrkja er
1 – raudt
x – blått
2 – grønt
3. Hovud-materialet i døypefonten i Vereids-kyrkja er
1 – tre
x – smijern
2 – stein
4. Fisken som heng i Gamle
Gimmestad kyrkje er ein
1 – torsk
x – laks
2 – sei
Svarfrist er 15. august.
Konkurransen er open for alle
aldersgrupper.
1. Den av kyrkjene våre som
har størst grunnflate er
1 – Vereide
x – Gimmestad
2 – Breim
5. Alterlysa i Sandane kyrkje
står i stakar som er laga av
1 – keramikk
x – messing
2 – sølv
6. Benkane i Breims-kyrkja er
1 – blå
x – trekvite
2 – mørkegrøne
7. Er det glas i veggen bak
alteret i Gimmestad-kyrkja?
1 – nei
x – ja, tre stykke
2 – ja, eitt
8. Den eldste kyrkja vi veit
om i Hyen sto
1 – på Å
x – på Hope
2 – i Eimhjella
9. Vereids-kyrkja hadde ikkje
kyrkjetårn før i
1 – 1804
x – 1838
2 - 1879
10. Kva kyrkje vart du sjølv
døypt i?
Dette spørsmålet kan ikkje
vi svare på, så du får ingen
poeng på dette...
Visste du forresten at –
fisken i Gimmestad-kyrkja kan
melde veret? Bøndene i nærområdet rådførte seg ofte med
denne fisken når dei lurte på
kva tid dei skulle begynne på
ulike arbeid på garden.
Når ein skal slå graset og
prøve å tørke det til høy, slik
dei måtte gjere før siloane og
rundballane var påtenkte, kan
det vere greit å vite om det blir
varig godver, eller om ein må
rekne med regn.
Dette kan fisken fortelje.
Dersom du ser inn kyrkjeglaset medan dørene er stengde
vil du sjå kva veg han peikar,
og den retninga fiskehovudet
peikar, vil også veret kome frå
i dei neste dagane. Peikar
hovudet austover, kan ein
vente stødig, tørt ver, og vender det vestover er det regn og
vind i vente.
Og det kan no vere greit å
vite, no når vermeldings-folka
streikar. Men kva skal vi forresten med dei, vi som har ein
– nei, no heldt eg på å gje deg
svaret på ei av kyrkje-nøttene,
og det skal eg ikkje!
Lykke til med nøtte-knekkinga!
AaseRS
Vinnarar
i nr. 3
blei
Malene M.
Hauge og Østen Olai
Ommedal. Gratulerer.
Dei får to flax-lodd kvar
tilsende i posten.
Rett svar var
2,x,x,2,2,x,x,1,2,x
15
Gloppe-besøk på Naustmessa 2012
”Støylsmesse” ved fjorden med Den Heilage Ande,
Vereide kyrkjekor og blanke messingen!
Tekst og foto: Oddvar Almenning
I Gloppen kan ein gå til fjells på støylsgudstenester om sommaren. Det gjer
ei mange stader i Stryn, og. Men fjellarar og andre kan gå ned til sjøen og
oppleve gudsteneste kvart år 2. pinsedag. ”Gå ned” er akkurat eit dekkande
uttrykk, for anten du går Bergseteberget eller du går Sølvbergs-berget, er
det bratt ned og endå brattare opp att!
For det finst ingen veg langs sjøen ved
Ulvedalsfjellet eller i stranda mellom
Randabygda og Bergsetnausta. Men
sjøen ligg der! Det er avgrensa med
plass i den oppsette kyrkjebåten frå
Blakset, så der er alltid fullt. Men fleire kjem med eigne båtar.
Vereide kyrkjekor samla seg i to
båtar frå Ryssfjøra. Arne Eikenæs og
Olav Søreide var komne på plass ved
kaia der då dei hine steig om bord tidleg andre pinsedag. I høveleg kaldt og
høveleg varmt ver, med høveleg fart og
i høveleg tid gjekk alt føre seg, og dei
om lag 10 songarane fekk varma opp
stemma, og småøvd litt med blåsarar
bak nova før kyrkjefolket sessa seg på
nye plankar i eplehagen på Skreddarplassen. Koret var forsongarar med
messingtrio, så kyrkjelyden på bortimot 200 personar hadde ikkje vanMeir enn 150 personar høyrde pinsepreike og Vereide kyrkjekor i eplehagen ved Bergsetnausta.
