Last ned brosjyren her

Download Report

Transcript Last ned brosjyren her

E
I
R
E
F
S
L
STØ
N
E
P
P
O
L
G
I
Minner for livet!
STØLSFERIE I GLOPPEN
Opplev stølslivet i Gloppen
Mange drøymer om å slappe av og finne roen i
ferien. Hos oss kan du nyte dagane på ein av dei
velrestaurerte stølane. Finst det noko meir avslappande enn å sitje i eit intimt stølsmiljø og høyre
humla suse? Kjenne varmen frå veggen og lukta
av sjel og historie? I det fjerne kan du høyre sauebjøller, og kanskje får du nærkontakt med eit lam?
Små nære ting som mange av oss sjeldan opplever
i ein hektisk og moderne kvardag. Sjeldan smaker
maten så godt som den gjer i fjellet.
Med sine historier gjennom generasjonar, har
stølane i Gloppen ein spesiell plass i hjartet til
mange av innbyggjarane. Kanskje får dei ein spesiell plass også i ditt?
Om du ønskjer ein romantisk ferie med din kjære,
eller du ønskjer å gi barna dine ei ekte oppleving
med tett kontakt med naturen, familien og dyr, nyt
ein eller fleire feriedagar på ein av stølane våre.
Rett og slett minner for livet!
Gå deg ein tur i blomsterenger med beitande dyr,
fisk i fjellvatna, leig deg ein båt. Eller kanskje du vil
smake på geitemjølk? Å gå på utedo og hente vatn
i bekken er også spesielt, og blir lett noko vi fortel
om når vi kjem heim!
Foto på framsida:
Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge (Fiskebilete)
Edvin André Hugvik (Stølsbilete og 3 av dei nedste bileta)
Historie om stølane
Stølsdrifta har hatt stor betydning for jordbruket i bygdene. Fjellbeita med mykje og
næringsrikt gras var ei forutsetning for å kunne ha ei stor besetning. Stølsvollane vart
slått og høyet var ein viktig del av vinterfôret. Produksjon av smør for sal ga nødvendige
inntekter i ei tid då pengehushaldet var lite utvikla.
Ikkje lenge etter at kyr, sauer og geiter var sleppt
på beite om våren, hadde dyra snart ete opp graset heime. Då var det på tide å følgje etter våren
og det friske graset oppover og innover i fjellet.
Store førebuingar måtte til før avreisa til stølen.
Alt bøndene trong av klede, mat og utstyr måtte
dei ta med seg - mjøl, kjøt og flesk og reiskap til å
lage ost og smør.
Stølskvinner og born mjølka kyr og geiter for
hand, dei kinna smør og ysta fleire slag ostar. Borna
måtte også passe småsysken og på dyra. Gjetarane
gjekk ute heile dagen i all slags vêr, ofte både kalde
og redde. Somme var berre 8- 9 år. Det vart lange
dagar med tungt arbeid.
BESTILLING: +47 57 87 40 53
www.stølsferie-nordfjord.no
e-post: [email protected]
2
Møkka som dyra la att på stølsvollane, gjødsla graset så det voks godt før slåtten året etter. Hadde
dei fleire stølar, kunne dei veksle mellom å vere på
den eine stølen det eine året, medan dei slo graset
på den andre stølen. Slik vart det meir fôr til dyra.
Nokre var på stølen så lenge som fire månader - i
juni, juli, august og september.
Men det var ikkje berre slit og hardt arbeid. Det
hende at det kom besøk frå bygda ein laurdag og
store og små gledde seg. Stølsbua vart vaska og
pynta. Ungdommane hadde fri og det vart dans,
leik og moro.
Stølsdrifta har vore viktig for jordbruket i lang
tid, men vart i stor grad avvikla på 60- talet. Jordbruket er mekanisert og behovet for å utnytte ressursane på fjellet er mindre viktig. I Gloppen er der
imidlertid framleis fleire stølar med dyrehald og du
og dine er hjarteleg velkomen på besøk!
