SAMSPEL SKAPER RESULTAT ULSTEin bRidgE viSion

Download Report

Transcript SAMSPEL SKAPER RESULTAT ULSTEin bRidgE viSion

I DAG
U l st e i n
NR 1 2012. I DAG ER EIT
nyheitsMAGASIN FRÅ Ulstein
ny viking i nordsjøen
ulstein bridge vision™
påliteleg som få
SAMSPEL SKAPER RESULTAT
ULSTEIN
2
I DAG NR1/2012
SAMSPEL SKAPER
RESULTAT
INNHALD
4 ein ny viking
6 påliteleg som få
8 vindu mot framtida
10 samarbeid skaper
suksess
12nytt om design
ULSTEIN I DAG Nr 1 2012
UTGIVAR Ulstein Group ASA
Tlf: 7000 8000, www.ulstein.com
REDAKTØR Lene Trude Solheim
ASS. REDAKTØR Tonje Øyehaug Ruud
BIDRAGSYTARAR Helen Eiken, Blue-C
PRODUKSJON Tonje Alvestad, Portalia
TRYKKING EgsetViketrykk
X-BOW® – EIT patenteRT produkt
Den bakoverlente baugen gir redusert fartstap i bølgjer. Dette gir auka hastigheit eller
lågare kraftforbruk, og dermed betra drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp til luft.
Baugforma eliminerer dunk og slag frå sjøen
og gir ein meir komfortabel arbeidsplass.
Det har vore eit aktivt år for oss i ULSTEIN og
det har vore fleire høgdepunkt gjennom året.
Kontrakten med GC Rieber Shipping på
levering av eit avansert subsea
konstruksjonsfartøy og lanseringa av
framtidas bruvisjon er to viktige milepælar.
Bruvisjonen blei godt mottatt av både kundar
og leverandørar, og ein er no i ferd med å
utvikle dei første produkta som ledd i å
realisere visjonen.
Vi er straks klare til å levere praktskipet Seven
Viking, eit toppmoderne IMR-fartøy av typen
SX148 til Eidesvik Offshore og Subsea 7 og
deira oppdragsgjevar Statoil. Vi kan også
glede oss over at dei to første plattformforsyningsfartøya av typen PX121 til Blue Ship
Invest er etterspurde i marknaden. Begge har
fått langtidskontraktar med Apache. I tillegg
kan vi med stoltheit sjå tilbake på leveransar
av to “state-of-the-art” seismikkskip til
Polarcus både til avtalt tid, kvalitet og pris.
Fleire nye spennande ting er på gong:
Vi har utvikla ein konseptdesign på eit
kystvaktskip for den amerikanske
verftsgrupperinga Vigor. Vi har selt tolv
design for offshore forsyningsfartøy av typen
PX105 til Seatankers, og to design på
plattformforsyningsskip av typen PX121 til
Britoil. I tillegg kjem salet av ein design på eit
støttefartøy for vindmølleinstallasjon til Siem
Offshore for bygging på Fjellstrand, den
første med ULSTEIN-design for bygging på
eit norsk verft utanom Ulstein Verft. Seven
Borealis med SOC5000-design frå ULSTEIN
blei levert tidlegare i år. Det er med glede at vi
registrerer at fartøyet blir omtalt som eit
flaggskip for Subsea 7.
Vi jobbar for tida med fleire spennande
prosjekt og innanfor mange ulike område i
verdikjeda vår. Vårt hovudmål er å på best
muleg måte utnytte kompetansen vi har
innanfor ulike område av konsernet. Vi
skaper morgondagens løysingar for
berekraftige marine operasjonar. Det er viktig
å ta dei rette avgjerslene og jobbe målretta
med implementering, slik at vi kan halde fram
med å gjere visjonen vår om til verkelegheit.
Vi ønskjer å bidra til å skape utviklande og
attraktive bu- og arbeidsregionar. ULSTEIN
har i ei årrekkje bidrege med midlar til
aktivitetar både lokalt, nasjonalt og
internasjonalt som ikkje har direkte med
forretningsdrifta vår å gjere.
I år markerer vi ferdigstillinga av SOSbarnebyen Porto Alegre i Brasil. I løpet av tre
år har vi støtta totalrenovering av denne
barnebyen, ein viktig milepæl for oss og alle
borna som bur der.
Hødd sitt cupfinaleeventyr i fotball har synt
oss at det umulege er muleg og vi gratulerer
alle involverte. Vi har støtta Hødd med midlar
i både gode og dårlege tider og er i dag stolt
hovudsponsor for breiddegruppa. Mange har
retta augo mot Sunnmøre etter cupsigeren,
og set dette i samanheng med korleis
sunnmøringen er som type. Stoltheit,
samarbeid og omstillingsevne er nøkkelord,
og viktige årsaker til at vi lykkast saman også i
den maritime klynga. Det same gjeld Dimna IL
som har oppnådd svært gode resultat innan
friidrett på landsnivå. Difor realiserer vi no
visjonen til Dimna IL og Ulstein kommune
gjennom å bidra til at dei siste midlane for
den nye Ulsteinhallen kjem på plass.
Hødd, Dimna IL og ULSTEIN har mykje
til felles. Langsiktig målretta arbeid i
kombinasjon med samspel vil alltid
skape resultat.
