Referat - Årdal Båtforening

Download Report

Transcript Referat - Årdal Båtforening

Årsmøte i Årdal Båtforening

Tid: Onsdag 18.2.2014 kl.1800 Stad: Klingenberg hotell

Sakliste:

1. Opning / Konstituering

Det var ikkje kommentarar til innkallinga. Albert Berveling vart valt til møteleiar og Svein J. Hove til sekretær. Anne Stine Kvarstein og Kjell Arthur Neset vart valde til å underskrive møtereferatet. 15 personar møtte på årsmøtet.

2. Årsmelding

Møteleiar las gjennom årsmeldinga som deretter vart samrøystes vedteken. Årsmeldinga ligg som vedlegg 1. Ein gjekk og spesielt gjennom oppdatert handlingsplan (10-årsplan). Årsmøtet støtta dei oppsette punkta i handlingsplanen. I tillegg ba årsmøtet styret om å utgreie kva formelle krav som gjeld for ÅBF i lovverk og forskrifter. Handlingsplanen ligg som vedlegg 2. Det vart elles påpeikt at arbeidsinnsatsen er god, med 1052 timar i 2014, av desse var 323 timar pliktig vedlikehaldsarbeid. Det er dermed utført 729 timar frivillig arbeid for båtforeningen. Formannen gav ros for denne innsatsen.

3. Rekneskap / Budsjett

Årsrekneskap for 2014 vart gjennomgått. Pr. 31.12.14 er disponibel kapital 360037 NOK. Tal på medlemer var 159 pr. 11.02.2015; ein nedgang på 3 medlemer siste år. Etter opplesing av revisorrapport vart rekneskapen samrøystes godkjent. Rekneskap og revisorrapport finn ein som vedlegg 3 og 4.

4. Kontingent / Avgifter

Årsmøtet vedtok at leige av slipp for medlemmer skal vere 500 kr og for ikkje medlemmer 1000 kr pr. gang eller påstarta veke. Likeeins vert båtplassavgifta auka med ca. 10% frå og med 2015; sjå vedlegg til ÅBF sine vedtekter for detaljer.

5. Innkomne saker

Det var kome inn eit framlegg om å forlenge båtsesongen i Saltviki om hausten. Dette er og i samsvar med framlegg frå Styret. Årsmøtet vedtok at normal båtsesong skal vere 15. mars – 31. oktober.

6. Budsjett 2015

Styret la fram budsjettforslag for 2015 og 2016. Budsjettet vart samrøystes vedteke, sjå vedlegg 5.

7. Val etter vedtektene.

Innstillinga frå valkomiteen vart samrøystes vedteke. Sjå vedlegg 6.

8. Diverse

Hamnesjef Oddbjørn Sande og nestleiar Jan Kauppi fekk gåvekort for ekstraordinær innsats i 2014. I fotokonkurransen vart det premie til Kjell Eknes for «Heit Skipper». Det flotte biletet finn ein på heimesida vår. Det vert ny fotokonkurranse i 2015.

Vedlegg 1

Årsmelding for 2014

Året 2014 har vore eit aktivt år i Årdal Båtforening.

Styremøte

Det har vore 8 styremøte. Frammøtet har vore godt og alle i Styret har vore aktive. Styret har vore spesielt oppteken av å gjennomføre etablering av den nye bølgjebrytaren. Styret har gjennomført dei vedtak årsmøtet sist gjorde. Havnekomiteen og Styret har fortsett arbeidet med 10-årsplanen for Saltviki. I det høvet har vi og prøvt å få oversikt over framtidig behov for nye båtplassar, og ikkje minst kva framtid Meierihamna skal ha. I dette arbeidet har ein vurdert om og korleis den gamle bølgjebrytaren kan nyttast. Eventuelt sal til andre er og vurdert. Resultatet av dette arbeidet vert lagt fram for Årsmøtet. Handlingsplanen (10-årsplanen) er justert i samsvar med det som allereie er gjennomført og ligg ved årsmeldinga. Årsmøtet i 2012 vedtok at det skulle investerast i ny bølgjebrytar, med tilhøyrande låneopptak inntil 1,7 MNOK. Ny bølgjebrytar vart forankra hausten 2013. Bølgjebrytaren vart levert av Tria Marina AS, som også sto for utlegging og forankring. ÅBF bidrog også med utstrakt eigeninnsats. Firma Olav O. Hæreid AS og Sogn Kran og Transport AS, samt fiskebåten «Fjordglans» bidrog med særs god støtte. Montering av utriggarar vart utført av medlemene våren 2014. Bølgjebrytaren vart ferdig montert samt fortøyingar kontrollerte og ferdiggjorte. Skvettskjerm og rister er monterte. Prosjektet med straum- og vatnsøyler er halvferdig. Gjerdet ut til pirane er ferdig. Likeeins har ein starta arbeidet med montering av takrenner på Klubbhuset. Det årlege arbeidet med rydding av rekved og diverse rydding er og utført. Oppretting av port til nabo er utført i samsvar med avtale. Det er i løpet av året utført 1052 timeverk av medlemmene, derav 323 timar pliktig vedlikehaldsarbeid, sjå oversikt. Arbeidet som vart starta tidlegare med ei heimeside, er ført vidare. Båtforeningen har no ei oppegåande heimeside der medlemene både kan finne informasjon og gje informasjon. Styret ser fram til at dette kan verte ytterlegare utvikla og ikkje minst vedlikehalde. I det høvet er innspel frå medlemane verdifulle. Av 100 båtplassar var 13 ledige ved årsskiftet. Av desse var 10 store i Meierihamna og 3 mellomstore i Saltviki.

