Oblig Diktanalyse

Download Report

Transcript Oblig Diktanalyse

Obligatorisk oppgåve: Analyse av “Kvardag” av Olav H. Hauge!
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
“Kvardag” er tittelen på eit lite dikt av Olav H. Hauge, som på lavmælt vis teikner opp eit tilvære
prega av nærvær i enkle oppgåver og ein stille refleksjon. Eg vil i det følgjande sjå på korleis
forfattaren har brukt bilete og andre verkemiddel for å formidle meining. Eg vil óg vise korleis
diktet både peikar ut over seg sjølv og reflekterer over seg sjølv, og at dette er med på å berike
tydinga av diktet.
Som nemnt er diktet relativt kort, og eg gjengjev det her i si heilheit.
Kvardag
Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fiketrei,
og let heltane slåst ved Troja.
(Stegane et. al., 2010, s. 541)
“Kvardag” er henta frå samlinga “Dropar i austavind” som kom ut i 1966, i den delen av Hauges
forfattarskap som ofte blir beteikna som modernistisk, minimalistisk eller nyenkel (Andersen, 2001,
s. 447). Som mange andre modernistiske dikt, er “Kvardag” skreven som såkalt “frie vers” (Janns
og Refsum, 2010, s. 60), utan strofar, enderim eller fast metrum. Det er vanskeleg å identifisere
noko mønster i rytmen, for i dette relativt korte diktet finn vi både lange og korte setningar og vers.
Denne tilsynelatande tilfeldige komposisjonen og rytmen kan seiast å vere med på å bygge opp
under temaet “kvardag” ved at diktet snakkar til lesaren i et nær kvardagsleg språk. Spesielt den
første og dei to siste setningane er bygd opp som vanlege, ikkje kunstige, setningar (med unnatak av
linjedelinga). Men om komposisjonen er kvardagsleg og språket tilsynelatande enkelt, er innhaldet
rikt på bilete og tettpakka med meining, noko som vi skal sjå vidare.
s1/6
Obligatorisk oppgåve: Analyse av “Kvardag” av Olav H. Hauge!
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
Diktet henvender seg til eit “du” som går igjen gjennom stort sett heile teksten. Kven “du” er, må
tolkast. Som lesar kan ein tenkje at diktet talar direkte til ein. Dette er sjølvsagt ikkje mogleg, sidan
diktaren ikkje kjenner lesaren, og det dessutan vil finnast mange forskjellige lesarar. “Du” blir såleis
ein representant for alle lesarar, med ei implisering av at diktet inneheld ein almengyldig bodskap.
Samstundes er bruken av 2. person eit verkemiddel som kan gjere at lesaren identifiserer seg
sterkare med diktet enn om det hadde nytta 1. eller 3. person. “Du” representerer dermed både
lesaren og alle lesarar på ein gong, med ein personleg, men almengyldig bodskap. Samstundes er
det eit personleg dikt, der det er naturleg å tenkje at diktaren tek utgangspunkt i si eiga erfaring, og
“du” blir i så fall ein representasjon for diktaren sjølv, eller i alle høve diktets lyriske eg. Desse tre
tolkingane av “du” står kanskje tilsynelatande i motsetnad til kvarandre, men lever side om side i
“Kvardag”.
Å setje likskapstegn mellom forfattar og dikt-eg er ein feilslutning ein bør unngå. Men med ein viss
kjennskap til Olav H. Hauges liv og forfattarskap, blir det svært nærliggjande å anta at duet i diktet i
stor grad refererer til forfattaren sjølv. Til tross for manglande formell estetisk utdanning, var han
ein belest autodidakt og svært internasjonal i sin intellektuelle og estetiske orientering, og han
interesserte seg blant anna for kinesiske dikt (Andersen, 2010, s. 446). Heile sitt liv levde han som
fruktgarntar i Ulvik i Hardanger. Når “du” først utfører tradisjonelt jordbruksarbeid for deretter å ete
tradisjonell bondekost (“flesk”) og “lesa kinesiske vers”, er det ikkje vanskeleg å forestille seg at
dette er glimt frå Hauges eigen kvardag.
