Voss Fallskjermklubb Pb 285 5702 VOSS Voss, 19 feb, 2013

Download Report

Transcript Voss Fallskjermklubb Pb 285 5702 VOSS Voss, 19 feb, 2013

Voss Fallskjermklubb
Pb 285
5702 VOSS
Voss, 19 feb, 2013
Bømoen AS
v/Hermann Saue
5700 VOSS
OPE BREV TIL BØMOEN AS
Etter å ha hatt vanskar med å kome i dialog med dykk, velgjer me no å nytte denne kanalen for å
gjere greie for vår funksjon og aktivitet på Bømoen flyplass.
Eg vil fyrst orientere litt om kven og kva me er, og korleis klubben har utvikla seg gjennom 35 år til å
bli det største idrottslaget i bygda, og største luftsportsklubben i landet. Eg sit med eit inntrykk av at
kjøpar ikkje ser på fallskjerm- og flymiljøet som det me faktisk er, til like med hovuddelen av
ekstremsportmiljøet på Voss: dugnadsbaserte idrottslag, utan ”ervervsmessig formål”.
Ekstremsporten sin nytteverdi
Ekstremsport og fallskjermhopping fyller eit behov i samfunnet. Dette er blitt anerkjent via arbeidet
til tidl. rektor ved Noregs Idrottshøgskule, prof Gunnar Breivik, og er i dag stadig tema for ulike
forskingsprosjekt og studiar. M.a. har Møreforsk følgande samandrag i sin forskingsrapport:
”EKSTREMSPORTSARRANGEMENTA på Vestlandet byggjer på UNIKE KVALITETAR
og KUNNSKAPAR i sine lokalsamfunn. Samtidig appellerer dei til ei stor gruppe UNGE
MENNESKE. Dette gjer at arrangementa kan bidra til å MARKNADSFØRE REGIONALE
FORTRINN og på den måten til UTVIKLING AV REISELIV, utvikling av NYE VERKSEMDER,
BULYST og BUSETNAD. Det siste kan også gjelde REKRUTTERING TIL NÆRINGSLIVET.”
Fallskjermhopping er vidare ein idrott som appellerer til konkurranseutøvaren, så vel som til den som
ynskjer trening og rekreasjon. Me har i periodar vore med i Olympiatoppen, og norsk fallskjermsport
har hevda seg oppsiktsvekkande bra internasjonalt. Fleire land har teke etter den norske modellen,
og treningssamlingane på Toppidrottssenteret sørga for røynsleoverføring mellom idrottane.
Er du typen til det, blir du fanga i ein idrott som slukar deg heilt, men som gjev stor motivasjon og
idrottsglede attende. Etter fyrst å ha teke grunnkurset, er det ei rekke ulike vegar å utvikle deg innan
sporten på; idrottsleg som konkurranseutøvar eller organisatorisk som tillitsvalt eller instruktør. På
det personlege planet, utviklar du høgare stresstoleranse, du trener reaksjonsevne og tekniske
ferdigheiter, og du får ofte auka sjølvkjensle og betre sjølvbilete som bonus.
Når ein så legg til dei vakre naturrammene desse adrenalinfylte aktivitetane føregår i, er det til å
forstå at ein ynskjer dele desse skjelsetjande opplevingane med alle ein kjenner; adrenalinet gjer
dessutan at ein tek inn fleire sanseinntrykk og at ein hugsar tolkingane av desse lenger. Gleda over
meistring av ein sjølvvalt fryktbasert situasjon, er pur, ekte og sterk, og saman med tronga til å dele
opplevingane, kan ein sjå hovudårsaka til den enorme mediedekninga Ekstremsportsveko har fått,
ikkje berre her til lands, men òg rundt om i verda.
