Fjordcruise for grupper. Langfoss og Åkrafjorden

Download Report

Transcript Fjordcruise for grupper. Langfoss og Åkrafjorden

Opplevingar som vekkjer sansane
Foto: Espen Mills
FjordCruise for grupper
Langfoss og Åkrafjorden
- steile fjellsider, frodig kulturlandskap og Langfoss
Med FjordCruise frå du med deg ein av verdas
vakraste fossar og eit mektig stykke norsk natur!
Kontrastane i Åkrafjorden er store: Nakne fjellvegger
og frodige lier, blikkstille fjord og fossande brevatn,
steinalderfunn og småkraftverk. På den veglause
nordsida anar me grasgrodde stiar mellom idylliske
små tun. På sørsida ser du den gamle Åkrafjordvegen
– eit meisterstykke i handverk og ingeniørkunst –
som klorar seg fast i bratthenga. Guiden vår krydrar
turen med historier og lokalkunnskap. Opplevingane
frå båtdekket kjem som perler på ei snor, men den
mektigaste av dei alle er synet av Langfoss som
eit brureslør ned fjellsida. Med 612 meters fall er
fossen den 5. høgaste i landet, og blei nyleg kåra
til ein av verdas ti vakraste av den amerikanske
kringkastingsgiganten CNN. Fjordcruise gir deg ei
stor oppleving på ei lita stund!
Foto: Arne Kristian Stave Ytreland
Me anbefaler enkel servering ombord
i båten MS Stein Viking, eller eit godt
lokalmåltid hos ein av aktørane i
Åkrafjorden for å toppa opplevinga.
Mat er ikkje inkludert, men kan bestilles.
VARIGHET
Ca. 2 timar
KR
PRIS PR GRUPPE
Kr 6000,- (Max antall 50 stk)
SESONG
Ei
makelaus
oppleving!
Foto: Espen Mills
April til Oktober
ANNEN INFO
Kapasitet: 50 personar
PÅ- OG AVSTIGING
FjordCruise går også som fast tur frå Teigland, Åkrafjordtunet.
Kvar fredag, laurdag og søndag. Frå 13.juni - 31.august.
BOOKING
[email protected]
Tel +47 959 09 664
MAT/DRIKKE
Åkrafjorden Oppleving
Teigland - 5590 Etne
Org nr 891 375 832 MVA
I enden av fjorden (Fjæra / Eljervik)
og midt i fjorden (Teigland / Viskjer)
tilpassa ønske og kjørerute. Om
dere har, eller ønsker busstransport,
kjører denne langs E-134 medan
passasjerane tar båten.
www.aakrafjorden.no