FRAMSIDEFOTO: ULSTEIN GROUP INNSPELING AV SUPPORTARFILM FOR HØDD I SAMBAND MED UTDOKKINGA AV SEVEN VIKING. FOTOGRAFI OG ILLUSTRASJONAR: ULSTEIN (Lene Trude Solheim,
Tonje Øyehaug Ruud, Tonje Alvestad, Christina Vossen, Øyvind Gjerde Kamsvåg, Bente Andreassen Pilskog, Johannes Røren), Tony Hall, Per Eide Studio, AHO, Remøy Shipping (Inge Svenn Nærø),
Bourbon Offshore Norway (Bjørn Holm/Arnstein Lystad), Ingrid Verschuren, June R. Johansen, SOS-barnebyer (Nina Edholm), EDT Offshore (Yair Meivar), Aerolin.
3
EIN NY viking
inntek
nordsjøen
ULSTEIN
4
I DAG NR1/2012
smidige
seven
5
“Seven Viking har makelaus
teknisk og operasjonell
kapasitet innan sitt område.
Vi har arbeidd saman for å
finne gode løysingar”
Stuart Fitzgerald, Subsea 7
Eidesvik Offshore, Subsea 7 og Ulstein
Group har samarbeidd om å utvikle
‘Seven Viking’, neste generasjons IMRfartøy for krevjande miljø. Leveringa
av skipet markerer byrjinga på ei ny
Viking-tid i stormfulle Nordsjøen.
innan energisektoren, treng selskapet
produkt og service i verdsklasse frå
leverandørane sine, fortel Stuart
Fitzgerald, Vice President Norway
i Subsea 7.
Eidesvik Offshore, Subsea 7 og ULSTEIN har samarbeidd tett om å utvikle neste
generasjons IMR-fartøy for Statoil.
Skipet er eit ICE-C-klassa fartøy med ein
mannskapskapasitet på 90, og er eigd i
fellesskap av Eidesvik og Subsea 7
gjennom selskapet Eidesvik Seven AS.
Skipet skal arbeide i det barske klimaet
i Nordsjøen, og skal utføre ulike og
krevjande oppgåver for Statoil, mellom
anna inspeksjon, vedlikehald og
reparasjonar (IMR) av undersjøiske
oljeinstallasjonar, i tillegg til avskalingsbehandling og RFO-operasjonar (Ready
For Operations).
Komplekst
– Skipet er svært komplekst, og det var
i prosjektet viktig å optimalisere
utstyrsarrangementet, der mykje er
integrert i hangaren, før sjølve
byggearbeidet starta. Til å vere eit slikt
avansert skip, har byggetida vore ganske
kort, så den perioden vi har kunna bruke
for å fullføre alt engineeringsarbeidet har
vore hektisk, men det har gitt gode
resultat, seier prosjektleiar Ellen Sofie
Hiberg Ottesen i Eidesvik. Medan Eidesvik
har fokusert på skipet sine maritime
eigenskapar for å skape ein best muleg
arbeidsplattform, har Subsea 7 spesielt
arbeidd med dei teknisk operasjonelle
løysingane.
‘Finst ikkje maken’
– Statoil er ein pionér og eit verdsleiande
føretak, og for å kunne halde seg i front
– Fartøyet sine spesifikasjonar er like
eineståande som det miljøet det skal
operere i. Statoil bad oss innfri ei rekkje
strenge krav, og saman med ULSTEIN og
Eidesvik har vi brukt all vår samla erfaring
for å levere 100% etter spesifikasjonane.
Innsatsen har resultert i ‘Seven Viking’
– eit skip skreddarsydd for IMRoperasjonar og som det ikkje finst maken
til i marknaden.
Smidige Seven
Prototypskipet har X-BOW®-skroglinjedesign, som gir mindre og mjukare rørsler
i transitt og auka stabilitet i dei fem meter
høge bølgjene som er typiske for
Nordsjøen. Stabiliteten er svært god,
noko som vanlegvis har samanheng
med storleik, men denne nye kompakte
SX148-designen har ei lengd på ‘berre’
106,5 meter og ei breidd på 24,5 meter.
Skipet er difor også smidig, noko som
vert forsterka av ei toppfart på 16 knop,
og dette gjer at ‘Seven Viking’ lett kan
manøvrere i tronge rom, slik som mellom
plattformer, og kome til i vanskeleg
tilgjengelege område.
Optimal kapasitet
Sjølv om storleiken er avgrensa, så har
skipet stor kapasitet til å frakte både
mannskap og store mengder subseautstyr
takka vere ei smart utforming der
skrogvolumet er maksimert og utstyret
integrert i ein stor hangar.
– Skipet er optimalisert for dei oppgåvene
det skal utføre, seier Fitzgerald.
– Det har kapasitet til å frakte alt naudsynt
vedlikehaldsutstyr, noko som gjer at det
kan møte ei kvar utfordring og operere
kontinuerleg, med minimal nedetid. I
tillegg er buområdet plassert i avstand frå
arbeidsområda for å sikre at mannskapet
kan kvile uforstyrra. Vi meiner vi har skapt
eit moderne, effektivt og komfortabelt
arbeidsmiljø, noko som bidreg til den
operasjonelle tryggleiken om bord.
Sikkerheit og miljø
HMS (helse, miljø og sikkerheit) har vore
eit anna hovudfokus i prosjektet, i følgje
Vidar Øvstedal, offshoresjef i Subsea 7:
– Vi har utvikla gode løysingar for å sikre
trygge og effektive operasjonar. Blant
desse er eit skreddarsydd modulhandteringssystem (MHS) som er integrert i
skipet sin hangar for å gi sikker utsetjing
og opphenting av opp til 70 tonn tunge
undervassmodular, seier han.