Blåsarar, presteskap og kor er klar
til gudstenesta som blei innleia
av soknerådsleiar i Nordsida, Rune
Berglid.
skar med å vere med i salmar og kyrkjesvar.
Prestane som gjorde teneste, var
sokneprest Runde frå Innvik, sokneprest Kjetil Neteland frå Stryn og
vikarprest i Hornindal, Gunnar
Speidarar frå Stryn deltok med songen
”En speiderbønn”.
Skrede. Sistnemnde har vore prost og
domprost, men er no pensjonert og
”kjekk å ha” i eit prestemanglande
Nordfjord prosti. Han tala over pinseteksten om Den Heilage Ande, og alle
som høyrde fekk kjenne at Anden er
nær i dag som i den første pinsa då
læresveinane fekk tunger av eld, eller
logande ord frå Gud.
Dirigent Anders Rinde hadde teneste i Gimmestad kl. 11.00. Naustmessa
starta ein time seinare, så då den var
slutt, kom Rinde over fjorden frå Utvik
i rask båtskyss for å vere med på dei
siste nummera til koret. Etterpå
kunne folk ete nedboren og medboren
mat, eller kjøpe betasuppe og kaffi, og
dei kunne sjå spora etter flaumskadene sidan forrige messe. Sagbruket
ved elva er borte, og det meste av det
ho var bygd på er ført på sjøen. Dit fór
også ”kyrkjebenkane”, ei mengd gode
plankar til å sitje på i grasbakken i
eplehagen. Difor var det nye benkar
dette året.
Men ein planke vart funnen i
Marså-vika, nesten inne i Olden i vinter. Finnaren kjende att planken og
berga han og tok han med til messa.
Før båtane gjekk, kunne dei som ville,
høyre Alf Bergset orientere om folket
og livet ved sjøen i gamle dagar. Det
var skog og ved og løype og floting og
saging og frukt og frakt og ”båten og
ljåen og lia og lunden”, som det står i
Nordfjordsongen
Det kan hende at det blir interessant neste år, og, sjøl om det då sikkert
blir andre som skal spele og synge.
Kanskje du skal setje av dagen?
Etter at Anders Rinde var komen, hadde koret
ein minikonsert under epletrea.
17
Varm vårbris frå vest då Frisk Pris
gav konsert med Sølvi Hopland
Tekst og foto: Oddvar Almenning
Gode korklangar og fine tekster saman
med ein tydeleg og velklingane solist var
det vi vona å få oppleve då vi gjekk på
Vårkonsert i Sandane kyrkje med Sølvi
Hopland Aemmer og vokalgruppa Frisk
Pris. Vi fekk det vi gjekk etter, og fleire
kunne ha vore der. Vokal-gruppe kallar
dei seg, men syng korarrangement med ei
stor breidde både tekstmessig av stilmessig. Det gjekk på engelsk og norsk, folketonar og pop, for det meste med eit godt
grep om det musikalske. Folketonar frå
Pål sine høner til Amen, Jesus han skal
råde, arrangert av Nystedt og Sommerro
og engelskspråkleg frå Blackbird (Lennon McCartney) til Total Praise (Richard
Smallwood) vitna om ei gruppe som
ønskjer å formidle i fleire stilarter og retningar, og evnar å gjere det. Det var godt
å høyre på!
Formidling er eit stikkord for Sølvi
Hopland, og. Etter mange år som kjend
”låtskrivar” og songar, har ho enno ærendet sitt klart: – formidle viktig innhald til
oppbygging og fred for sjel og sinn. Det
ligg ei merkeleg bere-evne i denne litt
svake stemma, som lyfter seg til blanke
tonar og stødige tekster utover i songane.
