LØRDAG 28.12.13 - Beholdoljefyren.no

Download Report

Transcript LØRDAG 28.12.13 - Beholdoljefyren.no

LØRDAG 28.12.13
A-AVIS
FLEREE!
LESER
DISTRIKTENES NÆRINGSAVIS · NR. 300 · 2013 · www.nationen.no · LØSSALG KRONER 20
NÆRINGSLIV · 4–5
FOTO: PER STÅLE BUGJERDE OG COLOURBOX
Håpet er
lysegult for
biodrivstoff
– Vi tror markedet vil vokse med 70
prosent neste år, og hoveddelen av veksten
vil komme som følge av avgiftsøkningen.
Det sier Geir H. Ingeborgrud i Eco-1 bioenergi. Fra nyttår økes avgiften på anleggsdiesel, men biodiesel er unntatt.
KOMMENTAR · 3
TIDSVITNE
«Hella (86)
overlevde krig
og to
diktaturer.
Hennes
historie
er et
speil
også for
vår tid.»
Kari Gåsvatn
er kommentator i Nationen.
✱ NÆRINGSLIV · 6
DISTRIKT · 17
Bytter beite
Mari Velsand slutter som
sjefredaktør i Nationen
og begynner i Amedia.
Svenskene
vil skyte 30 ulver
NYHETER · NÆRINGSLIV
✱ Avgifter på drivstoff
Avgiftshoppet på anleggsdiesel og fyringsolje kan gi stor vekst i salet av biobrensel,
trur selskapet Eco-1 bioenergi.
Eco-1 trur på
stor salsvekst
for biobrensel
Etter avgiftsauken på 81 øre pr
liter for anleggsdiesel og fyringsolje frå nyttår vil det for mange
ifølgje selskapet Eco-1 bioenergi
AS vere pengar å spare på å skifte
frå fossile til fornybare energikjelder. Biofyringsolje og biodiesel slepp unna heile avgiftsauken,
og skal dermed kunne bli konkurransedyktig på pris på store delar
av Austlandet.
– Vi trur marknaden vil vekse
med 70 prosent neste år, og hovuddelen av veksten vil kome som
følgje av avgiftsauken. For dei
som ikkje har tilgang eller har sett
alternativa, er avgiftsauken på 81
øre pluss moms ein stor ekstraskatt. Mange kan derimot spare
inn delar av ekstrakostnaden ved
å leggje om til biobrensel, seier
dagleg leiar og medeigar Geir H.
Ingeborgrud i Eco-1 bioenergi AS.
Han kallar avgiftsendringa det
kraftigaste miljøtiltaket som er
gjort frå styresmaktene på 10 år.
– Blir billigare enn fossilt
Bioenergiselskapet har i år selt
rundt 30.000 tonn biodiesel og
biofyringsoljer. Etter stor vekst
dei siste åra blei selskapet nyleg
kåra til Årets Gaselle av Dagens
Næringsliv. Neste år budsjetterer
Eco-1 med eit sal på over 50.000
tonn og siktar seg særleg inn på
å auke salet på Austlandet og i
Trøndelag.
Etter avgiftshoppet er prisforholdet mellom fossilt og biobasert brensel ifølgje Ingeborgrud
snudd på hovudet.
– Etter avgiftshoppet vil den
fossile fyringsolja passere åtte
kroner literen, medan for biofyringsolja vil snittprisen på sentrale delar av Austlandet kunne
bli mellom 7,60 og 7,70 kroner per
liter, seier han og viser til at prisu-
4
lempa før er snudd til ein prisfordel etter avgiftsauken frå nyttår.
Fyringsolje som tåler 15 minusgrader er litt dyrare, men skal
likevel vere billigare enn den fossile, ifølgje Ingeborgrud. Det skal
også vere mogleg å få variantar
som tåler endå meir kulde.
Store fraktkostnader gjer derimot at ikkje alle delar av landet vil
kunne spare på ei omlegging.
– Enkelt å skifte
Eco-1 ser vekstpotensial i både
anleggsbransjen, blant bønder
og i matindustrien. Korntørkeanlegg skal enkelt kunne skifte
til biofyringsolje og det same skal
ifølgje Ingeborgrud gjelde overgang til biodiesel for mange anleggsmaskinar og traktorar.