3
STØLSFERIE I GLOPPEN
Inst i Kandalen på Breim ligg Myklandsstølen ca 380 m.o.h. Bygda, med sine brattlente gardar og luftige
fjell, har lange tradisjonar med geitehald. Bu i hytta nedafor sjølve stølsområdet eller om du ønskjer ei
heilt spesiell oppleving, bu på ei av hyttene ved fellesfjøsen. Myklandsstølen er Norges største geitestøl i
drift og absolutt verdt eit besøk om sommaren!
Foto: Torunn Skarstad
Myklandsstølen 1
Myklandsstølen 1 passar for: 3-7 personar.
Ligg 200 m frå sjølve stølsområdet. Romsleg hytte
på 60 m2, frå 1990- talet. Gang, bad med vask, rom
med dobbeltseng, rom med køyeseng, hems med 3
madrasser. Triveleg stove med sofakrok, spiseplass
og vedomn. Godt utstyrt kjøkken, gassomn til koking og kjøleskåp. Innlagd kaldt vatn. Utedo. Utegrill.
AKTIVITETAR PÅ MYKLANDSSTØLEN
Dyr på stølen: ”Yrande geiteliv” med ca 600 geiter frå slutten av juni–midten av august. Geitene
vert melka kvar dag, ca kl. 05.30–07.30 og ca kl.
17.00–19.00. I tillegg sauer og ein hest.
Fiske: Myklandselva med mykje småørret. Ved
Kandal/”Klubben” (Breimsvatnet) med ørret på opptil 1 kg i elveosen. Fiskekort (sjå s. 14).
Kandal Kjøtt: Produksjon og utsal av lokalprodusert mat som spekemat og grillmat (sjå s. 13).
Servering (på førespurnad): Ester og Atle Løvland tek imot grupper på 6-30 personar i selet ved
Ytre Kandal Støl. Stølsvert Oddrun Karin Midtkandal
tilbyr servering i ”Naustet” ved Kandal/”Klubben”.
Foto: Løvland
Myklandsstølen 2
Myklandsstølen 2 passar for: 2-3 personar.
Ligg ved fellesfjøsen. Triveleg hytte med enkel
standard på 25 m2. Lite soverom med køyeseng.
Stove med sovesofa og vedomn. Enkelt kjøkken
med spiseplass og gassomn til koking. Vatn hentar
ein 10 m frå hytta. Felles utedo. Utegrill.
Vandring: Barnevenleg tur langs elva, innover
Myklandsdalen. Passe krevjande tur opp Myklandsfjellet med fiskevatn og fin utsikt, ca 3 t t/r. Krevjande tur for erfarne fjellfolk til toppen av Skjortefjellet (1472 m.o.h), ca 6 t t/r. Sjå også ”Turkart
Gloppen”.
PRAKTISK INFORMASJON:
Sesong: mai til midten av oktober.
Pris: kr 650 per natt (Myklandsstølen 1)/ kr 550 per
natt (Myklandsstølen 2-3). Ved bestilling meir enn 3
netter, 10% rabatt.
Parkering: Ved hytta (Myklandsstølen 1)/ 50 m frå
hytta (Myklandsstølen 2-3).
Bærplukking: Mykje blåbær og krekling.
Beliggenheit: I Kandalen, ca 23 km/35 min køyring
frå Sandane sentrum.
Bading: Tjern ved hytta og sandbanken innafor
stølen i Myklandsdalen. Ved Kandal/”Klubben” med
trøbåt og benkar.
Myklandsstølen 3
Myklandsstølen 3 passar for: 2-5 personar.
Hytta ligg ved fellesfjøsen. Fin hytte på ca 40 m2.
Bad med vask, innlagd kaldt vatn og bøttedo. Eit
4
Stølsvert 1: Paul Nygård
Stølsvert 2: Ester og Atle Løvland
Stølsvert 3: Oddrun Karin Midtkandal
Foto: Paul Nygård
soverom med to senger, hems med 3 madrasser. Fin
stove med sofa, spiseplass og vedomn. Lite kjøkken
med gasskomfyr med kokeplate og steikeomn.