Videoovervakinga av båthamna fungerer. Erfaring så langt med straummålarskap er god. Hamnekomiteen har hatt 1 møte. Leiar og nestleiar i komiteen har vore svært aktive. Pr. 11.02.2015 har ÅBF 159 medlemmer. Dette er ein nedgang på 3 stk i førehald til årsskiftet 2013/2014.

Medlemsmøter

Det har ikkje vore noko medlemsmøte i 2014.

Årsmøte

Årsmøtet for 2013 vart halde 26.02.2014.

Pliktig vedlikehaldsarbeid

Vedtektene til Årdal Båtforening stiller krav om at dei som har båtplass skal utføre pliktig vedlikehaldsarbeidarbeid; 5 timar pr. år. Dette er bærebjelken i ein foreining som vår, og grunnlag for rimelege kostnader for medlemene. Ikkje utført vedlikehaldsarbeid kostar 500 kr/time. I 2014 vart det loggført 1052 timar arbeid utført av medlemmene. Dette er eit imponerande tal som mange har vore del i. Summen av utført pliktig vedlikehaldsarbeid var 323 timar, mot et krav på 385 timar. Det utførde, pliktige vedlikehaldsarbeidet utgjer ein innsats tilsvarande 161.500 NOK, mens det totalt arbeida timetalet tilsvarar 526.000 NOK. Styret ser at fordelinga av innsatsen kan betrast. Oversiktane under vil verte drøfta på årsmøtet. Figur 1 Timer fordelt på oppgåver

Figur 2 Viser fordeling av innsats For Styret i Årdal Båtforening Albert Berveling (formann)

Vedlegg 2 Rullerande 10-årsplan for Årdal Båtforening

(godkjent årsmøtet 18.02.2015)

2015:

- Flytta verkstad frå klubbhus til garasje. (60 timar) - Montera kjøken i klubbhuset (100 timar) - Montera straum på pirane. (30t) - Reparera gjerdet og porten til Kirsten Hæreid (avtale) (30t) - Redusera talet på straummålarar (abonnement). Gå gjennom systemet. (10) - Sjekka straummåling i meieriparken. (10) - Vurdera forsikring og teletenester (10)

- Laga ”vandring” langs meierihamna, ved å bruka den gamle betongbrygger. (200) - Legga til rette for ombord- og i landstiging av funksjonshemma personar og rullestolbrukarar i meierihamna. (50) - Utskifting av lykte/kabel-stolpe ved klubbhus. (20) - Inspeksjon av fortøyinga av bryggene. Om naudsynt, fjerna groe og skjel. (dykkarjobb) - greie ut kva lovverk og forskrifter som gjeld for båthamna til ÅBF (30) (550 timar tilsaman)

2016:

- Utarbeida heilskapleg plan over området i Saltviki. - Fullføra opprydding ved Tya-plassen. (må definerast) (30) - Utgraving og opparbeiding av området mellom slipp og grensa mot HMR for større båtar og seglbåtar. (eventuelt gjeste- og bunkringskai plan B for bruk av gamle bølgjebrytarar))

2017:

- Bygga lagerskur for vinterlagring av mindre båtar. Eventuelt ta opp med Kirsten Hæreid om lagringsplass for småbåtar - Slipp. Oppgradering / flytting av slippspel.

2018:

- Prosjektering av nytt klubbhus med sanitæranlegg, besøksfasilitetar, verkstad og traktorgarasje. - Inspeksjon av fortøyinga av bryggene. Om naudsynt, fjerna groe og skjel. (dykkarjobb) - Tømmestasjon for båtseptik.

2019:

- Opprusting av tankanlegg og fyllestasjon med diesel og bensin. - Inspeksjon av fortøyinga av bryggene. Om naudsynt, fjerna groe og skjel. (dykkarjobb)

2020:

- Nytt lysanlegg i heile hamna.

2021:

- Opparbeiding av uteområdet med planting, tilsåing og asfaltering. - Inspeksjon av fortøyinga av bryggene. Om naudsynt, fjerna groe og skjel. (dykkarjobb)

2022:

??????

2023:

- Inspeksjon av fortøyinga av bryggene. Om naudsynt, fjerna groe og skjel. (dykkarjobb)

2024:

??????

Vedlegg 3

Vedlegg 4

Vedlegg 5 Budsjett 2015 - 2016

Vedlegg 6

VALG FOR 2015-2016

STYRE

Leiar:

Nestleiar: Sekretær:

Kasserar:

Havnesjef:

Vara 1:

Vara 2: REVISOR:

Håvard Gikling

Oddbjørn Sande

Kirsti Gulbrandsen

Jonny Asperheim Kjell Eknes HAVNEKOMITE (eittårig)

Havnesjef: Oddbjørn Sande Nestleiar:

Medlemmer:

Leiar:

Medlem: Vara:

Albert Berveling

Ann Helen Mahle Svein Johannes Hove

Ann Helen Mahle

Jørund Hop Inge Arild Vee Tone Lien

Vara:

Inge M Rinde Kjetil Natvik DIESELKOMITE (eittårig)

Albert Berveling

Helge Nesse Karl Åge Jønsson Asbjørn Sandnes Svenn Arne Johansen

2014-15

2015-16 2015-16

2014-15

2015

2014-15

2015-16 2015

Mobil 97524713 97614957 41444190 95099650 41617514 97162013 91311086 97736935 41520868 97562290 99250193 95182804

VALKOMITE (eittårig) Leiar: Vara: Oddbjørn Næss Per Larsen

91545460

Glenn Morten Hestetun

90995900

Øyvind Stentvedt

91589551 95168739 (ikkje på val) (ikkje på val) (kun ett år) (ikkje på val) (kun ett år) 18.feb.2015

Mobil 97736935 97614957 91610046 97614746 97524713 99583607 95832641 91104852