Og det som gjer at vi aldri går lei av
henne, er vel at det ikkje er seg sjølv ho
representerer der ho står, men går ærend
for ein frelsar. Og at ho gjer det på ein
musikalsk måte.
Roar Henden var konferansier (møteleiar) og gjorde eit poeng av at Sølvi sin
salme ”Herre, gje meg dine auge” ligg an
til å kome med i den nye salmeboka.
– Hamne i selskap med Petter Dass,
Eivind Skeie og Lina Sandell, det fortener
du, sa han. Ja han kunne nemnt Anders
Hovden, Elias Blix og Nikolai Frederik
Severin Grundtvig med det same! Det er
Sølvi syng sine eigne tekster og tonar,
og akkopagnerer på gitar eller piano.
rett nok, sjølv om det og kan seiast slik:
Det er det norske kristenfolk som fortener å få kjenne og bruke denne gode
teksten. Tenkte vi.
Takk for fin konsert! Neste gong de
kjem, kjem vi og!
Frisk var songen og tydeleg var
prisen då Frisk Pris heldt vårkonsert
i Sandane kyrkje.
Urframføring i Vereide kyrkje
Gloppen musikkfest har som regel
hatt ein kyrkjekonsert på programmet. Slik vert det i år også, med eit
svært spennande program. Det er
tinga eit oratorium av komponisten
Kjell Habbestad til tekstar av Jakob
Sande. Verket blir urframført i
Vereide kyrkje laurdag 1. september
av vokalsekstetten Nordic Voices, eit
av dei beste vokalensembla i Norden,
og eit lite kammerorkester.
Jakob Sande var ein mangslungen
forfattar. Han er kanskje mest kjend
for visene sine og dei verdslege dikta,
men han har også mange tekstar som
er meir sakrale. Han har t.d. to salmar i Norsk salmebok. Kjell
Habbestad har stått fritt til å plukke
frå ulike tekstar og setje saman til eit
heile. Verket har fått tittelen: ”Mi sjel
er ei Eols harpe”.
Komponisten Kjell Habbestad, som
også er førsteamanuensis ved Norges
musikkhøgskole,
kan sjå tilbake på
ei mangfaldig komponistkarriere der
vokalmusikk har
stått sentralt.
Blant hans kjende
verk er ”Voluspà”
for koret Ginnunga-gap (med
dirigent Kjetil
Almen-ning) og
Kjell Habbestad ”Jubilate Deo” for
Follo Kammerkor.
Kjell Habbestad er fødd på Bømlo i
1955, studerte kyrkjemusikk ved
Norges musikkhøgskole i åra 19751979, og deretter komposisjon ved
same institusjon fram til diplomeksamen i 1981.
Som komponist debuterte han med
1. pris for korverket ”Magnificat” i
TONO’s komponistkonkuranse i 1978.
Bergen Domkor blir også med på minnekonsert for Are Frode Søholt under
Gloppen Musikkfest. (Foto: Kjetil Almenning)
Framhald frå side 11
å støtte arbeidet i Mali. Akkurat
no trengs også ekstra mykje forbøn for landet, folket, Normisjon
sine prosjekt og misjonærane som
er der. I Mali driv Normisjon
mellom anna helsehage, kvinneprosjekt, barne- og ungdomsarbeid, oppbygging av kyrkjelydar,
bibelskule og bibeloversetjing til
nye språk.
Misjon anno 2012, kva er det?
Hans Thore Løvaas fortel blant
anna om Aserbadjan som vi har
høyrt ein del om i det siste. Det er
eit muslimsk land der det er forbode å drive kristen misjon. Ein
kan berre snakke med ein og ein,
evt samlast til bibelgruppe i heimen til nokon. Arbeidet går ut på
å støtte lokale kristne. Han nemner restaurering av ei eksisterande kyrkje i Nich, og gjenoppbygging av det som er att av kyrkjelyden etter den lange tida med
påtvungen ateisme under Sovjetunionen, då prestane vart sende
til Sibir.