Idrottslag
I Noreg er sivil fallskjermhopping (med eitt ein-manns unntak) organisert som idrottslag under
Noregs Idrottsforbund (NIF), og idrottslag er definert som organisasjonar som tilrettelegg for
idrottsaktivitetar. Økonomisk sett skil idrottslag seg frå t.d. aksjeselskap i det at laga er ikkjekommersielle føretak, dvs utan erversmessig føremål. Frå NIF’s lover §1-2 Formål:
§1-2. Formål
(1) NIF skal arbeide for at alle mennesker gis mulighet til å utøve idrett ut fra sine ønsker og
behov, og uten å bli diskriminert på grunn av livssyn, seksuell orientering eller etnisk
opprinnelse. Med idrett menes aktivitet som oppfyller følgende vilkår:
a)
det er fysisk aktivitet av konkurranse-, trenings- og/eller mosjonskarakter
b)
aktiviteten er som konkurranseaktivitet målbar etter godkjent regelverk
c)
aktiviteten tilfredsstiller de etiske normer idretten i Norge bygger sin aktivitet på
(2) Organisasjonen skal være en positiv verdiskaper for individ og samfunn og dermed styrke
sin posisjon som folkebevegelse og drivkraft i samfunnet.
(3) Organisasjonens arbeid skal preges av frivillighet, demokrati, lojalitet og likeverd. All
idrettslig aktivitet skal bygge på grunnverdier som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlighet.
Når idrottslag ikkje har ervervsmessig føremål, er ikkje dette einstydande med at det ikkje ynskjer
overskot på drifta si; tvert imot. Overskot som framkjem av fellesskapet sin dugnadsinnsats går
attende til fellesskapet i form av subsidierte hopp og investeringar i fellesanlegg. Det å få finansiert
hobbyen sin, er den primære økonomiske drivkrafta for dei fleste hopparane. Organisert i klubbar,
dukkar det imidlertid opp nye mål: Investering og vedlikehald av felleseigd materiell, eigedom og
fasilitetar, samt sportsleg og organisatorisk utvikling av medlemsmassen. For å sikre dette, er me
nøydde til å drive klubben på eit økonomisk forsvarleg nivå.
Klubben feirer i år 35 års jubileum, og me er stolte av å sjå attende på den fantastiske utviklinga me
har hatt. Det som likevel har kjenneteikna klubben, er samhaldet og dette Vossamoodet, som andre
har valgt å døype fenomenet. Dette kan kanskje definerast som den inkluderande stemninga
utøvarar frå andre klubbar og internasjonale gjester opplever når dei kjem til hopppfeltet på Voss, og
den kjem m.a. fordi me har vore flinke til å dyrke idrottsgleda og samhaldet i klubben vår. Det er
nemleg dette som er fellesnemnaren for alle hopparar: Me søkte alle etter det same; denne
Hoppgleda, eller gleda ved rett å slett å gjere eit hopp.
Å drive med denne aktiviteten i hjartet av verdsarvområdet i Fjord-Noreg, og med dristig og innovativ
haldning blant våre leiarar og instruktørar, har ført til enorm auke i merksemd og rekruttering. Ved
årsskiftet hadde klubben vokst frå å vere den minste i fallskjermforbundet til å bli den største av alle
luftsportsklubbene i Noreg uansett grein. Våre 1109 medlemer gjer oss til det største idrottslaget på
Voss, og me er det hoppfeltet i Europa som utdannar flest elevar. På ei uoffisiell kåring i fjor vart
Voss rangert som det fjerde beste hoppfeltet i verda, og Voss Freefly Festival er av fleire anerkjent
som det beste fallskjermarrangementet i verda!
Me skil oss likevel ut frå det tradisjonelle idrottslaget på eitt vis: me kan ikkje drive borneidrott (ein
må vere fylt 16 år før ein kan ta kurs, og då med godkjenning av føresette).
Medlemsutvikling – Sportsleg
Som idrottslag har me flotte meritter å vise til. Me har hatt landslagsutøvarar gjennom fleire
periodar, og har hausta medaljar i alle valørar i nasjonale og internasjonale tevlingar. Den edlaste
medaljen Noreg nokon gong har teke, var det laget Skywalkers frå Voss som tok heim med 2.plass i
VM i Brasil i 2008. Som typisk er, engasjerer aktive hopparar seg på mange plan, og to frå Skywalkers
har i dag verva som styreleiar og påtroppande hovudinstruktør i klubben. Klubbmedlemer har elles
sett ei rekkje rekordar opp gjennom åra, dei har motteke Kongepokalen, klubben sin
storformasjonsrekord frå 1997 står endå som største i Noreg, og klubben har utøvarar på begge
verdsrekordane i storformasjonar, både freefly og FS.