– Samarbeid og kommunikasjon er særs
viktig under krevjande forhold, og vi har
difor samla alt operasjonsmannskap i eitt
område direkte over hangaren, og store
vindu i kontrollromet gir full oversikt over
arbeidsareala om bord. Skipet er også
utvikla med tanke på å møte dei
strengaste krava til arbeidsmiljø, og har
komfortklassen COMF-V(3) med lave
støy- og vibrasjonsnivå. Ved å velje
elektriske vinsjar til mellom anna ROV
(fjernstyrte miniubåtar), MHS og
hjelpeutstyr, har vi oppnådd eit lavast
muleg støynivå i hangaren. Vidare er det
installert persontransportkorger og
utstyrskraner i hangaren for å minimere
arbeid i høgda og manuell handtering av
utstyr. Skipet sitt høge fribord gjer det
også tryggare for dekksmannskapet,
fortel Øvstedal.
Han legg til at miljøomsyn har vore viktig
i utviklinga av skipet, som ber klassenotasjonen Clean Design. Miljøtiltak
omfattar blant anna dieselelektrisk
framdrift, som reduserer utslepp til
atmosfæren, og elektriske vinsjar som gir
nullutslepp av hydraulikkolje. Så sjølv om
‘Seven Viking’ skal kjempe i Nordsjøen,
vil det fare skånsamt fram.
Morgondagens teknologi i dag
Fitzgerald meiner samarbeidet mellom
partane og kunden har gjort at dei både
saman og kvar for seg har heva seg til
nye høgder.
– ‘Seven Viking’ har makelaus teknisk og
operasjonell kapasitet innan sitt område.
Vi har arbeidd saman for å finne løysingar
i tråd med kunden sine krav, og med dette
skipet tek utviklinga innan IMR-fartøy eit
stort steg framover. Når dei beste jobbar
saman dei beste blir utfordringar til
mulegheiter, og du ser kva du faktisk kan
oppnå, understrekar Fitzgerald.
FaKta:
Eidesvik Offshore opererer ein
moderne flåte med spesialiserte
fartøy innan forretningsområda
supply, seismikk og subsea.
Subsea 7 er ein undervassoperatør innan engineering,
konstruksjon og service for
offshore energiindustrien.
ULSTEIN er ein internasjonalt
anerkjend leverandør av
skipsdesign, skipsbygging og
systemløysingar for skip.
ULSTEIN
6
I DAG NR1/2012
7
påliteleg
SOM FÅ
Reiarlaget GC Rieber Shipping utfordra
ULSTEIN på å utvikle eit subseafartøy med
høg kapasitet basert på designen SX121 frå
ULSTEIN. Resultatet er eit fartøy, som i tillegg
til førsteklasses utstyr og eigenskapar, vil vere
maksimalt tilgjengeleg for operasjonelt
arbeid, takka vere ‘Operation+’, ein ny og
høgare standard innan operasjonell sikkerheit.
– Dette førsteklasses fartøyet vil styrke
posisjonen vår innan subseaområdet, seier
Irene W. Basili, konsernsjef i GC Rieber Shipping.
Nokre av dei sentrale
designarane som har
utvikla det nye fartøyet
for GC Rieber Shipping, frå
venstre Per Arne Riksheim,
Ann Katrin Barstad, Geir
Sivertstøl og Terje Våge.
‘Operation+’ er utvikla av ULSTEIN i
samarbeid med GC Rieber Shipping, og
designteamet frå ULSTEIN har levert eit
produkt som sikrar minimal operasjonell
nedetid og maksimal effektivitet og
pålitelegheit. Dette er viktige kvalitetar for eit
fartøy som skal utføre oppdrag innan subsea
og offshorekonstruksjon på store havdjup,
langt frå land og under krevjande vêrforhold.
System i særklasse
– ‘Operation+’ er ei vidareutvikling av GC
Rieber Shipping sin ‘fail-to-safe’-tankegang.
Med ‘fail-to-safe’ meiner ein at skipet skal
kunne styrast trygt etter ein stor enkeltfeil i
eitt av systema om bord, og dermed kunne
avbryte ein pågåande operasjon på ein
sikker måte. ‘Operation+’ tek dette
prinsippet eit steg vidare til at skipet skal
kunne halde fram med ein operasjon utan
å avbryte sjølv om ein slik feil oppstår,
seier Bjørn Valberg, teknisk direktør i
GC Rieber Shipping.
Kraft og framdrift (hovudmaskineriet),
hjelpesystema og styringssystema om
bord i fartøyet er sette saman i system på
ein så solid måte at ein større enkeltfeil i
eitt av desse, som til dømes i ein thruster
(sidepropell), i kjølesystemet eller i
hovudtavla, ikkje vil hindre det i å sluttføre
ein pågåande operasjon. Dermed kan reiar
• Redundans
At eit skip har redundans, inneber at der er
installert to eller fleire hovudsystem
(hovudmaskineri saman med hjelpesystem og
styringssystem) på ein slik måte at om det
eine hovudsystemet skulle svikte fullstendig,
så vil ikkje det påverke attverande system. Der
vil då vere nok systemkapasitet til at fartøyet
kan halde fram arbeidet tilfredsstillande.
og oppdragsgjevar vere visse på at
fartøyet gjennomfører oppdraget
effektivt og utan fordyrande opphald.
Rått på redundans
Subseafartøyet vil typisk utføre
operasjonar der verktøyet DP (dynamisk
posisjonering) vert nytta. Under slike
oppdrag er driftssikkerheit spesielt viktig.
– Fartøyet er unikt fordi det gjennom
‘Operation+’ har eit høgare
redundansnivå, som enkelt forklart betyr
systemkapasitet, enn det DNV sin nest
høgaste notasjon for dynamisk
posisjonering, DYNPOS-AUTR, krev.