“Kvardag” består kun av 19 vers og er ikkje delt inn i tydelege strofar. Innhaldsmessig går det
allikevel an å dele inn diktet på forskjellig vis, og det kan synast naturleg å sjå i alle høve dei første
sju versa i samanheng, som ei skildring av fortida til den “du” som diktet henvender seg til. Det var
dei “store stormane” då du ikkje tenkte over “kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk”,
men “berre var”. Dette er noko “du” har “attum deg” - eit bilete på ein tid og kanskje ein livsfase
som er tilbakelagt. “kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk” kan tolkast som eit bilete på fortid og
framtid, men også meir filosofisk som spørsmåla om korleis vi er skapte og kva som skjer med oss
når vi dør. Uansett handlar det om lite refleksjon rundt dette, til fordel for å leve i nået: “du berre
var i stormen, var i elden”. “Stormar” og “eld” må tolkast metaforisk og kan antyde ei stormfull og
turbulent ungdomstid, men kan også tenkjast å omfatte både ungdomstid og vaksenliv. Vaksenlivet
kan jo også vere nokså hektisk, med mykje jobb og mindre tid til refleksjon. Uansett er det snakk
s2/6
Obligatorisk oppgåve: Analyse av “Kvardag” av Olav H. Hauge!
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
om den første delen av livet, ein fase som “du” no har lagt bak seg. Det er lett å tenkje seg at dette
er ein fase der “du” må ha vert ung og sterk. Storm og eld er kraftfulle naturbilete, og ein som står i
storm og eld må antakeleg vere sterk.
Kontrasten kjem så i dei neste sju versa om “kvardagen”, som blir teikna som “den grå stille
dagen”. Dette synest ikkje å vere den hektiske varianten av kvardagen som mange av oss kanskje
lever i, den kvardagen vi kjenner med tidsklemme og stress. Tidsklemme-kvardagen kan nok betre
plasserast saman med stormen og elden i første del av diktet. Den kvardagen som målast opp for
lesaren her, er ein kvardag med tid til “mangt å tenkja på”. “Kvardagen” kan her tolkast som eit
symbol på ein annan og seinare livsfase enn det som blir skildra i starten av diktet. Kanskje er det
(seint) vaksenliv, kanskje (tidlig) alderdom. Kanskje har ikkje alder så mykje med det heile å gjere forskjellen ligg gjerne meir i det mentale. “det gjeng an å leva / i kvardagen òg” står det i diktet, og
dette må seiast å vere ei underdriving, som understrekar at vi no går inn i ein meir lavmælt del av
diktet, då diktet som heilskap gjev eit inntrykk av at “kvardagen” er ein svært god livsfase å vere i.
Her finn ein ro og refleksjon i dei små rutineoppgåvene: “setja potetor, raka lauv / og bera ris”. Her
kjem plass for tanken, og kanskje ei erkjenning om eiga forgjengelegheit, at tida vår er begrensa:
“eit manneliv strekk ikkje til”.
Dei siste fem versa kan tolkast som nok ein livsfase “Etter strævet”. No har alderdomen komen og
det er tid for kvile og rekreasjon: “steikja flesk / og lesa kinesiske vers”. Eventuelt er desse siste
versa kun ei utdjuping av kvardagen som blei beskreven i dei foregåande sju versa: Dagane er
rolegare enn i starten av diktet, men består av både arbeid (“setja potetor, raka lauv / og bera ris”)
og kvile (“lesa kinesiske vers”). Arbeid blir også nemnt i denne siste delen av diktet (“skar klunger /
og grov om fiketrei”), og dette saman med tittelen “kvardag” gjer at eg heller mot denne siste
tolkinga, altså at alle dei 12 siste versa i diktet handlar om den same kvardagen. Denne todelinga av
livet støttast òg av kontrasten på slutten av diktet, mellom Laertes som lever i kvardagen, medan
“heltane slåst ved Troja”. Vi kan seie at diktet deler livet inn i kun to fasar, ein tidleg, dramatisk fase
og ein sein, stille fase; kvardagen. Dei siste tre versa kan lesast som ein minimal versjon av diktet
som heilheit, men der rekkefølgen er motsett fordi den startar med den seine livsfasen og endar med
den tidlege. I diktet som heilheit er det dei sju første versa som handlar om den tidlege livsfasen, og
som danner ein kontrast til resten av diktet som handlar om “kvardagen”.