– Produktkvaliteten er på plass
og blir sertifisert etter strenge
normer. Det som må til er ein service på anlegget. For traktorar og
maskinar må ein sjekke at motoren er godkjent for bruk av biodiesel, seier Ingeborgrud.
Biodrivstoffet skal òg vere godt
haldbart, iallfall innan fire år.
Avviser kritikk av arealbruk
Vel halvparten av råvarene frå
biobrenselet kjem ifølgje Ingeborgrud frå raps og soya, medan
resten er ulike former for resirkulerte oljer frå fisk eller matlaging.
AREALBRUK
«Biobrensel er eit godt
miljøtiltak. Det er for
enkelt å seie at det
fører til meir svolt.»
GEIR H. INGEBORGRUD
DAGLEG LEIAR I ECO-1 BIOENERGI AS
Fakta
Avgiftshopp og biodrivstoff
✱ I statsbudsjettet for 2014 går
avgiftene for anleggsdiesel, ofte
omtalt som avgiftsfri diesel, og
fyringsolje opp med 80,9 øre pr liter
(+50 %) før moms.
✱ Auken overgår den samla avgiftsveksten siste 12 år. Totaleffekten for
anleggsdiesel, fyringsparafin og lett
fyringsolje er over 1 mrd. kr.
✱ Ifølgje Eco-1 Bioenergi kan ei omlegging til biofyringsolje og biodiesel
gi over 800.000 tonn i reduserte
CO2-utslepp alt neste år.
I variantane som skal tåle meir
kulde er innslaget av raps og soya
større. Fleire miljøorganisasjonar
har før reist kritikk mot biodrivstoff for å fortrenge matproduksjon eller regnskog. Ingeborgrud
avviser at det er tilfelle i dag.
– Pr i dag er det ikkje slik. Mykje jordbruksareal kan nyttast
meir effektivt. Skal veksten framover bli stor, må derimot meir
matjord nyttast til soya og raps
framover, men det vil også kome
ny teknologi som gjer at ein kan ta
i bruk flis og alt av biomasse i produksjonen. Biobrensel er eit godt
miljøtiltak. Det er for enkelt å seie
at det fører til meir svolt, seier Ingeborgrud og viser til at kvar liter
med biobrensel skal gi nær 3 kilo
spart CO2.
Han viser til at matjord òg blir
nytta til bomull og kaffi.
– Mat må vere førsteprioritet,
men deretter meiner eg at energi
må kome. Så får vi heller stille
spørsmål om vi treng så mykje
kaffi eller T-skjorter, seier han.
BJARNE BEKKEHEIEN AASE
[email protected]
Salsvekst: Dagleg leiar Geir H. Ingeborgrud i Eco-1 Bioenergi AS reknar med at avgift
er selskapet det klart største på bio-fyringsolje her i landet.
Oljeselskapa og N
Oljeselskapa ventar òg vekst for biodrivstoff etter avgiftsauken. Nobio ønskjer
endringa velkommen sjølv om kostnadene kan bli høgare for vedprodusentar.
Norsk Petroleumsinstitutt, som er
bransjeorganisasjonen til olje- og
energiseljarane her i landet, utelukkar ikkje stor salsvekst for biodrivstoff i kjølvatnet av avgiftsauken på anleggsdiesel og fyringsolje.
– Når styresmaktene skrur til
avgiftsskrua, så er det vel ei omlegging til fornybar energi dei
ønskjer. Det er nokre tekniske
forhold ein må ta omsyn til før ein
kan skifte frå fyringsolje til biofyringsolje, men at salet kan auke er
det all grunn til å tru, seier generalsekretær Inger-Lise M. Nøstvik i Norsk Petroleumsinstitutt.
Dei reknar med at deira medlemer, oljeselskapa, også vil tilpasse
NATIONEN · LØRDAG 28. DESEMBER 2013
TIRSDAG 17.12.13
T
A-AVIS
FLERE !
LESERE
DISTRIKTENES NÆRINGSAVIS · NR. 292 · 2013 · www.nationen.no · LØSSALG KRONER 20
✱ LANDBRUK · 8–9
Ondartet fotråte
under kontroll
✱ ÅRETS BYGDEPROFIL 12–13
Nordstoga holder
seg på Plassen
NÆRINGSLIV · 4–5
Tidenes
økning
av dieselavgiften
GIFT I MAT
«Stadig nye
sprøytemidler
blir tillatt.