Dette er muleg ved at hovudmaskineriet
• Dynamisk Posisjonering
Dynamisk posisjonering er eit databasert
system som kontrollerer og styrer propellar og
sidethrusterar, og som optimaliserer bruken
av desse slik at fartøyet held seg på ein fast
posisjon eller følgjer ei fastlagt rute som
operatøren har lagt inn. Vind, bølgjer og
straum vert fanga opp av måleutstyr. Desse
målingane fortel DP-systemet kva retning og
kva kraft det må bruke på propellar og
sidethrusterar for å halde skipet i posisjon.
er sett saman av ei firdelt hovudtavle,
hovud- og sidethrusterar og
dieselmotorar, som kan fungere i grupper
på to, tre eller fire alt etter behov. Denne
konfigurasjonen gjer maskineriet svært
fleksibelt og driftssikkert, og dersom det
oppstår ein stor enkeltfeil, vil fartøyet
likevel behalde tilstrekkeleg av
kraftpakken og framdrifta til å kunne
fortsette DP-operasjonen utan opphald,
forklarar Geir Sivertstøl, sjefsingeniør
innan elektriske system i Ulstein Design
& Solutions.
Fartøyet, som er bygg nummer 300 frå
Ulstein Verft, er planlagt levert i første
kvartal 2014.
• GC Rieber subseafartøy, SX121
– 130 meter langt og 25 meter breitt
– kan ha eit mannskap på 130
– toppfart på 14,5 knop
– utstyrt med ei kraftig 250-tonns aktiv
hivkompensert offshorekran
– stort lastedekk
– kan ha med to ROV-ar
– utstyrt med moonpool
– designa med SURF-kapasitet
ULSTEIN
8
I DAG NR1/2012
9
ULSTEIN BRIDGE VISION™
vindu mot
fRAMTIDA
Viktig informasjon vil bli vist
gjennom optisk projeksjon,
anten direkte på bruvindua
på aktre bru, eller på store
monitorar direkte under
bruvindua på framre bru.
Sidan lanseringa på oljemessa hausten
2012 har den nye bruløysinga ULSTEIN
BRIDGE VISION™ fått stor merksemd.
Norske reiarar er ofte ivrige på å ta i
bruk ny teknologi. Det gjer at skipa
deira er i fremste rekke når det gjeld
grad av nyskaping.
Konseptet er ei heil rekke innovasjonar
utvikla med brukaren i fokus, mellom
anna: Infografikk på eller ved bruvindua;
eit system som automatisk tilpassar seg
til den enkelte brukar sitt føretrekte
oppsett; og ergonomisk utforming av
arbeidsstasjonane.
Prosjektleiarane Per Ivar Roald frå Ulstein International og Kjetil Nordby frå Arkitektur- og
designhøgskolen i Oslo er engasjerte i den vidare utviklinga av ULSTEIN BRIDGE VISION™.
– Mange kundar og leverandørar oppsøkte
oss etter lanseringa og sa at dette kunne
dei tenke seg å vere med på, seier
prosjektleiar i ULSTEIN, Per Ivar Roald.
– Fleire leverandørar har utstyr som kan
passe inn i konseptet vårt, og andre
ynskjer å vidareutvikle løysingar dei har
i dag. Også klassemyndigheitene og
Sjøfartsdirektoratet ynskjer å spele på lag.
Brukaren i fokus
ULSTEIN har, saman med Arkitekturog designhøgskolen i Oslo, Høgskolen
i Ålesund og Kwant Controls, sett ein
uredd og innovativ ny kurs for framtidas
maritime operasjonar. Med ein fokus på å
skape betre, tryggare og enklare løysingar
for mannskapet, har partane utvikla eit
banebrytande konsept som gir store
forbetringar i styringa av skip.
– Forholda for brukaren på
arbeidsstasjonane på brua har vore eitt
av dei viktigaste fokusområda i prosjektet.
Saman har vi skapt eit arbeidsmiljø på
framtidas bru som sentrerer seg kring
menneska som arbeider der. Konseptet
femner både om utforminga av
arbeidsplassane og om nye måtar å
samhandle med brusystema på, seier
produktansvarleg for bru i ULSTEIN,
Arne Ove Rødstøl.
SPELTEKNOLOGI
Medan ein på lanseringa presenterte eit
reint konsept, arbeider ein no for fullt
med å utvikle produkt som kan verkeleggjere konseptet. Kjend teknologi frå
mellom anna spelindustrien, og som
er i bruk i dag på enkelte fly og bilar,
skal tilpassast ei framtidsbru. Formålet er
å gjere det tryggare om bord.
– På dagens bru må ein flytte seg mykje
omkring for å slå av alarmar og sjekke
statusar. Slik vi legg opp brua skal alle
system og alarmar vere tilgjengelege frå
arbeidsstasjonen, fortel Rødstøl.
Norske reiarar er offensive med å ta i
bruk ny teknologi, noko som gjer at skipa
ofte har ein stor grad av innovative
element i seg. Per Ivar Roald vonar
reiarane også vil fatte interesse for
ULSTEIN BRIDGE VISION™:
– Fleire personar arbeider med å utvikle
produkt til brua. Vi ser for oss ei gradvis
implementering, og eg vonar at det første
skipet med ULSTEIN BRIDGE VISION™bru vil vere leveringsklart om eit par-tre
år, seier han.
revolusjon meir enn evolusjon
Tore Ulstein, som er sjef for Marknad &
Innovasjon og styreleiar i Ulstein Group,
forklarar at auka sikkerheit og forenkla
Avdelingsleiar bru, Roar Kjærstad, og leiar for utvikling, Rune Volden, i Ulstein Power & Control
arbeider med å realisere det første delproduktet som kan inngå i ULSTEIN BRIDGE VISION™.
løysingar har vore dei leiande prinsippa
og drivkrafta bak utviklinga av konseptet
ULSTEIN BRIDGE VISION™.