s3/6
Obligatorisk oppgåve: Analyse av “Kvardag” av Olav H. Hauge!
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
Som tidlegare nemnt talar diktet til oss i eit kvardagsleg språk, og dette blir særleg tydeleg mot
slutten. I starten av diktet finn vi alliterasjon (“Dei store stormane / har du attum deg. / Då spurde
du ikkje”, “kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk”) og anaforar (t.d. “var i stormen, /
var i elden.”. Her er språket manande og kanskje meir kunstig eller “poetisk”. Bileta som vert
brukte i denne delen er som allereie nemnt kraftfulle naturbilete, og til saman gjer dette denne delen
av diktet meir høgstemt, dramatisk og kanskje meir tradisjonelt lyrisk. Mot slutten blir setningane
vanlegare og bileta meir nøkterne og kvardagslege (t.d. “setja potetor”, “steikja flesk”). Dette er
ikkje lenger analogiskapande metaforar, men snarare synekdoker, der eksempel som “bera ris” og
“lesa kinesiske vers” står som utheva bilete på ein kvardag av liknande aktivitetar. Igjen ser vi altså
at (mangel på) språklege verkemiddel harmonerer med bileta som er brukte og understreker det
kvardagslege motivet i dei 12 siste versa.
Nyenkel lyrikk er nettopp kjenneteikna ved kvardagslege motiv og enkelt, direkte språk
(nyenkelhet, 2012-10-02), og dette diktet med tittel “kvardag” og ein nyenkel stil (i alle høve i dei
siste 12 versa), må difor kunne seiast å ha eit tydeleg anstrøk av sjølvrefleksivitet, altså at diktet
formidlar ei innsikt i den doble referansen diktet har til sitt eige prosjekt og samstundes til all
tidlegare diktning (Janns og Refsum, 2010, s. 34). Denne sjølvrefleksiviteten forsterkast av fleire
referansar til annan lyrikk, både til kinesiske dikt og til Homers Odysséen (Laertes var far til
Odyssevs i Homers Odysséen (Stegane et. al., 2010, s. 541)).
“Kvardag” må kunne seiast å vere eit dikt med ekstreme kontrastar. Fra “stormane” til “grå stille
dagen”, fra “var i elden” til “raka lauv”. Og der diktet startar med høgstemt dramatikk i første del
og tar oss ned til nøktern kvardag i siste del, rundar det av i siste vers med å ta opp att det
dramatiske, men no på trygg avstand, når det står at Laertes “let heltane ståst ved Troja”. Her blir
det kvardagslege (“skar klunger / og grov um fiketrei”) brukt som kontrast til ein av dei mest
dramatiske hendingane i verdslitteraturen, nemleg slaget ved Troja. Og på snedig vis blir det
kvardagslege og nyenkle no blanda saman med ein av dei største klassiske legendane vi har ved å
bruke Odyssevs gamle far som eksempel på nettopp den kvardagen diktet vil formidle. Og det er ein
kvardag som nok ser enkel ut på overflata, med sine enkle, men naudsynte aktitivtetar (“setja
potetor, raka lauv / og bera ris”), men som samstundes muleggjer eit indre liv som er svært rikt. Når
det står i byrjinga at “Då spurde du ikkje / kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk”,
impliserast det at det er nettopp dette diktets “du” får tid til i kvardagen. “det er so mangt å tenkja
på her i verdi” står det i 13. strofe, og det skin gjennom at det er nettopp tankane som får god plass
s4/6
Obligatorisk oppgåve: Analyse av “Kvardag” av Olav H. Hauge!