Normisjon konsentrerer seg
mest om område mellom 10. og 40.
breiddegrad. Her er det flest som
ikkje er nått med det kristne
evangeliet. Misjon no er ikkje så
mykje at misjonærar reiser ut for
å forkynne, vel, det er det òg, men
det viktigaste er å gje økonomisk
støtte til ulike prosjekt, og bidra
med rådgjeving og leiartrening til
nasjonale medarbeidarar.
Det varierer sjølvsagt frå land
til land kva type arbeid som er
viktigast. I nokre land er hovedfokuset på humanitært arbeid som
t.d. sjukehusdrift. Meir informasjon om Normisjon sine prosjekt
og kva land dei er i, finn du på
www.normisjon.no.
19
Frå konserten i Oslo konserthus. Det er noko både for auge og øyre og tru når
så mange små strupar brukar stemme, kropp og sjel til lovsang! Her er det til
og med live komp! (Alle foto Hilde Ravnestad)
Til Oslo for å bli inspirert
Glopparar og andre fjordingar
på Soul Children Festival 2012
Soul Children er eit korarbeid blant barn som Normisjon står bak.
I Gloppen har Soul Children på Sandane drive på i fleire år, og no har
dei starta opp med eit kor også i Breim. Saman med Sande Tweens-kor
reiste dei to gruppene frå Gloppen til Oslo for å møte andre frå heile
landet. Det blei ei stor oppleving for dei 40 som reiste i lag i ein buss frå
Sogn og fjordane. Vi har fått rapport frå Frida Bjørnereim og Julia
Jordanger Loen, Breim Soul Children, som tykte det var kult og kjekt!
Fredag 11. mai til søndag 13. mai var
vi på Soul Children Festivalen 2012. På
fredag vakna vi tidleg for å ta buss frå
Breim kl. 08.00. Vi kom fram til Oslo konserthus i fem-tida og fekk t-skjortene og
festival-banda våre. Så var det åpningsshow med masse kul sang og friske fargar og presentasjon av alle dei 83 kora
ogtil saman 1500 deltakarane. Etter det
Framfor Rådhuset i Oslo saman med
mange andre songarar frå heile landet.
20
Frida
og Julia
er klar for
store opplevingar i Oslo.
var det mat og Mass Choir-øving med
Antony Faulkner frå USA. Så tok vi
bussen tilbake til barnehagen der vi
skulle sove. Der fekk vi betasuppe og la
oss. På laurdag reiste vi til konserthuset.
Soul Children TV, Get Up Service, Praise
and
Worship og MassChoir stod på programmet. Kl. 15.00 fekk vi fri og kjøpte pizza
og gjekk i butikkar.
Kl. 18.00 var det konsert på Rådhusplassen. Det var ei STOR oppleving. Så
var det tilbake til konsert-huset for å sjå
førestellinga, Victory, som var laga av
Oslo Soul Teens. På søndag øvde vi til
den verkeleg store konserten kl.15.00.
Der ga vi alt og drakk mykje vatn så vi
ikkje skulle besvime. Det vart ein lang
tur heim att, men vi hadde det kjekt
saman med både nye og gamle vener!
Kl. 01.00 var vi heime og da var det
boms i seng!
Eldre rundt Gloppefjorden bedne til kyrkje
Stor breidde og god høgde under gudstenesta i Sandane kyrkje 3. juni
te saman med kantor
Randi Heggheim har drege i
Anders Rinde til salmar,
alle trådar i førearbeidet.
under ofringa og elles. Det
Også sjølve messa bar preg
Stor og brei oppslutning blei
gjev ekstra løfting til eit
av brei deltaking: Mange
det i Sandane kyrkje 3. juni,
arrangement når John
medhjelparar deltok med
då diakonien la til rette for
Oddvar og fela er med!
inngangsord og orientering,
gudstenestedeltaking for
Etter gudstenesta var det
skriftlesing og liturgi (kyrdei eldre rundt Gloppefjormykje god og heimelaga
kjebøna).
den og på institusjonane.