Bygging av vindtunnelen har gjeve klubben eit fortrinn i konkurransesatsinga. Ingen lag tek i dag
medalje internasjonalt utan monaleg teknisk mengdetrening i vindtunnel. Bygging av tunnelen på
Voss, har ført med seg verdsmeistarar og landslagsutøvarar som siste året har meldt flytting til Voss.
Klubben har arrangert NM ved fleire høve, og med svært gode tilbakemeldingar. I åra framover, vil
den idrottslege satsinga få auka fokus, og ein kan lese i utlysinga av stabsoppsettet for fulldrifta i år,
at alle medlemer som ynskjer satse på sporten, vil få fortrinnsrett i bemanninga av fulldriftsstaben,
og på dette viset oppnå høgare rabattar. Dei bidreg på dette viset for resten av medlemsmassen,
som finansierer satsinga deira heilt eller dels attende.
Medlemsutvikling – Organisatorisk
Som i dei fleste idrottslag under NIF, har me eigne program for vidareutdanning, og eige sertifikat- og
lisenssystem som prov på kvalifikasjonsnivå. Dette kan vere instruktør- eller leiarutdanning, eller
utdanning retta mot spesifikke fagelement. Ei hovudutfordring i ein dugnadsbasert organisasjon er å
kartlegge og nytte ressursane og spisskompetansen som finst i medlemsmassen. Me er òg her
velsigna med eineståande kompetanse og fagleg tyngde; vår styreleiar har spisskompetanse på
strategiimplementering, vår tryggleiksansvarlege er hovudinstruktør for risiko og risikohandtering på
Krigsskulen, og dei fleste vanlege yrkesgrupper er representert blant medlemsmassen vår.
Klubben har vore representert sentralt i ei årrekkje, i alt frå styreverv i forbundet og engasjement i
fagkomitear, til drift av rikssenteret og gjennomføring av sentrale kurs. Me har i periodar hatt
styreleiarvervet, og er i dag representert i SU (Sikkerhets- og Utdanningskomiteèen), som forvaltar
delegert mynde frå Luftfartstilsynet.
Men alt er likevel dugnadsbasert og på friviljug basis. Og det er kanskje dette som kjenneteiknar
miljøet vårt sterkast; her dreier alt seg om din dedikasjon til sporten, og dine idrottslege eller
organisatoriske talent. Kva jobb du har eller kor mykje du tener har lite og ingenting å seie, det er
kor mange hopp du har og kva du gjer for fellesskapet som tèl.
Etter kvart som fallskjermsporten er blitt meir tilgjengeleg, og fulldriftskonsepta har gjort at det er
mogeleg å engasjere seg i sporten ”på timebasis”, har me sett ei auke i medlemer med medieappell
og med god betalingsevne. Ein har skodespelarar, artistar og idrottsutøvarar frå andre sportar, og
felles for denne gruppa menneske er knappheit på tid. Med vindtunnel tilgjengeleg, og med hoppfelt
som arrangerer hopping kvar dag, er det i dag lettare for travle menneske å utnytte tida dei har til
disposisjon effektivt, men framleis er det vanskeleg for dei å engasjere seg på dugnadsbasis i stor
utstrekning. Dette har ført til eit noko skeivt bilete av fallskjermmiljøet sett frå utsida; det er ofte
desse einskildmenneska som vert profilert i media, medan det framleis er slik at storparten av
hopparane er heilt vanlege folk som må prioritere og snu på kronene for å få råd til å dyrke sporten
sin.
