Sunnmøre mot Monsterlina

Download Report

Transcript Sunnmøre mot Monsterlina

Folkeaksjonen mot 420 kV luftlinje Ørskog –Fardal
www.monsterlina.org
Sunnmøre mot Monsterlina
STOR KONSERT PÅ KULTURHUSET I
SYKKYLVEN LAURDAG 27.08.11.
Denne planlagde luftlina er eit svært øydeleggande inngrep på den vakre naturen
rundt oss, derfor krev vi sjøkabel.
Vi ynskjer å markere vår motstand med ein storslått konsert, der artistar frå både
lokalsamfunnet, men også nasjonalt stillar opp. For å seie ifrå om det planlagte
angrepet på naturen, blir det i tillegg arrangert ”monstervarsling” med vardebrenning
på åtte til ti fjelltoppar på rundt 1000m, frå Austefjorden til Ørskog kl. 18.00 same
dag; Snøhornet i Austefjorden, Veirahaldet og Kolåstinden i Ørsta, Sylvkallen,
Synnavindsnipa, Randertopp og Jønshorn i Hjørundfjord, Skophornet, Aurdalsnibba
og Søvikhornet i Sykkylven.
Artistane som skal delta på konserten, har sagt at dei støttar aksjonen med å opptre
gratis, mot at vi dekker reisekostnader.
Men arrangementet vil likevel koste pengar. Vi ynskjer å være så frimodig å spørje
om de kan tenkje dykk å sponse oss med eit beløp, slik at vi kan imøtekome dei
utgiftene som vi har i forbindelse med desse aktivitetane.
De skal få tid til å tenkje dykk om, derfor ringer vi tilbake om eit par dagar. Om de har
spørsmål er det berre å kontakte oss per telefon eller sende e-mail.
Vi håpar på eit positivt svar og takker på førehand.
Bankgirokonto til Folkeaksjonen: 3992.04.96370.
Adressa til Folkeaksjonen er:
Folkeaksjonen mot 420kV luftlinja Ørskog-Fardal
Garvargt.1
6150 Ørsta
( Folkeaksjonen fører regnskap, så givarane kan vere trygge på at pengane blir brukt
til aksjonen. Givarar som ynskjer det kan vere anonyme)
Helsing oss i konsert komiteen.
Roy Aarsnes (leiar i Folkeaksjonen), Kjersti Hovet, Anita Kjersheim, Karen Elise
Matheson, Helga L. Johansen, Marit Ramsevik, Jarle Strømmegjerde og Caroline
Tusvik.
Kontakter: Roy Aarsnes mob 47026994 [email protected] , Caroline Tusvik mob
46952070 mail: [email protected] , Helga L. Johansen mob 906 45 906 mail:
[email protected]