kaffimat, og program der
Det er høgt under taket i
Kyrkja fyltest med folk,
m.a. Harald Aske fortalde
Sandane kyrkje, og det er
nokre med rullestol, andre
John Oddvar Kandal spelte
om soga til Sandane kyrkje
høgare under himmelen
på eigne bein med eller utan
solo ”Minnestund” av
(”Arbeidskyrkja i Mona”).
over livet når Ordet lyder.
hjelp. Meir enn 150 persoOddbjørn Ramstad, under
Han var med frå starten i
Det var Sigurd Vengen som
nar fann seg ein stol i kyrofringa ”Marsj” etter Moses
1980-åra, og kunne fortelje
gjorde prestetenste. Han
kjeromet før messa starta.
Paulen,og til slutt ”Marsj”
om dei ulike fasene i utbygtala over Lukas 10, 21–24
Frivillege assisterte med
etter Erling Kjøk, heile tida
ginga. Det første som skjedder Jesus song og lova Gud
skyss og praktisk tilretteakkopagnert av kantor
de på tomta i 1984 var
for at det er dei umyndige
legging, og det var førebudd
Anders Rinde.
biskop Thor With med på.
og små som får ta imot
program og kyrkjekaffi med
Ein stor kross vart reist der
Guds frelse. Ja, han song,
heimebakst etter gudspris både på gudstenesta og
kyrkja skulle kome. I 1988
presten og, og sa: - Vi seier
tenesta.
på stunda etterpå, og gav
var biskop Lønning med på
til born at dette forstår du
Diakoninemndene i Verseg tid til ein god prat.
kranselag, og då huset
ikkje før du blir stor. Men
eide og Gimmestad har hatt
skulle vigslast i 1997, var
Jesus sa: Dette kan de ikkje
gode medarbeidarar frå
det Ole D. Hagesæther som
forstå utan at de vert små!
Bygdekvinnelaget, Helsevar her.
John Oddvar Kandal
laget og Gloppen Røde Kors
Kyrkjelyden sette stor
hadde teke med fela og spelOmsorg, og diakon Britt
Stor breidde i deltakinga. Medliturgar som deltok under forbøna var frå venstre Jorunn Engeset Høyland, Kåre Vereide
og Kirsten Marit Rygg, og på den andre sida av Sigurd prest ser vi Asgjerd Fitje og Anna Ullaland. Else Karin Monsen hadde
innleiing og kunngjeringar, og skriftlesar var Ragna Rygg.
Tekst og foto Oddvar A
VIGDE
Vereide
26.05 Terese Helene Vilnes
Honningsvåg og Kenneth
Kirkhorn
DØYPTE
Vereide
06.05 Susann Solheim Gjerløw
Fadrar: Vidar Arnstein
Solheim, Beate Jevnlid,
Margtete Gjerløw, Tore
Arnestad
26.05 Vetle Lia
Fadrar: Tone Margit Lia,
Vegard Husby, Maria Børresen,
Trygve Hunemo, Kjetil Osnes
Bøe, Liv Rosland.
Breim
27.05 Julie Seime Skinlo
Fadrar: Astrid Seime, Jens
Fremming Andersen, Ingrid
Therese Skinlo, Ragnhild
Gimmestad
Gimmestad
28.05 Nikolai Gimmestad
Fadrar: Solveig Skinlo, Kjell
Arnestad, Unni Marie Sømme
Gloppestad, Magne Gloppestad
Sigurd Arnestad, Stig Nilsen.
06.05
12.05
25.05
01 06
01.06
Breim
19.04 Aslaug Bø
f. 13.12.1919
15.05 Sigrid Stensaker f. 13.10.1948
25.05. Elisa Svartefoss f. 02.11.1920
Gimmestad
06.05 Gunnar
Slettebakken
f. 05.10.1936
Hyen
29.04 Marta Engelstad f. 26.11.1933
30.04 Arne Røyrvik
f. 18.03.1920
Einar Gimmestad
vann skrivekonkurranse!
Når du reiser med Fjord 1, kan du ta eit
magasin i handa og slå opp på side 34 og
lese om ”Solbærsaft, tran og mjølk”, som
vann skrivekonkurransen i førre nummer. Vi gratulerer Einar, og synest det er
stas å ha flinke medarbeidarar!