5
STØLSFERIE I GLOPPEN
Foto: Torunn Skarstad
Foto: Edvin André Hugvik
Gloppestadstølen ligg ovanfor Engesetåsen ca 500 m.o.h. og er ein svært sjarmerande støl. Stølshuset ligg
på ei høgde med fin skue utover resten av stølsområdet og mot fjella ikring. Aktivt dyreliv på stølen, mykje
bær og sopp, fint skiterreng og perfekt utgangspunkt for flotte vandreopplevingar!
Sandsstølen ligg ca 425 m.o.h med mange velstelte hus og fin stølsvoll. Sande er ein av dei aller eldste
gardane i kommunen, frå 1300- talet. Hytta er lokalisert litt nedafor sjølve stølen, idyllisk og skjerma inni
skogen der ein høyrer bekken sildre like ved. Kort veg til flott fiskevatn og badeplassar. Berre 20 min gange
til Russehola, som er eit dramatisk minne frå krigsåra.
Foto: Torunn Skarstad
Foto: Edvin André Hugvik
Gloppestadstølen
Foto: Torunn Skarstad
Sandsstølen
Hytta passar for: 2-6 personar.
Koseleg hytte i god stand, ca 40 m2 og frå slutten
av 70- talet. Gang, rom med lita dobbeltseng, rom
med køyseng og hems med 2 madrasser. Romsleg
stove med sofakrok og spiseplass. Kjøkkenkrok med
vedomn for matlaging. Vatn hentar ein 30 m frå
hytta. Utedo. Solcellepanel og utegrill.
AKTIVITETAR:
t/r. Flott utsiktstur via vegen til Hestedalsvatnet
og opp til Nautefjellet, ca 1 – 1,5 t t/r. Sjå også
”Turkart Gloppen”.
Hytta passar for: 2-5 personar
Koseleg, gammalt stølshus, ca 40 m2 og med god
standard. 2 små rom med enkeltsenger, hems med
2 madrasser, ein sengeplass på sofa i stove. Godt
utstyrt kjøkken med gassomn og vedomn for matlaging. Ytterom med vaskefat. Vatn hentar ein i
elva ved Austerheimstølen, ca 5- 10 min å gå. Ved
god vassføring, vatn i bekkane ved stølen. Grillplass. Utedo.
Bærplukking: Mykje blåbær og litt bjørnebær i
området, i sesongen.
AKTIVITETAR:
Bading: Flott å bade i Hestedalsvatnet (15 min frå
hytta). Fine badestrender ved fjorden.
Dyr på stølen: Vanlegvis hest, storfe og sauer i
perioden juni-september.
Fiske: I Austerheimselva med småørret (hald
oppsyn med borna pga. strømføring).
Dyr på stølen: Sauehald i perioden 01.juni–30.
september. I tillegg hest og kyr i området.
PRAKTISK INFORMASJON:
Fiske: Gratis fiske i Hestedalsvatnet (15 min frå
hytta) med ørret på opptil 400 gram. Stølsvert
leiger ut båt for fiske på fjorden. Kr 200 per døgn
(inkl redningsvestar og motor med 4 hk).
Vandring: Barnevenleg løype til Russehola, som
er eit dramatisk minne frå krigsåra, ca 40 min
6
Sesong: 01.mai–30.september
Pris: Kr 650 per natt (inkl. gratis fiske i vatnet). Ved
bestilling meir enn 3 netter, 10% rabatt.
Beliggenheit: Ca 10 km/20 min køyring frå Sandane
sentrum.
Parkering: Ca 150 m frå stølen
Stølsvert: Ragnar Devik
Bærplukking: Blåbær, krekling og tyttebær ved
stølen i sesongen. Molte høgare opp. Sopp i skogen.
Bading: Austerheimselva med kulpar og svaberg.
Vær oppmerksam ved stor vassføring. Ikkje la born
bade utan oppsyn.
Ski: Fint område for langrenn mars-april og oktober-november. Barnevenleg med preparerte
løyper.
PRAKTISK INFORMASJON:
Sesong: mars til november.
Pris: Kr 550 per natt. Ved bestilling meir enn
3 netter, 10% rabatt.