Me løyser dette ved å differensiere hopprisen, slik at dei som ynskjer kan bidra i klubben mot
rimelegare hoppris, medan dei som ikkje har tid ”kjøper seg ut av det” ved å betale litt meir. Ein kan
lese meir om dette på nettsidene våre, der klubben skal gjere plass i fulldriftsorganisasjonen til alle
medlemer som ynskjer bidra. Og etter at det er teke omsyn til påkravd kvalifikasjonsnivå, er likeverd
det bærande prinsipp.
Dugnad
Eit idrottslag baserast på friviljug arbeid: Dugnad. Medlemer stiller sin tid, kompetanse og
arbeidskraft til disposisjon for fellesskapet, og denne felles innsatsen mot definerte mål skapar
samhald og gruppeidentitet. Den bygger opp om klubben som positiv verdiskapar for individ og
samfunn, og er ein særs viktig del av den norske kulturarven.
”Festivalbygda Voss” er på nasjonalt plan framheva nettopp grunna den relativt store
dugnadsinnsatsen. Ekstremsportmiljøet åleine engasjerer kvart år mellom 500 og 1000 friviljuge, og
saman med det øvrige festivalmiljøet tel dugnadskorpset opp mot 3000 sambygdingar! Dette skulle
tyde at nær sagt alle husstandar eller familiar i bygda er involvert i dette fellesløftet, og utan ville
naturlegvis det heile falle saman. Det er ikkje utan grunn at både Kongen og Statsministeren i
nyttårstalane sine stadig tek opp den friviljuge innsatsen som ”bærebjelken i det norske samfunnet”.
For vår del har me lagt ned utallige dugnadstimar i opparbeiding og asfaltering av flystripa. Me har
tilsvarande lagt ned dugnadstimar for å skaffe finansiering til nytt dekke på stripa berre for få år
sidan. Heile klubbhuset vårt er bygd på medlemene sine dugnadstimer, og finansiering kom til av eit
medlem som tok opp privat lån med solidarisk likt kausjonsansvar på 30 av dei øvrige medlemene.
I tillegg til fullføring av klubbhuset, var Ekstremsportsveko og fulldrift med stort fly andre store
dugnadsprosjekt, og me auka på få år aktivitetsnivået frå 2-3000 til 10000 hopp årleg. Samstundes
reduserte me talet på løft (flyavgangar) frå 7-800 til ca 600, og ein kan førestille seg entusiasmen og
gleda over å ha fått til ei utvikling, som gav store ringverknader til resten av bygda, og samstundes
reduserte belastninga. Gleda over å ha fullført prosjekta vart styrka av responsen frå den stadig
aukande delen av utanlandske hopparar, og med stadig høgare internasjonalt nivå. Og i OL-bygda
Voss, passa dette på sett og vis inn.
Me er stolte av måten Ekstremsportsveko vart organisert på, og det er heilt medvite at me framleis
ynskjer ei ikkje-kommersiell utvikling av det heile. Me opplever at medlemsmassen gjerne stiller opp,
all den tid bidraget deira går til fellesskapen. Om me skal oppsummere dei siste avsnitta, ser ein at
det er nøyaktig slik eit idrottslag skal fungere etter NIF: Aktiviteten er fysisk og har
konkurransekarakter, det er ein positiv verdiskapar for individ og samfunn og arbeidet pregast av
”frivillighet, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettslig aktivitet skal bygge på grunnverdier som
idrettsglede, fellesskap, helse og ærlighet.”
Økonomi
Ei slik utvikling forplikter oss på same tid. Her kom no løpande årlege utgifter, og auken i
aktivitetsnivået og medlemsmassen gav trong til større utstyrspark og betre fasilitetar. Det kviler
naturlegvis eit stort ansvar på klubben i å halde utstyrsparken oppdatert og sikker. Klubben gjorde
difor som fleire andre lag og arrangement, og gjekk til steget å tilsetje dagleg leiar på heilårsbasis. I
år vart dette utvida med 2 medarbeidarar på 20% tilsetjing, som har som oppgåve å planlegge og
gjennomføre fulldriftsprosjektet: Operativ Sjef og Kontorsjef.