– Samhandlinga mellom brukarane og dei
komplekse brusystema har blitt lettare.
Det er ein bru-revolusjon meir enn det er
ein bru-evolusjon, og eg trur at ULSTEIN
BRIDGE VISION™ kan verte ein innovasjon
på linje med X-BOW®, seier han.
ULSTEIN BRIDGE VISION™
er eit samarbeid mellom ULSTEIN
og Arkitektur- og designhøgskolen
i Oslo (AHO), Høgskolen i Ålesund
og Kwant Controls B.V.
Prosjektet er støtta av Norsk
Designråd og Noregs Forskingsråd.
ULSTEIN 10
I DAG NR1/2012
samarbeid
skaper
suksess
REM MIST OG REM HRIST
UTE PÅ gullfaksFELTET.
Plattformforsyningsfartøya ‘Rem Hrist’ og ‘Rem Mist’ var nyleg i dokk ved ULSTEIN for
å korrigere tank- og eksosløysingane. – Arbeidet gjekk på rekordtid, og alle er fornøgde
med ei svært vellukka ombygging, seier kaptein Ole Petter Nygjerde på ‘Rem Hrist’.
X-BOW® skroglinjeform, i kombinasjon med
dieselelektrisk framdriftssystem, skulle sikre
optimalt drivstofforbruk, hastigheit,
sjøeigenskapar og evne til å halde posisjon.
Skipa blir i Nordsjø-samanheng
karakteriserte som store PSV-ar, med
dødvekttonn på 4528, og stor kapasitet
på tørrbulk, væsker og dekkslast. Skipa er
sertifiserte som beredskapsfartøy for 250
personar, og begge har langsiktige
kontraktar med Statoil.
visekonsernsjef og med ansvar for marknad
og innovasjon i ULSTEIN.
Vasseksos for framtida
Det er ei kjent problemstilling at eksos
frå forsyningsskip vert dratt inn i
ventilasjonsanlegga på riggane. Kontraktøren
hadde også eit sterkt ynske om fri sikt frå
brua for å få endå betre operasjonell
sikkerheit. Skipa skulle difor utstyrast med
vasseksosløysing frå Mecmar, ei løysing
som er utprøvd på fleire andre typar båtar
(forsvar, hurtiggåande, yachtar), men som
ikkje har vore prøvd ut på offshoreskip
tidlegare.
– Med utvendig eksos ville ein ikkje få dei
store eksosrøra gjennom innreiinga og brua.
Det ville difor gi 360-graders fri sikt, ein ville
få mindre støy, vibrasjonar og frigjort plass i
innreiinga, fortel Tore Ulstein, som er
– Det er ingen tvil om at vasseksos kan
vere løysinga for framtida, hevdar kaptein
Ole Petter Nygjerde på Rem Hrist, men
varierande lastkondisjonar gjorde at
systemet ikkje greidde å tilpasse den rette
balansen på sjøvassinjeksjonen, og då
greidde det ikkje å bitte sotpartiklane.
– Presystemtestinga verka veldig lovande,
men det synte seg at som prototyp på eit
offshoreskip var ikkje denne løysinga så god
som ein kunne håpe, fortel Ronny Dimmen
ved Ulstein Verft. Han var prosjektleiar då
skipa vart bygde, og han var også prosjektleiar då vasseksossystemet seinare vart
bygd om.
– Tilbakemeldingane vi fekk gjorde oss
overtydde om at noko måtte gjerast. Vi
bygde om eksosen ved å legge eksosrør frå
B-dekk og opp utvendig på skipet, i bakkant
ved trapp. Også veivhusventilasjonen går
utvendig. Dette gjer at ein framleis har fri
sikt frå bru, og ein får eit lavare støy- og
vibrasjonsnivå i innreiinga. Alt i alt er vi
svært nøgde med resultatet, understrekar
11
Dimmen. Løysinga ein kom fram til, vart
så vellukka at designområdet i ULSTEIN
vurderer å innarbeide denne i
framtidige design.
Tankløysingar
Moderne plattformforsyningsfartøy har tre
gongar større dekkslastkapasitet enn skip
bygde for berre ti år sidan. Samtidig blir
klassekrava til yting, sikkerheit og miljø
stadig strengare. Det gjer at skipa blir
stivare, noko som gjer dei meir stabile,
men samtidig krappare og dermed meir
ubehagelege å vere om bord på.
– Rulling er eit generelt problem for PSV-ar.
Det gjer at skipa til Remøy Shipping ved
levering var utstyrte med to passive
rullereduksjonstankar i akterskipet og éin i
forskipet. Slike tankar reduserer rulling, og
tilfredsstiller reiarlaget sine spesifikasjonar
med krav til ulike lastkondisjonar,
fortel Ulstein.
– Under tøffe forhold i Nordsjøen har Rem
Hrist og systerskipet gått med mjuke rørsler
i transitt og manøvrert seg smidig rundt i
tettpakka offshoreriggområde, men ein
opplevde at skipa hadde krappe rørsler,
seier Ulstein og forklarar:
– Den såkalla GM-en (metasenterhøgda) er
ein av hovudfaktorane som påverkar rulling
på fartøyet. Med høg GM vil skipet oppføre
seg stivt med korte rulleperiodar. Ein kan
redusere verknaden av dette ved måten ein
lastar skipet på, til dømes å fylle tankane
høgare oppe i fartøyet, utnytte tankar med
større fri væskeoverflate, laste dei tankane
som ligg lengst mot skutesida og unngå
fylling av tankar i botnen av fartøyet. I tillegg
vil bruk av rullereduksjonstankar med rett
fyllingsnivå i høve til vêr og vind redusere
rullinga ytterlegare.