Vandring: Svært fine vandremulegheiter. Barnevenelege turar i nærområdet. Lengre tur til Svinetranda (1074 m.o.h.) som er kjent for si karakteristiske form og motbakkeløp, ca 2,5 - 3 t t/r. Andre
toppar er Haugsvarden, Blånibba, Kvanndalshaugen og Dunheia. Gå opp ein eller fleire og skriv deg
inn i turbøkene! Sjå også ”Turkart Gloppen”.
Dagsbesøk: Kr 50 per person. Bestilling direkte til
turistkontoret ”Daiva sin butikk” på Sandane.
Beliggenheit: Ca 10 km/15 min køyring frå Sandane
sentrum
Parkering: 600 m frå hytta frå 01.mai-midten av oktober. Ved mykje snø, parkering på Kleivane, ski til
Gloppestadstølen, ca 15 min i barnevenlege løyper.
Stølsvert: Magni Slagstad
7
STØLSFERIE I GLOPPEN
Stølsovernatting
1
2
3
4
5
Lokal mat
Myklandsstølen
Sandsstølen
Gloppestadstølen
Nedre Dimma
Daleselet
1
2
3
4
5
Kandal Kjøtt
Breim Gardsmat
Fjordameny /Gloppen Hotell
Høgt og Vilt- urter frå Devik
Fjellestad Gardskjøkken
4
4
615
2
615
5
3
3
E 39
2
1
5
1
8
9
STØLSFERIE I GLOPPEN
Foto: Edvin André Hugvik
Nedre Dimma ligg ca 495 m.o.h., på fjellet aust for gardane Rye og Føleide. Flott, idyllisk stølsområde med
mange små stølshus og med ein liten bekk som renn forbi. Fantastisk utsikt mot Nordfjorden der ein kan
sjå cruiseskip segle forbi. Fiske i elv og vatn og flotte vandremoglegheiter. Bra skiterreng vinterstid.
Daleselet som er frå 1911- talet ligg idyllisk til 500 m.o.h. ved Dalevatnet. Dalen ligg på tufter etter 300
år gammal buplass og her får ein følelsen av å reise tilbake i tid. Flott fiskevatn ved stølen, båt til utlån
og mange fine vandremulegheiter!
Foto: Torunn Skarstad
Foto: Edvin André Hugvik
NEDRE DIMMA
DALESELET
Hytta passar for: 2-6 personar.
Koseleg hytte på 35 m2 frå seint 1800- talet. Bygd
påbygg for 20 år tilbake. 2 små soverom med 2
køyesenger og liten hems med ei madrass. Lita
stove med ekte tømmervegger, sovesofa og spiseplass. Triveleg kjøkken, godt utstyrt, matlaging på
gassomn. Vatn hentast i elva ca 40 m frå hytta.
Toalett i tilbygg på hytta. Utegrill. Utemøblar.
Haugsvarden (862 moh), ca 2,5 - 3 t t/r med vidstrakt utsyn utover fjord og fjell. Sjå også ”Turkart
Gloppen”.
Bærplukking: Mykje blåbær, tyttebær og molter
i området. Sopp langs vegen oppover mot stølen.
Bading: Flott å bade i Åsebøvatnet. Kan også bade
i dammen og elva ved stølen.
AKTIVITETAR:
Ski: Fint skiterreng vinterstid.
Dyr på stølen: I området er det sauer, vanlegvis
i juni-september.
Fiske: I elva ved stølen med småfisk. Åsebøvatnet,
ca 30 min frå stølen med ørret på opptil halvkilo.
Gratis fiske.
Vandring: Flotte vandremulegheiter. Tur til
Veten, ca 1,5 t t/r frå stølen - Når fiendane kom
inn frå havet vart vetane på kysten tende for å
varsle vaktmennene innover landet. Utsiktstur til
10
PRAKTISK INFORMASJON:
Sesong: Heile året (vegen er brøyta vinterstid).
Pris: Kr 650 per natt (inkl. gratis fiske). Ved bestilling meir enn 3 netter, 10% rabatt.
