Klikk her - SMISO Hordaland

Download Report

Transcript Klikk her - SMISO Hordaland

13.09.12
Prestar og ungdomsleiarar vert skulda for seksuelle overgrep - Hordaland - NRK Nyheter
Hordaland
13.09.2012
SISTE FRA NRK.NO
Utvidet søk etter savnet mann
Abonnér
Prestar og ungdomsleiarar vert skulda
for seksuelle overgrep
INC ESTSENTER ET: Til Se nte re t m ot ince st og se k sue lle ove rgre p i Hordaland k je m barn som har vore utsatt for
ove rgre p. De t siste halvåre t har fle ire av de i vore frå k ristne m iljø – og m ørk atala e r store .
Foto: R e nold Te nnyse n C hristophe r/NR K
Overgrepa i statskyrkja og andre kyrkjelyder det siste halvåret blir karakterisert
som grove. Nå blir fleire av dei meld til politiet.
A NDREA S GRIMSÆTH
andreas .grims ath@ nrk.no
TRUDE BA KKE
trude.bakke@ nrk.no
Publise rt 12.09.2012 07:26.
Sidan nyttår har fem personar kontakta Incestsenteret i Bergen om slike overgrep begått av
prestar og ungdomsleiarar i kristne miljø i Hordaland.
Dei fem overgrepa mot barn og vaksne skal etter det NRK.no erfarer vere gjort av fem ulike
leiarar i ulike kyrkjelyder i Hordaland.
I ulike kyrkjelyder
På svart steingrunn står ein engel i raud-og-gul farga soloppgong. Det er kåra til månadens
bilete på Senteret mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland. Motivet på biletet er ikkje
tilfeldig.
– Vi har hatt ein del ganske store saker fra kristne miljøer det siste halvåret, seier dagleg
leiar Bente Bartz-Johannessen.
Sidan nyttår har fem nye brukarar fortalt om overgrep i kristne miljø – både i Den
norske kyrkja og ulike andre kyrkjelyder.
nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.8319190
1/2
13.09.12
Prestar og ungdomsleiarar vert skulda for seksuelle overgrep - Hordaland - NRK Nyheter
Grove overgrep
Overgrepa er karakterisert som grove, offera er både ungdom og
vaksne, og overgriparane er tillitspersonar.
– Ungdomsleiarar som kanskje har forgrepe seg på fleire
personar. Det har og vore i sjelesorgsituasjonar. Det er
ganske omfattande, fortel Bartz-Johannessen.
Kyrkja sitt eige ressurssenter mot vald
og seksuelle overgrep får årleg inn over
eitt hundre nye saker. Bjørgvin
bispedøme har førebels ikkje fått
informasjon om skuldingane frå siste
halvåret, men opplyser at dette er eit
saksfelt med store mørketal.
Legger ned unikt hjelpetilbud for
incestutsatte barn
Barn viser mer kunnskaper om
seksualitet enn forventet
Uforklarlige skader på barnet eller lite
troverdige forklaringer på hvorfor barnet
er skadet
Barns redsel for å gå hjem
Forandring i atferd som tilbaketrekking,
aggressivitet ellerr grenseløs/
kontaktsøkende
Barnet mister interesse for aktiviteter
Barn som går tilbake i utvikling; feks.
begynner å tisse i buksa/senga, snakke
”babyspråk”
Kilde: BRiS (Buskerudregionens
incestsenter
FLEIR E SAKER : Se nte re t m ot
ince st og se k sue lle ove rgre p
har hatt fle ire sak e r m e d
ove rgre p frå k ristne m iljø,
forte l dagle g le iar Be nte
Bartz-Johanne sse n.
Foto: Renold Tennyson
Christopher/NRK
Vert meld til politiet
– Det er berre trist. Det er det verste som kan skje, seier seksjonsleiar Gunvor Taule
Mjanger i Bjørgvin bispedøme.
– Vi ønskjer som arbeidsgjevar å bli informert når nokon opplev noko slikt slik av vi kan ta
det vidare med presten det gjeld, seier Taule Mjanger.
Skam, gudstru og tillit til den religiøse leiaren gjer det særskilt vanskeleg å
politimelde overgrep i kristne miljø.
Likevel stadfester Bartz-Johannessen at tre av dei siste overgrepa vil bli politisaker i
nær framtid.
Dobbelt så mange politimelder incest i år
Opphavsrett NRK © 2012
Nettsjef: Sindre Østgård
Ansvarlig redaktør: Hans-Tore Bjerkaas
Tips NRK
Kontakt NRK
Om NRK
Hjelp
Om personvern
Om foreldrekontroll
nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.8319190
2/2