Oppdraget mitt som dagleg leiar av idrottslaget vårt, er å forvalte ressursane klubben sit på, i tråd
med klubben sin strategi. Dette gjeld både dei økonomiske – men nesten viktigare – dei
menneskelege ressursane.
Dei siste åra har me hatt overskot på 200-400 000 i året, inkl 200’ frå Veko. Me har ein strategi som
seier me ikkje ynskjer auke aktiviteten ytterlegare, men auke kvaliteten på aktiviteten me har. Me
ynskjer ligge på 15-20 000 hopp i året, og må difor bygge ein økonomi som er forsvarleg for dette
nivået. I klubben sine langtidsplanar ligg ein del investeringar i kjømda, den største og viktigaste av
desse er bygging av nytt klubbhus. Som idrottslag har me tilgang til STUI-midlar, men det vil likevel
vere trong til ein god slump pengar på bok. Me har difor sett som mål å oppnå ein årleg resultatgrad
på 5%, og øyremerke pengar til dette prosjektet dei neste fem åra.
Fulldrifta forøvrig er organisert som ein ”bytehandel-økonomi”. Inntil visse grenser, kan ein byte
tenester mot hopp, og forøvrig vil stab få dekka sine relevante dokumenterte utgifter i takt med
fulldrifta si verdiskaping. Har dei bidratt utover dette mot kompensasjon, vil resterande sum bli
lønsmeldt. Meir informasjon om dette finn ein på klubben sine nettsider.
Reiseliv – Destinasjon Voss – Voss Vind
Voss Fallskjermklubb er altså ikkje-kommersiell, på same vis som dei andre stiftingsklubbane av
Ekstremsportsveko (unnateke Voss Raftingsenter AS), og me har avgrensa tilgang til kommersiell
marknadsføring. T.d. fekk Bergen Fallskjermklubb pålegg om å endre teksten på nettsidene sine, der
dei marknadsførte tandemhopping som eit produkt og ikkje ei utdanning.
Likevel er nettopp fallskjermhopping og ekstremsport blitt sjølve kjernesymbolet i den nye
reiselivssatsinga til Fjord Noreg og Destinasjon Voss. Ein rettar seg mot marknaden av aktive turistar,
og slagordet ”Voss – Bygd for sterke opplevingar” skildrar godt kva bygda har å tilby gjennom m.a.
ekstremsportsaktivitetar. Det er difor forståeleg at det kan vere vanskeleg å sjå oss som eit idrottslag
og ikkje ein kommersiell aktør.
Det som likevel skil Voss frå øvrige destinasjonar i verda, er det store spekteret av naturbaserte
aktivitetar. Med over 100 ulike aktivitetar innanfor eit lite geografisk område, finst her aktivitetar i
alle prisklassar og på alle spenningsnivå. Sett saman med den massive satsinga på skianlegga på
Voss, og heilårs skigåing frå fjord til fjell som eksklusivt norsk produkt, framstår Voss som sjølve
senteret av satsinga til Fjord Noreg. Det er naturlegvis heller ingen ulempe med jernbanen og
kommunikasjonsknutepunktet som Voss er.
Men sommarstid er altså dei viktigaste ”leverandørane” dugnadsbaserte idrottslag, og kanskje
nettopp difor haustar ein slik respons på Vossamoodet. Det er dette som skil Voss frå den andre
staden i verda ein kan tilby eit slikt aktivitetsspekter; Queenstown i New Zealand. Der er det heile
økonomisk motivert, og til samanlikning frå våre 619 tandemhopp i fjor gjer dei opp mot 100 000 i
året der. Opplevinga frå gjestene er imidlertid litt Disneyland, litt plastic. Pengar, pengar, pengar, og
dette ligg eigentleg eit godt stykke frå kjerneverdiane ein søkjer etter i sportane.