Ingen vet
hva det
gjør med
planter,
jord og
kropp.»
Kari Gåsvatn
er kommentator i Nationen.
✱ POLITIKK · 6
Vil be alle kommuner
ta flere flyktninger
KS mener at alle landets
kommuner må bidra mer
dersom 11.000 flyktninger
skal få bosetting neste år.
✱ POLITIKK · 7
Lundteigen kritisk
til naturvernpraksis
Avgiften på anleggsdiesel går
opp med 81 øre fra nyttår, mer enn
samlet avgiftsøkning de 12 siste
årene. Økningen vil bety
800.000 kroner i ekstra
kostnader for en mellomstor
entreprenør.
– Kunnskapsløst, sier
Sps Per Olaf Lundteigen
om dagens vern av
naturmangfold.
EU · 10–11
FOTO: COLOURBOX
Kritikk mot krav
rav
av
v
til matmerking
Europas forbrukerorganisasjon
synes ikke EUs nye krav til
matmerking er strenge nok.
GJØDSELUTSTYR
tshoppet på vanleg anleggsdiesel og fyringsolje vil føre til at mange vil gå over til å bruke bio-variantane som unngår avgiftsauken. Etter sterk vekst siste åra
FOTO: PER STÅLE BUGJERDE, DAGENS NÆRINGSLIV
Aasmund Nordstoga
KOMMENTAR · 3
tlf 63 83 90 00
Komplett slangesprederutstyr - Super tilbud ved kjøp i 2013
Vi har alt du trenger for effektiv gjødselhåndtering
Vi kan gjødsel
Nedre Rælingsvei 516
2008 FJERDINGBY
www.hektner.no
Nationen 17. desember.
obio trur også på auka sal av biobrensel
seg endringa og ta sin del av veksten i salet. Ho understrekar at
det er viktig at endringa faktisk
får ein CO2-effekt og at omlegginga ikkje må få uheldig effekt
for arealbruken.
– Det er viktig at produksjonen
oppfyller berekraftkriteria, seier
ho.
I kor stor grad forbruket kan bli
endra og korleis prisforskjellane
blir mellom fossilt drivstoff og biodrivstoff som følgje av avgiftsomlegginga kunne ho ikkje seie i går.
Glade for avgiftsendring
Dagleg leiar Inge Olav Fure i
NATIONEN · LØRDAG 28. DESEMBER 2013
Norsk Bioenergiforening (Nobio)
utelukkar heller ikkje auka sal av
biodrivstoff.
– Det er openbert ein sjanse for
at det kan skje. Vi er generelt positive til endringar som kan føre til
auka bruk av biodrivstoff og bioenergi, men det treng også meir
positiv stimuli, seier Fure og viser
til at innblandingspåbodet ikkje
skal vere fullt følgt opp.
– Korleis slår avgiftsauken
BIOENERGI
«Vi er generelt positive
til endringar som kan
føre til auka bruk av biodrivstoff og bioenergi.»
INGE OLAV FURE
DAGLEG LEIAR I NOBIO
ut for produksjon av ved og
flis?
– Der kan det nok føre til auka
kostnader, men på sikt må målet
vere å vri forbruket over til fornybart drivstoff. Eg trur derimot
ikkje kostnadsveksten vil bli så
stor, men vi vil følgje med på det.
Det er derimot sjeldan at nye tiltak ikkje også fører med seg nokre
ulemper, men viss forbruket av
bioenergi går opp så er det positivt, seier Fure.
– Må produserast forsvarleg
Miljøorganisasjonen Zero har
rost avgiftshoppet.
– Avgiftsauken vil framskunde
utfasinga av fossil energi til oppvarming og på sikt effektivisere
drivstofforbruket på anleggsmaskinar, sa dagleg leiar Marius
Holm i Zero til Nationen for halvanna veke sidan.
Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet støttar også avgiftsauken. Han vektlegg likevel
produksjonsmåten for biodrivstoffet.
– Det er viktig at seljarane forsikrar seg om at det er biodrivstoff
som er produsert på ein forsvarleg måte, skriv Haltbrekken i ein
sms til Nationen.
5