Såkorn blir behandla etter ThermoSeed metoden Nytt i plantevern til

Download Report

Transcript Såkorn blir behandla etter ThermoSeed metoden Nytt i plantevern til

Såkorn blir behandla etter ThermoSeed
metoden
Det er Felleskjøpet Agri som har teke
den nye og miljøvenlege metoden i
bruk på såkornavdelinga på Holstad.
Opning av anlegg vart gjort 1. februar
2012.
Metoden erstattar den gamle beisinga med gift mot
sjukdomar som blir overførte med såkornet. Den nye
handsaminga går ut på at såkornet blir pasteurisert
med varme og damp. Såkornet som blir behandla,
analyserest først for smittepresset i partiet. Ein kan
på bakgrunn av dette sette inn optimal handsaming
med varme og damp. Reine parti får da ei lettare
handsaming enn parti med mykje smitte, som da får
ein lengre prosess i tid og med litt høgare temperatur.
Etter prosessen, tørkes kornet ned og tappast i sekk.
Fordelane med ThermoSeed
• Minst like god effekt mot frøoverførte sjukdom-
•
•
•
•
•
•
•
•
•
mar som kjemiske alternativ.
God yrkeshygiene både for korndyrkarar og
fabrikktilsette.
Ikkje tilstopping i såmaskin pga. beisrestar.
Effektiv bryting av spiretregheit.
Kan ha betre effekt mot fusarium i åkeren enn
beisa såkorn.
Såkorn ikkje giftig for menneske eller dyr.
Ikkje miljøskadeleg.
Såkornrestar kan malast til fôr.
Godkjent i økologisk landbruk.
Har effekt mot dei fleste frøoverførte sjukdommar, men ikkje mot nakensot i bygg.
EU stiller krav om at innan 2014 skal planteproduksjonen gå førre seg etter retningslinene for IMP
(integrert plantevern). Same krav kjem nok til Noreg
også. Da vil denne metoden for handsaming av
såkorn vere eit viktig element i denne strategien.
Eivind Bergseth
Nytt i plantevern til korn
Ugras
Nufarm MCPA er nytt ugrasmiddel, men er det same
som MCPA 750.
Nufarm Mecoprop er også nytt ugrasmiddel.
Det kjente Optica Mecoprop er det same. Her er det
andre handelsnamn på begge to.
Det er nå lovleg å bruke MCPA 750 til frøugras i
korn i blanding med andre produkt. Ein av grunnane
til at dette har vorte lov att no, er problema med
resistens blant låg-dosemiddela.
Insekt
Pirimor som har vore brukt som selektivt middel
mot bladlus i korn, er forbode frå 2013 og kan berre
brukast i veksthus.
Perfektion som vi har bruk mot bladminerflue
ved mye minering i flaggblad, skal sluttseljast i 2013
og siste bruksår blir 2014. Da må vi velje ny strategi
mot minerande insekt!
Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen nr 2-2013
Foto: Hege Sundet
Sopp
Det har kome eit nytt mjøldoggmiddel i korn som
heiter Tallius, men det er ikkje vanleg at vi har problem med mjøldogg i byggdyrkinga vår.
Elles kjem vi attende til tilrådingar omkring plantevern i korn i vekstsesongen.
Eivind Bergseth