Bygda og kommunen har gjennom arbeidet med ny reiselivsstrategi bestemt at det er den moderate
vegen ein ynskjer gå, og det medfører m.a. å legge tilhøva til rette for eit levande lags- og
organisasjonsliv, men der økonomi og kontinuitet kan vere skjøre faktorar. Kompetanse utover
kjerneverksemda er varierande og tilfeldig. Dei same årsakene som ligg til grunn for at Staten
opprettheld lettare rammer for det friviljuge vesenet, i høve formelle krav, ordningar som mvakompensasjon og grasrotandelar mv.
Då Destinasjon Voss vart etablert, var det nettopp med tanke på dette økonomisk skjøre lagslivet. I
eit heilskapsperspektiv kan ein sjå at det ikkje nødvendigvis er i attraksjonane den store innteninga
ligg, men i ringverknadene av desse. Difor vil det totalt sett løne seg å subsidiere attraksjonar som
går med underskot (t.d. dei fleste badeland), men som likevel trekker folk til staden. Det er i
serverings- og overnattingsverksemdene den direkte effekten av ein tilreisande kjem, medan øvrig
næringsliv får ein indirekte, men òg vesentleg effekt. Det vil difor vere naturleg å rette seg mot
desse, for å sikre attraksjonskrafta til Voss. Reiseliv er friske pengar til bygda, og dette tilfører bygda
verdiar, i staden for ein økonomi der me berre handlar me kvarandre.
Ved å stå saman og heve seg over småleg og øydeleggjande konkurranse, får me no årleg tilført
millionar av friske kroner i ulike matche-ordningar og prosjekt. Det fyrste investeringsprosjektet som
vart realisert gjennom Destinasjon Voss-fellesskapen var vindtunnelen. Eit godt døme på kva ein kan
få til med open kommunikasjon og heilskapeleg tenking. Denne ville naturlegvis aldri blitt realisert
utan fallskjermmiljøet, og det er gjennom det same miljøet den største kundekrinsen for tunnelen er.
Me har som fyrste klubb i landet lagt tunnel fast inn i grunnkursa, med merkbar positiv effekt.
Denne satsinga har berre det siste året gjeve Voss 15 nye fastbuande fallskjermhoppande
innbyggarar, i tillegg til folkeauken andre aktivitetsrelaterte verksemder har skapt, som
raftingsenteret og begge skianlegga med nytt hotell i Myrkdalen. Kvar ny innbyggar forbruker sine
hundretusener til mat og straum og diverse lokale innkjøp, og alle våre 15 er i faste jobbar og yter
skattekroner til bygda. Tidlegare tilflyttarar er komne så langt at dei har oppretta nye verksemder,
som t.d. Voss Bryggeri.
Legg på den økonomiske effekten alle dei tilreisande fører med seg, og sjå auken i omsetjinga
handelsnæringa merker kvart år siste veka i juni. Ingen tvil om at denne satsinga er rett. Til og med
entreprenørselskapa har fått oppdrag for millionar knytt til denne utviklinga.
Det handlar om å sjå heilskapen, men det er likevel ingen som kan pålegge nokon dette.
Voss kommune – Bømoen flyplass
Voss kommune, derimot, har ei slik rolle, det same har Staten. Dei skal ivareta innbyggarane sine
behov, dei skal legge til rette for næringsutvikling, og dei skal tilrettelegge for eit rikt og mangfaldig
lags- og organisasjonsliv. Dei jobbar gjennom verktøy som reguleringsplanar og kommunedelplanar,
og dei var tungt representert i arbeidet med reiselivsstrategien for Voss. Voss kommune har
identifisert ei rekke kritiske punkt for ei slik utvikling, mellom desse bevaring av flyplassen som den
er. Dei ser at sjølv om her er idrottslag i bygda med fleire millionar på bok, har luftsportsmiljøet på
ingen måte eit tilsvarande trygt fundament.
Flyplassen på Bømoen er nøkkelen til Ekstremsportsveko. Gjennom alle desse åra ein har arrangert
festivalen, har spektakulære bilete frå lufta gjort det lettare å formidle heilskapen som er fundert på
ekstreme opplevingar i leik med elementa. Likeeins utgjer fallskjermmiljøet nær halvparten av alle
utøvarane og friviljuge blant dei fire stiftingsklubbane, og ein fjerdedel av totalen som no har 13
greinar representert.