Beliggenheit: Ca 12 km/20 min frå Sandane
sentrum.
Parkering: Ca 400 m frå stølen
Stølsvert: John Elling Vereide
Foto: Edvin André Hugvik
Hytta passar for: 1-3 personar.
Daleset er ein sjarmerande støl med treveggar, på
ca 30 m2. Opphaldsrom med sofa (1 sengeplass), ei
køyeseng, spisebord og kjøkkenkrok. Matlaging på
gassomn og vedomn. Ytterrom med vask, innlagd
kaldt vatn og benkar. Utedo. Utegrill og benkar.
AKTIVITETAR:
med fantastisk utsikt, være eit flott turmål. Sjå
også ”Turkart Gloppen”.
Bærplukking: Mykje blåbær, krekling og tyttebær i området i sesongen.
Bading: Flott å bade i vatnet ved hytta, m.a. lita
steinstrand ved nausta.
Dyr på stølen: Mest vanleg er hest, kyr og av og
til geiter frå ca midten av juni-september.
Fiske: Dalevatnet ved stølen med ørret på opptil
ein halv kilo. God fiskeplass ved elveosen. Gratis
fiske. Lån av båt og redningsvestar er også inkl i
prisen.
Vandring: Mange fine vandremulegheiter. Barneveneleg utsiktstur til Osarabben, ca 30 min t/r
frå stølen. Lengre turar til m.a. Risbotnen og Risbotnenvatnet, ca 1,5 – 2 t t/r. For erfarne fjellfolk
kan dagstur til toppen av Blåfjellet (1390 m.o.h.)
PRAKTISK INFORMASJON:
Sesong: Midten av mai – 01. oktober.
Pris: Kr 550 per natt (inkl gratis fiske og båt). Ved
bestilling meir enn 3 netter, 10% rabatt.
Beliggenheit: Ca 45 km/50 min køyring frå Sandane
sentrum.
Parkering: 300 meter frå stølen
Stølsvert: Dag Bakketun
11
STØLSFERIE I GLOPPEN
Gloppen kommune er ein rik jordbrukskommune og her fins fleire lokalmatprodusentar som leverar og
sel lokaproduserte delikatesser til innbyggarar og besøkjande.
Foto: Bjørn Aurlien
LOKALMAT
Kandal Kjøtt
Stølsvert for Myklandsstølen 1 lagar kjøtprodukt på
same måte som dei alltid har gjort det, med reine
kjøttvarer av geit og kje med naturleg tørking på
stabburet, og tørrsalting av spekelår og pinnekjøtt.
Gardsutsal og sal gjennom m.a. Coop- butikkane
på Reed, Byrkjelo og Sandane og Spar butikken på
Byrkjelo. Dei leverer også mat til Gloppen Hotell.
Beliggenheit: I Kandalen, ta til venstre ved skiltet
”Kandal – gardsmatutsal” på veg til Myklandsstølen.
www.kandalkjott.no
Breim gardsmat
Garden ligg luftig og solrikt til med flott utsikt over
Byrkjelo. Dei produserar bringebær, jordbær samt
saft og syltetøy etter gamle oppskrifter frå distriktet. I tillegg lagar dei julemiddagspølse, dampepølse
og spekepølse. Utsal på garden og m.a. Nærbutikken på Ålhus og Spar butikken på Jølstraholmen.
Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge
12
produserar og sel m.a. lammerull, hjortekarbonader
og einerøykt laks. Utsal på hotellet og gjennom alle
Coop- butikkane på Vestlandet.
Beliggenheit: Sandane sentrum.
www.gloppenhotell.no og www.fjordameny.no
Høgt og Vilt - Urter frå Devik
Gardsbruket ligg ca 100 meter over Gloppefjorden
med panoramautsikt til fjord og fjell. Produksjon
av økologiske tørka urter til te, krydder og pynt på
mat. Urtene vert selde i posar eller på glas. Utsal
på garden og m.a. Coop Mega Sandane og Spar
Byrkjelo. Vertskapet tilbyr også omvisning på garden.