Frå tanke til handling
– Saman med reiarlaget vurderte vi ulike
alternativ, og i august 2012, 18 månader
etter at Rem Hrist gjekk frå Ulstein Verft,
var skipet attende ved verftet for
ombygging. Det vart installert ein ekstra
rullereduksjonstank mellom A- og B-dekk.
Ved å nytte alle rullereduksjonstankane,
og laste fartøyet optimalt, har ein auka
operabiliteten og høgna komforten om bord
i fartøyet. Seinare har også systerskipet gått
gjennom same ombygginga, fortel prosjektleiar Dimmen, og kaptein Nygjerde er fornøgd:
– Det var inndokking, ombygging og
utdokking på rekordtid, og vi fekk akkurat
det vi trengde. Vi har opplevd storm og
bølgjer opp mot 10-12 meter, og fartøyet
sine sjøeigenskapar både måler seg med og
overgår andre fartøy i marknaden. Reinare
luft og ein behageleg arbeidsplass har skapt
Ronny Dimmen ved Ulstein Verft og kaptein Ole Petter Nygjerde før levering av
søsterskipa, som no framstår i forbetra utgåver.
eit anna miljø om bord. Alle er fornøgde.
Ombygginga var svært vellukka, seier han.
Samarbeid er vegen til suksess
Innovasjon tek ofte ei todelt tilnærming.
Medan det er ein risiko å satse alt på
innovasjonsutvikling, vil ein langsam, jamn
strategi, ‘best practise’, ikkje vinne nokon
gullmedalje i dagens teknologiløp.
– Spørsmålet er ikkje anten-eller, men
å makte å gjere begge delar samtidig,
seier Tore Ulstein, og held fram:
– Innovasjon krev ein vilje til å tenke nytt og
ta risiko, men nokre gongar er dette berre
første steg i ein mykje lengre prosess, der
innovasjonen må justerast eller utviklast
vidare. Ved å ta i bruk og vidareutvikle ny
teknologi i produkt og tenester, har eit
selskap mulegheit til å oppnå varige
konkurransefortrinn, seier han.
nye konkurransefortrinn
– Erfaringane frå Rem Hrist og Rem Mist
gir vesentleg verdi for Remøy Shipping, og
gir ULSTEIN ei mulegheit til å vidareutvikle
kunnskap og erfaringsgrunnlag frå våre
eksisterande produkt og design. Saman
med Remøy Shipping har vi løyst utviklingshinder på ein måte som har gitt oss nye
konkurransefortrinn, og det er dét innovasjon
handlar om, understrekar Tore Ulstein.
ULSTEIN 12
I DAG NR1/2012
BRITOIL NY I PSV-Marknaden
X-BOW® i UNITEN?
Reiarlaget Britoil Offshore
Services har bestilt to
plattformforsyningsskip av
PX121-designen og utstyrspakkar
frå ULSTEIN. Skipa vert Britoil
sine første i PSV-marknaden, og
vert bygde ved deira eige verft,
PT Britoil Offshore Indonesia.
US Coast Guard skal fornye flåten med opp til 25 nye
OPC-skip (Offshore Patrol Cutter), og fleire verft har
levert tilbod. Vigor går for X-BOW®-designen.
Britoil har base i Singapore. Dei har i
dag ein flåte på 40 skip, i hovudsak
ankerhandteringsskip og lekterar, og
selskapet har meir enn 25 års erfaring i
skipsservice og transport. Ei gruppe frå
Britoil deltok tidlegare i år på prøveturen
til ‘Blue Fighter’, det første av denne
designtypen.
– Dette er eit gjennombrot for ULSTEIN
sine PSV-design i søraust-Asia.
Kontrakten inkluderer ein omfattande
utstyrspakke med design, engineeringsstøtte og hovudutstyr. I tillegg kjem ei
stor kraft- og kontrollpakke som omfattar
elektrisk framdriftssystem, integrert
bruløysing, konsollar, radio- og
navigasjonsutstyr, ULSTEIN IAS® og
ULSTEIN COM®, fortel Sigurd Viseth,
administrerande direktør i Ulstein
Design & Solutions.
tolv på Éin gong
– Vi har eit etablert samarbeid med
Sinopacific-gruppa, som har bygd ti skip av
vår design tidlegare. På dei fleste prosjekta
har det vore byggeoppfølging frå ULSTEIN
med eit eige prosjektteam på staden.
Sinopacific-verftet Zhejiang gjekk hausten 2012 inn på ein kontrakt
med ULSTEIN på tolv designpakkar for plattformforsyningsfartøy
av PX105-design til Seatankers Group. Kontrakten inkluderer ei
omfattande utstyrspakke på design, engineering og utstyr.
Sidan salet av Ulsteinkonsernet til Vickers
(1999), har ULSTEIN selt 90 skipsdesign,
av desse 65 med skroglinjeforma X-BOW®.
Dei første selde skipa gjekk i hovudsak til
norske reiarlag, medan denne serien på 12
går til Kypros-baserte Seatankers Group.
Skipa vert bygde i Kina.
– Dette er eit stort prosjekt ved eit
moderne verft med stor kapasitet og
stort potensial, kommenterer teknisk
direktør Espen Sørensen i reiarlaget,
og prosjektleiar ved Ulstein Design &
Solutions, Johannes Røren, føyer til:
– Arbeidet med skipa er i god gjenge, og
tre av skroga er allereie sjøsette. Kort
leveringstid gjer at ULSTEIN og verftet
i fellesskap må prestere maksimalt
framover. Første skip er planlagt for
levering i første kvartal 2013, og er sikra
langtidskontrakt med Apache.