Til all lukke gjer nærleiken til Flesland at det ikkje er trong til å ha ein flyplass a la Sogndal, Florø eller
Førde på Voss. Vidare har Bømoen flyplass nokre uheldige sider, som avgrensingar på inn- og
utflyging mot Tverberg. Og det er nettopp dette som gjer at me har kunne fått denne utviklinga me
har hatt innan luftsportane. Med take-off-område for hang- og paragliderar på Hanguren, flyg
pilotane ut i eit område som ligg i rett linje vidare frå flyplassen. Igjen, dette er eineståande for Voss,
og Luftfartstilsynet er kvart år til stades under Veko og overvaker tryggleiken; og dei er nøgde.
Dette vil imidlertid kunne endre seg, om flyplassen vert privatisert og kommersialisert. Avhengig av
omfang vil dette utløyse nye krav, som t.d. inngjerding av stripa, eller auka tryggleiksone. Dette vil
igjen medføre store kostnader, som truleg vert lagt på brukarane. I tillegg har aksjeselskap profitt
som føremål og ein kommersiell eigar må nødvendigvis legge eigen forteneste og mogeleg løn oppå
det å få dekka kostnadene. Som i Ekstremsportsveko er det stadig fleire som ynskjer stikke sugerøyr
ned i det mange oppfattar som ei ”pengemaskin”, og som ein kan sjå her for fjoråret; dette er ikkje
berekraftig.
Det er difor beundringsverdig av Voss kommune å sjå dette på eit så tidleg tidspunkt, og at dei
allereie før salsprosessen var i gang, gjorde klart vilkåret at dei framleis ynskjer stå som eigarar.
Staten – Forsvaret – Skifte Eigedom – Fylkesmannen
Kommunen er i etterkant blitt kritisert for ikkje å nytte seg av forkjøpsretten, for så kome å krevje
dette i ettertid. Men sanninga er vel heller den, iflg Voss kommune, at dette ville vore ei ufornuftig
avgjerdsle. Dei ville måtte kjøpe til takst, altså betale 13 mill meir enn noverande kjøpar, og skulle
dei få overskot dei fyrste 10 åra, t.d. ved naudsynt realisering av deler av eigedomen for å finansiere
kjøpet, skulle desse pengane gå attende til Skifte. Makebyteavtalen var vidare utgreidd i forkant, og
her var ingenting å hente.
Så går kjøpar i avisene og proklamerer at dei ynskjer drive flyplassen, og har fått med seg ass
flyplassjef på laget. Voss kommune gjekk til forhandlingsbordet med Bømoen AS, som etter å ha
betalt 41 mill kr for heile Bømoen, no verdset flyplassområdet åleine (ca 10%) til 60 mill kr?
Når så kommunestyret gjekk inn for å gje konsesjon på vilkår, vart saka oversendt Fylkesmannen,
som i sin tur får brev frå ny eigar der dei no meiner at utan flyplassen vert kjøpet så forringa at dei
kan heve kjøpet (og Knut Østhagen i Forsvarsbygg er referert på dette!). Dette synest frå utsida å
vere urimeleg, all den tid kommunen altså var klar på dette punktet før salet var i gang.
Men dette er likevel interessant; Forsvarsbygg gjev Skifte i oppdrag til å avhende eigedomen. Skifte
er organisert som AS, altså med overskot som føremål. Trass i statleg eigarskap, treng ikkje Skifte ta
omsyn til samfunnsinteresser, og det er vel dette som er folks generelle oppfatning – kvifor kan ikkje
kommunen berre få området? Kvifor kan ein skilje ut Statens Vegvesen, eller skytefeltet på Skjervet,
men ikkje meir?