Beliggenheit: Ca 16 km frå Sandane. Køyr RV 615,
retning Hyen. Ta til venstre ved skilt ”Devik”.
www.hogtogvilt.no
Beliggenheit: Ca 2 km frå Byrkjelo sentrum, retning
Stryn og ligg på høgre side av vegen for RV 60.
www.breimgardsmat.no
Fjellestad Gardskjøkken
Produserar heimebaka lefse etter gamle tradisjonar i Gloppen og bygdene rundt, og gombe av
heimeprodusert mjølk. Utsal på m.a. Coopbutikkar
i Gloppen, Rema 100, Spar og ICA Nær.
Gloppen Hotell
Gloppen Hotell på Sandane har utvikla Fjordameny
og tilbyr lokalmat frå Gloppen i Nordfjord. Dei
mottar råvarer frå leverandørar i området, og
bearbeidar dei etter tradisjonsrike oppskrifter. Dei
Beliggenheit: Køyr E39 og ta til høgre
mot Fjellbygda.
www.gombe.no
13
STØLSFERIE I GLOPPEN
PRAKTISK INFORMASJON
Bestilling: www.stølsferie-nordfjord.no
E- post: [email protected]
Tlf: +47 57 87 40 53
Ut- og innlevering av nøklar
På turistinformasjonen ”Daiva sin butikk” i
Sandane sentrum. I spesielle tilfelle og søndagar
avtalar ein ut- og innlevering av nøklar direkte
med stølsvertane. NB – nøklar returnerast til same
stad/person som utlevering!
Ved ureturnerte nøklar vert ein etterfakturert
med kr 200 for tapt nøkkel.
GENERELT OM UTLEIGE AV STØLSHUS:
Opningstider Turistinformasjon
”Daiva sin butikk”:
Måndag–fredag: 11.00 – 16.30
Torsdag: 11.00 – 17.30
Laurdag: 11.00 – 15.00
Søndag: Stengt
•
•
•
•
Inn- og utsjekk: Generelt er innsjekk frå kl.
14.00 og utsjekk seinast kl. 12.00 (om ikkje anna
er avtalt).
Smitte: Folk som har vore i eller kjem frå utlandet, må ha vore i Noreg i 72 timar før dei kjem til
stølen. Dette for å hindre smitte utanfrå.
•
•
•
Fiskekort: Kjøpast ved OK Henden/G Sport på
Sandane og Reed camping på Breim. Born u/16
år: gratis. Vaksne: kr 60 per døgn/kr 250 per veke.
•
”Turkart for Gloppen”: Kjøpast på turistinformasjonen, OK Henden/G Sport og Eikenes Libris i
Sandane sentrum.
•
For meir informasjon sjå:
www.stølsferie-nordfjord.no. Prisar gjeld 2010.
Forbehald om trykkfeil.
14
•
•
Ta med laken-/sovepose eller sengekle,
handkle, mat og varer til sjølvhusstell.
Prisen inkluderer ikkje reingjering, slik at
de må reingjere stølshuset før avreise.
Boss må de ta med.
Det er ikkje innlagd straum, men
det fins stearinlys og oljelamper på
stølane (unntak Sandsstølen som har
solcellepanel og elektrisk lys)
Fins ved på stølane til oppfyring.
Matlaging på propanapparat eller
vedomn.
Der det ikkje er innlagt vatn, er det
tilgjengeleg vatn nært stølshuset.
Det er brannslokkingsapparat og
røykvarslar i alle stølshusa.
Hund tillatt i uthus. Hugs bandtvang og
vær varsom mot dyra.
Hugs å ta med kontantar til bomveg (kr
30-40 per bil).
Avgrensa mobildekning på
Myklandsstølane, Daleselet og nokre
stader ved Nedre Dimma (avhenger av
mobiloperatør). Elles grei dekning .
Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge
15
STØLSFERIE
I GLOPPEN
FOR BESTILLING RING: +47 57 87 40 53
www.stølsferie-nordfjord.no / e-post: [email protected]
For informasjon kontakt: Bygdeservice A/S - Tlf: +47 96 22 33 66
InMedia - www.inmedia.no
Foto: Edvin André Hugvik