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
blant kvardagsoppgåvene. Kvardagen beskrivast jo ikkje som beståande berre av arbeid, men også
nyting. “Steikja flesk” kan sjåast som arbeid, men like gjerne som ein metonymi for å eta flesk, som
ein beløning “Etter strævet”. Det er imidlertid ikkje berre flesk som er løna for strevet, men også
lesing av kinesiske dikt. Som tidlegare nemnt kan alle desse aktivitetane sjåast som synekdokar for
ein kvardag som består av mange forskjellige aktivitetar, slik at diktlesinga kan tolkast som bilete
på ein intellektuell overflodsaktivitet som det er tid og rom for i “kvardagen”. Igjen ser vi korleis
det kvardagslege (“steikja flesk”) og det opphøgde (“kinesiske dikt”) blir sett saman i ein antitese,
men no som forskjellige element i den same kvardagen. Kvardagen er altså ikkje nødvendigvis så
kvardagsleg som han gjev seg ut for å vere, men har plass til både det store og det vesle - både dei
små kvardagsoppgavene og filosofering over dei store spørsmåla.
Tradisjonelt har Hauges dikt, og særskilt dei seinare dikta, blitt tolka med vekt på ei direkte
lesemåte, der bileta ikkje tolkast symbolsk eller allegorisk (Olav H Hauge, 2012-10-02). “Kvardag”
slik eg har analysert og tolka det her, er full av synekdoker og metonymiar, men eg tolker likevel
diktet sett under eitt temmeleg direkte. Diktet gjev seg ut for å fortelje om korleis det er å leve i
kvardagen, og slik tolkar eg det også. Kvardagen er ikkje ein allegori for noko anna. Samanstillinga
“steikja flesk / og lesa kinesiske vers” er nok eit eksempel på diktets sjølvrefleksivitet, og denne
samanstillinga peiker også i ein slik tolkningsretning, der dei konkrete tinga “steikja flesk” blir sett
saman med diktlesing.
Eg voner eg med dette har klart å syne korleis “Kvardag” er eit dikt med mange lag. Tilsynelatande
er det eit enkelt dikt om å leve i ein sille kvardag, men kvardagen viser seg altså å femne om eit rikt
indre liv med plass til filosofi og refleksjon som gjer dei ytre sett store og dramatiske hendingane
mindre vesentlege. Ved hjelp av referansar både til seg sjølv og til annan litteratur og ved å setje det
store både opp mot og saman med det vesle, oppvurderer diktet ein kvardag som på overflata kan
synast grå og stille og hjelper oss å med å sjå det store i det vesle.
Litteraturliste
Andersen, Per Thomas (2001). Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget AS
Janss, Christian og Refsum, Christian (2010): Lyrikkens liv. Innføring i diktlesning Oslo:
Universitetsforlaget. (1. utgave 2003)
nyenkelhet(2012-10-02). I Store norske leksikon. Hentet fra: http://snl.no/nyenkelhet
s5/6
Obligatorisk oppgåve: Analyse av “Kvardag” av Olav H. Hauge!
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
Olav H Hauge(2012-10-02). I Store norske leksikon. Hentet fra http://snl.no/.nbl_biografi/
Olav_H_Hauge/utdypning
Stegane, Vinje og Aarseth (2010). Norske tekster. Lyrikk. Oslo: Cappelen. (Første utgave 1998,
heftet utgave 2007, 2. opplag 2010)
Hei. Du har skrevet en veldig god oppgave om "Kvardag". Du
bruker mange litteraturteoretiske begrep, og anvender de på en
god måte sammen med eksempler fra "Kvardag". Språket ditt er
godt, og oppgaven er bra strukturert. Det er ingenting å utsette
på oppgaven din. Jeg vet ikke om dere har fått beskjed om
dette, men ikke lever i pdf-format neste gang. Det gjør det
vanskelig å kommentere inne i teksten.
– Kaia
s6/6