22
JORDFESTE
Vereide
Kjersti Slagstad f. 16.05.1929
Leiv Bakketun f. 29.09.1924
Jorunn Hestenes f. 13.06.1928
Olav S. Hauge
f. 13.08.1918
Solveig Henden
Ladehaug
f. 15.08.1930
Loppemarknaden
Sandane-Dagane
Vi har fått ny lagerplass og kan
igjen ta imot møblar. I år kjem
møbelsalet under Sandane-Dagane
til å vere frå ”Lageret”.
Det er tidlegare lageret til Elkjøp
i Hendenbygget. Inngong frå nordsida vil bli godt skilta.
Har du møblar til loppemarknaden,
kan du ringe:
Maria Rosenlund Flølo,
tlf. 57867773 / 95150596
Marit Helgheim,
tlf. 57865653 / 95805116
Elles vil vi gjerne ha ting til auksjonen (treng ikkje vere antikvitetar)
og loppemarknaden. Dei kan
leverast til lageret vårt på
Datainstituttet, eller du kan ringe:
Guri Hoddevik,
tlf. 95136055
Oddlaug Vereide,
tlf. 57865448 / 46808271
Reidun Varpe Eikeset,
tlf. 57865703 / 98432236
Maria Rosenlund Flølo og Marit
Helgheim.
Vi kan diverre ikkje ta imot lopper
under Sandane-Dagane, då desse
må klargjerast før dei blir lagde
fram.
Har du lyst til å hjelpe til under
Sandane-Dagane, ta kontakt med
eitt av tlf.nr. ovanfor.
Stiftinga Arbeidskyrkja
i Mona / Øko.nemnda
KYRKJEBLAD
FOR GLOPPEN
PRESTEGJELD
Utgjeve av sokneråda i Vereide,
Breim, Gimmestad og Hyen.
Kjem ut 7 gonger i året
på Sandane.
Betaling etter ønskje.
Redaktør:
Oddvar Almenning
Tlf. 40004377
[email protected]
Redaksjon:
Einar Gimmestad,
Anne Berit Selle, Jostein Flølo,
Anders Rinde,
Olaf Sig. Gundersen
Layout:
Odd Hansen
Kasserar:
Inger Almenning
Bankgiro: 3705.04.71307
GLOPPEN PRESTEGJELD
GLOPPEN PRESTEGJELD
VEREIDE SOKN
Formann i soknerådet:
Lars Bjarte Osland
Vereide kyrkje, tlf. 57 86 93 06.
Kyrkjetenar: Benny Aasen,
mobil 950 22 917
Sokneprest i Vereide og Hyen
Olaf Sigurd Gundersen,
Vereide, 6823 Sandane.
Tlf. 57 86 93 85. Mobil 951 36 059.
Tlf. 57 86 96 93.
[email protected]
Prestekontoret er ope heile veka.
BREIM SOKN
Formann i soknerådet:
Venke Raad Larsen, tlf. 994 95 860.
Kyrkjetenar: Bernt Reed,
mobil 959 72 107
GIMMESTAD SOKN
Formann i soknerådet:
Aase Ryssdal Sæther,
mobil: 911 07 329
Kyrkjetenar: Benny Asen,
mobil 950 22 917.
HYEN SOKN
Formann i soknerådet:
Liv Øygard Solheim,
tlf. 57 86 96 59 / 958 61820.
Kyrkjetenar: Ola Jan Birkeland,
tlf. 57 86 98 32, mobil 975 91 747
GJEVARTENESTA
Heimesida finn du på:
www.gloppen.kyrkja.no
Vil du vere med å sikre trusopplæringa og diakoniarbeidet i Gloppen?
Takk for gåva du vil gje!
Send den til:
3710.30.12989 alternativ
6557.55.00301
Gloppen kyrkjelege fellesråd
Sokneråda i
Breim, Gimmestad, Hyen, Vereide
Takk til alle som er med
i gjevartenesta!