– Sjølv om vi i dag sel mange design til
utlandet, kjem utstyret til skipa i stor grad
frå Noreg, kommenterer administrerande
direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design &
Solutions, og held fram:
Skipa er 88,9 meter lange og 19 meter
breie. Dei vert utstyrte med dieselelektrisk
framdrifts-system, og ei omfattande
elektropakke frå Ulstein Power & Control.
Dei får Azipull 100-propellar, og vil kunne
halde ei fart på 15,5 knop. Lastedekksarealet vert på i overkant av 1000 m2 og
skipa får ei dødvekt på 4700 tonn.
Bygginga av dei første fartøya er
allereie godt i gang ved verftet i Kina.
– X-BOW®-en har eigenskapar som
tilfredsstiller Kystvakta sine krav,
nemleg høgare vedvarande fart i
bølgjer, ein stødig plattform for å
sette ut båtar og lande helikopter,
redusert slitasje på mannskapet,
lengre tid i teneste og lavare
produksjonskostnader. Det største
hinderet vil vere å få aksept for den
ukonvensjonelle designen, seier
Matt von Ruden, sjef for OPCprogrammet i Vigor, og pensjonert
kystvaktkaptein. – Vi lanserte difor
ein marknadskampanje mynta på
avgjerdstakarane i Kystvakta,
statlege funksjonærar og heile den
maritime industrien, og vi har fått
svært positiv respons.
Designen er basert på ULSTEIN sin
SX151-design. Skipet er 100 meter
langt og 16,4 meter breitt.
Arbeidsfarta ligg typisk mellom 5
og 22 knop, og skipet har difor
kombinert dieselmekanisk/
dieselelektrisk framdrift. Det er
innreidd for 124 personar, har
helikopterdekk og -hangar, og
hangar for tre redningsbåtar. I 2015
blir det klart kven som får
kystvaktkontrakten.
Design til Shell
ULSTEIN har utvikla ein konseptdesign for
eit skip som fraktar flytande gass (LNG
Carrier) på oppdrag for Shell International
Trading & Shipping Company Ltd. ULSTEIN
er ein av fleire som er involverte i dette
spanande prosjektet. Illustrasjonen vart
brukt som førstesidebiletet på Shell si
nettside då dei hausten 2012 lanserte ein
App om energiinnovasjonar.
Seven Borealis
Djupvasskonstruksjonsfartøyet Seven
Borealis vart levert til Subsea 7 tidleg i 2012.
Basert på ULSTEIN sin SOC5000-design,
er fartøyet utstyrt med verdas største
roterande mastekran som kan løfte 5000
tonn over hekken. Skipet arbeider med
utbygginga av undervassdelen til gassfeltet
Martin Linge.
von Ruden har sjølv vore fleire dagar
på eit X-BOW®-skip i Nordsjøen:
– Eg ville sjå om påstandane om
eigenskapane stemde – og det
gjorde det, understrekar han.
FØRSTE EKSTERNE
I NOREG
Installasjonsstøttefartøyet av
ULSTEIN sin nye design SX163, tinga
av Siem Offshore i oktober, vert det
første fartøyet frå ULSTEIN som vert
bygd ved eit eksternt verft i Noreg.
Fjellstrand i Hardanger skal bygge
fartøyet som skal brukast til
installasjon, reparasjon, vedlikehald
og generelle serviceoppgåver innan
marknadene for fornybar energi og
olje og gass offshore.
– Fornybar energi er ein ny marknad
for ULSTEIN, og vi er glade for at
Siem valde vår design, seier
administrerande direktør i Ulstein
Design & Solutions, Sigurd Viseth,
og legg til at kontrakten inneheld ein
opsjon på éin design til av same type.
13
Leverer til Spania
Ferdigstillinga av to plattformforsyningsfartøy av PX105-design til EDT
Offshore er flytta frå eit kriseramma verft
i Sevilla til La Naval-verftet i Bilbao. I
samband med endringa har Ulstein Design
& Solutions inngått kontrakt med byggeverftet på engineering og utstyrsleveransar.
Skipet vil vere 74 meter langt og
17 meter breitt, og innreidd for 60
personar. Det vert utstyrt med
kraner og eit hivkompensert (AHC)
gangbrusystem for trygg overføring
av personell til faste eller flytande
konstruksjonar.
ULSTEIN 14
I DAG NR1/2012
– SOM EI SVANE
Plattformforsyningsfartøya ‘Blue Fighter’ og ‘Blue Prosper’,
dei første av i alt seks fartøy av ULSTEIN sin PX121-design,
har fått både langtidskontraktar og lovord denne hausten.
‘Blue Fighter’, som er i langtidskontrakt
for operatøren Apache i britisk sektor av
Nordsjøen, inngjekk i oktober 2012 ny
eittårskontrakt med same selskap og med
opsjon på eitt år til, gjeldande frå februar
2013 når noverande kontrakt er ferdig.
Samtidig sikra også søsterskipet ‘Blue
Prosper’ seg kontrakt med same operatør
og i same område frå midten av oktober,
etter å ha gått på spot- og korttidskontraktar sidan overlevering i byrjinga
av september.
Tilbakemeldingane frå mannskapa om
bord i dei to fartøya har vore svært gode,
og kaptein på ‘Blue Prosper’, Trond
Brandal, har sendt ULSTEIN fylgjande
lovord om fartøyet:
“Hei. Ligg uti havet og lastar/lossar
dekkslast. Båten fungerer heilt topp, og
over forventingane. Vi ligg i posisjon som
eit plaster. Før mannskapsskiftet fekk vi
testa dei fleste bulkcargosystema, og alt
verka heilt fint. Vi har ikkje hatt nokon
operasjonelle feil. Vi fekk testa skuta i litt
ruskevêr sist vi gjekk frå land. Hadde
hastelast om bord, og ordre om “beste
fart de kan gjere”. Hadde 35-40 knops
vind inn 30-40 grader på styrbord baug,
gjekk med 15,5 knop, og skuta gjekk som
ei svane. Inga slingring, ingen sjøsprøyt,
berre fryd og gaman. Mannskapet er heilt
imponert over verknaden av X-BOW®.