Når me så får vite at saka nesten heilt sikkert går gjennom, då Forsvaret ikkje vil ha presedens på
liknande saker i framtida, og ein ser at Forsvaret sjølv har gjeve opning for å annulere handelen, kan
ein førestille seg presset og prestisjenederlaget som ligg latent. Når det vidare ryktast om instruering
av Fylkesmannen og ein ser dette i samanheng med utspelet til Lars Sponheim i avisa Hordaland
(altfor kort tid etter til at han kan ha sett seg godt nok inn i alle sidene av saka, i alle høve til å vere så
bastant i uttalene), så får ein assosiasjonar til møbelhandler Engen på Jessheim, for dei som hugsar
saka med edderkoppen på 90-talet som sat i kulissane og trakk i sine nettverkstrådar.
Dette er ikkje eit slikt samfunn me vil ha!
Oppsummering
Det er godt mogeleg at det slett ikkje er slik Bømoen AS tenker. Eit slikt scenario er jo òg heilt
usannsynleg (?), all den tid kjøpar var lokale entreprenørar. Det var tvert imot stor glede og
optimisme i medlemsmassen når desse vart offentleggjort, for dei ville jo aldri gjere noko som ville
ramme Veko på dette viset – då rammar dei jo heile bygda, og eit slikt ettermæle vil dei vel ikkje ha?
Men diverre, etter kvart som prosessen har gått vidare, har ein fått fleire og fleire signal som går i
retning av dette utenkelege. Og når Bømoen AS konsekvent avviser våre anmodningar om dialog og
fellesmøte, kan me ikkje anna enn å handle ut frå den informasjonen og rykta me fangar opp.
Som idrottslag er Bømoen flyplass vårt ”idrottsanlegg”, på same vis som FBK Voss har sitt på
idrottsplassen og Prestegardsmoen. Tilgodesett av fellesskapet, og med rammevilkår ein kan leve
med. Førestill deg kva som ville skjedd om ein skulle gått inn og sett på omsetjinga og alle pengane
fotballklubben har på bok, og så sett den årlege leiga etter dette…
Avslutningsvis vil eg òg påpeike ei ibuande inkonsekvens i det antatte resonnementet til Bømoen AS.
Ein kommersiell eigar vil altså ikkje drive til sjølvkost, og det skal han heller ikkje. Konsekvensen vert
difor at prisen må gå opp, og med dagens konkurransesituasjon der me allereie har dyraste
hopprisen i landet (og Europa), skal det ikkje store auken til før aktiviteten blir kraftig redusert, og
inntektene til eigar likeså. I tillegg stikk ein hòl på drivkrafta til medlemene, som ikkje lenger vil jobbe
dugnad for å putte pengar i ein kommersiell eigar av ”idrottsanlegget vårt”. Ein må difor innstille seg
på å betale for å få oppgåvene utført, og dette driv prisane ytterlegare opp. Det er grenser for kor
mykje meir ein vil betale ”for å oppretthalde nærbutikken sin”, og konsekvensen vert såleis at
eigaren ikkje får dei inntektene han ser for seg, og etter kvart som aktiviteten skrumpar inn, får han
ikkje eingong dekka kostnadene sine, og han må til slutt legge ned.
Det same har skjedd andre stader, t.d. Eggemoen: Militær, overdratt til sivil, småkrangling og
prisoppgang, og aktiviteten forsvann med ubrukt flyplass. Ein treng difor eit overordna organ som
ser heilskapen i biletet.
400 (?) av landet sine 430 kommunar higar etter det Voss har fått til på dette området, og det kan
ikkje vere økonomisk forsvarleg å gje frå oss eitt av våre fremste konkurransefortrinn – på
verdsbasis! Dersom flyplassen verdsetjast til fleire 10-tals millionar, og dette skal forrentast og
betalast av brukarane, då må fallskjerm- og flyklubben leggast ned. Dette vil vidare ha store
konsekvensar for Ekstremsportsveko, vindtunnelen og Destinasjon Voss som reisemål.
Me ber difor alle involverte i prosessen, om å gjere sitt til å sikre at Voss kommune framleis blir
ståande som eigar av Bømoen flyplass.
Beste helsing
Styret i Voss Fallskjermklubb
Even Rokne, Dagleg leiar