Fungerande sokneprest
i Breim og Gimmestad
Sigurd Vengen
Mobil: 480 96 093
[email protected]
Kyrkjeverje:
Kurt Djupvik
Kontor i Arbeidskyrkja
Tlf. kontor: 57 86 56 16
Mobil: 902 06 828. Fax 57 86 56 47
[email protected]
Diakonimedarbeidar i Gloppen:
Britt Randi Heggheim.
Kontor i Arbeidskyrkja.
Mobil: 90847592
[email protected]
Kantor:
Anders Rinde,
tlf. 57 86 71 44, mobil 997 20 238.
[email protected]
Gravar/ kyrkjegardsarbeidar:
Ivar Hjelle, tlf. 57 86 58 59,
mobil 970 76 668.
Kyrkjekontoret i Sandane kyrkje:
Opningstid: Tysdag - onsdag - torsdag.
Alle dagar kl. 10.00–14.00.
Tlf. 57 86 56 16.
Elles etter nærare avtale.
Sokneprest Olav Sigurd Gundersen,
tlf. 951 36 059
[email protected]
Vikarprest: Sigurd Vengen,
tlf. 480 96 093
[email protected]
23
INFORMASJON
Lat oss ikkje halde oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som
somme plar gjera, men lat oss setja mot i kvarandre.» (Hebr. 10)
23.06
Jonsokaftan
Matt 11,7-14
kl 18.00
g. GIMMESTAD
Gudsteneste. Sig. Vengen.
24.06
4. s. i treeiningstida
Matt 16,24-27
kl 11.00
VEREIDE
Høgmesse. Sig. Vengen.
01.07
5. s. i treeiningstida
Matt 7,21-29
kl 11.00
SANDANE
Høgmesse. Sig. Vengen. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
08.07
6.s i treeiningstida
Matt 16,13-20
kl 11.00
SELJE KLOSTER
Seljumannamesse.
15.07
7. s. i treeiningstida
kl 11.00
HYEN
Høgmesse. Sig. Vengen.
22.07
8. s. i treeiningstida
Mark 12,37b-44
kl 11.00
GIMMESTAD
Høgmsse. Olaf Sig. Gundersen.
29.07
Olsok
Luk 9,23-2
kl 11.00
kl 20.00
BREIM
VEREIDE
Høgmesse. Olaf Sig. Gundersen.
Gudsteneste. Olaf Sig. Gundersen. Kyrkjekaffi.
05.08
10. s. i treeiningstida
Matt 18,21-35
kl 11.00
SANDANE
Høgmesse. Olaf Sig. Gundersen.
12.08
11. s. i treeiningstida
Mark 2,23-28
kl 11.00
kl 11.00
VEREIDE
NESHOLMEN
Høgmesse. Olaf Sig. Gundersen.
Stemne.
19.08
12. s. i treeiningstida
Luk 8,1-3
kl 15.00
Sandsstøylen
Støylsmesse. Sig. Vengen.
26.08
13. s. i treeiningstida
Luk 12,41-48
kl 11.00
kl 11.00
HERADSPLASSEN
BREIM
Gudsteneste. Olaf Sig. Gundersen.
Høgmesse. Sig. Vengen.
29.08
Onsdag
kl 19.00
SANDANE
Ungdomsgudsteneste. Olaf Sig. Gundersen.
02.09
14. s. i treeiningstida
Luk 17,7-10
kl 11.00
GIMMESTAD
kl 16.00
HYEN
Fam. gudst. Sig. Vengen. Utdeling av 4-års bok.
Presentasjon av konfirmantane.
Fam. gudst. Olaf Sig. Gundersen. Utdeling av 4-års bok.
Presentasjon av konfirmantane.
kl 11.00
kl 11.00
VEREIDE
BREIM
09.09
15. s. i treeiningstida
Luk 10,38-42
Høgmesse. Olaf Sig. Gundersen. Offer: KRIK i Gloppen
Høgmesse. Sig.Vengen.
Solglimt Trykkeri A.s - Sandane
Vi møtest i kyrkja