Dei hadde ikkje trudd det om dei ikkje
hadde opplevd det, seier dei. Keep up
the good work!”
Skipa er kontraherte av Blue Ship Invest
for bygging ved Ulstein Verft, og dei
resterande fire skipa skal leverast i løpet
av 2013.
UTFORSK EXPO
Bedriftsutstillinga ULSTEIN EXPO viser Ulstein Group si fortid,
notid og visjonar for framtida gjennom film, lydopptak, bilete,
gjenstandar og tekst. Den moderne utstillinga nyttar mange
interaktive element slik at kvar enkelt kan gå rundt og trykke, sjå,
høyre og oppleve.
Historie er ikkje noko trøytte greier, det
kan vere veldig underhaldande, og
gjennom snart 100 år har mangt og mykje
skjedd i ULSTEIN-samanheng som ein kan
oppleve i bedriftsutstillinga vår,
ULSTEIN EXPO.
Her kan du få deg ei god latterstund med
historier om hendingar og personlegheiter
ved verftet. Du kan fylle på med filmar frå
50-60-talet, då pels og hattar var
standardpåkleding på dåpane, samtidig
som potetleiken og å hoppe bukk var
15
fest for bourbon rainbow
Over: ‘Bourbon Rainbow’ på prøvetur. Til høgre: Gudmor Julianne Vik frå Bourbon Offshore Norway ved dåpen på ‘Bourbon Rainbow’.
‘Bourbon Rainbow’ er det
siste i ein serie på fire
plattformforsyningsfartøy
av typen PX105 bygd for
Bourbon Offshore Norway
ved Zhejiang-verftet i Kina.
Skipet har ei lengde på 88,9 meter, ei
breidde på 19 meter, dødvekttonn på
4290 tonn og maks hastigheit på 15,5
knop. Skipet er utrusta for ein permanent
kapasitet på 25 personar.
Dei fire skipa i denne serien er svært
effektive og fleksible. Medan vanlege
forsyningsfartøy typisk fraktar seks-sju
ulike typar last, kan desse skipa frakte 21
ulike typar produkt. Dette kan ein gjere
ved å bruke kombinasjonstankar,
MACS-tankar, som kan kombinere
tørrbulk med flytande bulk. Samtidig er
der 12 vanlege tankar om bord. Skipa
kan dermed ta eit mykje større
produktspekter. Alle tankane har kvar si
pumpe, det gjer at ein kan losse tankane
uavhengig av kvarandre med kvar sitt
rørsystem. Det gjer lossinga sikrare og
meir effektiv.
Besøkte SOS-bARneby
populære aktivitetar på dåpstur.
Er du mest interessert i nyare ting, finst
der eit utal amatørfilmar som mannskap
på ULSTEIN-båtar har lagt ut på nettet, vi
har også filmar om ULSTEIN frå blant anna
Discovery Channel, NRK og TV2, og alle
dåpsfilmar gjennom tidene er sjølvsagt
der. Eit interaktivt kart viser kvar ULSTEINskipa er akkurat no.
ULSTEIN EXPO er ope alle kvardagar
fram til kl 16. Ein kan også avtale ei
gruppeomvising ved å kontakte
resepsjonen.
I haust var Tore Ulstein med
familie i Brasil der han mellom
anna besøkte barnebyen Porto
Alegre. ULSTEIN betalar for
renoveringa av barnebyen,
som vart etablert i 1975.
SOS-barnebyer er verdas
største hjelpeorganisasjon for
foreldrelause og forsømte barn,
og har totalt 500 barnebyar.
Det er tre årsaker til at born kjem til
barnebyane: Misbruk, vald, eller at dei er
utstøtte frå familien. I Porto Alegre vert
det gjort ei omfattande renovering av
husa, golvet vert tatt opp og murpussen
vert tatt av veggane, før det heile vert
bygd opp att. Husa vert også utvida.
– Vi gjesta blant anna huset til ei
SOS-mor med seks born frå 11-16 år.
SOS-mora fortalde at ho ikkje har eigne
born sjølv, men føler at borna ho tek
seg av er som hennar eigne, seier
Tore Ulstein.
– Besøket i barnebyen gjorde stort
inntrykk på oss, og styrka den
oppfatninga vi allereie hadde om at
SOS-barnebyer gjer ein svært viktig
innsats for vanskelegstilte born fleire
stader i verda, understrekar han.
Ulstein Group er sidan 2010 hovudsamarbeidspartnar for SOS-barnebyer, og
gir eit bidrag på 1 million kroner i året,
spesielt øyremerka Porto Alegre. Dette
kan vere med på å betre utdannings- og
framtidsutsiktene til barn og unge i eit
område av verda der selskapet er aktivt.
VINN
EIN I
PAD
MINI
!
TEIKNEKONKURRANSE!
Vi inviterer alle born under 16 år til å teikne framtida
sin ULSTEIN-hødd-BÅt! Send teikninga di til ULSTEIN GROUP,
KOmmunikasjonsavdelinga, Postboks 158, 6067 ulsteinvik
eller i e-post til [email protected]. VINNAREN FÅR ein
IPAD mINI! Alle får premie :)
ULSTEIN GROUP
Postboks 158
6067 Ulsteinvik
Tlf: 7000 8000
[email protected]
www.ulstein.com
www.facebook.com/ulsteingroup